Prop. 143 S (2012–2013)

Utviding og finansiering av Bergensprogrammet med tredje etappe av Bybanen m.m.

Til innhaldsliste

6 Utbyggings- og finansieringsopplegg

Finansieringa av Bergensprogrammet i perioden 2012-2025 er basert på fylkeskommunale midlar, belønningsmidlar frå staten, midlar som fylkeskommunen garanterer for (ev. framtidige belønningsmidlar) og bompengar. Den økonomiske ramma er til saman 9 420 mill. kr, omrekna til 2013-prisnivå.

Fylkeskommunale midlar

Handlingsprogram for det fylkeskommunale vegnettet i Hordaland 2010-2013 (2019) blei behandla av fylkestinget 8. desember 2009. Her er det lagt til grunn eit årleg fylkeskommunalt finansieringsbidrag i perioden 2010-2013 på 200 mill. 2009-kr, inkl. bruk av rentekompensasjonsordninga. Omrekna til 2013-prisnivå med byggekostnadsindeksen for veganlegg svarar dette til om lag 230 mill. kr. Det er lagt til opp til at løyvingane til Bergensprogrammet blir vidareførte på same nivå i siste seksårsperiode (2014-2019). Dette er lagt til grunn ved den fylkespolitiske behandlinga som låg til grunn for Prop. 108 S (2009-2010) og den fylkespolitiske behandlinga av bompengesøknaden i mars 2012. Dei fylkeskommunale midlane i perioden 2012-2025 er til samen om lag 3 020 mill. kr, omrekna til 2013-prisnivå.

Belønningsmidlar

Det er inngått ein fireårig avtale mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune og staten om belønningstilskot til betre kollektivtilbod og mindre bilbruk for perioden 2011-2014. Effektmåla i den fireårige avtalen er:

  • Den samla biltrafikken i bompengeringen i Bergen skal ikkje auka i avtaleperioden sjølv om folketalet og/eller talet på arbeidsplassar aukar.

  • Biltrafikken inn mot Bergen sentrum skal i periodar med stor del av arbeidsreiser, reduserast med 5 pst. i fireårsperioden.

På grunnlag av avtalen frå 2011 er det lagt til grunn totalt 550 mill. kr i belønningsmidlar, herav 375 mill. kr til investeringar i Bergensprogrammet. Avtalen føreset gjennomføring av tiltak med sikte på å nå måla i avtalen, før dei årlege utbetalingane av midlane. Samferdselsdepartementet har betalt belønningsmidlar for 2011, 2012 og 2013. Midlane i 2013 er planlagt nytta til m.a. prosjektering og grunnerverv for tredje etappe av Bybanen, betre framkome for buss, tilrettelegging for auka sykling og fortetting langs Bybanen. Med betalinga for 2013 har Bergen mottatt til saman 388 mill. kr frå belønningsordninga.

Midlar som fylkeskommunen garanterar for (ev. framtidige belønningsmidlar)

Fylkestinget har lagt til grunn at ordninga med belønningmidlar til betre kollektivtransport og mindre bilbruk eller anna tilsvarande ordning blir vidareført og at Bergensområdet vil motta slike midlar også for perioden 2015-2018. Dersom staten ikkje løyver belønningsmidlar eller andre tilsvarande midlar, har fylkestinget vedtatt å garantera for om lag 210 mill. kr, omrekna til 2013-prisnivå, i perioden 2015-2018 til kollektivinfrastruktur i Bergensprogrammet.

Dagens avtale om belønningstilskot gjeld perioden 2011-2014. Samferdselsdepartementet har ikkje tatt stilling til om det er aktuelt å inngå tilsvarande avtale for Bergen utover dette. Så lenge fylkeskommunen har garantert for midlar i perioden 2015-2018, har ikkje departementet merknader til at desse er tatt med i finansieringa av Bergensprogrammet. Det vises for øvrig til omtala av Belønningsordninga i Meld. St. 26 (2012–2013) Nasjonal transportplan 2014–2023.

Bompengar

Det er lagt til grunn 5 800 mill. kr i bompengar til investeringar i perioden 2012-2025. Bompengar til å dekkja renter på bompengelån er rekna til om lag 2 240 mill. kr med ei lånerente på 4,5 pst. I tillegg kjem bompengar til å dekke innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet med vel 40 mill. kr pr. år, eller om lag 600 mill. kr i perioden 2012-2025.

Akkumulert gjeld i 2015/2016, når det er rekna med at gjelda er størst, er førebels rekna til i storleiksorden 5,8 – 5,9 mrd. kr. Pr. 31. desember 2012 var akkumulert gjeld om lag 2 900 mill. kr.

Statens vegvesen viser til at 6,5 pst. rente er den vanlege føresetnaden i bompengeproposisjonar. I denne proposisjonen er det i tråd med den lokalpolitiske behandlinga lagt til grunn 4,5 pst. lånerente. Samferdselsdepartementet viser til at Bergensprogrammet er ein bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Investeringane må reduserast dersom ein større del av bompengane går til å betala lånerenter utan at dette blir kompensert med andre midlar.

Det er rekna på følgjande to pessimistiske alternativ, basert på gjeldande investeringsplan:

  • a) Eit alternativ der det er lagt til grunn 6,5 pst. lånerente.

  • b) Som a), men i tillegg er det ikkje lagt til grunn årleg trafikkvekst.

I begge alternativa er det lagt til grunn at investeringane blir reduserte i slutten av bompengeperioden, og det er lagt til grunn bompengeinnkrevjing til utgangen av 2025.

Med føresetnadene i alternativ a) blir bompengar til investeringar reduserte med om lag 1 230 mill. kr, samanlikna med basisalternativet. Bompengar til å dekka renter blir auka med om lag 1 390 mill. kr.

Med føresetnadene i alternativ b) blir bompengar til investeringar reduserte med om lag 1 730 mill. kr, samanlikna med basisalternativet. Bompengar til å dekka renter blir auka med om lag 1 300 mill. kr.

Av takstretningslinjene går det fram at Statens vegvesen, etter søknad frå bompengeselskapet, kan justera takstane i tråd med konsumprisindeksen. I denne proposisjonen er det lagt til grunn at ei slik prisregulering blir gjennomført.

Styringa av Bergensprogrammet

Bergensprogrammet er ei bompengepakke der omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. All kostnadsauke må følgjeleg løysast innafor dei økonomiske rammene for pakka. Det er lagt opp til anleggsstart for tredje etappe av Bybanen i løpet av 2013. Ved ev. kostnadsauke må først kuttlista takast i bruk. Dersom dette ikkje er tilstrekkeleg, er det føresett at ramma til tiltak innafor programområda blir redusert slik at programmet kan avsluttast innen utgangen av 2025.

Som omtalt i Prop. 108 S (2009-2010) har Samferdselsdepartementet tatt initiativ til m.a. at styringa og rapporteringa i Bergensprogrammet blir tatt opp til ny vurdering. Departementet viser til at det i Meld. St. 26 (2012-2013) Nasjonal transportplan 2014-2023 er lagt opp til ein ny måte å organisera transportpolitikken i byområda på gjennom heilskaplege bymiljøavtalar. For alle slike avtalar må det vera eit system for styring og politisk forankring. Det kan vera fleire aktuelle modellar for etablering av styringsgrupper innafor det nye avtaleregimet. Det er viktig å sikra overordna politisk styring og leggja til rette for heilskaplege prioriteringar og god porteføljestyring. Regjeringa vil vurdera nærare kva modellar som er føremålstenlege og om det skal leggjast til grunn ein felles modell for styring av slike avtalar. Som for dei andre største byområda, legg Samferdselsdepartementet opp til at det skal vera ein omtale av Bergensprogrammet i statsbudsjettet.

Garantiar

Hordaland fylkesting fatta i møte 12. oktober 2010 følgjande vedtak om garanti:

«Hordaland fylkeskommune gjev sjølvskuldnargaranti fram til 2025 for lån på inntil 4 200 mill. kr som Bergen Bompengeselskap AS skal ta opp i samband med gjennomføring av prosjekt i Bergensprogrammet.
Fylkestinget viser elles til vedtak i fylkestingssak 41/10 om overtaking av garanti frå Bergen kommune på 1 750 mill. kr som er inkludert i summen ovanfor.»

Garantien er godkjend av Kommunal- og regionaldepartementet.

Samferdselsdepartementet oppmodar fylkeskommunen om å utvida garantien for å oppnå best mogleg lånevilkår.