Prop. 143 S (2012–2013)

Utviding og finansiering av Bergensprogrammet med tredje etappe av Bybanen m.m.

Til innhaldsliste

4 Endringar i bompengeordninga

Dagens bompengetakstar er 15 kr for lette kjøretøy og 30 kr for tunge kjøretøy. Takstane har ikkje vore prisregulerte sidan dei blei innførte i 2004. I april 2006 blei maksimal rabatt redusert frå 50 til 40 pst., jf. St.prp. nr. 75 (2004-2005). Ved forskotsbetaling er rabattane høvesvis 30 og 40 pst. Det er innkrevjing kvar dag heile døgnet. Kjøretøy med abonnement blir belasta med maksimalt ei passering kvar time og maksimalt 50 passeringar kvar månad. Brikkebruken er om lag 85 pst.

Gjennomsnittleg inntekt pr. passering i dagens bompengeordning er 7,40 kr. Dette er om lag halvparten av taksten for lette kjøretøy utan rabatt. I 2011 var brutto bompengeinntekter om lag 410 mill. kr. Dei årlege kostnadene til innkrevjing og drift av bompengeselskapet er vel 40 mill. kr.

I Prop. 108 S (2009-2010) blei det lagt til grunn å endra passeringstaket frå 50 til 60 passeringar i løpet av ein kalendermånad. Dette er ikkje følgt opp så langt. I Prop. 108 S blei det vidare vist til at kommunen og fylkeskommunen hadde lagt opp til å drøfta med Statens vegvesen Vegdirektoratet om maksimal rabatt skal endrast frå 40 til 20 pst. Desse endringane har ikkje vore følgt opp frå lokalt hald til nå.

For å finansiera utbygginga av tredje etappe av Bybanen og auka satsing på programområdetiltak har kommunen og fylkeskommunen søkt om å auka takstane for lette kjøretøy (inntil 3 500 kg) frå 15 til 25 kr og for tunge kjøretøy (over 3 500 kg) frå 30 til 50 kr. Vidare er det søkt om å redusera rabattane ved forskotsbetaling frå 40 og 30 pst. til 20 pst. I tillegg er det lagt til grunn at det månadlege passeringstaket blir endra frå 50 til 60 passeringar. I denne proposisjonen er det lagt til grunn at endringane blir gjennomførte frå 2013. Endringane legg til rette for å sikra ei kontinuerleg utbygging av tredje etappe av Bybanen. Endringane i takst- og rabattopplegget skal også fungera som restriktivt verkemiddel for å redusera biltrafikken i Bergensområdet i samsvar med tiltaksplanen for oppfølging av avtalen om belønningsmidlar.