Ot.prp. nr. 94 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 26. juni 1953 nr. 11 om pensjonsordning for apoteketaten mv.

Til innhaldsliste

3 Høyringsinstansanes syn

Arbeids- og inkluderingsdepartementet støttar forslaget om å tilpasse aldersgrensa i Pensjonsordning for apoteketaten til den alminnelege aldersgrensa på 70 år, og at det vert etablert ei overgangsordning for medlemmer som har under 10 år att til dagens aldersgrense på 68 år.

Arbeidsgiverforeningen NAVO meiner det ikkje lenger ligg føre nokon grunn for at apoteknæringa skal ha ei eiga lovfesta pensjonsordning. Loven bør opphevast, og gjeldande pensjonsvilkår vert vidareførte som individuelle rettar for dei som i dag er tilsette i apoteka. Som subsidiært standpunkt meiner NAVO at dispensasjonshøvet må utvidast slik at både grupper av tilsette og einskilde arbeidstakarar kan fritakast frå ordninga. Til forslaget om overføring av fullmakt til styret til å avgjere om permisjon utan lønn eller anna mellombels fråvær skal medreknast som pensjonsgivande tenestetid, meiner NAVO primært at pensjonsgivande tenestetid bør knytast til lønt arbeid. Sekundært bør styret for pensjonsordninga ta sikte på å sikre likearta rettar for alle medlemmene i ordninga. NAVO er usamd i forslaget om endring av kva høgaste pensjonsgrunnlag er. Forslaget om å heve maksimumsgrunnlaget for pensjonsberekninga til 12 G, vil svekkje økonomien i pensjonsordninga og auke kostnadene for arbeidsgivarane. Forslaget om å heve aldersgrensa frå 68 år til 70 år vert støtta. NAVO støttar òg forslaget om å kunne differensiere premiane for forskjellige grupper, men meiner at styret, som ansvarleg for økonomien i ordninga, må fastsetje satsane. Forslaget om å kunne velje G-regulering som alternativ reguleringsform av pensjonsgrunnlaget vert ikkje støtta. Ved G-regulering vil det vere tilhøve utanfor sektorens økonomi som vil bestemme pensjonsreguleringa. Ei slik alternativ reguleringsform vil føre til ein årleg kamp i styret om kva storleik som skal nyttast.

Farmasiforbundet støttar forslaga til endring. Det er eit overordna omsyn for Farmasiforbundet at Pensjonsordning for apoteketaten vert vidareført også i framtida. Forbundet godtek på denne bakgrunnen forslaget om auke av aldersgrensa frå 68 til 70 år. Ein føresetnad for å akseptere hevinga av aldersgrensa er at det vert ein overgangsperiode på 10 år slik departementet foreslår, og at AFP-ordninga vert vidareført.

Finansdepartementet meiner det må vurderast om forslaget om betalt pensjonspremie som vilkår for at tenestetid skal reknast som pensjonsgivande er problematisk i forhold til direktiv 2003/41 EF (pensjonskassedirektivet). I dag er administrator av pensjonsordninga, Statens Pensjonskasse, ikkje omfatta av direktivet, jfr. unntaket i direktivet punkt 2 litra c. Føresegna vert nytta overfor institusjonar som verken krev vederlag for dei pensjonar som vert utbetalte, eller som gjer avsetningar for å dekkje desse. Til forslaget om berekning av pensjonsgrunnlag, vert det foreslått tilsvarande definisjon som i lov om foretakspensjon. Finansdepartementet meiner det ikkje er behov for å fastsetje eit normert pensjonsgrunnlag for apotekarar som er sjølvstendige næringsdrivande. Inntekta for desse apotekarane består av arbeidsinntekt og kapitalinntekt. Ved fastsetjing av normert pensjonsgrunnlag, kan delar av pensjonsgrunnlaget vere knytt til kapitalinntekt. Pensjonsgrunnlaget skal berre knytast til arbeidsinntekt, og ikkje til kapitalinntekt. Til forslaget om at dei faglege foreiningane mistar retten til å uttale seg ved endringar i pensjonsgrunnlaget, vert det påpeikt at dette ikkje er i samsvar med pålegget i loven om føretakspensjon om å opprette styringsgruppe og den vekta som St. meld. nr. 12 (2004-2005) «Pensjonsreform - trygghet for pensjonane» legg på auka informasjon knytt til alle pensjonsordningar. Finansdepartementet støttar forslaget om oppheving av § 25. Departementet meiner det bør presiserast at det ikkje skal skje samordning med supplerande pensjon frå medlemskap i pensjonsordningar frå andre arbeidsforhold. Det vert òg foreslått presisering slik at arbeidstakarar som er medlemmer av ei anna pensjonsordning som føretaket betaler premie eller avgift til, ikkje skal vere medlemmer av pensjonsordninga. Til forslaget om endring i reglar om premiefastsetjing, meiner Finansdepartementet det er urimeleg at Fornyings- og administrasjonsdepartementet skal fastsetje premien då det er Statens Pensjonskasse som har ansvaret for dei aktuariske berekningane og val av føresetnadar mv. Det vert foreslått at premien vert fastsett etter retnings­linjer frå departementet. Fordelinga av premien mellom arbeidsgivar og arbeidstakar meiner Finansdepartementet bør følgje reglane i lov om foretakspensjon. Også reglane om regulering av pensjonsgrunnlag bør vere tilsvarande som etter lov om foretakspensjon.

Gabler & Partners AS meiner loven bør endre namn til lov om pensjonsordning for apotekverksemd mv. Paragraf 32 om bøtestraff ved manglande melding om ekteskapsinngåing eller skilsmisse, bør etter selskapet si oppfatning endrast. Gabler & Partners AS meiner lov om pensjonsordning for apoteketaten må gjennomgåast med sikte på å innpasse pensjonsordninga til direktiv 2003/41 EF (pensjonskassedirektivet), til lov om for­sikringsvirksomhet og til konkurranseregelverket generelt.

Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon (HSH) meiner prinsipielt at lov om pensjonsordning for apoteketaten må opphevast. Kvar einskild arbeidsgivar bør kunne avgjere om apoteket skal ha ei pensjonsordning, og kva ordning i så fall dette skal vere. Organisasjonen meiner det er påkravd med eit unntak frå loven for tilsette i sjukehusapotek. HSH er ueinig i forslaget til endring av føresegna om at permisjon utan lønn eller anna mellombels fråvær skal kunne reknast som pensjonsgivande tenestetid. Det vert foreslått at føresegna vert oppheva. Pensjonsgivande tenestetid bør etter organisasjonen si oppfatning knytast til lønt arbeid. HSH støttar ikkje forslaget om heving av pensjonsgrunnlaget til 12 G då det vil svekkje økonomien i pensjonsordninga. Maksimumsgrensene bør framleis knytast til lønnsutviklinga, men slik at det vert teke omsyn til den samla pensjonsgivande lønnsdanninga. Forslaget om å auke aldersgrensa frå 68 til 70 år vert støtta, men organisasjonen meiner endringa kan skje utan overgangsordningar. Fullmakta til å bestemme ein differensiert premie bør liggje til styret i pensjonsordninga på grunn av det overordna ansvaret styret har for pensjonsordninga. Forslaget om å la G-regulering vere alternativ reguleringsform av pensjonsgrunnlaget vert støtta. Det kan vere føremålstenleg med ei regulering tilsvarande endringa i grunnbeløpet i folketrygda då det er forskjellar i dei tariffmessige lønningane. Til forslaget om endring av lov om avtalefestet pensjon for arbeids­takere med rett til medlemskap i Pensjonsordning for apoteketaten meiner HSH det er uheldig at forhandlingane mellom partane i arbeidslivet skal kunne overprøvast av styret. Under føresetnad av at tariffpartane sit i styret vert forslaget akseptert.

Helse- og omsorgsdepartementet har merknad til den del av forslaget som gjeld styrets godkjenning av tariffavtalar og at desse vert gitt verknad i pensjonsmessig samanheng. Departementet meiner ordlyden i desse føresegnene ikkje må misfor­ståast slik at det er opp til styret å godkjenne tariffavtalen. Til føresegna om når alderspensjon kjem til utbetaling, jfr. forslaget § 9 første ledd andre punktum, peiker ein på at forslaget må tilpassast slik at apotekarar som er sjølvstendig nærings­drivande vert tydeleg omfatta.

Norges Apotekerforening viser til høyringsfråsegnene frå Handels- og Servicenæringens Hovedorganisasjon og Arbeidsgivarforeininga NAVO.

Norges Farmaceutiske Forening (NFF) meiner det er eit overordna mål at Pensjonsordning for apoteketaten vert vidareført som ei felles pensjonsordning for alle tilsette i apotek. På denne bakgrunnen aksepterer ein forslaget om endring av aldersgrensa frå 68 år til 70 år. Ein føresetnad er at det vert ei overgangsordning på 10 år som foreslått av departementet og at ordninga med avtalefesta pensjon (AFP) vert vidareført. NFF er einig i forslaget om endring av maksimalt pensjonsgrunnlag til 12 gonger grunnbeløpet i folketrygda, slik at alle medlemmene i ordninga vert sikra eit konkurransedyktig tilbod.

Pensjonerte Apotekeres Forening er einig i at definisjonen av kva som er høgaste pensjonsgrunnlag må endrast. Av omsyn til pensjonsordningas økonomi vert det foreslått at maksimalt pensjonsgrunnlag vert sett til 10 G, og ikkje 12 G som foreslått. Pensjonerte Apotekeres Forening støttar forslaget om alternativ reguleringsmåte av pensjonsgrunnlaget.

Til forsida