Ot.prp. nr. 95 (2005-2006)

Om lov om endringar i lov 25. september 1992 nr. 107 om kommuner og fylkeskommuner (interkommunalt samarbeid)

Til innhaldsliste

10 Merknader til dei ulike føresegnene i lovframlegget

Generelt om lovframlegget

Det blir føreslått å ta inn i lova nye føresegner om vertskommunesamarbeid. Føresegnene blir føreslått tekne inn i kommunelova kapittel 5 «Interkommunalt samarbeid». Vertskommunesamarbeid er ei form for interkommunalt samarbeid og høyrer tematisk naturleg heime i kapittel 5. Vertskommunesamarbeid vil vere ei form for interkommunalt samarbeid som eksisterer ved sida av føresegna om interkommunale styre i § 27.

I høyringsnotatet var føresegnene føreslått tekne inn i eit nytt kapittel 13 i lova. Ettersom føresegnene i lovframlegget her er tekne inn i det eksisterande kapittel 5, har dei fått ei anna nummerering enn i høyringsnotatet.

Til framlegg til ny § 28 a Overføring av myndighet til vertskommune:

Føresegna har i hovudsak same innhaldet som framlegget i høyringsnotatet. Rekkjevidda av føresegna er likevel presisert til å gjelde lovpålagde oppgåver og utøving av offentleg myndigheit.

Føresegna i nr. 1 slår for det første fast at ein kommune kan overlate utføringa av lovpålagde oppgåver til ein vertskommune i eit vertskommunesamarbeid regulert etter §§ 28 b og 28 c i denne lova. Dette inneber at både faktiske oppgåver og avgjerder som gjeld den lovpålagde oppgåva, kan overlatast/delegerast til ein vertskommune innanfor ramma av det som er regulert i §§ 28 b til 28 k. Føresegna omfattar også oppgåver som er pålagde i forskrift.

For det andre slår føresegna fast at vedtak som inneber utøving av offentleg myndigheit slik det er definert i forvaltningslova § 2, kan delegerast til ein vertskommune. Føresegna har sjølvstendig betydning der den aktuelle lova ikkje gir slik heimel til å overføre myndigheit. Det er lagt til grunn at det ikkje er høve til å delegere utøving av offentleg myndigheit til andre dersom det ikkje ligg føre heimel for det. Sjå nærmare om dette i dei allmenne motiva punkt 4.6. Spørsmålet er sjeldan eksplisitt regulert i kvar enkelt lov. Føresegna her inneber at det som hovudregel kan delegerast slik myndigheit. Alternativet «lovpålagde oppgåver» har sjølvstendig betydning der det er tale om vedtak som ikkje inneber utøving av offentleg myndigheit i snever forstand.

Overføring av myndigheit etter § 28 a inneber ikkje at ansvaret blir flytt frå kvar enkelt kommune til vertskommunen. Det ansvaret som i lov er lagt på kommunar og fylkeskommunar, ligg framleis hos kommunen og fylkeskommunen, sjølv om oppgåver og avgjerdsmakt er delegert til ein vertskommune.

Både for utøving av offentleg myndigheit regulert i lov og lovpålagde oppgåver generelt vil kvar lov kunne hindre høvet til delegasjon. Unntak frå slikt høve kan følgje av kommunelova eller anna lov. Eksplisitte delegasjonsforbod kan følgje av at kommunelova bruker uttrykket «kommunestyret selv» i samband med den aktuelle avgjerda. Unntak kan også følgje av at det i særlov er brukt tilsvarande uttrykk. Unntak kan vidare følgje av at det etter ei heilskapleg tolking av rettskjeldebiletet må konstaterast at myndigheita til å gjere vedtak ikkje kan delegerast, eller at den lovpålagde oppgåva ikkje kan overlatast til andre. Dette må avgjerast med utgangspunkt i den aktuelle lova.

Slike unntak kan også finnast der den aktuelle lova krev at det blir peikt ut spesielle organ som i lova er gitt ein legalkompetanse på det aktuelle området.

Der det følgjer av ei lov at ein person har krav på å ta imot den aktuelle tenesta eller ytinga i den kommunen der vedkommande er busett eller oppheld seg, vil dette ikkje i seg sjølv vere til hinder for at avgjerdsmakta og drifta av verksemda blir lagde til ein vertskommune. Men verksemda må organiserast slik at innbyggjarane i dei respektive kommunane tek imot tenesta der dei etter lova har krav på å få henne.

For kommunal verksemd der kommunen ikkje er pålagd eit ansvar i lov, vil høvet til å overlate avgjerdsmakt til ein vertskommune måtte avgjerast på ulovfest grunnlag. Der det gjeld oppgåver og myndigheit som ikkje er lovpålagde, vil overføring av myndigheit i hovudsak kunne skje på reint privatrettsleg grunnlag.

Føresegna gjeld berre spørsmålet om høvet til å delegere til vertskommunar. Ho regulerer ikkje spørsmålet om å overlate myndigheit til selskap eller andre samanslutningar, private rettssubjekt, stiftelsar eller anna. Spørsmålet om å overlate myndigheit til andre enn vertskommunar i eit vertskommunesamarbeid etter lova her må avgjerast ved ei tolking av den lova som legg oppgåva til kommunen.

Av nr. 2 går det fram at føresegna i nr. 1 gjeld tilsvarande for fylkeskommunar. Dette inneber at ein fylkeskommune kan leggje oppgåver og avgjerdsmakt til ein annan fylkeskommune i eit (fylkes)vertskommunesamarbeid. Det er ikkje høve for ein fylkeskommune til å leggje oppgåver til ein kommune. Dette har samanheng med at dei to forvaltningsnivåa har ulike oppgåver. Sjå også § 28 b som hindrar vertskommunesamarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar.

Til framlegg til ny § 28 b Administrativt vertskommunesamarbeid:

Når det gjeld innhaldet, er føresegna stort sett i samsvar med framlegget i høyringsnotatet. Det er likevel gjort nokre redaksjonelle endringar. Nr. 5 er ny i forhold til høyringsnotatet.

I nr. 1 blir det gitt høve for kommunar til å inngå eit vertskommunesamarbeid på administrativt nivå. Ein annan variant av vertskommunesamarbeid er regulert i § 28 c – vertskommunesamarbeid med folkevald nemnd. Om samarbeidsforholdet er regulert av § 28 b eller 28 c, er avhengig av om det skal overførast avgjerdsmakt i saker av prinsipiell betydning. Dersom det skal overførast myndigheit i saker av prinsipiell betydning, gjeld § 28 c. Dersom det ikkje skal overførast avgjerdsmakt i saker av prinsipiell betydning, gjeld § 28 b.

Med «deltakarkommune» meiner ein alle kommunar som deltek i samarbeidet. Med «vertskommune» meiner ein den kommunen blant deltakarkommunane som skal stå for sjølve utføringa av oppgåvene og ta avgjerder etter delegert myndigheit. Med «samarbeidskommunar» meiner ein dei kommunane i samarbeidet som ikkje er vertskommune.

Føresegna gir høve for samarbeidskommunane til å overføre vedtakskompetanse til vertskommunen så langt dette følgjer av avtalen mellom kommunane. Kompetansen er avgrensa til å gjelde enkeltsaker eller typar av saker som ikkje er av prinsipiell betydning. Dette inneber ei delegasjonssperre mot «saker av prinsipiell betydning». Omgrepet saker av prinsipiell betydning er nytta mellom anna i §§ 10 og 23. Omgrepet har same innhaldet her. Omgrepet er nærmare omtalt i Ot.prp. nr 42 (1991–92) Om lov om kommuner og fylkeskommuner side 277.

Føresegna må sjåast i samanheng med § 28 a, som gir ein generell heimel for overføring av avgjerdsmakt i samband med lovpålagde oppgåver og utøving av offentleg myndigheit.

Føresegna set ingen grenser for kor mange kommunar som kan inngå i eit samarbeid, eller for kor mange vertskommunesamarbeid kvar kommune kan delta i.

I nr. 2 blir nr. 1 i føresegna gjort tilsvarande gjeldande for fylkeskommunar. Det er berre kommunar eller berre fylkeskommunar som kan delta. Det er såleis ikkje høve for fylkeskommunar til å vere med i eit vertskommunesamarbeid med ein kommune eller omvendt.

Nr. 3 inneheld reglar for korleis ein delegasjon av vedtakskompetanse etter nr. 1 første punktum skal skje. Kommunestyret eller fylkestinget må sjølv, innanfor det området som samarbeidsavtalen femner om, i eit eige vedtak instruere sin eigen administrasjonssjef til å delegere oppgitt kompetanse til administrasjonssjefen i vertskommunen. Dette forankrar saksområdet hos administrasjonssjefane i samarbeidskommunane og gir dei som delegerande instans den instruksjonsmyndigheita som følgjer av nr. 5 og omgjeringsmyndigheita som følgjer av nr. 6.

I delegasjonsvedtaket til kvar samarbeidskommune kan det fastsetjast retningslinjer for kva som blir vurdert å vere saker av prinsipiell betydning. Vertskommunen har på si side eit sjølvstendig ansvar for å vurdere enkeltsaker ikkje berre opp mot kvart enkelt delegasjonsvedtak, men også om dei kan vurderast som prinsipielle etter lova.

Forbodet mot å delegere saker av prinsipiell betydning er likevel ikkje til hinder for at vertskommunen kan førebu saker for samarbeidskommunane, og at vedtak blir gjorde av kompetent organ i den samarbeidskommunen det gjeld. Dette kan skje ved at vertskommunen greier ut ei prinsipiell sak for behandling i folkevalde organ i ein samarbeidskommune. I slike tilfelle vil likevel administrasjonssjefen i vedkommande samarbeidskommune vere formelt ansvarleg for utgreiing og tilråding til eigne folkevalde, jf. § 23 nr. 2.

Nr. 4 slår uttrykkjeleg fast at dei folkevalde organa i vertskommunen ikkje har instruksjons- eller omgjeringsmyndigheit i saker som er overførte frå samarbeidskommunane. Dette følgjer etter føresetnadene også av nr. 3, ved at myndigheita er delegert direkte til administrasjonssjefen og ikkje til sjølve vertskommunen. Det vil alltid vere dei folkevalde i kvar kommune som har det overordna ansvaret for korleis oppgåvene til kommunane blir utførte overfor innbyggjarane i kommunen, sjølv om oppgåver og avgjerdsmakt er overførte til ein vertskommune. Administrasjonen i vertskommunen vil likevel ha omgjeringsrett etter § 35 første ledd på vanleg måte.

Føresegna i nr. 5 gir kommunar som deltek i eit vertskommunesamarbeid, heimel til å gi generelle og spesielle instruksar om korleis vertskommunen skal utøve myndigheit som er delegert frå den aktuelle kommunen. Føresegna gir ikkje berre høve til å gi generelle retningslinjer om korleis myndigheita skal utøvast, men også heimel til å gi spesielle instruksar om behandlinga av ei enkelt sak. Føresegna gir berre instruksjonsmyndigheit i saker som aleine gjeld samarbeidskommunen eller innbyggjarar saka vedkjem.

Føresegna gir også høve for samarbeidskommunen til sjølv å gjere vedtak i den aktuelle saka.

Føresegna gjer inga innskrenking i eventuell instruksjonsrett som måtte følgje av anna lov, av vedtaket sjølv eller av allmenne forvaltningsrettslege reglar.

Føresegna i nr. 6 gir kvar enkelt kommune rett til å gjere om eit vedtak som er gjort i vertskommunen dersom vedtaket gjeld myndigheit som er delegert frå denne kommunen, utan at vedtaket er påklaga. Ho inneber ingen generell omgjeringsrett for vedtak som er gjorde etter delegasjon frå andre kommunar. Føresegna slår fast at det er høve til å gjere om vedtak i dei situasjonane som det er gjort greie for i forvaltningslova § 35 første ledd bokstav a, b og c.

Føresegna gjeld eksplisitt berre for omgjering av enkeltvedtak. Eit eventuelt høve til omgjering for andre avgjerder enn enkeltvedtak må ein søkje i allmenn ulovfest forvaltningsrett. Føresegna gjer inga innskrenking når det gjeld høve til endring som måtte følgje av anna lov, av vedtaket sjølv eller av allmenne forvaltningsrettslege reglar.

Det utvida omgjeringshøvet som etter forvaltningslova § 35 andre og tredje ledd ligg til klageinstansen eller eit anna overordna organ, gjeld ikkje for samarbeidskommunen.

I den grad bruk av omgjeringsmyndigheita inneber at det blir gjort eit vedtak som er meir kostnadskrevjande enn det vedtaket vertskommunen gjorde i første omgang, vil omgjeringa kunne føre til at det må bli eit økonomisk etteroppgjer mellom kvar enkelt kommune og vertskommunen. Dette vil vere avhengig av den avtalen som regulerer samarbeidet, jf. § 28 e.

Til framlegg til ny § 28 c Vertskommunesamarbeid med felles folkevalgt nemnd:

Innhaldet i føresegna er i hovudsak i samsvar med framlegget i høyringsnotatet. Det er likevel gjort nokre omredigeringar internt i føresegna.

Nr. 7 og 9 er nye i forhold til framlegget i høyringsnotatet.

I nr. 1 går det fram at kommunar som inngår i eit vertskommunesamarbeid, har høve til å opprette eitt felles folkevalt organ som blir kalla felles nemnd. Nemnda høyrer til organisasjonen i vertskommunen eller vertsfylkeskommunen. I dette ligg at eit vertskommunesamarbeid ikkje inneber at det blir etablert ein ny juridisk person. Nemnda vil vere ein del av vertskommunen som rettssubjekt. Føresegna må sjåast i samanheng med nr. 3, som gir høve til å overlate avgjerdsmakt i prinsipielle saker til nemnda. Dersom det ikkje blir etablert ei felles folkevald nemnd, vil høvet til å overlate myndigheit til vertskommunen vere meir avgrensa, jf. § 28 b.

I nr. 2 blir nr. 1 i føresegna gjort tilsvarande gjeldande for fylkeskommunar. Det er berre kommunar eller berre fylkeskommunar som kan delta. Det er såleis ikkje høve for fylkeskommunar til å vere med i eit vertskommunesamarbeid med ein kommune eller omvendt.

I nr. 3 første punktum får deltakarkommunane høve til å overlate til den felles nemnda å ta avgjerder på sine vegner også i saker som er av prinsipiell betydning, til dømes i saker med meir politisk overordna betydning.

Nr. 3 andre punktum inneheld reglar for korleis ein delegasjon av vedtakskompetanse etter nr. 3 første punktum skal skje. Kommunestyret eller fylkestinget må sjølv, innanfor det området som er omfatta av samarbeidsavtalen og i eit eige delegasjonsvedtak, delegere kompetansen direkte til den felles nemnda. Den myndigheita deltakarkommunane legg til nemnda, må vere identisk. Det vil seie at deltakarkommunane ikkje kan leggje ulike oppgåver og ulik avgjerdskompetanse til nemnda.

Nr. 3 tredje punktum slår fast at det er den felles nemnda sjølv som gjer vedtak om delegasjon til vertskommuneadministrasjonen. Området for delegasjon svarer til den føresegna vi finn i § 28 b nr. 1. Den felles nemnda får høve til å delegere alle saker som ikkje er av prinsipiell betydning, til vertskommuneadministrasjonen. Det vil i utgangspunktet seie saker som ikkje er av overordna politisk betydning. Omgrepet «prinsipiell betydning» er også nytta i kommunelova §§ 10 og 23 og har same omgrepsinnhaldet som der. Omgrepet er nærmare omtalt i Ot.prp. nr. 42 (1991–92) Om lov om kommuner og fylkeskommuner side 277.

I nr.4 første punktum går det fram at kvar av deltakarkommunane skal velje minst to representantar til nemnda, om det ikkje er avtalt at det skal vere fleire. Dei allmenne reglane i kommunelova for val til faste utval gjeld tilsvarande. Kvar deltakarkommune står likevel fritt til sjølv å velje nye representantar til nemnda når han sjølv måtte meine at dette er tenleg.

Det følgjer av dei allmenne reglane i kommunelova for konstituering etter kommunestyrevalet/fylkestingsvalet at det er det nye kommunestyret/fylkestinget som vel representantar til utval og nemnder i kommunen/fylkeskommunen, jf. § 17 nr. 2. Dette vil også gjelde for val av representantar til denne nemnda. Om nyval ikkje blir teke i det konstituerande møtet, blir funksjonstida til dei sitjande medlemmene forlengd inntil det blir halde nyval, jf. § 17 nr. 4.

Nr. 4 andre punktum slår fast at den felles nemnda vel sjølv leiaren og nestleiaren sin. Dette skal skje som eit vanleg fleirtalsval, jf. § 35 nr. 4 og § 38 nr. 1.

I nr. 4 tredje punktum opnar føresegna for ein viss grad av avtalefridom med omsyn til valperioden og kven av medlemmene i nemnda som er valføre til den aktuelle valperioden. Det vil seie at kommunane kan avtale at leiar- og nestleiarvervet skal gå på omgang mellom deltakarkommunane, jf. § 28 e nr. 2 bokstav g. Det kan da til dømes bli avtalt at leiaren skal veljast for eitt år om gongen, og at valføre ved kvart av vala er representantane frå ein av deltakarkommunane.

I nr. 5 blir det slått fast at reglane i kommunelova for faste utval skal gjelde tilsvarande for den felles nemnda så langt dei passar, jf. § 10 nr. 1. Døme på ein slik tilsvarande bruk av reglane kan vere at nemnda må ha minst tre medlemmer, jf. § 10 nr. 1, medlemmene i nemnda tek imot godtgjersle frå sine heimkommunar, jf. § 41, kvar av deltakarkommunane kan byte ut sine medlemmer i nemnda når dei sjølv måtte finne dette ønskeleg, jf. kommunelova § 10 nr. 3 jf. nr. 6, og ordførarane frå deltakarkommunane har møte- og talerett i nemnda, jf. § 9 nr. 4.

I nr. 6 blir det slått uttrykkeleg fast at dei andre folkevalde organa i vertskommunen ikkje har instruksjons- eller omgjeringsmyndigheit i saker som stammar frå samarbeidskommunane. Dette følgjer implisitt også av nr. 3 andre punktum ved at myndigheita er delegert direkte til den felles nemnda og ikkje til sjølve vertskommunen. Føresegnene i dette kapitlet får ikkje verknad for interne styrings- og delegasjonsforbod i vertskommunen.

Føresegna i nr. 7 regulerer instruksjonsmyndigheit frå samarbeidskommunane. Sjå merknadene til den tilsvarande føresegna i § 28 b nr. 5.

Føresegna i nr. 8 har tilsvarande innhald som § 28 b nr. 6.

Føresegna i nr. 9 regulerer den situasjonen der særlovene regulerer den kommunale organiseringa. Både barnevernlova § 2-1 og sosialtenestelova § 8-5 a) inneheld særlege føresegner om organisering av kommunane. Etter desse føresegnene skal eit eventuelt folkevalt organ som skal behandle saker som gjeld enkeltklientar, ikkje ha meir enn fem medlemmer. Det følgjer av nr. 4 at den felles nemnda skal ha minst to medlemmer frå kvar deltakarkommune. Det gjeld likevel ikkje noko maksimum for kor mange medlemmer det kan vere i den felles nemnda. Føresegna her regulerer situasjonen der nemnda er delegert klientsaker etter desse særlovene, og korleis ein eventuelt da skal sørgje for ein reduksjon til maksimalt fem medlemmer i nemnda når slike saker skal behandlast, sjå også § 28 g nr. 4.

Til § 28 d Parlamentarisk styreform:

I eit administrativt vertskommunesamarbeid kan samarbeidskommunen delegere til vertskommunen å ta avgjerder i saker som ikkje er av prinsipiell betydning. I det tilfellet at vertskommunen eller samarbeidskommunen er parlamentarisk styrt, jf. kommunelova kapittel 3, vil rådet gå inn i staden for administrasjonssjefen også med omsyn til delegasjonslinjer. Det vil seie at om vertskommunen er parlamentarisk styrt, går delegasjonane frå samarbeidskommunen til rådet som eventuelt sjølv, etter reglane i kommunelova, delegerer kompetansen vidare. Er samarbeidskommunen parlamentarisk styrt og vertskommunen organisert etter formannskapsmodellen, skjer delegasjonen frå rådet til administrasjonssjefen i vertskommunen.

I eit vertskommunesamarbeid med nemnd er det høve til å delegere kompetanse til den felles nemnda i alle typar saker der ikkje delegasjon er hindra i lov. Dette skal skje ved delegasjon direkte frå kommunestyra sjølv til den felles nemnda. Dette gjeld både der deltakarkommunane er parlamentarisk styrte, og når dei har ein formannskapsmodell. Nemnda avgjer sjølv i kor stor grad ho vil vidaredelegere kompetanse til å ta avgjerder i saker som ikkje er av prinsipiell betydning, til administrasjonen i vertskommunen – eller til rådet der vertskommunen er parlamentarisk styrt. Høvet til delegasjon til rådet i ein vertskommune vil altså vere snevrare enn det generelle høvet til å delegere til eit råd etter kapittel 3 i kommunelova. Vidare delegasjon internt i vertskommunen vil da følgje dei allmenne reglane for delegasjon i kommunelova.

Til § 28 e Samarbeidsavtalen:

Føresegna har i hovudsak det same innhaldet som i høyringsnotatet, men er endra på visse punkt.

I nr. 1første punktum står det at det skal opprettast ein skriftleg samarbeidsavtale. Etter andre punktum er det berre kommunestyret eller fylkestinget som har høve til å vedta ein samarbeidsavtale om eit vertskommunesamarbeid. Dette inneber at kompetansen ikkje kan delegerast til andre. Også endringar i samarbeidsavtalen som gjeld forhold som er nemnde i nr. 2 eller 3, skal vedtakast av dei respektive kommunestyra, jf. tredje punktum. Andre føresegner eller retningslinjer for samarbeidet kan kommunestyra på ordinær måte delegere til andre å forme, til dømes den felles nemnda eller vertskommuneadministrasjonen.

I nr. 2 blir det fastsett kva materielt innhald ein samarbeidsavtale om eit vertskommunesamarbeid som eit minimum må ha. Det er ikkje noko i vegen for at samarbeidsavtalen også regulerer andre forhold enn dei som er obligatoriske etter lova.

Til bokstav a): Det må i avtalen komme fram kven som er avtalepartane, og kven av desse som skal vere vertskommunen. Med «deltakarkommune» forstår ein alle kommunar som deltek i samarbeidet. Med «vertskommune» forstår ein den kommunen av deltakarkommunane som skal stå for utføringa av den overførte oppgåva eller utøvinga av den overførte myndigheita, og som ei eventuell felles nemnd hører inn under. Med «samarbeidskommunar» forstår ein dei kommunane i samarbeidet som ikkje er vertskommune.

Det er ikkje sett noka grense for kor mange kommunar som kan delta.

Til bokstav b): I avtalen skal det stå kva oppgåver og kva avgjerdsmakt som vertskommunen skal ha på vegner av kvar enkelt samarbeidskommune i samarbeidet. Det blir ikkje opplyst nærmare korleis dette skal gjerast. Men avtalen bør vere så presis at det klart går fram kva oppgåver og kva myndigheit som er lagde til vertskommunen. Gjeld det lovpålagde oppgåver, kan ein opplyse om det med å vise til lova som pålegg kommunen ansvaret, til dømes ved å seie at myndigheita til den konkrete lova skal leggjast til vertskommunen. Gjeld det avgjerdsmakt på delar av eit lovregulert område, må det stå meir spesifikt kva avgjerder vertskommunen skal ha myndigheit til å ta.

Til bokstav c): Det er ikkje nødvendig at alle oppgåver og all avgjerdsmakt blir overlatne til vertskommunen på eit felles tidspunkt. Det kan til dømes avtalast at oppgåver eller myndigheit skal fasast inn etter ein nærmare oppsett tidsplan. I eit vertskommunesamarbeid med felles nemnd må likevel alle deltakarkommunane overføre dei same oppgåvene og den same myndigheita frå det same tidspunktet.

Til bokstav d): Avtalen skal innehalde føresegner om korleis vertskommunen skal underrette deltakarkommunane om vedtak som blir gjorde i vertskommunen, og som er viktige for deltakarane. Den informasjonen som samarbeidskommunen skal ha gjennom ei slik avtaleføresegn, vil også gjelde kontrollutvalet i samarbeidskommunen.

Til bokstav e): Avtalen skal innehalde føresegner om det økonomiske oppgjeret som skal skje mellom vertskommunen og samarbeidskommunane.

Til bokstav f): Kommunane må, i tillegg til føresegna i § 28 i, vurdere nærmare og regulere ulike forhold som er aktuelle i tilfelle ein av samarbeidskommunane trekkjer seg ut eller heile samarbeidet blir avvikla. Dette kan vere forhold som har med økonomi å gjere, men like aktuelt er forholdet til innbyggjarane. Det kan til dømes dreie seg om prosedyrar for avvikling av enkeltsaker som er under behandling, og forholdet til innbyggjarane og behovet for informasjon.

Til bokstav g): Her går det fram at anna som etter lov vil krevje avtale, må takast inn i avtalen kommunane har om vertskommunesamarbeid. Dette kan til dømes vere at leiarvervet i den felles nemnda skal gå på omgang mellom deltakarane, jf. § 28 c nr. 4.

I tillegg til dei krava til innhaldet i samarbeidsavtalen som går fram her, kan det vere aktuelt å ta inn føresegner om ei rekkje andre forhold. Dette kan til dømes gjelde spørsmål i samband med korleis innbyggjarane i deltakarkommunane skal få informasjon om kva det har å seie for dei at det er etablert eit vertskommunesamarbeid, kvar dei skal vende seg, osv. Det følgjer av § 4 at kvar kommune har plikt til aktivt å informere om verksemda si og leggje til rette for offentleg innsyn. Vidare vil det vere aktuelt å ta inn i avtalen føresegner om korleis arkivordninga for vertskommunesamarbeidet skal organiserast, og kven som skal ha ansvaret for arkivet når samarbeidet blir avslutta.

Nr. 3 opplyser om at dersom vertskommunen skal ha ei felles nemnd, må avtalen, i tillegg til det som er sagt i nr. 2, innehalde føresegner om kor mange representantar det skal vere i nemnda.

I nr. 4 blir det slått fast at i eit vertskommunesamarbeid mellom kommunar skal vertskommunen orientere fylkesmannen om at det er inngått eit vertskommunesamarbeid. Tilsvarande skal departementet orienterast av verts(fylkes)kommunen om etableringa av vertskommunesamarbeid mellom fylkeskommunar. Vert det inngått eit samarbeid mellom fylkeskommunar innanfor opplæringsområdet, må ein vere merksam på at fylkesmannen har tilsynsoppgåver ovanfor fylkeskommunane innanfor desse områda. I desse høva skal melding etter føresegna gå til departementet, som i sin tur vil varsle det einskilde embete om at slikt samarbeid er inngått mellom fylkeskommunane.

Til § 28 f Klage ved administrativt vertskommunesamarbeid

Føresegnene om klage er i motsetning til framlegget i høyringsnotatet fordelte på to føresegner, §§ 28 f og 28 g, for administrativt vertskommunesamarbeid og for vertskommunesamarbeid med felles nemnd. Samla sett er føresegnene om klage vesentleg utvida i forhold til høyringsnotatet.

Der det følgjer av lov at eit statleg organ er klageinstans, gjeld ikkje føresegnene i §§ 28 f og 28 g. Det følgjer likevel av nr. 3 at den regulerer kven som er underinstans både ved intern klagebehandling og ved statleg klagebehandling der det er etablert eit vertskommunesamarbeid. Dette går også fram av § 28 g nr. 5.

Nr. 1 slår fast at ved klage etter forvaltningslova § 28 første ledd skal klaga behandlast i den kommunen som har delegert den aktuelle vedtaksmyndigheita til vertskommunen.

Andre punktum slår fast at når eit vedtak er gjort i medhald av myndigheit delegert frå eit statleg organ, er vedkommande statlege organ likevel klageinstans, jf. slik også etter forvaltningslova § 28 andre ledd siste punktum.

Føresegna grip ikkje inn i klageordningar som er regulerte i særlovgivinga. I praksis vil dette gjelde dei fleste tilfella.

Nr. 2 inneber at klaga skal gå til det organet som kommunestyret i heimkommunen til klagaren har bestemt.

I nr. 3 blir det slått fast at det er administrasjonen i vertskommunen som er underinstans etter forvaltningslova § 33 andre ledd, både ved intern klagebehandling i kommunen og ved statleg klagebehandling.

Nr. 4 slår fast at det høvet til omgjering som klageinstansen har etter forvaltningslova § 35 andre og tredje ledd, ikkje gjeld for klageorganet ved intern klageordning. Det følgjer direkte av forvaltningslova § 35 fjerde ledd at høvet til omgjering for statleg klageinstans blir tilsvarande hindra. Statlege klageinstansar kan likevel oppheve vedtak som må sjåast som ugyldige.

I forvaltningslova § 35 fjerde ledd kjem det fram at høvet til omgjering i andre ledd ikkje gjeld for «kommunale, fylkeskommunale eller statlige organer som er klageorgan etter § 28 annet ledd første eller annet punktum». Denne føresegna vart teken inn i forvaltningslova da interne klageorgan i kommunane vart innførte. Bakgrunnen for føresegna var at det ikkje var meininga å gi interne klageorgan i kommunane det utvida høvet til omgjering etter andre og tredje ledd som elles ligg til klageorgan. Dette blir også grunngitt med at kommunane blir vurderte som eitt organ i forhold til § 35.

Etter nr. 5 gjeld føresegnene i nr. 1, 3 og 4 tilsvarande for vertskommunesamarbeid mellom fylkeskommunar.

Til § 28 g Klage ved vertskommunesamarbeid med felles nemnd

Føresegna er vesentleg utvida i forhold til høyringsnotatet, jf. merknad til § 28 f.

Nr. 1 første punktum regulerer kva for eit organ som skal behandle klager over vedtak som det er klaga over etter forvaltningslova § 28 første ledd i eit vertskommunesamarbeid med felles folkevald nemnd. Klagene skal behandlast av ei eller fleire særskilde klagenemnder som er peikte ut av kommunestyra i deltakarkommunane.

Førsegna i § 28 g gjeld også der den felles nemnda har delegert myndigheit til å treffe enkeltvedtak til administrasjonen i vertskommunen, etter § 28 c nr. 3 tredje punktum.

Føresegnene i § 28 g gjeld ikkje der det går fram av lov at eit statleg organ er klageinstans.

Andre punktum slår fast at når eit vedtak er gjort i medhald av myndigheit delegert frå eit statleg organ, er vedkommande statlege organ likevel klageinstans, jf. slik også etter forvaltningslova § 28 andre ledd siste punktum.

Føresegna grip ikkje inn i klageordningar som er regulerte i særlovgivinga. I praksis vil dette gjelde dei fleste tilfella.

Nr. 2 inneber at i eit vertskommunesamarbeid med felles nemnd skal klager etter kommunehelsetenestelova § 2-4 behandlast av ei særskild klagenemnd som er peikt ut av kommunestyra i deltakarkommunane. Elles gjeld dei andre føresegnene om klage i § 2-4.

Nr. 3 . Kvar deltakar skal vere representert med minst éin representant i klagenemnda. Klagenemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Reglane i forvaltningslova gjeld ved klagebehandlinga. I siste punktum går det fram at reglane i kommunelova for faste utval skal gjelde så langt dei høver for klagenemnd(er) som er peikt(e) ut etter nr. 1 eller nr. 2. Eit døme på at reglane ikkje kan brukast fullt ut, er ved val av medlemmer til klagenemnda. Dersom medlemmene blir valde ved fleirtalsval, følgjer det av reglane for fleirtalsval at begge kjønn skal vere representerte med minst 40 prosent i nemnda. Men når det skal veljast medlemmer frå fleire kommunar, vil valreglane måtte gjelde i forhold til dei vala kvar enkelt kommune gjer, slik det også er tolka når det gjeld interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 27.

Nr. 4 . Etter kommunehelsetenestelova § 2-4 skal klageorganet ha frå tre til fem medlemmer. Det følgjer av tilvisinga til reglane om faste utval i nr. 3 at klagenemnd etter nr. 1 eller nr. 2 skal ha minst tre medlemmer. Det gjeld likevel ikkje noko maksimum for kor mange medlemmer det kan vere i klagenemndene. Føresegna her regulerer for det første at den respektive deltakarkommunen skal vere representert i klagenemnda – og korleis ein skal oppnå dette – ved behandling av saker som er overførte frå vedkommande kommune. For det andre regulerer føresegna korleis klagenemnda skal reduserast til maksimalt fem medlemmer dersom representasjonskravet i nr. 3 fører til at klagenemnda får fleire enn fem medlemmer.

Nr. 5 slår fast at felles nemnd i vertskommunen er underinstans etter forvaltningslova § 33 andre ledd, både ved intern klagebehandling og ved statleg klagebehandling.

Nr. 6 slår fast det høvet til omgjering som klageinstansen har etter forvaltningslova § 35 andre og tredje ledd, ikkje gjeld for klageorganet ved intern klageordning. Det følgjer direkte av forvaltningslova § 35 fjerde ledd at høvet til omgjering for statleg klageinstans blir tilsvarande hindra. Statlege klageinstansar kan likevel oppheve vedtak som må sjåast som ugyldige. Sjå også kommentarane til § 28 f nr. 4.

Nr. 7 slår fast at føresegnene i nr. 1, 3, 5 og 6 gjeld tilsvarande ved vertskommunesamarbeid mellom fylkeskommunar.

Til § 28 h Lovlighetskontroll

Føresegna regulerer forholdet til føresegnene om lovlegskapskontroll i § 59 der det er etablert eit vertskommunesamarbeid. Føresegna i nr. 2 er ny i forhold til framlegget i høyringsnotatet.

Nr. 1 . Føresegna gjeld også eit vedtak som er gjort av felles nemnd, da nemnda er ein del av vertskommunen som juridisk person. Det er kommunestyremedlemmer i den samarbeidskommunen som har delegert myndigheit til å ta den aktuelle avgjerda, som kan leggje avgjerda fram for lovlegskapskontroll etter kommunelova § 59. Elles må dei allmenne vilkåra etter § 59 vere oppfylte. Føresegna byggjer på ein føresetnad om at deltakarane får informasjon om dei avgjerdene som blir tekne i vertskommunen, jf. § 28 e nr. 2 bokstav d.

Nr. 2 . Føresegna innskrenkar den kompetansen kommunestyremedlemmene i vertskommunen elles ville hatt etter kommunelova § 59 nr. 1.

Nr. 3 fastslår at føresegna gjeld tilsvarande for vertskommunesamarbeid mellom fylkeskommunar.

Til § 28 i Oppløsning og uttreden

Føresegna er endra i forhold til framlegget til § 90 i høyringsnotatet.

Nr. 1 . Det blir lagt til grunn at høve til å seie opp avtaleforholdet ved semje følgjer av allmenn avtalerett. For å gjere det heilt klart blir dette likevel eksplisitt slått fast her. Deltakarane kan tilsvarande på same vilkår endre samarbeidsavtalen.

Nr. 2 . Føresegna gir ein rett for alle deltakarar i eit vertskommunesamarbeid – både vertskommunen og samarbeidskommunen/samarbeidskommunane – til å seie opp deltakarforholdet sitt med eitt års varsel. Det blir i andre punktum opna for at det kan avtalast ein annan oppseiingsfrist.

I oppseiingstida pliktar samarbeidskommunen å betale vederlag i samsvar med samarbeidsavtalen. At det gjeld ein oppseiingsfrist, inneber likevel ikkje at samarbeidskommunen ikkje kan trekkje tilbake oppgåver og myndigheit som er overlatne til vertskommunen før fristen har gått ut. Her kan samarbeidskommunen anten velje å trekkje oppgåvene eller myndigheita tilbake før utløpet av fristen eller å la samarbeidet halde fram som før ut oppseiingstida.

Dersom vertskommunen ønskjer å gå ut av samarbeidet, må han halde fram med å utføre dei oppgåvene og utøve den myndigheita han har fått overført frå samarbeidskommunane i oppseiingstida. Dersom ein samarbeidskommune i eit vertskommunesamarbeid med felles nemnd trekkjer tilbake overførte oppgåver eller overført myndigheit, fell grunnlaget for å sitje i den felles nemnda bort. Kommunen må da trekkje seg ut av nemnda.

Til § 28 j Kontrollutvalgets myndighet i vertskommune

Kontrollutvalet i vertskommunen vil ha ansvar for å føre løpande tilsyn med verksemda til (verts) kommunen etter dei vanlege reglane. At delar av verksemda dreier seg om saker der myndigheita er delegert frå andre kommunar, endrar ikkje dette. Ettersom kontrollutvalet etter § 77 nr. 1 utøver tilsynet sitt på vegner av kommunestyret, oppstår det likevel eit spørsmål i samband med det formelle ansvarsområdet til kontrollutvalet. Kommunestyret i vertskommunen er etter §§ 28 b nr. 4 og 28 c nr. 6 hindra i å kunne gi instruksar i saker som er delegerte frå andre kommunar. Formelt ville derfor myndigheita til kontrollutvalet vere tilsvarande avgrensa da det utleier myndigheita si frå kommunestyret. Føresegna i § 28 j er teken inn for å slå fast at myndigheita til kontrollutvalet i vertskommunen ikkje er avgrensa tilsvarande.

Til § 28 k Statlig tilsyn med vertskommune

Dersom det er motstrid mellom tilsynsføresegnene i særlovgivinga og dei føreslåtte reglane i § 28 k, altså at dei to regelsetta ikkje kan sameinast, vil reglane ein har i dag i særlovgivinga, gjelde i staden for reglane som er føreslått om interkommunalt samarbeid i kommunelova. Dei fleste lovføresegnene om statleg tilsyn med kommunesektoren er likevel nokså generelt forma, slik at det ikkje vil liggje føre motstrid. For tilsyn der lovheimlane er generelt forma og til dømes ikkje seier meir enn at det skal førast statleg tilsyn med at lova blir følgd, vil dei føreslåtte føresegnene i kommunelova derfor gjelde dersom det ikkje er rettslege haldepunkt for anna.

Nr. 1 slår fast at statlege tilsynsorgan skal rette pålegg og andre sanksjonar til vertskommunen, og at det er denne som er ansvarleg for å følgje pålegga, ikkje samarbeidskommunen.

Nr. 2 gir statlege tilsynsorgan rett til å få innsyn i saksdokumenta til vertskommunen, til å krevje opplysningar om og få komme inn på institusjonar og anlegg som høyrer til vertskommunen.

Av nr. 3 går det fram at føresegna i første ledd gjeld tilsvarande for fylkeskommunar. Det vil seie at i tilfelle der ein fylkeskommune har overlate utføringa av lovpålagde oppgåver til ein annan fylkeskommune, skal tilsynet rette pålegg eller andre sanksjonar til fylkeskommunen som utfører oppgåva. Fylkeskommunen som utfører den oppgåva, er ansvarleg for at ein rettar seg etter pålegg eller andre sanksjonar.

Til forsida