Prop. 1 S (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 — Utgiftskapittel: 1400–1474 og 2465 Inntektskapittel: 4400–4471 og 5578

Til innhaldsliste

Del 3
Omtale av Miljøverndepartementets resultatområde og verkemiddel

7 Oversikt over resultatområde og verkemiddel

Miljøverndepartementet har gjennom lang tid delt opp miljøpolitikken i resultatområde og fekk i 2012 ei ny inndeling som vart presentert i Prop. 1 S (2011-2012). Denne strukturen gir eit klarare skilje mellom verkemiddel og dei miljøpolitiske resultatområda, og det er lagt stor vekt på økosystema i inndelinga. Kvart resultatområde og verkemiddel gir ei samla framstilling av tilstand, påverknader, og korleis ein skal nå dei nasjonale måla. Vidare er det gitt ein statusrapport på dei einskilde nasjonale måla med fokus på dei viktigaste indikatorane. Oppdatert status på indikatorane er til ei kvar tid presentert på miljøstatus.no. Verkemidla representerer grunnleggjande føresetnader for å oppnå resultat i miljøpolitikken, og gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda. Miljømåla på kvart område er heilt avhengige av dei verkemidla miljøforvaltninga og andre sektorar har til disposisjon, anten det gjeld internasjonalt arbeid eller kunnskap. Samfunnsplanlegging er eitt av eksempla på eit viktig overgripande system som er ein reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla.

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

Figur 7.1 Miljøpolitiske resultatområde

8 Kunnskap og staddata

Miljøvernpolitikken og all forvaltning av natur og miljø skal vere kunnskapsbasert. Jo meir kunnskap vi har, desto meir presis, effektiv og målretta forvaltning får vi. Kunnskapen blir bygd opp gjennom forsking, kartlegging, overvaking, miljøstatistikk og ulike former for rapportering. Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er òg ein føresetnad for god miljøpolitikk. Dette blir omtalt under overskrifta Staddata. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal takast hand om innanfor rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking.

Utviklinga av miljøpolitikken krev eit godt og oppdatert kunnskapsgrunnlag.

Kunnskap om miljø, planlegging og naturmangfald er i aukande grad ein viktig føresetnad for avgjerder som blir fatta på mange samfunnsområde.

Miljøovervakinga tek i utgangspunktet for seg kjende problemstillingar og må vere langsiktig, stabil og føreseieleg. Miljøforskinga medverkar til å avdekkje og avklare nye problemstillingar, men er samstundes eit viktig supplement og korrektiv til miljøovervakinga. Kartlegging gir oss kunnskap om førekomstar og utbreiing av arter og naturtypar, og kunnskap om kor mange og kva slag arter vi har og kva livsmiljø dei er knytte til. Det er ofte naudsynt med lange overvakingstidsseriar for å forstå endringane i naturen. Rapporteringa skjer til databasar som dekkjer spesielle fagområde, f. eks. Naturbase (naturtypar, arter, statleg sikra friluftslivsområde, naturvernområde), Artskart (i regi av Artsdatabanken), Forureining, Askeladden (kulturminne) m. fl. Rapporteringsdata kjem frå både offentlege og private kjelder og kan vere lovpålagt eller frivillig. Spesielt kan nemnast KOSTRA (KOmmune STat RApportering), som skal omfatte all rapportering frå kommunane til staten (også på andre område enn miljø), med unntak av den rapporteringa til sentrale databasar som allereie er pålagt. Miljøforvaltninga samarbeider med Statistisk sentralbyrå om utvikling og produksjon av areal- og miljøstatistikk, som i hovudsak er basert på data som er henta inn gjennom overvaking og rapportering. Miljødata er stort sett stadfesta (koordinatbestemte), og det er lagt stor vekt på å utvikle digitale kart og system for å handtere geografisk informasjon. Noreg digitalt har vist seg å ha stor betydning for utveksling av stadfesta informasjon på tvers av institusjonar og forvaltningsområde. Miljøstatus i Noreg, miljøstatus.no gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet, og presenterer miljøkunnskap i ein samanheng. Eit vesentleg mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstand, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Løysinga, som er Noregs mest omfattande samling av oppdatert offentleg miljøinformasjon på kart, vart i 2012 tilpassa for bruk med nettbrett og smarttelefonar.

Boks 8.1 Miljøovervaking gir grunnlag for å oppdage nye problem og grunnlag for tiltak

I 2002 synte data frå miljøovervaking auka verdiar av miljøfarlege flammehemmarar nord i Mjøsa. På dette tidspunktet var allereie nokre av desse stoffa oppførte på Noregs liste over stoff som skal avgrensast eller fasast ut.

Fordi vi hadde prøver av lagesild som var lagra i ein forløpar til Miljøprøvebanken kunne vi òg fastslå når dei skadelege utsleppa starta. Med bakgrunn i denne informasjonen kunne tiltak setjast i verk og vidare overvaking viste at vi allereie i 2010 hadde komme ned på det nivået som var før utsleppa starta.

Eksemplet viser kor viktig regelmessig miljøovervaking er og illustrerer i tillegg betydninga av lange tidsseriar for miljødata. Dette viser òg kor viktig det er med ein nasjonal miljøprøvebank der lagra prøver raskt bidreg til å fastslå bakgrunnsnivå og historiske trendar.

Noreg var tidleg ute med å fokusere på bromerte flammehemmarar og med å skaffe data som kunne byggje opp under betydninga av å fase ut fleire av stoffa. Norske data medverka til at EU innførde forbod mot dei første flammehemmarane i 2003.

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Figur 8.1 Bromerte flammehemmarar i lagesild

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

Like viktig som kunnskapsinnhenting er oppgåva med å formidle kunnskapen til allmenta og avgjerdsstakarar. Miljøkunnskap og miljøutfordringar er ein sentral del av avgjerdsprosessar både i offentleg og privat sektor.

Ein betydeleg del av kunnskapsoppbygginga skjer gjennom utdanningsinstitusjonane. Både grunnopplæringa, under dette fagopplæringa, og høgare utdanningsinstitusjonar tilfører nye generasjonar kunnskap, haldningar og dugleik som kan medverke til ei berekraftig utvikling. Media, internett og bibliotek spelar òg ei viktig rolle i formidling av miljøkunnskap. Produktinformasjon og grøne sertifiseringsordningar er òg kjelder til slik kunnskap.

Å hente inn og å spreie slik kunnskap er ei av dei viktigaste oppgåvene for miljøforvaltninga. Auka kunnskap i folket om miljøutfordringar og om samanhengane i naturen stimulerar miljøinteressa og medverkar til auka aksept for miljøpolitiske tiltak og verkemiddel. Pressa og frivillige organisasjonar er i denne samanhengen særleg viktige målgrupper for miljøforvaltninga sitt informasjonsarbeid. Moderne informasjonsteknologi blir i aukande grad teken i bruk for å effektivisere samhandlinga i miljøforvaltninga og med publikum.

Komplekse problem krev heilskapelege løysingar

For betre å kunne forstå miljøproblema sin komplekse natur og finne eigna løysingar, er det behov for både naturvitskapleg, samfunnsvitskapleg, kulturhistorisk og (relevant) teknologisk forsking. Identifisering og analyse av miljøskade og miljøkonsekvensar har ofte utgangspunkt i naturvitskaplege fag. Utvikling av tiltak og verkemiddel for å løyse miljøproblem, nasjonalt og internasjonalt, vil krevje eit fagleg grunnlag også frå samfunnsvitskapar som jus, økonomi og planlegging. Fleirfagleg og tverrfagleg fokusering og innretting vil derfor ofte vere nødvendig.

Sektoransvaret

Miljøpolitikken er karakterisert av overgripande problemstillingar der heilskapleg tankegang og avveging av ulike samfunnsinteresser er grunnleggjande for å få gjennomslag for tiltak. Kunnskapsoppbygging på miljøområdet er derfor heilt avhengig av fagleg samarbeid på tvers av faggrenser og sektorar. Mange av miljøutfordringane er i dag tverrsektorielle i forhold til styringssystemet både med omsyn til opphav, utbreiing og moglege løysingar. Sektoransvaret står sentralt i miljøarbeidet, og miljøomsyn skal takast hand på innan rammene av styresmaktene sitt sektoransvar, inkludert forsking og overvaking. Dette inneber at sektorane har ansvar både for langsiktig kompetanseoppbygging for sektoren, og for meir forvaltningsretta overvakings- og forskingsaktivitetar innanfor miljøansvarsområda i eigen sektor. Felles forståing av røyndomen og kunnskapsgrunnlaget mellom miljøforvaltninga og andre departement/viktige samfunnsaktørar er ein føresetnad for å møte miljøutfordringane på ein heilskapleg måte, og for å få til ein god og konstruktiv dialog.

Miljøforvaltninga tek vare på den langsiktige kompetanseoppbygginga både ved basisløyvingar til miljøforskingsinstitutta og ved finansiering av visse grunnforskingsaktivitetar innanfor enkelte av forskingsprogramma i departementet sin programportefølje. Departementet sitt eige kunnskapsbehov blir teke vare på ved dei meir handlingsretta forskingsprogramma.

Miljøforskingsinstitutta har ei sentral og sjølvstendig rolle for utvikling av kunnskap som er naudsynt for god rådgiving i miljøspørsmål. Det er viktig og naudsynt at desse institutta kan tilby ein brei kompetansebase på høgt internasjonalt nivå, at dei samarbeider med dei beste internasjonale miljøa og har kapasitet og utstyr til å møte miljøforvaltningas behov. Basisløyvingane er heilt sentrale for å oppnå dette, og har dei siste åra blitt styrkte. St. meld. nr. 20 (2004-2005) Vilje til forsking gav eit klart signal om behovet for ei slik styrking. I tillegg til basisløyvingane til miljøforskingsinstitutta blir dei fleste institutta òg tildelte nasjonale oppgåver. Dette skal bl.a. sikre at institutta har ressursar til fagleg rådgiving til miljøforvaltninga, til deltaking og fagleg støtte for miljøforvaltninga i internasjonale organ ved behov. I tillegg blir det òg gitt tilskot til infrastrukturtiltak ved institutta.

Næringslivet er på same måten ein viktig samarbeidspart. Det er eit overorda forskingspolitisk siktemål at næringslivet aukar sin forskningsinnsats. Næringslivet har sjølv eit ansvar for kunnskap om miljøeffektar av eigen aktivitet. Det er òg viktig med innsats frå næringslivet for utvikling av miljøteknologi, blant anna nye miljøvennlege produkt og produksjonsprosessar, jf. eigen omtale av miljøteknologi.

Det internasjonale perspektivet

Mange miljøproblem er av ein slik karakter at dei ikkje kan løysast berre på nasjonalt nivå. Som ei følgje av dette må forskinga i større grad enn tidlegare forankrast i internasjonale aktivitetar. Det er derfor viktig at norske forskingsmiljø deltek i internasjonale forskingsaktivitetar, etablerer internasjonale kontaktar og inngår i internasjonale samarbeidskonstellasjonar der dette er føremålstenleg og kan gi utbytte.

Internasjonalt samarbeid er ofte nødvendig blant anna for å ta vare på den faglege breidda, få utfyllande vitskapleg kompetanse eller av ressursomsyn. Dette vil gi best mogleg nasjonal nytte av internasjonal forsking og god kopling og synergi mellom norske og internasjonale problemstillingar.

Ei rekkje av dei miljøutfordringane vi står overfor er grenseoverskridande. Eit godt kunnskapsgrunnlag basert på forsking og overvaking er ein føresetnad for at Noreg skal få gjennomslag i internasjonale forhandlingar om blant anna forpliktande utsleppsreduksjonar. Forskinga må derfor òg fokusere på at miljø- og utviklingspolitikken stadig blir meir global og internasjonalisert, med aukande tendens til bruk av multilaterale avtaler. Både utfordringa som følgjer av slike avtaler, internasjonal utvikling (for eksempel utviklingsvise og økonomiske endringar i Asia), og internasjonale prosessar som kan påverke kunnskapsbehova på norsk side, bør gjerast synlege i dei meir nasjonalt retta forskingsaktivitetane.

Mange norske forskingsmiljø har i fleire år delteke i internasjonale forskingsprosjekt, og det er viktig å leggje til rette for ei vidareutvikling av internasjonalt forskingssamarbeid. Noreg er fullt medlem av EUs sjuande rammeprogram for forsking og teknologisk utvikling. Av størst interesse for miljøforvaltinga er delprogram «Environment (including climate change)». Viktig i denne samanhengen er m.a. det nye EU-verkemiddelet Joint Programming Initiatives (JPI). Dette er europeiske forskingsprogram som truleg kjem til å bli finansierte med nasjonale midlar og med eit visst bidrag frå EU.

EUs rammeprogram for forsking er Europas viktigaste arena for kunnskapsproduksjon og gir bidrag til vidareutvikling av europeisk politikk for å møte felles utfordringar, ikkje minst på miljøområdet. Norske miljøstyresmakter deltek i styringa av miljøprogram, og norske forskingsmiljø deltek aktivt i eit breitt spekter av forskingsprosjekt.

Forholdet mellom forsking og overvaking

Forsking er nødvendig for å sikre best moglege overvakingsdata, og overvakingsdata (inkl. lange tidsseriar) er viktig grunnlag for mykje av forskinga. Utforming av program og val av metodar og parameter i overvakinga skjer derfor i samarbeid mellom forvaltning og forskingsmiljø. Forskingsmiljøa sin kompetanse er òg sentral når overvakingsresultat skal tolkast.

Miljøforskinga har stor nytte av det kunnskapstilfanget som kjem fram gjennom overvaking. I praksis er skilnadene mellom dei ulike formene for datainnhenting ikkje alltid så store. Generelt sett er innsamling av overvakingsresultat langsiktig (5 – 100 år) og skjer etter standardiserte metodar, mens forsking trengst for å betre og utvikle metodikk for innsamling og tolking av data. Overvakingsdata gir forskarar høve til å analysere utviklingstrendar i miljøet, då dei same metodane er nytta over lange tidsperiodar. Forsking med utgangspunkt i slike data har derfor stor verdi for miljøforvaltninga.

Mange prosjekt og arbeidsmåtar ligg i grenseland mellom forsking, overvaking, og kartlegging. Det er derfor viktig, både fagleg, organisatorisk og økonomisk, å sjå ulike former for kunnskapsinnhenting i samanheng.

Satellittdata har vist seg å vere eit svært godt grunnlag for å visualisere landskapsrelaterte problemstillingar. Det er likevel behov for meir kunnskap om korleis satellittdata innanfor miljøforvaltninga sine fagområde kan supplere og rasjonalisere eksisterande metodikk, og medverke til større målretting og presisjon i nødvendig feltarbeid. Satellittdata er særleg aktuelt for problemstillingar knytte til overvaking av endringar i arealbruk, utvikling av kulturminnebestanden, effektar av utmarksturisme, utvikling i polarområda, og overvaking av klimaendringar.

Kunnskapsbehov for dei enkelte resultatområda er beskrive under omtalen av desse.

Kunnskap om naturmangfaldet

Stortinget har vedteke at forvaltninga av naturmangfaldet skal vere kunnskapsbasert. Også i naturmangfaldlova § 8 og i eitt av dei nye globale måla for å ta vare på naturmangfaldet er vi forplikta til å bruke eksisterande og tilgjengeleg kunnskap i forvaltninga av naturmangfaldet. Dette er ein føresetnad for å følgje utviklinga i naturtilstanden og er nøkkelen til å sikre at gode og effektive miljøtiltak blir gjennomførte på rett stad til rett tid. Kartlegging, overvaking og forsking er grunnleggjande verkemiddel for å betre kunnskapsgrunnlaget. Gjennom overvaking av naturtypar og viktige areal for truga arter får styresmaktane eit bilete av utviklinga i naturmangfaldet, og om verkemidla fungerer etter føremålet.

Boks 8.2 Naturindeks for Noreg

Naturindeks for Noreg gir eit overordna bilete av korleis det står til med norsk natur, og viser korleis dette utviklar seg over tid. Arbeidet byggjer på internasjonale metodar for liknande indeksar, men det er gjort eit betydeleg arbeid for å utvikle denne metodikken. Noreg er det første landet i verda som innfører ein offisiell naturindeks.

Naturindeksen bereknar tilstanden for naturmangfaldet i dei store økosystema, samanlikna med ein referansetilstand:

  • havbotn

  • hav-pelagisk (dei opne vassmassane i havet)

  • kystvatn-botn

  • kystvatn-pelagisk (i vassmassane langs kysten)

  • ferskvatn

  • ope lågland (kulturlandskap)

  • skog

  • myr-kjelde-flaummark

  • fjell

For kvart av økosystema er det valt ut eit sett med indikatorar, til dømes data om bestandane av enkeltarter. Desse representerer dei ulike økosystema og omfattar både vanlege og sjeldne artar og ulike artsgrupper. Ved å sjå indikatorane i samanheng får ein eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet innanfor kvart økosystem, og samla for norsk natur. Naturindeksen består av 309 indikatorar fordelte på dei ni hovudøkosystema.

Kvar indikator er gitt ein verdi mellom 1 og 0. Referanseverdien er sett lik 1. Verdien 1 betyr at tilstanden for indikatoren er svært god («naturtilstand» utan negativ påverknad frå menneske), medan 0 betyr at tilstanden er svært dårleg (for eksempel at ei art er utrydda). Ved å sjå på verdien for alle indikatorar som er knytte til eit økosystem, får ein eit gjennomsnittstal som gir eit bilete av tilstanden for naturmangfaldet i dette økosystemet.

Boks 8.3 Definisjon av omgrepet truga arter

Artsdatabanken nyttar følgjande kategoriar i Norsk Rødliste for arter 2010:

Utdøydd (EX): Ei art er utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er globalt utdøydd.

Utdøydd i vill tilstand (EW): Arter som ikkje lenger lever fritt, men der det framleis finnes individ i dyrehagar, botaniske hagar og liknande.

Regionalt utdøydd (RE): Ei art er regionalt utdøydd når det er svært liten tvil om at arta er utdøydd frå aktuell region (her Noreg). For at arta skal inkluderast må den ha vore etablert reproduserande i Noreg etter år 1800.

Kritisk truga (CR): Ei art er kritisk truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for kritisk truga er oppfylt. Arta har då ekstremt høg risiko for å dø ut.

Sterkt truga (EN): Ei art er sterkt truga når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sterkt truga er oppfylt. Arta har då svært høg risiko for å døy ut.

Sårbar (VU): Ei art er sårbar når best tilgjengeleg informasjon indikerer at eitt av kriteria A-E for sårbar er oppfylt. Arta har då høg risiko for å dø ut.

Nær truga (NT): Ei art er nær truga når den ikkje tilfredsstiller nokre av kriteria for CR, EN eller VU, men er nær ved å tilfredsstille nokre av desse kriteria no, eller i nær framtid.

Datamangel (DD): Ei art blir sett i kategori datamangel når uvissa om arta si korrekte kategoriplassering er svært stor, og klart inkluderer heile spekteret av moglege kategoriar frå og med CR til og med LC.

Definisjonane er utarbeidde av den internasjonale naturvernunionen (IUCN). Omgrepet truga arter er eit samleomgrep for kategoriane: kritisk truga, sterkt truga og sårbar.

Kartlegging i form av kartfesting av førekomst og utbreiing av arter og naturtypar er ein føresetnad for oppfølging av naturmangfaldlova på kort og lang sikt. Tilsvarande er kunnskapsoppbygging knytt til framande organismar svært sentralt for å sikre ein god og målretta innsats mot framande, skadelege organismar. Døme på kartleggingsprosjekt er naturtypekartlegging (terrestrisk og marint), kartlegging av framande arter og kartlegging av truga arter. Kartlegging og overvaking av inngrepsfrie område i Noreg (INON) er ein arealbruksindikator som byggjer på data for utrekning av inngrepsfri natur innhenta frå kommunar, fylkesmenn og nasjonale register. MAREANO er eit tverrsektorielt program for å kartleggje og styrkje kunnskapen om Noregs havbotn.

Overvaking av naturmangfaldet er grunnleggjande for å kunne danne seg eit bilete av utviklinga for arter og område over tid, kunne seie noko om årsaka til utviklinga og om tiltak har ønska effekt. Døme på overvakingsprosjekt er overvaking av sjøfugl gjennom programmet SEAPOP, terrestrisk overvaking (TOV) og overvaking av ei rekkje arter/artsgrupper (t.d. hjortevilt, rovvilt, villaks, og fjellrev). Rovdata har ansvaret for overvaking av rovvilt og formidling av resultata.

Auka omfang av kartlegging og overvaking dei siste åra har gitt grunnlag for å utvikle ein naturindeks for heile Noreg jf. boks 8.2. Ein slik indeks, som vart presentert for første gong hausten 2010, er eit viktig barometer for korleis det står til med norsk natur. Alle dei store forskingsinstitutta i Noreg som gjennomfører naturovervaking, har medverka i utviklinga av naturindeksen, og ei statistikkgruppe har medverka i berekningar og metodeutvikling. I alt har om lag 125 fagpersonar levert data eller ekspertvurderingar. Noreg er, saman med Nederland, eit føregangsland i arbeidet med å få til ein heilskapeleg naturindeks basert på data og ekspertvurderingar om natur.

Naturindeksen gir ei samla oversikt over tilstand og utviklingstrendar for dei store økosystema hav, kystvatn, ferskvatn, ope lågland, skog, myr-kjelde-flaummark og fjell, også i ulike delar av landet. Kunnskapen om status og trendar skal nyttast til å setje inn målretta tiltak for å stanse tapet av naturmangfald i Noreg, og til formidling til politikarane, forvaltninga og allmenta. Naturindeksen synleggjer også kor kunnskapen om naturmangfaldet er mangelfull. På mange område manglar ein framleis data. Kartlegging og overvaking må derfor på plass for å få meir presis kunnskap som igjen er nødvendig for å peike på årsaker til endringar og for at tiltaka blir kostnadseffektive og målretta. Naturindeksen vil bli oppdatert kvart år basert på årlege overvakingsdata der dette finst. Den samla naturindeksen skal etter planen oppdaterast i 2015. I åra fram til denne oppdateringa tek ein sikte på å presentere temaindeksar for arter som blir overvaka årleg.

Den naturindeksen som vart presentert hausten 2010, er starten på eit langvarig arbeid med å måle endringar i naturen, og gi eit stadig betre grunnlag for å prioritere kor tiltak for å betre miljøet skal setjast inn og kva som bør prioriterast innanfor kartlegging og overvaking. Men naturindeksen åleine kan ikkje måle om vi når målet om å stanse tapet av naturmangfald. Sjølv om naturindeksen viser betring eller ingen endring i naturmangfaldet, kan det likevel vere alvorlege faresignal som ikkje blir fanga opp. Det er derfor viktig å supplere naturindeksen med annan kunnskap som til dømes delindeksar, andre indikatorar for berekraft, raudlister og ny kartlegging, overvaking og forsking.

Norsk rødliste for arter 2010 og Norsk rødliste for naturtyper 2011 er viktige kunnskapsgrunnlag for å vurdere bruk av ulike verkemiddel for å betre tilstanden for artene og naturtypane. Raudlistene inneheld spesifikk informasjon om mange truga arter og naturtypar som ikkje inngår i naturindeksen, men som er viktige for forvaltninga av desse artene. Det er derfor viktig at kunnskapsinnhenting knytt til raudlistene held fram med full styrke.

Artsdatabanken har sidan starten i 2005 hatt ansvaret for arbeidet med raudlistene og norsk svarteliste, som byggjer på ei økologisk risikovurdering av framande arter. Artsdatabanken spelar ei sentral rolle i arbeidet med å samordne og gjere dei viktigaste data om mangfaldet i naturen tilgjengelege for brukarar i areal- og miljøforvaltninga. Talet på observasjonar i rapporteringsverktøyet Artsobservasjonar i regi av Artsdatabanken er no oppunder 8 millionar. I tillegg til at denne portalen tilfører mykje kunnskap om førekomstar av arter, er den eit verktøy som aukar engasjement og kunnskap hos brukarane.

Det norske Artsprosjektet skal sikre langsiktig kartlegging og kunnskapsoppbygging om arter i norsk natur, med spesiell fokus på arter og artsgrupper vi har lite kunnskap om. Det blir òg viktig å gjere kunnskapen tilgjengeleg for alle, mellom anna via internett. Arbeidet skjer i nært samarbeid med det svenske artsprosjektet. Ambisjonen både i Sverige og Noreg er å kartleggje alle fleircella arter av planter og dyr i dei to landa. Prosjektet er administrativt plassert under Artsdatabanken. Både datainnhenting, dataflyt og forsking blir samordna med annan tilgrensande aktivitet. Det blir no viktig å få på plass forskingsdelen i prosjektet.

Det er gjennom åra samla inn ei stor mengd data gjennom naturkartlegging. Dette er data som det er viktig at alle dei som gjer vedtak har tilgang til, og på ein slik måte at dei er lette å bruke som grunnlag for ulike avgjerder og samfunnsvise avvegingar. Som ei følgje av dette er det gjennom åra utvikla fleire system og verktøy for å gjere data frå kartlegging og overvaking tilgjengelege. Naturbasen, som er utvikla av Direktoratet for naturforvaltning, er ei kartinnsynsløysing som i stor grad er basert på data frå kartlegging. Artsdatabanken har utarbeidd ei kartteneste kalla Artskart, der ein kan søkje stadfesta informasjon om over 1800 arter. Artsdatabanken arbeider òg med utvikling av ein naturtypebase basert på klassifiseringssystemet Naturtypar i Noreg (NiN).

Vassnett er utvikla i samband med gjennomføringa av EUs vassdirektiv i Noreg. Denne inneheld data om vassdrag, grunnvatn og kystområde, medan målet med Vassmiljøsystemet er å systematisere data og gjere data om tilstand og utvikling i miljøkvaliteten i vatn tilgjengeleg for bruk i det offentlege.

Det nasjonale overvakingsprogrammet for rovvilt vart etablert i 2000, og omfattar dei fire store rovdyra gaupe, jerv, bjørn og ulv, og kongeørn. Rovdata vart etablert i oktober 2010 som ei sjølvstendig sining med eigen leiar og stab, i Norsk institutt for naturforskning (NINA), og representerer ei styrking av overvakinga og kartlegginga av desse artene. Rovdata har ansvaret for det faglege innhaldet, formidling, drift og utvikling av overvakingsprogrammet, og er ein uavhengig leverandør av overvakingsdata for dei fem nemnde artene i Noreg. Rovdata koordinerer overvakinga på landsbasis og syter for nasjonal og einskapleg gjennomarbeiding, samanstilling og rapportering av data. Rovdata arbeider for å styrkje lokal deltaking i kartlegginga og overvakinga av artene, og har mellom anna i samarbeid med Artsdatabanken, etablert ei nettbasert publikumsløysing for innmelding av observasjonar av dei store rovdyra. Dette er i tråd med rovviltforliket inngått i Stortinget våren 2011, jf. Representantforslag 163 S (2010-2011). Førekomstane av rovvilt i Noreg har nær tilknyting til førekomstane i nabolanda våre. For Rovdata er det derfor ei sentral oppgåve å vidareutvikle samordninga av overvakingsmetodar og samanstilling av bestandsdata på tvers av landegrensene. Fagrådet for Nasjonalt overvakingsprogram for rovvilt består av ekspertar på ulike kompetanseområde med relevans for overvakingsarbeidet. Fagrådet arbeider for at overvakinga av gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn skal vere best mogleg, og deira hovudoppgåve er å kvalitetssikre metodar og tilrå betringar i overvakingsprogrammet. Rovdata har sekretariatsansvaret for Fagrådet, og alle som ønskjer det kan gi innspel til Fagrådet på moglege betringar i rovviltovervakinga.

Internasjonalt skjer det òg mykje arbeid for å framskaffe eit betre kunnskapsgrunnlag om naturmangfald og økosystemtenester. På det 10. partsmøtet for Konvensjonen om biologisk mangfald i oktober 2010 vart det vedteke at vi innan 2020 skal ha betre kunnskap, vitenskapeleg grunnlag og teknologi knytta til biologisk mangfald, verdiar, funksjon, statusutviklinga og trendar. Noreg har starta arbeidet med å følgje opp dette vedtaket ved å lage nasjonale mål om naturmangfald med utgangspunkt i dei internasjonale delmåla. Vidare seier vedtaket at landa skal revidere sine nasjonale handlingsplanar om naturmangfald og starte gjennomføringa innan 2015. Miljøverndepartementet skal utarbeide ein nasjonal handlingsplan om naturmangfald i samarbeid med sektorane. Norsk oppfølging av det globale delmålet om styrking og aktiv bruk av kunnskap om naturmangfald som grunnlag for avgjerder blir omtalt innanfor kvart resultatområde 1-6.

FNs generalforsamling har støtta opprettinga av eit internasjonalt naturpanel etter modell av klimapanelet (IPCC). Endelig vedtak om å opprette panelet vart fatta på internasjonalt møte i regi av FNs miljøprogram i april 2012. Naturpanelet skal vere eit vitskapleg uavhengig panel som skal gi kunnskap om jordas naturmangfald og økosystemtenester og fremje forslag til ny politikk. Frå norsk side er det ei prioritert oppgåve å få naturpanelet raskt i gang. Regjeringa vil arbeide for at FNs miljøprogram og andre relevante FN-organisasjonar aktivt skal støtte opp om naturpanelet sitt arbeid framover.

Regjeringas ekspertutval for verdiar av økosystemtenester skal greie ut korleis kunnskapen om verdiane av naturmangfaldet og økosystemtenestene kan styrkjast slik at grunnlaget for avgjerder blir betre. Utvalet skal foreslå metodar for å vurdere og verdsetje konsekvensane for velferd og livskvalitet av endringar i naturmangfald og økosystemtenester, og skal òg komme med forslag om korleis slike verdiar kan bereknast som del av Noregs nasjonalformue. Utvalet sitt arbeid vil leggje grunnlag for å følgje opp det globale delmålet om å fase ut eller reformere verkemiddel, under dette subsidiar, som er skadelege for naturmangfald. Utvalet skal leggje fram sine konklusjonar hausten 2013.

Kunnskap om klimautfordringa

Regjeringa vil framleis trappe opp klimaforskinga med spesiell vekt på rammevilkår, verkemiddel og teknologi for reduserte klimagassutslepp. Regjeringa vil vidare medverke til den globale innsatsen for å styrkje kunnskapsgrunnlaget i klimaarbeidet og til at den grunnleggjande klimaforskinga blir styrkt, jf. Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. For ei nærare utgreiing om klimarelatert forsking viser ein til denne stortingsmeldinga.

I rapporten Energy Technology Perspectives 2012 peiker Det internasjonale energibyrået (IEA) på at det finst alternativ til dagens forureinande energiteknologi, men at implementeringstakten for 8 av 10 slike teknologiar er for treg samanlikna med scenario som leier mot togradersmålet. IEA trekkjer blant anna fram teknologiar for energieffektivisering og CO2-handtering som døme på teknologi med stort potensial for globale utsleppsreduksjonar, men som har svak implementeringstakt. For å kunne medverke til auka omstillingstakt er det derfor viktig med meir kunnskap om kva slag barrierar som finst for implementering av lågutsleppsteknologi, blant anna på transportområdet som står for nær ein tredel av dei norske utsleppa av klimagassar. Det er behov for meir kunnskap om omstilling kan gjerast på ein måte som medverkar effektivt til utsleppsreduksjon på ein miljøforsvarleg måte. Slik kunnskap kan baserast på erfaringar så langt med verkemidla i klimapolitikken, om kva som kjenneteiknar innrettinga av dei verkemidla som gir gode resultat.

Skogen og havet sitt opptak av CO2 har stor betydning for klimaet. Kunnskap om det naturlege karbonkrinsløpet er derfor viktig for å kunne føreseie meir presist kor mykje klimaet vil endre seg utover i hundreåret. Korleis vi forvaltar naturen, landbruksområde og havet er òg av betydning, fordi det påverkar naturen sitt opptak av CO2 og kor mye som blir frigitt til atmosfæren. Meir kunnskap blant anna gjennom observasjon og måling av naturen sitt opptak av klimagassar har betydning for å fastslå kor mykje utsleppa må ned for å oppfylle togradermålet.

Kortliva klimadrivarar slik som sotpartiklar, svovelsambindingar og metan har effekt på klimasystemet, men mange ulike gassar og partiklar har varierande verknad. Det er store kunnskapsbehov knytt til identifisering av dei beste tiltaka for å redusere utslepp og forstå verknader, både for klimaendringar og andre omsyn knytte til helse- og miljøpolitikken.

Klimaendringane vil påverke samfunnet stadig meir. Det er behov for å forstå betre dei fysiske klimaendringane og konsekvensane for naturen. Det er vidare behov for meir kunnskap om kva klimaendringane betyr for ulike samfunnsområde, under dette for landbruk og fiskeri, for næringslivet og for transport- og energisystema.

Utarbeidinga av rapportane til FNs klimapanel er ein vitskapleg dugnad. FNs klimapanel utfører ikkje eiga forsking men vurderer publiserte vitskaplege resultat, observasjonar og modellkøyringar. Dette arbeidet er botnplanken til dei internasjonale avtalene vi har fått på plass i dag. Den 5. hovudrapporten er under arbeid. Første delrapport skal leggjast fram hausten 2013, mens endeleg, samla rapport blir lagt fram hausten 2014, inklusiv delrapport om verknader av klimaendringar og moglege tilpassingstiltak.

Nokre av dei data som vil inngå i denne rapporten er henta frå overvakingsstasjonen på Zeppelin-observatoriet på Svalbard. Her måler Norsk institutt for luftforsking (NILU) konsentrasjonar av 23 klimagassar. Her er det få lokale forureiningskjelder, og staden er spesielt eigna til å overvake globale nivå og trendar for klimagassar og ozonreduserande stoff.

Kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Kunnskapsheving er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Regjeringa arbeider for å auke kunnskapen om kjemiske stoff og kartleggje miljøgifter i naturen og i produkt. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak. Det er dyrt å rydde opp når miljøgifter først er spreidde i naturen. I dei fleste tilfella er det òg umogleg, då miljøgifter blir spreidde diffust over store område. Det er derfor svært viktig å oppdage spreiing av ulike miljøgifter i tide slik at nødvendige tiltak kan setjast i verk. Gjennomslag i arbeidet med å styrkje internasjonale reguleringar er òg heilt avhengig av at det blir gjort ein betydeleg innsats i å leggje fram god dokumentasjon. Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert. Opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter vart derfor etablert i 2011. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken i Oslo og skal administrerast av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken for miljøgifter skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale. Prøver av til dømes fisk, blåskjel, krabbe, fugleegg, slam og mosar vil bli nedfrosne for seinare analysar og undersøkingar. Innsamlinga skjer frå dei same lokalitetane kvart år. Føremålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar. Dette vil bli eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter.

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør

Overvakinga av langtransportert luftforureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forureiningar. Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Langtransporterte luftforureiningar omfattar forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofi (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar).

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar blir overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Føremålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofi er overvaka på fem stasjonar (inkludert Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar.

Bakkenært ozon kan skade menneske si helse, vegetasjon og materialar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon (og ozondannarar) er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg og på Zeppelinobservatoriet på Svalbard.

Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar og til skadar på materialar. Atmosfæriske tilførsler av miljøgifter er overvaka på tre stasjonar (i luft og nedbør på Birkenes og Andøya og i luft på Zeppelinfjellet).

Forsuringsverknader på vasskvalitet blir følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørsfelt. Vasskvaliteten i ca. 85 innsjøar og fem små nedbørsfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekkar og botndyr i innsjøar.

Eutrofiverknader er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

(Verknader av) langtransporterte miljøgifter er overvaka med nokre års mellomrom i innsjøar (fisk og sediment).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Innanfor ramma av denne konvensjonen samarbeider landa òg om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om mogleg utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforsking (NILU) og Norsk institutt for vannforsking (NIVA) medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Auka kunnskap om og for polarområda

Miljøet i nordområda skal takast vare på gjennom berekraftig bruk og vern. Verdiskaping skal skje på ein slik måte at miljøverdiane og økosystemas struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald blir haldne ved lag. Dette blir best sikra gjennom ei heilskapeleg og langsiktig forvaltning basert på beste tilgjengelege kunnskap.

Kunnskap er navet i nordområdesatsinga, slik det er formulert i Nordområdestrategien (2006) og Nye byggesteiner i nord (2009). Norsk Polarinstitutt med senter ICE (Ice, Climate & Ecosystems) representerer saman med Framsenteret (Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking) er sentrale element i den nasjonale forskingssatsinga for å bringe fram meir kunnskap for å møte miljøutfordringane i nord- og polarområda.

Norsk Polarinstitutt og Framsenteret si forsking gir viktige kunnskapsbidrag til det internasjonale miljø- og klimaarbeidet.

Miljøet i nord har vore påverka både av ytre faktorar og lokal aktivitet. Dei viktigaste ytre faktorane er klimaendringar, forsuring av havet og langtransporterte tilførsler av miljøgifter. Lokal påverknad omfattar ulike typar arealbruk og ressursutnytting der fiske, oppdrett, reindrift og utbygging av energi- og transportinfrastruktur er viktige faktorar. Det finst òg ei rekkje lokale kjelder og potensielle kjelder til forureining. Dette omfattar til dømes skipsfart, petroleumsverksemd, industriverksemd og atominstallasjonar i Noregs nærområde.

Klimaprosessane knytte til snø, is, permafrost og havsirkulasjon i Arktis er av stor betydning for kor raskt og korleis klimaet vil bli endra lokalt, regionalt og globalt.

Betre kunnskap om klimaprosessane i Arktis er derfor kritisk for å kunne seie noko om framtidige klimaendringar. Auka kunnskap om klimaendringane er òg ein føresetnad for ei kunnskapsbasert, heilskapeleg og langsiktig forvaltning for å sikre miljøet og livsgrunnlaget i nord.

Norsk Polarinstitutt

Norsk Polarinstitutt er den sentrale statlege institusjonen for kunnskapsproduksjon om polarområda for forvaltninga gjennom kartlegging, miljøovervaking og forvaltningsretta, naturfagleg forsking i Arktis og Antarktis. Instituttet si forskingsverksemd er konsentrert om klimaprosessar og klimaendringar, og effektane av desse på naturen, og om økotoksikologi i Arktis og Antarktis. Instituttet leier òg overvakingsprogram og system for miljøovervaking av norsk Arktis og har lange tidsseriar frå både det fysiske miljøet og økosystemet.

Norsk Polarinstitutt har dei heilårige forskingsstasjonane Troll i Antarktis, Sverdrupstasjonen og Zeppelinstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

Norsk Polarinstitutts forsking i Antarktis gir viktige bidrag inn i det internasjonale samarbeidet om forvaltninga av Antarktis for å verne kontinentets særeigne og svært sårbare miljø. Denne forskinga er òg viktig for å halde oppe verdien av Antarktis som referanseområde og for å auke kunnskapen om området si rolle i dei globale miljøsystema og som indikator for jordas miljøtilstand. Vi har vore eit føregangsland i forskinga i Antarktis, og det er viktig at Noreg bidreg til internasjonal polarforsking med sine spesielle fortrinn med stasjonar både i Antarktis og på Svalbard.

Norsk Polarinstitutts tilsette på Sverdrupstasjonen er ansvarlege for den daglege drifta og vedlikehaldet av måleinstrumenta til ei rekkje nasjonale og internasjonale program.

Stasjonen utfører kontinuerlege langtidsmålingar av meteorologisk data, kort- og langbølgja radioaktiv stråling frå sola, og måling av overflatealbedo og spektralrefleksjonar. Det blir òg gjort daglege observasjonar av atmosfærisk ozon og UV-stråling med ei rekkje instrument.

Dei biologiske studiane ved stasjonen inkluderer overvaking av rein, fjellrev, isbjørn og forskjellige sjøpattedyr og -fuglar. Ein viktig aktivitet ved stasjonen er å måle effektane av miljøgifter på arktiske økosystem.

Ein annan viktig aktivitet er målinga av isbrear på Svalbard.

Zeppelinstasjonen, der NILU har det faglege ansvaret, spelar ei viktig nasjonal og internasjonal rolle for kartlegginga av klimaendringar; stratosfæreozon- og UV-endringar; miljøgifter (persistente organiske forureiningar som PCB, tungmetall som kvikksølv); og langtransporterte luftforureiningar (sur nedbør, partiklar, overgjødsling, bakkenær ozon).

Zeppelinstasjonen høyrer til ei lita gruppe av svært viktige globale atmosfærestasjonar; andre stasjonar finst på Hawaii, Sydpolen og Samoa i Stillehavet og i Alaska, Vest-Irland, Tasmania og Zugspitze/Jungfraujoch i Alpene.

Framsenteret

Etter opninga i september 2010 hadde Framsenteret, Nordområdesenter for Klima- og Miljøforsking, sitt første heile arbeidsår i 2011. Forskinga kom svært godt i gang på alle dei fem temaområda, kalla «flaggskip». Alle dei 19 partnarinstitusjonane i Framsenteret deltok i minst eitt flaggskip. Tokt og feltmålingar inngår i eit stort tal prosjekt. Nokre hovudpunkt følgjer.

Havisen i Polhavet, teknologi og avtaleverk – leia av Norsk Polarinstitutt. Arbeidet har vore fordelt på 11 ulike prosjekt og forprosjekt og involverer både naturvitskapane og samfunnsvitskapane. Nokre døme:

  • Karakteristikk av havisen ved fjernmåling,

  • Måling av atlantisk vatn som strøymer inn i Polhavet, i eit omfattande internasjonalt samarbeid

  • Framtidsbilete, «Arctic Futures», sosioøkonomiske og politiske forhold

  • Fleire prosjekt på skipstrafikk. Bl. a.: trafikkstatistikk, forprosjekt på simuleringsmodellar, transportkorridorar, regulering av arktisk skipsfart, og FoU-behov

  • Forprosjekt, olje i is. Deteksjon, transport og nedbrytning, biologiske effektar.

Effektar av klimaendringar på fjord- og kystøkologi i nord – leia av Havforskingsinstituttet. Den faglege aktiviteten var fordelt på 19 prosjekt, organisert som tre innsatsområde:

  • Fysisk/biologisk kopling, oseanografi og bruk av habitat. M.a . studiar i Porsangerfjorden, global migrasjon av sjøfuglearter m.v.

  • Struktur, funksjon og endring i økosystem i Arktis og nordlege fjordsystem. M.a. studiar av kongekrabbar.

  • Den humane dimensjonen i økosystema sin respons på klimaendring. M.a. analyse av lokal økologisk kunnskap i fjordområde, og arkeologi frå mellomalderbuplassar i Finnmark for å dokumentere utnyttingsmønster.

Effektar av klimaendringar på terrestre økosystem, landskap, samfunn og urfolk – leia av Universitet i Tromsø. Midlane i 2011 vart nytta innanfor fire ulike forskingstema:

  • Vegetasjonsendring og forvaltning av grasetande beitedyr. M.a. etablering av eit saumlaust vegetasjonskart over vestre del av Barentsregionen og Svalbard.

  • Økosystemverknader av ekstreme klimahendingar og årstidene.

  • Tilpassingskapasitet i lokalsamfunn og hos urfolk.

  • Tilpassa forvaltning av økosystemtenester. Eksempel: Utviklinga i lokal fuglejakt.

I tillegg har flaggskipet arbeidd med å førebu det kommande Klimaobservasjonssystem for Arktisk Tundra, KOAT. Dette arbeidet har fått direkte finansiering frå Kunnskapsdepartementet og Universitetet i Tromsø og skal etablere eit observasjonssystem på Varangerhalvøya og på Svalbard.

Havforsuring og økosystemeffektar i nordlege farvatn – leia av Havforskingsinstituttet. Flaggskipet har i 2011 hatt 10 eigne prosjekt og eitt større «insentivprosjekt». Det første året har i stor grad vore brukt til å byggje opp kompetanse innanfor havforsuring, innanfor fleire fagdisiplinar og institusjonar. Eitt av prosjekta i flaggskipet er rekna som nybrottsarbeid: «The Economics of Ocean Acidification.» Omfanget av samfunnsfagleg forsking innan havforsuring er i dag avgrensa, også internasjonalt. Prosjektet er første steg på vegen mot ei meir heilskapleg og fleirfagleg tilnærming. Utvikling av samfunnsvitskaplege forskingsprosjekt parallelt med dei naturvitskapelege vil vere til nytte for den heilskaplege forståinga av havforsuring.

Miljøgifter – effektar på økosystem og helse – leia av Norsk institutt for luftforskning. Midlane i 2011 vart nytta innanfor tre «arbeidspakkar»:

  • Human helse og samfunn. M.a. eksponering under svangerskap og hos nyfødde, eksponeringsscenario for befolkninga i Nord-Noreg, analyse av reinsdyrkjøtt i Sør-Varanger og Arkhangelsk.

  • Dyrehelse og økosystem.

  • Forureining frå petroleumsverksemd og skipsfart i nord: Effektar på arktiske økosystem og human helse.

Formidling og samarbeid.

Dei fem flaggskipa har hatt kvar sin faglege lanseringskonferanse i perioden mai 2011 til februar 2012. Lanseringa har skjedd over heile landet: flaggskipa Polhavet og Miljøgifter i Oslo, flaggskip Fjord og Kyst i Porsanger, flaggskip Terrestre Samfunn i Tromsø, flaggskip Havforsuring i Bergen. Framdagen gjekk av stabelen for første gong i Tromsø 11. november og skal arrangerast kvart år. Framsenteret deltok i den store internasjonale konferansen Arctic Frontiers, og er medarrangør frå og med 2012. Framsenteret har i 2011 hatt 310 medieoppslag på papir og nett og eit gjennomsnittleg besøk på nettsidene på 18 200 pr. månad.

Organisering.

Sentermøtet der alle partnarinstitusjonane deltek, er det øvste vedtaksorganet i Framsenteret. Det vart halde Sentermøte tre gonger i 2011. Drifta av bygninge, og ei rekkje fellesoppgåver som forskingskoordinering og formidling, blir handtert av Framsenteret A.S., som får eit driftstilskot over kap. 1474.

I februar 2012 vart Norsk Institutt for Skog og Landskap teke opp som partnar nr. 20 i Framsenteret.

Staddata

Boks 8.4 Felles global referanseramme

Alle land treng tilfang av grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata. Informasjonen er viktig og nødvendig. For mange samfunnsområde er geodata naudsynt for dokumentasjon, verdivurderingar, analysar og statistikk og gir viktige bidrag til overvaking og kunnskap om klima.

Informasjonen må vere tilgjengeleg for heile samfunnet, både offentleg sektor, privat næringsliv og den enkelte. Data er viktige for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning, Ein treng oppdaterte data for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon retta mot næringsliv og innbyggjarar, og for medverknad og opne demokratiske prosessar.

Eigedomsinformasjon både frå matrikkel og grunnbok er viktig grunnlagsinformasjon i all eigedoms- og arealforvaltning. Kartverket har ansvar for tinglysinga og for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane i offentleg og privat sektor.

Plan- og miljøoppgåvene i kommunane kan ikkje løysast utan best mogleg bruk av kunnskap om arealdata og ressursar. Dette føreset godt samarbeid og informasjonsdeling. Internett og digitale kart gir grunnlag for forenkla tilgang til informasjon og til medverknad i plan- og vedtaksprosessar. Eit moderne samfunn er avhengig av geografisk informasjon og infrastruktur. Skip, fly og redningsteneste må finne vegen, grunneigarrettar må sikrast, areal- og reguleringsplanar må vise juridisk bindande vedtak om arealbruk – og lagrast i planregister for ettertida. Kart viser ikkje lenger berre kor ting er, men fungerer òg som analysereiskapar i planlegging for berekraftig utvikling og eit likeverdig samfunn. Geografisk informasjon kopla med statistikk gir instrument for å planleggje for ei berekraftig framtid og for å vurdere konsekvensane av ulike tiltak.

Tilstand

Kart og geografisk miljøinformasjon er tilgjengeleg døgnet rundt og styrkjer grunnlaget for å fatte gode og berekraftige vedtak. Geodata er tilgjengelege via internett, mobiltelefon og ulike elektroniske kartløysingar. Brukarane kan blant anna søkje etter adresse, stadnamn eller matrikkelnummer og i tillegg velje målestokk eller måle avstandar. Elektronisk tilgang til geodata har auka bruken av geografisk informasjon vesentleg dei siste åra. For å dekkje brukarane sine ulike og samansette behov for geodata, må innsamlinga, koordineringa og lovverket rundt dette famne ei rekkje ulike aktivitetar og fagfelt, som blant anna sjømåling, satellittovervaking og eigedomsregistrering.

Pålitelege, oppdaterte geodata gir grunnlag for auka tryggleik ved ferdsel til sjøs og til lands. Det gir grunnlag for effektiv og betre bergingsteneste. Det medverkar til effektiv og døgnopen forvaltning, trygging av eigedomsrett og ein fungerande marknad for eigedommar.

Basis geodata for landområda vert inndelte etter tema som separate primærdataseriar (veg, vassdrag, høgde osv.). Dette gir stor fleksibilitet i produksjon og vedlikehald av data. Kart blir produserte ved å hente data frå ulike seriar og setje dei saman. Dataseriane kan òg nyttast i kombinasjon med fagdata frå ulike kjelder.

I Noreg har kommunar og ulike statlege etatar samarbeidd om felles kartlegging sidan 1992. Nylig vart Geovekst sitt 20-årsjubileum markert. Kartverket koordinerer dette arbeidet sentralt, regionalt og lokalt. Mesteparten av denne dataetableringa er fullført, og areal i byar og tettstader er i all hovudsak dekt. Utfordringa for desse areala ligg i vedlikehald av data. Frekvensen på ajourføringa av kartgrunnlaget vert tilpassa dei aktuelle endringane i ulike område. Såleis vil det vere hyppigare ajourføring i tettbygde strøk med høg aktivitet enn i område med liten aktivitet.

Bruk av pålitelege elektroniske sjøkart i kombinasjon med moderne navigasjonssystem aukar tryggleiken til sjøs. Bruk av slike system reduserer faren for skade på personar og miljø, reduserer materielle kostnader, aukar regulariteten for skipstrafikken, kortar ned tidsbruken på skipsruter og styrkjer næringsgrunnlaget langs kysten. Det er laga samanhengande elektroniske sjøkart for heile norskekysten, men framleis manglar det nye, moderne djupnemålingar i mange område. Det er viktig at dette arbeidet held fram utan avbrot for å få betre tryggleik i skipstrafikken langs kysten.

Arbeidet med det marine kartleggings- og kunnskapsprogrammet MAREANO er ein viktig del av Kartverket si rolle som forvaltar av nasjonale djupnedata.

All privat og offentleg oppmåling, kartlegging, navigasjon og annan bruk av geografisk informasjon føreset eit korrekt geodetisk grunnlag. Det geodetiske grunnlaget er basert på eit tal målepunkt rundt om i Noreg. Nokre av punkta er utstyrte med måleutstyr som kontinuerleg gjer målingar, mens andre målepunkt vert besøkte periodisk for måleoppdatering. Observasjonsdata frå desse punkta dannar basis for berekning av ei nasjonal referanseramme som legg grunnlaget for all geografisk stadfesta informasjon i Noreg. Grunna kontinuerlege endringar i jorda si form, gravitasjonsfelt og rotasjonsfart er det behov for jamleg overvaking av referanserammene. Eit viktig mål er å forbetre den nasjonale referanseramma og bidra til betre globale referanserammer. Målet er at brukarane i framtida kan bruke globale målemetodar (som GPS) og få samsvar mellom kart (i nasjonal referanseramme) og eigen posisjon med 1 cm grannsemd.

Kartverket deltek i det internasjonale samarbeidet om ei felles global referanseramme, blant anna gjennom ein målestasjon i Ny-Ålesund. Stasjonen opererer ei «Very Long Baseline Interferometry» (VLBI) antenne, eit superledande gravimeter, fleire posisjonsmottakarar (GNSS) og ein vasstandsmålar. Stasjonen inngår blant anna i eit globalt nettverk med ein type store radioteleskop som gjer målingar i samsvar med ein felles måleplan. Det viktigaste resultatet av dette arbeidet er jordrotasjonsparameterane som er essensiell informasjon når ein skal operere satellittar i bane rundt jorda. I yttarste konsekvens vil verken GPS-satellittar eller satellittar for innhenting av miljødata eller kommunikasjon fungere utan VLBI-systema. Referanseramma er i tillegg naudsynt for å kunne overvake globale endringar, blant anna i havnivået.

I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2012 vart Geodesiobservatoriet i Ny-Ålesund gitt ei løyving på 23 mill. kroner, som er viktig for å kunne starte oppgradering av observatoriet. I tillegg er det gitt bestillingsfullmakt til å overskride gitte årlege løyvingar for best mogleg å kunne gjere dei avtaler som er nødvendige i forhold til prosjektet sine høge teknologiske behov og arktiske plassering.

Kartverket er leverandør av grunnlagsdata om vasstand, havnivå og landheving. Kartverket sin kompetanse på landheving og gravitasjon er viktige for å forstå korleis havnivået blir endra i Noreg.

Alle kommunar har no teke i bruk ny horisontal referanseramme basert på internasjonal standard, og arbeidet med nytt nasjonalt høgdegrunnlag har starta. Høgpresisjon stadfesting i sann tid med ei grannsemd betre enn 1 cm er innan rekkevidde, og dette får stor betyding for til dømes kor nøyaktig ei gravemaskin kan arbeide.

Noreg skal ha eit nasjonalt geodetisk grunnlag

Skal ein lykkast med målet om 1 cm grannsemd, er det ein føresetnad at høgdegrunnlaget vert forbetra. Høgdegrunnlaget (NN1954) har vore utsett for landheving i lang tid og har derfor betydelege manglar som gjer at det er dårleg tilpassa bruk av satellitteknologi. Kartverket arbeider med å innføre NN2000 i alle kommunar. Det er eit mål at 80 pst. av kommunane skal ha innført det nye høgdegrunnlaget i 2015.

Nytt geodesiobservatorium i Ny-Ålesund vil etter planen stå ferdig i 2017, og det gamle vil vere rive innan 2021.

Innan geodetisk analyse arbeider Kartverket for å kombinere alle geodetiske måleteknikkar i ein og same operasjon. Resultata av dette arbeidet vil gi eit nytt og unikt bidrag til dei globale referanserammene, samtidig som det legg grunnlaget for overvaking av blant anna havnivå og havsirkulasjon.

Det er Kartverket som måler havnivå langs norskekysten og det er utvikla eigne temasider om havnivå lokalt. Tenesta har som formål å synleggjere utviklinga i havnivå langs kysten vår.

Kartverket har utvikla ei ny nettbasert overvakingsteneste for romvêr som viser korleis solstormar og ustadig romvêr påverkar GPS-stasjonar over heile Noreg – minutt for minutt.

Norske land- og sjøområde skal ha oppdaterte basis geodata

Samanhengande elektroniske sjøkart har vore tilgjengelege for heile norskekysten sidan 2008. Farleia vert i aukande grad utfordra ved at fartøya blir større, har auka djupn og ferdast i delar av farleia eller kystfarvatn som tidlegare knapt har vore nytta av større fartøy. Framleis står det likevel att fleire viktige farvatn på norskekysten som må målast på nytt. Arbeidet held fram med å betre kvaliteten på kartgrunnlaget og å bytte ut linje- og enkeltmålingar med heildekkjande målingar. om lag 27,5 pst. av kysten er målt med moderne målemetodar i dag.

Kartverket gjer årlege sjømålingar rundt Svalbard. Det blir kartlagt rundt 700 km2 kvart år. Farvatnet vert stadig sterkare trafikkert, også i område der kartgrunnlaget er svært lite tilfredsstillande. Innsatsen er retta mot prioriterte, grunnare område.

Hovudkartserien til Kartverket i målestokk 1 : 50 000 blir gitt ut både i trykt og digital form. Det er laga ei ny trykt utgåve, som er komprimert slik at kvart kart inneheld fire kartblad i eitt trykk. Dette gir billigare trykte kart med betre kvalitet for bruk ute.

Utrykkingsetatane (ambulanse, brann og politi) er avhengige av høg kvalitet og kontinuerleg oppdatering av adresse- og veginformasjon. Kartverket og Statens vegvesen arbeider for tida med eit prosjekt for å heve kvaliteten på veginformasjonen. Kartverket sitt landsdekkjande prosjekt for å etablere vegadresser i alle kommunar held fram.

Det skal vere effektiv tilgang til geodata og eigedomsdata for offentlege og private brukarar

Noreg digitalt er eit samarbeid om deling av geografisk informasjon (geodata) mellom kommunar, statlege etatar og andre verksemder som medverkar til den nasjonale infrastrukturen for geografisk informasjon. Kartverket koordinerer og tilrettelegg samarbeidet. Deling av data mellom samarbeidspartane er basert på eigne elektroniske tenester drifta av Kartverket. Dei fleste statlege etatar, fylkeskommunane og kommunane med ansvar for utarbeiding og bruk av geodata tek del. I tillegg til basis geodata inngår òg ulike temadata som arealdata, ressursdata, miljødata og plandata i den felles geografiske infrastrukturen. Med eit stadig aukande tal partar i samarbeidet, har det skjedd ein stor auke i databruken, ikkje minst med gjensidig bruk av temadata.

Ei viktig side ved samarbeidet er felles harmonisering og standardisering av data og etablering av effektive tenester for datautveksling. Etablering og vidareutvikling av Noreg digitalt er eit omfattande arbeid. Verksemdene har sjølve ansvar for produksjon og tilrettelegging av temadata. Framdrifta i arbeidet avheng av kapasiteten i desse verksemdene. Noreg er aktivt med i utvikling og bruk av felles standardar for geodata internasjonalt.

Kartbilete er gratis tilgjengelege for allmenta via internettsidene til Kartverket. Anna formidling av data skjer gjennom forhandlarar.

Kartverket har etablert ei særskild koordineringsteneste (PRIMAR) for å gjere elektroniske sjøkart tilgjengelege i det internasjonale maritime miljøet. Kartverket leverer i dag autoriserte sjøkartdata frå 40 nasjonar gjennom denne tenesta. Store delar av kyststrekningane i dei samarbeidande landa er dekte. Om lag 5000 skip over heile verda nyttar autoriserte kartdata formidla gjennom PRIMAR. Blant brukarane er òg den norske lostenesta. Det er ei sentral målsetjing å få sjøkarttenestene i fleire land med i dette samarbeidet for å kunne gi eit mest mogleg samla tilbod av sjøkart til brukarane. Kostnadene ved drift av tenesta vert dekte av brukarbetaling.

Tinglysinga skal ha nøgde brukarar og halde god kvalitet

Frå 2007 har all tinglysing i fast eigedom og burettar blitt samla i Kartverket. Grunnboka er det offisielle registeret over tinglyste rettar og hefte i fast eigedom og delar i burettslag. Kvar matrikkeleining har eit eige grunnboksblad, som inneheld opplysningar om heimel, pengehefte, servituttar og diverse grunndata. Kartverket er tinglysingsstyresmakt i Noreg. Tinglysing i fast eigedom skjer ved Kartverkets hovudkontor på Hønefoss, mens tinglysing i burettar går føre seg i Kinsarvik i Ullensvang kommune.

Forholdet til brukarane har vore sentralt i den gjennomførte reforma og det er gjennomført to brukarundersøkingar. Brukarane meiner at Tinglysinga har eit godt omdømme og har tenester med høg kvalitet og er godt organisert.

Rask og effektiv saksbehandling i Tinglysinga hindrar unødig opphald i omsetjinga i bustadmarknaden. For 2011 ligg dette på 96,9, pst. for fast eigedom og 97,2 pst. på burett, noko som betyr at dei fleste sakene blir behandla og sende tilbake til brukaren i løpet av fire dagar. Rask sakshandsaming vil framleis ha høg prioritet.

I 2011 vart meir enn 19 pst. av alle sakene til tinglysing saksbehandla elektronisk. Det er nødvendig å omstrukturere grunnboka. Det skjer ei stadig utvikling av fagsystema for å kunne behandle elektronisk tinglysing av stadig fleire dokumenttypar.

Mange av dei enklaste sakene vert både registrerte og kontrollerte automatisk, men dei meir komplekse må framleis kontrollerast manuelt. Kartverket sitt kundesenter for tinglysing er plassert i Ullensvang. Kundesenteret svarer på alle spørsmål om tinglysing i fast eigedom og burettar, og vil gradvis bli eit felles kundesenter for heile Kartverket.

Kontoret i Ullensvang utfører òg andre tinglysingsoppgåver, m.a. all registrering av rettar i delar i burettslag.

Det blir arbeidd på fleire felt for å sikre at grunnboka held god kvalitet. Kartverket har òg ansvar for formidling av eigedomsinformasjon både frå matrikkelen og grunnboka ut til brukarane i offentleg og privat sektor. Når det gjeld formidlinga ut til marknaden overtok Kartverket ansvaret for dette frå det heilstatlege selskapet Norsk Eigedomsinformasjon as (NE) med verknad frå 1. januar 2011. I ein overgangsperiode på inntil tre år skal NE likevel bidra med formidling inntil Kartverket fullt ut sjølv kan gjere dette med eige teknisk system.

Disposisjonsretten over arealressursar er av dei mest sentrale rettane i samfunnet. Både private og det offentlege har behov for informasjon om eigedommar og eigarforhold. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon er viktig for å sikre eigedomsretten og naudsynt for eigedomsmarknaden. Autorisert offentleg eigedomsinformasjon kan delast i tre delar:

  • Matrikkelen, som omfattar faktiske opplysningar over alle faste eigedommar i landet, bygningar og adresser, m.a. med eintydig identifikasjon av kvar eigedom. Matrikkelen vert ført av kommunane. Kartverket er sentral matrikkelstyresmakt, og har ansvaret for utvikling av regelverk og å utvikle og drifte matrikkelsystemet. Kartverket stør kommunane med å sikre kvaliteten i datagrunnlaget og gjer data tilgjengeleg for brukarane. Matrikkelen er rekna som eitt av landets tre basisregister

  • Tinglysinga, som er omtalt særskilt under statusbeskriving for målet for Tinglysinga

  • Kommunale planregister, som omfattar opplysningar om offentlege arealplanar og andre føresegner som fastlegg korleis areala skal utnyttast. Planregistra er under etablering i kommunane. Kartverket stør kommunane med å kontrollere den tekniske kvaliteten og gjer plandata tilgjengelege i den nasjonale geografiske infrastrukturen. Lovgrunnlaget for kommunale planregister vart innført med ny plan- og bygningslov frå 1. juli 2009.

Påverknader

Påverknader kjem frå mange kantar. Teknologiutvikling og døgnopne løysingar gjer tilgangen til geografisk informasjon svært god. Det at fleire sektorar brukar data og stiller krav til oppdaterte og gode data, er med på å auke kvaliteten og tilgangen, men det avdekkjer òg dårlege data. Den økonomiske utviklinga gjer for eksempel at stadig fleire og meir djuptgåande skip seglar i område der det tidlegare ikkje har vore slik trafikk og derfor ikkje er tilstrekkeleg kvalitet på sjøkarta.

Nasjonale felleskomponentar og internasjonale standardar og direktiv er med på å skape geografiske data som kan brukast av stadig fleire i Noreg og over landegrensene.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Miljøverndepartementet har ansvar for nasjonal kart- og geodatapolitikk og tinglysinga. Kartverket er det nasjonale fagorganet for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Det har under dette ansvar for å etablere og forvalte nasjonale kartseriar og halde register oppdaterte. Kommunane har ansvar på lokalt nivå, mellom anna som lokal matrikkelstyresmakt og for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag for planlegging og saksbehandling etter plan- og bygningslova.

Boks 8.5 Tinglysingsgebyret

Tinglysingsgebyret

Tinglysinga er organisert som ein eigen divisjon i Kartverket under Miljøverndepartementet, og gir rettsvern for rettar i fast eigedom og del i burettslag overfor tredjeperson. Tinglyste dokument blir registrerte i grunnboka for fast eigedom og grunnboka for delar i burettslag. Rettsstiftelsar som går ut på å stifte, forandre, overdra, påhefte, anerkjenne eller oppheve rettar som har til gjenstand fast eigedom eller del i burettslag, kan tinglysast.

Gebyra ved ulike former for tinglysing er samla sett sterkt overprisa. I 2012 er det budsjettert med 1 048 mill. kroner i inntekter og vel 194 mill. kroner i driftsutgifter for tinglysingssystemet. Dersom ein samanliknar utgifts- og inntektsløyvingane for tinglysing på Kartverkets budsjett, utgjer overprisinga om lag 832 mill. kroner. Då er ikkje medrekna kostnader til arbeid med matrikkel og anna infrastruktur som er naudsynt for tinglysinga. Kostnader ved utvikling og formidling av eigedomsinformasjon er heller ikkje med i post 01 driftsutgifter.

Det er store skilnader i satsane for tinglysing av ulike typar dokument – frå gebyr som er fleire gonger kostnaden for tenesta (pantedokument) til tinglysing som er heilt gratis, jf. tabell. Gebyra er fastsette som ein multiplikator av rettsgebyret (860 kroner). Pantedokument er standardiserte, og er derfor blant dei enklare dokumenta å behandle. Likevel er tinglysing av pantedokument i fast eigedom eller rettar knytte til denne i dag pålagt høgare gebyrsats enn andre dokument (2,25 rettsgebyr, dvs. 1 935 kroner). Det alminnelege tinglysingsgebyret, som gjeld skøyte, heimelserklæring, erklæring/avtale, leigekontrakt mv. i fast eigedom, er òg betydeleg overprisa (1,8 rettsgebyr, dvs. 1 548 kroner). Refinansiering av lån innanfor same låneramme, med same pantsetjar(ar) og med same panteobjekt betaler 0,25 rettsgebyr, dvs. 215 kroner. For overføring av delar i burettslag blir det betalt 0,5 rettsgebyr, dvs. 430 kroner.

Tabell 8.1 Utvalte satsar for tinglysing. I kroner

Sats 2012

Forslag 2013

Alminneleg tinglysingsgebyr

1 548

1 060

Pantedokument (fast eigedom)

1 935

1 060

Refinansiering1

215

215

Del og pantedokument i burettslag

430

430

Slettingar, utlegg, konkursmeldingar, tvangssal mv.

0

0

1 Refinansering innanfor same låneramme, med same pantsetjar eller pantsetjarar og med same panteobjekt.

Den særskilt høge satsen for pantedokument for fast eigedom har inga god grunngiving. Regjeringa foreslår, som eit steg i retning av ei kostnadsriktig prising, at satsen for pantedokument blir sett ned til satsen for det alminnelege tinglysingsgebyret. Vidare blir den nye, felles satsen for det alminnelege tinglysingsgebyret og for tinglysing av pantedokument i fast eigedom redusert til 1 060 kroner. Provenytapet er anslått til om lag 400 mill. kroner påløpt og 385 mill. kroner bokført i 2013. Satsreduksjonen inneber innsparingar særleg for verksemder og privatpersonar som gjennomfører fleire lånetransaksjonar med tinglysing av pantedokument.

Tinglysing av dei fleste typar dokument vil framleis vere betydeleg overprisa. Regjeringa vil derfor gjennomgå tinglysingsgebyra fram mot statsbudsjettet for 2014. Formålet vil vere å kartleggje kostnadene ved ulik tinglysing, vurdere ein føremålstenleg lov- og forskriftsheimel og utarbeide eit forslag til kostnadsriktig prising i tråd med Finansdepartementets retningslinjer for gebyr- og avgiftsfinansiering av statlege myndigheitshandlingar.

Vidare vil tinglysingsgebyra bli gjennomgått med sikte på å kople dei frå rettsgebyret frå og med 2014. Ettersom tinglysingsmyndet ikkje lenger ligg i domstolane, er det heller ikkje naturleg at reglane om gebyrfastsetjinga ligg i rettsgebyrlova, og at storleiken på gebyra er knytt opp mot rettsgebyret. Regjeringa vil på denne bakgrunnen setje i gang eit regelverksarbeid med sikte på å få føresegner om gebyr inn i tinglysingslova med forskrifter. Ei frikopling frå rettsgebyret krev ei endring av rettsgebyrlova, tinglysingslova og burettslagslova. Vidare må tinglysingsforskrifta òg endrast.

Arbeidet med å digitalisere panteboka held fram, dvs. med tinglysingsgjenpartar frå perioden 1946-2007. Dette arbeidet vil medverke til raskare saksbehandling og enklare tilgang til informasjonen for brukarane. Dagleg produksjon er ca. 5000—7000 ark og det gjenstår fleire års arbeid.

Miljøverndepartementet har arbeidd aktivt med å utarbeide forskrifter og nasjonale produktspesifikasjonar for framstilling av arealplanar og digitalt planregister. Målsetjinga med dei nye reglane er å få på plass eit system som mogleggjer ei god oversikt over noverande og framtidig arealbruk i Noreg. Oppbygging og utvikling av planregister er ei viktig utfordring framover. Kartverket har ei sentral rolle i etablering, drift og forvaltning av eit nasjonalt planregister og regelverket rundt dette. Eit slikt register vil gi vesentleg betre tilgang til spesifikke plandata for innbyggjarane og lokale styresmakter og betre oversikt på nasjonalt nivå over arealutfordringane.

Geodatalova skal sikre betre tilgang til geografisk miljøinformasjon i Noreg og over landegrensene. Noreg har vedteke å innarbeide det europeiske INSPIRE-direktivet. Dette forpliktar til å opprette tenester for tilgang til og deling av miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata mellom offentlege etatar både nasjonalt og innanfor EU/EØS-området. I den samanhengen er Kartverket tildelt rolla som nasjonal geodatakoordinator og skal samordne arbeidet med landets infrastruktur for geografisk informasjon. Hovudoppgåva blir å føre vidare samarbeidet om å dele data mellom meir enn 600 deltakande verksemder og partar i Noreg digitalt. Statens kartverk har ansvar for å leggje til rette og drifte felles nasjonale løysingar som skal gjere effektiv deling av data mogleg både nasjonalt og internasjonalt – i samsvar med nasjonalt rammeverk og INSPIRE-direktivet.

Kartverket har nyleg utvikla ein rapport om det offentlege kartgrunnlaget, som er på høyring. Plan- og bygningslova § 2-1 og kart- og planforskrifta § 5 seier at kommunen skal syte for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag og for at staten skal stille nasjonale kartdata til rådvelde for dei føremål som er omhandla i lova. Dette vil bli ein ny og viktig reiskap i arealplanlegginga.

Det er behov for tredimensjonal terrengmodell, basert på laserskanning frå fly. Det er mange som etterspør dette og modellen vil bli svært viktig som grunnlag for betre berekning av flaumsoner, skredfaresoner og verknader i strandsona (havnivåstiging). Det er viktig å vite kvar dei mest utsette områda er når ein skal investere i tiltak mot flaum og skred. Vi kan byggje husa våre i område der dei er minst utsette for flaum og leggje nye vegar til trasear som ikkje er flaumutsette. Innanfor Geovekst-samarbeidet vert det kvart år etablert slike data for mindre areal, særleg i tettstader.

Den nasjonale referanseramma er gjort tilgjengeleg i sanntid gjennom Kartverket si posisjonsteneste CPOS, som vart landsdekkjande i 2011. Talet på brukarar av CPOS-tenesta er sterkt aukande og CPOS er av den grunn sett på som samfunnskritisk infrastruktur.

I Europa vert det arbeidd med å utvikle eit nytt satellittbasert posisjonssystem – Galileo. Egnos, som er eit europeisk støttesystem for GPS, vil etter kvart òg bli eit støttesystem for Galileo. Dagens grannsemd ved bruk av Egnos er ikkje så god – det er først og fremst stabiliteten som er av betyding. Det er planar for å integrere Egnos i Galileo, og i denne samanhengen vil Kartverket medverke til at Galileo og Egnos kan fungere best mogleg, også i dei nordlege områda og ikkje berre i det sentrale Europa.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2011

1. Landet skal dekkjast av relevant geografisk informasjon av høg kvalitet som skal nyttast effektivt på tvers av sektorar og forvaltningsnivå.

Indikatorar:

  • Tal på kommunar med nytt nasjonalt høgdegrunnlag (NN2000).

  • Oppdateringsgrad og kvalitet.

  • Dekningsgrad og kvalitet.

  • Datasett som det er etablert tenester til etter krava i geodatalova.

  • Eigedomar med vegadressar (del i prosent av totalen)

På grunn av det dårlige vêret i fjor sommar vart det gjennomført mindre datafangst enn planlagt, både innanfor Geovekst og for omløpsfotograferinga. Resultata er på trass av dette tilfredsstillende, noko som i stor grad skuldast at det vart teke spesielt store volum i bestilling i 2011.

Sjømåling kystnært har gått etter plan. På Svalbard vart sesongen utvida etter avtale med Kystverket. Kartverket er i stand til å prosessere data noko snarare enn før.

Punktum for den krevjande Rocknes-saka vart sett 20.5.2011 då Høgsterett samrøystes avviste motparten sin anke over dommen i Borgarting lagmannsrett.

Kartverket arbeider aktivt med synleggjering og profilering og har fått positiv omtale i fleire nasjonale medium, spesielt i andre halvår 2011. Prisen dei vann for andre gongen på rad under den internasjonale kartografiske konferansen i Paris er ei påskjøning av kvaliteten på produkta deira.

www.seeiendom.no vart lansert 15.6.2011, og fekk mykje positiv omtale. Seinare fekk den òg ein pris som årets IT-fyrlykt.

2. Tinglysing i fast eigedom og del i burettslag blir gjort forsvarleg, effektivt og med kvalitet.

Indikatorar:

  • Saksbehandlingstid

  • Svartid på kundesenteret

  • Kvalitet

For Tinglysinga har ein merkt effekten av at aktiviteten i bustadmarknaden har vore høgare enn venta og har strekt seg lengre utover sommaren enn kva som er erfart tidlegare år. Høg aktivitet kombinert med tøffe resultatmål har vore krevjande for Kartverket, men resultata er veldig gode. Samanlikna med 2010 har Kartverket hatt 86 000 fleire rettsstiftingar i 2011, som er ein auke på 6,1 pst. (samla for burett og fast eigedom). Mål for saksbehandlingstid er fire dagar for 95 pst. av dokumenta (gjeld båe fast eigedom og burett). For 2011 ligg dette på 96,9 pst. for fast eigedom og 97,2 pst. på burett. Dette er Kartverket godt nøgd med, særleg med tanke på det store talet rettsstiftingar som følgje av stor omsetnad av fast eigedom.

Kundesenteret har gjennomsnittleg svartid på telefon på 87 sekundar, dette er ein ny nedgang frå 2010. Alle e-postar er svara på innan 24 timar på yrkesdagar. Ny organisering frå årsskifte og ny fagstruktur har vore svært viktige tiltak med sikte på å sikre kvalitet i alle ledd. Brukarundersøkinga som vart utført i vår/sommar ga svært positive resultat. Ein samla score på 74 var ei klar forbetring frå 68 i 2009.

Informasjon og kommunikasjon

Miljøforvaltningas kommunikasjonsarbeid byggjer på prinsippa i staten sin kommunikasjonspolitikk. Vi legg vekt på å vise fram Regjeringas miljøpolitikk og fakta om miljøtilstanden på ein forståeleg måte. God informasjon er viktig for at innbyggjarane, næringslivet, det offentlege og organisasjonar skal kunne ta omsyn til miljø i kvardagen.

Informasjonen skal vere tydeleg og tilgjengeleg og nå fram til ulike målgrupper og til dei som tiltaka får innverknad for. Det er viktig å gi informasjon om rettar, plikter og moglegheiter. Kommunikasjonstiltaka skal medverke til at folk blir engasjerte og medvitne på miljøspørsmål og får ei djupare forståing og kunnskap.

Miljøverndepartementet tek i bruk ulike kommunikasjonskanalar. Ein viktig kanal er departementet si nettside regjeringen.no/md. Departementet sine internettsider er ein formidlingskanal i pakt med lov om rett til miljøinformasjon og Regjeringas kommunikasjonsstrategi. Eitt døme er høyringssaker. Høyringsfråsegnene blir lagt ut på nettet. Internasjonale standardar for tilgjenge/universell utforming er innarbeidde på internettsidene. Syntetisk tale er tilgjengeleg på alle departement sine nettsider på regjeringen.no/md.

I tillegg til nettsidene nyttar departementet ulike sosiale medium som Facebook, Twitter, Flickr og YouTube. Konferansar, seminar og kurs er døme på andre kanalar som òg blir nytta til å spreie informasjon.

Miljøstatus i Noreg (www.miljostatus.no) er inngangsporten til fakta og annan informasjon knytt til tilstand og utvikling for dei miljøpolitiske resultatområda. Departementet har eit nært samarbeid med dei underliggjande etatane om informasjon til utvalde målgrupper. Eit døme på tilrettelegging av informasjon til forbrukarane er nettsida www.erdetfarlig.no, ei nettside om miljøgifter.

Nyhende, avgjerder og tolkingsfråsegner innan planlegging etter plan- og bygningslova og kartforvaltning blir formidla gjennom departementet sine nettsider og gjennom publikasjonane Plannytt og Planjuss.

Sidan 2007 har Miljøverndepartementet hatt ei eiga satsing på klimainformasjon gjennom Klimaløftet, som koordinerer Regjeringas samla klimainformasjon retta mot folk flest. Klimaløftets informasjons- og kommunikasjonstiltak er særleg retta mot dei unge gjennom opplegg i skulen og allmenta generelt. Foredragsturneen Generasjon Grøn har dei siste åra besøkt skular i heile landet og er svært etterspurd. Klimaløftet formidlar òg gjennom si eiga nettside klimaloftet.no oppdatert og vitskapleg basert informasjon om klimaendringar, og har fleire ulike tiltak som byggjer opp kunnskap om klimaendringar og råd til folk flest om klimavennlege tiltak i kvardagen. Klimaløftet samarbeider med bedrifter, kommunar, frivillige organisasjonar og andre medspelarar i arbeidet for eit meir klimavennleg samfunn. Informasjonstiltak retta mot befolkninga generelt er mobiliserande kampanjar og aktivitetar i massemedia og sosiale media, vedlegg i aviser, stønad til tv- og filmproduksjon og nettsider, og andre kampanjar som til dømes Earth Hour. Døme på mobiliserande aktivitetar er Redesign – som fleire byar tek del i. Dette er folkelege arrangement som set søkelys på eit meir berekraftig forbruk, ved å vise i praksis korleis vi kan ta betre vare på produkta våre, gjenvinne og omskape dei.

Miljøvernforvaltninga si satsing på skule og kunnskapsoppbygging

Føremålet med miljøvernforvaltninga si skulesatsing er å byggje opp kunnskap om dei samla miljøutfordringane og skape nyfikne og vitetrong for natur og miljø i den oppvaksande generasjonen.

FN har som mål at omgrepet berekraftig utvikling skal integrerast i landa sine utdanningssystem. Regjeringa har slutta seg til FNs utdanningstiår for ei berekraftig utvikling 2005-2014. Miljøvernforvaltninga si skulesatsing har derfor òg som mål, i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, å medverke til at berekraftig utvikling blir eit omgrep som alle elevar forstår og har eit forhold til.

Elevar og lærarar treng fleire innfallsvinklar for å setje miljøfaglege tema på timeplanen. Miljøverndepartementet har derfor i samarbeid med skulesektoren utvikla fleire pedagogiske program og prosjekt. Mest ressursar blir nytta på Den naturlege skulesekken som er eit samarbeid mellom Kunnskapsdepartementet og Miljøverndepartementet.

Den naturlege skulesekken (DNS) støttar utviklinga av undervisningsopplegg som er tilpassa læreplanverket for Kunnskapsløftet og kompetansemåla for faga naturfag (biologi, kjemi og fysikk), samfunnsfag og kroppsøving. Tilboda blir òg knytte til grunnleggjande dugleik som matematikk, lesing, skriving og bruk av IKT i dei nemnde faga. Eit berande pedagogisk omgrep er å flytte læringsarenaen frå klasserommet til samfunnet. I Den naturlege skulesekken er varierte arbeidsmetodar utandørs, bruk av nærmiljøet og aktørar i nærmiljøet som organisasjonar, museum, nasjonalparksenter osv., blitt ein anerkjent pedagogisk metode i undervisninga. Den naturlege skulesekken har fått svært positive tilbakemeldingar og evalueringar. Det er viktig at prosjekt som får støtte har overføringsverdi til andre skular, og å få fram prosjekt som inkluderer fleire fagdisiplinar.

Andre skuleprosjekt i miljøforvaltning, som f. eks. lærarkurs, Miljøambassadørar og Miljøjournalistane, har som mål å inspirere lærarar og elevar i ungdomsskulen og vidaregåande skular og er tilpassa kompetansemåla i læreplanen for desse trinna. Miljøambassadørane held engasjerande føredrag på ungdomsskular og vidaregåande skular, mens Miljøjournalistane er eit enkelt nettverktøy der elevane brukar journalistiske metodar til å lære om miljø i sin kommune. Direktoratet for naturforvaltning sitt prosjekt Friluftsliv i skulen tek for seg betydninga av naturoppleving som innfallsport til naturforståing, og nasjonalparksentra er viktige formidlarar til skular i nærleiken av dei aktuelle parkane. Kartverkets Kart i skulen er eit gratis nettatlas som tilbyr oppdaterte norske kart og temakart eigna for bruk i mange fag. I tillegg driv òg Statens naturoppsyn naturformidling til skulen. Riksantikvaren har undervisningsopplegga Rydd eit kulturminne og Barnetråkk og Polarinstituttet har nettstader og filmar laga for skulen.

Den naturlege skulesekken er frå 2012 namnet på heile det samla miljøtilbodet i regi av miljøvernforvaltninga. Verktøy og andre tilbod skal integrerast saumlaust og naturrettleiarar og andre eksterne aktørar skal synleggjerast mellom anna i ein database som skulane kan kontakte for samarbeid.

Skriftleg materiell utvikla av miljøforvaltninga i Noreg og EU vert distribuert gratis til skulen. Dette er materiell som skulane kan nytte til å arbeide med grunnleggjande dugleik i faga samtidig som dei arbeidar med kunnskapsmål.

Det er viktig å få ei praktisk retting av opplæringa. Frå hausten 2012 blir tilboda trappa opp og meir integrerte i kvarandre. I samarbeid med Ungt Entreprenørskap vert det pilotert gründercampar og elevbedrift, med tema Generasjon Grøn og redesign, på ungdomstrinnet.

Miljøteknologi

Miljøteknologi er ein viktig føresetnad for å løyse dei store miljøutfordringane som verda står overfor. Dei mange områda der miljøteknologi blir utvikla, utgjer i dag verdas mest lovande teknologimarknader. Dette gir betydelege høve til verdiskaping. Grøne arbeidsplassar innan energiproduksjon og miljøteknologi vil kunne bli ei ny vekstnæring i Noreg. Dette krev ei betydeleg mobilisering av næringslivet si evne til innovasjon, problemløysing og effektivisering. Samtidig må styresmaktene etablere rammevilkår som gjer det privatøkonomisk lønsamt å tilby og etterspørje gode miljøløysingar. Regjeringa har lagt fram ein nasjonal strategi for miljøteknologi – Næringsutvikling og grønn vekst. Strategien har to hovudformål: Å leggje til rette for nasjonal verdiskaping og næringsutvikling og å medverke til å nå våre miljømål. Det største enkelttiltaket i strategien er Program for miljøteknologi på 500 mill. kroner over tre år (2011-13). Programmet skal fremje private investeringar knytte til kommersialisering av miljøteknologi og stimulere til nettverksbygging og strategisk samarbeid mellom leverandørar for levering av samansette system og løysingar. Vidare er det fokusert på:

  • Bidra til reguleringar som òg fremjar utvikling av marknader for miljøteknologi.

  • Bidra til å fremje etterspørsel etter miljøteknologi i offentlege og private verksemder.

  • Stimulere til nettverks- og næringssamarbeid på tvers av tradisjonelle næringsklynger.

  • Bidra til utvikling av betre kunnskap om marknadene for miljøteknologi og kunnskap til bruk i vidare politikkutvikling.

Ein viser til omtale av miljøteknologiprogrammet i Prop. 1 S (2013-2014) frå Nærings- og handelsdepartementet.

9 Regelverk og samfunnsplanlegging

Verkemiddel og arbeidsmåtar i miljøpolitikken

Det er fleire sentrale prinsipp i forvaltning av miljø. Alt i § 110 b i Grunnlova er omsynet til miljø og naturverdiar slått fast: Her heiter det at «Enhver har Ret til et Milieu som sikrer Sundhed og til en Natur hvis Produktionsævne og Mangfold bevares. Naturens Ressourcer skulle disponeres ud fra en langsigtig og alsidig Betragtning, der ivaretager denne Ret ogsaa for Efterslægten».

Føre var-prinsippet som er nedfelt i forureiningslova, seier at dersom det er fare for at ein aktivitet kan skade miljøet, skal ein ta tilstrekkelege forholdsreglar mot slik skade, eller late vere å gjennomføre aktiviteten. Manglande eller utilstrekkeleg kunnskap skal ikkje vere argument for ikkje å setje inn tiltak. Dette kan sjåast på som ei form for forsikring.

Prinsippet om samla belastning står sentralt i naturmangfaldlova og inneber at ein skal leggje vekt på summen av påverknad på naturmangfaldet, både område og arter, når planar skal leggjast og vedtak skal fattast.

Forureinar betaler-prinsippet er òg ein del av forureiningslova og inneber at den som har ansvaret for at forureining skjer, har ansvaret for å rydde opp og å ta kostnadene ved dette.

Samordna berekraftig arealbruk medverkar til måloppnåing på ei rekkje miljøområde. Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i dette arbeidet.

Det er òg eit viktig miljøpolitisk prinsipp at vi skal ta i bruk dei til einkvar tid best tilgjengelege teknologien, i lys av økonomiske forhold, for å løyse miljøproblema. Dette er mellom anna nedfelt i naturmangfaldslova og forureiningslova. Jamfør også del III Verkemiddelområdet Kunnskap og staddata.

Sektoransvaret i miljøpolitikken inneber at alle aktørar i samfunnet, både offentlege og private, har eit sjølvstendig ansvar for å leggje miljøomsyn til grunn for sine aktivitetar og for å medverke til at dei overordna måla i miljøpolitikken kan bli nådde.

Bruken av miljøpolitiske verkemiddel må òg vere styrings- og kostnadseffektiv. Det vil seie at dei må utformast slik at dei medverkar til å nå dei fastsette måla utan unødig bruk av tid eller ressursar. Til saman skal prinsippa og arbeidsmåtane syte for at miljøpolitikken blir effektiv og målretta og at den blir gjennomført ved hjelp av dei best tilpassa verkemidla. I denne samanhengen er det òg viktig at verkemidla har eit langsiktig perspektiv, og at dei er nokolunde stabile over tid. For at verkemiddel i form av regelverk og skattar og avgifter skal ha god effekt, bør dei vere utforma slik at dei blir opplevd som rimelege og rettferdige. Miljøpolitikken må òg utformast på ein slik måte at den kjem i minst mogeleg konflikt med andre sentrale samfunnsmål.

Tilsyn er òg eit viktig miljøpolitisk verkemiddel som avdekkjer brot på lova og verkar til å verne om helse og miljø. Tilsyn sikrar dessutan likskap for lova.

I tillegg til lov- og regelverk blir økonomiske instrument i form av til dømes gebyr og avgifter viktigare i miljøpolitikken. Dei einskilde sektorane har i tillegg verkemiddel som kan nyttast i miljøet si teneste, anten for å løyse eigne miljøproblem, eller som på transportområdet der miljøvenlege transportformer kan erstatte miljøskadelege.

Miljøverndepartementet og miljøforvaltninga har ansvar for å utforme mål og strategiar i miljøpolitikken og for å utarbeide planar for korleis miljøverdiar skal forvaltast. Mål- og resultatstyringssystemet i miljøpolitikken er eit døme på korleis departementet arbeider med dette. Forvaltningsplanane for havområda i nord (Barentshavet og Norskehavet) er døme på heilskapelege planar for større område, og som omfattar fleire sektorar. Arbeidet med forvaltningsplanane viser dessutan Miljøverndepartementets pådrivar- og samordningsrolle i høve til andre sektorar. Miljøverndepartementets ansvar omfattar òg å skaffe fram fagleg grunnlag for miljøpolitiske vedtak, å overvake utviklinga i miljøtilstanden og å forvalte verkemiddel på dei områda der miljøforvaltninga har hovudansvaret. Ein skal òg analysere verknadene av miljøpolitikken som grunnlag for vidareutvikling og eventuelle endringar i mål og verkemiddel. Miljøverndepartementet er både eit sektordepartement og eit samordningsdepartement.

Lov- og regelverk på miljøområdet

Nokre sentrale lover er omtalt nedanfor. For omtale av anna lov- og regelverk, sjå Lovdata og omtale under dei respektive resultatområda.

Figur 9.1 Viktige lover

Figur 9.1 Viktige lover

Plan- og bygningslova

Lov av 27. juni 2008 nr. 71 Om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningslova) skal vere ein reiskap for å fremje berekraftig utvikling til beste for den enkelte, for samfunnet og for framtidige generasjonar. Planlegging etter lova skal bidra til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast. Ansvaret for planlegging og vedtak av planar etter lova er lagt til Kongen (Regjeringa), fylkestinga og kommunestyra. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for plandelen av plan- og bygningslova.

Regjeringa skal utarbeide nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging kvart fjerde år.

Fylkeskommunane og kommunane skal utarbeide regionale og kommunale planstrategiar kvart fjerde år. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane.

Fylkestinga skal utarbeide regionale planar i samsvar med godkjende regionale planstrategiar. Kommunestyra har ansvaret for at det blir utarbeidd kommuneplanar og reguleringsplanar.

Planlegginga i kommunar og fylkeskommunar skal ta vare på både kommunale, regionale og nasjonale interesser og skal derfor skje i nært samråd med statlege organ. Fylkesmannen har ei sentral rolle i regional stat si samhandling med kommunar og fylkeskommunar.

Planlegginga skal sikre at avvegingane av ulike omsyn skjer ope og offentleg. Plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med.

Miljøverndepartementet skal avgjere konfliktsaker som ikkje blir løyste lokalt og sikre riktig bruk av lova gjennom rettleiing til aktørane i planarbeidet.

Plan- og bygningslova er eit særs viktig verkemiddel i arbeidet med å sikre ein samordna berekraftig arealbruk og verkar saman med andre viktige lover som naturmangfaldlova, forureiningslova, kulturminnelova, energilova og minerallova.

Plan- og bygningslova gjeld alle landareal og sjøareal ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja.

Naturmangfaldlova

Lov av 3. april 2009 Om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfaldlova) har til føremål å ta vare på naturen sitt mangfald og dei økologiske prosessane gjennom berekraftig bruk og vern. Lova omfattar all natur, og gjeld for alle sektorar som forvaltar naturmangfald eller tek avgjerder som har konsekvensar for dette mangfaldet. Lova verkar saman med andre lover som påverkar eller regulerer bruk av norsk natur. Etter som lova gjeld på tvers av sektorar vil ho medverke til ei betre samordning av den samla forvaltninga av naturmangfaldet.

I naturmangfaldlovas kapittel II om reglar om berekraftig bruk blir det gitt forvaltningsmål for naturtypar og arter og det blir stilt krav til kunnskapsgrunnlaget for avgjerder. Miljørettslege prinsipp som føre var, omsynet til samla belastning, og at kostnader ved miljøskade skal berast av tiltakshavar blir gjennom naturmangfaldlova formalisert for alle tiltak og bruk som påverkar naturmangfald. Lova krev at vurderingar av desse prinsippa skal gå fram av vedtak i den enkelte saka.

I naturmangfaldlova er det innført fleire nye verkemiddel. Dei viktigaste er ordningane med prioriterte arter og utvalde naturtypar. Kongen i statsråd kan ved forskrift peike ut enkelte arter som prioriterte og naturtypar som utvalde. På den måten kan vi sikre truga arter og naturtypar og andre arter/naturtypar som treng spesielt vern slik at dei kan overleve i norsk natur, og på sikt få til ei tilfredsstillande utvikling. Dette er viktige verkemiddel for å nå forvaltningsmåla for arter og naturtypar.

Naturmangfaldlovas kapittel V handlar om vern av område på land, i vassdrag og i sjø ut til 12 nautiske mil. Målet om å ta vare på økosystem, naturtypar, arter og deira naturlege utbreiingsområde har betydning for utval, restriksjonsnivå og forvaltning/skjøtsel av verneområde.

Gjennom naturmangfaldlovas kapittel IV har vi fått reglar som skal medverke til å hindre framande organismar å etablere seg i norsk natur. Innførsle og utsetjing av framande organismar vil krevje løyve, og det er gitt klare reglar om innførsle og utsetjing av framande organismar. Naturmangfaldlova er den første lova som regulerer forvaltning av genetisk materiale og uttak og utnytting av genetisk material (kapittel VII).

Forureiningslova

Lov av 13. mars 1981 nr. 6 Om forurensninger og om avfall (forureiningslova) skal verne det ytre miljøet mot forureining og redusere eksisterande forureining. Lova skal òg redusere mengda avfall og fremje betre avfallshandtering. Lova byggjer mellom anna på prinsippet om at forureinar betalar, prinsippet om føre var og prinsippet i lova om at det skal tas utgangspunkt i den teknologi som ut fra ei samla vurdering av nåværende og framtidig bruk av miljøet og av økonomiske forhold gir dei beste resultata. Lova skal sikre at forureiningar og avfall ikkje fører til helseskade, går ut over trivselen eller skader naturen si evne til produksjon og sjølvfornying.

Forureiningslova set eit generelt forbod mot forureinande utslepp, men opnar for at verksemder kan søkje miljøstyresmaktene om utsleppsløyve. Behandling av utslepp etter forureiningslova tek utgangspunkt i prinsippet om kostnadseffektiv regulering. Vurderinga skal byggje på kunnskap om kostnader og teknologiske moglegheiter basert på informasjon frå aktuelle verksemder, sektorstyresmakter og andre fagmiljø. Økonomiske forhold i verksemda og lokalsamfunnet kan tilleggjast vekt.

Store delar av transportsektoren er unnateke frå føresegnene i forureiningslova.

I avfallsforskrifta og forureiningsforskrifta, som begge er heimla i forureiningslova, er det gitt utfyllande føresegner om forureining og avfallshandtering. Tilsyn avdekkjer brot på lova. Det er i stor grad direktorata og fylkesmennene som har ansvaret for å utføre tilsyn etter forureiningslova og anna miljøregelverk. Forureiningsstyresmaktene gjennomførte i 2011 1584 miljøtilsyn og avdekte brot på forureiningsregelverket i om lag 70 pst. av tilsyna. Av dei avdekte brota vart totalt 11 saker melde til politiet. Informasjon i forkant av, under og etter tilsyn og aksjonar er nyttig for å sikre at regelverket blir etterlevd. Miljøverndepartementet er ansvarleg departement for forureiningslova. Miljøstyresmaktene er i forureiningslova delte inn i riksnivå (Kongen, Miljøverndepartementet og Klima- og forureiningsdirektoratet/Statens strålevern), fylkesnivå (fylkeskommunen og fylkesmannen) og kommunalt nivå (kommunen). Kvart nivå er tildelt miljømynde etter forureiningslova.

Kulturminnelova

Lov av 9. juni 1978 nr. 50 om kulturminne (Kulturminnelova) er det sentrale statlege verkemiddelet i kulturminnepolitikken. Føremålsparagrafen slår fast at kulturminne og kulturmiljø med deira eigenart og variasjon skal vernast både som del av vår kulturarv og identitet og som ledd i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning. Det er eit nasjonalt ansvar å ta vare på desse ressursane som vitskapeleg kjeldemateriale og som varig grunnlag for nolevande og framtidige generasjonar si oppleving, sjølvforståing, trivsel og verksemd. Alle typar kulturminne eldre enn frå 1537 og bygningar eldre enn frå 1650, er automatisk freda. Kulturminnelova gir heimel til å frede bygningar og anlegg eller delar av dei, uansett alder. Samiske kulturminne eldre enn 100 år er automatisk freda. Når det etter anna lov blir treft vedtak som påverkar kulturminna, skal det leggjast vekt på kulturminnelovas føremål. Lova sitt føremål og internasjonale konvensjonar understrekar òg at vi må ta vare på breidda og mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø.

Svalbardmiljølova

Lov av 15. juni 2001 nr. 79 om miljøvern på Svalbard har som føremål å ta vare på eit tilnærma urørt miljø på Svalbard når det gjeld samanhengande villmark, landskapselement, flora, fauna og kulturminne. Svalbardmiljølova er ei rammelov som trekkjer opp hovudprinsipp for forvaltninga av miljøet på øygruppa. Lova og forskriftene regulerer dei fleste delar av miljøvernet på Svalbard, slik som områdevern, naturinngrep, ferdsel, vern av kulturminne, arealplanlegging i busetjingane, lokal forureining og avfall, i tillegg til jakt og fiske. Lova er eit viktig verkemiddel for å oppnå Stortingets høge mål for miljøvernet på Svalbard.

Planlegging for ei berekraftig utvikling

Gjennom plan- og bygningslova er det etablert verkemiddel for utvikling av ei meir berekraftig samfunnsutvikling, og areal- og ressursforvaltning.

Planlegginga gir rammer for kor vi skal bu, handle og bruke fritida vår, og korleis vi formar byar, tettstader og bygder som er attraktive for alle og fremjar folkehelsa. Samstundes er planlegging eit viktig verktøy for å sikre at naturens mangfald, kulturminne, kulturmiljø, og landskapsverdiar vert tekne vare på i eit langsiktig perspektiv i samsvar med nasjonale målsetjingar.

Levande byar og bygder og ei god forvaltning av natur og kulturarv krev heilskapleg planlegging. Ei berekraftig samfunnsutvikling set mål for fysisk, miljøvis, økonomisk, sosial og kulturell utvikling i kommunar og regionar. Planlegging skal medverke til å samordne statlege, regionale og kommunale oppgåver og gi grunnlag for vedtak om berekraftig forvaltning av ressursar. Ei god samfunnsutvikling må byggje på samarbeid og samspel mellom stat, kommune, fylke og privat sektor. Miljøverndepartementet har utvikla nasjonale mål og indikatorar for å måle om planlegginga av ei berekraftig samfunnsutvikling går i ønska retning. Sjå statusrapportering på nasjonale mål i 2012.

Arealpolitikk og planlegging etter plan- og bygningslova er tverrgåande verkemiddel som grip inn på dei enkelte resultatområda for Miljøforvaltninga, og er slik med på å setje ramma for måloppnåinga på dei ulike miljøområda. Dei ulike resultatområda for miljøforvaltninga vil utdjupe utviklinga på ei rekkje natur- og miljøindikatorar. All planlegging skal skje innanfor ramma av nasjonale politikk, og det er satt opp nasjonale mål og indikatorar for måloppnåinga for planlegging på dei ulike resultatområda. Sjå resultatområde 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 3 Frodige våtmarker, 5 Storslått fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap, 7 Godt bymiljø, 8 Aktivt friluftsliv, 10 Rein luft og 11 Stabilt klima for desse måla. Sjå og nærare omtale i dei enkelte resultatområda for korleis til dømes plan- og bygningslova, nasjonale føringar og politikk for arealplanlegging og arealdisponering verkar inn på miljøet.

Tilstand

Plansystemet

Miljøverndepartementet er nasjonal planstyresmakt etter plan- og bygningslova og set overordna mål for planlegginga i fylke og kommunar. I denne rolla har Miljøverndepartementet ansvar for å samordne nasjonal politikk i planlegginga. Dette gjeld lovarbeid og enkeltsaker i tillegg til utviklingsarbeid og program. Departementet utarbeider lover og forskrifter, behandlar enkeltsaker og sikrar riktig bruk av lov- og plansystem gjennom rettleiing og opplæring.

Hovudansvaret for bruk av plan- og bygningslova er lagt til kommunane, som normalt fattar endeleg vedtak om arealbruken. Dei viktige oppgåvene kommunane har på plan- og miljøområdet er seinast uttrykt i ny plan- og bygningslov, naturmangfaldlov og matrikkellov. I tillegg har kommunane fått nye oppgåver blant anna knytt til klimautfordringane. Det blir stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning.

Plan- og bygningslova definerer eit klart hierarki av vedtaksnivå, men den inviterer òg til samarbeid mellom nivåa. Samanhengane mellom føresegnene i lova er viktige for både innhald og prosess i reguleringsplanarbeidet. Figur 9.2 viser plansystemet, og samanhengen mellom plannivåa.

Figur 9.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Figur 9.2 Plansystemet – samanhengen mellom plannivåa

Planlegging er forpliktande samarbeid og samspel på tvers av sektorar og mellom nasjonalt, regionalt og kommunalt nivå, der kommunane har eit viktig ansvar innanfor statlege og regionale rammer. Planlegging og vedtak skal vere opne og føreseielege og plan- og bygningslova fastset ordningar for deltaking der einskildpersonar, organisasjonar, næringslivet, kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorinteresser er med. Det skal leggjast vekt på langsiktige løysingar, og konsekvensar for miljø og samfunn skal beskrivast og takast omsyn til når det skal fattast vedtak. Prinsippet om til dømes universell utforming skal takast hand om i planlegginga. Det same gjeld omsynet til oppvekstvilkåra for barn og unge, og estetisk utforming av omgivnadene.

Kommuneplanar og reguleringsplanar er viktige reiskapar for kommunane for å sikre areal til bustader, barnehagar, skular og næringsverksemd, og sikre kvalitet i nærmiljø og utbygging, grønstruktur og uteareal, med vidare. Gjennom god planlegging sikrar ein òg miljøvennlege og effektive transportløysingar, samfunnstryggleik og andre viktige samfunnsformål i heile landet. Oppdaterte kommuneplanar inneber at fleire kommunar forvaltar arealressursane på bakgrunn av ny kunnskap, nytt regelverk og demokratiske medverknadsprosessar. Mellom anna vil omsynet til allmentas tilgang til strandsona, ulike tiltak for å møte klimautfordringane og omsyn til naturmangfald bli teke vare på i større grad. Departementet har eit aktivt rettleiings- og nettverksarbeid mot kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn på dette området. Boks 9.1. viser at planaktiviteten i Noreg er høg. Høg planaktivitet er positivt.

Boks 9.1 Planlegging i tal

Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. I 2011 rapporterte 400 av kommunane i landet at dei har ein gjeldande arealdel til kommuneplan, av desse 400 planane vart 89 vedtekne i 2011, 32 i 2010, 30 i 2009 og 28 i 2008 (for 30 kommunar manglar innrapportering). I 2011 vart det vedteke i overkant av 2000 reguleringsplanar, og det har vore om lag same nivå dei siste fem åra.

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Ei rekkje statlege styresmakter, fylkeskommunar og nabokommunar har rett til å fremje motsegn til kommuneplanens arealdel og til reguleringsplanar. Ordninga med motsegnsrett er meint å sikre at nasjonale og viktige regionale interesser blir tekne vare på i planlegginga, og at plansaker blir løfta opp til sentral avgjerd når det ikkje har vore mogleg å løyse avgjerande spørsmål gjennom den ordinære planprosessen. I 2011 vart 52 pst. av arealplanane på kommuneplannivå møtte med motsegn, og det har dei siste åra vore ein aukande tendens.

Ei motsegn stoppar ikkje ein plan, men inneber at det må fattast ei avgjerd av Miljøverndepartementet dersom det ikkje blir semje mellom kommunen og det organet som har fremja motsegn. I nær 99 pst. av alle tilfella blir kommunen og det organet som har fremja motsegn samde. Gjennom departementet si avgjerd i motsegnssaker vert viktig nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla. Boks 9.2 syner mellom anna dei viktigaste grunngivingane for motsegnene.

Boks 9.2 Kommunale planar til avgjerd i Miljøverndepartementet

Av meir enn 2000 arealplanar som blir vedtekne i kommunane kvart år, blir berre mellom 1 og 2 pst. sende til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi det ikkje er oppnådd semje om innhaldet i planen. Dette viser at det i dei fleste tilfella blir funne fram til gode løysingar som foreinar lokale, regionale og nasjonale interesser. I 2011 var det 24 motsegnssaker som vart behandla i Miljøverndepartementet. Rapporteringa på dei nasjonale måla for planlegging syner at det er svært få av dei få kommunal planane som gjeld bustadbygging i storbyane, som endar opp i departementet til avgjerd. Omsyn til strandsona, naturverdiar, landskap, friluftsliv og reindrift var dei viktigaste grunngivingane for motsegnene. Veg- og jernbane, kulturminne og konfliktar knytte til jordvern utgjer andre grunngivingar.

Planutfordringane varierer

Planutfordringane i dei ulike delane av landet varierer, og hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Planlegginga må møte utfordringar både i byar, tettstader og område med spreidd busetnad. Det skjer ein betydeleg vekst i byar og tettstader. Om lag 80 pst. av befolkninga bur no i byar og tettstader. I storbyane og andre pressområde er planlegginga retta mot aukande arealmangel og behov for fortetting, bevaring av grøntområde og utvikling av miljø- og klimavenlege transportløysingar. Sjå og resultatområde 7 Godt Bymiljø. I andre delar av landet er planlegginga eit verkemiddel for å oppretthalde busetjing og skape nye arbeidsplassar. Slik boks 9.3 viser er arealplanlegging eit utgangspunkt for ei konkretisering av korleis til dømes bustadbygging skal gjennomførast.

Boks 9.3 Areal til bustadbygging

Tilnærma alle kommunar har ein vedteken kommuneplan med arealdel. Gjennom ansvaret for å ha oppdaterte kommuneplanar har kommunane òg ansvaret for å sikre ei langsiktig tilrettelegging for areal til bustadbygging. Kommuneplanen skal gi ei avklaring av kor det kan byggjast mellom anna i forhold til andre arealinteresser. Det er i samanheng med kommuneplanen at dei store spørsmåla knytte til forhold som til dømes flaum og fare, friluftsliv og jordvern blir avgjort. Slik får ein eit føreseieleg utgangspunkt for ei konkretisering av korleis bustadbygging skal gjennomførast.

Denne store variasjonen inneber at det er heilt naudsynt med regionale og kommunale tilpassingar til planarbeidet. Det er derfor ei utfordring å utforme ein nasjonal arealpolitikk som kjem dei ulike regionale utfordringane i møte. Regional planlegging er òg naudsynt for å få til gode løysingar på tvers av kommunar og fylke, både innanfor samordna areal- og transportplanlegging, i fjellområda og i kystsona. Interkommunale og regionale arealplanar blir utarbeidde på bakgrunn av eige behov eller etter pålegg frå departementet. Trass i innstramminga i plan- og bygningslova er det framleis eit sterkt press på strandsona. Bortfallet av inngrepsfri natur viser at utfordringa med å ta vare på slik natur ikkje er løyst. Det er framleis press på fjellområda.

Kommunane er planstyresmakt og har ansvar for å ta vare på nasjonale og regionale interesser av betydning i kommunale planar. Plan- og miljøkompetansen i mange kommunar er dei siste åra gradvis bygd ned. Dette har svekka evna til å ta hand om plan- og miljøoppgåvene. Undersøkingar gjorde av mellom anna Norsk institutt for by og regionforsking (NIBR) om styrking av planforsking og planleggjarutdanning i Noreg frå mai 2012, og av Vestlandsforskning, viser at det er store manglar i plan og miljøkompetansen i både kommunar og fylkeskommunar. Det er derfor naudsynt å sikre og styrkje kompetansen og kapasiteten på dette området.

Metode og statistikk for å følgje utviklinga

Miljøstatus i Noreg, www.miljøstatus.no, gir oppdatert informasjonen om tilstand og utvikling for miljøet. Eit viktig mål er å skape forståing for samanhengane mellom miljøtilstanden, kva som påverkar den, konsekvensar og tiltak. Miljøstatus i Noreg inneheld miljødata for fleire viktige miljøtema. Nettstaden har i tillegg ei eiga kartløysing. Sjå òg verkemiddelområdet Kunnskap og staddata. Kommunane rapporterer i KOSTRA-systemet. Tala frå KOSTRA blir brukte til å vurdere måloppnåing i forhold til nasjonale mål.

Departementet vil setje i gang ei heilskapleg evaluering av erfaringane med plan- og bygningslova på viktig område, blant anna i forhold til måla for berekraftig arealforvaltning. Departementet finansierer fleire evalueringsprosjekt knytte til forskingsprogrammet DemosReg.

Påverknader

Gode løysingar krev godt plansamarbeid mellom kommunar, fylke og statlege etatar. Oppbygging og funksjon av plansystemet er viktig for innhald og prosess i planlegginga.

For å oppnå ei berekraftig samfunnsutvikling må ein sjå samanhengen mellom samfunnsutvikling og arealbruk, slik plan- og bygningslova føreset. I kommuneplanens samfunnsdel skal kommunane ta stilling til langsiktige mål og utfordringar for kommunen. Planane skal vere grunnlaget for arbeidet i sektorane og skal følgjast aktivt opp i handlingsplan og budsjett. Samfunnsdelen gir grunnlag for prioriteringar i arealdelen.

Det er ei utfordring for kommunane å sikre heilskaplege og langsiktige rammer, når hovuddelen av planlegginga skjer som private planinnspel. Det er derfor viktig at kommunane brukar kommuneplanen aktivt for å sikre effektiv og god arealutnytting, samtidig som kravet til gode bu- og arbeidsmiljø blir tilfredsstilte.

Kravet om ei berekraftig utvikling og demokrati viser behovet for kommuneplanen som strategisk plan for langsiktig utvikling av kommunen, både som samfunn og organisasjon. Dei fleste departementa stiller krav til kommunane på sine område. Det er viktig at kommuneplanane kan fange opp dei relevante plankrava utan at det nødvendigvis må utarbeidast eigne kommunale planar for dei ulike sektoromsyna. Det er for eksempel naudsynt å sjå næringsutvikling og verdiskaping, areal- og miljøforvaltning, levekår, folketalsutvikling og kommunal tenesteyting i nær samanheng.

Planlegginga må styrkjast på ei rekkje område for å sikre ei meir berekraftig utvikling. Fleire stader er byggjeaktiviteten i strandsona framleis for høg, store samanhengande naturområde minkar og verdifulle jordbruksareal vert nedbygde. Det er eit mål å redusere transportbehovet og såleis klimagassutsleppa blant anna ved å unngå store bilbaserte kjøpesenter utanfor tettstadene. På einskilde område er det derfor naudsynt med ein strengare plan- og dispensasjonspraksis, samstundes som kommunar og fylkeskommunar får høve til å utarbeide gode planar gjennom betre rettleiing og kompetansebygging. Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om stadutvikling, samordna areal- og transportplanlegging, friluftsliv, universell utforming, vind- og småkraftverk, trygging av matjord, fornybar energi, næringsutvikling med vidare.

Tilstrekkeleg plan- og miljøkompetanse er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging. Ei særleg utfordring er knytt til kompetansen i kommunane. I tillegg er kapasitet eit hinder i det lokale utviklingsarbeidet.

Tilgang til relevante data er òg ein føresetnad for god planlegging. Gode planar krev kunnskap om verdiane på, og bruken av areal og ressursar. Denne kunnskapen og systema for å handtere slike data må bli endå betre. Det er derfor naudsynt å få til eit samordna system for kartlegging og overvaking av arealbruken og betre tilgang til kart og geografisk miljøinformasjon. Dette vil òg bidra til å auke kvaliteten på konsekvensutgreiingar av kommunale og regionale arealplanar

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Skal ein nå måla om ein berekraftig arealpolitikk og bruk av plan- og bygningslova som vektlegg gode miljøløysingar treng ein kunnskap og samordning på tvers av forvaltningsnivå og sektorar.

Omsyn i planlegginga

Dei nasjonale måla under Miljøforvaltninga sine resultatområde og verkemiddel gjer synleg Regjeringas miljøpolitiske satsingar. Dei syner at planlegging mellom anna skal bidra til å sikre allmentas tilgang til arenaer for rekreasjon, fysisk aktivitet og naturopplevingar langs strandsona, vassdrag og innsjøar. Fjellandskapet skal forvaltast på ein måte som mellom anna sikrar levedyktige bestandar av villrein, allmentas tilgang til attraktive friluftsområde, og balanse mellom bruk og vern. Planlegginga skal sikre verdifulle kulturminne og kulturlandskap, og mellom anna medverke til å sikre god tilgang på dyrka og dyrkbar matjord. Planlegging skal brukast til å redusere utslepp og til klimatilpassing, blant anna knytt til areal-, energi- og transporttiltak. Eit funksjonelt og godt fysisk bymiljø med tilgang på bustader er viktig for trivsel og helse. Krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging bidreg til auka samfunnstryggleik.

Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging skal saman med Statlege planretningslinjer, som konkretiserer den nasjonale politikken, leggjast til grunn for planlegging i kommunar, fylkeskommunar og statlege organ. Plan- og bygningslova fastset at det skal det utarbeidast eit nytt dokument med nasjonale forventningar til den regionale og kommunale planlegginga kvart fjerde år. I 2011 la regjeringa fram første forventningsdokument til kommunal og regional planlegging, Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Forventningane skal følgjast opp i regionale og kommunale planstrategiar og er retningsgivande for regionale og kommunale planar. Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging skal medverke til ei berekraftig utvikling og omfattar tema klima og energi, by- og tettstadsutvikling, samferdsel og infrastruktur, verdiskaping og næringsutvikling, natur, kulturmiljø og landskap, og helse, livskvalitet og oppvekstmiljø. Nasjonale retningslinjer for gjeldande arealpolitikk er gitt i St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand. Det er også gjeve statlege planretningslinjer for prioriterte politikkområde som blant anna klima- og energiplanlegging i kommunane, samordna areal- og transportplanlegging, oppvekstvilkår for barn og unge, og differensiert strandsonepolitikk. Det er i tillegg lagt fram retningslinjer for behandling av støy i arealplanlegging, og for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga. Regjeringa har fastsett rikspolitiske føresegner for kjøpesenter.

Det er naudsynt med breie tiltak for å nå måla. Folketalet i Noreg er venta å auke sterkt dei neste ti åra, hovudsakleg i byar og tettstadar. Dette gir utfordringar for bustadforsyning, transport, arealbruk, klimagassutslepp, helse og livskvalitet. Planlegging er eit verkemiddel for å sikre areal til bustadbygging, og Regjeringa vil vurdere kva høve som finst i plansystemet for å sikre god nok bustadforsyning. Miljøverndepartementet har i eit brev til fylkesmennene bede dei følgje opp at kommunane avklarer behovet for bustader og sett av tilstrekkeleg areal til bustader i si planlegging. Sjå resultatområde 7 Godt Bymiljø for omtale av korleis stimulere til betre bustadplanlegging som viktig del av byutviklinga. Ei ny satsing frå 2013 retta mot byane, «Plansatsing mot store byar», skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging. Viktige grep i satsinga er å styrkje kompetanse og kapasitet, og meir samarbeid på tvers av sektor- og kommunegrensane. Andre dømer er det regionale plansamarbeidet om areal- og transportplanlegginga mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune etablert i samsvar med vedtak i Ot.prp. nr. 10 (2008-2009). Programmet Framtidas byar er eit nasjonalt samarbeidsprogram mellom 13 store byar, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar for å redusere klimagassutsleppa, møte framtidige klimaendringar og gjere byane betre å bu i. Dei nye planretningslinjene for strandsona har som mål å gjere tydeleg nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Det blir gjennomført ei sterkare geografisk differensiering slik at byggjeforbodet blir strengast praktisert i sentrale område der presset på areala er stort, for å sikre allmentas tilgang til viktige natur- og friluftsområde. Dei siste åra er det sett i verk tiltak for å sikre dei inngrepsfrie naturområda, mellom anna krav om planprogram og konsekvensutgreiingar når kommunane legg ut nye arealområde i kommuneplanens arealdel. For fjellområda har Miljøverndepartementet sett i gang eit program der målet er at fylkeskommunane innan 2012 skal ha vedteke regionale planar for heilskapleg forvaltning av fjellområde som er viktige for villreinen. Miljøverndepartementet har bede fylkeskommunar og kommunar om å prioritere fritidshus i si kommunale og regionale planlegging, og er oppteke av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen. Miljøverndepartementet har òg teke initiativ til at det blir utarbeidd regionale planar for vindkraft. Universell utforming kom inn som ein strategisk fordel i plandelen i plan- og bygningslova i 2008. Det var eit resultat av ein politikk som starta sist på 1990-talet med å auke likeverdsaspektet for aktiv deltaking av menneske med nedsett funksjonsevne i samfunnslivet. I heile denne perioden har departementet arbeidd med å styrkje dette aspektet i kommunal og regional planlegging.

Departementet vil halde god kontakt med instansar som har viktige oppgåver i utforminga av dei fysiske omgivnadane. Tiltak for auka kompetanse innan planbistand internasjonalt er òg ein del av departementets arbeid. Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Departementet ønskjer å få på plass ein samla, nasjonal landskapspolitikk som gjer greie for mål, vegval og aktuelle tiltak i samsvar med ansvarsdelinga mellom styresmaktene på ulike nivå. Departementet samarbeider med andre sentrale statsorgan, Nordisk Ministerråd og Europarådets organ om å utvikle politikken og metodebruken.

Oppdaterte planar på kommunalt og regionalt nivå

Regionale og kommunale planstrategiar skal lagast kvart fjerde år. Dei skal ta stilling til viktige planspørsmål for nyvalde fylkesting (regional planstyresmakt) og kommunestyre. Planstrategiane skal ta utgangspunkt i nasjonale mål og rammer frå Regjering og Storting, men leggje vekt på lokal røynsle og kunnskap i den regionale og kommunale tilpassinga av politikken. Regjeringa skal godkjenne dei regionale planstrategiane. På denne måten kan Regjeringas forventningar til planlegginga tilpassast dei ulike regionale utfordringane. Bruk av regionale planar for å gjere tydeleg den nasjonale politikken og oppnå betre samspel i planprosessen er eit viktig verkemiddel for å vere føreseieleg og klargjere kommunen sitt handlingsrom. Planstrategiane inneber ein gjennomgang av behovet for kommunal og regional planlegging i heile landet, blant anna i forhold til nasjonale og regional mål for berekraftig arealforvaltning.

I ny plandel av plan- og bygningslova er det fleire verktøy som vil styrkje den regionale arealplanlegginga. Interkommunale planar vil utfylle regionale planar initiert av fylkeskommunen. Det er òg gitt eigne reglar som skal sikre betre samordning mellom statlege verneplanar etter naturmangfaldlova og arealbruken i randsonene til slike område.

Arealbruken må sjåast i ein heilskapleg samanheng. Dette sikrar at viktige omsyn som til dømes landskap, naturmangfald og naturressursar kjem tidleg inn i planprosessen og at utbyggingsmønsteret kan planleggjast slik at det blir mest mogleg berekraftig. Oppdaterte planar baserte på ny kunnskap og nytt regelverk kan i større grad ta vare på dette.

Ordninga med motsegnsrett er meint å sikre at overordna interesser blir tekne hand om og følgt opp godt nok i planar, og at plansaker blir løfta opp til sentral avgjerd når det er konflikt mellom styresmakter om avgjerande spørsmål. Dei fleste motsegnene blir løyste gjennom planprosessen. Motsegn er eit nødvendig element i det samla plansystemet, og både kommunane og styresmaktene med motsegnsrett må medverke til å få til gode planprosessar og føremålstenleg bruk av ordninga med motsegn.

Plan- og miljøkompetanse

Det er eit mål at planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk. God plan- og miljøkompetanse er ein viktig føresetnad for ei ønska utvikling. Oppgåver, mynde og forventningar må derfor vere tydelege, slik at kommunane kan utnytte det miljøpolitiske handlingsrommet dei har. Nasjonal politikk og statlege interesser skal vere effektivt formidla til kommunar, regionalt nivå og statlege styresmakter. Statlege planverkemiddel for prioriterte politikkområde skal vere oppdaterte. God plan- og miljøkompetanse skal vere bygd opp gjennom interkommunale løysingar, arbeid i nettverk, erfaringsformidling frå utviklingsarbeid og andre rettleiings- og opplæringstiltak. Etatane på regionalt nivå må så snart råd er gjere kommunen kjend med viktige nasjonale og regionale interesser. Departementet vil styrkje rettleiinga mot kommunane, og leggje vekt på korleis verktøy i plan- og bygningslova kan nyttast for å sikre betre kommunal styring.

Miljøverndepartementet legg stor vekt på utvikling av regelverk og rettleiarar som utdjupar innhaldet i lova og gir føringar for korleis viktige tema skal takast hand om gjennom planlegginga, og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis. Fylkeskommunane har etter lova ansvar for fagleg oppfølging innanfor planlegging, og står saman med fylkesmennene for formidling og oppfølging av kommunane og statlege sektorstyresmakter. Det er etablert fleire lærings- og utviklingsnettverk mellom departementet, fylkeskommunane og fylkesmennene for å sikre klar og effektiv formidling av nasjonal politikk og statlege interesser. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har viktige formidlingsoppgåver knytte til kommunal og regional planlegging innanfor sine fagfelt. Miljøverndepartementet samarbeider med fylkeskommunane, fylkesmennene og KS om bistand og oppfølging av kommunane slik at dei kan drive eit aktivt utviklingsarbeid når det gjeld kommunal planlegging. I samband med ny plan- og bygningslov er det arrangert eit omfattande opplæringsopplegg for kommunane i samarbeid med fylkeskommunar og fylkesmenn. Gjennom departementet sine avgjersler i motsegnssaker blir viktige nasjonale arealpolitiske spørsmål konkretiserte og formidla. Departementet legg vekt på å få til en meir målretta motsegnspraksis og betre samordning i planprosessane mellom statlege, regionale og kommunale styresmakter. Klargjering av nasjonal politikk gjennom mellom anna rettleiing og informasjon er eitt av fleire tiltak.

Avgjersler og lovfortolkingar blir publiserte i rettskjelderegisteret Gyldendal Rettsdata og publikasjonen PlanJuss. Det er vidare lagt stor vekt på å formidle fortløpande informasjon over departementets internettsider www.planlegging.no.

Geografisk informasjon

Grunnleggjande geografisk informasjon som miljødata, plandata, eigedomsdata og andre geodata er viktig avgjerdsgrunnlag for samfunnsplanlegging, samfunnstryggleik og areal- og ressursforvaltning, og må vere tilgjengelege. Oppdaterte data er viktige for verdiskaping og utvikling av tenester og informasjon, og for medverknad og opne demokratiske prosessar. Kartverket har i 2012 ferdigstilt ein rapport om det offentlege kartgrunnlaget. Denne er ute på høyring. Plan- og bygningslova § 2-1 og kart- og planforskrifta § 5 seier at kommunen skal syte for at det ligg føre eit oppdatert offentleg kartgrunnlag, og at staten skal stille nasjonale kartdata til rådvelde for dei formåla som er omhandla i lova. Dette vil bli ein ny og viktig reiskap i arealplanlegginga.

Plan- og bygningslova pålegg kommunane å syte for planregister og eit offentleg kartgrunnlag i kommunen. Det er sett i verk tiltak for å fremje system for å hente inn og å gjere tilgjengeleg informasjon om arealstatus, arealutvikling og planstatus til bruk i planlegging og styring. Departementet legg vekt på informasjon og rettleiing om slike system. Departementet har mellom anna støtta opp om eit prosjekt (GeoIntegrasjon) for å få betre integrasjon mellom fagsystem og saks-/arkivsystem i kommunane, slik at oppdatering og samhandling kan skje meir effektivt. Det finst ei rekkje databasar som omhandlar arealbruk og arealverdiar i ulike institusjonar, og desse vil etter geodatalova vere pliktige til å dele data med kvarandre. Miljødatabasane som for eksempel Direktoratet for naturforvaltnings Naturbase, Riksantikvarens Askeladden og Artsdatabankens Artskart gir informasjon om miljøverdiane på ulike areal. Kommunane er som arealstyresmakt brukar av alle desse basane. Det er oppretta ei eiga side for plankart og planregister med lenker til nasjonal produktspesifikasjon for arealplan, teiknereglar osv. www.regjeringen.no/kartforskriften. Sjå òg dei ulike resultatområda for Miljøforvaltninga og verkemiddelområdet Kunnskap og staddata for meir om politikk og rapportering på dei nasjonale måla.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

Miljøverndepartementet har utvikla nasjonale mål og indikatorar for å måle om planlegginga for ei berekraftig samfunnsutvikling går i ønska retning.

Arealpolitikk og planlegging etter plan- og bygningslova er tverrgåande verkemiddel som er ein grunnleggende foresetnad for å oppnå mål i miljøpolitikken, og gjeld alle dei miljøpolitiske resultatområda. Sjå derfor også nærare omtale i dei enkelte resultatområda for korleis til dømes plan- og bygningslova, og nasjonale føringar og politikk for arealplanlegging og arealdisponering verkar inn på miljøet.

1. Landet skal ha ein berekraftig arealpolitikk. Planlegginga i kommunar, fylke og regionar skal sikre effektiv saksbehandling og god samordning mellom forvaltningsnivå og sektorar.

Indikatorar:

  • Talet på interkommunale og regionale arealplanar.

Alle fylkeskommunane skal ha utarbeidd regionale planstrategiar innan 2012 og oversende desse til Miljøverndepartementet. Planstrategiane skal ta stilling til kva regionale planspørsmål som er viktige å arbeide med, og slik avklare fylkeskommunane sine behov i samsvar med lokale utfordringar og statlege politiske føringar. Gjennom godkjenning av dei regionale planstrategiane vil Regjeringa sikre at prioriterte nasjonale område blir tekne opp i den regionale planlegginga. I 2010 og 2011 vart 3 fylkesplanar og 2 fylkesdelplanar godkjende sentralt etter gammal plan- og bygningslov. Etter ny lov skal regionale planar utover den regionale planstrategien ikkje godkjennast sentralt. Dersom statlege styresmakter eller kommunar som er direkte involverte har vesentlege innvendingar til ein regional plan, skal planen til sentral behandling.

5 regionale planar var til behandling i MD i 2012 på bakgrunn av innvendingar frå fylkesmennene. Tematisk spenner plantema i desse regionale planane frå små vasskraftverk, senterstruktur og handel, til vindkraft og villrein.

KOSTRA-statistikken blir utvikla med tanke på å få betre oversikt over interkommunale og regionale arealplanar.

  • Utviklinga av kommunal planaktivitet målt etter talet på vedtekne kommuneplanar og kommunedelplanar, reguleringsplanar med kommunalt og privat initiativ, tidsbruk i plansaker og ressursbruken målt som brutto driftsutgifter

Planaktiviteten i Noreg er høg og stabil. Jamfør tabell 9.1.

Tabell 9.1 Reguleringsplanar

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Talet på vedtekne reguleringsplanar

2 450

2 095

1 935

1 983

2 067

2 182

Delen av reguleringsplanane som er private (prosent)

75

76

75

72

72

62

Kjelde: KOSTRA, SSB

Tala tyder på stor aktivitet i kommunane, men det er for tidleg å seie noko sikkert om utviklinga går i retning av at ein auka del reguleringsplanforslag blir fremja av kommunane sjølve.

Samla saksbehandlingstid er ein indikator på effektiviteten i kommunane si planbehandling. I 2011 var gjennomsnittleg saksbehandlingstid for vedtekne reguleringsplanar 339 kalenderdagar. Dette er ein tydeleg auke frå 2010 med 317 kalenderdagar og frå 2009 med 244 dagar. Reell saksbehandlingstid varierer mykje, og det er knytt uvisse til tala fordi kommunane rapporterer ulikt på desse tala.

Ifølgje kommunerekneskapen i KOSTRA brukte Kommune-Noreg 3,3 milliardar kroner til fysisk planlegging, byggjesaksbehandling og kart og oppmåling i 2011. Tilsvarande tal for 2010 var 3 milliardar. Av desse utgiftene dekte kommunane inn 2 milliardar kroner (mot 1,77 milliardar i 2010) i form av gebyr og andre inntekter. Storleiken på gebyra varierer mykje. I dei store byane blir det ofte fremja store og komplekse planar som gir høge gebyr og lang saksbehandling.

  • Talet på kommunar med aktuell planstrategi, samfunns- og arealdel av kommuneplanar og kommunedelplanar innanfor prioriterte område.

Aktiviteten i planlegginga på kommuneplannivå aukar, og heile 89 kommunar vedtok arealdel til kommuneplan i 2011 mot 32 i 2010, 30 i 2009 og 28 i 2008. 400 kommunar rapporterte at dei har ein gjeldande arealdel og 388 at dei har ein gjeldande samfunnsdel til kommuneplan (for 30 kommunar manglar innrapportering). Talet på vedtekne samfunnsdelar til kommuneplan og tematiske kommunedelplanar auka også, med 203 vedtekne planar i 2011, mot 161 i 2010, 163 i 2009 og 94 i 2008. Kjelde: KOSTRA, SSB.

Gjennomsnittleg alder for kommuneplanens arealdel er 5 år og for samfunnsdelen er den 6 år. Dette er tilfredsstillande. Men det er framleis fleire kommunar som ikkje har oppdatert eller kvalitativt god nok kommuneplan. Mangel på kompetanse og kapasitet til å utføre planlegginga er eit hinder i fleire kommunar.

Kommunane utarbeider planar for ei rekkje viktige plantema. Tabell 9.2. gir eksempel på dette.

Tabell 9.2 Del av kommunane i 2011 med gjeldande plan for viktige plantema

Del kommunar med plan

Gjennomsnittsalder

Klima og energi

78 prosent

0,2 år

Biologisk mangfald

48 prosent

3,3 år

Friluftsliv

63 prosent

2,8 år

Kulturminne og kulturmiljø

53 prosent

3,1 år

Landskap

39 prosent

1,8 år

Universell utforming

39 prosent

0,7 år

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Kommunane rapporterer på universell utforming gjennom KOSTRA. Arbeidet med å styrkje universell utforming i kommunal og regional planlegging har verknad ved at delen av kommunar med særskilt plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming var 39 pst. i 2011, mot 30 pst. i 2010. Sju fylkeskommunar har tilsvarande fylkesdelplanar eller føresegner i fylkesplanar. I 2011 auka talet på kommunar med plan eller retningslinjer med fokus på universell utforming til 144 mot 117 i 2010. I 65 av kommunane vart slik plan vedteken i 2011. Sju fylke har ein plan som inneheld krav om universell utforming, dette er inga endring frå 2010. Arealbruksindikatorane som er under utvikling, skal blant anna utdjupe slik statistikk og gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge og kommunal planlegging og arealforvaltning.

Sjå resultatområde 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 5 Storslått fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap, 7 Godt bymiljø, 8 Aktivt friluftsliv, og 11 Stabilt klima for nærare omtale av planlegging innanfor prioriterte område.

2. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk

Indikatorar:

  • Tal på og type motsegner fremja i planprosessen, etter motsegnsorgan og -grunn, og tal avgjort av Miljøverndepartementet.

I 2011 vart det fremja motsegn til 118 av i alt 227 kommune(del)planer som var sende på høyring. Det svarer til 52 pst. av planane. Det vart fremja motsegn til 650 av i alt 2000 reguleringsplanar. Det svarar til 33 pst. av planane. Tala for 2010 var respektive 48 og 29 pst., for 2009 var dei 42 og 32 pst. Kjelde: KOSTRA, SSB. Omsyn til utbyggingsmønster, naturvern, friluftsliv, landskap, grønstruktur, jord- og skogbruk, strandsona, og kulturminne og kulturmiljø er dei grunngivingane som vart brukt oftast i motsegnene til kommuneplanane i 2011. Rapporteringa i KOSTRA omfattar ikkje korleis kommunane agerer som følgje av motsegnene til planane. Tala for 2011 viser ein auke i omfang av motsegner til kommuneplanens arealdel og ein svak auke i motsegner til reguleringsplanar.

Motsegnsordninga er naudsynt for å sikre nasjonale og viktige regionale interesser. Departementet vil greie ut praktiseringa av motsegner i plansaker og kva konsekvensar bruken av motsegnsinstituttet har. I den samanhengen vil det bli lagt til rette for å betre samhandlinga mellom statlege fagorgan, fylkeskommunane og kommunane.

Av meir enn 2000 arealplanar som blir vedtekne i kommunane kvart år, blir berre mellom 1 og 2 pst. sende til Miljøverndepartementet for endeleg avgjerd fordi det ikkje er oppnådd semje om innhaldet i planen. I 2011 var det 24 motsegnssaker som vart behandla i Miljøverndepartementet. Dette viser at det i dei fleste tilfella blir funne fram til gode løysingar som foreinar lokale, regionale og nasjonale interesser. Omsyn til strandsona, naturverdiar, landskap og friluftsliv og reindrift var dei viktigaste grunngivingane for motsegnene. Veg- og jernbane, kulturminne og konfliktar knytte til jordvern utgjer andre grunngivingar. Det er fylkesmannen, Statens vegvesen og reindriftsnæringa som oftast har motsegner til planar som hamnar i Miljøverndepartementet.

Det er svært få av dei få kommunal planane som gjeld bustadbygging i storbyane som endar opp i departementet til avgjerd. Boks 9.4. synleggjer dette.

Boks 9.4 Planar for bustadbygging i byane

I løpet av 2010 og 2011 har Miljøverndepartementet behandla følgjande plansaker som angår bustadbygging i storbyane:

  • Osloområdet: I Oslo ingen motsegnssaker behandla i Miljøverndepartementet som omhandlar bustader dei to siste åra. I Bærum vart det reist motsegn mot eit bustadområde grunna omsynet til kollektivtransport, men Miljøverndepartementet opna for bustadbygging.

  • Bergen: I motsegnssak til kommuneplanens arealdel, grunna omsyn til landbruks, natur og friluftsområde sa Miljøverndepartementet nei til eit bustadområde på 600 bustader, men opna samtidig for 450 andre bustader.

  • Stavanger: I motsegnssak om mindre bustadutbygging sa Miljøverndepartementet nei på grunn av omsynet til jordvern.

  • Trondheim: Ingen motsegnssaker behandla i Miljøverndepartementet som omhandlar bustader dei to siste åra.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i verdifulle landbruks-, natur- og friluftsområde.

Planar heimla i plan- og bygningslova er bindande eller retningsgivande for kva slag tiltak som kan gjennomførast i område med stor miljøverdi. Det gjeld landbruks-, natur- og friluftsområde og andre typar område med restriksjonar for byggjeaktivitet. I 2011 vart det gitt om lag 2 600 byggjeløyve i samsvar med kommunale arealplanar i desse områda. Dette er noko lågare enn i 2010 og 2009. I tillegg vart det gitt dispensasjonar. I 2011 vart det innvilga 1468 dispensasjonar for nybygg i landbruks-, natur- og friluftsområde, noko som er om lag på same nivå som dei tre siste åra.

Regjeringa har hatt som mål å halvere den årlege omdisponeringa av viktige jordressursar innan 2010, og dette innebar ei årleg omdisponering på under 6000 daa. Statistikken skil ikkje ut dei mest verdifulle jordressursane, men som vist i tabell 9.3. er Regjeringa på rett veg med gradvis mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av jordressursane.

Tabell 9.3 Omdisponering av dyrka og dyrkbar mark

2007

2008

2009

2010

2011

Talet på dekar dyrka og dyrkbar mark som er omdisponert til andre formål enn landbruk

15 400

15 000

13 000

12 200

10 500

Av dette, dyrka mark (daa)

8 800

7 900

8 300

6 700

6 700

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet har oppretta ei arbeidsgruppe som skal vurdere og fremje forslag om korleis verkemidla i plan og bygningslova kan nyttast for å styrkje jordvernet. Gruppa kjem med si innstilling i 2012.

Talet på fritidsbustader i strandsona, i snaufjell, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgt opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innan 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007. Talet på fritidsbustader i 100-metersbeltet langs sjø var om lag 82 800 i 2007.

Regjeringa vedtok i mars 2011 statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning. Formålet med retningslinjene er å tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen innanfor ramma av plan- og bygningslova.

Retningslinjene deler landet inn i tre hovudområde:

  • Kystkommunar i Oslofjorden til og med Telemark

  • Andre område der presset på areala er stort

  • Område med mindre press på areala

Departementet og DN følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet.

Dei tilgjengelege areala for friluftsliv i strandsona minkar. I perioden 2000-2010 har tilgjengeleg areal blitt 2,1 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,7 pst. Kjelde: SSB. Sjølv om tendensen framleis går i retning av mindre tilgjengeleg areal for friluftsliv i strandsona, har reduksjonen avteke på landsbasis mot slutten av perioden.

Byggjeaktiviteten i strandsona minkar og ein har klart å bremse nedbygginga av fellesareala langs kysten. I perioden 2006 til 2010 minka bygginga i strandsona utanom tettstader med ein fjerdedel. I 2010 vart det utanom tettstader sett i gang 3 076 bygg, mot 4 123 i 2006. Kjelde: SSB/Matrikkelen. Dei fleste fylke hadde færre bygg som er sette i gang i 2010. Unntaka var Oslo, Buskerud og Nord-Trøndelag. Hordaland hadde flest bygg som var sette i gang.

Færre søkjer om dispensasjon og 2011 var første året sidan 2006 at kommunane mottok færre søknader om nybygg i strandsona. Samstundes er det ein aukande del av desse søknadane som blir innvilga. I 2011 vart 78 pst. av søknadene innvilga, tilsvarande tal for føregåande år er 74 pst. i 2010, 66 pst. i 2009 og 67 pst. i 2008. Rapporteringa i KOSTRA viser at det i 2011 vart gitt 1045 dispensasjonar for bygging i strandsona langs sjøen. I 2010 vart det gitt 1122 dispensasjonar, mot 900 i 2009 og 812 i 2008. Sjølv om talet går ned frå 2010 til 2011 er nivået framleis høgt samanlikna med 2008 og 2009. Færre byggjer i samsvar med plan. I 2011 vart det gitt om lag 1294 byggjeløyve i samsvar med plan, noko som er lågare enn alle åra i perioden 2005-2010. Det vart gitt om lag 1540 byggjeløyve i samsvar med plan i 2010, noko som er same nivå som i 2009, mens det i 2008 var høgare med 1730 løyve. Tala viser at det er naudsynt med oppdaterte planar for strandsoneområda for å sikre allmentas tilgang til viktige frilufts- og naturområde.

Tabell 9.4 viser utvikling i dispensasjonar og byggjeløyve i strandsona.

Tabell 9.4 Utbygging i strandsona

2005

2006

2007

2008

2009

2010

2011

Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjøen

1134

808

767

812

900

1122

1045

Talet på godkjente byggjeløyve i samsvar med plan

1930

1 306

1 658

1 729

1 503

1541

1294

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Tala viser at det til trass for innstramminga i ny plan- og bygningslov framleis er eit stort press på bygging i strandsona. Utviklinga viser òg at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med høgt utbyggingspress i strandsona. Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde. Utviklinga i strandsona blir følgt gjennom KOSTRA-rapporteringa, og blir kunngjort av SSB i juni kvart år. I tillegg utarbeider SSB kvart år frå og med 2010 ein eigen arealstatistikk om status og tilgjenge for friluftsliv i strandsona.

KOSTRA-tal for dispensasjonar frå byggjeforbod i 100-metersbeltet langs vatn og vassdrag viser at det i 2011 vart gitt 244 dispensasjonar for nybygg. Dette er lågare enn i 2010 då det vart gitt 319 dispensasjonar, men noko høgare enn i 2008 og 2009 med respektive 203 og 163 dispensasjonar. Departementet ser det slik at det i ein del pressområde er behov for ein skjerpa politikk og betre plangrunnlag for å sikre strandsona langs vatn og vassdrag for allmenta, og av omsyn til flaum, klimatilpassing og naturmangfald. Departementet vil i si rettleiing framover leggje vekt på behovet for heilskapleg planlegging av arealbruken langs vatn og vassdrag.

Sjå òg resultatområde 1 Levande hav og kyst, 2 Livskraftige elvar og innsjøar, 5 Storslått fjellandskap, 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap, og 8 Aktivt friluftsliv for omtale.

  • Politikk formidla gjennom blant anna nasjonale forventningar, skriv, kurs og departementet sin nettstad.

Miljøverndepartementet utarbeider rettleiing om berekraftig planlegging og formidlar nasjonal politikk og god planpraksis.

Dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging vart vedtekne 1. juli 2011. Dei skal leggjast til grunn for planlegginga i kommunar og fylkeskommunar.

Det er utarbeidd bindande statlege planføresegner (SPB), og fleire statlege planretningslinjer (SPR) som er retningsgivande for planlegginga.

Nettstaden www.planlegging.no som er drifta av Miljøverndepartementet, er ein viktig arena for formidling av regelverk og rettleiarar. Nettbaserte rettleiarar blir oppdaterte jamleg. Utfordringa er å sikre god oversikt og at kommunar, planleggjarar o.a. blir merksame på oppdateringar og endringar. Fylkeskommunens og fylkesmannens rettleiingsansvar er viktig i denne samanhengen.

I tillegg til regelverk og rettleiarar blir avgjerder i motsegnssaker og svar på spørsmål som kan ha interesse for andre, lagt ut på www.planlegging.no. Nettsidene er svært mykje brukt, og tilbakemeldingar viser at nettstaden har ein viktig funksjon i rettleiingssamanheng. Mange fylkeskommunar og fylkesmenn arbeider med eigne nettsider, som blir koordinerte med departementet. Formidling av planfaglege tema skjer òg gjennom tidsskrifta Plannytt og Planjuss utgitt av departementet. I 2011 vart det utgitt 1 nummer av Plannytt. Plannytt nr. 1 for 2012 hadde Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging som hovudtema.

I løpet av 2011 og 2012 er det presentert rettleiarar om kommunal planstrategi, regional planstrategi, kommuneplanens arealdel, kommuneplanprosessen og kommuneplanens samfunnsdel, konsekvensutgreiingar i oversiktsplanlegginga, om kvalitet i byrom og uteareal, stadutvikling og belysning, og handel, by og tettstadstruktur. I tillegg er det utgitt nye temarettleiarar om landbruk og planlegging i samarbeid med Statens landbruksforvaltning, og mineralske førekomstar og planlegging etter plan og bygningslova i samarbeid med Direktoratet for mineralforvaltning. Det er òg utarbeidd rettleiar til forskrift om kart, stadfesta informasjon, arealplan digitalt planregister. Andre institusjonar utarbeider også rettleiing om korleis deira interesser kan takast vare på etter plan- og bygningslova.

Riksantikvaren og Direktoratet for naturforvaltning (DN) har på oppdrag frå Miljøverndepartementet utarbeidd ein grunnlagsmetode for landskapsvurderingar og ein rettleiar for landskapsanalysar i kommuneplanlegging. Det er òg utarbeidd ein rettleiarar for landskapsvurderingar i vindkraftsaker. Førebelse versjonar frå 2011 er til utprøving før dei skal ferdigstillast.

Informasjonsformidling skjer blant anna gjennom nasjonale og regionale konferansar for kommunar, fylkeskommunar, fylkesmenn og statlige etatar. Departementet arrangerer årleg fleire nettverkssamlingar for fylkesmennene, fylkeskommunane, andre regionale instansar og direktorat. Det blir òg gjennomført årlege nettverkssamlingar for kommunane i alle fylke. Departementet hjelper til med gjennomføringa etter behov. Nettverkssamlingane er sett på som ein viktig arena for rettleiing og utveksling av erfaringar og utfordringar knytte til bruk av ny lov. Vidareføring av nettverksarbeidet er òg blitt prioritert i 2011og 2012.

Programmet Livskraftige kommunar – kommunenettverk for miljø og samfunnsutvikling, vart avslutta sommaren 2011. Erfaringane frå programmet viser at arbeid i læringsnettverk er eit godt verkemiddel for å styrkje miljøarbeidet i midtsjiktet av kommunar. Kommunerapportar og følgjeevalueringa syner at kommunane har styrkt miljøkompetansen sin og evna til å drive offensiv miljø- og samfunnsutvikling gjennom deltaking i programmet. Programmet har synleggjort eksempel på offensiv lokal miljø- og samfunnsutvikling gjennom eksempelark, informasjonshefte og portalar, og i dokumentasjonen frå følgjeevalueringa.

Miljøverndepartementet har både i 2011 og 2012 gitt tilskot til fylkeskommunane og fylkesmennene for å rettleie i plan- og bygningslova og til prosjekt knytte til planutfordringane i det enkelte fylke. I 2011 vart det blant anna gitt tilskot til utvikling av kurstilbod, rettleiar og nettsider, og oppfølging av ulovlege tiltak.

Senter for etter- og vidareutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS), tilknytt KS, har òg i 2012 fått tilskot til utvikling og gjennomføring av kurs om reguleringsplanlegging etter ny plan- og bygningslov. Dei gjennomfører òg kurs for rådmenn om planlegging som styringsverktøy i kommunane, og er sekretariat for opplæring av kommunane i planlegging knytt til samhandlingsreforma.

Miljøverndepartementet lanserte i 2011 www.miljøkommune.no. Føremålet er å møte nokre av kompetanse- og kapasitetsutfordringane i kommunane. Nettstaden er hjelpemiddel for kommunane til saksbehandling innan miljø og planlegging. Nettstaden gir ei oversikt over kva som er kommunal mynde og oppgåver i dei lover og reglar som sorterer under Miljøverndepartementet. Der er òg forslag til korleis oppgåvene kan løysast med tilhøyrande flytskjema for saksgang, og malar til saksdokument. Nettstaden skal vere i full drift frå 1.1.2014.

3. Plan- og bygningslova og aktuelle sektorlover skal nyttast aktivt for å sikre lokal og regional utvikling som vektlegg gode løysingar med tanke på miljøet, og sikrar god dokumentasjon av konsekvensar for miljø og samfunn.

  • Talet på kommunale, fylkeskommunale og regionale planar der miljøstatus og miljøutfordringar er synleggjort i planstrategiar og planar.

Alle kommunar og fylkeskommunar skal ha utarbeidd planstrategiar innan 2012, og som skal ta stillig til kva planspørsmål det er viktig å arbeide med.

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane vart fastsett i 2009, og nær alle kommunar har no ein klima- og energiplan. Gjennom KOSTRA-rapporteringa for 2011 seier 78 pst. av kommunane at dei har ein gjeldande plan for klima- og energi. Gjennomsnittsalderen for desse var 0,2 år. Ifølgje oversikta til Enova og KS hadde 410 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. august 2012, mens 18 var i gang med planarbeidet. Over 99 pst. av kommunane har dermed eller er i ferd med å få på plass ein klima- og energiplan. Sjå òg Resultatområde 11 Stabilt klima.

Over 220 kommunar har skaffa seg kompetanse og erfaringar i klima- og miljøarbeid gjennom deltaking i samarbeidsprogramma Livskraftige kommunar, Grøne energikommunar eller Framtidas byar. Livskraftige kommunar vart avslutta sommaren 2011 og tilnærma alle kommunane har arbeidd med klima og energi som eit prioritert satsingsområde. Programerfaringane er no i ferd med å bli nedfelte i kommunane sine planstrategiar som skal utarbeidast i medhald av plan- og bygningslova. Erfaringar frå Livskraftige kommunar har òg vore eit grunnlag i førebuingane av Kommunal- og regionaldepartementet si satsing på Lokalsamfunnsutvikling i kommunane, og KS sitt arbeid med klimakutt i kommunane og arbeidet med forbetring av lokal klima- og energistatistikk i KOSTRA.

I tråd med retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg har fire fylke vedteke regionale planar for vindkraft. Fleire andre fylke arbeider med vindkraftplanar eller andre planar for energi der vindkraft utgjer ein avgrensa del. Potensialet for vindkraft til havs og særleg frå flytande havmøller langs norskekysten er stort. Stortinget har vedteke ei lov om fornybar energi til havs (havenergilova). Miljøverndepartementet saman med underliggjande direktorat samarbeider med energistyresmaktene om å vurdere aktuelle utbyggingsområde for vindkraft til havs til område der konfliktnivået i høve til miljøomsyn og andre brukarinteresser (som f.eks. skipsfart, fiskeriinteresser, petroleumsverksemd) er akseptabelt.

Plan- og bygningslova vektlegg omsynet til samfunnstryggleik og stiller krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging. Det er varierande kvalitet på utgreiingar etter forskrifta om konsekvensutgreiingar under plan- og bygningslova. Dette gjeld spesielt for oversiktsplanar etter plan- og bygningslova. Miljøverndepartementet har utarbeidd ei rettleiing om konsekvensutgreiingar av oversiktsplanar, som blant anna omtaler korleis ulike miljøtema skal utgreiast og presenterast i slike planar. Samtidig har departementet sett i gang eit arbeid med å revidere forskrifta om konsekvensutgreiingar, blant anna for å sikre at forskrifta er i samsvar med gjeldande EU-rett. Ei revidert forskrift vil òg ta opp i seg dei nye krava til dokumentasjon som følgjer av naturmangfaldlova, og gi eit endå betre grunnlag for ei berekraftig og kunnskapsbasert forvaltning.

  • Talet på planar i kommunar, fylkeskommunar og regionar med særleg fokus på klima og klimatilpassing, natur- og friluftsliv, areal og transport.

I 2011 rapporterer 129 kommunar i KOSTRA at dei har utarbeidd risiko- og sårbarheitsanalysar knytte til konsekvensar av klimaendringar. Det er om lag 30 pst. av kommunane. KOSTRA gir òg opplysningar om kva for problemstillingar som blir tekne opp; skred og rasfare, avrenning, temperatur, flaum, havnivå og bølgjer, vind eller anna.

I alt 16 fylke hadde i 2011 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak. Fylkesdelplanar tek òg opp andre tema som går på tvers av kommunane, blant anna planar for fjellområde, villrein og kystsone.

Departementet har følgt opp Stortingets vedtak om samarbeid om areal- og transportplanlegging mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Planstrategien for areal og transport mellom Oslo – Akershus er til endeleg godkjenning av Regjeringa etter vedtak i bystyre og fylkesting i 2012. Det regionale plansamarbeidet om areal- og transport er eit breitt samarbeid mellom Oslo kommune, Akershus fylkeskommune, alle kommunane i Akershus, involverte departement og alle dei store transportorgana, og er eit viktig steg på vegen til å løyse areal- og transportutfordringane i regionen.

Tabell 9.5 viser regionale planar fordelte på plantema, KOSTRA-tal for 2011.

Tabell 9.5 Regionale planar fordelte på plantema

Tal på fylkeskommunar med ein eller fleire slike planar

Samordna plan for areal/transportplanlegging eller utbyggingsmønster

16

Plan for kulturminne og kulturmiljø

15

Plan for friluftsliv

13

Plan for kystsoner

10

Plan for klima/energi

14

Plan for universell utforming

7

Plan for vassdrag

0

Plan for fjellområde

8

Plan for grønstruktur

4

Plan for biologisk mangfald

3

Kjelde: KOSTRA, SSB.

Miljøverndepartementet samarbeider med andre departement om arbeidet med regionale natur- og kulturparkar i utvalte regionar. Berekraftig utnytting av natur- og kulturverdiane er sentralt i satsinga.

Fjell- og utmarksområda er ein vesentleg ressurs for nyskaping og næringsverksemd i bygdene. For å få til gode langsiktige løysingar krev dette ofte interkommunalt og regionalt samarbeid, som gir føringar for det kommunale planarbeidet. Miljøverndepartementet gjennomfører eit femårig program som blir avslutta i 2013 der fylkeskommunane utarbeider regionale planar for ei langsiktig forvaltning av dei viktigaste fjellområda med villrein. Planane omfattar 11 fylke og ca. 61 kommunar. Planane for Rondane – Sølnkletten, Hardangervidda og Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Setesdal Austhei (Heiplanen) er snart fullført. Planarbeidet for dei andre områda; Forollhogna, Ottadalen, Nordfjella og Dovrefjell (Snøhetta/Knutshø) blir fullførte i løpet av 2013.

Det har dei siste åra blitt ferdigstilt mellom 4000 og 9000 fritidsbustader pr. år her i landet. I tillegg kjem standardauke og utvidingar på eksisterande fritidsbustader, som ein reknar med har om lag same omfanget. Standardauke inneber, i tillegg til auka areal og teknisk standard på bygningane, utbygging av veg, vatn og avløp og straumforsyning. Dei samla miljøkonsekvensane av slik standardauke vil vere betydelege i mange område. Auka standard fører òg med seg lengre brukstid. Regjeringa er derfor oppteken av at kommunane tek stilling til standard og storleik på eksisterande fritidsbustader i kommuneplanen. Tabell 9.6 viser utviklinga i utbygging av fritidsbustader.

Tabell 9.6 Utbygging av fritidsbustader

2008

2009

2010

2011

Talet på hytter og sommarhus

388 938

394 102

398 884

405 883

Talet på heilårsbustader mv. som er nytta som fritidsbustader

28953

29 593

30 209

32 374

Talet på fritidsbustader

417891

423 695

429 093

438 257

Kjelde: SSB, Matrikkelen.

Det blir utarbeidd kommunale og regionale planar for ei rekkje område. Sjå òg dei ulike resultatområda for Miljøforvaltninga for nærare omtale.

  • Talet på føreleggingssaker etter §8 i forskrift om konsekvensutgreiingar, og konflikttema i den enkelte saka.

Departementet behandla 28 føreleggingssaker etter forskrifta om konsekvensutgreiingar i 2011. Hovuddelen av desse var vindkraftanlegg. Omsynet til naturmangfald var det sentrale temaet i dei fleste føreleggingssakene.

Fylkesmannen og fylkeskommunen

Fylkesmannen er statens fremste representant i fylket. Ein stor del av den statlege regionale miljøforvaltninga er lagt til fylkesmannsembeta. Fylkesmannen ser til at nasjonale miljømål blir følgde opp regionalt og lokalt, og det arbeidet som embeta utfører er ein føresetnad for å gjennomføre Regjeringas miljøpolitikk. Fylkesmannen har ei sentral rolle knytt til samarbeid og samordning med andre sektorar og forvaltar viktige delar av lovverket på plan- og miljøområdet. Kommunane har svært varierande kapasitet og kompetanse på plan- og miljøområdet, og fylkesmannen si oppfølging og rettleiing av kommunane er derfor viktig.

Dei prioriterte oppgåvene for fylkesmannen på miljøområdet er arbeidet for å sikre og forvalte truga og spesielt verdifulle naturtypar, ta vare på truga og sårbare arter, under dette villaks, rovvilt og villrein, og kjempe mot framande organismar. Embeta har miljøfagleg ansvar for vassforvaltning og utfører arbeid innanfor klimaområdet, konsesjonsbehandling, tilsyn med ulike verksemder på forureiningsområdet og opprydding i gammal forureining.

Som ei følgje av forvaltningsreforma overtok fylkeskommunen frå 1. januar 2010 dei fleste av fylkesmannen sine oppgåver innanfor friluftsliv, bestandsforvaltning av ikkje truga arter av vilt og innlandsfisk som det kan haustast av, og vassregionmyndet. Det betyr at både fylkesmannen og fylkeskommunen har viktige oppgåver innanfor vassforvaltning, og i dei fleste fylke samarbeider dei svært godt på dette området.

Planlegging er ein viktig reiskap for å nå dei miljøpolitiske måla. Gjennom plan- og bygningslova er det etablert verkemiddel for å skape rammer for ei samfunnsutvikling og eit miljø som tek vare på menneske, natur og klima. All planlegging i kommunar, fylke og regionar skal skje innanfor ramma av nasjonal politikk.

Midlar til løn og drift for miljøoppgåvene som fylkesmannen og fylkeskommunane utfører på miljøområdet er budsjetterte på kap.1510 Fylkesmannsembeta under Fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementets budsjett og for Fylkeskommunen over kap 572 , post 60 under Kommunal- og regionaldepartementet.

Miljøansvar i anskaffingar og drift av offentlege verksemder

Offentleg sektor kjøpte i 2010 varer og tenester for rundt 381 mrd. kroner. Statsforvaltninga sin del var rundt 159 mrd. kroner.

Regjeringa ser det som viktig at statlege verksemder tek ansvar for å gå føre som ansvarleg innkjøpar og forbrukar ved å integrere miljøomsyn i sine anskaffingar. I arbeidet knytt til miljøansvar i offentlege innkjøp har Regjeringa eit særleg fokus på tiltak knytte til klima og energi, helse- og miljøfarlege stoff, avfall og biologisk mangfald.

  • Det er utarbeidd ein handlingsplan for miljø- og samfunnsansvar i offentlege innkjøp, og det er utarbeidd rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper. Rettleiande miljøkriterium for prioriterte produktgrupper til bruk for innkjøparar blir fortløpande lagt ut på www.anskaffelser.no. Miljøleiing i statlege verksemder blir ført vidare gjennom handlingsplanen. Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har fått ansvaret for å følgje opp handlingsplanen for miljø- og samfunnsansvar i offentlege nyskaffingar som omfattar miljøomsyn. Innovasjon og leverandørutvikling er viktige verkemiddel for berekraftig utvikling av nyskaffingar og utvikling av miljøteknologi, og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) gir viktig bidrag til miljøomsyn i offentlege nyskaffingar gjennom: Utarbeiding av rettleiarar med miljøkriterium og beste praksis

  • Utvikling av støtteverktøy for leiarar og innkjøparar

  • Spreiing av verktøy, malar og eksempel på www.anskaffelser.no.

  • Særskilt miljøfokus på portalen for bygg- og anleggsektoren.

  • Integrering av miljøomsyn i konkrete nyskaffingar, rettleiing, kurs, standardiserte malar og verktøy for offentlege nyskaffingar, under dette integrering av miljø på e-handelsplattforma

  • Arrangering av konferansar og kurs i offentlege nyskaffingar og miljø, og deltaking i nettverk, konferansar, seminar med kompetansehevande tiltak.

Miljøleiing

  • Assisterer departementa i å innføre EMAS-sertifisering for eiga drift i samarbeid med Departementa sitt servicesenter (DSS)

  • Vidareføring og spreiing av MiljøRapp, eit rapporteringssystem der statlege verksemder kan rapportere nøkkeldata om miljøbelastning, tiltak og rutinar, slik at det blir lettare for departementa og andre interessert å følgje opp gjennomføring av krav om miljøleiing

  • Utarbeider rettleiar til rapportering, arrangerer arbeidsseminar og yter støtte i utarbeiding av tiltaksplanar

  • Utarbeider statistikk, samlar gode eksempel og lagar rapportar baserte på innrapportert data

Nærare om arbeidet

For å gi offentlege verksemder støtte i gjennomføringa av handlingsplanen, er det i kvart fylke etablert ei treårig regional fagleg støtteteneste (knutepunkt) som òg står til rådvelde for statlege, kommunale og fylkeskommunale verksemder. 2012 er siste året.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) bistår Miljøverndepartementet i internasjonalt arbeid, under dette erfaringsutveksling, kompetansehevande tiltak ved grøne offentlege nyskaffingar og miljøteknologi.

Nettbasert rettleiing for kommunane på miljøområdet – www.miljøkommune.no

Kommunane har omfattande ansvar, oppgåver og mynde etter miljølovverket. Mange kommunar har problem med å utføre alle sine lovpålagte oppgåver på ein tilfredsstillande måte. Dette kan skuldast mangel på kapasitet eller kompetanse. Men miljøstyresmaktene si rettleiing overfor kommunane er òg varierande og til dels mangelfull. Meir tilgjengeleg og målretta rettleiing kan hjelpe kommunane til å bruke myndet dei er tillagt etter forureiningslova, plan- og bygningslova, naturmangfaldlova, kulturminnelova og anna miljølovgiving betre og meir effektivt enn i dag. Miljøverndepartementet har derfor bede Klima- og forureiningsdirektoratet om å etablere, med bidrag frå alle etatar, ein felles nettstad retta mot tilsette i små og mellomstore kommunar. Nettstaden skal samle rettleiingar til kommunane på dei områda der kommunen er miljøstyresmakt. Dei første tekstane vart publiserte våren 2012, og planen er at nettstaden skal vere komplett innan utgangen av 2013.

10 Internasjonalt samarbeid

Dei viktigaste miljøproblema, klimaendringar, tap av naturmangfald og spreiing av miljøgiftar, er globale. Skadeverknadene kan komme på heilt andre stader enn der problema har sitt opphav. Fattigfolk med låg energibruk kan bli ramma spesielt hardt av klimautviklinga, og nord- og polarområde blir sterkt påverka av klimaendringar og miljøgifter som skuldas utviklinga i heilt andre delar av verda. Ein kan dessutan ikkje sjå desse problema isolert frå kvarandre. Klimaendringar vil kunne skape problem både for ville arter og økosystem og for landbruket i viktige område.

Dei store miljøutfordringane kan berre løysast gjennom eit tett samarbeid mellom verdas land. Her vil dei globale miljøavtalene stå heilt sentralt. På same tid er drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed òg miljøutviklinga i aukande grad globale. Samarbeid for å sikre ein god miljøpolitikk må derfor skje innanfor dei organa som har miljø som hovudoppgåve, men òg i fora der ein fastset andre viktige rammevilkår. På fleire område er det store motsetnader mellom ulike land i synet på desse spørsmåla. Noreg skal vere eit føregangsland i miljøpolitikken. Dette inneber sterk innsats for å løyse miljøproblema og vidareutvikle miljøpolitikken internasjonalt og nasjonalt.

Felles for dei globale miljøproblema er at vi treng sterke internasjonale verkemiddel i tillegg til ein ambisiøs politikk i dei enkelte landa. Dette er ei vanskeleg utfordring i ei verd med store skilnader i ansvar mellom fattige og rike land for dei problema vi står overfor. Globale miljøforhandlingar har derfor i seinare år vore sterkt prega av ei polarisering nord/sør. EU er ein pådrivar i internasjonalt miljøarbeid. Samtidig ser vi òg at land som Kina, India, Brasil, Sør-Afrika og Russland spelar ei heilt anna rolle som miljøpåverkarar og politiske aktørar enn for berre få år sidan. Også på andre politikkområde som gjeld handel og økonomisk politikk er dei globale maktforholda radikalt endra t.d. sidan den første Rio-konferansen om miljø og utvikling i 1992.

Det er òg store skilnader på dei globale miljøproblema. For miljøgifter er dei fleste problema som kom frå innanlandsk produksjon og norske kjelder løyste. Dei belastningane som Noreg blir påført skuldast i stor grad langtransportert forureining eller produkt utanfrå. Klimaendringar skuldast summen av utslepp i alle delar av verda samtidig som verknadene kjem både globalt og lokalt/regionalt. Ei positiv utvikling her må skje ved at alle aktørar, ikkje minst land med store utslepp, legg opp til ein aktiv klimapolitikk med tilstrekkelege utsleppskutt. Det globale tapet av naturmangfald er eit resultat av øydelegging av økosystem og tap av arter i tusenvis av område over heile verda. Tiltak for å bremse dette må skje på alle nivå, frå betre naturforvaltning lokalt og nasjonalt til utvikling av effektive internasjonale verkemiddel. Nord- og polarområda er viktige referanseområde for globale trendar innan alle desse områda, spesielt gjeld dette truslane frå klimaendring og miljøgifter.

Det er ein nær samanheng mellom utviklinga på ulike miljøområde som klima, naturmangfald og miljøgifter. For eksempel vil globale klimaendringar føre til endra livsvilkår for planter og dyr i dei enkelte landa. Både naturlege økosystem, kulturlandskap og landbruksområde vil bli påverka. For Noregs del kan dette dreie seg om t.d. arktiske naturtypar, økosystem med havis, høgfjellsnatur og oppvekstområde for viktige fiskeslag. Grunnlaget for matproduksjon og busetnad vil kunne bli svekt eller forsvinne over stadig større område etter kvart som havet stig og frekvensen og intensiteten av tørke, varmebølgjer, ekstrem nedbør og flaum aukar. Samtidig vil tilgangen til vatn og jordbruksproduksjon kunne auke i andre område, særleg i nord.

Sjølv om uvissa er stor, er det viktig å erkjenne at klimaendringane vil kunne få langtrekkjande konsekvensar for mattryggleik, økonomisk utvikling, migrasjon og konflikt.

I tida som kjem må ein sjå på alle høve til å nytte den kunnskapen ein har om samverknader mellom miljøområde. Ein må søkje å bryte negative synergieffektar og i staden finne løysingar som kan vere bra for fleire miljøområde på same tid. Vel fungerande og robuste økosystem er t.d. viktig for å redusere trusselen frå klimaendringar. Til dømes vil betre bevaring av skog i dei enkelte landa minske utslepp av drivhusgassar og såleis medverke til å bremse den negative globale klimautviklinga. Betre skogbevaring vil òg bety betre vilkår for naturmangfald og naturlege økosystem, noko som igjen vil ha store positive verknader for dei økosystemtenestene som menneskesamfunnet er så avhengige av. Den norske skogsatsinga vil vere eit viktig bidrag i denne samanhengen.

Miljøpolitikken blir stadig meir prega av samverknaden mellom internasjonalt og nasjonalt nivå. Måla blir i stor grad sette gjennom vedtak i konvensjonane, men dei må nåast gjennom tiltak i enkeltland. For Noreg blir det lagt viktige rammer for miljøpolitikken gjennom at EU utviklar eigne miljøreglar som følgjer opp og utviklar konvensjonane vidare. Gjennom EØS-avtala vert dei fleste av EUs miljøreglar gjennomførte i norsk miljølovgiving. På eit område som miljøgifter blir til dømes reglane som gjeld for Noreg i hovudsak utvikla gjennom EUs kjemikalieregelverk og forvaltningsregime. Noreg deltek aktivt i dette arbeidet under Europakommisjonen for å påverke EUs utvikling av reglar. Noreg og EU har ein ambisiøs politikk på kjemikalieområdet, noko som òg gjer det enklare å arbeide for ambisiøse reglar på internasjonalt nivå.

Drivkreftene bak den allmenne samfunnsutviklinga og dermed miljøutviklinga blir i aukande grad internasjonaliserte i dagens globale økonomi. Både EU og Verdas handelsorganisasjon set t.d. viktige rammevilkår for utviklinga i Noreg. Det er derfor viktig å arbeide for eit internasjonalt rammeverk som mogleggjer ambisiøse miljøreglar på nasjonalt, regionalt og globalt nivå, både innanfor dei organisasjonane som har miljø som føremål, innan bilateralt samarbeid og innanfor dei institusjonane som legg rammene for den ålmenne utviklinga.

På trass av mange positive utviklingstrekk, er det liten tvil om at tilstanden på område som klima og naturmangfald går i feil retning. I den femte rapporten om den globale miljøtilstanden (GEO-5) som FNs miljøprogram gav ut i 2012 kjem det tydeleg fram at situasjonen har forverra seg for meir enn halvparten av dei miljømåla som er vedtekne av det internasjonale samfunnet. Ein har heller ikkje lukkast med å få fram eit samarbeid som grip tak i problema på ein effektiv måte. Det er derfor viktig å arbeide for eit internasjonalt regelverk som gjer mogleg ein ambisiøs miljøpolitikk.

Internasjonalt miljøsamarbeid skjer under globale miljøavtaler som dekkjer klima (jf. resultatområde 11), naturmangfald (jf. resultatområde 1-5) og miljøgifter (jf. resultatområde 9) og under det bilaterale miljøsamarbeidet med ein del sentrale utviklingsland, som Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Kapitlet om internasjonalt samarbeid omfattar òg anna relevant samarbeid (ut over dei reine miljøavtalene) innanfor FN, EU, Verdas handelsorganisasjon, anna samarbeid om handels- og investeringspolitikk og OECD. I tillegg er det eit breitt nordisk og europeisk samarbeid bl.a. gjennom EØS-midlane, og gjennom samarbeidet i nord- og polarområda. Gjennom EØS-avtala vert mykje av EUs miljøreglar gjennomførte i norsk miljølovgiving, og det er omtalt under det enkelte resultatområdet. Verkemidla dekkjer både Miljøverndepartementets og andre departement sine ansvarsområde.

Miljøsamarbeid under FN-paraplyen

Det globale miljøstyresettet treng styrking og reform. Det vart slått fast i ein rapport frå FNs generalsekretær av mai 2010 at miljøpilaren sakkar akterut samanlikna med dei andre pilarane i berekraftig utvikling. Styrking av internasjonalt styresett for berekraftig utvikling var eit hovudtema på årets Rio-konferanse. Sjølv om det ikkje vart semje i Rio om å oppgradere FNs miljøprogram til FNs miljøorganisasjon vil Noreg framleis arbeide for dette på sikt.

I 2013 vil det vere viktig for Miljøverndepartementet å følgje opp følgjande vedtak frå Rio+20-møtet i juni 2012: styrking av FNs miljøprogram, utvikling av berekraftsmål, etablering av oppfølgingsmekanisme på grøn økonomi, slik at land som ønskjer bistand i arbeidet for ei grøn utvikling vil kunne få det, mellom anna ved å følgje UNEP sitt arbeid på området inklusive det vedtekne 10-årige rammeprogrammet for berekraftig produksjon og forbruk. Det vil vere viktig å bidra til å utvikle vidare arbeidet kring verdsetjing av naturkapitalen. I samarbeid med Utanriksdepartementet og Finansdepartementet vil Miljøverndepartementet særskilt følgje forslaga frå Rio+20-møtet om å supplere måling av brutto nasjonalprodukt (BNP) med måling av utviklinga i naturkapitalen og befolkninga si reelle velferd, og styrkje samarbeid for rapportering om næringslivet si eiga berekraft. Desse verkemidla vil fremje betre verdsetjing av naturkapitalen og leggje vekt på sosial velferd, ikkje minst i privat sektor. Departementet vil òg prioritere arbeidet for at styrkje FNs miljøprogram. FNs miljøprogram må styrkjast i rolla som det viktigaste organet for utforming av FNs politikk på miljøområdet. Det kan blant anna skje gjennom betre normative og kunnskapsgenererande funksjonar, betre styringsstruktur, auka samhandling med andre FN-organ og ved å unngå unødig dobbeltarbeid og kompetansestrid mellom anna ved å lage strategiar for FN-systemets samla miljøarbeid. Vi vil mellom anna spele inn til forhandlingane i FNs generalforsamling om desse strategiane i medhald av mandat frå Rio+20-møtet. Eit anna viktig område vil vere å medverke inn i utviklinga av ein FN-prosess for vern av havområde utanfor nasjonal jurisdiksjon, basert på ei økosystembasert forvaltning. Departementet vil òg medverke til å følgje opp FNs generalsekretær sitt initiativ om berekraftig energi til alle (Sustainable Energy for All), der den norskinitierte partnarskapen på klima og energi vil vere ein del av iverksetjinga.

Miljøverndepartementet vil òg, i tett samarbeid med dei nordiske landa, følgje aktivt opp semja om å etablere eit internasjonalt panel for kunnskap om biologisk mangfald og økosystemtenester – Naturpanelet – etter modell av Klimapanelet og med støtte frå FNs miljøprogram, FNs organisasjon for ernæring og landbruk, FNs utviklingsprogram og FNs organisasjon for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon. Noreg vil i tillegg medverke aktivt til å styrkje kapasitetsbygging i tilknyting til Naturpanelet sitt arbeid.

FN har teke initiativ for å betre forvaltninga av geografisk informasjon og samarbeidet om slik informasjon mellom landa. FNs økonomiske og sosiale råd har i den samanhengen sett ned ei eiga ekspertgruppe for forvaltning av global geografisk informasjon. Departementet deltek i arbeidet med bistand frå Kartverket.

Viktige internasjonale miljøavtaler og finansiering av globale miljømål

Noreg skal vere ein pådrivar i arbeidet med å utvikle vidare nye globale avtaler for å møte miljøutfordringa og skal vere eit føregangsland i oppfylling og implementering av avtaler.

Nokre internasjonale avtaler dekkjer spesielle og regionale utfordringar, mens andre er globale. Mange av miljøavtalene er underlagt FN, fordi eit grenselaust samarbeid er nødvendig for å løyse problem som artar seg på same måten i mange land. Miljøforvaltninga deltek i forhandlingar for å utvikle best moglege avtaler, og i arbeid for å medverke til at avtalene blir følgde i praksis.

Figur 10.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet.

Figur 10.1 Figur over dei viktigaste internasjonale konvensjonane på miljøområdet.

Her er det gitt ei kort beskriving av dei viktigaste avtalene på miljøområdet, så som klimakonvensjonen, internasjonale avtaler på miljøgiftområdet og konvensjonen om biologisk mangfald. Elles viser vi i ein tabell dei viktigaste avtalene for Noreg. Andre internasjonale avtaler har òg stor innverknad på miljøområdet, her er EØS-avtala i ei særstilling. UNESCO-konvensjonen om verdas kultur- og naturarv, Forørkningskonvensjonen om kampen mot forørkning, Antarktistraktaten og Havrettstraktaten er òg sentrale avtaler for Noreg. Noreg har òg underteikna mange bilaterale avtaler og ministererklæringar på miljøområdet. Ei oversikt over alle internasjonale avtaler på miljøområdet finst på www.miljostatus.no.

Noreg underteikna i 1992 FNs rammekonvensjon om klimaendring (Klimakonvensjonen), som er det sentrale rammeverket for det internasjonale klimasamarbeidet. Konvensjonen er ratifisert av 195 partar. Gjennom Klimakonvensjonen er partane forplikta til å arbeide for at konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren skal stabiliserast på eit nivå som hindrar ein farleg og negativ menneskeskapt påverknad på klimasystemet. Dette skal gjerast gjennom å etablere nasjonale klimastrategiar og gjennomføre tiltak for å redusere utslepp av klimagassar. Klimakonvensjonen inneheld ingen talfesta utsleppsforpliktingar for partane. I Mexico i desember 2010 vart det oppnådd semje om togradermålet, dvs. at vi saman med andre land har forplikta oss til å redusere omfanget av klimaendringane til ein auke i verdas gjennomsnittlege temperatur på under to grader samanlikna med før industriell tid.

Kyotoprotokollen frå 1997 er ei juridisk bindande internasjonal klimaavtale under Klimakonvensjonen. Alle industrialiserte land, unnateke USA, har under Kyotoprotokollen forplikta seg til talfesta utsleppsreduksjonar. I tillegg kan landa bruke dei fleksible gjennomføringsmekanismane under protokollen til å kjøpe og selje utsleppskredittar. Dette for å sikre at klimagassutsleppa blir gjennomførte der dei kostar minst, samtidig som målet for dei samla totale utsleppsreduksjonane står fast. Styrken i Kyotoprotokollen er at den har nedfelt bindande kvantitative utsleppstak for kvart land. Den har felles reglar for korleis landa skal rekne, rapportere, måle og bokføre utsleppsreduksjonar og felles retningslinjer for korleis landa skal bokføre bruk av fleksible gjennomføringsmekanismar. Ein stor veikskap med protokollen er at den i seg sjølv ikkje er tilstrekkeleg til å nå togradermålet. I dag er berre om lag 30 pst. av dei globale klimagassutsleppa omfatta av protokollen, og i ein ny periode med bindande kvantitative tak på land sine utslepp frå 2013 er det venta at dette talet vil gå ytterlegare ned. På partsmøtet for FNs klimakonvensjon på Bali i Indonesia i 2007 starta ein forhandlingsprosess for å etablere ei klimaavtale som omfattar alle land. Forhandlingane omfattar utsleppsreduksjonar, klimatilpassing, teknologioverføring og finansiering og skal leie fram til eit samla resultat. Denne forhandlingsprosessen skal etter planen vere ferdig etter møtet i Qatar i 2012. Då vil ein ha eit rammeverk for å følgje opp utsleppsmål frå meir enn 80 land fram til 2020, og ulike ordningar og institusjonar for å støtte gjennomføring av tiltak, blant anna Det Grøne Klimafondet. Partane til FNs Klimakonvensjon skal forhandla om ei ny, juridisk bindande avtale som skal gjelde for alle land frå 2020.

Internasjonalt arbeid er nødvendig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt, både for å redusere mengda langtransportert forureining og for å redusere produksjonen, omsetninga og bruken av miljøgifthaldige produkt som er produserte utanfor Noreg. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, og UNECE-protokollane om respektive organiske miljøgifter og tungmetall. Noreg ønskjer òg å styrkje Basel-konvensjonen om farleg avfall, bl.a. for å sikre at ikkje farleg avfall blir dumpa i utviklingsland. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som no blir forhandla fram. Denne konvensjonen skal vere ferdig i 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM, som medverkar til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar.

FNs konvensjon om biologisk mangfald (CBD) er det sentrale internasjonale rammeverket rundt arbeidet med å ta vare på naturmangfaldet. Denne konvensjonen er eit uttrykk for verdssamfunnet si bekymring over tapet av naturmangfald og behovet for tiltak for å motverke dette gjennom vern og berekraftig bruk av naturmangfald. Konvensjonen seier òg at goda som oppstår gjennom bruk av genetiske ressursar skal fordelast rettferdig. Avtala vart framforhandla i 1992 og er no ratifisert av 193 partar. Konvensjonen er ein prosessorientert rammekonvensjon som fastlegg overordna mål, prinsipp og generelle forpliktingar, mens spesielle forpliktingar blir utforma gjennom protokollar, arbeidsprogram og partsmøtevedtak.

Konvensjonen har i dag to protokollar. Den eine er Cartagena-protokollen om handel med og bruk av levande genmodifiserte organismar (GMO). Den andre er Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling av fordelar ved bruk av desse, som vart vedteken på det 10. partsmøte i Nagoya, Japan, hausten 2010. Alle partsland er pålagt å setje i verk tiltak for bevaring og berekraftig bruk av naturmangfald mellom anna gjennom nasjonale strategiar, handlingsplanar og rapportering som skal gjelde for alle samfunnssektorar. Dette pålegg utviklingslanda ei stor bør, som forvaltarar av størsteparten av jordas naturmangfald. For å sikre ei rettferdig byrdefordeling er dei industrialiserte landa forplikta til å medverke med finansiering, overføring av teknologi og tiltak for rettferdig fordeling av gode.

Noreg har arrangert 6 internasjonale konferansar om naturmangfald i samarbeid med konvensjonen om biologisk mangfald og FNs miljøprogram. Den 7. Trondheimskonferansen om biologisk mangfald skal haldast i 2013, og vil medverke til å styrkje gjennomføring av dei 4 første måla i konvensjonen sin strategiske plan som gjeld styrking av kommunikasjon, innlemming av verdiane frå naturmangfald og økosystemtenester i nasjonale avgjerdsprosessar, skadelege subsidiar og produksjon og forbruk.

Noreg vil føre vidare internasjonalt samarbeid knytt til verdiar av økosystemtenester og biologisk mangfald gjennom TEEB-prosjektet (The economics of ecosystems and biodiversity) og arbeid for å synleggjere naturkapitalen gjennom Verdsbankens prosjekt om verdsetjing av naturkapitalen ( WAVES).

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen. Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av konvensjonen i Noreg. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette.

Gjennom plan- og bygningslova er det etablert eit verkemiddel for ei berekraftig samfunnsutvikling og areal- og ressursforvaltning. I kommunal og regional planlegging skal mellom anna internasjonale konvensjonar og avtaler følgjast opp.

For å medverke til arbeidet med å verne felles globale miljøgode i verdas fattige land har velståande land over to tiår medverka til verdas største miljøfond, Det globale miljøfondet (GEF). Investeringsbehovet er likevel mange gonger større enn det som kan skaffast gjennom frivillige bidrag, så det er viktig å nytte desse gåvemidlane til å skape interesse for og evne til å innarbeide miljøomsyn i regelverk. Det er likeeins viktig at fondet støttar formåla i dei multilaterale miljøavtalene. FNs miljøprogram tek del i styringa av fondet gjennom ansvaret for vitskapeleg og teknologisk rådgiving for GEF.

Tilgang til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving i miljøsaker er heilt sentralt for at allmenta skal kunne medverke til å fremje eit miljø som sikrar helse og trivsel og ei berekraftig utvikling. Norge har derfor slutta seg til UN/ECE-konvensjonen om tilgang til miljøinformasjon, allmentas deltaking i avgjerdsprosessar og høve til å klage på domstolsprøving på miljøområdet (Aarhuskonvensjonen). Ei viktig drivkraft bak arbeidet har òg vore ønsket om å medverke til demokratiseringsarbeidet i ECE-regionen og då særleg i Sentral- og Aust-Europa og Sentral-Asia.

Globale mål for bevaring av naturmangfald

På det 10. partsmøtet under Konvensjonen om biologisk mangfald i 2010 i Nagoya, Japan, vart det semje om eit nytt globalt mål: «Effektiv og umiddelbar handling for å stanse tap av naturmangfold for å sikre at økosystemene i 2020 er velfungerende og leverer nødvendige økosystemtjenester.» I tillegg vart det vedteke 20 delmål for korleis ein skal oppnå dette overordna globale målet.

Dei globale delmåla skal implementerast i den nasjonale politikken i partslanda. Landa skal rapportere om dette til Konvensjonen før partsmøtet i India i oktober 2012. Vidare vart det vedteke at landa skal oppdatere/revidere sine nasjonale handlingsplanar ut frå dei nye globale måla, og at gjennomføringa av slike handlingsplanar/strategiar skal vere starta seinast innan 2015. Desse strategiane/planane blir vurderte som hovudinstrument i kvart enkelt land for gjennomføring av konvensjonen. Arbeidet med ein nasjonal handlingsplan vil vere viktig i 2013.

Mange av dei globale delmåla er allereie innlemma i dei nasjonale måla under resultatområde 1- 5 og under kulturlandskap i resultatområde 6. Alle dei globale tilstandsmåla kan finnast direkte i målstrukturen. Dei globale prosess- og verkemiddelmåla representerer verkemiddel og prosessar som anten er i bruk eller vil bli tekne i bruk i nasjonale strategiar. Dei globale delmåla som omfattar formidling av og innarbeiding av verdiane av naturmangfald i rapporteringssystem, nasjonale avgjerdsprosessar og om mogleg i nasjonalregnskap er under oppfølging gjennom regjeringas ekspertutval om verdiar av økosystemtenester. Utvalet skal mellom anna greie ut korleis kunnskapen om verdiane av naturmangfaldet og økosystemtenestene kan styrkjast slik at grunnlaget for avgjerder blir betre, og foreslå metodar for å vurdere og verdsetje konsekvensane for velferd og livskvalitet av endringar i naturmangfaldet og økosystemtenester. Utvalet sitt arbeid vil leggje grunnlag for å følgje opp det globale delmålet om å fase ut eller reformere verkemiddel, under dette subsidiar, som er skadelege for naturmangfald.

Noreg underteikna Nagaoya-protokollen i New York 11. mai 2011, og Regjeringa har som mål å ratifisere protokollen i løpet av hausten 2012. Som eit ledd i prosessen med ratifisering vil det òg bli utarbeidd ei forskrift heimla i naturmangfaldlova og havressurslova om uttak av genetisk materiale i Noreg, og utnytting av dette materialet. Det globale delmålet om å bruke tradisjonell kunnskap hos urfolk og i lokalsamfunn som er relevant for å bevare naturmangfald blir indirekte følgt opp gjennom arbeidet med Nagoya-protokollen. Konsultasjonsordninga med Sametinget og ulike høyringsprosessar, særleg etter plan- og bygningslova, dekkjer føresetnaden om deltaking i relevante prosessar. I nært samarbeid med samiske miljø og organisasjonar, ideelle organisasjonar og ei rekkje andre fagmiljø, er det starta arbeid med innsamling, systematisering og formidling av tradisjonell kunnskap om natur, økologi og tradisjonar.

Handel, investeringar og miljø

Ei viktig utfordring er korleis ein skal sikre at dei store handels- og investeringsstraumane støttar ein berekraftig utvikling og ikkje medverkar til å underminere til dømes miljøpolitikken. Handels- og investeringsavtaler kan setje så strenge krav til dokumentasjon og regelverk at det blir vanskeleg å føre ein ambisiøs miljøpolitikk på område som kjemikaliar/miljøgifter, klima, genmodifiserte organismar, vern av truga dyre- og plantearter og regnskog, vern av tradisjonelle kunnskap hos urfolk og rettferdig deling av fordelar knytte til patentering av produkt som nyttar tradisjonell kunnskap om naturressursar. Men slike avtaler kan òg gi rom for å medverke positivt til ein ambisiøs miljøpolitikk. Her vil til dømes kapitlet om berekraftig utvikling, som er tema i alle EFTA-forhandlingar, utgjere eit viktig bidrag. Vidare kan òg referansar til tekst i Konvensjonen for Biologisk Mangfald (CBD) i handelsavtala sitt kapittel for immaterielle rettar vera eit nyttig bidrag. Bilaterale og regionale handels- og investeringsavtaler er i sterk utvikling. For å kunne løyse dei store globale miljøutfordringane er det dermed avgjerande å arbeide for at desse avtalene blir utforma slik at miljøpolitikk kan gjennomførast både nasjonalt og internasjonalt. Noreg forhandlar no handelsavtaler med blant andre India, Indonesia, Russland, Vietnam og land i Mellom-Amerika.

Utanriksdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet har hovudansvaret for handels- og investeringspolitikken. Miljøverndepartementet si rolle er å vere pådrivar for god miljøintegrering i bilaterale, regionale og multilaterale handels- og investeringsavtaler, til dømes norske posisjonar som bidreg til at vi kan halde fram med ein ambisiøs miljøpolitikk og ikkje avgrensar rommet for denne.

Ein stor del av varene som blir nytta i Noreg er produserte utanfor landets grenser. Det er viktig at ikkje handels- og investeringsavtalene fører til at Noreg medverker til miljøskadar i andre land. For å unngå dette blir det nytta informasjonstiltak, grønare offentlege innkjøpskjeder, meir etisk handel og miljøomsyn for investeringer.

EU, EØS og miljøpolitikken

EU er ein pådrivar i internasjonal miljøpolitikk. Internasjonalt samarbeid i globale og regionale miljøfora er ramma både for EU og Noreg når miljøpolitikken blir utforma. Internasjonale konvensjonar er følgde opp og dannar ofte utgangspunkt for meir ambisiøst regelverk i EU. Det gjeld blant anna på område som kjemikaliar, vatn, klima, luft og avfall. Vi har dei seinaste åra sett ein stadig sterkare dynamikk mellom EU og arbeidet i dei ulike konvensjonane der samspelet fremjar ein meir ambisiøs miljøpolitikk. Når utviklinga av globalt regelverk ikkje lykkast, kan EU gå føre ved utvikling av eige regelverk. Det har for eksempel lenge vore erkjent at luftfartssektoren representerer eit raskt veksande bidrag til klimagassutslepp. Når arbeidet i FNs luftfartsorganisasjon ikkje har resultert i konkrete globale tiltak for å redusere klimagassutslepp frå luftfarten, vedtok EU i 2008 sitt eige luftfartskvotedirektiv som inneber at CO2-utslepp frå luftfartssektoren vart inkludert i EUs kvotesystem frå 2012.

Noreg og EU har eit omfattande miljøsamarbeid, men ein del sentrale miljøpolitiske område er likevel ikkje omfatta av EØS-avtala. Det gjeld naturvern og forvaltning av naturressursar, landbruk og fiskeri. På desse områda er ikkje Noreg forplikta av EUs rettsakter, men EUs regulering av vilkåra for desse sektorane har innverknad for Noreg. I lys av utviklinga sidan avtala vart inngått, og den omfattende praksisen som ligg føre i å innlemme EUs rettsakter på miljområdet, er miljøområdet ein sentral del av EØS-samarbeidet.

Miljøområdet er ein sentral del av EØS-arbeidet. EU/EØS-regelverket er viktig for å sikre felles reglar og for å tilstreve ein høg miljøstandard i heile Europa. Det felles europeiske regelverket har betydning også i forhold til handel med tredje land, det gjeld til dømes krav til kjemikaliar, avfallshandtering og handel med tømmer.

Miljøsamarbeidet med EU stiller stadig auka krav til Noreg, blant anna som følgje av raskare utvikla og meir sektorovergripande miljøregelverk. EU vedtek no ofte rammeverk som fortløpande blir utvikla vidare og konkretisert i eige regelverk. Aktiv deltaking og påverknad av EUs miljøpolitikk krev god koordinering mellom departementa og rask utvikling av nasjonale posisjonar. Det er viktig å gi konkrete og fagleg godt grunngitte innspel i alle fasar av EUs politikkutvikling. Dei viktigaste kanalane for deltaking og påverknad er Kommisjonens ekspertgrupper og komitear, formannskapslandet, andre framståande medlemsland og det nordiske miljøsamarbeidet. Europaparlamentet har fått stadig større politisk innverknad og har no medråderett og veto i så godt som alt miljøregelverk. Men kontakten med Parlamentet er ikkje så godt utvikla som ønskeleg. Implementering av EU-regelverk i norsk rett er ein viktig del av EU/EØS-samarbeidet. Å delta i relevante EU-komitear gir, i tillegg til tidleg påverknad, høve til å opparbeide naudsynt kompetanse for å innlemme regelverket i norsk rett.

Miljø har ein sentral plass i EUs strategi for berekraftig vekst og auka sysselsetjing, Europe 2020. Auka ressurs- og energieffektivitet er sett på som ein føresetnad for å skape ein meir konkurransedyktig økonomi og nye arbeidsplassar. Politikken skal medverke til å nå fleire av EUs mål samtidig, både å redusere klimagassutslepp, verne økosystem og skape berekraftig industri, transport, landbruk og fiskeri. Milestolpane for eit ressurseffektivt Europa i 2020 skal òg gi klare signal til næringsliv og investorar, med stor vekt på betre produksjonsprosessar og innovasjon i næringslivet. Noreg må vurdere EØS-relevans og betydning for norsk miljøpolitikk av dei enkelte forslaga til nye og endra verkemiddel og regelverk under flaggskipet for ressurseffektivitet.

Kommisjonen vil i løpet av hausten 2012 leggje fram det sjuande miljøhandlingsprogrammet. Miljøhandlingsprogramma har styrkt utviklinga av EUs miljøpolitikk sidan det første programmet vart lagt fram tidleg på 70-talet. Det sjette miljøhandlingsprogrammet er ein del av EØS-avtalas protokoll 31. Til grunn for det nye programmet ligg evalueringa av Europas miljøstatus som vart lagt fram i 2010, «The European Environment – State and Outlook». Rapporten viser at det har vore framgang på fleire område, mellom anna innafor kjemikaliepolitikken og i arbeidet med klimaendringar. Men mykje står att, mellom anna innafor naturmangfald, og jord- og vasskvalitet. Betre gjennomføring av eksisterande regelverk er òg naudsynt. Det nye miljøhandlingsprogrammet vil bli lagt fram i løpet av hausten 2012 og det er venta at programmet vil ha ein visjon for eit grønt Europa fram mot 2050 og konkrete målsetjingar for arbeidet fram mot 2020.

Målsetjinga for EØS-midlane er å medverke til sosial og økonomisk utjamning i EU og EØS. Det er òg eit mål å styrkje samarbeidet mellom Noreg og mottakarlanda. Mottakarlanda er EUs 12 nye medlemsland frå 2004 og 2007, og i tillegg Hellas, Portugal og Spania. I femårsperioden 2009-2014 går ca. 40 pst. av midlane til miljø- og klimaprogram og program for kulturarv. Miljø og klima er det største satsingsområdet i denne perioden. EØS-midlane er eit viktig miljøpolitisk verkemiddel for Noreg, og er eit bidrag til at dei nye EU-landa gjennomfører vedteken miljøpolitikk i EU. EØS-midlane gir oss òg høve til å styrkje det langsiktige miljø- og kulturarvsamarbeidet med styresmaktene i mottakarlanda. Miljøforvaltninga er partnar i 19 program innan miljø og kulturarv i 10 land. Denne innsatsen har òg betydning for vårt nasjonale arbeid, og forvaltninga får ny kunnskap gjennom europeisk samarbeid. Det vil bli lagt til rette for å involvere norske kommunar, organisasjonar, forsking og næringsliv i prosjekt og andre former for bilateralt samarbeid. Støtte til energieffektivisering, fornybar energi, og reduksjon av klimagassutslepp har vore viktige satsingar og er det framleis. I tillegg er satsing på karbonfangst og lagring, klimatilpassingar, naturmangfald, vass- og havforvaltning, kjemikaliar og kulturarv viktige område.

Nordisk og OECD

Det nordiske arbeidet er ei viktig ramme for dei nordiske landa si samordning overfor EU, samtidig som Norden-politikk for Noreg og dei nordiske landa er blitt ein stadig større del av Europa-politikken. Det nordiske samarbeidet har på denne måten blitt ein integrert del av Europa-politikken.

Miljøverndepartementet vil medverke til at det nordiske miljøsamarbeidet påverkar globalt og regionalt miljøarbeid på prioriterte område som klima, naturmangfald og kjemikaliar. Eksempel er felles forståing av økosystema sin verdi og verdsetjing av naturkapitalen for å få eit betre velferdsmål, strengare kjemikalieregulering i EU og globalt, og utvikling av ramma for å fremje grøn økonomi. I tillegg til oppfølging av det nye miljøhandlingsprogrammet for perioden 2013-2018 med vekt på grøn samfunnsutvikling, klima, biodiversitet, kjemikaliar og miljøgifter, vil oppfølging av Rio+20 og rapporten til dei nordiske statsministrane om «Norden – ledende i grønn vekst» stå sentralt framover. Det nordiske politiske samarbeidet er basert på eit tett samarbeid mellom styresmakter, ekspertar og forsking, som medverkar til å utvikle konkrete tilnærmingar på felles utfordringar, og som gir faglege innspel til å utvikle vidare miljøregelverket i EU og FN. Det er òg viktig å medverke til at Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) held fram med å støtte den miljøpolitiske agendaen. OECD er ein viktig premissleverandør av fagleg og politisk relevante analysar, retningslinjer og normer. Særleg er organisasjonen sitt arbeid med klima og verdisetjing av økosystemtenester av betydning.

Utviklingssamarbeid og bilateralt miljøsamarbeid

Land med raskt veksande økonomi har både stor påverknad på den globale miljøtilstanden og stor betydning for å følgje opp og utvikle globale miljøavtaler. Miljøverndepartementet har særskilde avtaler om samarbeid med miljøstyresmaktene i blant anna Kina, India, Brasil og Sør-Afrika. Desse landa har stor betydning for utvikling av den globale miljøtilstanden, i kraft av store og aukande klimagassutslepp, utslepp av miljøgifter og stort biologisk mangfald som er truga. Dei er derfor sentrale i internasjonalt miljøvernsamarbeid. Det bilaterale samarbeidet skal byggje relevant fagleg samarbeid og gi ei plattform for dialogen om internasjonale miljøutfordringar. Miljøverndepartementet skal leggje til rette for slik dialog blant anna ved å bidra til ein portefølje av prosjekt som er retta inn mot det enkelte land si evne til å gjennomføre internasjonale forpliktingar i klimakonvensjonen, konvensjonen om biologisk mangfald og i konvensjonane om farleg avfall og kjemikaliar. Prosjekta vil hovudsakeleg vere finansierte over UDs budsjett. I tillegg blir det nytta midlar over Miljøverndepartementets budsjett for å setje i gang nye prosjekt og utgreiingar.

Regjeringa har gjort miljø og klima til sentrale satsingsområde i Noregs bistand til dei fattigaste landa og i samarbeidet med land med rask økonomisk utvikling.

Miljøverndepartementet vil, i samarbeid med Utanriksdepartementet, medverke til at Stortingsmelding 14 (2010-2011) Mot en grønnere utvikling blir gjennomført. Kunnskapsgrunnlaget, nødvendige institusjonar, lover, reguleringar og andre verkemiddel må på plass for å kunne realisere ei grønare utvikling. Noreg skal medverke til at utviklingslanda vel ei utvikling med lågutslepp og får på plass system for ei berekraftig forvaltning av naturressursane. Departementet vil følgje opp særskilte initiativ frå Regjeringa i så måte, under dette Regjeringas klima- og energiinitiativet («Energy+«), programmet Rein Energi og Regjeringas klima- og skogprosjekt (sjå nærare omtale av Noregs klima og skogsatsing under Resultatområde 11 Stabilt klima). Miljøverndepartementet med Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning deltek òg i Olje for Utvikling-programmet, mellom anna i Ghana, Uganda, Aust-Timor, Sudan og Mosambik. Formålet med programmet er å overføre norsk kompetanse slik at utviklingsland kan forvalte petroleumsressursane på ein måte som medverkar til varig reduksjon av fattigdom og sikrar at ein tek miljøomsyn.

Departementet deltek òg i Miljø for Europa-prosessen, der formålet er å betre miljøsituasjonen i dei tidlegare sovjetrepublikkane (med unnatak av Russland), og samarbeider med Utanriksdepartementet i innretting av miljøprosjekt i desse landa.

Nord- og polarområda

Nord- og polarområda er blant dei stadene på kloden der klimaendringane gjer seg raskast og sterkast gjeldande. Temperaturane i Arktis har dei siste tiåra stige dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet, og er allereie 2° C høgare enn for hundre år sidan. Isdekket i sommartida er redusert med omtrent ein tredel i forhold til gjennomsnittet i perioden 1979-2000, og nådde ein førebels botnrekord i september 2012. Det utrekna årlege tapet av masse frå Grønlandsisen er firedobla sidan 2000. Temperaturen i permafrosten har stige med inntil 2 °C. Desse endringane har betydning ikkje berre for Arktis, men for klimaet på heile den nordlege halvkula og den framtidige havnivåstigninga. Dei raske klimaendringane set miljøet i Arktis under aukande press. Dette blir forsterka gjennom lettare tilgjenge, auka transportverksemd og ressursutnytting. Semja mellom Noreg og Russland om delelinja i Barentshavet vil òg venteleg medverke til auka økonomisk verksemd i området.

Både klimaendringane og eit surare hav vil utgjere ein aukande negativ påverknad på arter og økosystem som finst i polarområda i dag. Når aktiviteten i desse områda samstundes aukar raskt, er det naudsynt at strenge miljøkrav og sikring av særleg verdifulle og sårbare område og arter kjem på plass før aktiviteten aukar og spreier seg til nye område. Om naturmangfaldet i nord skal takast vare på som grunnlag for verksemd og velferd i framtida, må det sikrast gjennom ei heilskapleg og langsiktig forvaltning grunna på føre var-prinsippet og prinsippet om samla belastning. Berre slik kan ein syte for at aktivitet og påverknad blir vurdert samla, og unngå at meir næringsverksemd og utnytting av naturressursane i nord fører til ringare miljøkvalitet eller kjem i konflikt med natur- og miljøvernomsyn og berekraftig bruk av økosystema. Dette set høge krav til både nasjonale reglar og rammer, og til samarbeid og samordning av forvaltninga på tvers av landegrenser. Desse prinsippa ligg til grunn både for naturmangfaldlova, svalbardmiljølova og forvaltningsplanane som skal sikre ei heilskapleg, økosystembasert forvaltning av norske havområde, og blir fremja av Noreg i det bilaterale samarbeidet med Russland og innanfor Arktisk råd.

Ei heilskapleg forvaltning må vere grunnlagd på den beste tilgjengelege kunnskap. Regjeringa er oppteken av at kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av miljøet og ressursane skal vere solid, og at konsekvensane for miljøet skal vere grundig vurderte før ein fattar avgjerd om ny aktivitet. Når klima er i rask endring samstundes som aktiviteten aukar og spreier seg til nye område, har ein òg behov for å gjere analysar av dei samla konsekvensane på sikt, og kva område som blir særleg viktige for biologisk mangfald og levande ressursar i framtida. Slik kan ein gjere betre vurderingar av kva krav ein bør stille, kva område som bør ha særskilt vekt, og kor grensene for menneskeleg aktivitet bør trekkjast av omsyn til sårbare område og arter i nordområda.

Ei berekraftig forvaltning av miljøet i nord krev ein målretta nasjonal innsats og eit målretta internasjonalt samarbeid. Slikt samarbeid må famne om både dei landa vi deler naturrikdommane med, og dei landa som driv verksemd i nord. Samarbeidet må òg knytast opp mot globalt samarbeid for å stanse klimaendringar og forureining som trugar miljøet og dei levande ressursane i regionen.

Miljøvernsamarbeid i nord har òg betydning for Noregs høve til å oppfylle sine plikter under miljøvernavtaler på område som klima, forureining, naturvern og vern av kulturminne.

Aktiv medverknad i Barentssamarbeidet og Arktisk råd gir gode høve til koordinering av miljøarbeidet i nord når det gjeld forureining og miljøgifter, klimaendringar og bevaring av biologisk mangfald. Miljøverndepartementet arbeider for at Arktisk råd skal medverke effektivt til betre vern av og eit betre kunnskapsgrunnlag om miljøet i Arktis.

På ministermøtet i Nuuk på Grønland i mai 2011 var det stor vilje blant medlemslanda til å bruke Arktisk råd meir aktivt, og det vart bestemt at eit permanent sekretariat for Arktisk råd skal leggjast til Tromsø innan våren 2013. Arktisk råd har ministermøte annakvart år, og mykje av aktiviteten i 2012 har vore retta inn mot å produsere leveransar til ministermøtet i 2013. Ein omfattande analyse av snø, is og permafrost i Arktis har vist at havis, permafrost og brear i Arktis smeltar meir og raskare enn ein trudde før. Kortliva klimadrivarar som sot har særleg stor betydning i Arktis, og Noreg har teke initiativ til eit prosjekt for å redusere utslepp av sot frå fyring. Noreg er ein viktig bidragsytar til to større prosjekt som skal etablere ei samordna overvaking av naturmangfaldet i Arktis, og vurdere status, trendar og framtidsutsikter for arktisk flora og fauna fram mot ministermøtet i 2013. Desse prosjekta vil kunne gi eit langt betre kunnskapsgrunnlag for samarbeid om bevaring av arter og økosystem i Arktis. Noreg finansierer storparten av sekretariatet til Arktisk råds miljøovervakingsprogram (AMAP) og medverkar aktivt i programmet, blant anna for å samanfatte oppdatert kunnskap om havforsuring i Arktis. Noreg deltek òg i prosjektsamarbeidet for å redusere faren for forureining av miljøgifter i Arktis. Miljøgifter som kvikksølv representerer framleis ein risiko for dyreliv og befolkning i Arktis. Innanfor Arktisk råd er Noreg ein viktig pådrivar for å fremje heilskapleg havforvaltning og beskytte dei arktiske marine områda. Noreg har òg teke initiativ til ei samla utgreiing av dei endringane som skjer i Arktis, og kva dette vil bety for framtidig miljø, aktivitet, forvaltning og behov for tilpassing. Noreg medverkar òg til eit større prosjekt som skal greie ut faren for store og brå endringar og såkalla «vippepunkt» i dei arktiske økosystema.

Situasjonen i nordområda gir nye kunnskapsutfordringar på miljø- og klimaområdet. Fram – Nordområdesenter for klima- og miljøforsking i Tromsø, vart etablert i september 2010. 20 norske institusjonar inngår i senteret, og det blir etablert gode internasjonale forskingsnettverk. I 2012 er det etablert full fagleg aktivitet innanfor 5 prioriterte satsingsområde på klima og miljø, noko som vil bli ført vidare i 2013.

Svalbard er ein internasjonalt viktig natur- og kulturarv som Noreg har eit særskilt ansvar for å bevare. Ein medviten verneinnsats gjennom mange tiår har medverka til at berre ein liten del av Svalbards landområde er merkt av tyngre naturinngrep. Sjølv om situasjonen for det biologiske mangfaldet og villmarksnaturen i dag er god, er arter og økosystem sårbare for fleire typar påverknad som er venta å auke. Dette gjeld særleg klimaendringar, men òg havforsuring og aukande ferdsle og interesse for naturressursane på og kring Svalbard.

Dei seinare åra har den urørte naturen på Svalbard fått større vekt som referanseområde for klima- og miljøforsking. Å sikre tilgangen til urørte område er derfor ei viktig utfordring.

Dei viktigaste verkemidla for vern av miljøet på Svalbard er svalbardmiljølova med forskrifter, overvaking av miljøtilstanden og aktivitetar som kan påverke den. Etter etablering av fleire nye verneområde er det å tilpasse forvaltninga av desse områda til endringar i klima og aktivitet gjennom forvaltningsplanar ei hovudutfordring.

Svalbards miljøvernfond har vore fullt operativt sidan 2008. Hovudinntekta til Fondet er eit gebyr for alle tilreisande til Svalbard. Fondet tildelte i første tildelingsrunde i 2012 6,6 mill. kroner. For hausten 2012 er det 6,4 mill. kroner til fordeling. Midlane går til ulike tiltak og prosjekt innafor undersøkingar og tiltak for å kartleggje og overvake miljøtilstanden, kartleggje årsaker til miljøpåverknad og miljøverknader av verksemder, gjenoppretting av miljøtilstanden, tilskot til skjøtsel og vedlikehald og overvaking av kulturminne og informasjons-, opplærings- og tilretteleggingstiltak. Styret vil halde fram med to årlege tildelingsrundar også i 2013.

Statens kartverk driv eit geodetisk observatorium i Ny-Ålesund, som er ein del av eit globalt forskingsnettverk. Rørslene på jordoverflata, jordrotasjonen og jordas nøyaktige plassering i verdsrommet blir kartlagt her. Observatoriet er viktig for all satellitteknologi, klimaforsking og overvaking. Stasjonen er bemanna året rundt og bidreg til den faste busetnaden i Ny-Ålesund. Regjeringa har vedteke fornying og oppgradering av observatoriet.

Miljøverndepartementet deltek aktivt i dei årlege konsultative møta under Antarktistraktaten (ATCM) for å ta vare på miljøinteresser i Antarktis og vil medverke til eit godt samarbeid om forvaltninga av kontinentet. Med utgangspunkt i vår heilårs forskingsstasjon Troll i Dronning Maud Land og gjennom deltaking i internasjonalt forskingssamarbeid, gir Noreg viktige bidrag både til å betre kunnskapsgrunnlaget for forvaltninga av Antarktis, og til det internasjonale klimaarbeidet.

Samarbeid med Russland

Noreg og Russland har eit særskilt ansvar for å verne naturmiljøet og for ei berekraftig utnytting av ressursane i området. Eit breitt og effektivt miljøvernsamarbeid med Russland står derfor sentralt i Regjeringas nordområdestrategi. Havmiljø og samarbeid i grenseområda er spesielt prioriterte område. Den auka økonomiske aktiviteten som er venta som følgje av den nye norskrussiske delelinja gjer det naudsynt med eit tett samarbeid om heilskapeleg og økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Utviklinga av eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk side av Barentshavet, basert på dei norske erfaringane med forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten, er derfor høgt prioritert. Saman med etableringa av eit felles norskrussisk miljøovervakingsprogram, vil dette utgjere viktige premissar for auka verksemd innan fiskeri, skipstransport og olje- og gassverksemd. Samarbeidet om radioaktiv overvaking er alt godt i gang. Miljøkrav til og kontroll av petroleumsverksemd er òg viktige element i havmiljøsamarbeidet.

Ei styrkt miljøovervaking får ein sentral plass innan det grensenære samarbeidet, der dei store utsleppa frå nikkelverka på Kola framleis er den største utfordringa. Noreg vil halde fram med å følgje opp overfor russiske styresmakter slik at naudsynte tiltak blir sette i verk for å få redusert utsleppa. Det er i tillegg ei høgt prioritert oppgåve å medverke til å eliminere dei såkalla hot spots, som er store og kompliserte miljøutfordringar i Barentsregionen, beskrivne i Arktisk Råds miljøovervakingsprogram og NEFCO si hot spot-liste frå 2003. Her er arbeidet i ferd med å komme over i ein tiltaksfase. Når Noreg avsluttar sitt formannskap i Barentsrådet i 2013, har ein som mål at fleire hot spots skal vere strokne av lista, basert på ei vurdering av at naudsynte tiltak er gjennomførde.

Noreg er ein aktiv deltakar i Barentssamarbeidet, der ein også fokuserer på reinare produksjon i industrien og berekraftig forbruk, forvaltning av naturmangfaldet og av vassressursane i regionen. Blant anna er det no høgt prioritert å etablere eit nettverk av verna område i Barentsregionen for å beskytte naturmangfaldet og økosystema. Med bakgrunn i at Barentsregionen vil bli hardt råka av klimaendringane, vil ein òg i samarbeid med dei andre delane av Barentssamarbeidet lage ein handlingsplan for å møte dei utfordringane klimaendringane vil medføre.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

Nasjonalt mål 1. Vere ein pådrivar for nye og strengare miljøvernavtaler, spesielt globalt.

4 av 5 møte i forhandlingskomiteen for forhandlingane om ein ny global konvensjon om kvikksølv er no gjennomførte. Noreg er ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye konvensjonen. Den skal vere ferdig i 2013. Det er framgang på fleire område, men det er framleis ei stor utfordring å få på plass ein ambisiøs, men realistisk avtale i 2013 som kan få universell tilslutnad.

Nasjonalt mål 2. Politikk og regelverksutvikling i EU/EØS resulterer i høge miljøkrav og fremjar ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Norsk deltaking i EUs avgjerdsprosessar og forvaltningsregime.

Gjennom aktiv deltaking i Kommisjonens ekspertgrupper og komitear har miljøforvaltninga arbeidd for tidleg å kunne medverke til utarbeiding av forslag til miljøregelverk. Det er gjort innspel til og har vore kontakt med relevante aktørar i Kommisjonen, Europaparlamentet og sentrale medlemsstatar, med særleg vekt på områda klima, naturmangfald, ressurseffektivitet/grøn økonomi, genmodifiserte organismar (GMO) og kjemikaliar/avfall. Det er bl.a. sendt skriftlege innspel til EUs institusjonar om implementering av Nagoya-protokollen om tilgang til genressursar og rettferdig fordeling, svovel i marint drivstoff, berekraftig produksjon og forbruk, EUs 7. miljøhandlingsprogram, effektiv regulering av nanomaterialar, og vern av vassressursane i Europa. Det er lagt stor vekt på politisk kontakt og god dokumentasjon av norske posisjonar og konkrete tekstbidrag til regelutviklinga i EU, og bilateral kontakt og alliansebygging i viktige saker på den globale miljøagendaen. Det nordiske samarbeidet har vore brukt aktivt under det norske formannskapet i arbeidet med å påverke EUs politikkutvikling.

  • Rask avklaring av norske posisjonar på nytt EU-regelverk.

Norske posisjonar på EU-regelverk blir avklara systematisk og så raskt som mogleg gjennom EØS-spesialutvalet for miljø der Miljøverndepartementet legg fram for andre departement nye initiativ som er komne frå EU. Det blir fortløpande arbeidd for å sikre at relevante EU-rettsakter blir gjennomførte på ein open og effektiv måte i det norske lovverket. Miljøverndepartementet har ein aktiv dialog med EFTAs overvakingsorgan, Kommisjonen og andre departement om gjennomføring av miljørettsakter.

  • Norsk miljøforvaltning deltek i samarbeidsprogram i prioriterte land som mottek støtte frå EØS-midlane (2009-2014).

MDs etatar er blitt partnarar i 19 program innan miljø og kulturarv i 11 land. Dette er meir enn venta, og viser at det er stor interesse for samarbeid med norske miljøstyresmakter. Etatane tek del i forvaltning av over 1 mrd. kroner totalt. Midlane skal bl.a. medverke til at landa gjennomfører forpliktingar gjennom EU-direktiv og internasjonale konvensjonar. Etatane sin innsats er dekt av givarlanda sine administrasjonsmidlar.

Nasjonalt mål 3. Arbeide for at globale og regionale samarbeidsorgan på miljøområdet, under dette FNs miljøprogram (UNEP), blir utvikla til effektiv reiskap for utvikling og gjennomføring av miljøpolitikk.

Indikatorar:

  • FNs miljøprogram som meir autoritativt, relevant og resultatorientert miljøorgan og det faglege tyngdepunktet i FN-systemet på miljøområdet.

Noreg er no medlem i styret av FNs miljøprogram for perioden 2012-2014. På årets styremøte i februar arbeidde Noreg for at det skulle bli ei erklæring frå miljøministrane til Rio+20-møtet. Denne erklæringa vart ikkje så ambisiøs som Noreg ønskte. Noreg var aktiv deltakar i Rio+20 forhandlingane om globalt miljøstyresett. Vedtaket frå Rio om universelt medlemskap vil bli følgt opp under FNs generalforsamling. Dette vil styrkje FNs miljøprogram, og vil gi land meir eigarskap til programmet.

  • Miljøforbetringar som følgje av finansieringa av globale miljøtiltak gjennom det globale miljøfondet (GEF) målt pr. krone (færre tonn CO2-ekv., mindre artstap, fleire km2 verna, færre tonn miljøgifter).

GEF har komme lengre enn dei fleste andre bistandsorganisasjonar med å talfeste miljøresultat, men det er framleis ei stor utfordring å finne presise måltal. For klima har ein anslått at prosjekta til GEF dei siste fire åra har gitt totale utsleppsreduksjonar på 1,7 mrd. tonn CO2, som hittil har kosta 2,60 USD pr. tonn. I tillegg kjem samfinansiering på 9,8 mrd. USD som er venta å gi ein utsleppsreduksjon på ytterlegare 23,7 mrd. tonn CO2. For GEF sitt arbeid med vern av naturområde har investering på 1,9 mrd. USD gitt 634 mill. ha verneområde. Dette gir ein grunnkostnad på 2,99 USD pr. ha, men driftskostnader som varierer frå land til land kjem i tillegg. Grunnfinansiering frå GEF på 0,5 mrd. USD og tilleggsfinansiering på 1,1 mrd. USD har sikra sluttbehandling av 58 000 tonn miljøgifter, i hovudsak PCB, til ein kostnad av 2,7 US dollar pr. tonn. Kostnadene varierer sterkt med type miljøgift og korleis stoffet er tilgjengeleg. Endelege tal vil først liggje føre når resultatet av siste uavhengige evaluering kjem i 2013.

  • Målretta nordisk samarbeid mot aktiv påverknad av globalt og regionalt miljøarbeid.

Gode resultat har dei siste åra blitt oppnådd spesielt i arbeidet med å påskunde utvikling av ei global kvikksølvavtale og av Gøteborgprotokollen. Under det norske formannskapet i 2012 har fokuset på «Klima og grøn økonomisk vekst» blitt styrkt. Ministermøtet på Svalbard samla seg om ei erklæring for å redusere utslepp av kortliva klimagassar for å medverke til å bremse temperaturutviklinga og smeltinga i Arktis. Det har vore halde ein konferanse om «Grøn økonomisk vekst» i Oslo og seminar om kortliva klimadrivarar, verdsetjing av økosystemtenester og gjenvinning av plast og tekstilar for å styrkje innsatsen på områda. Nordisk Ministerråd heldt to sidearrangement om respektive økosystemtenester og miljømerking under toppmøtet i Rio sommaren 2012. Vidare er arbeidet med det vellykka miljømerket Svanen styrkt økonomisk og organisasjonsvist. Ekspertsamarbeidet medverkar jamleg med innspel til prosessar i EU og FN. Det er utarbeidd eit nytt miljøhandlingsprogram for perioden 2013-2018 med vekt på grøn samfunnsutvikling, klima, biodiversitet og kjemikaliar og miljøgifter.

Nasjonalt mål 4. Rammevilkår for handel og investeringar skal gi rom for bruk av miljøpolitiske verkemiddel og fremje omsyn til miljø og ei berekraftig utvikling.

Indikatorar:

  • Miljøomsyn integrerte i handels- og investeringsavtaler.

Arbeidet med å hindre avgrensingar i Noregs høve til å regulere ut frå miljøomsyn har stått sentralt. Dette gjeld særleg enkeltland sitt høve til å stille miljø- og helsekrav til produkt – for eksempel høvet til å stille miljøkrav til bruken av kjemikaliar. Handelsavtala mellom EFTA og Peru, som vart ratifisert i 2012, inneheld referansar til Konvensjonen om Biologisk Mangfald (CBD) i kapitlet om immaterielle rettar, og går dermed lengre enn andre EFTA-avtaler i å sikre miljøomsyn knytt til genetiske ressursar.

  • Eigne miljøkapittel i bilaterale og regionale handelsavtaler.

I forhandlingane om frihandelsavtaler som skjer gjennom EFTA har arbeidet med eigne kapittel om handel og berekraftig utvikling vore høgt prioritert. Eksempel på dette er Noregs pågåande handelsavtaleforhandlingar med blant andre India, Indonesia, Russland, Kasakhstan, Kviterussland, land i Mellom-Amerika, Sør-Korea, Bosnia-Herzegovina og Vietnam. I avtala mellom Hong Kong og EFTA vart resultatet eit kapitel om handel og miljø. Avtala mellom EFTA og Montenegro inneheld eit kapittel om handel og berekraftig utvikling (arbeidstakarrettar og miljø) basert på EFTA-modellen.

  • Føresegner i internasjonale avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet som byggjer på prinsippet om at avtalene er likestilte og sidestilte.

Arbeidet for at avtaler på handels-, investerings- og miljøområdet ikkje inneheld forpliktingar som skaper eit hierarki mellom miljø- og handelsregelverka, er høgt prioritert. Det har vore eit viktig tema blant anna i klimaforhandlingane og i samband med toppmøtet om berekraftig utvikling i Rio. I forhandlingane om forholdet mellom miljø- og handelsregelverk i Verdas handelsorganisasjon har det vore lite framgang som ei følgje av den generelle forhandlingsprosessen.

Nasjonalt mål 5. Strategisk politisk dialog med samarbeidsland og medverke til å styrkje desse landa si evne og vilje til å ta på seg og gjennomføre internasjonale forpliktingar.

Indikator:

  • Styrkt klima- og miljøsamarbeid med Kina, Sør-Afrika, Brasil og India der prosjektporteføljen speglar dei globale miljøutfordringane og medverkar til å styrkje landa si evne til å ta på seg og gjennomføre internasjonale miljøforpliktingar.

Det har vore god dynamikk særleg i samarbeidet med India, Brasil og Sør-Afrika i 2012. Ekspertsamarbeidet med Kina har vore ført vidare i 2012. Under det bilaterale samarbeidet med India har ein utvikla og opna eit senter for naturressursar og -lovgjeving i Chennai, India. Konkret samarbeidsprosjekt knytt til handtering av elektrisk og elektronisk avfall er under utarbeiding. Under det bilaterale miljøsamarbeidet med Brasil har ein gjennomført ein større studietur der ekspertar frå Brasil fekk innblikk i korleis ein frå norsk side arbeider med å utvikle nasjonale planar for forvaltninga av større havområde. Ein har òg diskutert nærare samarbeid knytt til oljeberedskap. Under samarbeid med Sør-Afrika har ein identifisert nye samarbeidsområde knytte til klima, naturmangfald og grøn økonomi.

  • Medverke til ei langsiktig oppbygging av miljøforvaltning i dei tidlegare sovjetrepublikkane (EECCA-landa).

Departementet har gitt tilsegn til prosjekt i Kaukasus og Sentral-Asia innanfor områda vatn, biodiversitet, kjemikaliar, grøn økonomi og kapasitetsbygging (over UD sitt budsjett). Desse prosjekta er no i ferd med å setjast i verk.

Nasjonalt mål 6. Utviklingspolitikken skal medverke til ei grønare utvikling og til oppbygging av kapasitet og kompetanse til å forvalte miljø- og naturressursar.

Indikator:

  • Gjennomføring av St.meld. nr 14 Mot en grønnere utvikling med vekt på handlingsplanen for miljøretta utviklingsarbeid, miljøpilaren i programmet Olje for Utvikling og satsinga Rein Energi for utvikling.

Departementet har vore aktivt i utviklinga av eit nytt klima- og energiinitiativ («Energy+«). Resultata frå initiativet skal målast ut frå reduserte klimagassutslepp og auka energitilgang i utviklingsland. Miljøverndepartementet har vidare ansvaret for miljøpilaren i Regjeringas satsing på Olje for Utvikling (OfU). I 2012 har det vore lagt vekt på å styrkje miljødimensjonen gjennom kompetanse- og kapasitetsbygging i OfU-landa. Mellom anna har ein drive opplæring i bruk av miljøkonsekvensanalysar, utvikling av miljølovgiving og beredskapsplanar for at landa betre kan ta miljøomsyn ved olje- og gassutvinning.

Nasjonalt mål 7. Avgrense påverknad og risiko for påverknad på miljøet i nord- og polarområda som følgje av menneskeleg aktivitet.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde arter og økosystem i Arktis.

På grunn av endringar i havis og isbrear vil økosystemet i iskanten endrast. Fisk, plankton og algar er avhengige av iskanten for å overleve og reprodusere. Mangel på havis vil òg truge andre dyrearter. Grønlandssel og klappmyss vil miste leveområda sine, og isbjørnen vil miste jaktområda.

I følgje den norske Artsdatabanken høyrer 70 av dei raudlista artene heime på Svalbard. Av desse er 47 vurderte som truga. For 30 av desse er klimaendringar ein av fleire påverknadsfaktorar, og blant dei finn vi isbjørn og kvalross. Også steinkobbe er klassifisert som ei sårbar art som er truga av både klimaendringar og miljøgifter.

I tillegg er arter som ismåke og lomvi vurderte som truga. For desse er miljøgifter ein viktig påverknadsfaktor.

Grønlandskvalen ved Svalbard er ein av dei mest utryddingstruga kvalbestandane i verda, og leveområda blir reduserte fordi drivisen i Arktis forsvinn.

  • Status for havforsuring i Arktis.

Kaldt vatn tek opp meir CO2 enn varmt vatn, og det inneber at våre nordlege havområde er spesielt utsette for havforsuring. Havet har blitt opp mot 30 prosent surare sidan starten på den industrielle revolusjonen.

Overvakingsdata frå norske havområde viser at havvatnet blir surare.

  • Nivå av utvalde forureiningskomponentar i det arktiske miljøet.

I Arktis er svovelsambindingar hovudårsaka til forsuring, mens nitrogen har noko underordna betydning. Forsuringsproblemet har avteke markant sidan syttitalet og er ikkje eit stort miljøproblem i Arktis. Likevel er det framleis episodar om våren der det er synleg dis. I tillegg til å vere eit potensielt problem for forsuring i sårbare område i Arktis er desse stoffa òg kortliva klimapådrivarar som er viktige for å forstå korleis partiklar påverkar klimaet både regionalt og globalt.

I 2011 vart det ved Zeppelinstasjonen observert det lågaste årlege gjennomsnittet sidan målingane starta for parametrane sum HCH, sum DDT, sum klordaner og sum PCB. Sum PAH var blant dei lågaste verdiane målt til no. HCB har stige litt for kvart år sidan 2007.

I isbjørnen er det funne høge nivå av visse typar bromerte flammehemmarar. Ein har òg funne ei rekkje «nye» miljøgifter i lufta på Svalbard, som ulike typar bromerte og fluorerte stoff.

Kvikksølv blir ført med luft- og havstraumar nordover til Arktis. Inuittane på Grønland og i nordvest-Canada, som hovudsakleg lever av feit fisk, sel og kval, har eit dagleg inntak av metylkvikksølv som er høgare enn tilrådd av Verdas helseorganisasjon (WHO). Målingane viser ingen endringar i årleg gjennomsnitt for kvikksølv på Svalbard. Ein finn berre det som er normalverdiar for kvikksølv på den nordlege halvkula, det vil seie 1,5 nanogram pr. kubikk.

  • Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern.

Vernestatus for dei ulike arktiske områda varierer avhengig av kva slag arktisk definisjon som blir nytta. I Noreg er eksempelvis 67 pst. av Svalbard og heile Jan Mayen verna. Dei verna områda går ut til 12 nautiske mil frå kystlinja rundt Svalbard og Jan Mayen.

Noreg medverkar aktivt i arbeidet innanfor OSPAR med marine verna område (MPA – Marine Protected Areas). Det er spesielt dei verna områda rundt Svalbard og Bjørnøya som utgjer store areal. Dei ni norske MPAane dekkjer til saman eit sjøareal på 84 898 km2.

Det er òg ei rekkje verneområde i Arktis under RAMSAR-konvensjonen.

Vidare er det identifisert særleg verdifulle og sårbare område i forvaltningsplanen for Barentshavet og havområda utanfor Lofoten, og av Meld. St. 10 (2010–2011) går fram at det i områda ved iskanten og polarfronten ikkje skal setjast i gang petroleumsverksemd i denne stortingsperioden. Det skal heller ikkje setjast i gang petroleumsverksemd innanfor eit belte på 65 km rundt Bjørnøya i denne stortingsperioden.

  • Status for implementering av heilskapeleg forvaltning i den arktiske regionen.

Det er eit tett og godt samarbeid mellom Noreg og Russland om økosystembasert forvaltning, særskilt innan samarbeidet om havmiljø, noko som er særleg viktig på grunn av den auka økonomiske aktiviteten som er venta i Barentshavet. Fokus er på å utarbeide eit konsept for ein forvaltningsplan for russisk del av Barentshavet, basert på norske erfaringar og i samarbeid med norske fagmiljø.

Det er sett i gang ei rekkje prosjekt for å medverke til å byggje opp kunnskap og overføre kompetanse og slik å støtte opp om samarbeidet om økosystembasert forvaltning av Barentshavet. Ein sentral del av dette er oppbygging av eit felles miljøovervakingsprogram for Barentshavet, der ein i 2012 har arbeidd med ei felles liste over indikatorar som skal overvakast, noko som vil halde fram i 2013. Eit anna særlig prioritert område er samarbeidet mellom styresmaktene om regelverk og kontroll av aktivitetar som påverkar Barentshavet, med vekt på kontroll og tilsyn av miljøtryggleik i petroleumsverksemd.

  • Talet på spesielle verneområde og forvaltningsområde som er oppretta og kulturminne som er freda.

Indikatoren går ut frå 2013, og for 2012 er det rapportert for denne indikatoren under indikatoren » Sårbare og verdifulle område som er verna eller gitt særleg vern».

  • Talet på relevante miljøindikatorar som er overvaka og rapporterte.

    Det har i 2012 gått føre overvaking av følgjande indikatorar:

    • Miljøtilstanden i grensevassdraga (Pasvikprogrammet).

    • Luftkvaliteten i grenseområda, konsentrert om svoveldioksid og tungmetall.

    • Forureiningssituasjonen i innsjøar i grenseområda, med fokus på forsuring og tungmetall.

    • Status for truga fuglearter, med særskilt fokus på dverggås, snøugle og stellerand.

    • Status for vassfugl, brunbjørn, smågnagarar, bisam og elvemusling.

    • Vandringsmønster for atlantisk laks.

  • Storleiken på utslepp frå Petsjenga-Nikel.

Samla sett har utsleppa av svoveldioksid frå nikkelverka på Kola gått ned med om lag 36 pst. i perioden 1999-2008, mens støvutsleppa som inneheld tungmetall har gått ned med om lag 10 pst. Dei samla utsleppa av svoveldioksid ligg likevel framleis på om lag 100 000 tonn pr. år, meir enn 5 gonger Noregs samla utslepp. Undersøkingar visar auka opphoping av tungmetall i naturen dei seinare åra, noko som etter norsk syn er alvorleg.

Den norskrussiske arbeidsgruppa som er vedteken oppretta av den norskrussiske regjeringskommisjonen for økonomisk og teknisk/vitskapeleg samarbeid har ikkje komme i gang, noko som har skuldast at bedrifta som eig nikkelverka ikkje har ønskt å samarbeide. Gruppa skal ha som hovudoppgåve å følgje opp at felleserklæringa frå president Medvedevs besøk i Noreg i april 2010 blir etterlevd. I erklæringa er det erkjent av begge sider at utsleppa gir grunn til bekymring, og det står at russiske styresmakter er klare til å medverke til at utsleppa kjem ned på eit nivå som ikkje skader helse og miljø i grenseområda. For å undersøke grunnlaget for ei slik gruppe vart det i juli 2012 arrangert eit arbeidsmøte i Oslo mellom norske og russiske styresmakter og ekspertar og med representantar for bedrifta, der ein vart einige om at dialogen må halde fram med sikte på å få redusert utsleppa. Ein vart òg samde om at det må bli større openheit kring utsleppa og at informasjonen om miljøsituasjonen må bli betre. Spørsmålet om å få ned utsleppa frå Petsjenga-Nikel har vorte teke opp bilateralt i alle møte på politisk nivå der dette har vore naturleg.

  • Talet på område med samordna forvaltning mellom Noreg og Russland og kvaliteten på dette samarbeidet.

Eit område med samordna forvaltning i grenseområda er Pasvik-Inari trilaterale park, som er eit grenseoverskridande verneområde mellom Noreg, Russland og Finland. I samarbeidet om forvaltning av verneområde inngår berekraftig turisme og etablering av nettverk for samarbeid mellom kommunane, turistbedrifter og forvaltning for betre løysing av felles miljø- og forvaltningsoppgåver. I 2012 har det vore arbeidd med å følgje opp tiltaksplanen for parken, mellom anna er det gjennomført ein analyse av felles raudliste. Det har òg vore fokus på vedlikehald av dei etablerte nettverka.

  • Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland, med økonomisk støtte frå NEFCO og NIB og talet på miljøprosjekt med norsk samarbeidspartnar. (Indikatoren blir frå 2013 endra til: Talet på miljøprosjekt i Nordvest-Russland med norsk samarbeidspartnar.)

Innan det norskrussiske miljøvernsamarbeidet har det vore arbeidd med om lag 45 prosjekt innan felta havmiljø, naturmangfald, reduksjon av forureining, grensenært samarbeid, undersøking av radioaktiv forureining og klimaendringar i Barentsregionen. Dei fleste prosjekta er ein del av arbeidsprogrammet for det norskrussiske miljøvernsamarbeidet for 2011-2012, men det er òg ein del andre prosjekt, for eksempel samarbeidsprosjekta mellom norske og russiske miljøvernorganisasjonar. Vern av havmiljø har vore særleg prioritert, og er derfor særskilt omtalt. Det har i 2012 blitt vedteke eit nytt arbeidsprogram for perioden 2013-2015. Mange av samarbeidsprosjekta i det norskrussiske miljøvernsamarbeidet støttar opp om miljøvernsamarbeid som går føre seg i organisasjonar som Arktisk råd og Barentsrådet.

11 Resultatområde 1 Levande hav og kyst

I Noreg finn vi nokre av dei mest produktive havområda i heile verda. Norske havområde har eit særs rikt naturmangfald med blant anna internasjonalt viktige bestandar av fisk som sild, torsk og lodde, og sjøfuglar som lunde, polarlomvi og alkekonge. Kvalross, storkobbe og kvitkval er døme på bestandar av sjøpattedyr. Korallreva langs norskekysten er unike i global samanheng. I høve til mange andre økosystem har havområda ikkje så mange arter, men hos nokre arter er det svært store bestandar. Noreg har ein storslått og variert kystnatur, både over og under vatn. Det er nær samanheng mellom økosystema i havet og på land, til dømes transporterer sjøfugl store mengder næring frå havet og inn på land. Mange av artene i kystsona er svært spesialiserte og ein del av dei finst berre her.

For Noreg har naturressursane frå havet ført til at vi er å rekne som ein av verdas viktigaste havnasjonar, og dei har medverka til verdiskaping og velstand. Petroleumsverksemda og fiskerinæringa er Noregs største eksportnæringar. Sjøtransport er ein betydeleg aktivitet i norske havområde, og det er stort potensial for framtidig produksjon av fornybar havenergi. Rekreasjon og turisme knytt til friluftsliv i kystsona gir gode opplevingar og er òg grunnlag for økonomiske verdiar.

Tilstand

Havområda utgjer om lag seks gonger Noregs totale landareal innanfor 200-milssona. Tilstanden i Barentshavet og Norskehavet er generelt god med unntak for enkelte sjøfugl- og fiskebestandar. Nordsjøen og Skagerrak er sterkt påverka av menneskeleg aktivitet. Tilstanden i kystsona er sterkt varierande. Tareskogane er blitt reduserte i fleire tiår både i nord og sør, og bestanden av kysttorsk ligg no svært lågt. Ei rekkje sjøfuglbestandar er blitt sterkt reduserte dei siste åra. Brakkvatn, som er ei blandingssone mellom ferskvatn og sjøvatn, er òg rekna til det marine miljøet. Slike leveområde er sterkt utsette for påverknad frå land.

Ein viktig grunn til det store mangfaldet i norske havområde er førekomsten av grunne havområde, slik som Nordsjøen, Barentshavet og kontinentalsokkelen langs kysten. Svært mykje av havets biologiske produksjon går føre seg i slike grunne område.

Det finst ei rekkje ulike livsmiljø i havet. Den djupe havbotnen, dei frie vassmassane, kontinentalskråninga, dei grunnare områda med fiskebankar og dei helt kystnære områda gir mat og skjul til alt frå dei største kvalane til dei minste planktondyra. Fisk er næringsgrunnlag for mange sjøfugl, og den rike tilgangen på fisk forklarer i stor grad plasseringa til dei største sjøfuglkoloniane. Sjøfuglane er ein viktig del av kystnaturen og det marine økosystemet, og sjøfuglartene er sikre indikatorar på miljøtilstanden i havet. Fleire sjøfuglbestandar langs norskekysten har hatt ein urovekkjande tilbakegang. Lomvi er klassifisert som truga på Norsk Rødliste for arter 2010. For lomvi er situasjonen så alvorleg at det er eit spørsmål om tid før arten forsvinn som hekkefugl i mange fuglefjell langs fastlandskysten. Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire sjøfuglarter fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden.

I kystsona og på sokkelområda finst spesielt artsrike samfunn knytte til tare, koralldyr og svamp. Desse artene skaper livsmiljø som gir skjul til og levestad for ei rekkje små arter som igjen er næring for fisk og sjøfugl langs kysten. Vi veit lite om tilstanden til desse artene totalt sett. Men botndyr som korallar, svamp og sjøfjør er særleg utsette for påverknad og belastning frå botnslepande reiskap i fiskeria, som botntrål.

Stortaren og sukkertaren dannar tareskogar langs heile vår langstrakte kyst, og gir «husly» til ei rekkje arter av til dømes raudalgar, børstemakk, skjell, krepsdyr, slangestjerner, tanglopper, sniglar og store og små fisk. Det er ikkje uvanleg å finne opptil 100 forskjellige arter knytte til ei einaste tareplante, og om lag 250 arter av mobile dyr er registrerte i tareskogen. Tilstanden for stortare er i ferd med å betre seg noko. Det er observert at stortare har etablert seg igjen i ytre kystområde nord til Bodø der den før var nedbeita av kråkebollar. Lengre nord er det framleis store område med berre kråkebollar med noko tareskog innimellom. Tilstanden for sukkertaren har ikkje endra seg dei siste åra. Det er framleis omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at om lag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at om lag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Det er rekna ut naturindeks for naturmangfaldet knytt til vassmassane (pelagisk) og botnlevande arter i havet. Datagrunnlaget for dei botnlevande artene er vesentleg dårlegare enn for artene i vassmassane (pelagiske arter). Tilstanden for botnforholda er betre i det djupe Norskehavet enn i dei grunnare områda i Barentshavet, Nordsjøen og Skagerrak. Dei store fiskeria i havet påverkar alle arter som lever i vassmassane, både direkte via fiske, og også indirekte via endra næringskjeder. Naturindeksen for 2010 viser best tilstand i vassmassane i Barentshavet (NI=0,76), noko dårlegare i Norskehavet (NI=0,68) og Nordsjøen (NI=0,62), og dårlegast i Skagerrak (NI=0,49).

Berre 3 pst. (87 arter) av dei truga artene som er registrerte på Norsk rødliste for 2010 lever i havet. Den låge delen skuldast i stor grad manglande kunnskap, både om enkelte arter og grupper av arter, slik at det ikkje er grunnlag for å gjere raudlistevurderingar. Døme på truga arter i havet er dvergålegras, piggishavsreke, østers, ål, brugde, vanleg uer, klappmyss og grønlandskval.

Blant sjøfuglane er artene krykkje, lomvi, lunde og makrellterne nokre eksempel på truga arter.

Isbjørn er ein truga art. Det same er fleire av våre sjøpattedyr som til dømes klappmyss, narkval og grønlandskval.

Noregs naturtypar blei for første gongen vurdert av Artsdatabanken i 2011. Av marine naturtypar på djupt vatn er korallrev og muddervulkanbotn døme på truga naturtypar i slike område. I marine grunne område er spesielt sukkertareskog i Skagerrak og Nordsjøen vurdert som truga.

Det er førebels ikkje vedteke prioriterte arter eller utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova i havområda.

Langs fastlandskysten er nokre korallrev beskytta etter fiskerilovgivinga. 36 område er kandidatområde for marin verneplan, og det konkrete vernearbeidet er no starta opp for alle 36 område.

Kysten omfattar område der hav og land gjensidig påverkar kvarandre. Inkludert fjordar og bukter har fastlands-Noreg 25 148 km kystlinje (data frå Statistisk Sentralbyrå). Når strandlinja langs øyane er rekna med, kjem vi opp i 83 281 km. Miljøtilhøva i kystsona gjer det mogleg med spesialisering og sameksistens av mange arter som ikkje lever i andre naturtypar. Eit viktig fellestrekk for kystsona er tilførsle av ekstra næring frå havet, mellom anna gjødsel frå sjøfugl, gyteprodukt frå sild som kjem inn for å gyte og tang som blir skylt på land, vert brote ned og vaska tilbake til sjøen. Dette gir svært produktive økosystem, og tradisjonelt har naturtypa strandeng vore utnytta til både slått og beite. Opphøyr av slik drift har ført til attgroing i ei rekkje strandenger. Andre viktige naturtypar i strandsona er stranddyner og strandberg.

Typiske arter som tilhøyrer kysten er selane havert og steinkobbe, kysttorsk og ei rekkje andre fiskearter som gyt og veks opp i bl.a. tareskogane. Ulike tangarter, rur og ei rekkje andre virvellause dyr er òg knytte til denne sona.

Om lag 13 pst. (485 arter) av dei truga artene lever på hav og land i kystsona. Insekt og anna småkryp dominerer biletet, men 79 karplanter er òg truga. Døme på truga arter i kystsona er karplantene honningblom, purpurmarihand og gul hornvalmue, sommarfuglen klippeblåvenge og buksebie. Den vesle orkideen honningblom, som lever i fuktige slåtteenger og beitemark på strandeng, finst no berre på tre stader i Hvaler kommune, mens den for få år sidan var kjend frå om lag 70 lokalitetar i det sørlege og søraustlege Noreg. Honningblomen er svært sårbar overfor menneskeleg aktivitet. Alle slag omdisponeringar av areal, drenering, gjødsling og gjengroing som følgje av opphøyr av tradisjonell drift tek livet av den. Også klippeblåvengen, som helst vil leve i kystnære svaberg- og klippeområde, er sårbar for endringar i leveområde.

Vi finn sju naturtypar i kystsona på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er sanddynemark og strandeng.

Klippeblåvenge er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Det betyr at den får skreddarsydde reglar for å bli teken vare på gjennom berekraftig bruk, slik at leveområda blir tekne hand om og skjøtta på riktig måte. Orkideen honningblom er òg vedteken som prioritert art etter naturmangfaldlova, men utan økologisk funksjonsområde. Det er førebels ingen utvalte naturtypar i kystsona.

Dei tilgjengelege areala i strandsona minkar. I løpet av perioden 2000-2010 har tilgjengeleg areal for friluftsliv blitt 2,1 pst. mindre i heile landet. I Sør-Noreg (frå Østfold til og med Hordaland) har reduksjonen vore på 3,7 pst.(Kjelde: SSB). Rapporteringa i KOSTRA viser at det i 2011 vart gitt 1045 dispensasjonar for bygging i strandsona, 100-metersbeltet, langs sjøen. I 2010 vart det gitt 1122 dispensasjonar, mot 900 i 2009 og 812 i 2008. Sjå omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

Kyst- og havområda på Svalbard har store førekomstar av sjøfugl og pattedyr som sel, kvalross, isbjørn og polarrev. Havområda rundt Svalbard er grunne og har isdekke større eller mindre delar av året. Store bankeområde med hardbotn er skilt av djupare renner med blautbotn. Iskantsona, som er grensa mellom isdekte område og ope hav, utgjer eit særleg produktivt område. Det same gjeld polarfronten, der temperert atlantisk havvatn frå sør møter dei kalde, arktiske vassmassane frå polarbassenget. Kystsona er prega av grunne område med øyar og skjer, kystsletter med lausmassestrender, laguner, innsjøar og dammar, større og mindre brefrontar og ein del større deltaområde. Klippekystar førekjem òg fleire stader, ikkje minst på Bjørnøya.

I kystsona på Svalbard er det ein nær samanheng mellom livet i havet, i drivisen og på land. Sjøfugl og pattedyr som isbjørn, sel og polarrev nyttar både landområda og isdekte sjøområde til næringssøk og reproduksjon. Både sjøfugl og sjøpattedyr finn det meste av næringa si i havet, men vegetasjonen på kystslettene har òg stor betydning for ein del arter. Samtidig er den gjødslinga sjøfuglane står for viktig for vegetasjonen og dyrelivet i kystsona.

Svalbards kystområde og tilgrensande hav- og drivisområde står i dag fram som lite påverka av lokal aktivitet. Dyrelivet er i utgangspunktet freda, og det skjer berre avgrensa jakt og fangst på enkelte arter. Det meste av kystlinja og 87 pst. av Svalbards territorialfarvatn er verna som naturreservat og nasjonalparkar. Også dei delane av Svalbard som ikkje er verna er godt skjerma gjennom svalbardmiljølova. Også i havområda og kysten rundt Svalbard er det likevel nokre arter som er truga. Døme på slike arter er sjøfuglane alke og ismåke, sjøpattedyra grønlandskval, kvalross, steinkobbe og isbjørn. Den gode miljøtilstanden i dag er resultatet av eit målretta vern av arter og område sidan Noreg overtok suvereniteten i 1925. Før dette vart dyre- og fuglelivet på Svalbard i fleire hundre år utsett for omsynslaus jakt og fangst, noko som reduserte fleire bestandar kraftig. Fleire av pattedyr- og fugleartene har ikkje klart å komme tilbake til tidlegare nivå til trass for mange års freding, mens andre har hatt ein kraftig vekst. Forvaltninga manglar kunnskap om utviklinga for mange av artene på Svalbard.

For pattedyr er artene på Norsk rødliste for arter 2010 dei same som i 2006, og omfattar isbjørn, kvalross og steinkobbe. For Svalbard er det òg 18 fuglearter på raudlista. Dette er to fleire enn i 2006. Polarlomvi har komme inn på grunn av teikn på sterk bestandsnedgang dei siste åra, og praktærfugl på grunn av at bestanden truleg er mindre enn anteke før.

Påverknadar

Påverknadene på dei marine økosystema oppstår frå menneskelege aktivitetar i havområda, slik som fiskeri, skipsfart og petroleumsverksemd, og påverknader utanfrå som langtransportert forureining og utslepp av CO2/klimaendringar som medfører stigande havtemperatur, auka issmelting og havforsuring. Klimaendringar kan ha store effektar på enkelte nøkkelarter og samfunn, særleg i dei nordlege områda og på Svalbard. Risiko for ulykker og utslepp som kan påverke miljøverdiar er òg ein del av den samla belastninga på dei marine økosystema.

Hausting har størst direkte påverknad på fisk og sjøpattedyr. Når det blir hausta av ein fiskebestand påverkar det bestanden, og dette vil i ein normalsituasjon vere den største menneskeskapte påverknaden. Ei berekraftig forvaltning av fiskebestandane betyr at det er produksjonsoverskotet i bestanden som det blir hausta av. Fiske på dei store kommersielle bestandane, slike som lodde, sild og torsk, skjer i dag innanfor biologiske grenser. For nokre mindre bestandar som blålange, vanleg uer og snabeluer er fiskepresset for stort.

Fleire sjøfuglarter er i sterk tilbakegang. Klimaendringar/auka sjøtemperatur, konkurranse med fiskeria og oljeforureining er dei viktigaste truslane mot sjøfugl. Matmangel på grunn av konkurranse mellom sjøfugl og fiskeri betyr ikkje nødvendigvis at sjøfuglen og fiskeria konkurrerer om den same fisken der og då. Konkurransen er ofte forseinka og indirekte, og vi treng framleis meir kunnskap for å forstå mekanismane og kvantifisere samanhengane. Sjøfugl blir òg påverka av bifangst og forureining.

Endringar i arealbruk er den viktigaste trusselfaktoren i kystsona. Dette gjeld spesielt mange algar og virvellause dyr som lever på godt beskytta stader i kystsona, i fjordbasseng eller i brakkvatn som blir påverka av menneskeleg aktivitet som mudring i strandsona, båthamner, veganlegg og fritidsbusetnad. Nye undersøkingar viser at slike beskytta område er viktige gyte- og oppvekstområde for kystbestandar av fisk.

I kystsona omfattar arealendringar alle former for nedbygging, utfylling og omdisponering av naturmark til andre formål. Her er òg endra bruk, som til dømes opphøyr av beite, ein viktig faktor. I ytre kystområde kan viktige leveområde skadast ved fiske med botntrål. Tråling med tung botnreiskap øydelegg samfunna med dyr på botn, blant anna korallrev, korallskogar, sjøfjør og svampsamfunn. Spesielt korallane er svært sakteveksande, og ei ny oppbygging vil ta lang tid. Auka kartlegging dei siste åra har vist at botntråling har hatt større påverknad på økosystema på botnen enn ein trudde før.

Plan- og bygningslova gjeld alle landareal og sjøareal ut til ei nautisk mil utanfor grunnlinja. I plan- og bygningslova er både det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen og reglane om dispensasjon stramma inn. Likevel har talet på fritidsbustader i strandsona auka. Talet på fritidsbustadar i 100-metersbeltet langs sjøen var på ca. 82 800 i 2007. Dette er ein auke på ca. 3 600 frå 2003. Rapportering i KOSTRA viser at det i 2011 vart gitt 1 045 dispensasjonar for nye bygningar i 100-metersbeltet langs sjøen, mot 1 122 i 2010. Det vart gitt ca. 1 503 byggjeløyve i samsvar med plan i 2009. I 2010 og 2011 vart det gitt respektive 1 540 og 1 294 byggjeløyve i samsvar med plan. Dei nye tala viser at det trass i innstramminga i ny plan- og bygningslov framleis er eit stort press på bygging i strandsona.

Akvakultur i kystområda er ei form for arealbruk som gir negative miljøkonsekvensar i form av forureining, smitte av villfisk med lakselus og innblanding av rømd oppdrettslaks i villaksbestandar, jf. resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar. I dei nasjonale laksefjordane som vart oppretta i 2007 er det forbode å etablere ny oppdrettserksemd og eksisterande oppdrettverksemd skal flyttast ut. Akvakultur utgjer òg ei betydeleg utslippskjelde langs kysten, spesielt i Vest- og Nord-Noreg, og er den største kjelda til menneskeskapte utslepp av næringssalt frå Lindesnes til den russiske grensa.

Overgjødsling i kystsona påverkar spesielt algar og virvellause dyr langs kysten i område nær tett busetnad eller intensivt jordbruk. Påverknad frå land i form av avrenning av næringsstoffa nitrogen og fosfor og tilførsel av anna forureining har størst betydning i Nordsjøen og Skagerrak. Forureining frå miljøgifter har vore og er framleis eit stort problem i mange kyst- og fjordområde og i ope hav, sjølv om tiltak gjennom mange år har medverka til å redusere problema. I nordområda er det spesielt problem med miljøgifter som vert transporterte over lange avstandar med luft og havstraumar, og som kjem inn i dei arktiske næringskjedene der dei endar opp i isbjørn, sel og sjøfugl. Mange typar av utslepp til havet når strendene med større eller mindre effekt. Utslepp av olje kan truge enkeltførekomstar av truga arter og nær truga arter og naturtypar, og påverke økosystema heilskapeleg. Plastforsøpling til havs utgjer ein reell og stadig veksande trussel mot det marine miljøet og kan føre til betydelege skadar og lidingar for marint dyreliv. Plast som blir skylt inn på strendene blir bygd inn i lausmassane og gir strukturelle endringar på vekseplassen. Sjøfugl er særleg utsett med omsyn til plastforsøpling ved at den gjerne gjer ei fatal forveksling av plastfragment med mat. I tillegg følgjer økonomiske og sosiale effektar, som kostnader relaterte til opprydningsarbeid langs kysten, skadar på båtar, tapt fiskeutstyr og reduksjon av kystnaturens estetiske verdi.

Klimaendringar kan ha store effektar på enkelte arter. Ved auka sjøtemperatur vil arter med nordleg utbreiing bli påverka direkte ved at livsvilkåra blir dårlegare. For tareskogen kan auka sjøtemperatur få katastrofale konsekvensar fordi artene av tare er tilpassa eit relativt kaldt klima. Overgjødsling medverkar saman med temperaturendringar til at sukkertaren blir borte. Overgjødslinga kan komme frå fleire sektorar, m.a. jordbruk, vatn og avløp og akvakultur. Forsuring av det marine miljøet vil på sikt kunne få store konsekvensar for ei rekkje marine arter. I kystsona vil høgare vasstand gi endringar i leveområde, og meir hyppig uvêr og sterkare vind vil påverke både planter og dyr.

Introduksjon og spreiing av framande organismar har auka betydeleg dei siste 30 åra. Dette skuldast særleg auke i skipstrafikk mellom ulike havområde med stadig raskare skip og tømming av ballastvatn. Også akvakultur basert på framande organismar har skapt problem ved uønska spreiing, og ved spreiing av andre organismar som utilsikta har følgt med. Problema oppstår når dei framande artene konkurrerer ut dei stadeigne artene eller endrar deira naturlege utbreiingsområde. Døme på slike arter i det marine miljøet er japansk drivtang, stillehavsøsters og kongekrabbe. Klimaendringane vil venteleg forsterke dette problemet, blant anna grunna varmare vatn.

Den største trusselen mot naturmangfaldet i hav og kystområda på Svalbard er klimaendringar og havforsuring. Temperaturauken skjer raskast i Arktis. Drivisen er eit viktig leveområde for mange arter, og utbreiinga av havis om sommaren vil i følgje prognosane minke raskt. Dette er venta å få alvorlege konsekvensar for arter som er avhengige av is, som sel og isbjørn. Arktiske farvatn er òg utsette for konsekvensar av havforsuring, fordi kaldt vatn tek opp mest CO2. Også langtransporterte miljøgifter er framleis ei betydeleg utfordring for artene på toppen av dei marine næringskjedene. Påverknad frå fiskeria kan òg auke etter kvart som kommersielle fiskeslag kan bevege seg nordover og inn i Svalbards kystfarvatn. Det føregår eit betydeleg rekefiske ved Svalbard, men i verneområda er bruk av reketrål berre tillate på djup større enn 100 meter.

Svalbards kystområde blir òg stadig lettare tilgjengelege på grunn av mindre havis. Utviklinga går i retning av ei stadig veksande cruiseverksemd både i og utanfor verneområda. Arealbruken utanfor busetjinga er avgrensa til ferdsel knytt til turisme, forsking og friluftsliv.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Forvaltningsplanar for havområda

Norske havområde er forvalta samla innanfor ramma av forvaltningsplanane for havområda Barentshavet – Lofoten og Norskehavet. Formålet med å utarbeide forvaltningsplanar for havområda våre er å leggje til rette for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og gode, og samtidig halde oppe struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald i økosystema.

Regjeringa tek sikte på å presentere ein forvaltningsplan for norsk del av Nordsjøen og Skagerrak i 2013. Eit omfattande fagleg grunnlag for forvaltningsplanen vart lagt fram i mai 2012. Når forvaltningsplanen for Nordsjøen og Skagerrak er på plass, vil ein ha grunnlag for ei heilskapleg og økosystembasert forvaltning av alle norske havområde.

For Barentshavet – Lofoten og Norskehavet er den viktigaste utfordringa å halde ved lag ein god miljøstatus. For Nordsjøen og Skagerrak er utfordringa å utarbeide og setje i verk ein plan for å betre miljøtilstanden. Eit nært samarbeid med dei andre Nordsjølanda blir viktig i dette arbeidet. Arbeidet må òg samordnast med dei planane som dei andre Nordsjølanda skal lage som følgje av EUs Havstrategidirektiv.

Betre kunnskapsgrunnlag

Eit godt kunnskapsgrunnlag er avgjerande for god forvaltning av hav- og kystområda og står sentralt i utarbeiding, oppfølging og oppdatering/revidering av forvaltningsplanane. Store delar av nyare kunnskap om marin natur har komme frå kartleggingsprogrammet for havbotn, MAREANO. Gjennom MAREANO er det oppdaga til dømes nye marine naturtypar, naturlege gassoppkommer og nye korallrev på havbotnen på kontinentalsokkelen, og dette programmet har gitt viktig kunnskap som mellom anna vart brukt ved oppdatering av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten. MAREANO vil bli ført vidare i 2013. Kartleggings- og overvakingsprogrammet for sjøfugl, SEAPOP, har skaffa viktige data om sjøfuglbestandane og grunnar til nedgangen i desse. Dette programmet vil òg bli ført vidare. Tilførsleprogrammet har gitt ny kunnskap om tilførsler og spreiing av miljøgifter i havområda. Klimaendringar og havforsuring er dei største utfordringane havmiljøet står overfor i tida framover. Forsking på verknadene av havforsuring er i startgropa, men vi veit allereie no at endringar skjer raskast i dei kalde farvatna i nord og at dyr som er avhengige av kalkskal vil vere særleg sårbare. Det er derfor svært viktig å skaffe betre kunnskap om forsuringsutviklinga og om effektane av forsuring, både på enkelte arter, i næringskjeda og på økosystema. For å oppnå dette er det avgjerande å halde ved lag ei dekkjande og langsiktig overvaking.

Marin verneplan

Oppretting av marine verneområde og marine beskytta område er eit viktig verkemiddel innanfor ein heilskapleg havmiljøpolitikk og økosystembasert forvaltning. I tillegg til å hindre tap av naturmangfald og sikre ressursgrunnlaget er målet med dette å bevare eit representativt utval av marin natur for kommande generasjonar og som referanseområde for forsking og miljøovervakning. Oppstart av verneplanarbeidet for 17 kandidatområde vart kunngjort i september 2009.

Forvaltning av sjøfugl

Noreg har eit spesielt forvaltningsansvar for fleire arter av sjøfugl fordi bestandane utgjer ein vesentleg del av den europeiske eller nordatlantiske bestanden. I 2013 vil sjøfuglforvaltninga bli følgt opp med utgangspunkt i kunnskapen som kjem fram gjennom SEAPOP-programmet, den nordiske handlingsplanen som er utarbeidd for å motverke nedgangen i sjøfuglbestandane, og forvaltningsplanane som er utarbeidde for havområda våre. Som oppfølging av forvaltningsplanen for Barentshavet – Lofoten er det blant anna etablert ei arbeidsgruppe beståande av sjøfuglekspertar og havforskarar som skal greie ut samanhengane mellom nedgangen i mange av sjøfuglbestandane og tilgangen på næring, og foreslå eventuelle tiltak for å betre næringstilgangen for sjøfugl.

Tareskogane

Situasjonen i tareskogane langs kysten er framleis særs varierande og mange stader er dei framleis borte. Tareskogane er viktige fordi dei gir mat og ly til viktige arter som det blir hausta av og mange hundre mindre arter som er del av tareskogen sitt økosystem. Stortaren har vore nedbeita av kråkebollar i mange tiår. Sukkertaren er delvis forsvunnen frå svenskegrensa til Stadt. Sukkertareprosjektet (2005–2008) avdekte at taren er kjensleg både overfor auka temperaturar i vatnet, men òg auka overgjødsling og tilførsle av slam. I 2011 vart det gjennomført ei undersøking om påverking av overgjødsling i kystsona, bl. a. for å finne ut i kva grad oppdrettsanlegga medverka til dette. I 2013 vil ein konsentrere seg om å setje i gang prioriterte tiltak for å betre situasjonen for sukkertaren. Arbeidet vil bli knytt til tiltak under vassforskrifta.

Marine framande organismar

Regjeringa har som mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane i hav og kystvatn skal vere sette i gang eller gjennomført. Tilførsel av framande organismar i det marine miljøet skjer både gjennom utslepp av ballastvatn, ulovleg utsetjing og naturleg innvandring frå nærliggjande havområde. I norske farvatn er det særleg kongekrabben som skapar problem, samtidig som den blir utnytta som ressurs. Miljøverndepartementet samarbeider nært med Fiskeri- og kystdepartementet for å stoppe spreiinga av denne krabben vest- og sørover. Det er no dokumentert at krabben påverkar havbotnen negativt der den har vore lenge. I 2013 vil miljøforvaltninga medverke til å auke kunnskapen om desse påverknadene. Departementet vil òg medverke i arbeidet med å evaluere forvaltninga i dag av kongekrabbe.

Noreg har tiltredd konvensjonen om kontroll og behandling av ballastvatn og sediment frå skip (Ballastvatnkonvensjonen). Når denne konvensjonen trer i kraft internasjonalt, vil risikoen for introduksjon av framande organismar frå skip bli betydeleg redusert. Ei nasjonal forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Forskrifta stiller krav om at ballastvatn skal skiftast ut i bestemte avstandar frå kysten eller i bestemte soner for å hindre introduksjon av framande arter. Etter at konvensjonen har tredd i kraft internasjonalt, vil det òg bli innført obligatoriske krav om reinsing av ballastvatnet før det blir slept ut. Forskrifta opnar likevel for reinsing på frivillig basis for å prøve ut ny teknologi.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2013. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar knytte til kyst og hav bli vurderte. Det blir mellom anna arbeidd med naturtypane kystlynghei og ålegraseng for å vurdere desse som utvald naturtype.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagt til grunn for planlegging som kan påverke naturmangfaldet. Førekomstar av utvalde naturtypar og prioriterte arter sine økologiske funksjonsområde skal innarbeidast i planlegging på land og til sjøs.

Akvakultur

Det er framleis store og aukande utfordringar knytte til negative miljøeffektar av akvakultur. Dei største utfordringane knyter seg til smitte av villfisk med lakselus, innblanding av rømt oppdrettsfisk i villaksbestandar og forureining (utslepp av næringssalt og organisk stoff).

Det blir arbeidd med å styrkje overvakinga av utslepp frå oppdrettsanlegg for å ha eit best mogleg vurderingsgrunnlag både før det blir gitt løyve til verksemd og under drift. Ved å styrkje overvakinga vil ein kunne sjå på den totale utsleppsbelastninga i eit større område rundt anlegget og ikkje berre rett under.

Tiltak for å avgrense smitte av lakselus på villaks og sjøaure og innblanding av rømt oppdrettsfisk er omtalt under resultatområde 2.

Petroleumsverksemd og skipsfart

Oljeforureining skuldast både akutte og operasjonelle utslepp frå offshore olje- og gassverksemd, skipsfart og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) er basert på føre var-prinsippet og inneber at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Dette generelle nullutsleppsmålet gjeld for heile norsk sokkel. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd òg for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Ved boring i område med korallar eller sårbar botnfauna, vil det bli stilt strenge krav for å hindre nedslamming som kan føre til skade på faunaen.

Auka skipsfart langs kysten, under dette auka sjøtransport av olje og gass, gir òg nye utfordringar. Skipsfarten er internasjonalt regulert gjennom konvensjonar fastsette av FNs skipsfartsorganisasjon (IMO). IMOs regelverk er svært omfattande, og det er etablert bindande regelverk for alle dei sentrale miljøutfordringane for skipsfarten. Noreg medverkar til at utsleppskrava til skip blir stadig strengare gjennom å arbeide for strengare regelverk, ratifisere konvensjonane og syte for god handheving. Sjøfartsdirektoratet står for handheving av desse krava av norskregistrerte skip i alle farvatn, og av utanlandske skip i norsk farvatn gjennom hamnestatskontroll. Arbeidet med hamnestatskontroll skjer i nært samarbeid med andre land i vår region gjennom Paris Memorandum Of Understanding (PMOU)

Klima- og forureiningsdirektoratet stiller krav etter forureiningslova til kommunar, petroleumsverksemd og anna privat verksemd om beredskap mot akutt forureining.

Arealpolitikk i strandsona

Strandsona skal sikrast som natur- og friluftsområde tilgjengeleg for alle. Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen. Forbodet har eksistert sidan 1965 og er ført vidare i ny plan- og bygningslov. Men talet på dispensasjonar i strandsona viser at det framleis er nødvendig med tydelege nasjonale føringar om ein streng plan- og dispensasjonspraksis i område med mykje utbyggingspress i strandsona. Det er eit mål at delen gitte dispensasjonar går ned, og at arealbruken i strandsona skjer i tråd med oppdaterte kommuneplanar. I desse planane bør kommunane vurdere å ta ut forelda, ikkje utbygde utbyggingsområde.

Statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning vart vedtekne av Regjeringa i mars 2011. Formålet med retningslinjene er å gjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen tydeleg innanfor ramma av plan- og bygningslova, og å ta hand om allmenta sine interesser og unngå uheldig bygging. Byggjeforbodet er strengast praktisert i sentrale område der presset på areala er størst. Departementet og Direktoratet for naturforvaltning følgjer opp retningslinjene gjennom dei regionale kystsonenettverka og i det generelle rettleiingsarbeidet. Dei fire regionale kystnettverka vart oppretta i 2005, og består av fagmedarbeidarar frå kvart fylkesmannsembete. Nettverka følgjer opp den nasjonale strandsonepolitikken overfor kommunane og bidreg til harmonisering av forvaltningspraksis på landsbasis.

I Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging blir det slått fast at kommunane må vurdere arealbruken i strandsona i eit heilskapleg og langsiktig perspektiv, og at det må takast særleg omsyn til natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap og allmenta sine interesser.

Tiltak i hav og kyst rundt Svalbard

Det er ei viktig utfordring å regulere den veksande cruisetrafikken og forskingsaktiviteten både i og utanfor verneområda, blant anna for å sikre verneområda sin verdi som referanseområde for klima- og miljøforsking. Det blir no utarbeidd forvaltningsplanar for verneområda på Svalbard for å sikre at aktiviteten skjer i samsvar med verneformålet. Det blir òg utarbeidd ein handlingsplan for isbjørnbestanden, som er særleg sårbar for effektane av klimaendringar. Vidare blir det gjort ei vurdering av dagens artsforvaltning med hovudfokus på arter som det kan haustast av og raudlistearter. Det skal òg lagast retningslinjer for fangsverksemda på Svalbard i tråd med svalbardmiljølova.

Klimaendringane vil gjere Svalbards kyst- og havområde meir utsette for framande organismar frå tempererte område. Nye tiltak kan vere nødvendig, og Sysselmannen på Svalbard arbeider derfor med ein handlingsplan mot framande organismar på Svalbard.

Internasjonalt samarbeid for å beskytte havområda

Noregs internasjonale arbeid på havmiljøområdet omfattar mellom anna samarbeid under Konvensjonen om vern av det marine miljø i det nordaustlege Atlanterhavet (OSPAR). OSPAR handlar om eit breitt spekter av havmiljøspørsmål, under dette dumping/disponering av avfall i havet, utslepp frå offshore olje- og gassverksemd og spørsmål knytte til marint naturmangfald, som utvikling av økologiske miljøkvalitetsmål og vern og beskyttelse av marine område. For EUs medlemsland er konvensjonen òg ei viktig regional plattform for ei koordinert gjennomføring av EUs havstrategidirektiv i vårt havområde. For Noreg som tredjeland i gjennomføringa av direktivet blir konvensjonen derfor eit viktig forum for samarbeid med EU på dette feltet.

Som medlem av Arktisk Råd deltek Noreg òg aktivt i arbeidet under PAME (Protection of the Arctic Marine Environment Working Group). PAMEs aktivitetar er retta mot vern av det marine miljøet i Arktis. Auka økonomisk aktivitet og klimaendringar medfører auka utfordringar i Arktis, og dette krev ei heilskapleg tilnærming for å handtere både eksisterande og kommande utfordringar.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

1.1. Dei marine økosystema sin struktur, verkemåte, produktivitet og naturmangfald skal oppretthaldast eller gjenopprettast og danne grunnlag for verdiskaping gjennom berekraftig bruk av ressursar og økosystemtenester.

Indikator:

  • Føringar og tiltak i forvaltningsplanane for havområda som er gjennomførte innan dei fristar som er fastsette.

Mange av dei aktivitetane og tiltaka som er i gang vil medverke til å nå dette målet. Dette gjeld mellom anna kunnskapsinnhenting knytt til kartlegging av havbotn gjennom MAREANO og kartlegging og overvaking av sjøfugl gjennom SEAPOP. Arbeidet med å gjennomføre forvaltningsplanane for havområda Barentshavet – Lofoten og Norskehavet er godt i gang. Det faglege grunnlaget for ein forvaltningsplan for Nordsjøen og Skagerrak vart lagt fram i mai 2012. Same månad vart det halde ein open konferanse i Haugesund for å komme med innspel til forvaltningsplanen.

1.2. Alt kystvatn skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant innan 2021.

Indikatorar:

  • Del av førekomstar av kystvatn i Noreg som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta

Pr. 1 mai er dei 11 vassregionane og 108 vassområda delt inn i om lag 24.500 vassførekomstar. Av desse er om lag 2.100 vassførekomstar i kystvatn. Planarbeidet og innhenting av kunnskap for alt kystvatn er i full gang, og data som blir presentert under må reknast som førebelse. Tal frå Vann-nett pr. 1 mai 2012 syner at godt over halvparten av vassførekomstane i kystvatn er utan risiko for å ikkje tilfredsstille miljømåla i vassforskrifta. For kjemisk tilstand er innlagte data enno ikkje tilstrekkelege til å hente ut statistikk.

Miljøkvalitetsstandardar for prioriterte stoff er nyleg spesifiserte i vassforskrifta ved gjennomføring av eit underdirektiv til vassdirektivet. Miljøkvalitetsstandardane konkretiserer miljømåla for kjemisk tilstand i vatn for 33 prioriterte stoff. Det vil ofte vere meir føremålstenleg å overvake miljøgifter i sediment og/eller organismar fordi denne typen overvaking gir eit betre bilete av belastninga av stoff som hopar seg opp i næringskjeda og utgjør eit problem over tid. Det blir derfor arbeidd med å utvikle miljøkvalitetsstandardar for organismar og sediment.

Tabell 11.1 

Vasstype

Tal totalt

Ikkje risiko

Mogleg risiko

Risiko

Ikkje vurdert

Kystvatn

2.100

59 %

20 %

21 %

0 %

1.3. Alle bestandar som kan haustast av fisk, virvellause dyr og tare skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig.

Indikator:

  • Talet på arter der hausting og anna uttak er ein viktig faktor for negativ påverknad.

Dei viktigaste kommersielle fiskebestandane blir kontinuerleg overvaka. Det er sett grenseverdiar for kor høgt uttaket kan vere. Ein reknar i dag med at for mellom anna ål og pigghå er hausting ein faktor som medverkar til ein dårleg bestandssituasjon. Det er likevel behov for meir kunnskap om dei verknadene fiske og fangst gir på enkelte arter og økosystema i havet.

1.4 Utryddinga av truga marine arter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere forbetra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til hav og kyst.

Ingen kjende marine arter er utrydda i våre farvatn sidan nordkaperen (ein art av bardekval) forsvann. Den siste kjende observasjonen av denne arten var i 1999. Det er i dag 45 truga marine arter på Norsk rødliste for arter 2010. Døme på truga arter er ål, grønlandskval, storskate og lomvi.

1.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på truga naturtypar knytt til hav og kyst

  • Talet på utvalde naturtypar i havet og på kysten.

Ifølge Norsk rødliste for naturtypar 2011 er ni marine naturtypar kategorisert som truga. Det skjer eit kontinuerleg arbeid knytt til vurdering av truga marine naturtypar som bør bli utvalde naturtypar i sjø. I løpet av 2012 vil naturtypa ålegraseng etter planen bli vurdert som utvald marin naturtype. Om lag halvparten av landets kommunar er kartlagde for utvalde marine naturtypar, men det er stort behov for auka kartlegging av naturtypar i sjø for å skaffe eit betre grunnlag for å vurdere status for ulike marine naturtypar.

1.6. Eit representativt utval av norsk natur skal vernast for kommande generasjonar innanfor naturmangfaldlova sitt verkeområde.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i hav.

Omlag 2 pst. av sjøarealet innafor territorialgrensa er verna i medhald av naturmangfaldlova. Den naturfaglege evalueringa frå 2010 viste at 497 av totalt 2688 verneområde hadde havstrand, kyst eller sjøfugl som hovudfokus. Evalueringa viste at kyst og havstrand sett under eitt er middels godt dekte av vern, men dette biletet varierer frå fylke til fylke og med ulike naturtypar. Fleire truga, marine naturtypar og spesielle marine naturtypar har dårleg vern i Noreg. Direktoratet for naturforvaltning er i gang med å utarbeide forslag til ein strategi for korleis dei ulike verkemidlane i naturmangfaldlova kan brukast for å sikre eit representativt utval av marine naturtypar og naturtypar langs kysten.

Første fase av marin verneplan omfattar 36 område. Arbeidet med å sikre 17 av områda starta i 2009. I 2012 vart det meldt oppstart av verneplanarbeidet for dei resterande 19 områda.

Som bidrag til OSPARs nettverk av verna og beskytta område i det nordaustlege Atlanterhavet har Noreg førebels meldt inn tre område som er beskytta under fiskerilovgivinga, to område som er verna etter naturvernlova (Selligrunnen naturreservat og Ytre Hvaler nasjonalpark), og område ved Svalbard og Bjørnøya som er verna etter svalbardmiljølova. I tillegg vart Jan Mayen naturreservat (verna etter Lov om Jan Mayen) meldt inn i februar 2012.

1.7. Verneverdiane i dei marine verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga i hav og kystområde.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltningsplan.

Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008-2010 ei kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda.

Når vernevedtak for alle områda i marin verneplan er fatta, tek ein sikte på å utarbeide forvaltningsplanar og tilpasse forvaltningssystemet til marine verneområde, under dette å kartleggje naturtypar nærare og å setje i gang overvaking.

1.8. Innan 2015 er dei samla menneskeskapte belastningane på korallrev og andre sårbare økosystem som er påverka av klimaendringar eller havforsuring minimerte, slik at deira funksjon i størst mogleg grad er halden oppe.

Indikatorar:

  • Utvikling i surleiksgrad (pH).

  • Talet på korallrev og andre sårbare økosystem påverka av havforsuring

På grunn av variasjonar i biologisk aktivitet er det stor naturleg variasjon i pH i havet. Systematisk overvaking av pH i norske havområde er gjennomført berre sidan 2010. Dette er for kort tid til å kunne identifisere ein langsiktig trend i pH-utviklinga. Andre målingar indikerar likevel at også norske havområde er i ferd med å bli forsura som følgje av at havet tek opp CO2 frå atmosfæren. Dette fører til lågare pH og redusert innhald av kalkmineralar, som er viktige byggjesteiner for organismar med kalkskal.

Metodar for å måle effektar av havforsuring er under utvikling. Det er førebels ikkje etablert overvaking som gjer det mogleg å vurdere denne indikatoren.

1.9. Dei mest truga artene skal ha status som prioriterte arter.

Indikatorar:

  • Talet på prioriterte arter knytt til hav og kyst.

  • Bestandssituasjonen for utvalde sjøfugl.

Det er førebels ikkje vedteke prioriterte arter knytte til hav og kyst etter naturmangfaldlova, men fleire truga marine artar er aktuelle som prioriterte arter og er under vurdering.

Sjøfuglane blir oppfatta som gode indikatorar for tilstanden i havet og langs kysten. Den kraftige tilbakegangen i bestandane av sjøfugl, spesielt i dei nordnorske sjøfuglbestandane, gir derfor god grunn til uro om korleis det står til med dei marine økosystema. Talet truga arter av sjøfugl i Noreg, inkludert Svalbard, har auka med fem arter frå 2006 til 2010. Både nordisk og internasjonalt er ein uroa over situasjonen for sjøfuglane. I 2011 vart det lagt fram ein nordisk handlingsplan for sjøfugl. Handlingsplanen er ikkje behandla i Nordisk Ministerråd enno.

Ved å overvake størrelsen på hekkebestandar, artens overleving, reproduksjon og diett frå år til år gjennom eit nettverk av nøkkellokalitetar får vi ei augeblikksbilete av korleis det går med sjøfuglane våre, betre innsikt i kva som påverkar dei og kunnskap om deira sårbarheit for ulike typar av påverknad. Spesielt pelagisk beitande arter som lomvi og krykkje har ein negativ bestandsutvikling og sviktande rekruttering. Toppskarvbestanden viser ei positiv utvikling i overvakningsperioden 1980-2011 sett under eitt. Ærfuglbestanden har halde seg relativt stabil i heile overvakingsperioden, men det er variasjonar mellom enkeltområde. Det har vore ein auke i Skagerrak og ein nedgang i Trondheimsfjorden og på delar av Helgelandskysten. For krykkje og lunde har utviklinga vore negativ. Hekkebestanden av krykkje er no under ein fjerdedel av nivået i 1980. Ei tilsvarande utvikling har vi sett over heile Nord-Atlanteren. Hekkebestanden av lunde var i 2011 omtrent lik bestanden i 2010. Langtidstrenden for alle koloniane er likevel negativ.

På grunn av den store tilbakegangen i bestandene gjennom mange år, er mellom anna lomvi, alke, polarlomvi, lunde og krykkje oppført på Norsk rødliste for arter 2010.

Nedbeitinga av stortare langs kysten blir nøye overvaka. Dei siste tala frå 2010 viser at stortare etablerer seg igjen i dei ytre kystområda nord til Bodø der den tidlegare var nedbeita av kråkebollar. Lengre nord er det framleis store område som blir dominerte av kråkebollar, og med noko tareskog innimellom. Det vil komme nye tal frå overvaking av stortare i løpet av 2012. Tilstanden for sukkertaren har ikkje endra seg dei siste åra. Det er framleis omfattande bortfall av sukkertareskog langs kysten i Sør-Noreg. Det er anslått at om lag 80 pst. av sukkertaren er forsvunnen frå den norske Skagerrakkysten og at om lag 40 pst. er blitt borte langs kysten av Rogaland og Hordaland. Sukkertaren er i tillegg forsvunnen enkelte stader frå kystområda i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Figur 11.1 Bestandsutviklinga i norskehavområde for utvalde indikatorarter for perioden 1980-2011 (SEAPOP 2011).

Figur 11.1 Bestandsutviklinga i norskehavområde for utvalde indikatorarter for perioden 1980-2011 (SEAPOP 2011).

1.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr art.

I den andre risikovurderinga av framande organismar i norsk natur, Fremmede arter i Norge – med norsk svarteliste 2012, som vart lagt fram i juni 2012 vart 1180 arter risikovurderte. Bak arbeidet ligg ein klassifiseringsmetode utvikla av norske biologar. Metoden er eit nybrotsarbeid også i internasjonal samanheng, og kan i prinsippet nyttast på alle arter på kloden. Risikovurderingane og svartelista er eit viktig verktøy når styresmaktene skal prioritere tiltak mot etablerte, skadelege framande organismar.

Noreg har ratifisert IMOs konvensjon om spreiing av framande organismar med ballastvatn frå skip. Ei norsk forskrift om handtering av ballastvatn tredde i kraft 1. juli 2010. Noreg er eit av dei første landa i verda som innfører krav til handtering av ballastvatn.

Med unnatak for avgrensa lokalitetar, er det vanskeleg å utrydde framande organismar som spreier seg langs kysten og i havområda. Utviklinga i spreiinga av stillehavsøsters blir overvaka, og vi ser at status er avhengig av isdekke om vinteren slik at utbreiinga varierer noko frå år til år. Sjølv om arten no er godt etablert i Noreg, er det ikkje aktuelt med utryddingstiltak. Unnateke frå dette er område der vi ser at arten er ein direkte trussel mot den truga arten flatøsters, eller at stillehavsøstersen dekkjer badeplassar eller liknande.

I Hordaland og Rogaland er framande marine organismar kartlagde i eit pilotprosjekt ved hjelp av metoden «Rapid Coastal Survey», der det vart søkt etter utvalde framande arter i til saman 68 småbåthamner. Metoden eignar seg godt til å kartleggje førekomsten av fastsitjande artar.

Handlingsplanen mot mink er ferdig, og den er viktig for å verne sårbare sjøfuglbestandar på øyar langs kysten. Statens naturoppsyn har ansvaret for å halde nede mink i verneområda, og har ansvaret for overvakinga i to lokalitetar i ytre Hvaler nasjonalpark.

Eit system for tidleg varsling av framande marine artar er starta opp. Dette vil vere eit viktig verktøy for å få oversikt over utviklinga i framande marine organismar.

1.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Se resultatområde 6

Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar i hav- og kystområda. I USA er genmodifisert laks under vurdering i høve til helserisiko. Den norske oppdrettnæringa har signalisert at slik laks ikkje er aktuell i Noreg. Mattilsynet har under matlova gitt dispensasjon til fiskfôrprodusentar til å bruke 19 ulike genmodifiserte planter. Næringa har ikkje nytta seg av dispensasjonen.

1.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til kystvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av kystvatn som har god kjemisk og økologisk tilstand.

  • Delen av kystvatn som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt.

Resultat frå kystovervakinga viser at tilstanden dei fleste stader er god med omsyn til kjemisk og biologisk tilstand på ytre kyst. På indre kyst har vi imidlertid fleire vassførekomstar som står i fare for å ikkje å oppnå miljømålet innan 2021. Tilstanden på Vestlandet og nordover er mindre godt kjent grunna manglande overvaking

1.13. Operasjonelle utslepp skal ikkje føre til helse- eller miljøskade eller medverke til auke i bakgrunnsnivåa av olje eller andre miljøfarlege stoff over tid.

Indikatorar:

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff i vatn frå petroleumsverksemd

  • Mengda operasjonelle utslepp av olje og miljøfarlege stoff frå skip og landbasert verksemd.

Målet om nullutslepp (nullutsleppsmålet) tyder at det som hovudregel ikkje skal sleppast ut olje og miljøfarlege stoff, verken tilsette eller naturleg førekommande kjemiske stoff. Nullutsleppsmålet gjeld heile norsk sokkel og er basert på føre var-prinsippet. Målet skulle ha vore nådd for både nye og eksisterande installasjonar innan 2005. Målet om nullutslepp er vurdert som oppnådd for tilsette kjemikaliar. Basert på innrapporterte tal for utslepp for 2008 og nye tilbakemeldingar på status frå operatørane i 2009 har Klima- og forureiningsdirektoratet vurdert måloppnåinga for nullutsleppsarbeidet og behovet for vidare arbeid. Klima- og forureiningsdirektoratet har funne at det er behov for ytterlegare tiltak for enkelte innretningar for å sikre at nullutsleppsmålet blir nådd også for olje og naturleg førekommande stoff i produsert vatn.

Den viktigaste kjelda til utslepp av olje frå petroleumsverksemda er utsleppa av produsert vatn. Vassproduksjonen har auka jamt på sokkelen, og i 2011 var vassproduksjonen 161 mill. m3. I følgje prognosar frå Oljedirektoratet vil mengda produsert vatn auke fram mot 2015 for deretter å halde seg stabil. Produsert vatn som kjem opp på plattformene med brønnstraumen blir reinsa, og anten pumpa tilbake i reservoaret eller reinsa og sleppt ut. Ca. 17 pst. av vatnet blir injisert. Mengda injisert vatn har vore stabilt dei siste åra. I 2011 vart det i alt sleppt ut 1589 tonn dispergert olje til sjø saman med det produserte vatnet, på same nivå som i 2010.

1.14. Risikoen for helse- eller miljøskade som følgje av akutt forureining skal haldast på eit lågt nivå og skal kontinuerleg søkjast redusert ytterlegare.

Indikator:

  • Talet på og mengd akutte utslepp av olje og andre miljøfarlege stoff frå petroleumsverksemd, skip og landbasert verksemd.

Verksemd som kan føre til akutt forureining skal til ei kvar tid ha eit akseptabelt beredskapsnivå sett i høve til risikoen for akutt forureining.

Alle operatørselskapa på norsk sokkel må etablere ein akseptabel beredskap mot akutt forureining basert på miljø- og risikoanalyse, før leite- og produksjonsverksemd startar. Petroleumsnæringa skal til ei kvar tid syte for dimensjonering og plassering av beredskapsfunksjonar som gir best mogleg beredskap innafor dei rammene som styresmaktene har sett, blant anna gjennom krav og vilkår i enkeltløyve. I 2011 var det i alt 281 akutte utslepp av olje på til saman om lag 219 m3 frå offshoreverksemda på norsk sokkel. På landsida har 72 bedrifter utvida beredskapskrav og 33 regionar har beredskapskrav og godkjende beredskapsplanar. Alle høgrisikobedrifter er dekte. Kommunane dekkjer sitt beredskapsansvar gjennom interkommunalt samarbeid, og landet er inndelt i 33 interkommunale samarbeidsregionar som alle har godkjende beredskapsplanar. I 2011 vart det registert 80 akutte utslepp av olje og andre kjemikaliar frå landbasert industri. I tillegg kjem akutte utslepp frå landtransport, bunkersanlegg og nedgravne oljetankar. Det er ikkje rapportert store akutte utslepp av olje og kjemikaliar frå landbasert industri.

1.15. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging i strandsona og sikre berekraftig ressursutnytting langs kysten

Indikatorar:

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs sjø.

  • Talet på nybygg i strandsona i medhald av plan.

  • Omfang av planar for sjøareala langs kysten.

Talet på gitte dispensasjonar for nybygg i 100- meterbeltet langs saltvatn gjekk ned frå 2010 til 2011, men delen søknader som blir godkjende ved dispensasjon stig. Tala viser at Regjeringas innskjerpingstiltak er naudsynte.

Miljøforvaltninga har i 2011 og 2012 arbeidd aktivt med å formidle nasjonal politikk for planlegging i strandsona gjennom fleire samlingar i kystsonenettverka (fylkesmannen) og fylkeskommunane. Direktoratet for naturforvaltning er i gang med å utarbeide gode døme på arealplanlegging i strandsona og gir juridisk bistand til kommunar for å sikre ålmenta sine interesser i strandsona. Det er òg utvikla rettleiingsmateriell for korleis kommunane kan ta vare på naturmangfald i strandsona og i kystsona. Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

1.16. Transport og ferdsel på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til sjøs på Svalbard.

  • Talet på og geografisk spreiing av landstigningar frå cruiseskip utanfor planområda.

  • Talet på helikoptertimar.

Dei siste åra har om lag 50 private småbåtar besøkt Svalbard årleg. Talet på cruiseskip som besøker Svalbard eitt eller to døgn som del av ein lengre reise, har vore stabilt i underkant av 30 dei seinare åra, mens talet på passasjerar på desse skipa er om lag 26 000. Også mange av turistane som kjem til Svalbard med fly deltek på 4-7 dagar lange ekspedisjonscruise rundt øygruppa. Talet på turistar som deltek på slike cruise, har auka frå om lag 5 000 i 2001 til om lag 10 000 i 2010. Cruiseturistane gjekk i land på rundt 100 forskjellige stader i 2000. Talet på stader aukar, og har passert 140. Talet på helikoptertimar har dei siste åra vore stabilt på om lag 1300 timar.

1.17. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast ved lag, naturmangfaldet bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking sikrast.

Indikatorar:

  • Del av verneområda med godkjent forvaltningsplan.

  • Bestandsstatus for raudlista arter og andre utvalde arter.

  • Status for framande arter og effektar av desse.

To av dei 29 verneområda på Svalbard, Bjørnøya naturreservat og Hopen naturreservat, har godkjent forvaltningsplan. Arbeidet med forvaltningsplanar for naturreservata Nordaust-Svalbard og Søraust-Svalbard er fullført, og arbeidet med oppstart av forvaltningsplan for Nordvest-Spitsbergen og Forlandet nasjonalparkar med nærliggjande fuglereservat er under planlegging. Totalt 8 av artene som lever på Svalbard finst på Norsk rødliste for arter 2010. Det er førebels ingen utvalde arter på Svalbard.

12 Resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar

Om lag 5 pst. av arealet i Noreg er dekt av ferskvatn i eit rikt mangfald av bekker, elvar, dammar, innsjøar og andre vassførekomstar. I tillegg kjem grunnvatn som ein viktig føresetnad for livet på landjorda. Noregs elvar og innsjøar gir grunnlag for eit rikt mangfald av arter, naturoppleving, rekreasjon, friluftsliv og andre økosystemtenester som til dømes reint drikkevatn og arter som kan haustast. Noreg har om lag ein halv million innsjøar og vatn av ulik storleik, og i Finnmark åleine finn vi meir enn 180 000 slike. Ni av verdas 20 høgaste fossar finst i Noreg.

Alle elvar og innsjøar er ein eineståande verden av levande organismar, nøyaktig tilpassa til omgivnadene og kvarandre. Vassdraga blir ofte omtala som livsnervane i naturlandskapet. Elvane er ein føresetnad for fordeling av vatn og næring til omliggjande naturområde.

Vassdraga er og har vore svært viktige for verdiskaping. Dei store elvane har frå gamalt av spela ei sentral rolle for busetjing og utvikling av lokalmiljø og landsdelar. I vassdrag var det ofte rike førekomstar av fleire arter av fisk, og vassvegen gav gode høve til transport og produksjon av kraft som førte til at det langs vassdraga voks fram lokalsamfunn baserte på industri driven av vatn.

Tilstand

Ferskvatn omfattar innsjøar, elvar, bekker, dammar og grunnvatn. Vassystema i Noreg er prega av mange små innsjøar og raskt strøymande elvar. Nesten alle dei store vassdraga startar i fjellet, og norske elvar er derfor prega av fossar og stryk. Glomma og Tana er dei einaste vassdraga som nærmar seg det ein kan kalle ei flod. Vi finn dei fire djupaste innsjøane i Europa i Noreg. Alle desse er djupare enn 450 meter.

Innhaldet av kalk i ferskvatn og surleiksgraden (pH) i vatnet er ein av dei viktigaste faktorane for kva slag arter av planter og dyr som vil trivast i vatnet. Til dømes har berggrunn og jordsmonn på Sørlandet og Sørvestlandet liten evne til å nøytralisere tilførsler av sur nedbør. For å behalde plante- og dyreliv i vassdraga i desse områda har ein derfor kalka i mange år. Andre viktige miljøfaktorar i ferskvatn er straumtilhøve, temperatur og om det er grus, sand og leire eller fast fjell, store stein og grov grus på botnen.

Om lag 2800 dyrearter lever heile eller delar av livet sitt i ferskvatn. Dette omfattar mange dyregrupper som pattedyr, fisk, amfibium, insekt, krepsdyr og ei rekkje arter av dyreplankton. Vi finn flest arter av insekt og krepsdyr. Det er registrert 45 arter av ferskvassfisk. Døme på fisk i ferskvatn er aure, røye, åbor og gjedde. Den atlantiske villaksen er nok den fiskearten som flest har eit høve til, som til dømes god mat på bordet og som grunnlag for verdiskaping eller natur- og fiskeopplevingar og rekreasjon. Noreg er i dag eitt av laksen sine viktigaste leveområde, og vi finn om lag ein tredel av all atlantisk villaks i Noreg. Tana-vassdraget er verdas mest produktive laksevassdrag. Bever og oter er to arter av pattedyr som lever i eller nært knytt til bekker og vatn.

Alle dei seks artene av amfibium i Noreg er knytte til ferskvatn. Stor salamander er avhengig av små dammar utan fisk i for ynglinga si, særleg er gardsdammar godt eigna. I dag er mange gardsdammar grodde eller fylte igjen, og stor salamander er ein truga art, hovudsakeleg fordi den har mista svært mange av yngleområda sine. For om lag 80 fuglearter er ferskvatn viktig føde og/eller reproduksjonsområde. Døme på fugl knytt til ferskvatn er ulike arter av ender og gjæser, fossekall, hegre og trane.

Totalt 97 karplanter er registrerte i ferskvatn. Ulike sumpplanter og planter med blad og blomster i eller rett under vassflata er enklast å få auge på. Døme på slike arter er kvit nøkkerose, ofte kalla vasslilje, og store samlingar av sumpplanter som flaskestarr, elvesnelle og dunkjevle. I tillegg finn vi ei rekkje arter av planteplankton som lever i dei frie vassmassane, og algar og sopp som er festa til botn eller til andre planter og dyr. Planteplankton er den mest artsrike gruppa i ferskvatn med minimum 1050 arter. Ein reknar med at det finst minimum 900 arter av fastsitjande algar i rennande vatn i Noreg. Vi finn mosar i alle storleikar i rennande vatn, frå små såkalla levermosar som er vanskelege å sjå utan lupe, til vanleg elvemose som kan bli eit par meter lang. I mosevegetasjonen er det ein rik fauna av smådyr som til dømes ulike insektlarver og fiskeyngel.

Ifølgje Naturindeksen for Noreg for 2011 er tilstanden for naturmangfald i ferskvatn samla sett god med ein indeks på 0,75. Tilstanden i ferskvatn er betra sidan 1990.

Noreg er delt inn i 11 vassregionar frå kyst og fjord til fjell. Vassregionane er igjen delte inn i 108 vassområde og om lag 24.500 vassførekomstar. Av desse er om lag 21.000 vassførekomstar i vassdrag, fordelte på om lag 14.800 vassførekomstar i elv, 6.200 vassførekomstar i innsjø, og 1.300 vassførekomstar av grunnvatn.

Tal frå Vann-nett pr. 1 mai 2012 syner at over halvparten av vassførekomstane i vassdrag og grunnvatn er utan risiko for å ikkje tilfredsstille miljømåla i vassforskrifta. Tala blir oppdaterte når det kjem ny kunnskap.

Tabell 12.1  Oversikt over risiko for ikkje å tilfredsstille miljømåla i vassforskrifta

Vasstype

Tal totalt

Ikkje risiko

Mogleg risiko

Risiko

Ikkje vurdert

Elv

14.800

51 %

21 %

34 %

3 %

Innsjø

6.200

55 %

10 %

31 %

4 %

Grunnvatn

1.300

57 %

31 %

26 %

10 %

Om lag 7 pst. (267 arter) av dei truga artene har meir enn 20 pst. av bestanden sin i ferskvatn. Av kransalgane er 17 av 20 arter truga. Også ein stor del av amfibia (67 pst.) og augestikkarane (37 pst.) er med på Norsk rødliste for arter 2010. Døme på truga arter i eller knytte til ferskvatn er karplantene korsandemat og mjukt havfruegras, glasskivesnigel, billa elvesandjeger, edelkreps, elvemusling, oter og damfrosk.

Talet på laksebestandar har gått kraftig tilbake og mange bestandar er truga eller sårbare. Om lag 54 norske laksebestandar er utrydda eller har så få individ at dei står i fare for å bli utrydda. I om lag 40 pst av dei 427 laksebestandane som er igjen er tilstanden svært dårleg eller dårleg.

Vi finn sju naturtypar i ferskvatn på Norsk rødliste for naturtyper 2011. Døme på truga naturtypar er kalksjøar og klare kalkfattige innsjøar.

Om lag 15 pst. av ferskvatnet er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom Verneplan for vassdrag er 388 vassdragsområde sikra mot vassdragsutbygging.

Det finst ei rekkje innsjøar og elvar på Svalbard. Innsjøar og mindre vatn finst særleg på strandflatene på Vest-Spitsbergen, og ikkje minst på Bjørnøya som har om lag 700 vatn. I tillegg finst ei rekkje store breelvar. Mange av vatna manglar avløp til sjøen, og er oftast isfrie berre 2-3 månader i året. Produksjonen av planteplankton og botnvegetasjon er låg. I tillegg til ein- og fleircella algar finn vi ein del små krepsdyr, og dessutan insektlarver, særleg fjørmygg og stadvis ei vårflugeart. Røye finst i om lag 100 vatn og vassdrag over heile Svalbard. I 2011 vart det fiska 236 røyer mot 173 i 2010. Tidlegare vart røya utsett for overfiske. I dag er miljøgifter ein stor trussel for arten.I Ellasjøen på Bjørnøya er nivået av PCB i røye så høgt at det ikkje er tilrådeleg å ete storfisk. Verdiane er av dei høgaste som nokon gong er målte i Arktis. Svalbardrøya som art kan vere over 100 000 år gamal, og stasjonær Svalbardrøye er truleg blant verdas eldste røyebestandar.

Dei store elvane på Svalbard er breelvar med eit svært høgt innhald av slam. Her finst inga røye, og artsmangfaldet er svært lågt.

Påverknader

Dei viktigaste truslane mot økosystema og artene i elvar og innsjøar er avrenning frå landbruket, fysiske inngrep og endringar i arealbruk eller vassføring, særleg vasskraftutbygging, spreidd avløp, forsuring, og introduksjonar av framande organismar.

Om lag 1/3 av innsjøarealet er påverka av vasskraftutbygging, og 15 av Noregs 20 høgaste fossefall er regulerte.

Etablering av ny vasskraft, og då særskilt små vasskraftverk, har auka betrakteleg dei siste åra og sidan år 2000 er det blitt gitt over 400 konsesjonar. Det ligg i dag over 600 konsesjonssøknader i kø hos Noregs vassdrags- og energidirektorat, og tala er venta å auke sterkt fram mot årsskiftet 2012/2013. Dette tidspunktet er sett som ein tidsfrist for utbyggingar som skal kvalifisere for elsertifikat gjennom å vere i produksjon innan utgangen av 2020. Dette vil stille store krav også til miljøvernforvaltninga med sikte på vurdering av miljøkonsekvensar av nye små vasskraftkraftverk.

Mens ein tidligare har trudd at små vasskraftverk har små miljøkonsekvensar, blir den samla utbyggingsmengda likevel ein reell trussel mot mange miljøkvalitetar som naturmangfald, landskaps- og friluftsinteresser og i nokre tilfelle også kulturminne og kulturmiljø. Inngrep i form av vegar, drenering og gjenfylling er ein særskilt trussel mot mindre vassførekomstar.

Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i 10 pst. av Noregs landareal, sjølv om forsuringssituasjonen har blitt betre dei 10-15 siste åra. Det er særleg område på Sørlandet og Vestlandet som framleis er påverka av forsuring. Forsuring har gjennom fleire tiår ført til store skadar på plante- og dyrelivet i ferskvatn. Mange sniglar og amfibium er gått tapt i store areal på Sørlandet, og det er anslått at 94 pst. av totalt 47 kjende bestandar av elvemusling i Vest- og Aust-Agder er borte. For enkelte grupper av vassplanter er meir enn 50 pst. av dei opphavlege artene tapt frå delar av dei mest forsura vassdraga i Sør-Noreg.

Forureining som følgje av tilførsel av næringssalt (overgjødsling) er framleis eit betydeleg forureiningsproblem, særleg i område med tett busetnad og landbruksintensive område. Dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri.

Spreiing av framande organismar er eit alvorleg trugsmål mot norske vatn og vassdrag, og lakseparasitten Gyrodactylus salaris, signalkreps, ørekyte, gjedde og sørv er døme på arter som har hatt negative konsekvensar på økosystema i ferskvatn. Skadar skuldast både at dei introduserte artene påverkar økosystema negativt og at dei fører til alvorlege sjukdommar hos dei opphavlege artene.

Dei historiske truslane mot dei ville laksestammene, som til dømes sur nedbør, vasskraftutbygging og andre inngrep i vassdrag blir i dag motverka på ein effektiv måte og vil truleg ikkje føre til ytterlegare nedgang i laksestammene. Også lakseparasitten Gyrodactylus salaris kan handterast, men her må innsatsen for å nedkjempe parasitten førast vidare. Hovudutfordringane for villaksen i dag er lakselus og innblanding av oppdrettslaks i dei ville stammene. I nokre tilfelle er også hausting ei utfordring.

På Svalbard er svalbardrøya påverka av hausting, men enno meir alvorleg er miljøgifter som kjem til Svalbard med hav- og luftstraumar. Årsaka til miljøgiftbelastninga i Ellasjøen er truleg fugleskitt og avrenning frå koloniar av hekkande alkekonge. Påverknaden på elvar og innsjøar på Svalbard som følgje av inngrep og arealbruk er minimal.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Heilskapleg vassforvaltning

Hovudgrepet for å nå mål under resultatmål 2 er den heilskapelege og økosystembaserte vassforvaltninga etter vassforskrifta. Arbeidet er eit nasjonalt løft for vassforvaltninga, og inngår i tillegg i det felles europeiske arbeidet under vassdirektivet. Målet er at det i 2015 skal liggje føre regionale planar for alt ferskvatn, kystvatn (ut til 1 nm) og grunnvatn, med tilhøyrande tiltaksprogram for å nå god miljøtilstand, både økologisk og kjemisk, innan utgangen av 2021. I 2012 er det gjennomført ei grovkartlegging av miljøtilstanden og risikoen for ikkje å nå miljømåla, den såkalla karakteriseringa. Basert på dette har vassregionane sendt på høyring eit dokument om «vesentlige vannforvaltningsspørmål». Arbeidet i 2013 vil bestå av ei oppfølging av denne høyringa og det vil bli utarbeidd tiltaksanalysar i alle vassområde. Dette arbeidet blir leia av dei fylkeskommunane som er vassregionstyresmakt, og blir gjennomført med brei medverknad av kommunar, andre fylkeskommunar, aktuelle sektorar og interesseorganisasjonar. Arbeidet skjer i følgje nasjonale rammer og retningslinjer som blir koordinerte av Direktoratet for naturforvaltning og Miljøverndepartementet.

For dei vassområda som har vore med i pilotfasen frå 2009, og som derfor allereie har vassforvaltningsplanar og tiltaksprogram, blir planane rullerte samtidig med at nye planar blir utarbeidde for dei andre vassområda. Her er tiltaka allereie sette i gang, og gjennomføringa vil finne stad i 2013 og åra framover. Dette gjeld mellom anna tiltak for å redusere avrenning frå landbruk, tiltak som kommunen gjennomfører for å redusere forureining frå spreidde avløp, restaurering av vassløp og fjerning av vandringshinder frå veg (kulvert).

I tillegg blir det arbeidd for godt vassmiljø gjennom prosjekt for opprydding av forureina sediment i hamner (se resultatområde 9 Giftfritt miljø), regulering av prioriterte miljøgifter både gjennom regelverk og gjennom enkeltløyve til utslepp frå til dømes industri, gruvedrift, akvakultur og anna næring. Nokre vassområde har særskilt store utfordringar, og det har dei siste åra vore gitt særskilte tilskot til nokre av desse områda.

Kalking av vassdrag

Nivået for forsuring av ferskvatn er framleis over tolegrensa i om lag 10 pst. av Noregs landareal, og fram mot 2030 er det berre venta små betringar i forsuringssituasjonen. Det vil derfor vere naudsynt å halde fram med kalking av vatn og vassdrag i lang tid framover. For å oppnå ytterlegare betring i vasskvaliteten i dei forsura områda må utsleppa av svovel- og nitrogensambindingar til luft i Europa reduserast meir enn målsetjingane i Gøteborgprotokollen. Protokollen vart revidert i mai 2012 med mellom anna nye forpliktingar til reduksjon i utslepp fram mot 2020.

Berekraftig energiproduksjon

Ny vasskraft kan føre til øydelegging av vassmiljøet. Miljøverndepartementet har derfor eit fortløpande og tett samarbeid med Olje- og energidepartementet for å medverke til at det er prosjekta med størst samfunnsnytte og minst miljøpåverknad som får konsesjon. Den samla belastninga på vassdragsnaturen må vurderast. I tillegg er det viktig å finne fram til dei beste avbøtande tiltaka i dei prosjekta som får løyve.

I 2013 vil det liggje føre ein gjennomgang og fagleg prioritering av kommande saker om revisjon av gamle vassdragskonsesjonar. Gjennomgangen vil bli utført av Noregs vassdrags- og energidirektorat og Direktoratet for naturforvaltning, på oppdrag frå Olje- og energidepartementet og Miljøverndepartementet. Målet er å finne fram til gode miljøforbetringar med avgrensa tap av produksjon.

Tiltak mot forureining frå gruver

I område over heile Noreg har det vore gruveverksemd. Restane etter nedlagd gruveverksemd varierer frå store anlegg til nokre få sjakter, og kan utgjere viktige kulturminne. Samstundes kan nedlagde gruver vere betydelege forureiningskjelder, då miljøgifter, særleg kopar, renn ut i grunnvatn, elvar og innsjøar. For å hindre forureining blir det gjennomført tiltak som til dømes å fylle gruvene med vatn for å unngå oksidering av kopar. Ni av gruveområda som gir dei største miljøproblema er prioriterte område, og tiltak blir gjennomført på alle stadene unnateke Storwartzfeltet, der omsyn til kulturminne veg tungt. Overvaking viser at tiltaka ofte har god effekt, men at det er naudsynt med ytterlegare tiltak nokre stader.

Nærare om tiltak for arter

Eit godt vassmiljø er ein føresetnad for god tilstand for dei artene som lever der. Dei grepa som betrar eller sikrar vassmiljøet, medverkar derfor også til å nå dei nasjonale miljømåla som er knytte til arter som lever i vatn. Dette er likevel ikkje tilstrekkeleg. I tillegg til økosystemforvaltninga, blir det arbeidd med ein del tiltak som er konkret retta mot arter. Dette gjeld prioritering av arter, oppbevaring i genbank og regulering av fiske. I tillegg kjem arbeidet med å nedkjempe framande organismar, under dette nedkjemping av parasitten Gyrodactylus salaris, og krypsiv. I 2012 vart det løyvd 35 mill. kroner utover budsjettet på 101 mill. kroner til nedkjemping av Gyrodactylus salaris, for å kunne gjennomføre andre gangs behandling av Lærdalselva med surt aluminium og behandling av Vefsn-regionen. I 2013 startar arbeidet med å etablere fiskestammene på nytt i desse elvane. Det blir òg førebudd og starta behandlingar i andre smitteregionar. Når det gjeld villaksforvaltninga utover nedkjemping av Gyrodactylus salaris og kalking, vil det i 2013 bli prioritert å arbeide vidare med å finne berekraftige løysingar for fisket i Tana. Forhandlingane med Finland om ein ny overeinskomst starta i 2012, og har som hovudmål å sikre eit berekraftig fiske i vassdraget. Nye fiskereglar er venta å vere på plass frå 2015.I mellomtida blir forhandlingane òg nytta til dialog om mellombelse fiskesparande tiltak

Arbeidet med å sikre truga laksestammer i genbank vil halde fram. Det same gjeld oppbevaring av arter mens ein ventar på nyetablering etter behandling mot Gyrodactylus salaris.

Proposisjon om endringar i lakse- og innlandsfisklova vart fremja for Stortinget våren 2012. Om endringane blir vedtekne hausten 2012, kan Miljøverndepartementet setje dei i verk i 2013.

Miljøverndepartementet held fram arbeidet med utvikling av ei kvalitetsnorm for villaks med heimel i naturmangfaldlova § 13. Norma skal vere eit verktøy både for miljøvernstyresmaktenes og for andre styresmakter si forvaltning i saker som er viktige for villaksen. Norma skal medverke til å klargjere nasjonale målsetjingar for den enkelte bestand av villaks, basert på vurderingar av produksjon, genetisk integritet og sjansen for hausting.

Fiskeri- og kystdepartementet arbeider parallelt med utvikling av målemetodar og grenseverdiar for kva som skal vere akseptabel miljøpåverknad frå havbruk, med særleg fokus på genetisk integritet/rømming og lakselus på villfisk. Miljøverndepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og andre aktuelle departement har eit tett samarbeid om desse prosessane, som kan føre til eit betra kunnskaps- og vurderingsgrunnlag for villaks og dei menneskeskapte faktorane som villaksen er påverka av. Ikkje berre villaks, men òg sjøaure er påverka av lakselus, og det er viktig at tiltak tek tilstrekkeleg omsyn til sjøauren. Tiltak mot lakselus og rømming er omtalt i Fiskeri- og kystdepartementets budsjettproposisjon.

Heilskapeleg planlegging av arealbruk langs vassdraga

Det er ikkje eit generelt byggjeforbod langs vassdrag, men forbod kan fastsetjast gjennom kommuneplanen. Dei fleste kommunane har innført eit slikt byggjeforbod langs vatn og vassdrag. I den nye plan- og bygningslova er det innført ei plikt for kommunane til å vurdere behovet for eit slikt forbod. Nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging fastslår at det skal takast omsyn til allmenne interesser langs vassdrag, og at det er venta at kommunane vurderer behov for byggjeforbod i ei sone på inntil 100 meter langs vassdrag i kommuneplanen. Utbyggingspresset langs vatn og vassdrag varierer, og kommunane ser i stor grad ut til å følgje opp sine eigne reglar om byggjeforbod i kommuneplanen. I ein del pressområde er det likevel behov for ein innskjerpa politikk og betre plangrunnlag for å sikre strandsona for allmentas bruk. Det blir òg viktig framover å ha fokus på flaum, som blir forsterka av klimaendringane, og omsyn til naturmangfald. Departementet vil derfor i si rettleiing framover leggje vekt på behovet for heilskapleg planlegging av arealbruk langs vassdraga.

Sentrale styresmakter utarbeidde retningslinjer for fylkesvise planar for små vasskraftverk i 2009 og oppfordra fylkeskommunane til å ta i bruk dette verktøyet. Planane skal medverke til at naturmangfald, friluftsliv og store landskapsverdiar ikkje går tapt samtidig som talet på små vasskraftverk aukar. Vedtekne fylkesvise planar er ikkje bindande for den endelege konsesjonsbehandlinga, men søknadar i område som i fylkesplanen er vurderte som spesielt konfliktfylte, vil normalt ikkje få konsesjon. Retningslinjene blir òg lagt til grunn for konsesjonsbehandlinga av enkeltprosjekt. Dei fylkesvise planane er meint å romme viktige heilskapelege vurderingar og vil derfor vere ein viktig del av grunnlaget for konsesjonsbehandlinga. Så langt har to fylke utarbeidd slike planar.

Nærare om Svalbard

Det er laga ei eiga forskrift for røyefiske på Svalbard, og ein eigen strategi for forvaltning av røye skal setjast ut i livet. Det er behov for betre kunnskap som grunnlag for forvaltning av røyebestandane på Svalbard og regulering av fiske i vatn og vassdrag der dette er tillate. Mangel på innrapportering av fiskeresultat over tid gir òg ei usikker statistikk. Klimaendringane kan i framtida føre til interesse for oppdrett på Svalbard. Svalbardmiljølova gir eit høgt vernenivå i høve til all verksemd som kan påverke røyebestandane. Det er no laga ein handlingsplan mot framande arter på Svalbard.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

2.1. Utryddinga av truga arter i ferskvatn skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til ferskvatn.

I følgje Norsk Rødliste for arter 2010 er 166 arter i naturtypane ferskvass-system, 117 arter i flaumsonesystem og 6 arter i is-, snø- og breforland truga. Elvemusling er døme på ei slik art. Det vart utarbeidd ein handlingsplan allereie i 2006 for å sikre elvemuslingen. Fylkesmannen i Nord-Trøndelag er ansvarleg for å koordinere oppfølging av handlingsplanen. Kartlegging av elvemusling er gjennomført, og arten blir no overvaka i 16 utvalte elvar. I 2011 vart det gjennomført eit pilotprosjekt med oppdrett av elvemusling. Målet med oppdrett av arten er å ta inn i eit anlegg utvalte bestandar som har dårleg rekruttering, og avle fram individ til dei er så robuste at dei kan setjast tilbake til og overleve i sine vassdrag. I 2012 vil det bli teke inn 20 bestandar til anlegget som ligg på Austevoll ved Bergen. Prosjektet er initiert av Universitetet i Bergen, og blir finansiert gjennom tilskotsordninga for prioriterte arter.

2.2. Alle vassførekomstar skal ha minst god økologisk og god kjemisk tilstand eller godt økologisk potensial der dette er relevant i løpet av 2021.

Indikatorar:

  • Talet på vassførekomstar som tilfredsstiller miljømåla i vassforskrifta og vedtekne vassforvaltningsplanar.

  • Talet på gjennomførte vilkårsrevisjonar av dei som er forfalne til revisjon.

  • Talet på restaurerte vassførekomstar.

Arbeidet med å vurdere risiko for ikkje å nå miljømål har gått føre seg for fullt som del av karakteriseringa der første landsdekkjande datasett låg føre 1. juli 2012. Fram mot 1. mai 2013 skal kunnskapshola tettast, karakteriseringa oppdaterast med ny kunnskap, og kategorien «mogleg risiko» vil bli avvikla. Dei kvalitetssikra tala på «Risiko» eller «Ingen risiko» skal rapporterast til ESA 1. august 2013.

Det er eit mål å ha oversikt over miljøtilstanden i alle vassførekomstar før 1. juli 2014. Men det har ikkje vore nok midlar til å setje i gang naudsynt overvaking, så i mangel av konkrete data vil ein for mange vassførekomstar måtte bruke ekspertvurderingar og modellering. Innafor tilgjengelege ressursar blir overflatevatn prioritert.

Olje- og energistyresmaktene har gjennomført to vilkårsrevisjonar av dei om lag 200 konsesjonane som det i 2012 er mogleg å revidere. Pr. 1. januar 2012 var det høve til å revidere 195 konsesjonar. I løpet av 2012 vil det vere høve til å revidere ytterlegare 13 konsesjonar.

Vassforskrifta føreset at det skal gjennomførast beskyttande, forbetrande og gjenopprettande tiltak for å sikre god miljøtilstand i vassførekomstane. Det er god erfaring med mange lokale restaureringstiltak, særleg avbøtande tiltak ved vassdragsreguleringar. Full restaurering av heile elvestrekningar har vi hatt lite av i Noreg, men det finst nokre gode døme på gjenopning og restaurering av elvar, mellom anna Akerselva og Alna i Oslo, og Ilabekken i Trondheim.

I fleire land i Europa har vassdirektivet ført til at ein har etablert nasjonale kompetansesentra for vassdragsrestaurering, og det er etablert eit europeisk senter (ECRR) og eit europeisk forskingsprogram (RESTORE). I Noreg har Direktoratet for naturforvaltning, i samarbeid med i Noregs vassdrags- og energidirektorat, arrangert to nasjonale seminar om vassdragrestaurering.

2.3. Ingen vassførekomstar skal nedklassifiserast (bli dårlegare) som følgje av auka tilførsel av næringssalt eller partiklar frå ny aktivitet, jf. krava i vassforvaltningsforskrifta.

Indikator:

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering (bli dårlegare) som følgje av tilførsel av næringssalt eller partiklar.

Tilførslene av næringssalt til vatn er venta å auke som følgje av klimaendringar. Auka nedbør vil gi meir avrenning og meir næringssalt vil bli vaska ut av jorda og transportert til vatn.

Når søknader om nye eller endra løyve til utslepp etter forureiningslova vert behandla, blir også vassforskriftas §12 vurdert. Den gir strenge vilkår for kva som kan tillatast av nye forureiningar, og klare dokumentasjonskrav knytt til dagens miljøtilstand og mogelege konsekvensar av dei forureiningar det vert søkt om. Informasjon om dette er no lagt inn i Klima- og forureiningsdirektoratet sine standarddokument.

2.4. Alle bestandar som blir hausta av dyr og planter i ferskvatn skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Bestandsstatus for arter som blir hausta eller utnytta på annan måte.

Det er tillete å fiske etter 33 arter av innlandsfisk. Fiske etter innlandsfisk er omfattande og går føre seg over heile landet. Tilstanden for alle artene som blir hausta er god.

Fylkeskommunen skal sikre bestandane av dei artane av innlandsfisk som det kan haustas av. Som planmynde har fylkeskommunane ei viktig oppgåve i å ta omsyn til lokale bestandar ved vassdragstiltak og kultivering av innlandsfisk og i regional areal- og transportplanlegging. Kommunane har ansvar for å innpasse omsynet til fiskeinteressene i si oversiktsplanlegging, arbeide for felles organisering av rettshavarar, leggje til rette for driftsplanlegging, sikre eit best mogleg fisketilbod for allmenta og syte for åtgjerder for sikring og forbetring av fiskebestandane.

2.5. Dei mest truga naturtypane skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til ferskvatn.

Det er vedteke ein utvald naturtype etter naturmangfaldlova knytt til ferskvatn. Dette er kalksjøar som er kategoriserte som truga i Norsk rødliste for arter 2010.

2.6. Varig vern skal oppretthaldast og eit representativt utval av vassdragsnatur skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkludert årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til ferskvatn.

Om lag 15 pst. av ferskvassarealet er verna etter naturmangfaldlova. Norsk institutt for naturforsking si naturfaglege evaluering av norske verneområde frå 2010 viste at evjer, bukter og viker, kroksjøar, flaumdammar og meandrerande elveparti, viktige bekkedrag, dammar og naturleg fisketomme innsjøar og tjern i for liten grad er representerte i dei verna områda. Direktoratet for naturforvaltning arbeider no med ein strategi for korleis dei ulike verkemidla i naturmangfaldlova kan brukast til å sikre at fleire av dei viktige delane av vassdragsnaturen blir betre representert i dei verna vassdragsområda.

2.7. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikator:

  • Talet på og del av verneområda knytt til ferskvatn som er truga.

Direktoratet for naturforvaltning arbeider med eit nytt forvaltningssystem for verneområde som omfattar forvaltningsplanlegging inkl. forvaltningsplanar med bevaringsmål, basiskartlegging, skjøtselstiltak, etablering av eit landsdekkjande overvakingsopplegg og rapportering.

2.8. Dei mest truga artene i ferskvatn skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter og bestandsutviklinga for desse.

Dei åtte første prioriterte artene etter naturmangfaldlova vart vedtekne i mai 2011. Dette er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Av desse artene lever billa elvesandjeger i og ved elvar.

Fleire truga arter knytte til elvar og innsjøar som er aktuelle som prioriterte arter er under vurdering. Bl.a. er det under utarbeiding faggrunnlag for dei stasjonære laksestammane namsblank og byglandsbleke med tanke på å få dei vurdert som prioriterte arter.

2.9. Dei ville laksebestandane, under dette det genetiske mangfaldet, skal sikrast slik at dei opptrer i levedyktige bestandar i sine naturlege leveområde.

Indikatorar:

  • Grad av oppnåing av gytemåla for stammene.

  • Stammene sin genetiske integritet.

Regulering av laksefisket er basert på vitskapeleg rådgiving, kunnskap om tilstanden til bestandane, fagleg skjønn og erfaringar. I 2008 vart det innført eit nytt reguleringsregime med vesentlege innskrenkingar i fisket både i elv og i sjø. Dette vart ført vidare i 2009 og ytterlegare innskrenkingar vart gjennomførte i 2010. Reguleringane i sjø i 2011 vart haldne oppe på nivået for 2010, mens det vart gjennomført ytterlegare innstrammingar i elvefisket. Dette reguleringsregime er ført vidare i 2012, og har ført til at sjølv om innsiget av laks til laksevassdraga var historisk lågt i 2010, så er måla for gytebestandane likevel nådd i dei fleste elvane. Eit viktig unntak er Tanavassdraget, der den negative utviklinga truleg berre er knytt til overhausting. Anbefalingane frå arbeidsutvalet for laksefiskereguleringane i Finnmark og Nord-Troms som vart oppretta i samsvar med ei konsultasjonsavtale med Sametinget i 2011 er i all hovudsak følgt opp i 2012. I 2011 vart Tanavassdragets fiskeforvaltning oppretta. Dette er eit lokalt, rettsbasert organ for forvaltninga av fisket i Tanavassdraget. Forhandlingane med Finland om regulering av fisket i vassdraget starta i 2012.

Sur nedbør, vasskraftreguleringar, fysiske inngrep, Gyrodactylus salaris, lakselus og rømt oppdrettslaks er dei mest alvorlege truslane mot dei ville laksebestandane. Lakselus og rømt oppdrettslaks er dei einaste truslane som det ikkje er sett inn nok effektive tiltak mot, og lakselus og rømt oppdrettslaks er truleg viktige årsaker til særleg lågt innsig av laks på delar av Vestlandet.

Vi veit at 20 vassdrag i dag er infiserte av Gyrodactylus salaris. Målsetjinga for arbeidet med nedkjemping av parasitten er å utrydde den frå alle infiserte vassdrag der dette er realistisk, og samtidig minimalisere risikoen for vidare spreiing. Rotenon er framleis forvaltninga sitt viktigaste verkemiddel for nedkjemping av Gyrodactylus salaris, mens utvikling av kombinasjonsmetoden (surt aluminium i kombinasjon med rotenon) held fram i Lærdalselva. I samanheng med utrydding av Gyrodactylus salaris er det sett i gang eit omfattande arbeid med å ta vare på laksestammer frå dei vassdraga som blir behandla i genbankar. Bruk av fiskesperrer blir utvikla vidare, blant anna med planlegging av elektriske fiskesperrer.

I Vefsn-regionen vart det i desember 2010 bekrefta at Gyrodactylus salaris påvist på røye i vatna ovanfor Fusta var dødelege for laks, og planen for behandlinga av vassdrag for regionen vart endra grunna desse funna. Det er gitt løyve til å gjennomføre behandling i vassdrag i Vefsn-regionen med rotenon over to år, og vassdraga vart behandla i tråd med planen i august 2011. I Lærdalselva vart første behandling med bruk av aluminiumsmetoden gjennomført i 2011. Behandlingane vart meir kostnadskrevjande enn planlagt, og det vart derfor løyvd ytterlegare midlar for å følgje opp behandlingane i 2012.

Ei revidert lakse- og innlandsfisklov vart fremja for Stortinget våren 2012. Lovforslaget inneber mellom anna at det blir stilt krav om obligatorisk organisering av rettshavarar i laksevassdrag, og at ordninga med nasjonale laksevassdrag og -fjordar blir lovfesta.

Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert gjennomsnittleg oppnåing av gytemåla for 186 bestandar i 2011. Gjennomsnittlig måloppnåing for alle vurderte bestandar var 84 pst. for 2009-2011 og 87 pst. for 2011 åleine. Forvaltningsmåla vart ikkje nådd for 29 pst. av bestandane i 2009-2011.

Med bakgrunn i vitskapelege undersøkingar, overvaking og modelleringar har Direktoratet for naturforvaltning vurdert påverknaden frå rømt oppdrettslaks. I åtte vassdrag kan bestandane vere kritisk truga eller tapt grunna påverknad frå rømt oppdrettsfisk. I 21 vassdrag blir den naturlege genvariasjonen til villaksen vurdert som truga. Rømt oppdrettslaks er vurdert til å vere ein alvorleg risiko i 340 vassdrag, og det er ingen laksevassdrag i Noreg der det ikkje er funne rømt oppdrettslaks.

Vitskapeleg råd for lakseforvaltning har vurdert konkret hausting i høve til haustingspotensialet for totalt 189 laksestammar i 2011. I 13 vassdrag vart overutnyttinga vurdert som stor (>30 pst.), i 20 vassdrag vart overutnytting vurdert som moderat (10-30 pst.), i 15 vassdrag vart overutnytting vurdert som liten (<10 pst.) og i 125 vassdrag var det inga overutnytting.

2.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Handlingsplanen mot Gyrodactylus salaris, som er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning i samarbeid med Mattilsynet, vil bli revidert i 2012. Handlingsplanar mot vasspest, signalkreps og ei rekkje introduserte fiskearter, vil bli ferdigstilte i løpet av 2012.

Følgjande tiltak mot framande organismar i elvar og innsjøar er sette i gang eller gjennomførte:

Signalkreps: Østfold – Uttynningsfiske av signalkreps i Øymarksjøen i regi av Fylkesmannen i Østfold og Oslo-Akershus utmarkslag.

Gjedde: Telemark – Utrydding av gjedde i delar av Telemarkskanalen og bygging av elektrisk fiskesperre for å hindre vidare spreiing av gjedda.

Gyrodactylus salaris: Nordland – Førstegongsbehandling av 10 infiserte elvar i Vefsn-regionen i 2011. Andregangsbehandling av elvane, og behandling av dei infiserte innsjøane i 2012.

Sogn og Fjordane – Førstegongsbehandling av Lærdalselva med aluminiumsmetoden i 2011. Andregangsbehandling planlagt i 2012.

Møre og Romsdal – Vidareføring av prosjektering av fiskesperre i Driva. Simulert behandling av Rauma som førebuing til førstegongsbehandling i 2013 planlagt.

I Bjårvatn i Rogaland er det sett i gang slått av smal vasspest for å avgrense omfanget av skadevekst og forsøke å hindre vidare spreiing. Prosjektet har òg som mål å forbetre kunnskapen omkring bruk av slått som tiltak for å halde nede enkelte framande organismar. Kunnskap om utbreiing og spreiingsfaktorar er viktig for å kunne setje inn målretta tiltak, og kartlegging av enkelte framande arter i ferskvatn er sett i gang.

2.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Se resultatområde 6.

Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar (GMO) i elvar og innsjøar.

2.12. Dei nasjonale tilførslene av næringssalt og partiklar til ferskvatn som er prega av overgjødsling eller nedslamming skal reduserast til eit nivå som sikrar god kjemisk og økologisk tilstand innan utgangen av 2021.

Indikatorar:

  • Delen av norske vassførekomstar som ikkje har god kjemisk og økologisk tilstand grunna tilførslar av næringssalt eller partiklar.

  • Talet på vassførekomstar som står i fare for nedklassifisering som følgje av tilførsler av næringssalt eller partiklar.

Overgjødsling er framleis eit betydeleg forureiningsproblem i Noreg. Dei viktigaste tilførslene kjem frå jordbruk, fiskeoppdrett, kommunalt avløp og industri. Resultata frå grovkarakteriseringa i samsvar med EUs rammedirektiv for vatn, viser at problem med overgjødsling omfattar omtrent like mange vassførekomstar som forsuring og vasskraftreguleringar til saman. Det vil seie at om lag 30 pst. av alt vatn i Noreg har risiko for ikkje å oppnå måla grunna overgjødsling. Dette gjeld hovudsakeleg ferskvatn i område med tett busetnad eller i landbruksintensive område.

2.13. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar.

Indikatorar:

  • Talet på dispensasjonar for nybygg i 100-metersbeltet langs vassdrag.

  • Talet på nybygg langs vassdrag i medhald av plan i LNFR-område.

KOSTRA-tal for dispensasjonar frå byggjeforbod i 100-metersbeltet langs vatn og vassdrag viser at det i 2011 vart gitt 244 dispensasjonar for nybygg. Dette er lågare enn i 2010 då det vart gitt 319 dispensasjonar, men noko høgare enn i 2008 og 2009 med respektive 203 og 163 dispensasjonar.

Miljøforvaltninga har i 2011 og 2012 arbeidd aktivt med å formidle nasjonal politikk for planlegging i 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar, mellom anna gjennom fleire samlingar med kystsonenettverka (fylkesmennene) og fylkeskommunane der 100-metersbeltet langs vassdrag og innsjøar har vore eit viktig tema.

Sjå omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

13 Resultatområde 3 Frodige våtmarker

Våtmarkene er av dei mest produktive økosystema vi finn på jordkloden, og dei er blitt kalla «biologiske supersystem». Denne naturtypa er også blant verdas mest truga økosystem. Noreg har fleire typar av våtmark enn mange andre land, frå næringsfattige torvmyrer og svært næringsrike grasmyrer til ulike kjelder og flaummark. Knapt noko land i Europa har større variasjon i utforming og plante- og dyreliv i våtmarker. Av totalt 50 arter av torvmosar i Europa finn vi 47 i Noreg. Mange av dei 46 artene av augestikkarar som finst i Noreg er av dei største insekta vi har.

Våtmarkene leverer viktige økosystemtenester. Mange våtmarker, særleg myrer, har stor kapasitet til å lagre vatn, og medverkar på den måten både til å jamne ut flaumtoppar og hindre tørke ved å vere eit slags vassmagasin. Denne sida ved våtmarkene gjer dei spesielt interessante i klimatilpassing. Våtmarkene har òg ei unik evne til å reinse vatn, og skaffar på den måten reint drikkevatn. Våtmarkene bind store mengder karbon, og øydelegging gjennom drenering og utbygging av myr kan derfor føre til store CO2-utslepp når torvmosen rotnar. Mange myrer kan karakteriserast som naturen sitt bibliotek ved at frø og restar av planter og dyr blir bevarte i ulike lag grunna mangel på oksygen. Myra blir derfor ei viktig kjelde til kunnskap om klima og plante- og dyreliv i tidlegare tider.

Tilstand

Våtmark er definert på litt ulike måtar. I Naturindeksen omfattar våtmark myr, kjelde og flaummark (under dette elvedelta). Våtmarker dekkjer om lag 10 pst. av arealet i Fastlands-Noreg, og størstedelen av dette er myr.

Myr og kjelder er område med høgt nivå av grunnvatn heile eller store delar av året, og her lever arter som er tilpassa eit liv under tilhøve metta av vatn. Flaummark er område langs elvar og innsjøar som blir utsette for overfløyming, erosjon og sedimentering. Naturtypane i våtmarksområda er svært mangfaldige og mange er artsrike. Myrer har høgt nivå av grunnvatn som gir høg markfukt og oksygenfattig miljø nesten heilt opp til overflata. Dette gir dårlege livsvilkår for mange arter. Likevel er det stort mangfald av liv i den øvste delen av torva, ikkje minst av arter som bakteriar, algar og sopp. Torvmosane er spesielt tilpassa eit liv på myr ved at dei veks raskt i spissen av skotet, og døyr nedanfrå. Daude torvmosar utgjer derfor ein stor del av torva i mange myrar. Karplantene som lever på myr har oftast luftvev i stengel og rot (sumpplanter) som til dømes mange arter av starr, myrull og bukkeblad. Andre planter har tilpassa seg ved at dei lever nær overflata der det er god tilgang på oksygen. Dette gjeld soldogg og tettegras. Desse to artene fangar i tillegg insekt som blir sitjande fast på klistrete blad og dei får på den måten tilleggsnæring.

Vi finn fleire typar av myr i Noreg, med næringsfattige nedbørsmyrer og næringsrike grasmyrer som dei to ytterpunkta. På dei næringsfattige nedbørsmyrene finn vi berre om lag 20 arter av karplanter, mens vi på ei rikmyr finn meir enn 200 arter av karplanter. Insektlivet på myr er heilt spesielt. Mest iaugefallande er dagsommarfuglane og augestikkarane. Ei rekkje insekt lever nesten berre på og i torvmosar, og det øvste laget på torvmyrer inneheld store mengder av edderkopparter og billearter. Vi finn fleire arter av frosk og salamander i myrvatn- og i flaummarksdammar som ikkje er for sure. Slike område har òg ein karakteristisk fuglefauna. Det er særleg mange vadefuglar som er avhengige av våtmark, men òg andre arter som gjæser, ender, riksefuglar og ein del arter av sporvefugl treng slike naturtypar som hekke- og rasteplass, og for nokre er dei òg overvintrings- og fjørfellingsområde.

Kjelder har oksygenrikt grunnvatn som spring fram frå undergrunnen, og dekkjer vanlegvis små areal. Ei rekkje plantearter er karakteristiske for kjelder, til dømes trillingsiv, gulsildre og mange mosearter. Faunaen er meir artsfattig. Fjørmygg, døgnfluger, steinfluger og vasskalvar er typiske insektarter rundt vasskjelder.

Ifølge Naturindeksen for Noreg for 2011 er tilstanden for naturmangfaldet i våtmark (myr-kjelde-flaummark) middels god med ein indeks på 0,57. I dag skjer lite omlegging av myr til dyrka mark, men tidlegare inngrep har gjort store skadar og dei fleste av desse er irreversible. Om lag 15 pst. (443 arter) av dei truga artene lever i våtmark. Dei fleste av planteartene på raudlista er knytte til rikmyr. Døme på slike arter er plantene huldrestarr, myrflangre, knottblom og alvemose. Våtmarker er viktige hekkeområde for alle dei fem norske fugleartene som er med på Den globale raudlista. Dette er dverggås, åkerrikse, dobbeltbekkasin, storspove og svarthalespove. Dverggåsa har dei seinare åra minka sakte men sikkert, til nokre få attverande par i Finnmark. Av andre dyr er spissnutefrosk og storsalamander arter på Norsk rødliste for arter 2010. Vi finn 16 naturtypar i våtmarksområde på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på ein slik naturtype er palsmyr.

Ein god del av dei mest verdifulle areala av våtmark som er att, er verna etter naturmangfaldlova. Gjennom verneplan for myr og våtmark er meir enn 600 naturreservat oppretta. For flaummark er Verneplan for vassdrag svært viktig. Om lag 18 pst. av myrene er verna. Myrer i fjellet er godt dekte av områdevernet, mens langt færre våtmarker i låglandet i Sør-Noreg er verna. Inkludert Svalbard har vi no 51 våtmarkssystem som blir rekna som internasjonalt viktige våtmarksområde på lista til Ramsarkonvensjonen. Døme på slike område er Stabbursneset (Finnmark), Nordre Øyeren (Akershus) og Åkersvika (Hedmark).

Dverggås og svarthalespove er vedtekne som prioriterte arter med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Slåttemyr er utvald naturtype etter naturmangfaldlova og skal derfor takast særskilt omsyn til.

På Svalbard utgjer våtmarker ein stor del av tundraområda i dei isfrie dalføra og på kystslettene. Våtmarker på Svalbard omfattar mosetundra og andre våte tundratypar, område med innsjøar og dammar, elvesletter, deltaområde og grunne kystområde med øyar og skjer. Desse områda har stor verdi for trekkjande bestandar av gjæser, ender og vadefuglar. Våtmarker på Svalbard er generelt lite påverka av arealbruk og arealbruksendringar. Ein stor del av dei viktigaste våtmarkene på øygruppa er i dag innanfor verneområda, som dekkjer 67 pst. av landarealet. Fem mindre område på Svalbard og Bjørnøya, Hopen, Sørkapp og Nordenskiöldkysten er no førte inn på lista til Ramsarkonvensjonen om vern av våtmarker. Alle Ramsarområde på Svalbard er verna i medhald av Svalbardmiljølova.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert til å vere ein trussel mot heile 85 pst. av dei truga artene som lever i våtmarksområde. Minst 1/3 av det opphavlege arealet av myr under skoggrensa er brukt til landbruks- og utbyggingsføremål. I låglandet i Sør-Noreg er ein endå større del av myrene øydelagde som naturlege økosystem. I til dømes Vestfold og store delar av Østfold og Akershus er så godt som alle større myrer som ikkje er verna øydelagde eller sterkt påverka av tekniske inngrep. Heilt sidan midten av 1700-talet og fram mot 2000 har ein i Noreg drive med grøfting av myr for å auke arealet av dyrka mark og for å auke skogproduksjonen. I perioden 1919-1996 er det gitt tilskot til oppdyrking av om lag 2000 km2 myr, og meir enn 4000 km2 myr er grøfta for skogplanting. For slike landbruksføremål er rikmyrene best eigna, og det er no berre att små areal av rikmyrer i låglandet. Desse inneheld mange truga arter. Bruk av myr til torvstrø og brenntorv har gått hardast ut over nedbørsmyrene. I tillegg kjem nedbygging til vegar, idrettsanlegg, tomtegrunn og vassmagasin knytte til kraftutbyggingar. Mange arter knytte til flaummark er blitt sjeldne som følgje av kraftutbyggingar. Døme på dette er karplantene sibirstjerne, småjonsokblom og kveinhavre. Billa elvesandjeger og fuglen fjellmyrløpar er døme på sjeldne dyr.

Så lenge det har vore jordbruk i Noreg, har myrer og flaummarker vore hausta gjennom husdyrbeite og utmarksslått. For slått og beite eigna rikmyrene og dei gras- og urtedominerte flaummarkene seg best. Derfor var desse naturtypane dei siste som vart brukte til utmarksslått. I nokre område gjekk myrslått føre seg til etter 1950. Men så vart det slutt på slik bruk, og når beite og slått som hadde vore utøvd i fleire hundre år ikkje vart gjennomført lenger blir resultatet attgroing og andre endringar i dei artsrike, kulturprega naturtypane. Desse prosessane går føre seg med full tyngd i våre dagar. Resultatet er at ei rekkje arter som krev mykje lys og open vegetasjon, som til dømes den truga orkideen svartkurle, får problem med å overleve.

Auka tilgang på nitrogen gjennom blant anna luftforureining fører til auka produksjon, og derfor attgroing. Dette påverkar spesielt konkurransesvake arter. Klimaendringar vil òg påverke våtmarkene, og komme i tillegg til dei eksisterande påverknadane. Mange drenerte myrer som ikkje held på vatnet, fører vatnet raskt ut i elvane, som stig raskare og meir enn dei elles ville gjort.

Mangfaldet og fordelinga av våtmarker på Svalbard er kritisk avhengig av permafrosten og prosessar knytte til denne. Våtmarkene på Svalbard er derfor spesielt sårbare for klimaendringar. Oppvarming av permafrosten på Svalbard er allereie observert. Ved Longyearbyen har temperaturen dei siste 30 åra auka med 0,7 pr. tiår på ca. 2 meters djup. Denne oppvarminga har auka det siste tiåret. Med dei raske temperaturstigingane som er venta på Svalbard, kan den framtidige tininga av permafrost skje raskare enn tidligare berekna.

Etterkvart som temperaturen i Arktis stig, kan våtmarkene bli ei globalt viktig kjelde til frigjering av CO2 og metan til atmosfæren. Det er avgrensa med organisk materiale i permafrosten på Svalbard. Tining av permafrost på Svalbard vil derfor truleg bety lite som kjelde til klimagassar.

Våte tundraområde på Svalbard er svært sårbare for mekanisk slitasje knytt til barmarkskøyring. Det er mange område med tydelege skadar knytte til slik køyring i samband med gruvedrift og oljeleiting på land fram til 1980-talet. Inngrep som vegar og liknande kan på grunn av permafrosten endre hydrologien og dermed påverke våtmarker over forholdsvis store område. I dag er inngrep og barmarkskøyring strengt regulert, og endra arealbruk er i lita grad eit trugsmål mot våtmarker og artene som lever der.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikring av våtmark

Det er viktig at våtmarkene blir beskytta, anten ved vern eller anna ivaretaking. Dei fleste land i verda, inkludert Noreg, er partnarar i Ramsarkonvensjonen som er den internasjonale avtala om våtmarker. Det at våtmarker har ei eiga internasjonal avtale understrekar kor viktig denne naturtypen er. Konvensjonen handlar om å ta vare på våtmarker i brei forstand; både som leveområde for planter og dyr, og som viktig naturressurs for mange menneske. Dei internasjonalt viktige våtmarksområda (Ramsarområda) skal forvaltast slik at den økologiske funksjonen blir halden ved lag. Landa skal òg syte for berekraftig bruk av våtmarker generelt i forvaltning og arealplanlegging, og kartleggje og gjennomføre verneplanar for våtmarker.

Den naturfaglege evalueringa av norske verneområde viser at det er mangelfull dekning i verneområda av våtmarkstypane lågareliggjande rikmyr, kjelde, kjeldebekk, intakt låglandsmyr, kystmyr, kroksjøar og flaumdammar. Departementet følgjer no opp denne evalueringa, og Direktoratet for naturforvaltning er i gang med å utarbeide ei fagleg tilråding for å ta vare på norsk naturmangfald, og forslag til korleis og når naturmangfaldlovas ulike verkemiddel skal nyttast for å sikre våtmarker og andre viktige naturtypar.

Sikring av verneverdiar i verna våtmarksområde

Sjølv om vi har verna 18 pst. av myrane i Noreg og 51 våtmarksområde står på Ramsarkonvensjonen si liste som internasjonalt viktige våtmarksområde, er òg verneområda utsette for press frå omgivnadene. Det er viktig å sikre at forvaltninga av etablerte verneområde byggjer opp under verneformålet slik at verneverdiane ikkje blir reduserte eller øydelagde. Dei siste åra har forvaltningsplanar for Ramsarområde blitt prioriterte, og dei fleste eldre Ramsarområda har no ein ferdig forvaltningsplan, eller ein slik plan under arbeid. Ein del av områda som nyleg har blitt Ramsarområde manglar framleis forvaltningsplan, men vil bli prioritert i 2013. Framover blir det viktig å få gjennomført tiltaka i forvaltningsplanane for Ramsarområda, og å lage forvaltningsplanar for dei mange verna våtmarksområda som ikkje er Ramsarområde. Ein plan for korleis handbøker, retningslinjer, rettleiarar og anna materiell frå Ramsar kan bli betre teke i bruk i Noreg vil bli laga av Direktoratet for naturforvaltning i 2013.

Direktoratet for Naturforvaltning er i gang med å utarbeide forslag til utviding av Ramsarområde basert på oppretting av nye verneområde og utviding av eksisterande område med Ramsar-status. Departementet vurderer å starte ein gjennomgang av verna våtmarksområde for å vurdere om avgrensingane er føremålstenlege med tanke på å halde ved lag områdas økologiske funksjon. Verneforskriftene for fleire Ramsarområde er av eldre dato, og det blir vurdert å gjennomgå desse, og eventuelt utarbeide nye.

Direktoratet for naturforvaltning har tilrådd at 11 nye område på fastlandet får status som Ramsarområde. Desse vil bli vurdert godkjent som Ramsarområde i 2013.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2013. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar knytte til våtmark bli vurderte. Døme på naturtypar i våtmark som blir vurderte som utvalte naturtypar er elvedelta, fossesprøytsonar, høgmyr i innlandet og rikmyr. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Restaurering av våtmarksområde

Det er viktig å halde ved lag og restaurere økosystema sin funksjon som bufferar mot naturkatastrofar. I internasjonalt bistandsarbeid vil Regjeringa arbeide for å fremje forståinga av at naturen er eit førstelinjeforsvar mot konsekvensar av klimaendringar. Som det går fram frå NOU om klimatilpassingar i det norske samfunn frå 2010 så er restaurering av våtmarker eit viktig tiltak for å møte og tilpasse seg klimaendringane også nasjonalt, blant anna for å gjere oss mindre utsette for flaum. Det er eit mål å restaurere minst halvparten av øydelagde våtmarker innan 2020. Direktoratet for naturforvaltning laga i 2012 ein plan for restaurering av våtmarksområde i Noreg som omfattar både verna og ikkje verna våtmark. Planen blir utarbeidd i samråd med landbruksforvaltninga, vassregionstyresmaktene og Noregs vassdrags- og energidirektorat. Restaurering av våtmarksområde vil følgje denne planen i 2013.

Kunnskap og informasjon om våtmark

Det er viktig å auke forståinga og kunnskapen om dei økosystemtenestene som våtmark leverer, og få betre kunnskap om verdien av desse økosystema og kostnadene ved tap av våtmarker. Regjeringa har i fleire år støtta våtmarkssenter og -utstillingar. Denne satsinga vil halde fram i 2013. I 2013 vil det bli sett i gang ulike nye informasjonstiltak som følgjer av handlingsplanen for bevisstgjering og informasjon om våtmarker. Det vil òg bli oppretta eit nasjonalt Ramsarråd med utgangspunkt i nettverket av våtmarksinitiativ som allereie møtest ein gang i året. Frivillige organisasjonar og forskingsmiljø vil òg bli inviterte med i rådet.

Kartlegging av våtmark inngår i arbeidet med naturtypekartlegging i Noreg, både innafor og utanfor verneområde. Kartlagde lokalitetar blir lagt inn i kartdatabasen Naturbase. Ramsarkonvensjonen oppfordrar til systematisk kartlegging av partslandas våtmarker, og Noreg har allereie gjort mykje som kan inngå i eit slikt register. Departementet vurderer å opprette eit eige våtmarksregister.

Internasjonalt arbeid med våtmark

Ramsarkonvensjonens (Våtmarkskonvensjonen) definisjon av våtmark omfattar fleire naturtypar. Typiske eksempel er innsjøar og tidevassområde, strandsoner, korallrev, mangroveskog og laguner. Regjeringa er oppteken av at det er stort potensial hos styresmakter og utviklingsaktørar for auka medvit om dei økosystemtenestene som fattige får frå våtmarker. Våtmarkene blir ofte demde opp, bygde ned eller drenerte. Det er behov for meir kunnskap slik at styresmakter og råka lokalbefolkning får større innsikt i kva for ressursar våtmarker gir til lokalsamfunn. Derfor er det sett i gang arbeid med ein internasjonal rapport om økonomisk verdi av våtmarker og vatn som blir ferdig hausten 2012. Nasjonalt er det sett ned eit offentleg utval som skal komme med tilrådingar for korleis verdien av økosystemtenester kan bli teken omsyn til. Målet for ei slik kunnskapsoppbygging er å synleggjere dei verdiane denne økosystemtypen representerer og kostnadene knytte til å øydeleggje den, og å synleggjere korleis desse verdiane kan takast omsyn til i prosessar og avgjerder, og kva for verkemiddel som kan brukast for å ta var på verdiane.

Våtmark på Svalbard

Den strenge reguleringa av inngrep og barmarkskøyring som kan påverke våtmarksområde vil bli ført vidare. For verneområda, inkludert Ramsar-områda på Svalbard, vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar som skal ta vare på omsynet til våtmarker og artene som er knytte til desse områda.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

3.1. Utryddinga av truga våtmarksarter skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til våtmark.

I følgje Norsk Rødliste for arter 2010 er 174 arter i våtmark truga. Av desse finn vi både karplanter, til dømes mjukt havfruegras, insekt som strandmaurløve og mange fugleartar som til dømes brushane og myrrikse.

3.2. Mangfaldet av naturlege våtmarker skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor deira naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikator:

  • Talet på restaurerte våtmarksområde.

I 2012 vart arbeidet med restaurering av delar av Hæra naturreservat i Østfold sett i gang. Reservatet ligg i Trøgstad kommune som òg har forvaltningsmynde for området. Arbeidet er finansiert gjennom bestillingsdialogen mellom Statens naturoppsyn og Fylkesmannen i Østfold. Hæra naturreservat er eit stort og komplekst våtmarksområde og arbeidet fram mot ein fullskala restaurering er venta å ta fleire år.

3.3. Dei mest truga naturtypane i våtmark skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i våtmark.

  • Talet på utvalde naturtypar i våtmark.

I følgje Artsdatabanken si Rødliste for naturtypar 2011 er 10 naturtypar i våtmark truga. Dette gjeld naturtypane grankjeldeskog, kystnedbørsmyr, sentrisk høgmyr, varmekjær kildelauvskog, open låglandskildemyr, slåttemyrflate, palsmyr, rikare myrflate i låglandet, rikare myrkantmark i låglandet og slåttemyrkant.

Det er ikkje vedteke utvalde naturtypar knytte til våtmark etter naturmangfaldlova.

3.4. Dei mest truga artene i våtmark skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til våtmark.

Dei åtte første prioriterte artene etter naturmangfaldlova vart vedtekne i mai 2011. Dette er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Av desse artene lever planta honningblom i våtmark, og dverggås og svarthalespove er nært knytte til våtmark.

3.5. Eit representativt utval av våtmarker skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar knytte til våtmark.

Om lag 18 pst. av myrene er verna. Den naturfaglege evalueringa frå 2010 viste at 633 av totalt 2688 verneområde hadde våtmark som hovudfokus. I løpet av 2012 er det gjennomført utviding av våtmarksområdet Rinnleiret naturreservat i Nord-Trøndelag. Dette våtmarksområdet har Ramsarstatus.

Eit viktig tiltak for å verne truga arter i våtmarksområde er å ta vare på leveområda deira, og det blir arbeidd for å utvide eksisterande og utpeike nye område for vern under Ramsarkonvensjonen.

3.6. Verneverdiane i verneområda skal haldast ved lag/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde knytt til våtmark der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde knytt til våtmark med forvaltningsplan.

Kartlegginga som Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008-2010 viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda. Naturtypar knytte til våtmark er blant dei mest truga naturtypane.

Pr. våren 2012 har 14 av dei totalt 42 Ramsarområda på fastlandet ein godkjent forvaltningsplan. Etter planen skal ytterlegare 8 Ramsarområde få ein forvaltningsplan innan utgangen av 2012.

3.7. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på utryddingstiltak fordelt på art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Av dei totalt 217 artene i den nye svartelista har 14 våtmark som eitt av sine viktigaste leveområde. Døme på slike arter er mink, kanadagås og mårhund. Handlingsplanane for mink og for mårhund er følgde opp med ei rekkje tiltak. Så langt er det ikkje noko som tyder på at mårhund har klart å etablere seg i Noreg.

3.8. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av våtmarker.

Det visast til omtale under «Politikk for å nå dei nasjonale måla».

14 Resultatområde 4 Mangfaldige skogar

Skogen har frå dei eldste tider vore ein svært viktig del av næringsgrunnlaget i Noreg. Den gav mat, brensel og husvirke, og allereie på 1300-talet vart det eksportert trelast frå Noreg. Skogbruk og foredling av trebaserte produkt er òg i dag viktige distriktsnæringar, som har økonomisk betydning nasjonalt, regionalt og lokalt.

I skogen lever 60 pst av artene i Noreg, og om lag halvparten av dei truga artene. Det betyr at for å ta vare på norsk naturmangfald, må skogen forvaltast riktig. Det store mangfaldet av arter skuldast stor variasjon i livsmiljø. Vi finn skog frå sør til nord og frå kyst til innland, og trekronene dannar eit tredimensjonalt rom med levestader for mange ulike arter. Død ved og gamle tre gir livsgrunnlag for mange truga arter.

Skogane er svært viktige for friluftsliv og naturopplevingar, og er for mange den nærnaturen som oftast blir brukt.

Intakte skogøkosystem påverkar vassdraga positivt, mellom anna ved å magasinere vatn i nedbørfeltet og ved å filtrere nedbørsvatn gjennom trekronar og jordsmonn. Slike skogøkosystem vil òg motverke jordskred, snøskred og steinsprang i bratt terreng. Skogen binder og lagrar store karbonmengder både i tre og i jordsmonnet, og har stor betydning i arbeidet med å hindre og tilpasse oss klimaendringane.

Tilstand

Skog dekkjer om lag 130 000 kvadratkilometer, tilsvarande om lag 34 pst. av fastlands-Noreg. Produktiv skog, som er definert som skog som årleg kan produsere minst ein kubikkmeter tømmer pr. hektar, utgjer om lag 83 000 kvadratkilometer. Grunna ulikt klima varierer skoggrensa mot fjellet i ulike delar av landet, frå havnivå i Finnmark til 1200 meter over havet i innlandsstrøk i Sør-Noreg. Skoglandskapa i Noreg er mindre oppstykka av jordbruk og busetnad enn i mange andre europeiske land fordi det hos oss er små areal som er eigna for oppdyrking. Eigedomsstrukturen er slik at det er mange som eig relativt små skogareal.

Skog er, forutan fjell, den hovudnaturtypa vi har mest av i Noreg. Hovudtypar av skog er barskog og lauvskog, men desse skogtypane opptrer ofte i blanding. Barskogen er dominert av gran og furu. Furua liker seg best på tørr og næringsfattig jord, mens gran trivst best på djup jord med god tilgang på vatn. Den vanlegaste typen av lauvskog er nordleg (boreal) lauvskog med blant anna osp, bjørk, rogn, selje og gråor, og finst ofte i blanding med barskogar. Edellauvskog har varmekjære tre som eik, ask, hassel, svartor, lind og bøk, som veks særleg i sørlege og vestlege delar av landet nær kysten. Fjellbjørkeskogen dannar ofte eit belte mellom barskogen og snaufjellet.

Trea gir ein spesielt stor variasjon i strukturar, levestader og miljø med rom for fleire arter enn naturtypar som ikkje har tresjikt. Trekroner, stammer og greiner har sine unike samfunn av arter. Når trea døyr blir det skapt nye livsmiljø, og eit stort tal arter deltek i nedbrytinga av ståande og liggjande tre. Dette er ein viktig grunn til at heile 60 pst. av artene som er kjende i Fastlands-Noreg er knytte til skog.

Dei mest artsrike gruppene av arter i skog er insekt og edderkoppar, sopp, lav og mosar. Velkjende dyregrupper som fugl og pattedyr utgjer mindre enn 1 pst. av alle artene i skog. Eit stort tal sopparter gjer næringa i dødt plantevev tilgjengeleg for andre arter ved å bryte ned cellulose og lignin. Det er enorme mengder sopp i skog, men det aller meste ligg skjult som eit nettverk av «trådar» (hyfar) under bakken og inne i ved og andre plantedelar. Det er først når det blir danna fruktlekam, hattsopp på bakken og kjuker på død ved, at vi legg merke til dei.

Norske skogar har eit stort mangfald av lav og mosar takka vere den kystnære plasseringa med rikeleg nedbør. Mosar og lav dominerer på flater utan jord slik som stein, berg og trestammar der dei slepp å konkurrere med karplanter om plassen. Av karplanter i barskog dominerer ofte ulike lyng- og bærlyngvekstar som røsslyng, blåbær og tyttebær vegetasjonen på bakken. I lauvskogane er blåveis, kvitveis, gaukesyre, og grasarter som skogsvingel vanlege arter. Av vanlege pattedyr i skog er rådyr, mus, ekorn, rev og elg dei som er lettast å få oppleve. Fjellnære skogsområde er viktige leveområde for mange arter som også lever i fjellet. Ein av desse er kongeørna. Av dei store rovdyra er gaupe, bjørn og ulv i hovudsak knytte til skogen.

Naturindeksen for Noreg for 2011 gir tilstanden for naturmangfaldet i skog ein indeks på 0,43. Tilstanden i skog er dårlegast i Midt-Noreg og Hedmark. Om lag 1840 truga arter, eller 50 pst. av dei truga artene, er knytte til skog. Døme på truga arter i skog er orkideen raud skogfrue, lavarten huldrestry, ei rekkje arter av sopp og mose og ei rekkje insektarter i gruppa tovingar. Raud skogfrue er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Døme på truga pattedyr som lever i skog er brunbjørn, gaupe, ulv og flaggermusartene breiøyre og børsteflaggermus. Der den truga hubroen finst i innlandet, hekkar den som oftast i skogsterreng. Vi finn 19 naturtypar i skog på Norsk rødliste for naturtypar 2011. Døme på truga naturtypar er kystgranskog, temperert kystfuruskog, olivinskog og kalklindeskog. Kalklindeskog er vedteken som utvalt naturtype etter naturmangfaldlova.

Om lag 2,5 pst. av den produktive skogen er verna etter naturmangfaldlova. Dette gjeld strengt vern i naturreservat eller i nasjonalparkar der skogbruk ikkje er tillate.

Påverknader

Det er bestandsskogbruket med hogstflater, plantefelt og skogsvegar som i stor grad formar dagens skoglandskap. Bestandsskogbruket inneber at bartre blir hogde ved ein alder på ca. 80 år, mens den økologiske alderen er opptil 500 år for gran og 7-800 år for furu. Nokre stader i høgare liggjande skogstrøk ligg store areal med hytter og alpinanlegg, mens spora frå tidlegare seterdrift i overgangen mellom skog og fjell mange stader er utviska. I låglandet kring byar og tettstader har skogen nokre stader måtta vike for ny busetnad og industri. Men samla sett er ikkje skogen på vikande front. Dei siste tiåra har til dømes det totale tømmervolumet auka mykje, mellom anna som følgje av storstilt treplanting og skogskjøtsel sidan 1950-talet.

Skogbruk er i Norsk rødliste for arter 2010 oppført som negativ faktor for meir enn 1400 av dei truga artene som er knytte til skog. Det er særleg hogst som er ein negativ faktor for mange arter, men òg treslagsskifte og skogsvegar påverkar eit betydeleg tal arter negativt. Når tre blir hogde og transporterte ut av skogen blir strukturen og samansetninga av skogen endra. Ved flatehogst er endringane spesielt store i og med at nesten alle trea blir fjerna, og fordi skogen som blir hoggen gjerne blir etterfølgt av eit relativt einsaldra og einsarta plantefelt. Få tre blir ståande til dei blir fleire hundre år gamle, og mengda av død ved blir i eit skogbruksareal vesentleg redusert samanlikna med naturskogar. Ein stor del av dei truga artene i skog er knytte til død ved. Desse artene er i stor grad avhengige av spesielle kvalitetar av død ved, som til dømes av grove dimensjonar og ulike nedbrytingsstadium. Ein annan effekt av hogst og planting er at dei lokale klimatilhøva endrar seg. Først blir det skapt lysopne, varme og tørre hogstflater som seinare blir til mørke, kjølege og fuktige plantefelt.

Det er over lang tid nytta eit stort tal framande treslag i skogbruket, også utanlandske treslag som høyrer heime på andre kontinent. Det er dokumentert at desse utplanta framande treslaga spreier seg i stor grad i norsk natur, noko som mellom anna er ein trussel mot verneverdiane i fleire verneområde.

Arealinngrep så som bygging av skogsvegar kan vere problematisk for fleire typar av miljøverdiar, til dømes for å kunne ta vare på inngrepsfrie naturområde. Nye skogsvegar er ei av hovudårsakane til reduksjonen av inngrepsfrie naturområde (INON) i Noreg.

Dei gamle haustingsskogane er døme på ei gamal driftsform som har gitt auka naturmangfald. Dei er særleg rike på mosar, sopp og lav fordi trea blir så gamle grunna styvinga og lauvinga. I dag finst denne driftsforma berre nokre få stader i Sør-Noreg.

Sidan 1990-talet er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere dei negative effektane av hogst og planting ved å unngå hogst på areal som ein trur er særleg viktige for mange raudlista arter. Statistikk frå landsskogstakseringa viser aukande volum av tre i alle dimensjonar og aldersklassar, og målingar visar at mengda av død ved aukar. Mengda gamle tre og død ved er likevel framleis låg samanlikna med i urørt skog. Vi har dei siste 50 åra hatt ein stor nedgang i husdyrbeiting i skog, og ein kraftig auke i beiting av hjortedyr. Det totale uttaket av biomasse som følgje av beiting har dermed ikkje endra seg mykje, men endringa frå husdyr til hjortedyr har ført til eit skifte frå grasetarar til lauv- og kvistetarar. Auken i bestandane av hjortedyr fører til auka press på lauvtreforynginga, og viktige treslag for mange raudlista arter som osp, rogn og selje, får dårlegare kår.

Klimaendringar i form av auka temperatur og meir nedbør vil naturleg nok påverke samansetninga av arter i skoglandskapa. Eit døme er dei nordlege bjørkeskogane som ikkje er spesielt artsrike, men som representerer ein særeigen skogstype for Norden. Bjørkeskogen vert normalt angripen av målarlarver med om lag ti års mellomrom. Kraftige angrep fører til at skogen døyr, og blir fornya over store areal. Klimaendringar kan føre til endringar i frekvens og lokalisering av desse insektangrepa, med konsekvensar òg for andre arter som lever i dei nordlege bjørkeskogane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Auka skogvern

Ved evalueringa av norsk miljøpolitikk i 2011 peika OECD på det låge omfanget av skogvern som ei spesiell utfordring, og framheva at Noreg manglar eit overordna mål for kor mykje skog som skal vernast. Ei norsk evaluering frå 2010 av gjennomført vern har som konklusjon at det særleg er underdekning av verna areal blant anna for produktiv skog, at det er eit klart behov for ytterlegare vern, og tilrår at nye verneområde bør styrkje områda sin funksjon som økologiske nettverk.

Også i klimasamanheng er auka skogvern viktig, og å styrke skogvernet er eit viktig klimatiltak i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk.

Til no er om lag 2,5 pst. av den produktive skogen i Noreg verna. Arbeidet med skogvern skjer i hovudsak ved frivillig skogvern på privat grunn, og ved vern av skog eigd av Statskog SF og av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar).

Det blir viktig å sikre god framdrift i skogvernet innanfor dei tilgjengelege budsjettrammene, og arbeidet med å verne dei mest verdifulle skogsområda er høgt prioritert.

Tilboda frå private skogeigarar om område for frivillig vern overstig budsjettrammene. Det er derfor naudsynt å regulere inntaket av nye område for frivillig vern slik at ein raskast mogeleg får verna dei områda som har vore lenge i prosess. Den føreslåtte auken på 111 millionar kroner gjer at ein i 2013 kan verne mange område der det allereie er inngått avtalar om frivillig skogvern. Nye avtaler om frivillig vern må likevel regulerast strengt, då det ligg føre avtaler om frivillig vern for mange område som tidlegast vil kunne vernast 2014.

Det er hittil verna 101 område gjennom arbeidet med frivillig skogvern. Ei utfordring som må løysast er å sikre viktige område på privateigd grunn i dei tilfella der grunneigaren ikkje tilbyr frivillig skogvern. Framdrifta er ikkje som føresett for skogvern på statsallmenningar, etter at det i 2008 vart lagt opp til større grad av medverknad og prinsipp om frivillig vern.

For 2013 er det følgjande hovudelement i skogvernarbeidet:

  • Frivillig skogvern: Føre vidare arbeidet med vern av område med hovudfokus på vern av område som har vore lenge i prosess.

  • Statskog SFs grunn: Føre vidare verneprosessar i mellom anna Troms og for aktuelle område i Borregaardskogane.

  • Skog eigd av Opplysningsvesenets fond (prestegardsskogar): Føre vidare verneprosessar.

  • Systematisk naturfagleg registrering i prioriterte skogtypar og gjennomføring av verneprosessar knytte til dette.

Oslomarka er næraste turområde for om lag 1,2 millionar menneske. I markalova er det heimel for vern av «eventyrskogar» for friluftslivformål, og i 2011 vart det gjennomført kartlegging av slike område i Oslomarka. Våren 2012 er det meldt oppstart etter markalova for ein verneprosess for 28 av dei kartlagde områda. For mange av desse områda er det opna for frivillig vern etter naturmangfaldlova.

Sikring av naturverdiane i verneområda

Skogreservat er generelt relativt lite skjøtselskrevjande, og i mange tilfelle er det fri utvikling av skogen som gir best verdi for naturmangfaldet. For ein del område er det likevel behov for tiltak, til dømes fjerning av framande treslag. Dette er i hovudsak framande treslag, som til dømes sitkagran, som tidlegare er planta ut i skogbruket, og som no spreier seg i stor grad både innanfor og utanfor verneområde. Det hastar å fjerne slike treslag før skadane på stadeigne arter og naturtypar i verneområda blir uopprettelege, og før spreiinga kjem ut av kontroll.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2013. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar som er knytte til skog bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte (raud skogfrue og eremitt) og dei naturtypane som er blitt utvalde (kalklindeskog), inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Berekraftig skogbruk

Berekraftig skogbruk inneber at skogen drivast slik at blant anna naturleg førekommande arter blir tekne vare på. Om lag halvparten av dei trua og nær trua artene i Noreg lever i skog, og skogbruk er antatt å være en negativ påvirkning for om lag 1400 av desse artene. I dei seinare åra er det sett inn tiltak i skogbruket for å redusere negative effekter ved å unngå eller tilpasse hogst på areal som er særleg viktige for raudlista arter. Det er ikkje noko som tyder på at det totalt sett har vore ei forverring i situasjonen for våre trua og nær trua arter frå 2006 til 2010. Samarbeidet i Levande Skog ble avbrutt i juni 2010. Om lag 80 prosent av den produktive skogen blir forvalta etter denne skogforvaltningsstandarden, som nå er kalla Norsk PEFC Skogstandard, mens arbeidet for å etablere ein nasjonal standard under Forest Stewardship Council (FSC) har stoppa opp. For å hindre at nøkkelbiotoper blir påvirka av hogst, skjer det nå ein gjennomgang av alle sertifiserte skogeigedommar for å sikre at det ikkje er hogd i dei livsmiljøa som skal vere sett til side. Om ein finn at hogst har redusert verdiar i slike nøkkelbiotoper og livsmiljø skal det finnast erstatningsareal, og det blir sett i verk overvakings- og kontrollopplegg for å hindre at slikt skjer framover. Det blir arbeidd med å videreutvikle eit berekraftig skogbruk, blant anna med å sikre at hogst ikkje skjer i område som har viktige verneverdiar etter naturmangfaldlova. Som klimatiltak vil regjeringa betre insentiva til uttak av råstoff frå skogen til bioenergi med særleg vekt på hogstavfall slik at blant anna tiltak med kort tilbakebetalingstid for CO2 blir prioriterte. Det skal òg utviklast miljøkriterium for tiltak som planting på nye areal og gjødsling.

Bevaring av økosystemtenestene i skogen

Med klimaendringane er det venta at vekstsesongen blir lengre, noko som vil føre til auka vekst i norske skogar, fleire varmekjære arter over eit større areal og endring i kva slag treslag som er dominerande i eit område. Eit tørrare sommarklima kan auke faren for skogbrann, spesielt på Austlandet. Med klimaendringane kan det bli meir skogskader, sommartørke, stormfelling og auke i soppsjukdommar og barkebilleangrep.

Blandingsskogar med stort genetisk mangfald, og eit stort mangfald av arter, naturtypar og levestader, gir meir robuste skogøkosystem som er i stand til å stå i mot tørke og storm.

Framover blir det viktig å ta meir omsyn til endra nedbørsmønster ved hogst og vegbygging for å unngå auka avrenning, flaum og skred. Skogens økosystemtenester må sikrast ved god forvaltning. Planting av stadeigne og blanda treslag er døme på eit tiltak som kan motverke større stormskadar.

Det er eit delmål at inngrepsfrie naturområde som er igjen skal takast vare på, og at rehabilitering av område med «gamle» inngrep skal gjennomførast der det er mogleg. Bygging av skogsbilvegar er, ved sida av energiutbygging, hovudårsak til bortfall av inngrepsfrie naturområde i Noreg. Skogsvegbygging og påfølgjande hogst av gammal skog som ofte har stått urørt over lang tid, kan òg ha negative effektar for eit stort tal truga arter som lever i slik gammal skog. I St.meld. nr. 26 (2006-2007) Regjeringens miljøpolitikk og rikets miljøtilstand går det blant anna fram at Regjeringa vil endre regelverket for bygging av skogsvegar slik at omsynet til inngrepsfrie naturområde blir teke hand om. Vidare går det fram at Regjeringa vil sikre planlegging og saksbehandling ved bygging av skogsvegar som tek vare på viktige område for naturmangfald og område med nasjonalt viktige verneverdiar, og ein vil leggje vekt på å vere open og sikre medverknad i saksbehandlinga. Denne varsla revisjonen av Landbruks- og matdepartementet sitt regelverk er omtalt blant anna i Meld. St. 9 (2011-2012) Landbruks-og matpolitikken.

Rovviltforvaltning

Rovviltforvaltninga har sidan første stortingsmelding om rovvilt i 1991-1992 vore basert på ei todelt målsetjing om å ta vare på beitenæring og rovvilt. Eit hovudverkemiddel er ei arealdifferensiert forvaltning der ulike geografiske område blir prioriterte til høvesvis beitedyr og rovvilt. I rovviltforliket frå 2011 blir den todelte målsetjinga ført vidare, og det er semje om at ei slik soneinndeling skal forvaltast tydeleg. Med unntak av forvaltningsområdet for ynglande ulv, som heilt ut er avgrensa av Stortinget, er det rovviltnemndene i dei ulike regionane som gjennom forvaltningsplanane har ansvaret for dei regionale prioriteringane. I område prioriterte for rovvilt skal bestandsmåla nåast og produksjon av sau og andre utmarksbaserte næringar skal tilpassast førekomsten av rovvilt i desse områda. Rovviltforliket frå 2011 blir følgt opp gjennom endringar i lover og forskrifter.

Tiltak mot uønska spreiing av framande organismar

Eit krav til eit berekraftig skogbruk er at bruken av framande treslag er under kontroll. Det er dokumentert at tidlegare utplanta framande treslag spreier seg i betydeleg grad, deriblant utanlandske treslag som har vore nytta i skogbruket. Det er eit mål at tiltak mot dei mest skadelege, etablerte framande organismane skal vere sette i gang innan 2015. Skogstyresmaktene har eit hovudansvar for å setje i verk tiltak for å få kontroll med spreiinga frå gamle utplantingar, som i nokre tilfelle ikkje er lønsame å avverke. Nye utplantingar av utanlandske treslag er frå 1. juli 2012 regulert i ei ny forskrift under naturmangfaldlova om utsetjing av utanlandske treslag til skogbruksformål. Forskrifta vil innebere betre kontroll med nye utplantingar av utanlandske treslag enn i dag. Det vil òg verte forbod mot å setje att tre (livsløpstre) av utanlandske treslag ved hogst.

Betring av kunnskapsgrunnlaget

For å kunne fange opp dei mest verdifulle skogareala i høve til naturmangfald er det viktig å betre kunnskapsgrunnlaget, til dømes gjennom kartlegging og dokumentasjon av verneverdige skogareal, slik at ein veit kor dei mest verneverdige områda er og slik at dei kan prioriterast. Hovudfokus for systematiske kartleggingar av prioriterte skogstypar som grunnlag for skogvernarbeidet vil i 2013 vere på blant anna edellauvskogar og kystfuruskogar.

Ein stor del av truga arter og naturtypar i Noreg finst i skog, men til no omfattar naturtypekartlegginga i liten grad skog. Det skal derfor gjennomførast fagleg uavhengige naturtypekartleggingar i norske skogareal, slik som for andre naturtypar. I dette arbeidet vil ein bruke ulike kunnskapskjelder, deriblant primærdata frå Miljøregistreringar i skog (MiS).

God kunnskap om skogareala er òg ein føresetnad for at landbruksstyresmaktene skal kunne utvikle eit meir berekraftig skogbruk.

Motorferdsle i skog

Motoriserte framkomstmiddel i utmark vil i mange tilfelle vere nyttige og naudsynte. Samtidig fører motorferdsel i naturen til ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet. Barmarkskøyring kan føre til omfattande terrengskadar. Skadepotensialet er størst i sårbare område med liten tilvekst, men òg i låglandet kan slik køyring gi store sår i terrenget. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i talet på kjøretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover, jf. kap. 15 resultatområde 5 Storslått fjellandskap, tilstand.

Det er eit mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen. På bakgrunn av ei tilråding frå Direktoratet for naturforvaltning i 2008 vedtok Miljøverndepartementet i 2009 enkelte endringar i motorferdsleforskrifta.

Endringane gjer det blant anna mogleg å gi løyve til køyring i utmarksnæring og gruppeturar for pensjonistar og nokre andre grupper. Regjeringa vurderer om det er behov for fleire endringar i motorferdsleregelverket.

Internasjonalt skogarbeid

Ei EU-forordning for å hindre import av ulovleg tømmer vart vedteken hausten 2010 og vil tre i kraft seinast i 2013. Forslaget inneber at den som første gong plasserer tømmer og tømmerprodukt i EUs indre marknad, skal sikre at tømmeret er lovleg hogd i samsvar med lovgivinga i opphavslandet. Forordninga er så langt vurdert som EØS-relevant for Noreg og Regjeringa utgreier kva slag verknader dette vil ha for norsk import og eksport av tømmer og tømmerprodukt.

Noreg deltek i internasjonal forhandlingskomité for ei legalt bindande avtale om berekraftig skogbruk i Europa. Ei slik avtale har intensjon om å få til forpliktingar på tvers av deltakarlanda om å gjennomføre ein berekraftig skogbrukspolitikk med balanse mellom miljø, næring og sosiale forhold.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

4.1. Utryddinga av truga arter i skog skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog.

  • Talet på truga arter som er negativt påverka av skogbruk.

Omlag 50 pst. av dei truga artene på Norsk rødliste for arter 2010 er knytte til skog. 1406 av dei truga artene i skog er vurderte å vere negativt påverka av skogbruk.

4.2. Mangfaldet av naturtypar i skog skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle stadeigne arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal av rehabiliterte INON-område.

  • Tal og areal restaurerte skogområde.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt for motorferdsel i utmark, og utvikling i talet på dispensasjonar.

Over 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur (område 1 km eller meir unna tyngre tekniske inngrep) gjekk tapt i perioden 2003-2008. Dette er ein auke på om lag 30 pst. i høve til førre periode. Energisektoren stod for om lag 40 pst. av bortfallet, medan landbrukssektoren, i all hovudsak skogsbilvegar, stod for om lag 30 pst. av dette bortfallet.

Oppdatering av INON skal ferdigstillast i 2013. Direktoratet for naturforvaltning arbeider samstundes med tekniske løysingar knytte til oppdatering og korreksjonar som skal rasjonalisere og forenkle INON-kartlegginga. Statens Kartverk arbeider med «traktorvegdatabase» som eit vesentleg innslag i den vidare utviklinga av INON-systemet. Vi har nokre få døme på tilbakeføring av område med inngrep til inngrepfrie naturområde, mellom anna knytt til omlegging av større kraftlinjer. Omfanget av slike endringar, og endringar i skogsområda vil gå fram av oppdateringa av INON i 2013.

Det er spesielt dei kulturrelaterte skogane som treng restaurering. Døme på tiltak er å tynne ut tresjikt, syte for aldersfordeling slik at nye tre blir rekrutterte og avgrense busksjikt. Hasseltangen landskapsvernområde i Aust-Agder og Jomfruland landskapsvernområde i Telemark er døme på område der det nyleg er gjennomført slikt restaureringsarbeid.

Vi har i dag berre oversikt over det totale talet på dispensasjonar for motorferdsel som er gitt for all utmark, ikkje fordelt på skog og fjell. Talet på dispensasjonar og utviklinga i tal på dispensasjonar som er gitt til motorferdsel i utmark er omtala under resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

4.3. Alle bestandar som blir hausta av planter og dyr i skog skal vere forvalta økosystembasert og haustast berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Bestandsstatus for arter som blir hausta eller utnytta på annan måte.

For dei skogslevande artene av vilt som blir hausta blir det kvart femte år gjennomført ein revisjon av forskrift om arter som det kan jaktast på og deira jakttider. Ingen aktuelle arter hadde behov for å bli tekne ut av forskrifta, eller få kortare jakttid som følgje av negativ bestandsutvikling ved siste revisjon i 2011. I 2012 vart dei gjeldande føresegnene om forvaltninga av hjortevilt reviderte, og det vart i endå større grad gitt ansvar til kommunane om å ta omsyn til bestandar i kommunen, og samstundes avvege omsynet til andre samfunnsområde, slik som trafikkproblem, skade på skog m.v.

4.4. Areal brukt til skogbruk skal vere forvalta berekraftig innan 2020.

Indikatorar:

  • Talet på truga arter i skog som har skogbruk som negativ påverknad.

  • Del av samla produktivt skogareal som er nøkkelbiotop/MiS-figur avsett til ikkje-hogst.

Omlag 50 pst. av dei truga artene på Norsk rødliste for arter 2010 er knytte til skog. 1406 av dei truga artene i skog er vurderte å vere negativt påverka av skogbruk. Hogst er den enkeltaktiviteten som påverkar klart flest av desse artene negativt.

I Norsk rødliste for naturtypar 2011 er seks naturtypar i skog vurderte som truga.

I følgje Norsk institutt for skog og landskap (Rapport 02/2012) utgjer nøkkelbiotopar/MiS-figurar 1,3 pst. av totalt produktivt skogareal.

4.5. Det skal årleg vere 65 ynglingar av gaupe, 13 ynglingar av bjørn, 3 ynglingar av ulv og 850– 1200 hekkande par av kongeørn.

Indikatorar:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av gaupe, bjørn og ulv.

  • Talet på hekkingar av kongeørn.

I 2012 vart det registrert 69 familiegrupper av gaupe på landsbasis før kvotejakta og før reproduksjonssesongen. Bestandsmålet vert difor nådd i 2012. Talet på familiegruppar i 2012 svarer til ein bestand på 384-408 dyr i Noreg. Det er tredje året på rad som det vert registrert ein nedgang i talet på familiegrupper av gaupe i Noreg. I 2011 vart det utvikla ein modell for å kunne gi prognosar for bestandsutviklinga kommande år. Dette verktøyet vil truleg gjere det lettare for dei regionale rovviltnemndene å setje riktige kvotar for hausting i framtida. Det vert arbeidd for at bestandsovervakinga av gaupe skal vere samordna med svenske naturstyresmakter i løpet 2012, slik at det frå 2013 og framover vil vere mogleg å utvikle samordna bestandsdata for felles bestandar.

Ved bruk av DNA frå prøver som er samla inn av mellom anna lokale elgjegerar og Statens naturoppsyn, kunne ein i 2011 identifisere 151 ulike individ av brunbjørn i Noreg. Av desse var talet på hannar 100, og talet på binner 51. I tråd med rovviltforliket frå 2011 vart det våren 2012 sett i verk uttak av nokre individ av bjørn i område som tidlegare år har hatt særleg store rovviltskadar på sau. Effekten av dette tiltaket vil ikkje vere målbart før seinhausten 2012. Det er estimert at 6 binner fekk ungar i 2011, og målet om 13 ynglingar pr. år er derfor ikkje nådd.

Vinteren 2011/2012 vart det registrert 28-32 ulvar med heilnorsk tilhald. I tillegg til desse hadde 28-32 ulvar tilhald i grenserevir delt mellom Sverige og Noreg. Det nasjonale bestandsmålet på 3 ynglingar vart nådd i 2010. Siste rapport viser at det også i 2011 var 3 ynglingar av ulv i Noreg, alle innanfor forvaltningsområdet for ynglande ulv. I 2012 vert det arbeidd vidare med å utvikle samarbeidet med svenske styresmakter om data og overvaking av bestandar. Det er utarbeidd ein felles strategi for korleis kvart land skal ta vare på dei individa som er særleg verdifulle for den genetisk utviklinga i ulvebestanden.

Kongeørna er vanleg i heile Noreg. Ny kartlegging viser førekomst av reir av kongeørn i ein del område der det tidlegare ikkje har vore kjent forekomst av kongeørn, samstundes som kongeørn no manglar i andre område der arten tidlegare var registrert. Det er sett i gang arbeid for å samle inn og setje saman eldre data om hekkingar av kongeørn, og status for arta i dei ulike territoria. Dette arbeidet blir sluttført i 2012, med unntak for delar av vestlandsfylka som vil bli avslutta i 2013. Det er òg sett i gang eit nasjonalt overvakningsprogram for kongeørn der utvalde lokalitetar får ei intensiv oppfølging.

4.6. Dei mest truga naturtypane i skog skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar i skog.

  • Talet på utvalde naturtypar i skog.

I følgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er det 6 naturtypar i skog som er kategoriserte som truga. Desse er kalklindeskog, kalkrik bøkeskog, lågurt kalkgranskog, kystgranskog, olivinskog og temperert kystfuruskog.

Det er vedteke to utvalde naturtypar i skog etter naturmangfaldlova, desse er hole eiker og kalklindeskog.

4.7. Dei mest truga artene i skog skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter i skog.

Dei første åtte prioriterte artene etter naturmangfaldlova er fugleartene dverggås og svarthalespove, insektartene elvesandjeger, eremitt og klippeblåvenge og planteartene dragehovud, honningblom og raud skogfrue. Av desse lever eremitt og raud skogfrue i skog. Fleire arter knytte til skog er aktuelle som prioriterte arter og under vurdering.

4.8. Eit representativt utval av naturtypane i skog skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Verna skog – areal produktiv skog og del av produktiv skog nasjonalt (inkl. årleg endring).

Pr. oktober 2012 er om lag 2,5 pst. av den produktive skogen verna som naturreservat eller nasjonalpark. Dette utgjer eit areal på ca. 1892 km2.

Skog verna etter naturmangfaldlova omfattar i stor grad skog på låg bonitet, jf. tal frå landskogtakseringa. Middels bonitetar er representerte, mens område med høg bonitet utgjer i overkant av 1 pst. av det produktive skogarealet i verneområda. Totalt består om lag 50 pst. av dei verna skogområda av lauvskog på låg bonitet. I naturreservata finn vi ei overvekt av furuskog. Her finn vi 30 pst. furuskog og 20 pst. lauvskog, begge av låg bonitet. Granskog og skog der gran er det viktigaste treslaget dominerer på middels og høg bonitet, både i nasjonalparkar og naturreservat.

4.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast

Indikator:

  • Talet på og del av verneområde i skog der verneverdiane er truga.

Kartlegginga som Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008-2010 viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda.

4.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Areal, totalt og årleg endring, med utplanta framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål.

  • Areal med spreiing av framande treslag og utanlandske treslag brukt til skogbruksformål

  • Talet på nedkjempinger/utryddingstiltak fordelt pr. art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at det i 2010 vart gitt stønad frå skogfond til utplanting av 1850 daa med utanlandske treslag. Om lag same areal vart planta til med utanlandske treslag i 2008 og 2009.

Av dei 1170 reproduserande framande artene i Noreg som vart risikovurderte i den nye svartelista for framande arter frå juni 2012, er 321 arter oppgitt med skog som hovudhabitat. 108 av desse er på svartelista. Det er no søknadsplikt for framtidig utplanting av sitkagran, som er eit døme på ein framand art i skog.

Ein stor del av tiltaka mot framande organismar i skog skjer i verneområda. I regi av Statens naturoppsyn blir det årleg gjennomført skjøtselstiltak mot framande organismar, blant anna platanlønn, sitkagran, bergfuru, buskfuru, rynkerose, kjempespringfrø og fleire andre forvilla hageplanter. Gran blir òg fjerna i verneområde der den ikkje naturleg høyrer heime og trugar verneformålet. Det er gjennomført jakttid heile året på mink, mårhund, bisamrotte og villsvin.

Det er førebels ikkje utvikla eigne nasjonale handlingsplanar mot framande arter som hovudsakeleg er knytte til skog.

Forskrift om utsetjing av utanlandske treslag tredde i kraft 1. juli 2012. Føremålet med forskrifta er å unngå at utsetjingar av utanlandske treslag kan føre til uheldige følgjer for naturmangfaldet.

4.11. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Se resultatområde 6.

Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar (GMO) i skog.

15 Resultatområde 5 Storslått fjellandskap

Noreg har unik natur- og kulturhistorie i fjellområda. For mange er noko av det viktigaste ved fjellet at ein kan oppleve stille og ro i tilnærma urørt natur og villmark, og sjå planter og dyr som er sjeldne eller ikkje finst i andre land i Europa. Gamal seterkultur, husdyr og blomstrande setervollar er òg viktige kjenneteikn ved norske fjellområde. I tillegg til fjordlandskapet, er det fjellet mange turistar kjem til Noreg for å oppleve.

Planter og dyr i fjellet er tilpassa ekstreme miljøtilhøve, og det skal lite til for å forstyrre den fine likevekta som er utvikla gjennom fleire tusen år. Dei krevjande miljøtilhøva har ført til at naturtypane i fjellet har få arter samanlikna med mange naturtypar i låglandet, men det er som oftast mange individ innanfor kvar art.

Fjellområda har vore utnytta av menneske i fleire tusen år, og mange fjellområde er svært rike på kulturminne. Støling, jakt, fangst og fiske og andre haustingsaktivitetar er dei viktigaste formene for tradisjonell bruk. Reiselivsnæringa sin bruk av natur- og kulturminneverdiar i fjellområda, den landbruksbaserte turismen og nordmenn si aukande interesse for friluftsliv og opplevingar i fjellheimen gir i dag den største verdiskapinga i mange fjellbygder og utmarkskommunar. Å finne balansen mellom bruk og vern er ei viktig utfordring.

Tilstand

Om lag 30 pst. av Fastlands-Noreg er fjell. Med fjell meiner ein her areal over og nord for skoggrensa. Elvar og vatn i fjellet er ikkje inkluderte i dette. I størstedelen av Noreg er det fjellbjørkeskogen som dannar skoggrensa. Fjellandskapet inkluderar også berg og grunnlendt mark, det arktiske tundralandskapet, og is- og brelandslapet som er særlig utbredt på Svalbard og Jan Mayen. Noreg har i overkant av 1600 brear.

Fjellet representerer ekstreme livstilhøve for alt levande. Faktorar som vind, is, snødekke, store temperatursprang, tørke og fukt i marka, verknad av frost og kalkinnhald i jord og stein påverkar planter og dyr. På grunn av dei ekstreme tilhøva er det mange spesialistar blant planter og dyr i fjellet. Til dømes har fleire sjeldne fjellplanter svært snevre tolegrenser for temperatur eller dei krev høgt kalkinnhald i jorda. For mange pattedyr og fuglar er tilgang på føde den viktigaste faktoren for å overleve. På grunn av dei spesielle tilpassingane til ekstreme miljøtilhøve er artene i fjellet svært sårbare når dei blir utsette for ytterlegare påverknader.

Vegetasjonen i fjellet er dominert av dvergbusker, gras- og starrarter, mosar og lav, og stort innslag av urter på kalkrik grunn. Tjukkleik og fordeling av snøen avgjer plantene si fordeling frå avblåst rabbe til snøleie. I snøleia blir snøen ofte liggjande til ut i juli, og ny snø kjem allereie i september/oktober. Dei plantene som veks slike stader må vere raske og effektive for å rekke å blomstre og setje frø før snøen kjem. Døme på planter som veks i snøleie er musøyre, moselyng og polarvier. Dei plantene som veks på rabbane har liten eller inga skjerming frå snøen om vinteren, og må tole vind, enorme variasjonar i temperatur og ofte lite og tørr jord. Døme på slike planter er krekling, greplyng, rabbetust og fleire arter av mose og lav. Den hardføre og vakre blomen mogop, som slår ut i full blom mens det enno er skiføre i fjellet, trivst òg i slike område. Dei næringsrike og lett forvitrande bergartene i delar av Dovrefjell har resultert i svært rike plantesamfunn. Reinrosa er ei art som likar seg godt i slike område.

Insektfaunaen i fjellet er dominert av dei store insektgruppene tovenger, veps, biller og sommarfuglar. Typiske fjellfuglar er heilo, snøsporv, steinskvett og fjellrype. Ramnen er med sin karakteristiske lyd lett å oppdage.

Villreinen har gjennom utviklingshistoria tilpassa seg dei barske tilhøva i fjellet, særleg om vinteren. Pelsen er tjukk og svært tett, og sjølv mulen er hårkledd i motsetning til hos andre arter i hjortefamilien.

For 200-300 år sidan levde villreinen i fjellet i heile landet, og i Nord-Noreg var villreinen framleis talrik omkring 1800. Villrein i Skandinavia finst i dag berre i fjellet i Sør-Noreg som 23 meir eller mindre skilte grupper av individ. Noreg har som einaste land i Europa fjellområde med villrein. Lemen er den mest karakteristiske av norske smågnagarar. Når det er såkalla lemenår (om lag kvart fjerde år), kan dette vesle brungule dyret setje sitt preg på heile vidda.

Av andre pattedyr er fjellrev og jerv viktige dyr i fjellet. Fjellreven er kritisk truga, og det er sett i gang ei rekkje tiltak for å sikre at fjellreven framleis skal kunne opplevast i norsk natur. Der det er villrein, finn vi òg ofte jerv.

I følgje naturindeksen for Noreg 2011 er tilstanden for naturmangfald i fjellet samla sett god med ein indeks på 0,67, men i enkelte sentrale fjellområde i Sør-Noreg er tilstanden dårlegare. Berre 4,2 prosent (158 arter) av dei truga artene lever i fjellet. Dette betyr ikkje nødvendigvis at den negative påverknaden på naturmangfaldet her er mindre enn i andre system, men heller at delen av arter knytt til fjellet er låg. Døme på truga arter i fjellet er plantene masimjelt, knuthørapp, aksveronika og brannmyrklegg, og fugleartene dobbeltbekkasin og snøugle. Av pattedyra er jerv truga, i tillegg til fjellreven. Villreinen er ikkje ein truga art, men blir rekna som ein norsk ansvarsart som vi har eit spesielt ansvar for å ta vare på. Døme på truga naturtypar i fjellet er fuglefjell, jordpyramide og polarørken.

Om lag 75 prosent av areala i nasjonalparkane ligg i fjellområde. Dette vil auke litt når nasjonalparkplanen er gjennomført. I tillegg finn vi om lag 70 prosent av landskapsvernområda og litt over 20 prosent av naturreservata i fjellet. Med unntak av dverggås er det førebels ingen prioriterte arter eller utvalte naturtypar i fjellområda.

Vi finn ein stor del av den inngrepsfrie naturen i fjellområda. Det var ein nedgang i bortfallet av inngrepsfri natur frå perioden 1988-1994 og fram til og med perioden 1998-2003, mens det i siste måleperiode (2003-2008) har vore ein auke frå perioden før. Bortfallet av inngrepsfri natur i siste periode (2003-2008) var 1027 km2.

Talet på fritidsbustader i snaufjell, og i og nær villreinområde er gode indikatorar på om kommunane og fylka har følgt opp nasjonal politikk på desse viktige arealpolitiske områda. Det var 32 400 fritidsbustader i snaufjellet i 2007. Talet på fritidsbustader innan 4 km frå villreinområde var 64 800 i 2007.

Det totale talet på snøskuterar har auka jamt frå om lag 53 500 i 2003 til nesten 69 000 ved utgangen av 2010. Talet på barmarkskøyretøy (All Terrain Vehicles – ATV) har òg auka kraftig, frå 295 nyregistrerte køyretøy i 1995 til over 33 300 køyretøy pr. 31. desember 2010. Dette betyr at omfanget av motorferdsle i utmark har auka kraftig.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdselslova og den nasjonale forskrifta viser at det i 2011 vart behandla 14 389 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart 97 prosent godkjende, ein stor del av desse handla om motorferdsle i fjellet. I tillegg kjem dispensasjonar som er gitt for fleire år, slik at det i 2011 var 23 900 aktive dispensasjonar. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 2184 søknader i 2011.

Fjellområda er viktige område for friluftsliv for mange, både for fotturar om sommaren og/eller på ski om vinteren. Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking for 2011 viser at i løpet av eit år er åtte av ti nordmenn på fottur i skogen eller på fjellet. 55 pst. har vore på ein lengre fottur i skogen eller på fjellet dei siste tolv månadene. Deltakinga i fotturar i fjellet har auka betydeleg sidan 1970 og fram til i dag, frå 38 pst. deltaking i 1970, 47 pst. i 2001 til 56 pst. i 2011.

Svalbard har mykje villmark, men det er likevel mange spor etter menneske i naturen. Restar etter tidlegare forsking, fangst, gruvedrift og ekspedisjonar finst mange stader. Det meste av Svalbard er likevel utan tyngre tekniske naturinngrep. Ca. 98 pst. av landområda kan kallast villmark utan større tekniske inngrep. Plante- og dyrelivet på land er i dag lite påverka av inngrep og arealbruk. 65 pst. av landområda på Svalbard er verna som naturreservat og nasjonalparkar, og omfattar eit representativt tverrsnitt av naturmangfaldet på øygruppa. Forvaltninga av desse verneområda er svært viktig for miljøtilstanden i fjell- og tundraområda på Svalbard.

Påverknader

Endra arealbruk er vurdert som den viktigaste påverknaden på naturen i fjellet. Sjølv om få menneske bur fast i fjellområda, er ei rekkje av desse områda sterkt prega av og forma av mennesket. Husdyrbeite i fjellet og fjellbjørkeskogen er ein gammal aktivitet i fjellområda, som etter kvart utvikla seg til å bli ein viktig del av jordbruket gjennom etablering av setrar i fjell og fjellnære strøk. Frå om lag 50 000 setrar som var i drift i 1850, var vi nede i 1237 setrar i 2008 som i avgrensa grad utnytta utmarka. Mange kulturpåverka naturtypar knytte til seterbruk i fjellet i tidlegare tider er derfor i sterk tilbakegang. Sjølv om seterdrifta er kraftig redusert, er det framleis omfattande husdyrbeiting i fjellområda våre. Moderat beite har ein positiv effekt for mange arter. Dei økologiske effektane av beite varierer sterkt avhengig av type beitedyr og mengda av dei. Utrekningar frå Hardangervidda viser at enkelte område har beitegrunnlag for meir sau, mens det i Setesdalsheiane er område med meir sau enn det er beitegrunnlag for. Delar av Finnmark er i dag vurdert som overbeita, og på Finnmarksvidda, som er viktig vinterbeite for tamrein, er lavdekket blitt betydeleg redusert. Reduksjon i hogst og slått, og endring i husdyrbeite i områda langs skoggrensa har ført til gjengroing, og på sikt vil desse områda utvikle seg til skogsmark dominert av fjellbjørk, vier og andre vedaktige planter.

Ein reknar med at truslane mot naturmangfaldet i fjellet er aukande. Gjennom dei siste tiåra har fjellområda vore utsette for fleire store fysiske inngrep slik som vasskraftutbyggingar som gir store fysiske inngrep utanom sjølve vassdraget i form av blant anna vegar og neddemming av areal. Av dei meir enn 1000 kvadratkilometer inngrepsfri natur som gjekk tapt i perioden 2003-2008 var det energisektoren som sto for det største bortfallet, blant anna gjennom utbygging av småkraftverk, vindkraft og kraftleidningar.

Bygging av vegar og kraftlinjer fører til fragmentering av område og påverkar trekkmønsteret til villrein og truleg òg andre dyr som trekkjer over større område. Hyttebygging skjer som oftast i randsonene av fjellet, men gir òg ringverknader oppover i fjellet. Det er eit generelt press for utbygging inn mot fleire verneområde, og randsoneproblematikken har høg prioritet i kommuneplanlegging og regional planlegging. Den tradisjonelle bruken og stølsdrifta går framleis tilbake, og tregrensa er flytt høgare opp mange stader.

Aukande motorferdsle er i ferd med å redusere kvaliteten på mange fjellområde som tur- og turistobjekt, både innanfor og utanfor verneområda. Undersøkingar viser at for mange, ikkje minst utanlandske turistar, er stille noko av det som er oppfatta som unikt ved den norske fjellheimen. Motorferdsle har òg negative effektar på dyre- og plantelivet. I sårbare område med liten tilvekst gjer barmarkskøyring stor skade. Sår i terrenget brukar lang tid på å lækjast, nokre gror aldri til. For planter og annen vegetasjon er skadane langt mindre for snøskuter enn for barmarkskøyring. Men også køyring på vinterføre kan gi mekaniske skadar på dvergbjørk og vier i lynghei og dvergbjørkhei som resultat av den direkte kontakten mellom skuter og buskene. Køyring med snøskuter på mark som ikkje er snødekt gir stor skade på vegetasjonen og øvre jordlag. Snøskuterens store fart og evne til å komme fram over alt aukar stressbelastninga på dyrelivet, og opnar for tilgjenge til tidlegare uforstyrra område. Forstyrringar gir dyra mindre beitetid, noko som igjen kan føre til mindre tid for inntak av mat. Dette gjeld blant anna for villrein, kongeørn og andre rovfuglar. Hekkande rovfuglar kan oppleve mislykka hekkingar på grunn av auka bruk av snøskuter.

Klimaendringar vil blant anna gi mildare klima og lengre vekstsesong. Dette vil ha store konsekvensar for dei artene som er tilpassa fjellmiljøet, og resultere i betydelege endringar i samansetjinga av arter. Endra miljø for enkelte nøkkelarter kan føre til endringar i næringsnettet. Eit døme på dette er smågnagarar som tidlegare hadde toppar med 3-5 års mellomrom i nordleg del av Skandinavia. Dei siste tiåra har smågnagarsyklusane vore betydeleg svakare med mindre toppar og lengre tid mellom toppane. Klimaendringane aukar òg prosessen med gjengroing.

Fjellområde med reisetid inntil 3-4 timar frå dei større byane har hatt ein sterk vekst i talet på fritidsbustader dei seinare åra. Fleire stader er det konflikt og vanskelege avvegingar mellom natur- og friluftsinteresser og utbyggingsinteresser. På Svalbard er ferdsle knytt til turisme, friluftsliv og forsking aukande. I vårmånadene er ferdsla med snøskuter stor i mange område på det sentrale Spitsbergen. Motorisert ferdsle på land kan føre til støy, køyrespor frå ulovleg køyring på barmark og lokal luftforureining. Motorferdsle fører òg til at høvet til å drive tradisjonelt friluftsliv utan forstyrringar er redusert rundt busetjingane i periodar av året. Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæser i dei områda der snøskutertrafikk og anna ferdsle har auka mest.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Nye nasjonalparkar og andre verneområde

Gjennomføringa av nasjonalparkplanen og dei fylkesvise verneplanane er på det næraste sluttført. Pr. september 2012 gjenstår fire verneplanar i nasjonalparkplanen og ein fylkesvis verneplan. Arbeidet med marin verneplan og skogvern held fram i samsvar med gjeldande planar.

Norsk institutt for naturforsking (NINA), har i sin NINA rapport 535 Naturfaglig evaluering av norske verneområder peika på manglar ved vernet i dag dersom ein skal nå både dei nasjonale måla og dei internasjonale måla Noreg har forplikta seg til gjennom mellom anna Konvensjonen om biologisk mangfald. Evalueringa peikar mellom anna på at eksisterande verneområde i liten grad dekkjer naturtypar i lågareliggjande område og i dei kystnære områda i Sør-Noreg.

Det blir no utarbeidd ein strategi for å avklare kva slag naturtypar som bør sikrast gjennom områdevern i medhald av naturmangfaldlova, eller gjennom bruk av andre verkemiddel i naturmangfaldlova. Oppfølginga av strategien kan gjere det aktuelt å starte nye verneprosessar.

Det kan òg vere aktuelt å gjere utgreiingar som følgje av lokale initiativ til nye verneområde frå mellom anna kommunar og organisasjonar. Føresetnaden for at slike forslag skal kunne følgjast opp, er mellom anna at dei inneheld naturtypar som er underrepresenterte blant eksisterande verneområde, og at naturverdiane i områda oppfyller vilkåra for områdevern i naturmangfaldlova. To av områda det blir arbeidd med er Dåapma på Fosen og Lofotodden i Nordland. Det kan komme fleire slike initiativ.

Det kan òg vere aktuelt å revidere eksisterande verneområde, anten ved endring av vernekategori eller grense- og forskriftsendringar. Som følgje av at naturmangfaldlova ikkje stiller krav om statsgrunn i nasjonalparkar slik som den tidlegare naturvernlova gjorde, har det komme fleire lokale initiativ til å endre vernekategori frå landskapsvernområde til nasjonalpark. Døme på dette er Trollheimen landskapsvernområde i Møre og Romsdal, Ormø-Færder landskapsvernområde i Vestfold, Jomfruland-Stråholmen i Telemark og Oksøy-Ryvingen i Vest-Agder.

Sikring av verneverdiane i nasjonalparkane

Når heile nasjonalparkplanen er gjennomført, vil om lag 27 pst. av fjellområda vere verna gjennom naturmangfaldlova. På denne måten har vi sikra juvelane og noko av den mest storslåtte naturen i Noreg, og vi oppfyller dei globale måla for vern av fjell. Dei verna områda representerer store ressursar og mangfaldige høve til opplevingar, samtidig som dei er sårbare og spesielle. Føremålet med vernet har nettopp vore å sikre naturverdiar for å bevare områda sin funksjon som leveområde for planter og dyr, og som område for opplevingar for menneske. Framover blir det auka fokus på å ta vare på verneverdiane i verneområda. Å ta vare på verneverdiane er ein føresetnad både for å bevare dei sårbare økosystema i fjellet, for framtidige opplevingar og for verdiskaping i fjellbygdene no og i framtida. Alle verneområde skal, der det er naudsynt, ha skjøtsels- og forvaltningsplanar. Slike planar gir konkrete forvaltnings- eller bevaringsmål for området, retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel, og eventuell tilrettelegging. På den måten medverkar forvaltningsplanane til å oppretthalde og fremje naturverdiane i verneområda. Fjellområda er ofte populære turområde. For å ta vare på fjellnaturen blir det i enkelte område opparbeidd stigar for å kanalisere trafikken vekk frå sårbare område. Formidling av informasjon er eit anna viktig verkemiddel for å sikre naturverdiane.

Arealplanlegging i fjellet

Plan- og bygningslova er det viktigaste verktøyet for arealplanlegging i fjellområda, og denne lova er òg viktig for styring av bruk av randsonene til verneområda. Ny plan- og bygningslov gjer det mogleg å innføre omsynssoner i randsonene til nasjonalparkar og landskapsvernområde, blant anna for å hindre øydelegging av verneverdiane. Det kan òg bli gitt retningslinjer om avgrensing av verksemd og særlege omsyn samtidig med fastsetjing eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan. I mange fjellområde er det laga regionale planar der hovudtrekka i arealbruken blir avklart på tvers av kommunegrensene.

Fritidsbustadene skal lokaliserast og utformast med vekt på omsyn til allment friluftsliv, landskap, estetikk og naturmangfald. Landskaps- og stadanalysar må brukast for å ta vare på kvaliteten ved områda under planlegging av nye bustader. Det er viktig at kommunane gjennomfører grundige landskapsanalysar. Alle nye hytteområde i fjellet bør vurderast særleg grundig i høve til eksponering i landskapet, ha god tilpassing til terrenget og medføre minst mogleg inngrep. Dei bør vere så lite synlege som mogleg, for å redusere fjernverknaden. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren har utarbeidd ein rettleiar for metode i landskapsanalyse, som no er under utprøving i fleire kommunar. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til landskap, naturmangfald, ressursbruk, energibehov og estetikk blir vektlagt når det blir lagt til rette for utbygging av fritidshus.

Ved planlegging av nye hytteområde i fjellet må det i tillegg til landskapsanalysar gjerast grundige vurderingar av konsekvensar for friluftslivet. Slike analysar og vurderingar vil i nokre tilfelle vise at utbygging ikkje er tilrådeleg. Det er viktig at kommunane følgjer dei statlege føresegnene og retningslinjene som gjeld for utforming og plassering av hytter i fjellområda, og at fylkeskommunane og fylkesmennene følgjer opp kommunane, slik at viktige friluftsområde ikkje blir bygde ned. Samstundes må ein leggje til rette for best mogleg samspel mellom fritidsbustader, reiselivsområde og friluftslivet, knytt til m.a. opparbeiding og drift av løyper og stigar, parkering m.v. Mindre fjellområde må ikkje byggjast ned med hytter i ei slik grad at verdien deira for friluftsliv og særpreg og karakter forsvinn. I område der det blir planlagt nye fritidsbustader, må det leggjast vekt på å sikre samanhengande grøne samband. Fjellområda skal òg i framtida gi rom for det enkle, tradisjonelle friluftslivet der stille og ro er ein viktig føresetnad. Samtidig skal meir moderne friluftsaktivitetar som til dømes kiting, terrengsykling, alpint og elvepadling kunne finne stad utan at natur- og kulturhistoriske verdiar blir øydelagde, jf. resultatområde 8 Aktivt friluftsliv.

Verdiskapingsprogrammet Naturarven som verdiskapar er eit utviklingsprogram med mål om at verneområda og andre verdifulle naturområde skal vere ein viktig ressurs i samfunnsutviklinga. Samtidig skal områda forvaltast slik at mangfaldet i naturen blir teke vare på. Programmet går føre seg i perioden 2009-2013 og har 15 prosjekt fordelte over heile landet. Gjennom programmet ønskjer ein å utvikle og spreie kunnskap om samanhengen mellom naturarven, naturvern og sosial, kulturell og økonomisk utvikling.

Lokal forvaltning av verneområde

Etablering av den nye modellen for lokal forvaltning av nasjonalparkane og dei store verneområda er i sluttfasen. Dei fleste verneområdestyra er no etablerte, og dei fleste nasjonalparkforvaltarane vil etter planen vere tilsette i løpet av 2012. Verneområdestyra har representantar frå kommunar, fylkesting og frå Sametinget i område med samiske interesser. God kunnskap skal liggje til grunn for forvaltninga, og det skal utviklast faglege fellesskap gjennom oppbygging av lokale/regionale forvaltningsknutepunkt, i hovudsak knytte til nasjonalparksenter eller andre typar av naturinformasjonssenter. På denne måten blir nasjonalparksentra lokale kunnskapsbasar for forvaltning av verneområda, og lokale/regionale faglege fellesskap der kunnskapen til nasjonalparkforvaltaren om forvaltning av verneområda blir kombinert med fagpersonar som har kunnskap om naturrettleiing, guiding og naturbasert reiseliv.

Statens naturoppsyn spelar ei viktig rolle i arbeidet med å ta vare på naturverdiane i fjellet, driv mellom anna utstrekt naturrettleiing i fjellområda, og fører oppsyn med at føresegnene i ei rekkje miljølover blir etterlevde. Statens naturoppsyn er framleis under utvikling.

Sikring av inngrepsfrie område

Dei attverande naturområda i Noreg utan tyngre tekniske inngrep finst i stor grad i fjellet. Det er eit delmål at slike attverande inngrepsfrie naturområde skal takast vare på. Der det er mogleg, er det òg eit delmål å restaurere område med «gamle» tekniske inngrep. Einskilde inngrep vil kvar for seg ofte ikkje påverke fjellnaturen i vesentleg grad. Men samla effekt av fleire mindre inngrep fører til ei gradvis fragmentering og påverknad av den sårbare fjellnaturen og naturverdiane her. Å unngå irreversible inngrep i desse områda handlar om å sikre den viktigaste kapitalen for ei naturbasert turistnæring.

I Nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging er det ei forventning at omsynet til inngrepsfrie naturområde utan tyngre tekniske inngrep (INON-område) blir lagt vekt på i planlegginga.

Energitiltak er ein viktig årsak til reduksjon av inngrepsfrie naturområde. For å møte denne utfordringa er det blant anna utarbeidd Retningslinjer for små vannkraftverk (Olje- og energidepartementet 2007) og Retningslinjer for planlegging og lokalisering av vindkraftanlegg (Miljøverndepartementet/Olje- og energidepartementet 2007) om blant anna forholdet til inngrepsfrie naturområde i saksbehandlinga for små vasskraftverk og vindkraftanlegg.

Sikring av villreinen

Det er i Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging venta at aktuelle fylkeskommunar utarbeider og vedtek regionale villreinplanar innan 2013. Planane vil avklare hovudtrekka i arealbruken, og drøfte høve til lokal verdiskaping og utvikling. Planane vil òg gi grunnlag for å utpeike ti nasjonale villreinområde. Åtte av desse vil utgjere to europeiske villreinregionar. Dei regionale planane vil bli lagt til grunn for vidare regional og kommunal planlegging.

For villreinen, som Noreg har eit særleg ansvar for å ta vare på, er større samanhengande og lite forstyrra område ein føresetnad for å overleve. Verneområda i fjellet dekkjer berre delar av leveområdet til villreinen, og kommunal og regional planlegging er eit svært viktig verktøy for betre forvaltning av villreinen. Fylkeskommunane har fått i oppdrag innan 2012 å utarbeide regionale planar for å fastsetje grensa for nasjonale villreinområde i Sør-Noreg. Planane skal balansere bruk og vern, og sikre ei langsiktig og heilskapeleg planlegging på tvers av kommunegrenser. Planane skal følgjast opp gjennom årlege regionale handlingsplanar, og vil gi føringar både for sektorstyresmakter og den kommunale planlegginga. For dei andre fjellområda kan også regionale planar nyttast for å sikre ei heilskapleg forvaltning av fjellområde.

Rovviltforvaltning

Jerven finn vi hovudsakeleg i fjellområda langs riksgrensa mot Sverige og Finland, frå Sør-Trøndelag og nordover. Det finst òg ein mindre bestand i sentrale fjellstrøk lengre sør i Noreg. Bestandsmålet for jerv er 39 årlige ynglingar i året. Førebelse tal viser at det var 69 ynglingar av jerv i Noreg i 2012. Dette er ein auke på 11 ynglingar i høve til 2011. Rovviltforvaltninga vil i tråd med forliket frå 2011 føre vidare arbeidet med å halde bestandane så nær det fastsette bestandsmålet som mogleg. Lisensfelling er hovudverkemiddelet i bestandsreguleringa av jerv, men i enkelte område har ikkje lisensfellinga gitt tilfredsstillande resultat. I dei siste åra har miljøstyresmaktene gjennomført ekstraordinære uttak av jerv etter at lisensfellingsperioden er slutt. I 2011 vart 9 av dei 58 registrerte ynglingane tekne ut gjennom slike ekstraordinære uttak.

Motorferdsle i fjellet – fråvær av støy

Det er viktig å skjerme viktige friluftsområde mot støy frå køyretøy på bakken, vatnet, småfly og helikopter gjennom oppfølging og handheving av føresegnene i motorferdslelova og forskrift om bruk av vasskuter og liknande. Utviklinga i talet på dispensasjonar og i talet på køyretøy gir god grunn til å gi barmarkskøyringa større merksemd framover. Det er spesielt viktig å skjerme fjellheimen og dei sårbare områda nord i Noreg mot terrengskadar som følgje av bruk av barmarkskjøretøy. Utviklinga i ulovleg køyring og dei store konsekvensane den fører med seg viser at det er viktig at regelverket blir handheva. I fjellområda veks naturen langsamt og lyden ber langt. Der er det særs viktig at ein rettar seg etter forbodet mot bruk av vasskuter.

Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivsel og sikre stille og ro i naturen.

På bakgrunn av ei tilråding frå Direktoratet for naturforvaltning i 2008 vedtok Miljøverndepartementet i 2009 enkelte endringar i motorferdsleforskrifta. Regjeringa vurderer om det er behov for fleire endringar i motorferdsleregelverket.

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det venta at kommunar med eit visst omfang av motorisert ferdsel i utmark tek dette opp som tema i planlegginga.

Finnmark er det einaste fylket med opne løyper for motorferdsel på barmark. Ein rapport frå barmarksprosjektet i Finnmark med tilrådingar for å avgrense barmarkskøyring i Finnmark vart send Miljøverndepartementet frå Direktoratet for naturforvaltning 15. februar 2011. Regjeringa vurderer tilrådingane i prosjektet.

Den 1. juli tredde forskrift om bruk av vasskuter og liknande i kraft. Forskrifta fører vidare forbodet i småbåtlova og kommunane sitt høve til å gi dispensasjon. Forskrifta inneheld òg eit kart som viser område der kommunen ikkje har mynde til å gi dispensasjon. Når kommunen skal vurdere kor dei skal opne opp for bruk av vasskuter, må dei vurdere risiko for skade på miljø, mellom anna ulempe i form av støy, og risiko for tryggleiken. Departementet arbeider med å utvide kartet til også å gjelde innsjøar og vassdrag.

Nye friluftsformer i verneområda

I samband med behandlinga av endringar i friluftslova i Innst. 400 L (2010–2011) vedtok Stortinget 15.06.2011 følgjande oppmoding til Regjeringa:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med statsbudsjettet for 2013 foreta en gjennomgang av friluftsloven og andre tilstøtende lover og regelverk med formål å fjerne restriksjoner mot nye friluftsformer i norsk natur og åpne naturen for nye brukergrupper innenfor økologisk bærekraftige rammer.»

Regjeringa viser til at friluftslova er fundamentet for å utøve friluftsliv i Noreg, og gir allmenta omfattande rettar til å gå, sykle, gå på ski osv. i norsk natur. Friluftslova gjeld òg nye aktivitetar som kiting, brettsegling, terrengsykling m.v. Friluftslova gir i seg sjølv svært få restriksjonar på å utøve friluftsliv. Dei få avgrensingane lova set er først og fremst av omsyn til grunneigarar og til andre brukarar. Til dømes er det avgrensingar i høvet til ferdsel i innmark, og reglar for minsteavstand ved telting. Lova gir vidare eit avgrensa mynde til å fastsetje lokale kommunale forskrifter som innskrenkar ferdsleretten. Det er ikkje gitt mange slike forskrifter, og dei er i hovudsak fastsette av omsyn til andre brukarar. Til dømes finst det avgrensingar på ferdsle med hest i delar av Oslomarka av omsyn til ferdsle til fots og på ski. På visse badestrender er det fastsett reglar for bruk av seglbrett m.v. innanfor badebøyane, og det finst forbod mot sykling i preparerte skiløyper.

Det finst i nokre tilfelle vektige samfunnsomsyn som tilseier at retten til fri ferdsel må vike i visse område. Friluftslova fastset derfor at ferdsleretten må vike for restriksjonar som følgjer av anna lovverk.

Døme på slike innskrenkingar i ferdsleretten kan ein finne i tilknyting til drikkevasskjelder, i visse militære område, i hamneområde og i visse farleier, rundt oppdrettsanlegg, rundt petroleumsinstallasjonar, ved enkelte kulturminne, osv. Det er òg enkelte stader forbode med ferdsle på islagte vatn, heimla i lokale politivedtekter. Når det gjeld restriksjonar som utrykkeleg retter seg mot nye friluftsformer er det av omsyn til tryggleiken fastsett eit særskilt forbod mot fallskjermhopping i Trollveggen. Det finst òg eksempel på at politiet har lagt ned forbod mot laussnøkøyring på ski i område som er særleg utsette for ras. Det er vidare vanleg med forbod mot dykking og bruk av seglbrett i hamneområde og skipsfarleier.

I ein del område verna etter naturmangfaldlova er det av omsyn til naturverdiane lagt avgrensingar på ferdsle. Til dømes er forbod mot å stige i land på holmar og skjer ganske vanleg i hekketida i sjøfuglreservat. I nokre verneområde er det òg restriksjonar som retter seg spesielt mot nye ferdsleformer. I nasjonalparkane Rondane, Dovre og Hallingskarvet er det til dømes avgrensingar på kiting vinterstid av omsyn til sårbare villreinstammer. I enkelte verneområde er det òg særskilte forbod mot vassport som surfing, seglbrett etc. for å hindre unødvendig forstyrring av sårbart fugleliv. I ein del verneområde er det dessutan restriksjonar på sykling og bruk av hest for å minske terrengslitasje på verdifull natur og konflikt med andre friluftsaktivitetar.

Ferdslerestriksjonane som gjeld i enkelte verneområde har skapt debatt, og på bakgrunn av oppmodingsvedtaket frå Stortinget har Miljøverndepartementet gått nærare gjennom restriksjonane på nye friluftsformer i verneområda. Siktemålet har vore å kartleggje kva kunnskap ein har om ulike ferdselsformer sin påverknad på verneverdiane, og om det er behov for meir kunnskap før ein eventuelt kan vurdere endringar i restriksjonsnivå.

Gjennomgangen viser at restriksjonane i verneområda i all hovudsak er godt grunngitte, men at det kan vere behov for å innhente ytterlegare kunnskap knytt til visse område og ferdselsformer for å kunne vurdere restriksjonsnivået nærare. Slik kunnskapsinnhenting vil kunne dreie seg om både litteraturstudiar og feltstudiar. Feltstudiar bør normalt gå over fleire sesongar. Det er allereie sett i verk og ferdigstilt ein litteraturstudie knytt til fuglefredingsområda på Jærstrendene og Lista som bl.a. kartlegg kunnskap om vassport og påverknad på sjøfugl.

Departementet vil òg vurdere å sjå på tiltak for betre skilting som gjer tydeleg og grunngir dei aktuelle ferdselsforboda i verneområda, og som kan rettleie utøvarar av friluftsliv.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar

Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2013. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar knytte til fjellet bli vurderte. Mellom anna er fjellrev ein kandidat til å bli prioritert art. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging ligg ei forventning om at dei alminnelege føresegnene i naturmangfaldlova om berekraftig bruk blir lagde til grunn for planlegging som påverkar naturmangfald. Førekomstar av utvalde naturtypar og økologiske funksjonsområde for prioriterte arter skal innarbeidast i planlegging på land, og for utvalde naturtypar òg i sjø.

Sikring av villmarksnaturen på Svalbard

Villmarksnaturen på Svalbard er i utgangspunktet godt verna gjennom verneområde som dekkjer 65 pst. av landarealet, eit utstrekt vern av arter og eit generelt strengt miljøregelverk som omfattar all lokal aktivitet som kan påverke villmarkspreget og naturmangfaldet. På Svalbard blir det no arbeidd med forvaltningsplanar for verneområda. Det er utarbeidd forvaltningsplanar for Hopen og Bjørnøya naturreservat. Desse reservata dekkjer til saman 6.168 km2 land- og sjøareal, og det ligg dermed føre forvaltningsplanar for ca. 5 pst. av samla areal i verneområda. Sysselmannen utarbeider eit forslag til forvaltningsplan for naturreservata på Aust-Svalbard som skal høyrast våren 2012. Når denne planen er fastsett vil det bli utarbeidd forvaltningsplanar for nasjonalparkane som skal sikre at ferdsla og annan aktivitet skjer i samsvar med verneformålet.

Sysselmannen på Svalbard skal òg vurdere og eventuelt setje i verk tiltak for betre å leggje til rette for ikkjemotorisert friluftsliv og turisme på Svalbard. Forholdet til snøskutertrafikken vil vere det sentrale.

Ei meir nøyaktig kartlegging av inngrepsfrie naturområde på Svalbard i samsvar med den INON-klassifikasjonen som er nytta på fastlandet er utarbeidd av Direktoratet for naturforvaltning, og den konkrete kartlegginga vil starte i 2012. Dette vil gi eit betre grunnlag for å måle endringar i inngrepsstatus.

Det finst inga detaljert vegetasjonskartlegging på Svalbard eller systematisk overvaking av effektar av ferdsel på vegetasjon. Norsk Polarinstitutt har avtaler med ulike forskings- og utgreiingsinstitusjonar om etablering av overvaking i markvegetasjonen på Svalbard. Dette skjer i regi av Miljøovervakingssystemet for Svalbard og Jan Mayen (MOSJ), og vil òg omfatte effektar av ferdsel.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

5.1. Utryddinga av truga arter i fjellet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til fjellet.

I følgje Norsk Rødliste for arter 2010 er 147 arter i arktisk og alpine område truga.

5.2. Mangfaldet av naturtypar i fjellet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikatorar:

  • Utvikling i areal av inngrepsfrie naturområde (INON).

  • Utvikling i areal i rehabiliterte INON-område.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt og utvikling i talet på dispensasjonar under motorferdslelova.

Dei siste hundre åra er dei villmarksprega naturområda i Noreg (område 5 kilometer eller meir unna tyngre tekniske inngrep) reduserte frå omkring halvparten av landarealet til i underkant av 12 pst. i 2008, og i Sør-Noreg var det berre att 5 pst. i 2008.

I perioden 2003-2008 stod utbygging i vassdrags- og energisektoren for om lag 40 pst. av bortfallet av inngrepsfrie naturområde, ein god del av dette i fjellområda. Med dei venta investeringane i energisektoren vil presset på INON-areal i fjellområda auke markant, særleg knytt til utbygging av vindkraft og kraftlinjer i sentralnettet.

Det er i 2012 sett i gang arbeid for å førebu ei ny oppdatering av INON for ferdigstilling i løpet av 2013. Vi har nokre få døme på tilbakeføring av utbygde fjellområde til inngrepsfrie naturområde, mellom anna knytt til omlegging av større kraftlinjer. Omfanget av slike endringar, og endringane i fjellområda, vil gå fram av oppdateringa av INON i 2013.

Talet på dispensasjonar gitt i medhald av motorferdslelova og den nasjonale forskrifta er tilgjengeleg som KOSTRA-rapportering. I 2011 vart det behandla 14 389 søknader om dispensasjon for motorferdsel i utmark. Av desse vart om lag 13 900 (97 pst.) godkjende. For å få eit samla bilete må det òg reknast med dispensasjonar som er gitt for fleire år. I overkant av 10 000 tidlegare gitte dispensasjonar var framleis gyldige i 2011, dvs. at det var om lag 23 900 aktive dispensasjonar i 2011. Samla tal gyldige dispensasjonar gjekk ned med omkring 1350 frå året før. For barmarkskøyring vart det totalt godkjent 2184 søknader i 2011. Dette er 274 fleire enn året før, noko som inneber ein auke på om lag 14 prosent. Det er 5 kommunar som står for 1571 av dispensasjonane.

5.3. Alle bestandar som blir hausta av planter og dyr i fjellet skal vere forvalta økosystembasert og hausta berekraftig slik at artene opptrer i levedyktige bestandar innanfor sitt naturlege utbreiingsområde innan 2020.

Indikator:

  • Bestandstatus for arter som har blir hausta eller utnytta på annan måte

Hausting av planter i fjellet skjer primært gjennom beiting. Beiting er i hovudsak òg tillete i verneområde, og er ikkje vurdert som ein trussel mot naturmangfaldet i fjellet.

Hausting av hjortevilt i fjellet er godt regulert ved at hjorteviltet er forvalta på grunnlag av kvotar.

5.4. Villreinen skal sikrast i livskraftige bestandar i sine naturlege utbreiingsområde i Sør-Noreg.

Indikatorar:

  • Status for arbeidet med dei regionale planane for villreinfjella.

  • Areal som inngår i nasjonale villreinområde og randsoner.

  • Talet på kommunar som har innarbeidd nasjonale villreinområde og randsoner i kommuneplanen.

  • Talet på dispensasjonar som er gitt innanfor nasjonalt villreinområde og randsone.

  • Del av villreinen sitt leveområde som er verna etter naturmangfaldlova.

Den største satsinga for å nå målet er knytt til arbeidet med regionale planar for dei ti nasjonale villreinområda. På oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning har dei to villreinsentra på Hjerkinn og Skinnarbu, i samarbeid med NINA og særskilt oppnemnde prosjektgrupper, lagt ned eit stort arbeid med kartlegging og dokumentasjon av villreinen sine leveområde som grunnlag for dei regionale planane. Alle desse prosjekta er no fullførte og rapporterte. Det blir òg gjennomført brukarstyrte FoU-prosjekt med GPS-merking av villrein og kartlegging av friluftsliv og ferdsle innanfor dei fleste av desse områda. Snøhetta-prosjektet, som vart sett i verk etter Stortinget si behandling av eit Dok8-forslag knytt til Snøheimvegen og restaurering av Hjerkinn skytefelt i 2008, vil bli sluttført i 2012 og rapportert 1. kvartal 2013. Etter kommunevalet hausten 2011 er det i 1. kvartal 2012 gjennomført ny oppnemning og halde oppstartsamlingar for dei ni regionale villreinnemndene. Det blir lagt opp til vidaregåande kursing av dei einskilde nemndene i regi av Norsk Villreinsenter. Dei to villreinsentra legg ned eit stort arbeid med dokumentasjon, rådgiving og naturrettleiing i høve til andre aktørar og barn og unge. Det er òg utvikla publikumsattraksjonar som vil vere viktige bidrag til verdiskaping innanfor lokalt næringsliv i regionane der sentra ligg.

5.5. Det skal årleg vere 39 ynglingar av jerv.

Indikator:

  • Talet på dokumenterte ynglingar av jerv.

I 2011 vart det registrert 58 ungekull av jerv i Noreg. Av desse vart 9 ungekull tekne ut av Statens Naturoppsyn ved uttak frå hi. Førebelse resultat frå 2012 syner at arta framleis har flest individ i Nord-Noreg. Dei seinare åra har talet på dyr auka i skogsområde lenger sør. Det vert arbeidd for at bestandsovervakinga av jerv skal vere samordna med svenske naturstyresmakter i løpet 2012, slik at det frå 2013 og framover vil vere mogleg å utvikle samordna bestandsdata for felles bestandar.

5.6. Dei mest truga naturtypane i fjellet skal ha status som utvalde naturtypar.

Indikator:

  • Talet på utvalde naturtypar knytt til fjell.

I følgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er sju naturtypar knytte til fjell truga. Dette gjeld naturtypane fuglefjell, grotte, ravinedal, open grunnlendt kalkmark i boreonemoral sone, avblåst normal arktisk steppe, varm kjelde og jordpyramide.

5.7. Dei mest truga artene i fjellet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til fjell.

Av dei første åtte prioriterte artene som vart vedtekne etter naturmangfaldlova i juni 2011 er det dverggåsa som er knytt til fjellet. I tillegg blir fjellrev vurdert som prioritert art.

5.8 Eit representativt utval av naturtypane i fjellet skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verne areal (inkl. årleg endring) fordelt på naturtypar i fjellet.

Den naturfaglege evalueringa av norske verneområde frå 2010 viste at 27 pst. av fjellarealet i Noreg var verna. I 2011 og 2012 vart ytterlegare 2 562 km2 i fjellet verna.

Pr. april 2012 er 49 av i alt 54 verneframlegg i nasjonalparkplanen gjennomførte. Lahku (tidlegare omtalt som Sundfjordfjella) vil bli verna i 2013.Goahteloubbal nasjonalpark vil bli oppretta og Øvre Anarjohka nasjonalpark vil bli utvida i løpet av 2013. For å få samanheng med nasjonalparken på svensk side vart Fulufjellet nasjonalpark vedteken april 2012. Denne kjem i tillegg til områda i nasjonalparkplanen.

Fem kommunar i Nord-Trøndelag har fremja ønske om å etablere ein nasjonalpark (Dåapma) på Nord-Fosen. Denne verneprosessen er i gang. Likeeins har ein starta prosessen med å vurdere ein nasjonalpark på Lofotodden etter ønske frå kommunane Moskenes, Værøy og Flakstad. Landskapsvernområdet Ormo-Færder i Vestfold er under vurdering for omgjering til nasjonalpark. Av dei 800-1000 kandidatområda som Noreg skal foreslå til Emerald Network i løpet av 2012 vil det òg vere verna fjellområde.

5.9. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde i fjellet der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde i fjellet med forvaltningsplan.

Direktoratet for naturforvaltning gjennomførte i 2008-2010 ei kartlegging av tiltaks- og planbehovet i verneområda som viste at verneverdiane var truga i 35-40 pst. av verneområda.

Arbeidet med basiskartlegging i verneområde starta i 2010, og vart i perioden 2011-2012 ført vidare og utvida til nye område. Basiskartlegging vil mellom anna gi eit betre grunnlag for å rapportere om verneverdiane blir haldne oppe og om forvaltning av ulike naturtypar i verneområda. I perioden 2011-2012 vart det utarbeidd ein overordna struktur og plan for overvaking, og manualar (rettleiingar) for arbeid med bevaringsmål og overvaking. Konkret overvaking i verneområde starta i 2012.

Arbeidet med å utvikle forvaltningsplanar for verneområda i fjellet har vore prioritert. Av dei 55 områda som er vedtekne etter nasjonalparkplanen har i dag 25 område godkjent forvaltningsplan. I tillegg er det om lag 20 planar som er under utarbeiding.

Ein reknar med at dei fleste nasjonalpark- og verneområdestyra og dei fleste nasjonalpark- og verneområdeforvaltarane vil vere på plass i løpet av 2012. Det et til no oppretta 26 forvaltningsknutepunkt. Pr. 1. april 2012 er det autorisert 15 nasjonalparksenter. Lokalt vert det arbeidd med planar for fleire nasjonalparksenter. Vidare utvikling av nasjonalparksenter vil bli sett i samanheng med etableringa av den nye forvaltningsmodellen for verneområda.

5.10. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sett i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjemping/utryddingstiltak fordelt per art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Det er ikkje utvikla handlingsplanar som er spesielt retta mot framande organismar i fjellområda, men dei ferdigstilte handlingsplanane mot mink og mårhund vil ha verknad også i fjellområda. Direktoratet for naturforvaltning har sett i gang utvikling av ein handlingsplan mot framande organsismar på Svalbard som vil bli ferdig i løpet av 2012.

5.11. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønskt nedbygging i fjellet.

Indikator:

  • Talet på regionale fjellplanar.

I følgje KOSTRA er det utarbeidd regionale planar for fjellområda i 8 fylke. Av desse er 4 planar vedtekne etter 2009. Alle dei viktigaste villreinområda vil vere omfatta av slike planar innan 2013. Det er i tillegg laga interkommunale planar for fleire fjellområde, utan at desse er vedtekne som formelle regionale planar.

Miljøverndepartementet har det overordna ansvaret for oppfølging av Den europeiske landskapskonvensjonen i Noreg. Plan- og bygningslova av 2008 og naturmangfaldlova av 2009 gir nye høve til å ta vare på mangfaldet i landskapet.

I samarbeid med Artsdatabanken arbeider Direktoratet for naturforvaltning med utvikling av ein metodikk for kartlegging av landskapsmangfald, og det er utvikla eit system for kartlegging av landskapstypar som blir prøvd ut i Nordland fylke 2012. Kartlegginga av landskapstypar vil gi meir systematisk kunnskap om mangfaldet i landskapet, og vil gi betre grunnlag for å overvake endringar i arealbruk i fjellområda, både i og utanfor verneområda. Ei viktig målsetjing med arbeidet er få til ein nasjonal database med data om landskap i Noreg.

Direktoratet for naturforvaltning arbeider også med å lage døme på korleis ein kan styre arealbruken og hindre uønska nedbygging i fjellet gjennom planlegging etter plan- og bygningslova.

Sjå også omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

5.12. På Svalbard skal omfanget av villmarksprega område haldast ved lag, naturmangfaldet skal bevarast tilnærma upåverka av lokal aktivitet, og verneområda sin verdi som referanseområde for forsking vere sikra.

Indikator:

  • Omfanget av villmarksprega område på Svalbard i samsvar med INON-klassifikasjon.

Opplegget for INON-klassifisering på Svalbard er no på plass, og den konkrete kartlegginga er starta i 2012.

5.13. Transport og ferdsle på Svalbard skal ikkje medføre vesentlege eller varige skadar på vegetasjon eller forstyrre dyrelivet. Svalbards natur skal kunne opplevast uforstyrra av motorisert ferdsel og støy, også i område som er lett tilgjengelege frå busetjingane.

Indikatorar:

  • Volum og fordeling av motorisert ferdsel til lands på Svalbard.

  • Tilgang på og forvaltning av snøskuterfrie område.

  • Talet på registrerte snøskuterar på Svalbard.

  • Registrerte effektar på dyreliv og vegetasjon som følgje av ferdsel.

Motorisert ferdsle på land og utanom busetjingane er i hovudsak knytt til snøskuterbruk og helikopterflyging.

Det har dei siste åra vore mellom 10 og 30 dispensasjonar i året for køyring med snøskuter i nasjonalparkar. Desse dispensasjonane omfattar opp til 100 snøskuterar.

Dei fastbuande si ferdsle med snøskuter i nasjonalparkane er på eit stabilt nivå. Snø- og sjøisforhold for sesongen speglar omfanget av slik ferdsle. Talet på søknader om dispensasjon har berre auka svakt og talet på gjennomførte turar er redusert frå 75 i 2010 til 60 i 2011.

Talet på søknader frå tilreisande om dispensasjon for køyring utanfor forvaltningsområde 10 har stabilisert seg på eit lågare nivå dei siste åra, mens talet gjennomførte turar auka frå 6 i 2010 til 18 i 2011.

Det vart registrert om lag 1600 helikoptertimar i 2011. Registreringa er ikkje fullstendig. Vidare vart det registrert 2100 landingar, men landingsstatistikken er ikkje komplett. Hovuddelen av landingar (og dermed flygingar) er konsentrert til område rundt Longyearbyen, Sveagruva og St. Jonsfjorden. Desse landingane er i stor grad knytte til leiteaktivitet etter kol og gull. Det er elles ganske mange område over heile øygruppa som har inntil fem landingar. I hovudsak er desse landingane knytte til forskingsverksemd, til Sysselmannens utøving av mynde og til rednings- og ambulanseoppdrag. På Sentral-Spitsbergen er det to område som er sett av til ikkjemotorisert ferdsel og friluftsliv. I det eine området er det forbod mot motorisert ferdsel heile året. I det andre området kan fastbuande køyre på frosen og snødekt mark fram til 1. mars. Etter 1. mars er området skuterfritt.

Det var 2672 registrerte skuterar i 2008. I 2011 var talet om lag 2000. Reduksjonen på ca. 500 skuldast at ZN-registrerte skuterar er tekne ned til fastlandet.

Det er foreløpig ikkje dokumentert negative endringar i bestandane av rein, rev eller gjæser i områda med snøskutertrafikk og anna ferdsle.

16 Resultatområde 6 Verdifulle kulturminne og kulturlandskap

Vi kan finne kulturminne overalt – i by og bygd, i skog, på fjellet, på våtmark, i ferskvatn, langs kysten og til og med på botnen av havet. Dette er handfaste og originale vitnesbyrd som kan fortelje spennande historier om menneske, samfunn og levekår før og no. Arkeologiske kulturminne er ofte dei einaste kjeldene til kunnskap om Noreg si eldste historie.

Mange av byane og tettstadene våre er rike på kulturminne og kulturhistoriske verdiar, og vi kan finne eit mangfald av bygningar frå ulike tiår. Forvalta og formidla riktig utgjer desse ein viktig og uerstatteleg ressurs. Men, mange av dei bustadhusa og fabrikkbygningane som fylte byar og tettstader for berre eit par generasjonar sidan, er i dag blitt sjeldne. Det er òg venta ein sterk befolkningsvekst dei neste 50 åra, noko som vil føre til ytterlegare press på kulturminne og kulturverdiar, særleg i byar og tettstader.

Landskap, frå tette bylandskap og jordbrukslandskap, til tilsynelatande urørte utmarks- og fjellandskap, inneheld også spor etter menneske. Mangfaldet og kombinasjonen av natur- og kulturverdiar er ein karakteristisk og viktig del av landskapet. Det er òg ein viktig del av merkevara Noreg og det som turistane kjem for å sjå og oppleve.

Landbrukets kulturlandskap er ein type landskap som er heilt avhengig av menneskeleg aktivitet for å halde ved like verdiane. Dette er landskap forma av landbruksverksemd, og omfattar alt frå område med intensiv landbruksproduksjon til eit landskap forma og framleis prega av ekstensiv bruk. Landbrukets kulturlandskap inneheld både eit stort mangfald av kulturminne frå heile jordbrukshistoria og eit stort naturmangfald. Til dømes er engvegetasjonen som har oppstått som resultat av slått og/eller beite blant dei mest artsrike livsmiljøa i Norden.

Historiske bygningar, bymiljø, arkeologiske spor og landskap er alle ein viktig del av vårt felles minne. Dette er ressursar som ikkje kan fornyast. Blir dei øydelagde eller fjerna, er dei borte for alltid og med dei ein del av identiteten vår. Dei er ikkje berre historie, men er høgst aktuelle også i dag, som del av eit levande samtidsmiljø. Både gamle og nye kulturlandskap og kulturminne kan bli vurderte som verneverdige. Det er uansett viktig å vere bevisste på kva vi vel ut og ønskjer å ta vare på for ettertida. For å forstå og kunne formidle vår eiga historie og utvikling, treng vi eit variert utval frå ulike tider av historia.

Tilstand

Arkeologiske kulturminne frå før 1537 er automatisk freda. Pr. juni 2012 er det registrert ca. 281 000 arkeologiske enkeltminne, fordelte på rundt 143 000 000 lokalitetar, men undersøkingar viser at for kvart arkeologisk kulturminne som er registrert, kan det vere meir enn 20 ukjente. I Noreg har vi rundt hundre større og mindre ruinar frå middelalderen. Det er flest kyrkjeruinar, dernest ruinar etter klosteranlegg og borg- og festningsanlegg. Ein del av desse er i svært dårleg tilstand, noko som i hovudsak skuldast det generelle forfallet og gamle reparasjonar med bruk av harde materialar som sement. Elleve mellomalderruinar er sette i stand så langt. Bergkunst er òg arkeologiske kulturminne, det vil seie forhistoriske bilete som er hogde, slipte eller måla på berg. Det er registrert meir enn 1850 stader, som til saman framstiller fleire ti tusen figurar. Bergkunsten er utsett for både naturleg nedbrytning og menneskeskapt øydelegging, men tilstanden til mykje av den er likevel blitt betre gjennom skjøtsel og sikringstiltak.

I mellomalderen fanst det mellom 1000 og 2000 stavkyrkjer i Noreg. I dag har vi berre 28 igjen. 19 av desse er sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå, og dei siste ni kyrkjene skal etter planen vere sette i stand innan 2015. Brannsikringsanlegga i stavkyrkjene er ikkje tilfredsstillande. Vi har òg meir enn 200 profane (ikkjekyrkjelege) trebygningar frå mellomalderen. Dette kan vere stabbur, bur, loft og stover på gamle gardsanlegg. Mellomalderbygningane vart sette i stand på 1990-talet, og alle bygningane fekk utstyr til brannslokking. Riksantikvaren overvakar utviklinga i tilstanden til desse bygningane og i 2011 er bl.a. taka på ein del av dei utbetra.

Totalt er det freda rundt 6000 bygningar i Noreg, noko som utgjer om lag ein promille av alle bygningane i landet. Vel 3200 av bygningane er i privat eige, og ein gjennomgang i 2006 viste at mange av desse var prega av forfall. Situasjonen har betra seg noko dei siste seks åra. Endringar i industri og næring har skapt fleire kulturminne i form av nedlagte industrilokale og anlegg frå 1900-talet og tidlegare. Slike kulturminne må sjåast i ein heilskap som inkluderer bygningar og produksjonsutstyr, arbeids- og bustadforhold, ressurstilgang, tekniske innretningar og anlegg.

Boks 16.1 Rjukanbana

Riksantikvarens liste over prioriterte tekniske og industrielle kulturminne tel no elleve anlegg. Rjukanbana er det hittil siste som har komme inn på denne lista. Bana går frå Vemork kraftstasjon ned til ferjeleiet ved Tinnsjøen ved Mæl, og var ein del av ei samanhengande transportåre med tog og jernbaneferjer mellom Rjukan og Skien – ei transportåre som utgjorde livsnerven for dei nye industrisamfunna på Rjukan og Notodden tidleg på 1900-talet, og som var avgjerande for å transportere kunstgjødsla frå Rjukan og ut i verda. For hundre år sidan var Norsk Hydros anlegg på Rjukan og Notodden eit norsk industriføretak i verdsklasse, basert på ei norsk oppfinning og norsk vasskraft, og på utanlandsk kapital.

I dag er dette jernbaneanlegget i ferd med å bli freda, og det utgjer òg eit viktig element i søknaden om verdsarvstatus for industristadene Rjukan/Notodden og Odda/Tyssedal – som representantar for industrihistoriske kulturminne knytte til prosessindustri basert på vasskraftproduksjon.

Samiske kulturminne som er eldre enn hundre år, er automatisk freda. Berre ein mindre del av dei samiske bygningane er hittil registrerte, og det finst derfor inga systematisk totaloversikt over kva for samiske bygningar som er automatisk freda, og heller inga dekkjande oversikt over kva for tilstand dei er i. Ei systematisk kartlegging av samiske freda bygningar og tilstanden deira starta i 2011 og vil etter planen vere ferdigstilt i 2014. Pr. mai 2012 er ni fartøy freda og 226 fartøy har status som verneverdige. Dei fleste av dei freda fartøya er i god stand, mens mange av dei verneverdige fartøya framleis har behov for omfattande restaurering.

Oversikta over kva for kulturminne som ikkje er freda, men som likevel er verneverdige, er for dårleg. Informasjonen om kva slag tilstand dei er i, og om eventuelle tap av kulturminne, er mangelfull. Gjennom Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltningen 2011-2015 er det starta eit arbeid for å få betre oversikt over verneverdige kulturminne. Dette er eit omfattande, langsiktig og ressurskrevjande arbeid der kommunane er sentrale. Men arbeidet fører òg til auka lokalt engasjement og medvit om kulturarven som eit viktig fellesgode og ein ressurs. I Kunnskapsløftet blir det arbeidd med å etablere eit overvakingsprogram for verneverdige kulturminne for å få fram betre informasjon om tilstand og tap.

Jordbruksverksemd har medverka til å forme mykje av den naturen vi ser i dag langs kysten, i skogen og på fjellet. I det historiske jordbruket var beiting og hausting av fôr til husdyr omfattande, og areal både i skog, våtmark, kystsona, fjellet og open mark i låglandet er framleis prega av dette. Kulturlandskapet omfattar både område med intensiv landbruksproduksjon og landskap forma og enno prega av ekstensiv bruk, som dei gamle beite- og slåttemarkane. I tillegg er kystlynghei definert som del av kulturlandskapet. Utrekningar gjennomførte ved Norsk institutt for skog og landskap indikerer at om lag 20 pst. av arealet i Sør-Noreg viser klar påverknad frå jordbruksverksemd. Til samanlikning dekkjer det aktive produksjonsarealet, dvs. jordbruksområde med innmark, tun og hagar om lag 3,6 pst. av Noregs totale areal. Landbrukssektoren forvaltar dei fleste av dei 233 bygningane i landet frå mellomalderen og rundt ein tredel av dei om lag 6000 freda bygningane.

Tabell 16.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Kulturminne

Alle spor etter menneskeleg verksemd i vårt fysiske miljø, under dette lokalitetar det knyter seg historiske hendingar, tru eller tradisjon til.

Kulturmiljø

Område der kulturminne inngår som del av ein større heilskap eller samanheng.

Arkeologiske/ marinarkeologiske kulturminne

Arkeologiske kulturminne er fysiske spor og restar som ligg i eller under markoverflata/under vatn.

Automatisk freda

Eit automatisk freda kulturminne er eit fast kulturminne som er freda direkte etter lov, utan særskilt vedtak. Automatisk freda er: Alle faste kulturminne frå før 1537, samiske kulturminne eldre enn 100 år, erklærte ståande byggverk med opphav frå perioden 1537 – 1649, alle kulturminne på Svalbard frå før 1946.

Vedtaksfreda

Eit vedtaksfreda kulturminne er freda gjennom vedtak etter kulturminnelova eller Svalbardmiljølova. Vedtaksfreding kan omfatte alle typar kulturminne som ikkje fell inn under automatisk freding.

Freda fartøy

Fartøy som er freda etter kulturminnelova § 14a.

Verneverdig

Der det er gjort ei kulturminnefagleg vurdering, og kulturminnet er identifisert som verneverdig.

Verneverdige fartøy

Fartøy der det er inngått ei avtale mellom eigar og Riksantikvaren om å ta vare på fartøyet. Dette inneber blant anna at fartøyet skal setjast i stand etter antikvariske prinsipp.

Tap

Der kulturminnet er fjerna.

Representativitet

Representativitet handlar om å belyse utviklinga av Noreg som samfunn, og heile samfunnet si utvikling og historie. Eit representativt utval er eit dynamisk omgrep, og kva som er sett på som fredingsverdig endrar seg over tid. Sjå òg St.meld. nr. 16 (2004-2005) kap. 4.2.3.

Ordinært vedlikehaldsnivå

Tilstand som krev at berre planlagt vedlikehald er nødvendig, jf. norsk standard for tilstandsanalyse av freda og verneverdige bygningar (NS 3423).

Sikra

Fysiske tiltak på eller ved eit kulturminne for å verne kulturminnet mot skade og tap, og for å ta vare på kulturminnet på staden eller for å sikre det vitskaplege kjeldematerialet.

I tillegg til eit stort mangfald av kulturminne er kulturlandskapet prega av stort naturmangfald. Engvegetasjonen som har oppstått som resultat av slått og/eller beite er blant dei mest artsrike livsmiljøa i Norden. I Noreg finn vi mellom 650 og 700 plantearter i slike enger. Om lag halvparten av dei finst ikkje andre stader. Ei rekkje insektartar er knytt til eng. Til dømes lever om lag 70 pst. av våre dagsommarfuglar i open engvegetasjon. Kulturlandskapet er i tillegg prega av ei rekkje ulike grasarter. I område som blir beita blir arter med tornar, kisel og gift eller planter som smakar eller luktar vondt favoriserte fordi beitedyra vel dei artene som er lette å ete og smakar godt. Beitedyra unngår oftast å beite i nærleiken av eiga avføring, og planter rundt denne får då ekstra gode høve for frøsetjing og spreiing. Dyremøkk er i seg sjølv òg eit spesielt livsmiljø for ei rekkje arter, spesielt insektarter og sopp.

Boks 16.2 Rjukanbana

Riksantikvarens liste over prioriterte tekniske og industrielle kulturminne tel no elleve anlegg. Rjukanbana er det hittil siste som har komme inn på denne lista. Bana går frå Vemork kraftstasjon ned til ferjeleiet ved Tinnsjøen ved Mæl, og var ein del av ei samanhengande transportåre med tog og jernbaneferjer mellom Rjukan og Skien – ei transportåre som utgjorde livsnerven for dei nye industrisamfunna på Rjukan og Notodden tidleg på 1900-talet, og som var avgjerande for å transportere kunstgjødsla frå Rjukan og ut i verda. For hundre år sidan var Norsk Hydros anlegg på Rjukan og Notodden eit norsk industriføretak i verdsklasse, basert på ei norsk oppfinning og norsk vasskraft, og på utanlandsk kapital.

I dag er dette jernbaneanlegget i ferd med å bli freda, og det utgjer òg eit viktig element i søknaden om verdsarvstatus for industristadene Rjukan/Notodden og Odda/Tyssedal – som representantar for industrihistoriske kulturminne knytte til prosessindustri basert på vasskraftproduksjon.

Som for dei fleste naturtypar er òg kulturlandskapet og naturmangfaldet her bestemt av faktorar som topografi, berggrunn og jordsmonn, men utan menneskeleg aktivitet ville vi ikkje hatt dei naturtypane som er typiske for kulturlandskapet. Innhaldet av arter i beitemark er avhengig av kva slag husdyr som beitar, kor mange dyr som beitar, når og kor lenge dei beitar og beitehistorikken i området. I tillegg kjem klimagradientar frå kyst til innland, frå sør til nord og frå lågt til høgare over havet.

I følgje naturindeksen for Noreg har ope lågland (tilnærma lik kulturlandskapet) saman med skog den dårlegaste tilstanden av alle dei store økosystema med ein indeks på 0,44 i 2011. Samla sett er tilhøva i kulturlandskapet mest bekymringsfullt. Det blir vanskeleg, truleg umogleg, å stoppe gjengroinga, og mange av dei areala som er igjen er òg pressa av utbygging. Om lag 1000 arter av dei truga artene har bestandane sine knytte til kulturlandskapet. Dette er i hovudsak sopp, karplanter, biller og sommarfuglar. Døme på truga arter i kulturlandskap er orkideen svartkurle, solblom og billa eremitt. Åkerrikse, svathalespove og sanglerke er døme på truga fuglearter, mens slåtteeng og kystlynghei er døme på truga naturtypar i kulturlandskapet.

Leppeblomen dragehovud og eremitt er vedtekne som prioriterte artar utan funksjonsområde etter naturmangfaldlova. Svarthalespove er vedteken som prioritert art med økologisk funksjonsområde etter naturmangfaldlova, mens slåttemyr og slåttemark har fått status som utvalte naturtypar etter naturmangfaldlova.

Det nasjonale målet for jordvernpolitikken har sidan 2004 vore at årleg omdisponering av dyrka mark skal halverast til under 6000 dekar innan 2010. Målet om å halvere årleg omdisponering vart formulert i St.meld. nr. 21 (2004-2005) Regjeringens miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand og er teke inn i Noregs strategi for berekraftig utvikling jf. nasjonalbudsjettet for 2008. Jordvernmålet er òg omtalt i St.meld. nr 9 (2011-2012) Landbruks- og matpolitikken.

Ifølge offisielle KOSTRA-tal vart det omdisponert 6 700 dekar dyrka mark til andre formål enn landbruk i 2011. Dette er om lag like mykje som året før. Dei siste åra har det likevel vore ein nedgang, og det er ikkje registrert så lite omdisponering av dyrka mark sidan 1980. Meir enn 2/3 av det som blir omdisponert blir teke i bruk til bustad-, nærings- og samferdsleformål.

Omdisponeringa av dyrka mark har dei siste fem åra halde eit stabilt lågare nivå enn i perioden 1994-2003. Ein har likevel ikkje lukkast med å komme heilt ned på det nivået som det politiske halveringsmålet inneber; ei årleg omdisponering på under 6000 daa. I regi av Norsk institutt for kulturminneforsking blir det gjennomført ei systematisk overvaking av tap og skade på arkeologiske kulturminne i eit utval kommunar. Resultata frå desse undersøkingane viser at også arkeologiske kulturminne er ei svært utsett gruppe. Landbrukssektoren står for ein stor del av desse skadane gjennom for eksempel endring av pløyedjup, markbehandling, grøfting eller anna jordarbeiding. I tillegg medverkar ulike bygg- og anleggsverksemder til at automatisk freda kulturminne forsvinn eller blir skadde.

Påverknader

Verdifulle kulturminne og kulturmiljø forsvinn i eit raskt tempo og i stort omfang. Endringane i ulike næringar, busetjing og livsstil får konsekvensar for korleis kulturminne og kulturmiljø blir brukte, og for om dei blir tekne vare på. Flytting frå distrikta inn til byane og deira nærområde fører med seg mange utfordringar i arbeidet med å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane. Nedlegging av gardsbruk og lite bruk av utmarka fører til store landskapsendringar og tap av landskapsopplevingar. Auka bruk av kraftfôr og mindre bruk av marginale beiteareal fører til at gamle slåtte- og beitemarkar gror igjen. Desse endringane får konsekvensar både for trivsel i lokalsamfunna og for reiselivet. I distrikta er det derfor viktig å få til ein berekraftig bruk av kulturminne, kulturmiljø og landbrukets kulturlandskap, for å hindre at dei forfell eller gror igjen. I område som er under utvikling og omforming i byane, er det viktig å integrere utvalde kulturminne. Kysten har alltid vore ein innfallsport til landet vårt og ei sentral samferdselsåre. Her finn vi dei eldste spora etter busetjing, og her har det til alle tider vore forholdsvis tett mellom kulturminna. Utbyggingspresset i kystsona kan derfor representere ein trussel mot kulturminna, både dei vi finn på land og dei som ligg under vatn.

For dei ståande kulturminna, som for eksempel bygningar, vil heile spekteret av inngrep, frå feil eller manglande vedlikehald til riving, kunne truge dei kulturhistoriske verdiane. Ein hovudtrussel mot bygningar er at dei taper sin opphavlege funksjon, går ut av bruk og derfor forfell raskt. Dei seinare åra er ein blitt meir merksam på påverknadene av klimaendringar på kulturminna. Energisparing blir stadig viktigare, men dersom energisparetiltak blir utført på gal måte, kan verneverdige bygningar både få bygningsskadar og miste sin kulturhistoriske verdi. På lengre sikt vil auka nedbør og høgare havnivå gjere det meir krevjande å ta vare på freda og verneverdige bygningar.

Boks 16.3 Isens Arkeologi

Dei seinare åra har høgare sommartemperaturar gjort at isbrear og snøfonner har trekt seg dramatisk tilbake. I tillegg viser nedsmeltinga at desse breane og fonnene i fjellheimen ikkje har hatt ei så radikal tilbaketrekking på fleire tusen år. Arkeologiske funn i isen som no blir blottlagde, gir handfast supplement til klimaforskinga.

Ettersom dei arkeologiske funna har lege bevart i isen, er det til dels spektakulære og unike funn som har dukka opp. Blant anna er Noregs eldste og best bevarte boge, 3.300 år gammal, funnen på Lomsegga i Breheimen. Bogen er nok tapt under reinsjakta på sommaren på breane, der dyra trekkjer for å sleppe unna dei plagsame insekta. Her låg jegeren og venta. Eit anna og samtidig funn er ein sko frå bronsealderen frå Kvitingskjølen i Lom, Noregs eldste sko. Ein kan spekulere i kva som skjedde med jegeren, men dette er informasjon som gir oss verdifull kunnskap, både om den arkeologiske forhistoria, men òg om klimaforhold og utbreiinga av snøfonner og isbrear i dei siste tusenåra.

Også jord- og skogbruk har gått gjennom store endringar som resultat av fråflytting, auka krav til inntening og nye driftsmetodar. Dette påverkar både bygningar og naturmangfald. Bygningar forfell fordi dei går ut av bruk og ikkje vert haldne i hevd, og naturmangfaldet blir påverka av mekanisering, industrialisering og innføring av kunstgjødsel. Det gamle arealkrevjande jordbruket er erstatta med intensiv drift på mindre areal, og resterande område er i ferd med å gro igjen ettersom drifta har opphøyrt. Denne gjengroinga av marginale jordbruksareal er den viktigaste trusselen for om lag 60 pst. av dei truga artene i kulturlandskapet, og blir forsterka av skogplanting på gammal kulturmark. I dei mest sentrale strøka er det intensivering av jordbruket som trugar naturmangfaldet og kulturminneverdiane. Faktorar som har påverka om lag 25 pst av dei truga artene i desse områda inkluderer pløying, gjødsling, intensiv drift med til dømes mykje bruk av sprøytemiddel og for høgt beitetrykk kopla med manglande beiting eller slått i kantsoner.

Nedbygging av jordbruksareal som følgje av at byar og transportnettverk treng meir plass er òg ein viktig faktor for påverknad av naturmangfaldet i kulturlandskapet. Dette kan òg føre til at kulturminne og kulturmiljø går tapt eller blir skadde. Framande skadelege organismar kan truge naturmangfaldet og produksjonen i landbruket. Fleire forvilla hageplanter spreier seg særleg i kantsoner i jordbrukslandskapet, som kan vere viktige biotopar for mange truga artar. Framande treslag, både norsk gran utanfor sitt opphavlege utbreiingsområde og utanlandske treslag planta ut i skogbruket, har spreidd seg i kystlynghei.

Svalbard har kulturminne som neppe finst nokon annan stad i verda. Dei representerer verksemda til fleire nasjonar gjennom meir enn 400 år. Alle kulturminna på Svalbard frå før 1946 er automatisk freda, men kulturminneverdiane blir i aukande grad påverka av ferdsel i terrenget, auka utbygging og press på areala i busetnadene. Klimaendringane fører òg til at kulturminna i aukande grad blir nedbrotne.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Regjeringas viktigaste satsing er etableringa av ti bevaringsprogram. Programma legg vekt på å få fram synlege resultat gjennom tilskot til bl.a. istandsetjing av freda og fredingsverdige kulturminne. Nokre av programma har òg som mål å gjere kulturminna meir tilgjengelege for publikum.

Fredingsarbeidet

Det vert arbeidd med ein strategi for fredingspolitikken som skal gjere utvalet av freda kulturminne og kulturmiljø meir representativt, jf. nasjonalt mål 6.3. Erfaringane frå fredingsgjennomgangen, der nesten 1900 bygningar er gjennomgått til no, er eit viktig grunnlag for det vidare arbeidet med fredingsstrategien.

3200 freda bygningar er i privat eige. Eigarane sin vilje, kompetanse og motivasjon er heilt avgjerande for at det einskilde kulturminnet og kulturmiljøet skal bli teke godt vare på. Saman med tilskot frå staten er friviljug innsats frå eigarane avgjerande for å nå målet om at freda bygningar skal vere sette i stand innan 2020. Arbeidet med landsverneplanar, det vil seie verneverdig eigedom i offentleg sektor, blir ført vidare i 2013. Målet er at alle dei kulturhistorisk viktige bygningane eigd av staten er ferdig freda innan mai 2014, i tilknyting til grunnlovsjubileet.

Den nye fartøyverneplanen legg opp til at eit representativt utval fartøy skal fredast dei kommande åra. Utvalde delar av industrihistoria er representert ved dei elleve prioriterte anlegga i bevaringsprogrammet for tekniske og industrielle kulturminne. I åra som kjem, må det vurderast korleis eit breiare utsnitt av industrihistoria kan dokumenterast og formidlast, og om fleire fredingar er aktuelle

Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga

Riksrevisjonens forvaltningsrevisjon Dokument nr. 3:9 (2008-2009) Riksrevisjonens undersøking av korleis Miljøverndepartementet tek hand om det nasjonale ansvaret sitt for freda og verneverdige bygningar blir blant anna følgt opp gjennom Kunnskapsløftet for kulturminneforvaltninga 2011-2015. Kunnskapsløftet skal gi meir effektiv og samordna forvaltning av både dei freda kulturminna som har nasjonal verdi og lokale kulturminne som har regional og lokal verdi. Satsinga skal sikre gode styringsdata for å kunne rapportere på utviklinga mot oppnåing av dei nasjonale måla.

I Kunnskapsløftet er det sju delprosjekt, blant desse bl.a. modernisering av den nasjonale kulturminnedatabasen Askeladden. Kulturminneportalen skal gi enkel tilgang til informasjon om kulturminne, og innehalde nettbaserte saksbehandlingsverktøy og læringsverktøy. For å få fram grunnlagsdata om tapet av verneverdige kulturminne, vil det bli utvikla eit system for registrering og vurdering av verneverdi og eit overvakingssystem for å følgje utviklinga over tid, jf. nasjonalt mål 6.1. Kommunal kompetanse vil bl.a. bli styrkt gjennom arbeid med kulturminneregistrering, analysar som grunnlag for kulturminneplanar og utprøving av regionale kompetansemodellar.

Boks 16.4 Registrering av automatisk freda samiske kulturminne.

Registreringsarbeidet, som er leia av Sametinget, starta med forarbeid i 2011. Registreringane i felt kom i gang sommaren 2012 og vil strekkje seg over tre sesongar. Det er rekna med at ca. 1500-2000 bygningar eldre enn 1925 vil inngå i registreringane, som omfattar alle fylke frå Finnmark i nord til Hedmark i sør. Registreringane er berekna å koste om lag 11 mill. kroner og er finansiert over Kunnskapsløftet.

Ny stortingsmelding

Regjeringa har vedteke at det skal leggjast fram ei ny stortingsmelding om kulturminnepolitikken i inneverande stortingsperiode. Meldinga vil vise korleis mangfaldet av kulturhistoriske verdiar på ulike vis kan tene som ressursar for å utvikle attraktive lokalsamfunn i heile landet. Eit viktig fundament i meldinga vil òg vere å vise at kultur- og naturarven utgjer grunnlaget i ei heilskapleg miljøforvalting. Nye metodar i kartlegginga gir betre kunnskapsgrunnlag i arealplanlegginga. Meldinga vil òg gå inn på risikoelement som er trekte fram av Riksrevisjonen i forvaltningsrevisjonen knytt til verneverdige og freda bygningar.

Gjennomføring av verdsarvkonvensjonen

Strategidokumentet for utvikling av ein heilskapleg politikk for norsk gjennomføring av verdsarvkonvensjonen peiker på overordna utfordringar for arbeidet med verdsarv og klargjer ambisjonar og prioriteringar. Arbeidet har involvert mange ulike samarbeidsaktørar og ein brei høyringsprosess vart gjennomført i første halvår 2012. Hovudkonklusjonane i dokumentet skal inngå som ein del av stortingsmeldinga.

Verdiskaping

Gjennom verdiskapingsarbeid blir kulturminnefeltet betre integrert i arbeidet med utvikling av lokalsamfunn ved at kulturminne og kulturmiljø vert sett på som ressursar som blir tekne i bruk på nye måtar og som grunnlag for næringsutvikling. Dette aukar interessa og innsatsen for å ta vare på kulturminna og medverkar òg til å styrkje lokale identitet og tilhøyring. Erfaringane frå dei gjennomførte pilotprosjekta i verdiskapingsprogrammet for kulturminne (2006-2010) vekkjer regional og lokal interesse og fleire fylkeskommunar initierer verdiskapingsprosjekt og prosjektidear basert på kulturminne og kulturmiljø. Tilskot frå verdiskapingsprogrammet har så langt løyst ut om lag tre gonger så mange midlar frå private og andre offentlege kjelder.

Arkeologiske kulturminne

Staten dekkjer utgifter til arkeologiske registreringar og utgravingar i samband med mindre, private tiltak. Ordninga har positiv verknad når det gjeld ukontrollerte tap av denne typen kulturminne. Strategi for forvaltning av arkeologiske kulturminne (2011) blir følgt opp med ei rekkje ulike tiltak.

Boks 16.5 Bygdøy – ei kulturhistorisk og naturfagleg skattekiste i Noreg

I 2012 vedtok Regjeringa å frede Bygdøy kulturmiljø og vern av Dronningberget og Hengsåsen naturreservat. Dette utgjer eit areal på vel 2,2 kvadratkilometer, rundt to tredelar av Bygdøylandet.

Naturreservata og det meste av kulturminnefredinga omfattar Bygdøy Kongsgard, som er eigd av staten og forvalta i fellesskap mellom Statsbygg og Norsk folkemuseum. Samtidig vedtok Miljøverndepartementet reguleringsplan for Bygdøy kongsgard og folkepark. Reguleringsplanen er tilpassa kulturmiljøfredinga og naturreservata. Det er i all hovudsak statens grunn som er freda og verna.

Sektorretta arbeid

Sektorretta arbeid rettar seg mot andre samfunnssektorar der målet er at den enkelte sektor skal ta vare på eiga historie, sjå til at verksemda som sektoren utøvar tek omsyn til kulturminne, kulturmiljø og landskap, og at sektoren brukar kulturminne aktivt i verdiskaping. Landsverneplanane er eit konkret eksempel på korleis alle statlege sektorar har arbeidd med eiga historie uttrykt i eigedomsmassen.

Det er behov for å arbeide meir med å utvikle fleire av sektorane sine verkemiddel slik at desse ikkje kjem i konflikt med bevaringsomsyn. Verkemidla må innrettast for å bevare av kulturarven. Kompetanse på bevaring av kulturarven i den enkelte sektor er viktig for at kvar sektor kan ta ansvaret for bevaring av kulturminne, kulturmiljø og landskap.

By- og tettstadsområde med kulturhistoriske verdiar

I by- og tettstadsområde med kulturminne og kulturmiljø må ny busetnad innpassast med særleg varsemd og respekt. Riksantikvaren arbeider med å formidle dei moglegheitene som ligg i koplinga mellom formelle og faglige verktøy. Målet er å medverke til at kommunane får kommunedelplanar for kulturminne og kulturmiljø. Desse vil kunne leggje grunnlaget for reguleringsplanar der føresegner og omsynssoner gir rammene for ei god og berekraftig forvaltning av kulturminna og kulturmiljøa.

Klima og energi

Klimaendringane utfordrar oss på to område. På den eine sida må vi redusere klimabelastningane for å bremse klimaendringane. På den andre sida vil klimaendringane krevje tilpassingar og endringar i forvaltninga av kulturminne.

Nettstaden Bygg og bevar er ei viktig satsing for å gi råd, rettleiing og hjelp i spørsmål om restaurering og rehabilitering av eldre bygningar. Riksantikvaren skaffar òg fram kunnskap som grunnlag for utvikling av ein politikk som sikrar berekraftig forvaltning av eldre bygningar. Det er særleg viktig å skaffe kunnskap om energieffektivisering som tek omsyn til tekniske løysingar og kulturhistoriske verdiar i eldre bygningar.

Vedlikehald og skjøtsel i landbrukets kulturlandskap

Landbrukets kulturlandskap kan ikkje haldast ved like utan at menneskeleg påverknad held fram. Det er behov for å setje i stand og halde ved like bygningar i jordbrukslandskapet, der særlig mindre bygningar utanfor gardstuna er truga av forfall. Det er i tillegg behov for å arbeide meir langsiktig med skjøtsel i dei viktigaste areala for naturmangfald og med restaurering av truga naturtypar som er prega av attgroing. Ulike miljøverkemiddel kan medverke til å få til ein god nok skjøtsel, men det er naudsynt å identifisere samanheng mellom tiltak og effekt i verkemiddel frå landbruks- og miljøvernforvaltninga for å kunne målrette desse og oppnå ei positiv utvikling. Kartlegging, overvaking og resultatstyring er viktig for å kunne ha kunnskap om status og utvikling.

Gjennom prosjektet Utvalgte kulturlandskap i jordbruket har landbruks-, natur- og kulturminneforvaltninga gått saman om å gi nokre område betre tilhøve for å bevare natur- og kulturhistoriske verdiar. I jordbruksoppgjeret 2012 vart det vedteke å gjennomføre ei ekstern evaluering av administrative element rundt satsinga i 2013. Evalueringa skal vurdere forvaltning og forvaltningseffektivitet, og kostnadseffektivitet. Vidare skal måloppnåing og effekt av satsinga vurderast opp mot å løyse utfordringane gjennom andre verkemiddel i miljøforvaltninga og landbruket.

Omsyn til jordvern i kulturlandskapet

I Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging er det venta at fylkeskommunane og kommunane tek omsyn til jordbruksareal og kulturlandskapet, og medverkar til at dei nasjonale måla for jordvern blir nådde ved å avgrense omdisponering av dei mest verdifulle jordressursane og redusere oppsplitting av viktige areal.

Aktiv bruk av verkemidla i plan- og bygningslova gjer det mogleg med langsiktige løysingar som tek vare på omsynet til samfunnsutviklinga, samtidig som omdisponeringa av areal kan haldast innanfor jordvernmålet. Som del av kommunal planstrategi skal val knytte til langsiktig arealbruk drøftast. Omsynssoner kan mellom anna nyttast til jordvern. Det er innført ein ny heimel som gir statlege styresmakter tilgang til å bestemme at delar av ein arealdel ikkje kan endrast eller opphevast i ein gitt periode, blant anna ut frå omsyn til jordvernet. Vilkåra for dispensasjon er gjort klarare og stramma inn slik at det vil bli vanskelegare å omdisponere jord ved dispensasjon frå vedtekne planar.

Oppfølging av landskapskonvensjonen

Noreg har slutta seg til Den europeiske landskapskonvensjonen, og Miljøverndepartementet har overordna ansvar for oppfølginga av konvensjonen. Formålet er å fremje vern, forvaltning og planlegging av landskap og organisere europeisk samarbeid om dette. Det er utarbeidd ein rettleiar for landskapsanalysar i kommunal planlegging og utprøving av metoden skjer i fleire kommunar med medverknad frå Miljøverndepartementet. Vidare arbeider departementet med metodar for klassifisering og vurdering av verdiar i landskapet, og utvikling av metodikk for kartlegging av landskapstypar slik at data kan leggjast i ein database.

Jordressursane

Regjeringa vil følgje opp bruken av dei nye verkemidla i plan- og bygningslova for å sikre jordressursane. Regjeringa vil vurdere å lage eigne statlege planretningslinjer for sikring av jordressursane.

Prioriterte arter og utvalde naturtypar

Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2013. I dette arbeidet vil òg arter og naturtypar knytte til kulturlandskap bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og de naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde.

Framande organismar

Regjeringa vil følgje opp Tverrsektoriell nasjonal strategi og tiltak mot framande skadelege arter. Strategien inneheld tiltak som skal gjerast i ulike sektorar, til dømes samferdsel og landbruk. I 2012 lanserte Artsdatabanken ei svarteliste der fleire framande organismar er risikovurderte.

Det tidlegare nasjonale programmet for kartlegging og overvaking av biologisk mangfald sette i gang fleire større prosjekt for å betre kunnskapsgrunnlaget med omsyn til status for framande organismar i Noreg. Ein del framande organismar spreier seg lett i kulturlandskapet der skjøtselen er opphøyrt og hevda er dårleg. Døme på slike arter er sitkagran, lupinar og rynkerose. God hevd og skjøtselstiltak er derfor førebyggjande tiltak mot slik spreiing.

Naturmangfaldlova har reglar som skal medverke til å hindre at framande organismar etablerer seg i landet. Forskrift om innførsel og utsetjing av framande organismar forventast ferdigstilt i 2013.

Innførsle av framande organismar vil krevje løyve. Alle som vil innføre ein organisme til Noreg må først gjere seg kjend med miljørisikoen, og konsekvensane for naturen ved innførsel skal klarleggjast. Det blir ikkje gitt løyve til innførsel dersom det er grunn til å tru at innførsel eller utsetjing vil få vesentlege uheldige følgjer for naturen. Lova har òg reglar om uttak av framande organismar for å verne om arter som finst naturleg, og reglar om å påleggje den ansvarlege for ulovleg utsetjing av framande organismar å rydde opp. Reglane gjeld uavhengig av korleis dei aktuelle organismane har hamna i norsk natur.

Regjeringa fører ein restriktiv politikk på GMO-området og styresmaktene vurderer miljørisiko nøye ved søknader om utsetjing av GMO. Norske styresmakter har så langt ikkje godkjent genmodifiserte organismar for dyrking eller anna form for utsetjing i naturen. Samtidig aukar bruken av genmodifiserte organismar i omfang i mange andre land, og situasjonen blir følgt nøye gjennom overvakingssystem, prøver og analysar. Slike system skal syte for at vi veit kva slag typar av genmodifiserte organismar som eventuelt finn vegen til Noreg. Denne informasjonen vil så danne grunnlag for eventuelle tiltak for å sikre økosystem og naturmangfald.

Kulturminne på Svalbard

Kulturminneplan for Svalbard 2010 – 2020 låg føre i 2011 og vil bidra til å sikre eit representativt utval kulturminne og hindre ukontrollert tap, jf. nasjonalt mål 6.16. Arbeidet med undersøkingar i felt og registreringar held fram. I samsvar med kulturminneplanen blir det arbeidd med bygningsvern og med å avdekkje nedbrytingsmekanismar for å utvikle metodar for istandsetjing og vedlikehald. Det er òg viktig å føre vidare det haldningsskapande informasjonsarbeidet, mellom anna gjennom ein serie med informasjonshefte.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

6.1. Det årlege tapet av verneverdige kulturminne og kulturmiljø skal ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Indikatorar:

  • Prosentvis årleg tap av verneverdige kulturminne i utvalde område.

Det kan førebels ikkje rapporterast på indikatoren. Det blir arbeidd med å etablere eit langsiktig overvakingsprogram for verneverdige kulturminne. Det har sidan 2011 gått føre registreringar av verneverdige kulturminne i utvalte kommunar, og det vil bli mogleg å rapportere på det årlege tapet frå og med 2016.

  • Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalde område.

Tabell 16.2 Prosentvis årleg tap av SEFRAK-registrerte bygningar i utvalde område.

År

Prosentvis årleg tap

Kommentar

2005–2010

0,8 %

Kontrollregistreringane vart utført i kommunane Gjerstad, Fræna, Kautokeino og Nord-Aurdal.

2006–2011

1,1 %

Kontrollregistreringane vart utført i kommunane Tromsø og Nittedal.

I 2011 vart kommunane Tromsø og Nittedal kontrollregistrert som ledd i overvakingsprogrammet «Gamle hus då og no» for tredje gang. Førre kontrollregistrering var i 2006. I alt vart 1154 SEFRAK-registrerte bygningar kontrollerte, av dei har 64 bygningar gått tapt. Dette svarer til eit samla årleg tap på 1,1 pst.

  • Talet på tapte bygningar i tette trehusmiljø.

Det er pr. i dag ikkje mogleg å rapportere på denne indikatoren. Tap (uavhengig av årsak) av bygningar i tette trehusmiljø kan hentast inn via Matrikkelen, men dette har vist seg å vere eit så tidkrevjande arbeid at det i dag ikkje er forsvarleg ut frå ressursomsyn å gjere det.

  • Talet på kommunar med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

Tabell 16.3 Talet på kommunar med kommunedelplan for kulturminne og kulturmiljø.

År

Tal kommunar

2010

162

2011

199

Det har vore ein auke i talet på kommunar som har vedteke eigne planar med fokus på kulturminne og kulturmiljø. Samtidig er det bekymringsfullt at over halvparten av norske kommunar ikkje har ei samla oversikt over kva slag kulturminne som finst innanfor kommunegrensene, og ikkje har ei plan for å sikre dei verneverdige kulturminna.

  • Storleiken på areal med bevaringsstatus etter plan- og bygningslova.

Tabell 16.4 Storleiken på areal med bevaringsstatus etter plan- og bygningslova.

År

Dekar

2009

40 181

2010

47 294

2011

52 007*

* innrapporterte tal hos SSB for 2011 er på 98 181 dekar. Det er tre kommunar som har rapportert inn usannsynleg høge tal (dette kan skuldast ei samanblanding av kvadratmeter og dekar). SSB tilrår å trekkje frå dei usannsynlege tala frå desse tre kommunane, dermed blir totalen for 2011 redusert til 52 007 dekar.

  • Prosentvis årleg tap av kulturminne i jordbrukets kulturlandskap.

Overvakingsprogrammet 3Q (Tilstandsovervaking og resultatkontroll i jordbrukets kulturlandskap) har gjennomført ei rekkje feltregistreringar, men tala kan pr. i dag ikkje angi årleg tap, då kvart område berre er registrert éin gong. Tala angir derfor status og gir berre ein indikasjon på utviklinga. Når programmet begynner å registrere gamle flater på nytt vil det bli mogleg å rapportere på endringar og tap.

Bygningar totalt (alle bygningar, inga aldersgrense): 85 pst. i god stand, 12 pst. i forfall og 3 pst. ruinar. SEFRAK: 82 pst. god stand, 14 pst. i forfall, 4 pst. samanrast.

92 pst. av bustadhusa er i god stand. Driftsbygningar: 83 pst. i god stand, 15 pst. i forfall og 2 pst. ruinar. Særlig truga av forfall er førindustrielle bygningstypar frå «det gamle jordbruket». Av desse er det berre stabburet som finst i eit større tal og i god stand. Smier, bryggjarhus, jordkjellarar, løer og sommarfjøs er svært utsette. Aller dårlegast stilt er sommarfjøs. Av desse er berre 23 pst. i god stand, 30 pst. er i forfall og 47 pst. er ruinar.

6.2. For automatisk freda arkeologiske kulturminne skal det årlege tapet ikkje overstige 0,5 prosent innan 2020.

Indikatorar:

  • Årleg tap av og skade på automatisk freda arkeologiske kulturminne i utvalde område og etter årsaksforhold.

Tabell 16.5 Årleg tap av og skade på automatisk freda arkeologiske kulturminne i utvalde område og etter årsaksforhold.

År

Prosentvis årleg tap

Prosentvis årleg skade

Kommentar

2005-2010

0,06 %

1,2 %

Kontrollregistreringane vart utført i kommunane Skien, Trondheim, Grong og Tromsø.

2006-2011

0,0 %

0,9 %

Kontrollregistreringane ble utført i kommunane Fræna, Kautokeino og Nord-Aurdal.

I 2011 vart kommunane Fræna, Kautokeino og Nord-Aurdal kontrollregistret for tredje gang. Den førre kontrollregistreringa var i 2006. I alt 726 automatisk freda arkeologiske kulturminne vart kontrollerte. Ingen kulturminne har gått tapt sidan 2006, men mange er skadde, og delen av dei som ikkje kan finnast att på grunn av gjengroing, har auka betrakteleg. Spesielt i Fræna er gjengroing eit aukande problem, og 64 av 416 kulturminne kunne ikkje finnast att i 2011.

  • Talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon.

Tabell 16.6 Talet på automatisk freda arkeologiske kulturminne som blir fjerna gjennom dispensasjon

År

Tal

Kommentar

2010

333

Tal vedtak om utgravingar som vart fatta dette året.

2011

359

Frå og med 2011 blir det rapportert på tal arkeologiske kulturminne som er blitt fjerna gjennom dispensasjon det gjeldande året i staden for talet på vedtak om utgravingar. Talet kan derfor ikkje samanliknast direkte med talet som er rapportert inn for 2010.

Riksantikvaren har sendt ut melding til tiltakshavarar om ferdigstilte arkeologiske undersøkingar («ferdigmelding») i til saman 98 saker som gjeld til saman 359 ulike lokalitetar. Det er mange føresetnader knytte til desse tala. Blant anna er tala berre baserte på at institusjonane som har ansvaret for arkeologiske undersøkingar, har meldt frå om at undersøkingane er ferdige. Det er òg stor ulikskap med omsyn til kva som er omfatta av ein lokalitet i Askeladden, og dermed korleis en tel og/eller avgrensar eit kulturminne.

6.3. Eit representativt utval kulturminne og kulturmiljø skal vere vedtaksfreda innan 2020.

Indikator:

  • Talet på freda bygningar og anlegg fordelte etter geografisk, sosial, etnisk, nærings- og tidsvis breidde.

Ved utgangen av 2011 er det registrert totalt 5920 vedtaksfreda, forskriftsfreda og mellombels freda bygningar og anlegg. Dei automatisk freda kulturminna tel ikkje med i denne rapporteringa, då dette er fredingar som ikkje kan styrast, og som derfor ikkje er relevante i denne samanhengen.

Geografisk fordeling

Figur 16.1 Geografisk fordeling av freda bygningar og anlegg

Figur 16.1 Geografisk fordeling av freda bygningar og anlegg

Sosial fordeling

57 pst. av dagens vedtaks- og forskriftsfreda bygningar og anlegg har registrert sosial miljøsamanheng. I samband med fredingsstrategiarbeidet er fylkeskommunane bedne om å gjere ei vurdering av kva slag sosial miljøsamanheng dei freda bygningane i kvart fylke kan seiast å vere knytte til.

Etnisk fordeling

Pr. i dag er ikkje kulturminna registrerte med etnisk tilhøyring i Askeladden. Ei oppgradering vil gjere dette mogleg, men det er framleis ein del uavklarte spørsmål rundt korleis ei slik registrering kan gjerast på ein god og forsvarleg måte.

Næringsvis fordeling

Den største gruppa av fredingar er knytt til primærnæringar, først og fremst landbruket. Få fredingar er knytte til sekundærnæringar, det vil seie næringar som industri, bergverk og vass- og kraftforsyning.

Figur 16.2 Næringsvis fordeling av freda bygningar og anlegg

Figur 16.2 Næringsvis fordeling av freda bygningar og anlegg

Tidsfordeling

Det er freda flest bygningar frå 1800-talet, men 1900-talet har blitt betre representert gjennom nye fredingar dei seinare åra.

Tabell 16.7 Tidsfordeling av freda bygningar og anlegg

Datering

Bygning

Grøntanlegg- gjerder, fontener og liknande

Kyrkje

Teknisk/ Industrielle minne

SUM

Etterreformatorisk tid

563

33

65

660

1537-1649

34

34

1600-talet

163

12

1

33

209

1700-talet

1121

25

3

12

1161

1800-talet

2019

19

3

75

2116

1900-talet

1476

76

4

173

1729

2000-talet

3

5

2

10

Totalt

5379

170

11

360

5920

6.4. Freda bygningar, anlegg og fartøy skal ha ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020.

Indikatorar:

  • Del av freda bygningar og anlegg med ordinært vedlikehaldsnivå (i prosent).

Arbeidet med å løfte freda bygningar, anlegg og fartøy opp til eit ordinært nivå med omsyn til vedlikehald blir styrt gjennom dei respektive bevaringsprogramma. Etterslepet på istandsetjing og vedlikehald er likevel stadig stort.

Figur 16.3   Freda bygningar i privat eige: Bygningar med dei ulike vedlikehaldsnivåa er vist i prosent.

Figur 16.3 Freda bygningar i privat eige: Bygningar med dei ulike vedlikehaldsnivåa er vist i prosent.

Mangelfull oppdatering av tilstandsgrad gjer det vanskeleg med ei presis rapporterting på denne indikatoren. Tala for 2010 og 2011 er derfor overslag basert på opplysningar frå fire fylke.

Samiske kulturminne: Registrering av freda samiske bygningar starta opp i 2011 og skal avsluttast i 2014. Når dette arbeidet er ferdigstilt vil det bli mogleg å rapportere på indikatoren.

Ruinar, stavkyrkjer og tekniske og industrielle kulturminne: Tabellen viser del og tal stavkyrkjer, ruinar og teknisk og industrielle kulturminne som var sette i stand til ordinært vedlikehaldsnivå pr. 31.12.2010, og utviklinga i 2011.

Figur 16.4 Utviklinga i ordinært vedlikehaldsnivå for teknisk og industrielle kulturminne, ruinar og stavkyrkjer 2010–2011

Figur 16.4 Utviklinga i ordinært vedlikehaldsnivå for teknisk og industrielle kulturminne, ruinar og stavkyrkjer 2010–2011

  • Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sette i stand.

Tabell 16.8 Talet på freda fartøy og fartøy som inngår i verneplan for fartøy, og som er sette i stand.

År

Verneverdige fartøy (inkludert freda)

Fartøy som er sette i stand

2010

207 (6)

99 (2)

2011

215 (8)

112 (7)

6.5. Eit representativt utval automatisk freda arkeologiske kulturminne skal vere sikra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på sikra automatisk freda arkeologiske kulturminne.

I 2011 og 2012 har fylka gjennomført tilstandsregistreringar av tilrettelagte og skjøtta arkeologiske kulturminne. Det er òg utarbeidd lister over prioriterte arkeologiske kulturminne som skal sikrast og gjerast tilgjengelege gjennom bevaringsprogrammet for utvalte arkeologiske kulturminne. Pr. mai 2012 har 18 fylke levert tilstandsregistreringar. Dette materialet vil gi ein samla, nasjonal oversikt over tilrettelagte arkeologiske kulturminne og kulturmiljø, slik at det kan rapporterast på indikatoren i 2013. Når det gjeld bergkunst er det i 2011 utført skjøtsel på 112 lokalitetar, tilrettelegging av 18 lokalitetar og dokumentasjon av 76 lokalitetar. Ei oversikt over kor mange lokalitetar som totalt er sikra kan det pr. i dag ikkje rapporterast på.

6.6.Utryddinga av truga arter i kulturlandskapet skal vere stansa, og status for arter i nedgang skal vere betra innan 2020.

Indikator:

  • Talet på truga arter knytt til kulturlandskap.

Omlag 20 pst. av artene på Norsk rødliste for arter 2010 er knytte til kulturlandskap, og 750 arter knytte til kulturlandskapet er truga. Døme på truga arter er søstermarihand, soppane slimjordtunge og rosa vokssopp og insekta bakkehumle og heroringvenge.

6.7. Mangfaldet av naturtypar i kulturlandskapet skal takast vare på eller gjenopprettast innanfor sitt naturlege utbreiingsområde, og slik at alle arter førekjem i levedyktige bestandar. Det genetiske mangfaldet og viktige økologiske funksjonar og tenester skal takast vare på.

Indikator:

  • Talet på restaurerte naturtypar i kulturlandskapet.

Tiltak som er sette i gang gjennom arbeidet med utvalde kulturlandskap i jordbruket, handlingsplanar for utvalde naturtypar og prioriterte arter etter naturmangfaldlova, og forvaltningsplanar og bevaringsmål i ulike verna kulturlandskap, medverkar alle til å ta vare på og restaurere naturmangfaldet i kulturlandskapet. Eit døme er Leka i Nord-Trøndelag der ein er i ferd med å restaurere store areal av attgrodd og tilplanta kystlynghei gjennom rydding av lauvtre og sitkagran og igangsetjing av skjøtsel i form av beiting. Dette området har både vernestatus, er eit utvalt kulturlandskap og er utvalt naturtype etter naturmangfaldlova. I 2012 har det vore restaureringstiltak på lokalitetar med naturtypane slåttemark, slåttemyr, haustingsskog og kystlynghei. Dette er eit arbeid som vil halde fram kontinuerleg i åra framover.

Samhandling med miljøverkemidla i landbruket har vore i fokus i 2012. Særleg gjennom arbeidet med utvalde kulturlandskap og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova skjer det ei betre målretting av landbrukets miljøverkemiddel i mange fylke.

6.8. Areal brukt til landbruk skal vere berekraftig forvalta innan 2020.

Arbeidet med utvalde kulturlandskap er eit kontinuerleg samarbeid mellom miljø- og landbruksforvaltninga der eit viktig mål er å ta vare på kulturminne og naturverdiar i aktive jordbruksområde. I 2012 er det 22 utvalde kulturlandskap i jordbruket. Talet har ikkje vore auka sidan 2010. Dei regionale miljøprogramma i jordbruket blir reviderte i 2012.

Grasmarkene si betydning for fangst av karbon i samanheng med klimaendringane har til no vore lite påakta i Noreg. Direktoratet for naturforvaltning har lagt fram ein rapport om dette i 2012.

6.9. Dei mest truga naturtypane i kulturlandskapet skal ha status som utvalde naturtypar

Indikatorar:

  • Talet på truga naturtypar knytt til kulturlandskapet.

  • Talet på utvalde naturtypar i kulturlandskap.

I følgje Norsk rødliste for naturtypar 2011 er dei tre naturtypane kulturmarkseng, kystlynghei og slåtteng truga naturtypar i kulturlandskapet. I tillegg er fleire sterkt kulturpåverka og til dels kulturavhengige naturtypar som er lagt inn under andre hovudøkosystem i raudlista truga. Dette gjeld mellom anna slåttemyrflate og slåttekant (lagt under våtmark) og strandeng og sanddynemark (lagt under kyst).

Det er vedteke to utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova i kulturlandskapet, desse er slåttemark og slåttemyr. Det blir arbeidd med å få kystlynghei, haustingsskog, naturbeitemark og strandeng som utvalde naturtypar.

Tiltak og kvalitetssikring av arbeidet med dei utvalde naturtypane er organisert gjennom fylkesvise skjøtselsgrupper. Desse sikrar at miljø- og landbruksforvaltninga er godt samordna. Nasjonale koordinatorar for dei enkelte handlingsplanane sikrar fagleg god og mest mogleg lik praksis i alle fylke.

I 2012 har arbeidet med å setje i verk handlingsplanen for slåttemark halde fram, og alle fylka i Noreg deltek no med dette.

6.10. Dei mest truga artene i kulturlandskapet skal ha status som prioriterte arter.

Indikator:

  • Talet på prioriterte arter knytt til kulturlandskap.

Av dei åtte første prioriterte artene etter naturmangfaldlova som vart vedtekne i mai 2011 er dragehovud, honningblom, klippeblåvenge, svarthalespove og eremitt heilt eller delvis knytte til kulturlandskapet.

Det blir arbeidd med å peike ut nye prioriterte arter og utvalde naturtypar. Fleire arter i kulturlandskap som er aktuelle som prioriterte arter er under vurdering, mellom anna orkideen svartkurle. Staten vil òg følgje opp eksisterande prioriterte arter og utvalde naturtypar.

6.11. Eit representativt utval av naturtypane i kulturlandskap skal vernast for kommande generasjonar.

Indikator:

  • Areal og del av verna areal (inkludert årleg endring).

Viktige naturtypar i kulturlandskapet som til dømes kystlynghei, slåttemark og strandeng er verna gjennom arbeidet med dei fylkesvise, tematiske verneplanane og til ein viss grad gjennom nasjonalparkplanen. I arbeidet med dei tematiske verneplanane har ikkje naturtypar innanfor kulturlandskap vore eigne tema. Eit verneområde med mykje kystlynghei kan til dømes vere verna som reservat med sjøfugl som vernetema. Det same gjeld mange store seterdalar verna som del av landskapsvernområde. Vi manglar derfor pr. i dag data på kor store areal innafor dei ulike verneområda som kan karakteriserast som kulturlandskap. Vi har heller ikkje tal på areal på dei naturtypane av kulturlandskap som er verna etter kulturminnelova som del av eit kulturmiljø.

Evalueringa av gjennomført vern frå 2010 konkluderer mellom anna med at kulturlandskap treng betre vern, eller andre sikringstiltak om ein skal nå det nasjonale målet. Som følgje av evalueringa er Direktoratet for naturforvaltning i gang med å utarbeide forslag til ein strategi for korleis dei ulike verkemidla i naturmangfaldlova kan brukast for å sikre eit representativt utval av norsk naturmangfald, under dette naturtypar i kulturlandskapet.

6.12. Verneverdiane i verneområda skal oppretthaldast/gjenopprettast.

Indikatorar:

  • Talet på og del av verneområde der verneverdiane er truga.

  • Talet på og del av verneområde med forvaltnings- og/eller skjøtselsplan.

Verneverdiane i kulturlandskapet er i første rekkje truga på grunn av nedbygging og driftsendringar i jordbruket som fører til aukande gjengroing. Dette gjeld dei fleste naturtypane i kulturlandskap som er verna, og set store krav til skjøtsel i desse naturtypane.

Kulturlandskapsområde inngår i ei rekkje av dei ca. 100 forvaltnings/skjøtselsplanane for verneområde som er godkjende i 2012.

6.13. Ved innførsel og utsetjing av framande organismar skal vesentlege uheldige følgjer for naturmangfaldet unngåast. For dei mest skadelege framande organismane som allereie er sette ut i norsk natur skal tiltak for å nedkjempe desse vere sette i gang eller gjennomført.

Indikatorar:

  • Talet på nedkjempings/utryddingstiltak fordelt pr. art nasjonalt, regionalt og lokalt.

Av dei 1180 reproduserande artene som vart risikovurderte i den nye svartelista for framande arter frå juni 2012, er 88 arter knytte til kulturmark på svartelista.

Størsteparten av tiltaka mot framande organismar skjer i verna naturtypar av kulturlandskap. I regi av Statens naturoppsyn blir det årleg gjennomført skjøtselstiltak mot framande organismar, blant anna kjempespringfrø, rynkerose og fleire andre forvilla hageplanter. Handlingsplan mot rynkerose vart ferdigstilt i 2012. I tillegg finansierer Direktoratet for naturforvaltning årleg ei rekkje tiltak mot framande organismar utanfor verneområda som nokre fylkesmenn gjennomfører (Oslo og Akershus, Nord-Trøndelag og Rogaland). Fleire fylkesmenn har utarbeidd handlingsplanar mot framande artar. Planen prioriterer tiltak i verneområde og i kommunane.

I tillegg finansierer Direktoratet for naturforvaltning årleg ei rekkje tiltak mot framande organismar utanfor verneområda. Desse tiltaka blir ofte gjennomførte i regi av fylkesmannen, og omfattar både tiltak for å halde arter nede og opplæring, informasjon og kartlegging. Fleire fylkesmenn har no laga informasjonsbrosjyrar om risikoen ved spreiing av «hagerømlingar». Fylkesmennene i Oslo og Akershus, Østfold og Rogaland har laga eigne handlingsplanar for korleis utfordringane knytte til framande arter skal løysast. Fleire andre fylke er i ferd med å lage tilsvarande planar.

I 2011 og 2012 er det arbeidd vidare med å utvikle metodikk for overvaking av framande organismar. Eit samarbeid med Artsdatabanken om eit system for tidleg oppdaging og varsling av nye framande organismar vart ferdig i 2011. Det er òg teke initiativ for å auke registreringa av framande organismar i nettportalen Artsobservasjonar frå medlemmer i frivillige organisasjonar og andre interesserte.

6.14. Utsetjing av genmodifiserte organismar skal ikkje føre til skade på naturmangfaldet, jf. genteknologilova.

Indikator:

  • Talet på tilfelle der det er påvist mengder GMO over tilletne grenseverdiar.

Det er ikkje påvist genmodifiserte organismar (GMO) i kulturlandskapet.

6.15. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å hindre uønska nedbygging av matjord og ta vare på viktige kulturminne.

Indikator:

  • Avgang dyrka og dyrkbar mark i medhald av planar etter plan- og bygningslova.

Plan- og bygningslova er det viktigaste verkemidlet for å sikre berekraftig forvaltning av jordressursane. Det har gradvis blitt mindre omdisponering av dyrka og dyrkbar mark. Sjå omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

Landbruksdepartementet og Miljøverndepartementet har oppretta ei arbeidsgruppe som skal vurdere og fremje forslag om korleis verkemidla i plan og bygningslova kan nyttast for å styrkje jordvernet.

6.16. Eit representativt utval av kulturminne på Svalbard skal bevarast som kjeldemateriale og grunnlag for opplevingar for framtidige generasjonar. Tapet av kulturminne som følgje av menneskeleg verksemd skal i gjennomsnitt ikkje overstige 0,1 prosent årleg.

Indikatorar:

  • Bevaringsstatus for utvalde kulturminne og kulturmiljø.

  • Talet på årleg tap av registrerte kulturminne i prosent.

Det faste arbeidet med vedlikehald og restaurering av freda bygningar har halde fram i 2011. Lista over høgt prioriterte kulturminne vil bli utvida og ein strategi angitt for kvart av desse.

Arbeidet med revisjon av Kulturminneplanen vart avslutta i første halvdel av 2012. Det blir i 2012 engasjert ein restaureringshandverkar på heilårsbasis som ei prøveordning.

Prosjektet Amundsenvilla i Ny-Ålesund er ferdigstilt, og dette har vore eit svært vellykka samarbeidsprosjekt mellom eigar, Sysselmannen og RA.

Dokumentasjonsprosjektet for freda hytter blir ført vidare og dannar ein viktig kunnskapsbasis for forvaltning av og forsking omkring fangsthyttene og fangstkulturen.

Arbeidet med oppdatering og kvalitetssikring av svalbarddelen av den nasjonale databasen for faste kulturminne, Askeladden, er blitt prioritert. Det er blitt noko seinka av problem knytte til kartgrunnlaget, men mykje er likevel gjort.

Det vart innført ferdselsregulering i 2010 ved ni utvalte kulturminnelokalitetar for å sikre minst mogleg påverknad. Dette synest å fungere problemfritt. For å oppnå best mogleg vern av alle kulturminna mot menneskeleg påverknad blir det satsa mykje på informasjon gjennom Svalbardporten, guideopplæring og foredrag som Sysselmannen deltek i.

Det er ikkje rapportert om direkte tap av kulturminne i 2011 anna enn at det er kjent at erosjon rundt det meste av kysten aukar og et av enkelte gravfelt og eldre tufter.

17 Resultatområde 7 Godt bymiljø

I alt 80 prosent av den norske befolkninga bur i dag i byar og tettstader. Å skape gode by- og tettstadsmiljø er derfor viktig for trivsel og helse for dei fleste av oss. Veksten av byane har vore sterk i heile etterkrigstida. Vi har over 900 byar og tettstader i Noreg, frå dei minste med vel 200 innbyggjarar til den største, som er Oslo med eit folketal på meir enn 600 000.

Veksten kjem ikkje berre i dei større byane, men òg i kringliggjande kommunar. Den sterke veksten i hovudstadsregionen og i andre storbyregionar fører med seg særskilde utfordringar, mellom anna når det gjeld infrastruktur, bustadmarknader, levekår og tenestetilbod. Fleire av desse utfordringane krev løysingar på tvers av kommune- og fylkesgrenser og samarbeid med statlege styresmakter.

Eit funksjonelt og godt fysisk bymiljø er viktige føresetnader for trivsel og helse. Godt tilgjenge til kvardagsfunksjonane, rein luft, vakre og trygge omgivnader og høve til sosial deltaking og fysisk aktivitet i nærmiljøet er gode som folk set pris på. Også for næringslivet er godt fungerande og attraktive stader viktig for verksemda og for å rekruttere og halde på arbeidskrafta.

Tilstand

Sikre ein berekraftig bystruktur gjennom effektiv arealbruk og styrkt miljøvenleg transport

Det er eit mål å utvikle meir konsentrerte byar og tettstader av omsyn til arealbruk og transport. Samtidig skal det sikrast område med god kvalitet til rekreasjon og leik. I dei største byane skjer det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. Dette er ikkje i same grad tilfelle i mindre byar og tettstader, men for landet samla aukar tettleiken noko. Konsentrert byutvikling er ein føresetnad for eit effektivt kollektivtrafikktilbod og for at fleire syklar og går. Dermed er det også god klimapolitikk.

Fortettinga og den sterke satsinga på kollektivtransporten dei siste åra har medført at fleire reiser miljøvenleg i dei 13 største byane som inngår i Framtidas byar. Delen som reiser på miljøvennleg måte i mindre byar og tettstader er klårt lågare.

Byane ligg ofte knytt til den beste dyrka jorda i landet. I dei mest produktive områda er gjerne òg naturmangfaldet størst. Det er til dømes på det sentrale Austlandet at talet på truga arter er størst. Vekst i byar og tettstader vil derfor ofte vere ei utfordring i høve til å ta vare på dyrka mark og naturmangfald. Rundt byane ligg det òg friluftsareal som er mykje brukt. Det er derfor viktig å hindre ukontrollert vekst i byane og å nytte dei areala som er eigna til utbygging best mogleg, og vidare sikre ei planlegging som tek godt omsyn til både dyrka mark og til truga arter, truga naturtypar og andre verdifulle område for naturmangfald.

Det er ei utfordring å gjennomføre ein meir arealeffektiv utbyggingspolitikk. Den nye plan- og bygningslova har verktøy som skal gjere det lettare å få til fortetting og omforming i byane. Regjeringa har vidare styrkt jordvernet, og mange byar har bymarker som er tekne vare på gjennom planvedtak eller eiga lov (Oslo-marka). Dei rikspolitiske retningslinjene for samordna areal- og transportplanlegging blir lagt til grunn for planlegginga. Hovudprinsippa er mellom anna konkretisert i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus som Miljøverndepartementet har leia. Også dei andre større byregionane har utarbeidd samordna areal- og transportplanar og konseptvalutgreiingar med sikte på å fremje meir miljøvenleg transport. Gjennom Framtidas byar er fleire byar i gang med å vurdere køprising og parkeringsavgrensingar som verkemiddel samtidig som kollektivtilbod og sykkelvegnett blir bygd ut. Slike verkemiddel er viktig og heilt nødvendig for å nå målet i Stortingsmelding nr. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, om at veksten i persontransporten i storbyane skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange. Sjå resultatområde 10 Stabilt klima.

Stimulere til betre bustadplanlegging som viktig del av byutviklinga

Den sterke veksten i folketalet i byane har ført til auka press på bustadmarknaden og kommunane må sette av tilstrekkeleg areal for boligformål. Ein berekraftig bystruktur inneber bu- og nærmiljø med kvalitet og med trygge, trivelege opphaldsareal ute som inviterer til leik og sosialt samvær. Omsynet til miljø og målet om redusert energibruk skal liggje til grunn for nybygging og rehabilitering av eksisterande bustadmasse. Omsynet til korte avstandar mellom bustad og barnehage, skule, nærbutikkar og kollektivtransport, og tilgang på gang- og sykkelstigar, skal liggje til grunn for tomteval og bustadforsyning.

Stimulere til at offentlege og private, publikumsretta verksemder blir lokaliserte på ein måte som medverkar til å byggje opp under ein berekraftig bystruktur

I ein berekraftig bystruktur er det naudsynt å styrkje sentrum i byar og tettstader og andre knutepunkt i kollektivnettet. I byane aukar talet på busette og arbeidsplassar i sentrumsområda, men sentrumshandelen taper terreng. Berre Oslo har halde ved lag sin del. Noko av årsaka ligg i at kjøpesenter og andre butikkar blir lokaliserte i utkanten av eller utanfor byen. I 2008 vedtok Regjeringa ei ny rikspolitisk forskrift om kjøpesenter. Forskrifta skal sikre at kjøpesenter og anna handelsverksemd blir lokaliserte i samsvar med godkjente fylkes- og fylkesdelplanar for senterstruktur og service. Departementet følgjer ein streng praksis når det avgjer motsegnsaker og arbeider med å styrkje fylkesmennene si oppfølging av føresegna. I Framtidas byar blir det gjennomført prosjekt for å styrkje sentrum som handelsstad gjennom betre samhandling mellom kommune og næringsliv.

Det er i forhold til berekraftig utbygging uheldig at sjukehus, høgskular og anna publikumsretta statleg verksemd i nokre tilfelle blir lokaliserte på stader med dårleg kollektivtilbod, ofte utanfor eller i utkanten av byen eller tettstaden. I 2009 utarbeidde Miljøverndepartementet saman med Statsbygg ein rapport med gode døme på korleis lokalisering av statleg verksemd kan byggje opp under berekraftig byutvikling. Statsbygg legg i sin nye strategi for verksemda si vekt på dette prinsippet. Departementet legg desse prinsippa til grunn for behandling av enkeltsaker, og fylkesmennene er gjennom embetsoppdraget bedne om å følgje opp dette ved statleg lokalisering i kommunane.

Medverke til reduserte utslepp av klimagassar og tilpassing til klimakonsekvensar, knytt til blant anna areal-, energi- og transporttiltak.

Utsleppa av klimagassar i dei 13 største byane er aukande. Det er då rekna med utslepp som byane sjølve kan påverke. Vegtrafikken står for om lag 60 pst. av desse utsleppa, utslepp frå stasjonære kjelder, særleg oppvarming, utgjer 20 pst., 10 pst. kjem frå avfallsdeponi og resten frå andre mindre kjelder. Vegtrafikk er òg den viktigaste kjelda til utslepp av NO2, og viktig bidragsytar til utslepp av svevestøv. Dei store utsleppa frå vegtrafikken heng saman med den måten vi har utvikla byane våre på, med store avstandar mellom bustader, arbeidsplassar, handel og ulike tenester. Dette skaper mykje bruk av bil og store utslepp. Tette byar gir korte avstandar, mindre transportbehov og mange fleire kan gå, sykle eller ta bussen. Tett utbygging gjer det samstundes lettare å forsyne bygningar med fjernvarme basert på rein energi i staden for tradisjonelle løysingar.

Behovet for å redusere klimagassutsleppa vil krevje energieffektivisering av eksisterande bygningsmasse, inkludert verneverdige bygg, samstundes som dei kulturhistoriske verdiane må førast vidare. Tradisjonell eldre busetnad er laga av miljøvennlege materialar og dei har eit langt livsløp. Dette er viktige eigenskapar i eit miljø- og klimaperspektiv.

Mange norske byar og tettstader ligg ved kysten eller i nærleiken av vassdrag. Dei er sårbare for klimaendringane med omsyn til blant anna havnivåstigning, flaum, overvatn og skred. Klimaendringane inneber risiko for liv og verdiar, og kostnadene knytte til tilpassing er potensielt store. Samtidig skal det planleggjast for stor uvisse. Det gjeld både å sikre seg mot dei store farane og gjennomføre dei mange små tiltaka som kan dempe verknadene av endringane. Til dømes er det naudsynt å betre dimensjoneringa av avløpsrøyr, bekker kan opnast for å ta unna meir vatn og grå flater kan erstattast av grøne flater. Grøne flater syg betre opp overflatevatnet og gir nedkjøling, og er slik sett òg eit viktig tiltak med omsyn til klimatilpassing. Klimaendringane vil i aukande grad òg krevje tilpassingar og endringar i forvaltninga av kulturminne. Gjennom risiko- og sårbarheitsanalysar og god planlegging kan byane få oversikt og i tide ta dei naudsynte grepa.

Sikre høg kvalitet i byrom og uteareal og ta vare på grønstruktur og naturmangfald

Når veksten i byane i stor grad skjer gjennom omforming og konsentrert utbygging, er det viktig å sikre dei grøne lungene og kvaliteten på uteareala. Tal frå KOSTRA viser at leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene samla sett har minka noko frå 2000 til 2011, men med store variasjonar mellom byane. Gjennomsnittet ligg på 17 dekar pr. 1000 innbyggjarar i 2011. Tala viser litt overraskande at det ikkje er ein klar samanheng mellom kor tett byen er og storleiken på slike areal. Dette indikerer at mange av dei tettast utbygde kommunane i planlegginga si bevisst sikrar grøntområda og vektlegg kvalitet i utforminga av byen.

Det er òg viktig å ta vare på område som gir naturmangfald i byane. I tillegg til markaområda i nærleiken av byane, er dei grøne lungene, attverande skogholt, gamle tre, parkane og vassdraga viktige leveområde for ei rekkje arter av planter og dyr.

Dei fleste truga artene lever i dei rikaste og mest produktive områda sør og aust i landet. Dette er samtidig dei områda der det bur flest folk. Oslofjordområdet er eit døme på eit slikt område. Oslo kommune er leveområde for ei rekkje truga artar, og har derfor eit særskilt ansvar for å ta vare på attverande naturområde og grøne lunger i og nær byen. Dette krev ei kunnskapsbasert planlegging og forvaltning, der ein prøver å få til vinn-vinn-løysingar, som kjem både menneske, friluftsliv og naturverdiar til gode.

Med ordninga prioriterte arter og utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova, skal dei artane og naturtypane som er prioriterte og utvalde takast særskilt godt vare på. Fleire av dei første prioriterte artene og utvalte naturtypane som vart vedtekne våren 2011 finst i og rundt tettstader og bynære område. Dette gjeld til dømes naturtypane slåttemark, innhole eiker og kalklindeskog, og artane dragehovud, raud skogfrue og eremitt.

Det må leggjast stor vekt på kvalitet i fortettinga, både ved utforminga av bygningsmassen og for å sikre gode og trygge opphaldsområde og uterom med godt tilgjenge for alle. I historiske by- og tettstadsområde må ny busetnad innpassast med særleg varsemd og respekt. Utfordringa er både å integrere kulturminneomsyn på ein god måte i kommunale planprosessar og å nytte kulturminne i byutviklinga. Det er viktig å utvikle og føre vidare byane sin historiske identitet og tidsdjupn.

Samanhengande grøntområde med turstigar og sykkelvegar kan binde dei ulike bydelane saman og sikre tilgang til nærliggjande natur- og friluftsområde. Sikring av kulturhistoriske verdiar er viktig for kvalitet og variasjon i byar og tettstader.

Ved bustader, skular og barnehagar skal det vere god tilgang til trygg ferdsel, leik og annan aktivitet i ein variert og samanhengande grønstruktur med gode samband til kringliggjande naturområde. Plandelen i plan- og bygningslova legg sterk vekt på kvalitet i uteområda. Dei rikspolitiske retningslinjene for barn og unge sine interesser i planlegginga, som blant anna skal sikre gode uteareal, er blitt tydelegare gjennom den nye lova og tilhøyrande rettleiing.

For å kunne måle utviklinga på desse områda, må vi utvikle nye indikatorar, blant anna treng vi indikatorar for ein del av naturkvalitetane i by som knyter seg til parkar, grøne samband, leikeplassar og tilgang til vatn. Vi treng òg indikatorar som måler korleis kulturmiljø, gater og plassar blir tekne hand om og utvikla vidare.

Miljøverndepartementet støttar opp om stadutvikling ved å skipe gode møtestader mellom ulike sektorar og forvaltningsnivå. Det er utarbeidd rettleiar om stadutvikling og belysning, og det blir utvikla rettleiarar om kvalitet i uteareal og byrom, og for handel, by og tettstadstruktur. Miljøverndepartementet samarbeider òg med Kommunal- og regionaldepartementet, Statens vegvesen, Vegdirektoratet, Riksantikvaren, Husbanken og Direktoratet for naturforvaltning gjennom Forum for stadutvikling om tiltak for å styrkje kompetansen i kommunane, blant anna gjennom regionale konferansar for stadutvikling. Det er òg laga ein nasjonal nettportal for stadutvikling på Regjeringas nettsider; stedsutvikling.no.

Den rikspolitiske føresegna om kjøpesenter har vore verksam frå 2008. Departementet utarbeider no ein rettleiar som skal gjere det enklare å bruke føresegnene i planlegginga både i regionar og kommunar.

Påverknader

Befolkningsframskrivingane tyder på at befolkningsveksten framleis kan bli sterk i byområda dei næraste 20 åra, til dømes kan Oslo få nesten 200 000 fleire innbyggjarar fram til 2030. Dette vil føre til eit betydeleg press på landbruks-, natur- og friluftsområda rundt byane og på dei grøne lungene i byen. Auka befolkningsvekst stiller oss vidare overfor særlege utfordringar knytte til auka utslepp frå transport; av dei som medverkar til både lokal luftforureining, støy og klimaendringar.

For dei enkelte byane og tettstadene fører veksten til store endringar. Dei mest synlege skjer gjennom utbygging av nye bustadområde, etablering av større næringsverksemd og offentlege institusjonar og gjennom ny infrastruktur. Dei fleste endringane er likevel små og lite merkbare frå år til år, men over tid vil summen av nye investeringar og dei mange små inngrepa kunne gi store konsekvensar for bymiljøet.

Sidan utbygging i praksis er irreversibel, er det viktig å sikre at endringane skjer til det beste for innbyggjarane, næringslivet og miljøet. Dette inneber at endringane bør nyttast til å byggje opp under miljøvenlege bystrukturar, transportformer og transportsystem, betre dei fysiske omgivnadene, mellom anna med omsyn til tilgjenge for alle, leggje til rette for helsefremjande aktivitetar og medverke til at klimaendringane kan møtast på ein robust måte. Klimaendringar vil innverke på korleis vi planlegg og utviklar våre byar og tettstader. Samtidig må eigenart og identitet, verdifulle kulturmiljø, biologisk mangfald, grønstrukturar og naturområde takast vare på og utviklast vidare.

Utviklinga av berekraftige byar og tettstader skjer i eit komplisert samspel mellom offentlege styresmakter og private aktørar. Miljøverndepartementet samarbeider med ei rekkje departement og andre instansar om mellom anna samordna areal- og transportplanlegging, friluftsliv, universell utforming, trygging av matjord, næringsutvikling, stadutvikling med vidare. Det er ei viktig og krevjande oppgåve å formidle dei nasjonale krava og forventningane til planlegginga til kommunar, fylkeskommunar og statlege sektorstyresmakter med motsegnsrett.

Det er mange konfliktar som må løysast, mellom utbygging og vern og mellom ulike interesser. Planlegging etter plan- og bygningslova fastset spelereglar og skapar arenaer som er viktige for partane både når dei langsiktige linjene skal trekkjast og når det kjem til gjennomføring.

Tilstrekkeleg plan- og miljøkompetanse og tilgang til grunnlagsdata er ein føresetnad for god samfunnsplanlegging. Ei særleg utfordring er derfor knytt til plan- og miljøkompetansen i kommunane. Det blir stilt auka krav til ei aktiv planlegging, til konsekvensvurderingar og til betre samordning. Plan- og miljøkompetansen i mange kommunar er dei siste åra gradvis bygd ned. Dette har svekt evna til å ta hand om plan- og miljøoppgåvene. Kommunane har ei avgjerande rolle i planlegging for ei berekraftig utvikling, og det er derfor naudsynt å sikre og styrkje kapasiteten på dette området i kommunane.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Arbeidet med å skape berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma byar og eit fysisk miljø som fremjar helse- og livskvalitet blir følgt opp i den nasjonale politikken gjennom ei rekkje verkemiddel og tiltak.

Viktige statlege retningslinjer for godt bymiljø er knytte til

  • samordna areal- og transportplanlegging

  • barn og unge sine interesser i planlegginga

  • lokalisering av kjøpesenter

  • klima- og energiplanlegging i kommunane

  • behandling av støy i arealplanlegginga

I Nasjonale forventningar til kommunal og regional planlegging vedtekne i juni 2011, er by- og tettstadutvikling omtalt som eit eige tema. Her er gjeldande politikk oppsummert og konkretisert. Ein viser òg til resultatområde 10 Rein luft om politikken for å nå nasjonale mål knytte til rein luft og støy og resultatområde 11 Stabilt klima.

Miljøverndepartementet har som miljø- og planleggingsstyresmakt eit særskilt ansvar for å samordne og formidle den nasjonale miljøpolitikken og arealpolitikken, blant anna for den fysiske utviklinga i byområda.

Plansatsing mot store byar

Det er naudsynt med breie tiltak for å nå måla om ei berekraftig utvikling i byar og tettstader. Folketalet i Noreg er venta å auke sterkt dei neste ti åra, hovudsakleg i byar og tettstader. Dette gir utfordringar for bustadforsyning, transport, arealbruk, klimagassutslepp, helse og livskvalitet. Ei ny satsing frå 2013 retta mot byane skal medverke til framtidsretta byplanlegging, betre bymiljø og tilrettelegging for auka bustadbygging. Viktige grep i satsinga er å styrkje kompetanse og kapasitet, og meir samarbeid på tvers av sektor- og kommunegrensene.

Planlegging og tilrettelegging av bustadområde er ei viktig oppgåve for kommunane. Kommunane kan på eige initiativ ta ansvar for omregulering til fleire bustader og vurdere verkemiddel som strategiske tomtekjøp, urbant jordskifte og utbyggingsavtaler. Det er òg viktig å få synleggjort gode døme på utbyggingsprosjekt der det blir bygd tett med kvalitet. Regjeringa vil vurdere kva høve som finst i plansystemet for å sikre god nok bustadforsyning.

Boks 17.1 Prinsippa for berekraftig by- og tettstadutvikling går fram av St.meld. nr. (2001-2002) Bedre miljø i byer og tettsteder:

  • Kollektivtransporten utgjer ryggraden i bystrukturen og er styrande for utbyggingsmønsteret.

  • Eit sterkt sentrum med konsentrasjon av arbeidsplassar, bustader, handel og kontorfunksjonar.

  • Konsentrert utbygging av næring og bustader i kollektivknutepunkt.

  • Lokalsamfunn med tett og variert bustadstruktur, grøne lunger, skular, barnehagar, handel og næring.

  • Samanhengande grønstruktur der grøne korridorar og samband knyter dei ulike byområda med grøne lunger til omkringliggjande markaområde.

  • Hovudnett for sykkeltrafikk som gjer sykkel til eit attraktivt transportmiddel.

  • Hovudvegsystemet går utanom lokalsamfunn, men sentrum og knutepunkt blir betente.

For å sikre at politikkutforming og verkemiddel blir mest mogleg treffsikre i forhold til utfordringane, driv departementet utviklingsarbeid i samarbeid med byane og andre aktørar. Utviklingsarbeidet som er omtalt nedanfor følgjer opp delmåla knytte til det nasjonale resultatmålet på godt bymiljø.

Framtidas byar

Miljøverndepartementet starta i 2008 programmet Framtidas byar, som er eit samarbeid mellom dei 13 største byane, KS, fire departement og næringslivets hovudorganisasjonar. Hovudmålet er å redusere dei samla klimagassutsleppa frå vegtransport, stasjonær energibruk og forbruk og avfall i dei største byområda. Samtidig skal det utviklast strategiar for å møte framtidige klimaendringar. Delmål for arbeidet er å betre det fysiske bymiljøet med tanke på helse, oppleving og næringsutvikling.

Måla skal oppnåast gjennom meir forpliktande samhandling mellom lokale, regionale og statlege styresmakter og med næringslivet. På den måten vil vi utnytte tilgjengelege ressursar betre, utvikle meir effektive verkemiddel og prøve ut nye tiltak for å fremje klima- og miljøvennlege byar.

Ei stort mengd samarbeidsområde, prosjekt og tiltak er sette i gang i byene, av ulik storleik og art, og med ei stor mengd involverte aktørar. Erfaringane frå alle desse blir formidla gjennom nettstaden www.framtidensbyer.no og direkte til andre byar og interesserte gjennom konferansar, rapportar m.m., og ved etablering av ei eksempelsamling.

Utvikling av ulike verktøy for utrekning og måling av klimagassutslepp og effektar av tiltak er ein viktig del av arbeidet. Framtidas byar blir målt gjennom jamleg rapportering og følgjeevaluering med indikatorar på ulike nivå. Evalueringsrapporten frå 2010 syner at Framtidas byar medverkar til å heve byane sitt arbeid med klima- og bymiljøspørsmål, og at det er venta utsleppsreduksjonar som følgje av prosjekt som blir gjennomførte innan programmet.

For å oppnå hovudmålet om reduserte klimagassutslepp og tilpassing til klimaendringane er arbeidet organisert i dei fire innsatsområda areal og transport, energi i bygg, forbruk og avfall og tilpassing til klimaendringane. Under desse innsatsområda og fellesområdet er om lag 40 samarbeidsområde i gang, i tillegg til ei rekkje underområde, prosjekt og tiltak. Delmålet om betre bymiljø er ikkje eit eige innsatsområde, men er knytt til dei fleste samarbeidsområda og aktivitetane.

I tillegg til avtalepartane er ei rekkje andre offentlege, private og frivillige aktørar involvert i arbeidet. Det er utvikla eit eige rapporteringssystem som måler aktivitetane og resultata, for kvartalsvis og årleg oppfølging. Det blir over budsjettet gitt støtte til utviklingsarbeid, samarbeidsprosjekt og andre tiltak.

I arbeidet framover vil programmet leggje vekt på blant anna smartbyløysingar og områdeutvikling, der samarbeid med næringslivet og heilskaplege modellar er viktige element.

Gjennom å styrkje kommunanes kompetanse og stimulere til handling, er målet på sikt å medverke til mindre klimagassutslepp, meir attraktive og miljøvenlege byar, og regional utvikling. Satsinga i Groruddalen

Regjeringa har sidan 2007 vore med på eit historisk byløft i Groruddalen i Oslo. Groruddalen har 130 000 innbyggjarar. Regjeringa og byrådet i Oslo har inngått ei intensjonsavtale om eit samarbeid om Groruddalen for 10-årsperioden 2007-2016. Det langsiktige hovudmålet er ei berekraftig byutvikling, synleg miljøopprusting, betre livskvalitet og samla sett betre levekår i Groruddalen. Det skal utviklast eit lokalt og inkluderande samarbeid med dei som bur i dalen, organisasjonar, burettslag, næringsliv, bydelar og offentlege organisasjonar.

Boks 17.2 Satsinga i Groruddalen

Etter snart seks år med ekstra satsing i Groruddalen er det mange synlege resultat. Dei fem første åra medverka Oslo kommune med 266 mill. kroner og Regjeringa med 586 mill. kroner. Samferdsledepartementet har blant anna medverka til doble avgangar på Grorudbana og Furusetbana, oppgradering av stasjonar langs Grorudbana og Furusetbana, ny gang- og sykkelbru over E6 og fleire nye gang- og sykkelvegstrekningar.

Miljøverndepartementet medverkar med midlar til blant anna ein bydelspark i kvar bydel og til opprusting av ein Akergard i kvar bydel. Mange ferdigstilte turvegtiltak gjer det no mogeleg å gå langs Alnaelva frå Ammerud og heilt ned til Gamlebyen. Eit samanhengande tverrsamband er ferdig frå Grorud til Ellingsrud. For å få innbyggjarane til å ta i bruk grøne lunger i nærmiljøet har det vore arbeidd med å synleggjere dei nye turvegane og parkane.

Kommunal- og regionaldepartementet gir støtte til områdeløft for to område i kvar bydel i Groruddalen. Det blir gitt støtte til ulike tiltak som til dømes sosiale arrangement, motorsenter og skatehall på Haugenstua, opprusting av Svarttjern på Romsås og til leiarprogram for ungdom. Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet medverkar blant anna med midlar til gratis kjernetid i barnehagane, Kunnskapsdepartementet medverkar med midlar til Språkløftet og Utviklingsprosjektet (ekstra ressursar til skular med meir enn 25 prosent minoritetsspråklege), Helse- og omsorgsdepartementet medverkar med midlar til to folkehelseprosjekt (forsterka svangerskapsoppfølging og kosthald, aktivitet og norsk).

Det er i 2011 gjennomført ei midtvegsevaluering av satsinga i Groruddalen. Konklusjonen er at satsinga i hovudsak er på riktig kurs. Det er god samanheng mellom dei fleste tiltaka som blir initierte og det ein ønskjer å oppnå. Enkelte delmål bør likevel revurderast med tanke på tilstrekkeleg tiltaksportefølje.

Oslo kommune har ansvaret for den heilskaplege utviklinga i Groruddalen. Miljøverndepartementet samordnar staten sin innsats. Den felles innsatsen er organisert i fire program. Miljøverndepartementet følgjer opp program 2: Alna, grønstruktur, idrett og kulturmiljø. Målet for dette programmet er å styrkje den blågrøne strukturen og naturmangfaldet i Groruddalen, og gi betre forhold for friluftsliv, fysisk aktivitet og idrett. Kulturminne skal vernast og brukast, og forståinga for historia skal styrkjast.

Utvikling av urbane kvalitetar

Departementet har sett i gang arbeid og utviklingsprosjekt som omfattar utforming av gater, plassar og andre offentlege rom i byane, leike, opphalds- og grøntareal og samanhengande stigar og vegar for gåande og syklande. Grøne prosjekt vil òg fange opp omsynet til klimatilpassing. Når byane blir omforma og fortetta er det òg viktig å ta vare på kulturminne og verdifulle kulturmiljø.

Bymiljøprisen som vart delt ut første gongen i 2002, er eit ledd i å synleggjere ein miljøretta bypolitikk.

Boks 17.3 Dei nasjonale gatene og plassane våre

Riksantikvaren og Statens Vegvesen starta i 2011 eit arbeid med målsetjing å få etablert eit nasjonalt program med arbeidstittel «Våre nasjonale gater og plassar». Føremålet er å skape auka medvit om den betydninga gater og offentlege rom i byane har som sosial og offentleg arena, og løfte fram føredøme med store bruksvise, visuelle og meiningsberande kvalitetar. Byar og stader har oppstått i knutepunkt der viktige ferdslevegar kryssar kvarandre. Gatene har vore byane sine hovudpulsårer, og plassane har vore sentrale arenaer som er viktige for vår identitet og stadstilhøyring. Eit arbeid med «Våre nasjonale gater og plassar» har som mål å medverke til ei meir kvalitetsbevisst og miljøvennleg byutvikling som gir oss betre byar å leve i, med betre møteplassar. Målet er òg å utvikle byane som nasjonale og internasjonale reisemål med betydning for lokalt næringsliv. Tilrettelegging for både kollektivtrafikk, gåande og syklande, med universell utforming som prinsipp, skal vere ein integrert del av denne utviklinga. Gjennom det planlagde programmet ønskjer Riksantikvaren og Statens vegvesen å invitere til ein nasjonal dugnad for å heve kvaliteten på nokre av nasjonen sine viktige fellesområde.

Bevaring av grønstruktur og naturmangfald

For å ta vare på og styrkje kvalitetane i grønstruktur, unngå spreiing av framande arter og bevare naturmangfaldet, er det viktig at dei som forvaltar grøne areal i tettbygde område ser nærare på korleis ein kan betre tilhøva for truga arter eller andre arter som finst naturleg i nærleiken. Til dømes bør ein vurdere om ein i større grad kan nytte stadeigne plantearter i staden for planter frå fjerne himmelstrøk i parkar og andre grøne anlegg. I nokre tilfelle vil det vere mest føremålstenleg å ta vare på truga arter og naturtypar ved å gi dei status som prioriterte arter eller utvalde naturtypar etter naturmangfaldlova. Arbeidet med å peike ut prioriterte arter og utvalde naturtypar vil halde fram i 2012. I dette arbeidet kan òg arter og naturtypar som er å finne i og ved tettbygde strøk bli vurderte. Ein vil òg følgje opp dei artene som er blitt prioriterte og dei naturtypane som er blitt utvalde, inkludert dei handlingsplanane som er utarbeidde. Staten kan gi tilskot til tiltak for å ta vare på dei prioriterte artene og utvalde naturtypane.

Universell utforming

Miljøverndepartementet siktar mot den felles visjonen Noreg universelt utforma 2025 i si deltaking i Regjeringas Handlingsplan for universell utforming 2009 – 2012. Likeverdig deltaking i samfunnsutvikling og byliv er eit mål.

Det føreset at kompetansen blir heva lokalt og regionalt når det gjeld universell utforming som strategi for planlegging og utforming av omgivnad og produkt. Det viktigaste tiltaket i samband med dette er Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar. Tiltaket inkluderer no 50 kommunar og åtte fylke. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Aspektet er inkludert på fleire resultatområde så langt det passar. Ein vil ha særskilt fokus på kommunesenter. Forslag til målbare arealbruksindikatorar er utvikla i Noreg digitalt og i Matrikkelen. Tiltaka vil gi betre oversyn over universell utforming og tilgjenge i kommunal planlegging og arealforvaltning.

Miljøverndepartementet gjer satsinga i nært samarbeid med Barne-, likestillings- og inkluderingsdepartementet. BLD finansierer fleirtalet av tiltaka.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

7.1. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at byar og tettstadar er berekraftige, attraktive og funksjonelt utforma med eit godt fysisk miljø som fremjar helse og livskvalitet.

Indikatorar:

  • Talet på byregionar med samordna areal- og transportplanar.

I alt 16 fylke hadde i 2011 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdsletiltak. Planstragien for areal og transport for Oslo og Akershus er til endeleg godkjenning av Regjeringa etter vedtak i bystyre og fylkesting i 2012.

  • Tettstadareal pr. innbyggjar.

Tall for byane viser at dess tettare folk bur, dess meir miljøvenleg transport er det. I dei 13 største byane skjer no det meste av utbygginga som fortetting og byomforming. I 2009 har kvar innbyggjar i gjennomsnitt 500 m2 tettstadareal til disposisjon, noko mindre enn i 2000. Utbygginga i mindre byar og tettstader er jamt over ikkje så konsentrert. Her har kvar innbyggjar meir enn 1000 m2 og tettleiken minskar.

  • Delen av dei daglege reisene som skjer på miljøvenleg måte.

Fortettinga og den sterke satsinga på kollektivtransporten dei siste åra, har medført at fleire reiser miljøvenleg, frå 35 pst. i 2005 til 36 pst. i 2009 for byane i Framtidas byar samla. Delen som reiser på miljøvenleg måte i mindre byar og tettstader er klart lågare, ikkje berre fordi kollektivtilbodet er dårlegare utbygd, men òg fordi færre syklar og går.

  • Delen av omsetninga i varehandel i kommunen innanfor by- og tettstadsområde.

Frå 2003 til 2009 var sentrum sin del av samla handelsomsetning i dei største byane blitt redusert med 5-6 prosentpoeng. Berre Oslo har halde ved lag sin del. Noko av årsaka ligg i at kjøpesenter og andre butikkar blir lokaliserte i utkanten av eller utanfor byen.

  • Utslepp av klimagassar i kommunar og fylke.

Utsleppa av klimagassar auka i dei 13 største byane med 5 pst. frå 1991 til 2010. Det er då rekna med utslepp som byane sjølve kan påverke. Vegtrafikken står for om lag 60 pst. av desse utsleppa, utslepp frå stasjonære kjelder, særleg oppvarming, utgjer 20 pst., 10 pst. kjem frå avfallsdeponi og resten frå andre mindre kjelder. Vegtrafikk er òg den viktigaste kjelda til utslepp av NO2, og viktig bidragsytar til utslepp av svevestøv. Ein viser til omtale av resultatområde 10 Rein luft for nærare omtale av tilstanden for lokal luftkvalitet.

  • Leike- og rekreasjonsareal i tettstader pr. 1000 innbyggjarar.

Tal frå KOSTRA viser at gjennomsnittet av leike- og rekreasjonsareal i mellomstore byar ligg på nærare 17 dekar pr. 1000 innbyggjar i 2011. I dei 13 største byane som er med i «Framtidas byar», er gjennomsnittet noko lågare, med 14 dekar pr. 1 000 innbyggjarar same året. I perioden 2003 til 2011 har leike- og rekreasjonsarealet i tettstadene minka noko.

  • Delen busette med kortare avstand enn 500 m til rekreasjonsareal større enn 200 daa i byar og tettstader.

Delen av befolkninga med tilgang til større rekreasjonsareal har gått ned frå 79 til 77 prosent i heile landet frå 1999 til 2009. I dei større byane er delen redusert frå 66 prosent til 64 prosent i same periode.

  • Talet på kommunar med rekreasjons- og friluftsområde lagt til rette med universell utforming.

For 2011 rapporterte 198 kommunar at dei hadde eitt eller fleire rekreasjons- eller friluftsområde lagt til rette med universell utforming. Talet på område auka frå 1339 i 2077 til 1814 i 2011.

  • Talet på kommunar med vedteken plan og retningslinjer for universell utforming.

Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, for nærare informasjon.

  • Tal på kommunesenter som er kartlagde etter kriteria for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne.

Nasjonalt utviklingsprosjekt for universell utforming i fylke og kommunar inkluderar no 60 kommunar og 14 fylke (både fylkesmenn og fylkeskommunar) og vil bli utvikla vidare til målet: 25 pst. av alle kommunar og alle fylke. Tiltak i den nye handlingsplanen gjeld òg universell utforming i by- og tettstadutvikling, auka tilgjenge til offentlege bygningar og uteområde, friluftsliv og kulturminne. Det skal etablerast eit program med fokus på kommunesenter.

Forslag til målbare indikatorar er utvikla, både for kartlegging i Noreg digitalt og i Matrikkelen. Statens kartverk gjennomfører kartlegging etter kriterium for tilgjenge for personar med nedsett funksjonsevne. Talet på kartlagde tettstadsenter kom i 2012 opp i 112. Departementet samarbeider med Statens bygningstekniske etat om kompetanseprogrammet Universell utforming i kommunar og fylke og med å utvikle ein felles rettleiar om universell utforming til Teknisk forskrift.

  • Ny indikator frå 2013: Bustadbygging som er sett i gang

Bustadbygginga har gått ned etter 2007 som følgje av blant anna finanskrisa, og nådde botn i 2010. I 2011 auka talet på igangsette bustader igjen så å seie i alle byane, ei utvikling som har halde fram på landsbasis i 2012. Trondheim er den byen som har hatt sterkast auke i bustadbygginga frå 2010 til 2011. For Oslo har nedgangen etter 2007 halde fram både i 2010 og 2011.

18 Resultatområde 8 Aktivt friluftsliv

Friluftsliv gir auka trivsel, betrar folkehelsa og aukar forståinga av og interessa for å ta vare på naturverdiar og kulturminne. I dag har vi om lag 2350 statleg sikra friluftsområde i Noreg, og ein unik allemannsrett til ferdsle i utmark. Friluftsliv er kjenneteikna av koplinga mellom fysisk aktivitet og naturoppleving, og at friluftsliv ikkje trenger å ha noko konkurranseelement. Særs viktig er naturen i nærmiljøet, som er den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen.

Friluftsliv inneheld eit vidt spekter av aktivitetar, som stiller svært ulike krav til dugleik og utstyr. Mange friluftsaktivitetar, som til dømes det å gå tur, krev lite av kunnskap og hjelpemiddel. Alle vil kunne finne ein eller fleire friluftslivsaktivitetar som dei kan utøve og finne meining i, og som gir både fysisk aktivitet og naturoppleving.

Nordmenn er svært aktive friluftslivsutøvarar. Den norske naturen og landskapet, friluftsliv og nordmenn sitt nære tilhøve til naturen er ein viktig del av det nasjonale medvitet og ein integrert del av mange nordmenn sine liv. Ein viktig grunn til at friluftsliv er så utbreidd i Noreg er at naturen – både den som er tilrettelagt og den som ikkje er tilrettelagt – er lett tilgjengeleg over heile landet, også frå byar og tettstader. Den lovfesta retten i friluftslova til å kunne ferdast fritt og opphalde seg i naturen (allemannsretten), og at ferdsle og opphald i naturen er gratis er andre viktige grunnar til at nordmenn må kunne kallast friluftslivmenneske og at stadig fleire frå andre land søkjer til Noreg for å få unike natur- og friluftslivopplevingar.

Tilstand

Friluftslova er grunnleggjande for å halde allemannsretten i hevd og sikre høve til friluftsliv for alle. Markalova sikrar høve til friluftsliv, naturoppleving og idrett i det mest brukte friluftsområdet i landet – skogområda kring hovudstaden. Plan- og bygningslova blir nytta til å ta hand om interessene som er regulerte i friluftslova og markalova.

Det er grunnleggjande at vår generasjon har eit ansvar for å gi kommande generasjonar like godt høve til naturopplevingar som vi sjølve har fått.

Natur og naturmangfald gir opplevingar, identitet og tilhøyring. I ei undersøking frå 2010 kjem det fram at to tredelar av befolkninga ønskjer å drive meir fysisk aktivitet i naturen og nærmiljøet (Synovate 2010). I ei anna undersøking frå 1999 svarte 19 av 20 nordmenn at naturen er viktig for «det gode liv». Det betyr at det ikkje er nytteverdien som er drivkrafta for å drive med friluftsliv. Undersøkingar viser at det først og fremst er fred og ro, og det å komme ut i frisk natur folk ønskjer når dei går på tur. Ein stor del av det norske friluftslivet handlar om store og små naturopplevingar som blir minne for livet.

Allemannsretten sin sterke stilling i Noreg heng nært saman med den vekta naturopplevingar har for folk i det daglege. Ettersom busetjingsmønsteret har blitt meir og meir knytt til byar og tettstader, har naturen i og ved slike område fått ein endå viktigare funksjon som arena for rekreasjon, friluftsliv og naturopplevingar. Naturen i nærmiljøet er særs viktig, og den klart mest etterspurde arenaen for fysisk aktivitet i kvardagen. Samtidig er allemannsretten truga av kommersialisering, privatisering og ikkje minst ulovlege stengsel i strandsona. Mange enkeltinngrep langs kysten, spesielt rundt Oslofjorden og på Sørlandskysten, har redusert tilgangen til attraktive strandområde. Liberal dispensasjonspraksis etter plan- og bygningslova i 100-metersbeltet langs sjøen er ei av årsakene. Mange stader har dette ført til auka hytte- og bustadbygging i områder som tidlegare var attraktive for friluftslivet. Samtidig med utstrekt utbygging har det skjedd auka privatisering av strandsona. Slik privatisering kan både vere lovleg og ulovleg. Den ulovlege privatiseringa er kjenneteikna av at hovudmålet er å halde allmenta borte frå område der den har lovleg tilgang til å ferdsle og opphald. I perioden 2000-2011 har delen av strandsoneareala som ligg nærare enn 50 meter frå ein bygning nesten blitt fordobla. I 2000 var talet 8,9 pst., i 2011 16,5 pst. Til trass for mindre bygging krympar likevel dei delane av strandsonearealet som er potensielt tilgjengeleg for friluftsliv.

Tal frå Statistisk sentralbyrå viser at befolkningstettleiken aukar i byar og tettstader. Dette er i samsvar med nasjonale mål om ei meir konsentrert utbygging av omsyn til arealbruk, transport og klima. I mange byar skjer det ei umedviten fortetting som inneber at opne areal som kan brukast til leik og rekreasjon blir nedbygde. Samanhengande turdrag blir brotne eller smalna inn og mister verdien for turar i nærmiljøet og til nærliggjande, større naturområde. Dette svekkjer høvet til å drive friluftsliv i nærleiken av bustadområda. Dette har òg negativ verknad på den naturlege spreiinga av det lokale plante- og dyrelivet. På landsbasis vart 12,4 prosent av dei opne areala nedbygde i perioden 1999-2004. Tala er noko usikre, då det målte omfanget av nedbygging delvis kan skuldast forbetringar i offentlege register over bygningar. Nyare tal viser at tilgangen til nærturterreng har halde seg konstant på 64 pst. frå 2004 til 2009.

I over femti år har staten medverka til å sikre folk tilgang til friluftslivsområde, gjennom kjøp av grunn eller avtaler om bruk og tilrettelegging. I dag har vi om lag 2 350 offentlege friluftsområde i Noreg, område som kommunane og staten i samarbeid har sikra og tilrettelagt for allmenta sitt friluftsliv. I tillegg kjem mange mil med viktige ferdselsårer for friluftsliv, mange med kulturhistorisk bakgrunn og betydning, som pilegrimsleier og kongevegar. Andre gir auka tilgjenge til og mellom attraktive område, slik som kyststigar for betre allmenn tilgang til strandsona. Mange slike turstigar er knytte til kystleiene og rimelege overnattingstilbod på fyrstasjonar og hytter ved sjøen.

Motoriserte framkomstmiddel i utmark og vassdrag vil i mange tilfelle vere nyttig og naudsynt, som for eksempel i redningstenesta eller i reindrifta. Samtidig medfører motorferdsel i naturen ei rekkje ulemper og skadar, som støy, terrengskadar, forstyrring av dyrelivet og konfliktar med friluftslivet, jf. resultatområde 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Sikre allemannsretten

Noreg har store friluftsareal og ein allemannsrett til ferdsle i utmark, og dei fleste har gode høve til friluftsliv. Men somme stader, særleg i strandsona, er allemannsretten under press. Sikring og tilrettelegging av friluftsområde og kyststigar er viktige tiltak for å gi allmenta betre tilgang til kystsona. Årleg blir det sikra nye attraktive område ved kysten og ved befolkningsnære område med statlege friluftsmidlar. Allemannsretten er heimla i friluftslova. For å styrkje allemannsretten fremja Regjeringa våren 2011 forslag om enkelte endringar i friluftslova som tredde i kraft 1. januar 2012. Endringane inneber bl.a. at det blir tillate å ferdast til fots på veg eller stig gjennom innmark som leier til utmark, at det blir tillate å ferdast varsamt i skogplantefelt også om sommaren, at det i forskrift kan bli gitt reglar som tillet telting nærare enn 150 meter frå hus og hytter i kystnære område, og styrking av høva til inngrep overfor ulovlege stengsel og skilt som hindrar allmenn ferdsel, opphald og hausting. Regjeringa arbeider med å lage nye forskrifter til friluftslova, og det er sett i gang arbeid med å revidere rettleiaren til lova. Regjeringa vi òg sjå nærare på enkelte restriksjonar for nye friluftsformer i verneområda, jf. omtale under resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Sikring og tilrettelegging av friluftsområde

I tråd med auka befolkning, tilflytting til byar og tettstader og nedbygging av sjø- og vassdragsnære område og andre naturområde, er det stadig behov for å sikre nye område for friluftsliv, anten ved kjøp eller gjennom avtalar om varig bruksrett. Nærfriluftsområde og landfaste område i kystsona har høg prioritet. Arbeidet for å opne ulike typar av statseigedom for allmenta vil halde fram – område som til dømes Forsvaret, Jernbaneverket, Statsskog eller andre statlege instansar ikkje lenger har bruk for.

Miljøverndepartementet har under arbeid ein nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftslivsområde. Planen blir utarbeidd i nært samarbeid med kommunar, fylkeskommunar og friluftslivsorganisasjonane. Overordna målsetjing for planen er å kartleggje kva for område som bør sikrast og korleis desse områda bør leggjast til rette for at flest mogleg av befolkninga skal utøve friluftsliv. Ein tek sikte på å ferdigstille planen sommaren 2013.

For å stimulere til at det blir utarbeidd forvaltningsplanar for alle statleg sikra friluftslivsområde, blir det frå 2013 stilt krav om forvaltningsplan for å få statleg støtte til tilrettelegging.

Fylkeskommunane har etter forvaltningsreforma fått auka ansvar for at kommunane følgjer opp friluftsliv i planlegginga si. Fylkeskommunane og kommunane legg til rette for friluftsliv ved mellom anna å ta vare på og utvikle område for grønstruktur.

Arbeidet med å kartleggje aktuelle verneområde for friluftsliv i Marka etter markaloven tok til sommaren 2011. Prosessen med å etablere slike verneområde i Marka held fram i 2013.

Allmentas tilgang til strandsona skal takast vare på

I strandsona er allemannsretten under særleg press. Det er eit mål for Regjeringa å ta vare på allmentas tilgang til strandsona. Strandsona som nasjonal interesse er tydeleggjort ved det generelle byggjeforbodet i 100-metersbeltet langs sjøen, og statlege planretningslinjer for ei differensiert strandsoneforvaltning vart vedtekne av Regjeringa i mars 2011. Sikring og tilrettelegging av kyststigar og friluftsområde i strandsona er viktige tiltak for å gi allmenta betre tilgang til kystsona. Sikring av område langs kysten med stort befolkningspress er eit særleg prioritert område.

Endringane i friluftslova som tredde i kraft 1. januar 2012, vil medverke til å styrkje allemannsretten i kystsona. Endringane inneber at det no er opna for at det i forskrift kan bli gitt reglar som tillet telting nærare enn 150 meter frå hus og hytter i kystnære område. Arbeidet med ein slik forskrift vil halde fram i 2013.

Stimulering til friluftsliv

Friluftslivet si sentrale stilling i det norske samfunnet skal bestå og forsterkast. Stimulering og opplæring til naturvennleg friluftsliv er ein viktig del av arbeidet med å auke deltakinga i friluftsliv blant barn og unge. Det er mellom anna viktig at barn og unge blir tekne med ut i naturen gjennom barnehage, skule og tilbod frå frivillige organisasjonar, og på den måten både lærer å ferdast i naturen og får gode naturopplevingar og forbetra helse. Det er òg viktig at det blir lagt til rette for at menneske med bakgrunn frå andre kulturar får innføring i den norske friluftslivstradisjonen.

Det er sett i gang fleire ulike prosjekt i skuleverket med sikte på å lære barn og unge å ferdast og bli glade i naturen, og ta del i friluftsaktivitetar på ein naturvennleg måte under omsyn til miljø, landbruksdrift og andre brukarar. Eitt av prosjekta er «Den naturlige skulesekken», som har som hovudmål at skulane skal utnytte nærmiljøet som læringsarena for å utvikle elevane og lærarane si nyfikne og kunnskapen deira om natur, gi medvit om berekraftig utvikling og miljøengasjement, og kunnskap om helse og livsstil. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunnskapsdepartementet, Miljøverndepartementet og ei rekkje natur- og friluftsorganisasjonar.

Direktoratet for naturforvaltning sette i 2011 i gang ei eiga nærmiljøsatsing, der siktemålet er auka fysisk aktivitet og naturoppleving nær der folk bur. Satsinga er 3-årig, med 2013 som siste året. Her samarbeider ein tett med blant anna andre statlege etatar, fylkeskommunar, kommunar og frivillige organisasjonar for å kartleggje og uvikle tiltak som vil auke deltakinga i friluftsaktivitetar i nærmiljøet. Ein vil trekkje erfaringar frå nærmiljøprosjektet inn i Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde, og trekkje fram gode eksempel til inspirasjon for andre.

Tilrettelegging for attraktive friluftsområde

Siktemålet med tilrettelegging er å gjere dei offentlege friluftsområda attraktive og godt tilgjengelege for varierte aktivitetar og opplevingar for alle befolkningsgrupper.

Prioriterte arter og utvalte naturtypar har òg stor betydning for å halde ved lag og gi grunnlag for gode naturopplevingar i friluftsområda. Det same gjeld bevaring av kulturminne og synleggjering av kulturhistoria her.

Ein vil leggje til rette for universell utforma tilgang for opphald, bading, fiske og andre friluftsaktivitetar. Informasjonstiltak, naturskjøtsel og driftsordningar er særs viktige ledd i arbeidet med å leggje til rette friluftsområda. Kommunen har hovudansvaret for tilsyn og drift slik at områda er i god stand, og allmenta har hovudansvaret for miljøvenleg åtferd.

Fylkeskommunane og staten medverkar økonomisk til driftsordningar i Oslofjordområdet, i Skjergardsparkane på Sørlandet og i Vestkystparken i Rogaland og Hordaland. For dei mest brukte friluftsområda her har kommunane ei viktig regional vertsrolle, og det har derfor vore etablert ei felles skjergardsteneste med ansvar for drift og oppsyn. Denne ordninga blir no evaluert.

Samarbeid med friluftsorganisasjonar og andre

Departementet og den offentlege friluftslivsforvaltninga elles samarbeider nært med interkommunale friluftsråd og frivillige organisasjonar innanfor friluftsliv. I mange sikra friluftsområde er det friluftsråd som har ansvaret for drifta. Friluftsråda og organisasjonane har mange viktige prosjekt og tiltak både når det gjeld å stimulerte og lære opp til friluftsliv, og når det gjeld å forvalte og ta vare på viktige friluftsområde.

Løyvingane til Friluftsrådas landsforbund (FL), dei interkommunale friluftsråda og Forum for natur og friluftsliv i fylka (FNF) er auka i 2013.

Samarbeid og dialog med friluftsorganisasjonane vil framleis vere eit prioritert område og ein integrert del av departementets arbeid med friluftsliv. I alle viktige saker som rører ved friluftsliv vil friluftsorganisasjonane bli involverte eller høyrde, og i mykje av arbeidet har organisasjonane ei direkte og konkret rolle. Til dømes vil friluftslivsorganisasjonane få sentrale roller i planlegginga og gjennomføringa av Friluftslivets år 2015.

Det finst ei rekkje tilskotsordningar for natur- og friluftsområde. Nokre ordningar er det fylkeskommunen som forvaltar og fordeler til organisasjonar og kommunar, på vegne av staten. Andre ordningar er direkte retta mot enkeltpersonar, organisasjonar, stiftelsar eller bedrifter. Også Kulturdepartementet forvaltar viktige støttemidlar for friluftsliv, i samarbeid med fylkeskommunar, kommunar og dei sentrale friluftsorganisasjonane.

Avgrense motorferdsel i utmark og vassdrag

Det å oppleve stille i naturen og å komme vekk frå støy og forureining er viktige grunnar for å gå tur eller vere ute i naturen.

Både det enkelte køyretøyet, og summen av mange motorkøyretøy utgjer ei belastning for naturen og friluftslivet. Det er Regjeringas mål å regulere motorferdsle i utmark for å ta vare på naturmiljøet, fremje trivselen og sikre stille og ro i naturen, jf. omtale under resultatområde 4 Mangfaldige skogar og resultatområde 5 Storslått fjellandskap.

Forskrift om bruk av vasskuter vart fastsett av Regjeringa 22. juni 2012. I forskrifta blir eit generelt forbod mot bruk av vasskuterar halde ved lag, kombinert med eit høve til dispensasjon for kommunane. Fordi store område langs kysten har betydelege naturverdiar og høgt konfliktpotensial både med omsyn til miljø- og tryggleik, er det fastsett område der kommunar ikkje har heimel til å opne for bruk av vasskuter. Eit rundskriv om praktisering av forskriften blei ferdigstilt hausten 2012.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

8.1. Alle skal ha høve til å drive friluftsliv som helsefremjande, trivselsskapande og miljøvennleg aktivitet i nærmiljøet og i naturen elles.

Indikatorar:

  • Del av befolkninga som deltek i friluftslivsaktivitetar.

  • Talet på skular som deltek i prosjektet Den naturlege skulesekken.

  • Del av bustader, skular og barnehagar i eit utval byar og tettstader som har trygt og tilgjengeleg leike- og rekreasjonsareal innan 500 meters avstand.

Nordmenn er svært aktive utøvarar av friluftsliv. I 2011 deltok 92 pst. av befolkninga i ei eller anna form for friluftsliv (Statistisk sentralbyrås levekårsundersøkning), mens talet var 96 pst. i 2001. Oppslutninga om mange aktivitetar er høg både blant barn og vaksne, og barna si deltaking ligg generelt på noko høgare nivå enn det vi finn blant dei vaksne. Blant den vaksne delen av befolkninga er fotturane den klart største aktiviteten med ein oppslutnad på 83 pst. På ein klar andreplass følgjer utandørs bading med 71 pst. Deretter følgjer båtturar med 55 pst., skiturar med 50 pst., fisketurar med 46 pst. og sykkelturar med 43 pst. Bær- og sopplukking har ein oppslutnad på 37 pst. og bruk av alpinanlegg 25 pst. 26 pst. driv med terrengsykling, som er ein betydeleg oppgang frå ei deltaking på 13 pst. i 2001.

Av dei mindre aktivitetane kan nemnast at jakt har ei oppslutning på 8 pst. og 7 pst. har køyrt alpint utanfor anlegg (off-piste) i fjellet.

2011-undersøkinga viser at tendensen til nedgang i interessa for friluftsliv blant ungdom held fram. I 2001 deltok 97 pst. av ungdom mellom 16-24 år i friluftslivsaktivitetar, mens talet var 91 pst. i 2011. Interessa for fisking, plukking av bær og sopp og utandørs bading har gått noko ned i aldersgruppa 16-24 år dei siste åra. I denne aldersgruppa har samtidig deltakinga i fotturar i fjellet, off-piste-køyring i fjellet og terrengsykling auka betydeleg. Òg deltakinga i skiturar og båtturar har auka noko dei seinare åra i aldersgruppa 16-24 år. I heile befolkninga har det vore ein betydelig vekst i kategorien fotturar i fjellet og båtturar sidan 2001.

Prosjektet Den naturlege skulesekken har kvart år sidan 2009 lyst ut utviklingsmidlar til skuleprosjekt innan berekraftig utvikling. Alle grunnskular (1.-10. trinn) og vidaregåande skular (Vg1) kunne våren 2011 søkje om inntil 50 000 kroner kvar til å utvikle sine prosjekt. Av 242 søknader som kom inn vart 94 innvilga. Innan søknadsfristen 20. april i 2012 kom det inn 238 søknader. Av dei vart 151 innvilga. Nasjonalt senter for naturfag i opplæringa (Naturfagsenteret) ved Universitetet i Oslo behandlar søknadene i samarbeid med fleire høgskular som er engasjerte som regionkontaktar i Den naturlege skulesekken. Ordninga med regionkontaktar er ei forsøksordning som er starta i samarbeid med Kunnskapsdepartementet, i første omgang for skuleåra 2011/12 og 2012/13. Regionkontaktane erstattar Ressursgruppa.

Det er ein føresetnad for å få innvilga søknaden at skulen nyttar nærområdet som læringsarena. To eller fleire skular i kvart fylke deltek i Den naturlege skulesekken, dei fleste er grunnskular. På miljøstatus.no kan ein finne ei grafisk framstilling av den fylkesvise fordelinga og talet på skular i Den naturlege skulesekken for åra 2009 og 2010.

I det tverrsektorielle samarbeidsprosjektet «Forum for friluftsliv i skulen» er hovudfokus at alle elevar skal få oppleve meistring og trivsel gjennom aktivt friluftsliv, og få gode vanar for å vere i naturen. Forumet arbeider mellom anna med kompetanseutvikling i friluftsliv for lærarar, lærarstudentar og andre aktuelle ressurspersonar. For å inkludere personar med ein annan kulturbakgrunn i den norske friluftslivstradisjonen er denne befolkningsgruppa prioritert når det gjeld tilskot til friluftslivsaktivitetar. Vidare blir det gitt tilskot til fleire organisasjonar som gjennomfører prosjekt som stimulerer og lærer barn og unge og minoritetar friluftsliv og naturvennleg ferdsel i naturen.

Statistisk sentralbyrås levekårsundersøking 2011 viser at om lag 43 pst. har trygg tilgang til rekreasjonsareal. Busette i dei største byane har dårlegast tilgang til rekreasjonsareal. For gruppa barn og unge under 20 år er delen noko høgare.

Det er store skilnader i tilgang når ein ser på dei einskilde tettstadene. I gjennomsnitt er det ein tydeleg samanheng mellom tilgang og tettstadsstorleik. Delen busette med tilgang er mindre i dei større tettstadene. I gjennomsnitt har 59 pst. tilgang til rekreasjonsareal i små tettstader, mot 36 pst. i større tettstader.

8.2. Område av verdi for friluftslivet skal sikrast og forvaltast slik at naturgrunnlaget blir teke vare på.

Indikator:

  • Tal på nye friluftsområde sikra med statleg medverknad pr. år.

  • Prosentdel av friluftsområde sikra med statleg medverknad som har eigne forvaltningsopplegg.

I 2011 vart 41 nye område sikra for friluftsliv ved kjøp eller avtale. I tillegg kjem avtaler om skjergardspark i Lister-regionen.

I 2011 valde Direktoratet for naturforvaltning ut sju pilotkommunar som gjennom sine nærmiljøprosjekt har retta fokus mot sikring og tilrettelegging av areal og stimulering til fysisk aktivitet der folk bur. Andre samarbeidspartar i nærmiljøsatsinga er fylkeskommunane, Vegdirektoratet, Helsedirektoratet, Husbanken og Den Norske Turistforeining. Erfaringane frå nærmiljøprosjektet skal formidlast til dei andre kommunane i landet, fylkeskommunar og organisasjonar.

Utkast til statusdel i nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområde vart ferdig i 2011. Arbeidet med å ferdigstille handlingsplanen er ført vidare i 2012.

Ved utgangen av 2011 var det på landsbasis utarbeidd forvaltningsplanar for om lag 40 prosent av dei statleg sikra friluftslivsområda. Men det er stor variasjon mellom fylka. I Hordaland er det utarbeidd forvaltningsplanar for tilnærma alle friluftslivsområda, mens det i Sogn og Fjordane, Nord-Trøndelag, Troms og Finnmark ikkje er utarbeidd slike planar.

8.3. Allemannsretten skal haldast i hevd.

Indikator:

  • Del av befolkninga som har kunnskap om allemannsretten.

  • Del av arealet i 100-metersbeltet langs kysten frå svenskegrensa til og med Hordaland som er tilgjengeleg for allmenta.

Allemannsretten er nedfelt i friluftslova, og ei undersøking som Synovate gjennomførte i 2009 syner at friluftslova er rimeleg godt kjend blant folk – om lag to av tre fortel at dei har høyrt om den. Det er fleire over 60 år som kjenner til lova enn i dei yngre aldersgruppene, og det er fleire med høgare utdanning enn dei med lågare utdanning som har høyrt om friluftslova.

Ni av ti nordmenn har høyrt om allemannsretten. Ei undersøking frå 2009 (Befolkningens friluftsvaner) viser at bare 52 pst. av de unge mellom 15-24 år har høyrt om allemannsretten. Også for allemannsretten er det ein klar samanheng mellom utdanning og kjennskap: blant dei med universitetsutdanning har 98 pst. høyrt om allemannsretten, mens 77 pst. av dei med grunn/ungdomsskule som høgaste utdanning kjenner til allemannsretten. Undersøkinga frå 2010 viser til dømes at det har vore ein auke i kunnskapen om allemannsretten. 58 pst. veit no at allemannsretten gjeld på privat eigedom, mens denne delen var 44 pst. i 2008. Med verknad frå 1. januar 2012 vart friluftslova endra på fleire punkt. Allmenta sin rett til ferdsel og opphald er utvida. Omsynsfull ferdsel i skogplantefelt er no tillate også når plantene er under knehøgd. Det er i utgangspunktet tillate å sykle, ri og liknande aktivitetar på veg og opparbeidd sti i innmark for å komme til utmark, og det er opna opp for å gjere unntak for 150-meters regelen i kystsona.

Det er store skilnader i presset på strandsona. I kommunane langs Oslofjorden er 52 pst. av arealet i strandsona påverka av bygningar (det vil seie at den ligg innafor ein omkrins av 50 meter eller mindre frå ein bygning). I presskommunane langs kysten på Sørlandet, Vestlandet, i Møre og Romsdal og i Trøndelag er 29 pst. av strandsona påverka av bygningar. I kystkommunar med lågare utbyggingspress er 12 pst. av strandsona bygningspåverka.

I Oslofjordregionen er det berekna at 39 pst. av strandsonearealet er potensielt tilgjengeleg for allmenta, og ikkje beslaglagt av jernbane, veg, bygd areal eller dyrka mark. Det tilsvarande talet for område med mindre arealpress er 74 pst.

Det er store variasjonar mellom dei ulike kommunane innafor same presskategori. I kommunar som Hå, Kvinesdal og Klepp er det bygningsnære arealet under 10 pst. av strandsona til trass for at dei blir sett på som presskommunar. Sørreisa, Odda og Sula er kategorisert som kommunar med lågt utbyggingspress, men desse har meir enn 30 pst. av arealet i strandsona mindre enn 50 meter frå ein bygning.

I mars 2011 vart nye planretningslinjer fastsette. Formålet med retningslinjene er å utdjupe plan- og bygningslova av 27. juni 2008 § 6-2, og gi statlege føringar for kommunal og fylkeskommunal planlegging. Retningslinjene skal òg tydeleggjere nasjonal arealpolitikk i 100-metersbeltet langs sjøen. Målet er å ta vare på allmenne interesser og unngå uheldig bygging langs sjøen. Det er gjennomført ei sterkare geografisk differensiering, der restriksjonar på bruk av strandsona er strengast i sentrale område der presset på areala er stort.

8.4 Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til å fremje eit aktivt friluftsliv og skape helsefremjande, trivselsskapande og miljøvenlege nærmiljø.

Indikator:

  • Talet på kommunale og regionale friluftsplanar.

Alle fylkeskommunar har friluftsliv som tema i planlegginga si, men dei regionale skilnadene påverkar kva slag plangrep som blir tekne. Friluftslivsinteressene blir som regel behandla i anten regional plan, temaplan og/eller strategidokument. Tematisk blir friluftsliv ofte omtala saman med tema som idrett, fysisk aktivitet og folkehelse.

Plan er eit politisk styringsdokument ut frå kommunen sin eigen situasjon, og skal ta opp i seg relevante problemstillingar, mellom anna friluftsliv. Tilnærma alle kommunar har fokus på friluftsliv i planane sine, ofte i form av føresegner og retningslinjer i kommuneplan eller ein eigen kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet/friluftsliv. Det finst inga oversikt over kor stort areal som er avsett til friluftsliv i planane.

I 2011 rapporterer 63 pst. av kommunane at dei har ein gjeldande plan for friluftsliv og gjennomsnittsalderen for desse er 2,8 år. 13 fylkeskommunar har ein plan for friluftsliv, og gjennomsnittsalderen er her 5 år.

Sjå og omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, og resultatområde 7 Godt bymiljø, for nærare informasjon.

19 Resultatområde 9 Giftfritt miljø

Vi har alle rett til eit miljø som tryggjer helse og velferd, og til ein natur der mangfaldet og produksjonsevna blir tekne vare på. Forureininga av Akerselva i Oslo vinteren 2011 viste kor viktig rein natur er for innbyggjarane, og medvitet vårt om helse- og miljøfarlege stoff aukar når det for eksempel blir påvist slike stoff i barneleiker. I framtida bør alle produkt vi omgjer oss med vere trygge for helse og miljø. Eit reint miljø er ein føresetnad for eit rikt dyre- og planteliv, og for at vi fritt skal kunne bruke naturen og hauste av naturressursane. Mykje av norsk verdiskaping og produksjon er òg avhengig av eit reint miljø.

Miljøgifter blir sakte nedbrotne i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Luft og havstraumar transporterer miljøgifter til område langt frå utsleppskjelder, og miljøgifter utgjer derfor også ein risiko for livet i arktiske område.

Ressursane i avfallet skal takast vare på og nyttast om igjen i størst mogleg grad. Sluttbehandling av avfall, anten ved forbrenning eller deponering, skal skje slik at miljøet blir minst mogleg påverka. Dette gjeld òg dei radioaktive avfallsstraumane.

Tilstand

Kjemikaliar bidreg i stor grad til auka velferd og til viktige produkt og tenester i samfunnet. Samtidig har mange kjemikaliar eigenskapar som medfører ein uakseptabel risiko for helse eller miljø. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan gi både akutte effektar og langtidseffektar. Helse- og miljøfarlege kjemikaliar kan framkalle ulike sjukdomar som kreft og allergiar eller skade forplantningsevne og arvestoff. Kjemikaliar kan òg forårsake skade på immunforsvaret og nervesystemet. Skadelege helseeffektar kan førekomme ved bruk av kjemikaliar, ved innanding av forureina luft eller ved inntak av mat eller drikkevatn som er forureina. Miljøgifter er helse- og miljøfarlege kjemikaliar som blir sakte brotne ned i naturen og hopar seg opp i næringskjedene. Dyr på toppen av næringskjedene er særleg utsette for miljøgifte. Miljøgiftene er derfor ein alvorleg trussel mot naturmangfald, matforsyning og kommande generasjonar si helse.

Mykje er gjort for å redusere risikoen for helse og miljø frå ulike kjemikaliar, men det er ikkje tilstrekkeleg for å møte dei langsiktige utfordringane. Nivåa i miljøet av enkelte kjente miljøgifter som PCB er på veg ned, og forbod nasjonalt og internasjonalt har gitt viktige resultat. Industriutsleppa av miljøgifter er kraftig reduserte i Noreg og andre vestlege land, og dei samla utsleppa av prioriterte miljøgifter er vesentleg reduserte dei siste 15 åra. Produkt vi nyttar til dagleg er ei stadig større kjelde til utslepp av miljøgifter. Sjølv om vi har ført ein effektiv kamp mot ei rekkje forureinande utslepp dei siste tiåra, gjenstår framleis store oppgåver.

Miljøgifter frå tidlegare tider ligg mange stader som forureiningar i grunnen på land eller i botnsediment i sjø og ferskvatn. Noreg mottek òg betydelege langtransporterte tilførsler av miljøgifter via luft- og havstraumar. Arktis er spesielt utsett for langtransporterte tilførsler av miljøgifter på grunn av dei dominerande hav- og luftstraumane. Dette går særleg ut over dyr høgt i næringskjeda, som isbjørn, polarmåke og spekkhoggarar.

Avfallsmengdene aukar framleis, og er ei kjelde til utslepp av miljøgifter og klimagassar. Dei siste åra har veksten i avfallsmengdene vore noko større enn den økonomiske veksten. Mengda farleg avfall aukar òg, men stadig mindre blir handtert på ukjent måte. Det er likevel mogleg å auke innsamling og kontroll med farleg avfall. Over tid har strengare krav til deponi og forbrenningsanlegg og bruk av meir miljøvenleg teknologi medverka til betydelege reduksjonar i utslepp til luft og vatn frå sluttbehandling av avfall. Utsleppa av metan har gått ned sidan 1990. Frå 1. juli 2009 vart det forbode å deponere biologisk nedbryteleg avfall som restavfall, papir/papp, trevirke og tekstilar av naturstoff (ull og bomull). Krav til oppsamling av deponigass og forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall gir reduserte utslepp av klimagassen metan. Deponia har dei seinare åra fått krav om oppsamling av sigevatn for å redusere faren for at miljøgifter fører til forureining. Ei rekkje deponi som tidlegare ikkje hadde krav til reinsing av dette sigevatnet har no fått slike krav.

Radioaktive stoff har liknande eigenskapar og potensielle skadeverknader på det ytre miljøet som tungmetall og andre miljøgifter. Radioaktiv forureining kan òg ha samverkande effekt med andre miljøgifter, noko som kan gi ein gjensidig forsterkande effekt.

Resultatet frå dei nasjonale programma for overvaking av radioaktiv forureining i det ytre miljøet viser vidare nedgang som følgje av reduserte utslepp frå Sellafield. Den marine delen av overvakingsprogrammet er revidert noko med sikte på tilpassing til arbeidet med forvaltningsplanane og til arbeidet med marin overvaking i OSPAR. For nukleærindustrien går utsleppa ned, men for ikkje-nukleær industri går utsleppa framleis opp. Noreg har vesentleg høgare utslepp frå petroleumsverksemda enn dei andre nordsjølanda. Den norske delen av utsleppa gjekk ned frå 59 pst. av dei totale utsleppa i 2007 til 50 pst. i 2010. Trollfeltet utgjer om lag 40 pst. av dei norske utsleppa. Om desse utsleppa blir haldne utanfor, er utsleppa frå Noreg og Storbritannia av omtrent same størrelse.

For å redusere utslepp og risiko for utslepp frå andre land har Noreg dialog og samarbeid med dei landa der det finst kjelder som kan påverke Noreg. I tillegg deltek Noreg i internasjonalt arbeid, og satsar på kartlegging, overvaking og forsking.

Tabell 19.1 Definisjonar

Viktige omgrep

Definisjon

Farleg avfall

Avfall som ikkje kan behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr

Gjenvinning

Fellesnemning på ombruk, materialgjenvinning, forbrenning med energiutnytting og kompostering

Materialgjenvinning

Utnytting av avfall slik at materialet blir teke vare på heilt eller delvis, f.eks. produksjon av skrivepapir frå returpapir

Miljøgift

Lite nedbrytelege helse- og miljøfarlege kjemikaliar som hopar seg opp i næringskjedene og i miljøet, eller andre stoff som gir tilsvarande grunn til bekymring

Boks 19.1 Kvikksølv – nødvendig med tiltak internasjonalt

Kvikksølv er blant dei farlegaste miljøgiftene. Det blir transportert over store avstandar langt frå utsleppskjeldene og utgjer ein trussel mot miljøet og menneske si helse. Kvikksølv kan blant anna skade nervesystemet, og foster og barn er særleg utsette.

Dei samla utsleppa av kvikksølv til luft, jord og vatn frå norske kjelder vart reduserte frå om lag 6 tonn i 1985 til 2,5 tonn i 1995 og vidare til om lag 0,8 tonn i 2009. Det nasjonale utsleppet til luft er i dag betydeleg mindre enn dei mengdene som blir tilførde Noreg via luftstraumar frå andre land. Mattilsynet har gitt kosthaldsråd for enkelte arter av ferskvassfisk på grunn av høgt innhald av metylkvikksølv, og undersøkingar av kvikksølv i ferskvassfisk i Sør-Noreg (åbor og aure) har vist auka konsentrasjonar av kvikksølv.

Tiltak internasjonalt er viktig for å få redusert global spreiing av kvikksølv. Noreg er derfor ein av initiativtakarane til ei ny global avtale om redusert bruk og utslepp av kvikksølv, og er ein aktiv pådrivar i å få på plass streng regulering i EU.

Påverknader

Kjemikalieutsleppa stammar frå produksjon av råstoff og ferdigvarer i industrien, frå bruk av produkt i heimen, i industri og arbeidsliv, frå spreiing av gammal forureining lagra i grunn og sjøbotn og frå avfallsbehandling. Det er ti tusenvis av kjemikaliar på den europeiske marknaden, og desse går inn i talrike produkt og avfall. For mange av desse kjemikaliane har vi avgrensa kunnskap om deira helse- og miljøverknader. Talet på stoff med moglege helse- og miljøskadelege verknader er stort, og det er aukande utfordringar frå nye stoff. Vi veit for lite om stoff med hormonforstyrrande eigenskapar, og også om kva samla verknader bruken av mange kjemikaliar kan føre med seg. Det siste blir ofte populært kalla «cocktail»-effekten.

Uvisse om mogleg helse- og miljørisiko ved auka bruk av nanomaterialar er òg ei utfordring, og det er naudsynt med auka kunnskap. Produkt vi omgir oss med, som reingjeringsmiddel, klede, møblar, leiketøy og hobbyprodukt, PC-ar og mobiltelefonar, kan innehalde stoff vi har liten eller ingen kunnskap om helse- og miljøverknaden av. Tilsvarande vil gammal forureining lagra i jord og sjøbotn kunne føre til at helse- og miljøskadelege stoff blir spreidde til omgivnadene. Kjemikaliar som er hamna i jordmassar blir lite uttynna, dei blir som regel verande på same staden over lang tid og lek sakte ut til omgivnadene. Forureiningar som ligg avleira i sjøbotnen, kan spreiast til omgivnadene gjennom bl.a. oppvirvling og beiting og utgjer då først og fremst ein trussel mot planter og dyr i sjøen. Forureiningar blir førte vidare gjennom næringskjedene i sjøen og kan ende opp i fisk og skaldyr som folk et.

Sluttbehandling av avfall vil òg kunne føre til fare for utslepp av miljøskadelege stoff til jord, luft og vatn. Avfallsdeponi er strengt regulerte og deponia må samle opp sigevatnet og greie ut reinsebehovet. Reinsekrav blir fastsette for kvart enkelt deponi etter ei konkret vurdering. Utsleppskrava til avfallsforbrenning er svært strenge, og utsleppa frå avfallsforbrenningsanlegga er i dag låge. Dei potensielle miljøskadane frå avfallsbehandling gjer det viktig å minimere mengda avfall som blir sluttbehandla. I tillegg inneheld mange typar avfall material som det kan vere miljømessig gunstig å nytte om igjen. Ved å stimulere til meir gjenbruk og gjenvinning, reduserer vi mengda avfall som går til sluttbehandling samtidig som vi utnyttar ressursane i avfallet betre.

Dei stadig veksande avfallsmengdene gjer at utfordringane knytte til avfallsbehandling på lang sikt vil auke.

Det blir produsert og omsett stadig fleire produkt, og mange av desse inneheld helse- og miljøfarlege stoff. Det gjer at mengda farleg avfall frå slike produkt aukar. Farleg avfall kan ikkje behandlast saman med vanleg avfall fordi det kan medføre alvorlege forureiningar eller fare for skade på menneske og dyr. Det er derfor eigne innsamlingsordningar for ulike fraksjonar farleg avfall som skal sikre forsvarleg behandling av avfallet. Det er òg strenge reglar som skal hindre at slikt avfall blir eksportert til land utan kapasitet til å behandle det forsvarleg. Det er likevel framleis noko farleg avfall som går til ukjent behandling og det er viktig med kontinuerleg fokus på å auke innsamlinga av det farlege avfallet.

Radioaktive stoff er nytta til ei rekkje ulike formål i Noreg, som i behandling av pasientar på sjukehus og ved forsking og utdanning. Det er òg radioaktive komponentar i enkelte forbrukarprodukt som for eksempel røykvarslarar. Dette kan føre til utslepp av radioaktive stoff og det oppstår radioaktivt avfall som må takast hand om. Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan oppstå som eit biprodukt i ulike typar prosessindustri, og ved utvinning av mineral og graving i alunskiferhaldig grunn. Forureining og avfall oppstår òg som følgje av oppkonsentrering av naturleg førekommande radionuklidar som finst i berggrunnen, slik som ved utvinning av olje og gass. Radioaktivt avfall oppstår ved framstilling av radioaktive stoff og ved drift av forsøksreaktorane til Institutt for energiteknikk (IFE). Radioaktiv forureining av norske land- og havområde kjem òg frå internasjonale kjelder, slik som historiske atomsprengingar i atmosfæren og Tsjernobyl-ulykka. Risiko for framtidige ulykker er i hovudsak knytt til anlegg i nærområda våre, i særleg grad dei gamle atomkraftverka i Russland.

Radioaktiv forureining og radioaktivt avfall kan innehalde ulike nuklidar med svært forskjellig faregrad og halveringstid, og i ulike konsentrasjonar. Faregrad og halveringstid er avhengig av dei ibuande eigenskapane til dei radioaktive stoffa og må takast med i vurderinga når det skal avgjerast kva som er forsvarleg handtering av avfallet.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Verkemiddelbruken har som formål å redusere risiko for skade på helse og miljø knytt til utslepp og bruk av kjemikaliar generelt. For miljøgifter er det lagt til grunn at bruk og utslepp skal stansast innan 2020. Målet om vesentleg reduksjon av utslepp av prioriterte stoff innan 2010 var eit første steg på vegen mot 2020-målet. Det er dei same stoffa som er omfatta av målet om å stanse utslepp innan 2020 som er oppførte på lista over prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar (rapportering for utslepp av prioriterte stoff er omtalt under statusrapportering på nasjonale mål. Ein viktig del av arbeidet vidare er òg å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan. Føre var-prinsippet skal brukast når kunnskapen om risiko for helse og miljø er usikker.

Miljøgifter blir transporterte over store strekningar med luft- og havstraumar, og gjennom handel med produkt og avfall. Derfor er både nasjonalt og internasjonalt arbeid svært viktig og ein føresetnad for å handtere utfordringane vi står overfor. Nasjonalt er forureiningslova og tilhøyrande forskrifter sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp, under dette utslepp av kjemikaliar. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Ingen har såleis lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift. Streng regulering av utslepp av farlege kjemikaliar frå industri og prosessar er lagt til grunn gjennom forvaltninga etter forureiningslova. Som klar hovudregel blir pålegg etter forureiningslova òg nytta som verkemiddel for å sikre opprydding i forureina vatn, grunn og sjøbotn. For å sikre ein samla og effektiv verkemiddelbruk i dette arbeidet er det i tillegg utarbeidd ein eigen handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn, basert blant anna på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn i dei 17 høgast prioriterte områda i landet.

I tillegg til forureiningslova er produktkontrollova og forskrifter gitt i medhald av denne sentrale juridiske verkemiddel på kjemikalieområdet. Produkt blir omsette internasjonalt, og norske forbod og andre reguleringar må vere i samsvar med Noregs internasjonale plikter om produktregulering og handel. Kjemikalieregelverket i Noreg og EU er harmonisert gjennom EØS-avtala. Hovudregelen er såleis at dei same krava skal gjelde i Noreg og EU. I 2008 vart det innført eit nytt og svært omfattande kjemikalieregelverk i EU/EØS om registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar (REACH-regelverket). Vidare utviklinga av dette regelverket er svært viktig i kjemikaliepolitikken, og Noreg bidreg aktivt i arbeidet for å styrkje regelverket. Vidare er informasjon eit viktig verkemiddel for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff. Det europeiske kjemikaliebyrået ECHA (European Chemicals Agency), som har sete i Helsinki, er viktig i EUs kjemikaliearbeid. ECHA registrerer alle kjemikaliar, og er navet i ei omfattande kunnskapsutveksling og vidareutvikling av kunnskapsgrunnlaget. Noreg har ein nasjonal ekspert tilsett i byrået og er representert i komitear og i styret i ECHA. Vi har òg felles reglar med EU om produkt med biocid som blir nytta til å øydeleggje uønskte organismar.

Globalt er Noreg aktivt med i arbeidet under Stockholmkonvensjonen om persistente organiske miljøgifter, Basel-konvensjonen om grensekryssande transport av farleg avfall, Rotterdam-konvensjonen om handel med farlege kjemikaliar og miljøgiftsprotokollane under FN si økonomiske kommisjon for Europa (ECE). Noreg støttar òg den globale kjemikaliestrategien SAICM. Vidare tek Noreg aktivt del i arbeidet med kjemikaliespørsmål innan OSPAR-konvensjonen, FN si Sjøfartsorganisasjon IMO, Nordsjø-deklarasjonane og FN sitt miljøprogram (UNEP). Under FNs miljøprogram blir det no gjennomført forhandlingar om ei ny global avtale for å redusere bruk og utslepp av kvikksølv. Noreg har spelt ei sentral rolle for å få i gang dette arbeidet. Det aller meste av transport av kjemikaliar globalt skjer med skip. Det er gjennom MARPOL-konvensjonen etablert svært strenge globale krav for å unngå miljøskadelege utslepp frå slik transport. I tillegg har IMO etablert ein eigen konvensjon som regulerer bruk av miljøgifter i botnstoff brukt på skip. Denne konvensjonen forbyr bruk av organotinn. Mjukare verkemiddel enn reguleringar, slik som informasjon, er viktig for å skape medvit rundt kjemikaliebruk og innhald i produkt. Avgifter blir òg nytta for å avgrense bruk av enkelte stoff.

Kunnskapsheving gjennom forsking, kartlegging av potensielt farlege stoff i produkt, avfall og utslepp, og miljøovervaking er svært viktig i kjemikaliearbeidet. Auka kunnskap om helse- og miljøfarlege kjemikaliar, under dette nanomaterialar, er nødvendig for å identifisere risiko for helse og miljø, og for å kunne setje i verk effektive reguleringar og tiltak på et tidleg tidspunkt. Betre kunnskap om miljøgifter i Arktis er av stor strategisk vekt for å få på plass regionale eller globale avtaler for å redusere utslepp av miljøgifter. Data frå Arktis er svært nyttig fordi det er utbreidd internasjonal semje om at stoff som blir funne att i Arktis, langt frå utsleppskjeldene, utgjer alvorlege problem.

Avfall

Det overordna målet med avfallspolitikken er å syte for at skadane frå avfall blir så små som mogleg på menneske og naturmiljø. Det er viktig å minimere utslepp av lokal forureining, klimagassar og miljøgifter frå avfall. Samtidig ønskjer ein å auke utnyttinga av ressursane i avfallet. Politikken på avfallsfeltet skal medverke til at meir avfall blir halde i krinsløp og kjem til nytte som råvarer.

Avfallspolitikken blir gjennomført gjennom eit samspel mellom ei rekkje ulike verkemiddel; forureiningslova og forskrifter gitt i medhald av lova, avgifter, refusjons- og panteordningar, bransjeavtaler og informasjonstiltak, og kombinasjonar av desse. Verkemidla skal sikre ein samfunnsøkonomisk og miljømessig god balanse mellom det som blir gjenvunne som material, og det som blir brent eller deponert. Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til material- eller energigjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for fleire typar avfall. Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar, mellom anna for elektrisk og elektronisk avfall, batteri, bilvrak, PCB-haldige isolerglasruter og fleire typar emballasjeavfall. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad samtidig som eventuelle miljøgifter i avfallet blir sikra ei forsvarleg behandling.

EU vedtok 19. november 2008 eit nytt rammedirektiv for avfall (2008/98/EF). Direktivet erstattar det tidlegare rammedirektivet for avfall, direktivet om farleg avfall og direktivet om spillolje. Det nye rammedirektivet vart innlemma i EØS-avtala med verknad frå 2. juli 2011. Norsk avfallsregelverk er vurdert å vere i tråd med rammedirektivet. Miljøverndepartementet har likevel gitt Klima- og forureiningsdirektoratet i oppdrag å utarbeide eit forslag til endring av avfallsforskrifta, og grunnlagsmateriale til enkelte endringar i forureiningslova, med sikte på å bringe omgrepa i avfallsregelverket meir i samsvar med EU-retten. Direktiv om handtering av avfall frå mineralindustrien vart vedteke i EU i 2006, og er innlemma i EØS-avtala. Direktivet er gjennomført i norsk rett gjennom eit nytt kapittel i avfallsforskrifta, som tredde i kraft 19. mai 2012. Når det gjeld returordninga for innsamling av elektrisk og elektronisk avfall, har EU vedteke nye reglar i direktivet for elektrisk og elektronisk avfall for å effektivisere ordningane og auke innsamlingsmåla. Endringane tredde i kraft 13. august 2012 og vil venteleg medføre enkelte endringar i avfallsforskrifta kapittel 1. Miljøverndepartementet vil leggje fram ein avfallsplan og eit program for avfallsførebygging i tråd med krava i rammedirektivet for avfall.

Innsats knytt til å redusere helse- og miljøfarlege stoff i ulike produkt vil ha innverknad på arbeidet med å redusere miljøproblema når produkta blir avfall. Det er viktig å halde fram den store innsatsen som allereie blir gjort internasjonalt for å redusere innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff i nye produkt. Farlege kjemikaliar i produkt endar før eller seinare opp som avfall. For å redusere mengdene farleg avfall som oppstår blir innhaldet av farlege kjemikaliar og miljøgifter i produkt regulert gjennom produktkontrollova med tilhøyrande forskrifter. Enkelte stoff eller produktgrupper er forbodne eller avgrensa i forskrift.

Sjølv om stadig meir farleg avfall blir forsvarleg teke hand om er det likevel farleg avfall som går til ukjent behandling. Det blir gjort ein særleg innsats for å auke innsamlinga av prioritert farleg avfall og å sikre forsvarleg handtering. Tilsyn med farleg avfall og samarbeid mellom involverte etatar er vesentleg styrkt dei siste åra, og dette arbeidet skal halde fram. Tilsyn har fått auka merksemd for å redusere illegal import og eksport, særleg eksport til fattige land, og det blir arbeidd med ei lovendring for å skjerpe reaksjonane mot ulovleg eksport og import av farleg avfall. Miljøverndepartementet vurderer fortløpande utviklinga på området, om verkemidla fungerer etter intensjonen og behovet for nye verkemiddel. Auka innsamling av avfall som inneheld olje er prioritert, og informasjon til bransjen og tilsyn er styrkt. Informasjon til befolkninga, bedrifter og kommunar er òg ein viktig del av styresmaktene sitt arbeid for å auke innsamlinga av farleg avfall.

I juli 2011 fastsette FNs sjøfartsorganisasjon IMO nye krav til utslepp av avfall frå skip (anna avfall enn olje, kjemikaliar og kloakk). Hovudregelen er at det er forbode å sleppe ut avfall frå skip. Regelverket inneheld òg særskilte vilkår for utslepp av visse typar avfall. Noreg tok i 1999 opp miljøproblema knytte til opphogging av skip, og fremja etableringa av eit internasjonalt bindande regelverk i regi av FNs sjøfartsorganisasjon. Dette fekk Noreg tilslutning til. Og i 2009 vart ein ny konvensjon om sikker og miljøforsvarleg opphogging av skip (Hong Kong-konvensjonen) fastsett.

EU la i 2011 fram ein strategi for auka ressurseffektivitet med forslag til både sektorvise og sektorovergripande tiltak. Miljøverndepartementet følgjer aktivt med på EUs arbeid for auka ressurseffektivitet, og gjer innspel på avfalls- og gjenvinningsområdet der vi har relevant erfaring å bidra med.

Radioaktive stoff

Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan forårsake helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte. Noreg har i forureiningslova ei god reiskap for å nå måla med å redusere utslepp og risiko for utslepp nasjonalt og for å sikre eit heilskapeleg og miljøvist forsvarleg system for handtering av radioaktivt avfall. Eit godt utbygd overvakingssystem er sentralt for å sikre god og oppdatert kunnskap om tilstanden. Innføringa av eit deklarasjonssystem for radioaktivt avfall har vore eit viktig verkemiddel for å sikre kartlegging av avfallet. Gjennomføring av regelverket, kartlegging av dei ulike sektorane og å sikre ei god avfallshandtering er høgt prioritert også i 2013. Arbeidet med å få betre kunnskap om ulike kjelder til radioaktiv forureining, om miljøeffektane av dei og eit betre grunnlag for overvaking skal òg førast vidare. Det er òg prioritert å vidareføre forsking på den verknaden radioaktiv stråling har i det ytre miljøet.

Miljøforvaltninga sitt ansvarsområde

Miljøforvaltninga har hovudansvaret for gjennomføring og oppfølging av forureiningslova. Miljøforvaltninga har ansvaret for å motverke skadelege verknader av kjemikaliar på naturmiljøet og på forbrukarane. Påverknad av arbeidstakarane si helse er arbeidsmiljøstyresmaktene sitt ansvarsområde. Miljøforvaltninga sitt ansvar for helsepåverknad er òg avgrensa til enkelte bruksområde for kjemikaliane. Vidare er ansvaret avgrensa til enkelte eigenskapar ved stoffa. Brann- og eksplosjonsfare ved bruken av kjemikaliar fell utanfor miljøforvaltninga sitt ansvar. Miljøstyresmaktene på kjemikalieområdet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Fylkesmannen.

Miljøstyresmaktene har hovudansvaret for avfallspolitikken. Enkelte verkemiddel ligg likevel under andre departement sine ansvarsområde. Miljøstyresmaktene på avfallsfeltet er Miljøverndepartementet, Klima- og forureiningsdirektoratet, Fylkesmannen og kommunen.

Miljøforvaltninga har òg ansvar for å verne det ytre miljøet mot skadelege verknader av radioaktiv forureining, blant anna frå utslepp og frå radioaktivt avfall. Miljøstyresmaktene på radioaktivitetsfeltet er Miljøverndepartementet og Statens strålevern.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

9.1. Utslepp og bruk av kjemikaliar som utgjer ein alvorleg trussel mot helse og miljø skal kontinuerleg reduserast med det målet å stanse utsleppa innan 2020.

Tabell 19.2 Utsleppsreduksjonar for prioriterte helse- og miljøfarlege kjemikaliar

Miljøgift

Utslepp* 1995 (ca. tonn)

Utslepp* 2009 (ca. tonn)

Utsleppsreduksjon 1995–2009 (ca. pst.)**

Arsen (As) (eks. forureina jord)

36

29

20

Bly (Pb) (eks. forureina jord)

600

118

80

Bromerte flammehemmarar

0,4

ca. 3

-

Dietylheksylftalat (DEHP)

285

ca. 117

58

1,2-dikloretan (EDC)

33

8

77

Dioksin (mengdeeining i g TEQ)

74

21

71

Heksaklorbenzen (HCB)

0,09

0,009

91

Kadmium (Cd) (eks. forureina grunn)

5

1,4

72

Klorerte alkylbenzenar (KAB, som EOCl)

0,08

0,02

76

Klorparafinar, kortkjeda (SCCP)

1

0,3

73

Klorparafinar, mellomkjedaMCCP)

27

15

44

Krom (Cr) (eks. forureina jord)

100

43

59

Kvikksølv (Hg) (eks. forureina grunn)

2,5

0,8

69

Muskxylen

0,9

0,14

76

Nonyl/oktylfenoler og deira etoksilat

25

4,2

83

Pentaklorfenol (PCP)

10

0,002

> 99

PFOS og PFOS-relaterte sambindingar***

22

0,002

> 99

Polyklorerte bifenylar (PCB) (utfas. ståande masse)

487

135

72

Polysykliske aromatiske hydrokarbon (PAH) (eks. forureina grunn)

268

94

64

Tensid (DTDMAC, DSDMAC, DHTMAC)

8

0,8

90

Tetrakloreten (PER)

367

61

84

Tributyl- og trifenyltinnsambindingar (TBT og TFT)

29

0

100

Triklorbenzen (TCB)

Ca. 0,021

0,06

-

Trikloreten (TRI)

620

26

96

Bisfenol A

1,4

Decametylcyklopentasiloxan (D5)

5,4

Dodekylfenol

4,7

PFOA

Ca. 0,015

Triklosan

1,7

2,4,6-tri-tert-butylfenol (TTB-fenol)

ikkje kjent

Oktametylsyklotetrasiloksan (D4)

ikkje kjent

Tris(2-kloretyl)fosfat (TCEP)

ikkje kjent

1 Basert på eit forbruk på 1 pst. av EUs omsetning

* Utslepp frå forureina grunn ikkje med

** Som følgje av låge utsleppsnivå kan små endringar i utsleppsdata føre til heller store endringar i den utrekna reduksjonsprosenten.

*** Mengd PFOS og PFOS-relaterte sambindingar i brannskum (utgjer hovudmengda av produkt der PFOS-sambindingar har vore brukte) 2005

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

Det er dei same stoffa som er omfatta av måter om å stanse utslepp innan 2020 som er oppført på prioriteringslista i tabell 19.2. Det er uvisse og manglar i utsleppsdata for fleire kjelder og stoff. Betre datagrunnlag er viktig for å kunne vurdere tiltak og verkemiddel, i tillegg til å utarbeide prognosar og vurdere måloppnåing. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å betre datagrunnlaget. Det er sett i gang eit prosjekt for å identifisere og tette kunnskapshol og identifisere tiltak som er nødvendig for at målsetjinga på området skal oppnåast.

Ein viktig del av arbeidet vidare er å identifisere fleire miljøgifter som er omfatta av målet, og følgje opp desse både på nasjonalt og internasjonalt plan.

Miljøstyresmaktene vurderer kontinuerleg kva slag stoff som på bakgrunn av gitte kriterium skal vere omfatta av prioritetslista. Ny vitskapeleg informasjon og endra bruksmønster kan aktualisere nye stoff eller gjere andre mindre aktuelle. Førebels ligg det føre lite informasjon om forbruk og utslepp av dei nye stoffa på lista.

Stoffa oktametylsyklotetrasiloksan (D4) og tris(2-kloretyl)fosfat (TCEP) er vurderte å oppfylle kriteria for prioritetslista og stoffa blir no inkluderte i lista.

D4 blir blant anna brukt i kosmetikk, maling, impregneringsmiddel, drivstofftilsetning, vaskemiddel, lim, bindestoff, overflatebehandling og byggjematerialar. Stoffet er skadeleg i miljøet. Det er mistenkt for å kunne skade forplantningsevna, er svært persistent og blir oppkonsentrert i organismar. Stoffet er gjenfunne i miljøet, blant anna i Arktis.

TCEP kan brukast i tekstilar og plastmaterialar for å hindre at dei tek fyr. I Noreg er det registrert import av TCEP til bruk i brannhemmande maling og i bindemiddel. Stoffet kan skade forplantningsevna og er giftig i miljøet. Tilgjengelege data visar at stoffet er svært persistent og det er gjenfunne i miljøet, mellom anna i fugleblod og egg.

Regjeringa nedsette i 2009 eit offentleg utval med mandat å foreslå konkrete tiltak som kan medverke til at 2020-målet blir nådd. Utvalet kom med utgreiinga si i november 2010. Den har vore på høyring, og departementet vurderer tiltak og verkemiddel i det vidare arbeidet. Miljøverndepartementet vil leggje vekt på vurderingar og forslag frå utvalet i det vidare arbeidet for å nå 2020-målet.

Innsatsen tek stor grad sikte på å medverke til å styrke reguleringane under EU/EØS-regelverk og internasjonale avtaler. Noreg har påteke seg å evaluere fleire stoff under EU/EØS-kjemikalieregelverket REACH. REACH omfattar registrering, vurdering, godkjenning og restriksjonar på kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet har foreslått forbod mot produksjon, import, omsetjing og bruk av fem kvikksølvsambindingar under REACH. Desse stoffa er nytta i visse typar polyuretanplast, for eksempel elastiske plastprodukt. Forslaget er basert på omfattande dokumentasjon av bruken av stoffa, helse- og miljøeffektar og økonomiske konsekvensar av forbodet. Stoffa blir produserte og brukte i store mengder i EU i dag. Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider òg aktivt for å få stoff omfatta av krava til godkjenning under REACH, og har blant anna utarbeidd dokumentasjon for ulike arsensambindingar. Det går òg føre omfattande arbeid for å få stoff klassifiserte med omsyn til helse- og miljøfare. Klima- og forureiningsdirektoratet har sendt klassifiseringsforslag for sju stoff til EU, som blant anna omfattar den perfluorerte sambindinga PFOA som kan finnast i impregneringsmiddel i tekstilar.

Klima- og forureiningsdirektoratet har vidare teke på seg å vurdere to stoff i programmet der EU/EØS-landa gjennomgår dokumentasjonen i registreringane frå industrien for å identifisere om det er behov for risikoreduserande tiltak. I tillegg har Klima- og forureiningsdirektoratet påteke seg å vurdere tre stoff under REACH som er mistenkte for å ha miljøgifteigenskapar.

Samtidig blir behovet og handlingsrommet for strengare nasjonale reguleringar vurdert. Miljøverndepartementet sende forslag til regulering av fire stoff (mellomkjeda klorparafinar (MCCP), bly og blysambindingar, pentaklorfenol (PCP) og perfluoroktylsyre (PFOA) i forbrukarprodukt på høyring til ESA i desember 2010. Forslaget vart òg sendt på nasjonal høyring og notifisert til WTO. Det har komme inn mange kommentarar til forslaget og Miljøverndepartementet vurderer no forslag til reguleringar i lys av desse. I 2008 vart det innført nasjonalt forbod mot kvikksølv i produkt og utvida forbod mot den bromerte flammehemmaren deka-BDE.

Miljøstyresmaktene har òg fokus på helse- og miljørisiko ved bruk av nanomaterialar. Det er sentralt å framskaffe betre kunnskap om bruk og moglege negative verknadar som eit grunnlag for å kunne innføre tiltak. Samstundes er det viktig å få på plass gode system for å vurdere risikoen ved nanomaterialar og reguleringar som sikrar tilstrekkeleg vern av helse og miljø.

Internasjonalt arbeid er svært viktig for å redusere bruk og utslepp av miljøgifter globalt. Noreg arbeider med å få inn forbod og avgrensingar mot fleire stoff gjennom Rotterdamkonvensjonen om handel med farlege kjemikaliar, Stockholm-konvensjonen om persistente organiske miljøgifter og UNECE-protokollane om høvesvis organiske miljøgifter og tungmetall. Stadig nye miljøgifter blir inkluderte i listene under konvensjonane og fleire stoff er under vurdering, blant anna den bromerte flammehemmaren HBCDD som er foreslått av Noreg. Noreg er òg ein pådrivar for streng regulering av bruk og utslepp av kvikksølv i den nye globale konvensjonen om kvikksølv som no blir forhandla fram. Denne konvensjonen skal vere ferdig i 2013. Noreg støttar den globale kjemikaliestrategien SAICM. Strategien bidreg til grunnleggjande kapasitetsbygging for kjemikalieforvaltning i utviklingsland, og er ein viktig del av den norske satsinga for å redusere dei globale utsleppa av helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Noreg medverkar finansielt til tiltak i utviklingsland gjennom fleire kanalar over Utanriksdepartementets budsjett, særleg gjennom Det globale miljøfondet (GEF), og ved bidrag til UNEP og program for kapasitetsbygging under dei internasjonale konvensjonane.

Overvaking av miljøgifter i naturen for å følgje utviklinga over tid vil framleis vere prioritert, og opprettinga av ein nasjonal miljøprøvebank med ulike typar prøvemateriale for seinare analysar av miljøgifter er under etablering. Miljøprøvebanken er plassert i Forskingsparken på Blindern i Oslo og er administrert av forskingsinstitutta i CIENS. Miljøprøvebanken skal samle inn og ta vare på prøver av biologisk materiale, for deretter å fryse dei ned for seinare analysar av miljøgifter. Dette blir eit svært nyttig verktøy i forvaltning av og forsking på miljøgifter. Formålet er å kunne gjere nye analysar av prøver når det er utvikla betre metodar for å oppdage miljøgifter, fastsetje bakgrunnsnivå for nye miljøgifter og etablere tidstrendar.

9.2. Risiko for at utslepp og bruk av kjemikaliar er årsak til skade på helse og miljø skal minimerast.

Indikator:

  • (Risikoindikator for potensiell eksponering for helse- og miljøfarlege kjemikaliar går ut frå og med 2013.)

  • Indikatoren blir erstatta av følgjande: Risikoindikator for utslepp av farlege stoff.

Målet er at stadig mindre helse- og miljøfarlege kjemikaliar skal brukast og sleppast ut, òg frå produkt og avfall, og at kjemikaliar skal nyttast på ein måte som reduserer risikoen for helse- og miljøskade.

For å måle utslepp av helse- og miljøfarlege kjemikaliar er det utvikla ein utsleppsindikator for utvalte helse- og miljøfarlege stoff. Indikatoren tek utgangspunkt i mengde produsert, importert og eksportert av kjemikaliane kombinert med ein utsleppsfaktor basert på bruksområde. Figur 19.1 viser utviklinga i denne utsleppsindikatoren for kjemiske stoff klassifiserte med omsyn til kreft, mutagene, reproduksjonsskadelege (CMR), kronisk giftverknad, allergiframkallande effekt og miljøfare i perioden 2002 – 2010. Indikatoren i 2002 er sett lik 1.

Utrekningane indikerer at utsleppa av dei farlege kjemikaliane har auka frå 2009 til 2010. Dette skjer etter ein periode der det i fleire år har vært nedgang i utsleppa. Trenden for dei ulike gruppene varierer over tid, men frå 2009 til 2010 er det auke i utslepp for alle gruppene, og spesielt for dei utrekna utsleppa av miljøfarlege stoff. Hovudårsaka til auken i utrekna utslepp av miljøfarlege stoff er auka bruk av koparoksid for impregnering av nøter i oppdrett. Koparoksid er eit miljøskadeleg stoff, men det oppfyller ikkje kriteria for ei prioritert miljøgift. Noko av endringane kan forklarast ved konjunkturendringar ettersom det påverkar både import og produksjon. Også betre innrapportering til produktregistret kan ha gitt utslag på indikatoren.

Figur 19.1 Utsleppsindikatorar for utslepp av farlege stoff. 2002-2010, der 2002=1.

Figur 19.1 Utsleppsindikatorar for utslepp av farlege stoff. 2002-2010, der 2002=1.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå.

I tillegg til arbeidet med restriksjonar under REACH, som er omtalt tidlegare, deltek Noreg aktivt i alle komitear som er oppretta i samband med REACH, og i ei rekkje arbeidsgrupper under REACH og regelverket om klassifisering og merking av farlege kjemikaliar, omtalt som CLP. Det er samarbeid med andre nordiske land når det gjeld REACH og CLP, for eksempel med innspel til kriterium for å kunne prioritere stoff som bør evaluerast under REACH. Noreg deltek også aktivt samarbeidet om produkt med biocid. Regelverket som regulerer visse farlege kjemikaliar i elektriske og elektroniske produkt (RoHS) vart nyleg endra. Noreg arbeidde aktivt for at dette førte til eit regelverk som gav betre vern for helse og miljø.

Regjeringa arbeider for at forbrukarar skal kunne ta miljøvennlege val, og dermed redusere bruk av produkt som inneheld helse- og miljøfarlege kjemikaliar. Klima- og forureiningsdirektoratet lanserte i 2010 nettstaden Erdetfarlig.no i samarbeid med Mattilsynet og Miljømerking. Her blir det gitt hjelp til å unngå helse- og miljøfarlege stoff i forbrukarprodukt, oversikt over produkta med dei offisielle miljømerka Svanen og Blomsten innan ulike varekategoriar, og informasjon om korleis ulike typar produkt skal blir avfall.

Produktregisteret blir lagt på nettsida Produktinformasjonsbanken (www.pib.no). 2010 vart nettsida lansert på nytt med ny design og betre søkjetilhøve. Produktregisteret skal halde fram arbeidet sitt for å leggje til rette for at allmenta får tilgang til ytterlegare informasjon om produkt.

9.3. Spreiing av miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller redusert vesentleg. Spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering.

Indikator:

  • Talet på kjende lokalitetar med alvorleg grunnforureining.

Det er i august 2012 registrert 394 lokalitetar i Klima- og forureiningsdirektoratets database Grunnforureining som er kjende av styresmaktene der det finst eller er grunn til å tru at det finst miljøgifter med spreiingsfare, og der det er behov for å gjennomføre tiltak. Tiltak kan vere fjerning av masse, overdekking og sikring, arealbruksrestriksjonar eller overvaking. Talet på lokalitetar er ikkje statisk, det blir redusert som følgje av at tiltak blir gjennomførde og det aukar som følgje av nye forureina lokalitetar blir oppdaga.

I arbeidet med forureina grunn er utgangspunktet at spreiing av prioriterte miljøgifter frå forureina grunn skal stansast eller reduserast vesentleg, mens spreiing av andre helse- eller miljøfarlege kjemikaliar skal reduserast på bakgrunn av ei konkret risikovurdering. Særleg blir prioritert oppfølging av stader der forureininga medfører helserisiko for menneske eller der forureininga lek frå grunnen til område som er prioriterte i samband med arbeidet med forureina sjøbotn. Det blir dessutan vurdert nærare korleis ein kan ta omsyn til særleg sårbare grupper, som for eksempel barn.

Klima- og forureiningsdirektoratet arbeider med å gjennomføre opprydding i dei dokumentert mest alvorlege grunnforureiningslokalitetane med utslepp til prioriterte fjordar og på stader der forureininga kan føre til helserisiko for menneske, jf. St.meld. nr. 14 (2006-2007). Målet er å ferdigstille desse lokalitetane innan utgangen av 2012. Som følgje av at enkelte tiltak er tidkrevjande å gjennomføre, berre kan utførast i delar av året m.v., vil ikkje alle desse lokalitetane vere ferdigstilt i 2012, men arbeidet vil vere godt i gang og bli ferdigstilt innan rimeleg tid.

9.4. Sediment (botnmassar i sjø) som er forureina med helse- eller miljøfarlege kjemikaliar, skal ikkje medføre fare for alvorlege forureiningsproblem.

Indikator:

  • Mengd utvalte helse- og miljøfarlege stoff som er handtert ved mudring/tildekking slik at dei ikkje lenger utgjer kjelde til alvorlege forureiningsproblem.

Handlingsplan for opprydding i forureina sjøbotn i St.meld. nr. 14 (2006-2007) Sammen for et giftfritt miljø– forutsetninger for en tryggere fremtid byggjer på fylkesvise tiltaksplanar for opprydding i forureina sjøbotn for dei 17 høgast prioriterte områda i Noreg. Dei fylkesvise tiltaksplanane er avgrensa til dei delane av fjordane der sjøbotnen er sterkast forureina, og til kjeldeområde på land i tilknyting til desse. Eit omfattande arbeid er sett i gang med å førebu og gjennomføre oppryddingsprosjekt på dei 17 områda. Omfattande tiltak er gjennomførte i Kristiansand, Oslo, Tromsø og Trondheim (opprydding i den viktigaste tilførselskjelda på land knytt til Killingdal gruver). I Tromsø er tiltaka avslutta i 2012. Dei mindre, gjenståande tiltaka i Oslo skal ferdigstillast innan 2013. Harstad og Trondheim hamneområde og fleire andre tiltaksplanområde står for tur. Dei aller fleste av dei om lag 100 prioriterte skipsverfta har gjennomført undersøkingar i grunnen og i sjøbotnen utanfor for å klarleggje behovet for oppryddingstiltak. Det blir fortløpande utarbeidd tiltaksplanar for dei verfta der det er behov for tiltak. Det er viktig å stanse kjelder på land før tiltak blir gjennomførte på sjøbotnen, og for dei fleste verfta er dette rekkjefølja. Det er i tillegg gitt pålegg til 10 store hamner og dei 17 største industrihamnene med utsleppsløyve i tiltaksplanområda, om å kartleggje korleis verksemda deira medverkar til å forureine sjøbotnen, og vurdere behovet for opprydding. Miljøstyresmaktene vil òg elles der det er nødvendig og juridisk mogleg gi pålegg om oppryddingstiltak for å stanse utlekking til sjøbotn.

Gjennom å samkøyre oppryddingsprosjekt med andre planlagde aktivitetar som mudring av farleier og hamneutbygging, sikrar ein framdrift, og ein oppnår ei heilskapleg gjennomføring med både miljøvise og økonomiske fordelar.

St. meld. 14 understrekar betydninga av å kople opprydding av forureina sjøbotn til relevante lokale prosjekt. Det kan derfor i enkelte høve vere føremålstenleg å fråvike den prioriterte lista. Dette gjeld spesielt i høve der undersøkningar visar stor forureining. Eit eksempel på dette er Bodø, som ikkje er på den prioriterte lista, men der det er påvist forureina sjøbotn, og tiltak vil kunne gjennomførast i samband med planlagt utdjuping av farleia i Bodø hamn.

Når opprydding av eit tiltaksplanområde er ferdigstilt skal det takast ut av lista over dei mest prioriterte områda. Dette inneber at Tromsø hamn no blir teken ut av lista, mens Oslo hamn vil kunne takast ut i 2013. Klima- og forureiningsdirektoratet rapporterer tertialvis om framdrift/prosjekt og tilhøyrande tak for utbetaling til Miljøverndepartementet. Eit prosjekt er rekna som ferdigstilt når kjelder til forureining på land er stansa eller redusert og tiltak for opprydding er gjennomførte og sluttkontrollerte. Etter ferdigstilling følgjer ein fase med overvaking og evaluering av tiltaka.

I dei fleste av tiltaksplanområda har kommunane ei sentral rolle i oppryddingstiltaka som lokal styresmakt, ansvarleg for hamneverksemda og ansvarleg for viktige kjelder til utlekking av miljøgifter frå avfallsdeponi og kommunale avløp. Fylkesmannen har forureiningsmynde i dei fleste sakene og regulerer tiltaka etter forureiningslova og forskrifter. Etter søknad medverkar Klima- og forureiningsdirektoratet med midlar til enkelte kommunar, undersøkingar og oppryddingsprosjekt i forureina sjøbotn og til kommunale prosjektleiarar for tilrettelegging for lokal styring av dette arbeidet. Oppryddinga er som nemnt ferdigstilt i nokre område, og i andre område er den godt i gang. Det blir gjennomført målingar i alle områda der opprydding er gjennomført, og desse tala vil vere tilgjengelege i løpet av 2012. Indikatoren for opprydding i sedimenter vil så snart som mogleg òg ta inn dei andre områda det er rydda opp i.

Tabell 19.3 Utvalde farlege kjemikaliar handtert ved oppryddingstiltak frå 2004 til 2010*

Stoff

Mengd (kg)

Bly

94183

Kadmium

1809

Kvikksølv

2046

PAH16

12776

PCB7

58

TBT

84

Gjennom opprydding i Oslo og Kristiansand er over 94 tonn bly og 12 tonn av det polyaromatiske hydrokarbonet PAH16 blitt handterte. Det er òg blitt fjerna store mengder andre miljøgifter, mellom anna kvikksølv og kadmium.

*Gjeld opprydding i Oslo og Kristiansand

Kjelde: Klima- og forureiningsdirektoratet

9.5. Utslepp, risiko for utslepp og spreiing av radioaktive stoff som kan vere årsak til helse- og miljøskade skal haldast på lågast mogleg nivå. Alt radioaktivt avfall skal handterast forsvarleg på godkjent måte.

Indikatorar:

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

  • Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjend måte.

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Dei to siste indikatorane blir frå neste budsjett erstatta av følgjande nye indikatorar:

  • Mengde og type radioaktivt avfall som er deklarert.

  • Mengde og type avfall som er endeleg deponert.

  • Hendingar ved utvalte utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Ei god forvaltning gjennom forureiningslova er det viktigaste verkemidlet for å nå målet. I tillegg deltek miljøstyresmaktane i internasjonalt arbeid og har dialog med land med kjelder som kan påverke Noreg. Andre verkemiddel er å kartleggje tilstanden, overvake miljøet og byggje kunnskap på området.

Det blir arbeidd med å kartleggje ulike kjelder og type verksemder som genererer radioaktivt avfall og med å lage ei oversikt over avfallsstraumar. Erfaring frå den første perioden viser at det er behov for både betre informasjon om deklarering av avfall og ei høgre detaljering i deklareringa for å sikre god informasjon.

Gjennom det nasjonale overvakingsprogrammet for radioaktiv forureining held norske styresmakter seg fortløpande orienterte om den radioaktive forureininga av norske land- og sjøområde. Programmet vil kunne fange opp utslepp frå kjelder både innanfor og utanfor Noreg.

  • Samla årleg utslepp av utvalde radioaktive stoff frå nasjonale kjelder.

Utslepp frå olje- og gassverksemd

I 2010 vart det totalt sleppt ut 131 millionar kubikkmeter produsert vatn til havet frå norsk olje- og gassindustri i Nordsjøen og Norskehavet. Det er venta at utsleppa av produsert vatn vil auke, då vassmengda generelt aukar med alderen til feltet. Dei norske utsleppa har over fleire år utgjort omtrent 50 pst. av dei radioaktive utsleppa frå petroleumsindustrien til nordaust-Atlanteren. Konsentrasjonen av radioaktive stoff varierer frå felt til felt, og det er derfor ikkje sikkert at utsleppa vil auke i takt med utslepp av produsert vatn. Noreg har gjennom OSPAR forplikta seg til ein gradvis reduksjon av utslepp fram mot 2020 slik at nivået i det marine miljøet kjem på 2009-nivå. Basert på prognosar om mengder produsert vatn ligger Noreg ikkje an til å nå målet om ein gradvis reduksjon, men utslepp i 2020 ser ut til å bli lågare enn i 2009.

Utslepp frå sjukehus og forsking

Sjukehus og forskingsverksemd rapporterer òg radioaktive utslepp. Dei vanlegaste nuklidane er technetium-99m og jod-131. Desse har kort halveringstid (resp. 6 t og 8,1 dagar) og utgjer truleg inga stor forureiningskjelde.

Utslepp frå forskingsreaktorar

Institutt for Energiteknikk (IFE) driv to forskingsreaktorar, ein på Kjeller og ein i Halden. Alvorlege uhell kan føre til lokale utslepp av radioaktivitet til luft, men risikoen for stor miljø- og helseskade er rekna som liten.

  • Nivå i miljøet av utvalde radioaktive stoff.

På 1950- og 1960-talet var nedfall etter prøvesprengingar av kjernevåpen i atmosfæren den viktigaste kjelda til radioaktiv forureining i norske hav- og landområde. I 1986 ramma Tsjernobyl-ulukka delar av Noreg hardt. I dag er nivåa av radioaktiv forureining i norsk natur stort sett låge.

Ulike arter tek opp ulik mengd radioaktivitet. Det er og store geografiske variasjonar som reflekterer den ujamne fordelinga av radioaktivt nedfall frå Tsjernobyl-ulykka i Noreg i 1986 der Nord-Trøndelag, sørlige delar av Nordland og fjellstrøka i Sør-Noreg vart hardast råka. I dei mest utsette områda ventar ein at radioaktiviteten etter Tsjernobyl-ulykka vil finnast i sopp i minst femti år framover.

Figur 19.2 Utviklinga av cesium-137 i tre ulike sopparter i Lierne i Nord-Trøndelag

Figur 19.2 Utviklinga av cesium-137 i tre ulike sopparter i Lierne i Nord-Trøndelag

Kjelde: Statens strålevern og Noregs sopp- og nyttevekstforbund

Figuren viser at det er til dels stor skilnad mellom artene og at nedgangen i forureininga i sopp no går saktare enn før.

Norske havområde blir tilført låge nivå av radioaktiv forureining frå Austersjøen, frå Sellafield i Storbritannia (eit anlegg for brukt reprossering av kjernebrensel) og frå olje- og gassproduksjon på norsk sokkel.

Dei høgaste konsentrasjonane av radioaktive stoff finst oftast i kystområda, då utslepp både frå Sellafield og utstrøyming av cesium-137-haldig vatn frå Austersjøen i størst grad blir transportert nordover i den norske kyststraumen.

Figur 19.3 Utviklinga av utslepp av technetium-99 frå Sellafield samanlikna med nivå av technetium-99 i sjøvatn ved Hillesøy i Troms (Bq/m3).

Figur 19.3 Utviklinga av utslepp av technetium-99 frå Sellafield samanlikna med nivå av technetium-99 i sjøvatn ved Hillesøy i Troms (Bq/m3).

Kjelde: Statens strålevern og OSPAR-kommisjonen

Dei årlege utsleppa av cesium-137 frå Sellafield har vore på same nivå dei siste ti åra. Nivået av cesium-137 i sjøvatnet utanfor Tromsø har òg vore relativt stabilt dei seinare åra. Bidraget av cesium-137 frå Tsjernobyl-ulykka og atmosfæriske atomprøvesprengingar på 1950- og 1960-talet går ned grunna den fysiske nedbrytninga av stoffet.

  • Del av ulike typar radioaktivt avfall som er handtert på godkjent måte.

Det vart innført deklarasjonsplikt for radioaktivt avfall frå 2011 på lik linje med farleg avfall. I 2011 vart det registrert 310 deklarasjonsskjema for til saman 17 730 227 kg radioaktivt avfall. Det registrerte avfallet stammar blant anna frå petroleumsverksemd, sjukehus, universitet og forskingsinstitusjonar. Den største avfallsgruppa er radioaktive jord- og steinmassar, der mesteparten, 17 627 050 kg, er alunskifer.

Deponiet i Gulen som tek imot radioaktivt avfall frå petroleumsverksemda har i 2011 teke imot 206 196 kg avfall. 188 642 kg av dette er ferdigbehandla og endelig deponert. IFE rapporterte at deponiet i Himdalen har teke imot 206 tønneekvivalentar i 2006. Nemninga tønneekvivalentar er eit mål for det volum som avfallet opptek sett i forhold til ei standardisert lagringstønne. I løyvet til Himdalen er mengda avfall regulert i Bq og ikkje i kilo. Til saman er det deklarert 5875 kg radioaktivt sjukehusavfall og 18 732 kg radioaktivt avfall frå universitet og forskingsinstitusjonar i 2011.

  • Berekna risiko for utslepp frå utvalde utanlandske kjelder som kan påverke Noreg.

Risikoen for at ei alvorleg atomhending skal inntreffe og ramme Noreg, vart sist vurdert i Nasjonal sårbarhets- og beredskapsrapport (NSBR) 2011. Risikoen vart då vurdert som låg. Samstundes har erfaringa med Fukushima-kraftverket vist at det er særs vanskeleg å spå kva ulykker som kan ramme. Risiko er påverka av teknisk standard, organisasjon, myndigheitskontroll og tryggleikskultur, og nye anlegg er oftast sikrare enn dei gamle. Med uendra nivå på tryggleiken vil sjansen for ulykker auke i takt med talet på anlegg.

Det viktigaste verkemiddelet for Noreg er å sikre ein god dialog med styresmaktene i dei landa som har anlegg som kan vere årsak til radioaktiv forureining i Noreg. Derfor deltek Miljøverndepartementet i arbeidet med gjennomføringa av Regjeringas handlingsplan for oppfølging av St.meld. nr. 34 (1993-94) og St.mld. nr. 11 (2010-2011) om atomverksemd og kjemiske våpen i våre nordlege nærområde. Noreg legg særleg vekt på samarbeid med og støtte til russiske tilsynsstyresmakter, og på at konsekvensar for miljøet må vurderast før ulike tiltak blir sette i verk slik at risikoen for ulykker blir så liten som råd er. Samarbeidet om overvaking av radioaktiv forureining er òg styrkt gjennom ekspertgruppa i den norskrussiske miljøvernkommisjonen.

Utslepp frå anlegget i Sellafield ligg no på eit langt lågare nivå enn på 1990-talet. Framleis blir likevel om lag 900 tonn høgaktivt flytande avfall (HAL) lagra. Ei rapport frå Statens strålevern viser at eit mogleg uhell ved Sellafieldanlegga kan ramme Noreg hardt. Behovet for rask reduksjon av mengdene av flytande, høgradioaktivt avfall og styrkt tryggleik har vore teke opp med britiske styresmakter ei rekkje gonger på politisk nivå. Det er òg nær kontakt mellom dei norske og britiske styresmaktane på departements- og fagnivå.

Miljøverndepartementet deltek òg i embetsgruppa for koordinering av atomberedskapen i Noreg og har dekt sin del av kriseutvalet sin langtidsplan for oppgradering av den norske atomberedskapen. Det blir vidare arbeidd med å sikre at departementet og dei underliggjande etatane er godt eigna til å redusere konsekvensane for helse og miljø så godt som mogleg i tilfelle ei alvorleg atomhending.

9.6. Veksten i mengda avfall skal vere vesentleg lågare enn den økonomiske veksten.

Indikator:

  • Total mengd avfall generert pr. år sett i forhold til økonomisk vekst målt i BNP.

Figur 19.4 Utvikling i avfallsmengd og BNP frå 1995 til 2010

Figur 19.4 Utvikling i avfallsmengd og BNP frå 1995 til 2010

Kjelde: SSB/Miljøstatus.no

For dei fleste miljøproblema som har si årsak i avfall er det fastsett eigne resultatmål, blant anna for utslepp av klimagassar og for miljøgifter. Verkemiddelbruken på avfallsfeltet må derfor sjåast i samanheng med verkemiddelbruken på desse områda.

Veksten i økonomien har tradisjonelt gitt auka avfallsmengder. Miljøproblema som følgjer av dei auka avfallsmengdene kan delvis motverkast ved gjenvinning. Det er likevel grenser for kor store delar av avfallet det er miljøvist føremålstenleg, økonomisk forsvarleg og teknisk mogleg å gjenvinne. Tilsvarande avgrensingar gjeld for utsleppsreduksjonar frå sluttbehandlingsanlegga. Vi ser at veksten i avfallsmengdene er blitt teken unna i form av vekst i materialgjenvinning og energiutnytting dei seinare åra. Både materialgjenvinning, energiutnytting og deponering av avfall fører med seg utslepp. Utan avfallsreduksjon vil derfor utslepp frå avfallsbehandling halde fram med å auke i takt med auka avfallsmengder. Resultatmålet inneber at same økonomiske aktivitetsnivå i framtida skal medføre vesentleg mindre avfall. I dette legg Regjeringa at det skal vere ein forskjell som monner og som varer ved.

Den samla avfallsveksten frå 1995 til 2010 var på 33 pst. Dette er ein god del lågare enn veksten i BNP målt i faste prisar, som var på 39 pst. i same periode. Dette kan ha mange årsaker. Effekten av finanskrisa og redusert aktivitet i enkelte sektorar, særleg byggjesektoren, har truleg medverka noko. Avfallsmengda auka noko igjen frå 2009 til 2010, truleg fordi aktivitetsnivået i blant anna byggjesektoren tok seg opp igjen. Avfall frå næringsverksemd utgjorde i 2010 om lag 77 pst. av den totale avfallsmengda. Framleis er industrien den sektor som står for det meste av avfallet med 28 pst. i 2010. Hushaldsavfall står for 23 pst. av avfallsmengda. Mengda hushaldsavfall har auka med 86 pst. i perioden 1995 til 2011. I 2011 kasta kvar og ein av oss 438 kg hushaldsavfall, noko som er ei auke på 4,5 pst. frå 2010. Forbruksvolumet gjekk berre opp med 2,5 pst. For kvar 1 000 kroner som går til forbruk, kastar vi om lag 2 kg avfall. Endringar i datagrunnlag og omlegging av SSB sin avfallsstatistikk kan òg ha påverka utviklinga i indikatoren.

Ei fråkopling av avfallsgenereringa frå den økonomiske veksten kan skje gjennom endra samansetjing av produksjon og forbruk, og gjennom auka materialeffektivitet i dei enkelte produkta og produksjonsprosessane. Miljøverndepartementet har her ei særleg pådrivarrolle.

9.7. Det blir teke sikte på at mengda avfall til gjenvinning skal vere om lag 75 pst. i 2010, med ein vidare opptrapping til 80 pst., basert på at mengda avfall til gjenvinning skal aukast i tråd med det som er eit samfunnsøkonomisk og miljøvist fornuftig nivå.

Indikator:

  • Delen av ordinært avfall som går til gjenvinning, basert på totalt generert mengd avfall som går til kjent behandling

Gjenvinning av avfall omfattar materialgjenvinning, biologisk behandling, forbrenning med energiutnytting og bruk av massar som fyll- eller dekkmassar. Gjenvinningsgraden har vore stabil sidan 2005. Farleg avfall er då halde utanom. I 2010 vart 82 pst. av avfallet gjenvunne (SSB 2011). Gjenvinningsgraden inkluderer 46 pst. til materialgjenvinning, 25 pst. til energiutnytting og det resterande til kompostering eller til bruk som dekkmasse eller fyllmasse. Fordi målet om 75 pst. gjenvinning i 2010 er nådd, vil det vere naturleg å vurdere å skrive om resultatmål 9.7 frå og med 2014.

Figur 19.5 Andel avfall til gjenvinning

Figur 19.5 Andel avfall til gjenvinning

Kjelde: SSB/Miljøstatus.no

Det er innført fleire verkemiddel for å stimulere til gjenvinning, under dette forbod mot deponering av nedbryteleg avfall og produsentansvar for enkelte typar avfall.

Det er etablert eigne retursystem for fleire ulike avfallsfraksjonar. Svært gode resultat frå retursystema medverkar til høg gjenvinningsgrad.

Om lag 1,4 mill. tonn avfall vart deponert i 2009. Mengda avfall til deponi var 600 000 tonn lågare i 2010 enn i 2007, ein nedgang på nær ein tredel. Dette inkluderer ei betydeleg mengd farleg avfall som blir lagt i eigne deponi. Mengda avfall som blir lagt på deponi, er den lågaste sidan starten av avfallsrekneskapen i 1995. Om lag ein firedel av det tidlegare deponerte avfallet er truleg nedbryteleg avfall som er årsak til metanutslepp frå deponia (SSB 2010).

Då forbodet mot deponering av nedbryteleg avfall vart fastsett, var det venta at det ville ta om lag fem år før tilstrekkeleg alternativ behandlingskapasitet var etablert. Det vart derfor vurdert som nødvendig å opne for mellombelse dispensasjonar frå forbodet. Det vart gitt dispensasjon for ei relativt stor mengd avfall i den første tida etter at forbodet vart innført. Dei fleste dispensasjonane gjekk ut i 2011, men det er gitt dispensasjon for nokre mindre mengder fram til 2013. Det har vore ei viss uro i forbrenningsmarknaden, og då særleg som følgje av at norske forbrenningsanlegg opplevde at dei hadde dårlegare konkurransevilkår enn svenske anlegg. Etter at Regjeringa i Prop. 126 LS (2009-2010) Endringar i skatte – og avgiftsreglane m.v. foreslo å avvikle sluttbehandlingsavgifta på forbrenning frå 1. oktober 2010, har det vore betydeleg mindre uro i avfallsmarknaden. Det er samtidig på det reine at mange avfallsforbrenningsanlegg har ein stram økonomi som følgje av eit betydeleg prispress i den norsksvenske avfallsmarknaden.

Registrert eksport av avfall har auka klart. I 2010 var eksporten av avfall (ordinært avfall og farleg avfall) om lag 1 mill. tonn. Dette var rundt 230 000 tonn meir enn året før. Auken skuldast truleg deponiforbodet som vart innført i 2009, i tillegg til forskjellige økonomiske og teknologiske faktorar. Meir enn 80 pst. av avfallet gjekk til forbrenning med energiutnytting. Eksport av avfall i 2003 var til samanlikning 146 000 tonn. Auken skuldast for ein stor del eksport av brennbart avfall til energigjenvinning i Sverige. Situasjonen har så langt ikkje gitt grunnlag for særskilte tiltak for å setje grenser for mengda avfall som blir eksportert eller importert.

9.8. Farleg avfall skal takast forsvarleg hand om og anten gå til gjenvinning eller vere sikra god nok nasjonal behandlingskapasitet.

Indikatorar:

  • Mengd farleg avfall med ukjent disponering.

Meir enn 90 pst. av det farlege avfallet blir samla inn og teke forsvarlig hand om. I 2010 vart 1,2 mill. tonn farleg avfall levert til godkjent behandling, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Om lag 74 000 tonn farleg avfall vart handtert på ukjent måte. Noko av det farlege avfallet som er handtert på ukjent måte kan ha blitt blanda med vanleg avfall, sleppt ut i kloakken eller dumpa direkte i naturen.

Farleg avfall som blir levert til godkjent behandling blir ikkje alltid registrert på riktig måte. Vi trur derfor at delar av dei 74 000 tonna likevel kan vere handtert ved godkjente behandlingsanlegg.

Figur 19.6 Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling. Farleg avfall til godkjend behandling innanlands eller utanlands frå 2003 til 2010

Figur 19.6 Mengd farleg avfall som blir eksportert til sluttbehandling. Farleg avfall til godkjend behandling innanlands eller utanlands frå 2003 til 2010

Kjelde: Kjelde SSB/Miljøstatus.no

Mesteparten av det farlege avfallet blir teke hand om i Noreg, viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Om lag 85 pst. av det farlege avfallet som gjekk til godkjent behandling i 2010, vart behandla i Noreg. Dette utgjorde rundt 990 000 tonn.

Vi eksporterer ein del farleg avfall til utlandet. I 2010 vart rundt 170 000 tonn sendt til godkjent behandling i utlandet.

For å handtere farleg avfall på forsvarleg vis trengst det spesialisert behandling. For Noregs del er det snakk om relativt små avfallsmengder som i dag ikkje kan behandlast i norske anlegg. Om lag halvparten blir eksportert til gjenvinningsformål. Vi har eit godt samarbeid med nabolanda våre, og mesteparten av det farlege avfallet blir eksportert til Sverige.

For å sikre forsvarleg behandling i mottakarlandet må eksport av farleg avfall godkjennast av Klima- og forureiningsdirektoratet.

9.9. Genereringa av ulike typar farleg avfall skal reduserast innan 2020 samanlikna med 2005-nivå.

I 2010 vart 1,2 mill. tonn farleg avfall levert til godkjent mottak, dette er ein auke frå året før. Sidan 1999 er det blitt registrert ein stor auke i mengda farleg avfall. Mykje av denne auken reknar ein med kjem av at lista over farlege avfallstypar er utvida. Datagrunnlaget har òg blitt betre og den reelle auken kan derfor vere mindre enn statistikken viser.

20 Resultatområde 10 Rein luft

I Noreg finn vi stort sett denne reine, klare lufta som er ein føresetnad for menneskeleg helse og trivsel, og som er nødvendig for at planter og dyr skal trivast. Dei høge konsentrasjonane av helseskadelege stoff vi har målt i lufta i fleire av byane våre, viser at situasjonen framleis ikkje er god nok. Overskridingar av dei nasjonale måla for lokal luftkvalitet i fleire norske byar skuldast blant anna utslepp frå mange bilar konsentrerte på eitt område, og mange personar som fyrer med ved eller olje på kalde vinterdagar. God luftkvalitet reduserer faren for helseskadar, særleg for sårbare grupper som eldre, barn og foster. Fråvær av støy har òg ein positiv innverknad på menneske sitt ve og vel, og oppleving av stille er ein viktig del av kvalitetane i friluftsområde og kulturmiljø. Den største kjelda i Noreg er vegtrafikkstøy som i følgje Verdas helseorganisasjon stel mange friske år av liva til menneske.

For mange av oss er verknadene av luftforureining og sur nedbør blant dei første miljøproblema vi kan hugse. Vi såg bilete av døde trær i Schwarzwald i Tyskland. Her heime forsvann mange tusen fiskebestandar frå vassdraga våre. Sur nedbør kryssar landegrensene. Gjennom målretta internasjonalt samarbeid er tilførslene av sur nedbør vesentleg reduserte. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom ikkje utsleppa i Europa blir ytterlegare reduserte. Når det gjeld ozonlaget, som vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola, har dei relaterte utsleppa vore kraftig reduserte dei siste åra. Likevel vil det ta lang tid før ozonlaget kan friskmeldast.

Tilstand

Lokal luftkvalitet

Svevestøv (PM10 og PM2,5) og nitrogendioksid (NO2) er dei mest dominerande stoffa i lokal luftforureining. Luftkvaliteten har generelt sett blitt betre sidan 1990-talet, men det var framleis overskridingar av nasjonalt mål for svevestøv og NO2 i 2011. Det er ikkje berre dei største byane som har vanskar med å nå nasjonalt mål. Også mindre byar og tettstader har fleire overskridingar enn det som er tillate i forhold til nasjonalt mål for svevestøv.

Når det gjeld NO2 vart nasjonale mål overskridne i dei største byane. I kuldeperiodar om vinteren kan det bli stilleståande luft og høge forureiningsnivå nær dei mest trafikkerte vegane. Det er òg vanleg at slik vinterkulde endar opp med inversjonslokk som hindrar utluftinga. Ofte varer slike lokk berre nokre timar, men dei kan nokre gonger vare fleire dagar i enkelte større byar, slik som for eksempel Bergen i januar i 2009/2010. Under slike forhold kan store delar av befolkninga bli eksponerte.

I tillegg kan stoff som svoveldioksid (SO2), bakkenær ozon (O3), karbonmonoksid (CO), PAH og benzen bidra til dårleg lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Utsleppa av svovel og nitrogen i Europa er reduserte med respektive rundt 60 pst. og 20 pst. sidan 1990 og tilførslene til Noreg er reduserte omtrent tilsvarande.

Tolegrensa for forsuring av overflatevatn var i 2005 overskriden i om lag 10 pst. av Noregs areal. Dette omfanget har ikkje endra seg vesentleg dei seinare åra. Det er ingen overskridingar av tolegrenser for forsuring av skog i Noreg.

I store område i Sør-Noreg er mykje av dyrelivet i ferskvatn sterkt skadd. Skadane på botndyr og krepsdyr er framleis store og situasjonen er ustabil. Som følgje av forsuringa er rundt 15 000 fiskebestandar tapt eller sterkt skadde. Vasskvaliteten er blitt betre dei seinare åra. Det er teikn til betring med omsyn til fiskebestandar sidan 1990, sjølv om mange innsjøar framleis er fisketomme.

Areal med overskridingar av tolegrensene for overgjødsling av vegetasjon (terrestriske økosystem) minka i perioden 1980 – 1995, men har ikkje endra seg etter dette. I 2005 var tolegrensene overskridne i ca. 14 pst. av Noregs areal. Nitrogenavsetningane har ført til endringar i det biologiske mangfaldet både i Noreg og i Europa. Resultat frå norske overvakingsprogram viser klare koplingar mellom atmosfærisk avsetning av nitrogen og artssamansetning, og at nitrogennedfall påverkar markvegetasjon og algevekst negativt. I næringsfattig ferskvatn fører auka nitrogentilførsler til auka plantevekst og endringar i det biologiske mangfaldet.

Episodar med høgare ozonkonsentrasjonar i Noreg førekjem gjerne når det er høgtrykk over kontinentet, som fører til transport av forureina luft nordover. Dei høgaste verdiane blir normalt målte på strekninga frå Vest-Agder til Oslofjorden. Høge ozonkonsentrasjonar førekjem ofte som episodar over nokre timar eller dagar, som regel om våren og tidleg på sommaren. Overskridingar av grenseverdiar for bakkenært ozon med tanke på vern av helse skjer dei fleste år, men talet på og grad av overskridingar varierer mykje frå år til år. EUs grense for melding til befolkninga blir sjeldan overskriden i Noreg (sist i 2006).

Grenseverdien for vern av landbruksvekstar mot ozonskadar blir overskridne enkelte år, mens grenseverdien for skog sjeldan blir overskriden i Noreg.

Støy

Om lag 1,7 million menneske er utsette for eit gjennomsnittleg støynivå over 50 dB ved bustaden sin. Dette omfattar støy frå fly, jernbane, industri, og anna næringsverksemd, men for veg er det berre teke med dei som er utsette for nivå over 55 dB. Bortimot ein halv million menneske er mykje eller sterkt plaga, og rundt 200 000 menneske har problem med nattesøvnen som følgje av støy.

Støy verkar ofte saman med andre stressfaktorar som for eksempel luftforureining. Det er påvist at støy kan gi kortvarige fysiologiske forandringar som er typisk for psykisk stress, og kan gi helseplager som muskelspenningar og muskelsmerter. Støy kan òg vere ei medverkande årsak til høgt blodtrykk og utvikling av hjarte- og karsjukdommar. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir. Fleire tiltak må på plass dersom vi skal nå dei nasjonale måla for støyreduksjon.

Tabell 20.1 Definisjonar

Omgrep

Definisjon

Bakkenært ozon

Ozon er ein gass som både finst nær bakken og i dei øvre laga av atmosfæren. Ozon blir danna når nitrogenoksid (NOx) og flyktige organiske sambindingar (VOC) reagerer med kvarandre under påverknad av sollys. Hovudkjelda til bakkenær ozon i Noreg er langtransportert luftforureining frå andre europeiske land. Utslepp i Noreg medverkar òg noko til danning av bakkenært ozon, spesielt nær store utsleppskjelder. Høge nivå av ozon nær bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og materialar. I Noreg kan nivåa komme over tilrådde grenseverdiar for helse og vegetasjon i periodar om sommaren.

Nitrogenoksid (NOx)

NOx er ei fellesnemning for nitrogenoksida NO og NO2. NOX er kjemiske sambindingar av oksygen og nitrogen som blir danna ved at desse reagerer med kvarandre under forbrenning ved høg temperatur.

Svevestøv

Svevestøv er ei kompleks blanding av mikroskopiske partiklar i lufta vi pustar inn. Slike partiklar kan dannast ved forbrenningsreaksjonar og mekanisk slitasje, virvlast opp av vind eller dannast direkte i atmosfæren ved kondensering av gassar. Svevestøv eller partikulært materiale (PM) er delt inn i ulike klassar etter partikkelstorleik. Dei viktigaste kategoriane er PM10-partiklar mindre enn 10 mikrometer (µm), PM2,5-partiklar mindre enn 2,5 µm og PM0,1-partiklar mindre enn 0,1 µm.

Sur nedbør

Svovel- og nitrogensambindingar i luft og nedbør gir opphav til sur nedbør og blir sette av i naturen anten med nedbør (våtavsetning) eller som gassar eller partiklar (tørravsetning).

Støy

Støy er uønskt lyd. Støy treng ikkje vere sterk lyd av uharmonisk karakter, som trafikkstøy eller industristøy, det kan òg vere lydar ein vanlegvis knyter til noko positivt.

Påverknader

Lokal luftforureining

Dei viktigaste kjeldene til svevestøv er trafikk med eksos og asfaltstøv frå piggdekk, vedfyring og langtransportert forureining. Den viktigaste kjelda til utslepp av NO2 er vegtrafikk, der tunge dieselkøyretøy bidreg mest.

Helserisikoen knytt til lokal luftforureining avheng av kor høg konsentrasjonen av dei forureina stoffa er og kor lenge vi blir utsette for dei. Det er i hovudsak astmatikarar og personar med luftvegslidingar eller hjarte- og karsjukdommar som opplever helseeffektar frå luftforureining i Noreg. Av stoffa som medfører lokal luftforureining er det størst helserisiko knytt til svevestøv, men det er òg helserisiko knytt til nitrogendioksid (NO2).

Det er venta at konsentrasjonen av svevestøv vil bli redusert på grunn av reinare bilpark, omnar som brenn reinare og redusert bruk av piggdekk, men det vil framleis vere overskridingar av dei nasjonale måla i ei rekkje byar i åra framover. For NO2 er det ikkje venta store endringar i konsentrasjonane med dagens verkemiddelbruk, men trenden for NO2 er meir usikker enn for svevestøv. Auka kunnskap om kva som er dei reelle NOx-utsleppa og betre kunnskap om korleis NO2/NOx-delen vil endre seg med ny bilteknologi vil kunne medføre endra prognosar for framtidige utslepp.

Langtransportert luftforureining

Sur nedbør er resultatet av utslepp av blant anna svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOX) og ammoniakk (NH3). Noreg er særleg utsett for forsuring av vassdrag som følgje av tilførsle av svovel og nitrogen som kjem frå grenseoverskridande luftforureiningar. Utslepp som skjer i eitt land kan føre til betydeleg skade i andre land. Nedfallet av svovel og nitrogen i Noreg stammar først og fremst frå andre land i Europa som Storbritannia, Tyskland og Polen og frå internasjonal sjøfart i dei nære havområda.

Forsuring gir redusert vasskvalitet og har ført til at mange fiskebestandar er reduserte eller har gått tapt, særleg i Sør-Noreg. Anna dyre- og planteliv er òg påverka av sur nedbør. Sjå nærare omtale under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Nitrogen verkar òg som gjødsel og kan medverke til overgjødsling og endringar i vegetasjonen. Høge konsentrasjonar av ozon ved bakken kan føre til skadar på helse, vegetasjon og material.

Ozonreduserande stoff

Utslepp av ozonreduserande stoff har svekt ozonlaget dei siste 30 åra. Bruken av stoffa er kraftig redusert, men ozonlaget kan truleg ikkje friskmeldast før i 2050 – 2070. Ozonlaget vernar alt liv mot skadeleg ultrafiolett stråling frå sola. Auka stråling kan blant anna føre til alvorlege sjukdomar, så som hudkreft og augesjukdomar, reduserte avlingar, svikt i matvareproduksjonen, og det kan skade havets økosystem.

Støy

Vårt moderne samfunn er ei kjelde til auka støy for mange menneske. I fleire tiår har vi hatt ei utvikling med stadig meir transport. Dette gir mykje støy. Vegtrafikk er den største støykjelda i Noreg og står for nesten 80 pst. av utrekna støyplager. Støy frå fly- og jernbanetrafikken har blitt redusert sidan 1999, men meir støy frå vegtrafikken veg dessverre opp for denne positive utviklinga.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Forureiningslova og tilhøyrande forskrifter er sentrale verkemiddel for å regulere forureinande utslepp til luft og støy. Hovudregelen i forureiningslova er at forureining er forbode. Dermed har ingen lov til å forureine utan at det er gitt løyve til det, anten gjennom individuelt løyve til ei verksemd eller i forskrift.

I kommunale planar kan det etter plan- og bygningslova stillast krav til miljøkvalitet og grenseverdiar for tillaten forureining.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking er eit viktig og nødvendig grunnlag for resultatområdet. God lokal luftkvalitet og fråvære av støy er òg ein føresetnad for eit godt bymiljø, blant anna er planlegging av kor ulike verksemder skal leggjast og innretning av kollektivtilbod svært viktig. Sjå omtale i resultatområde 7 Godt bymiljø.

Lokal luftkvalitet

Føresegnene om lokal luftkvalitet i forskrift 1. juni 2004 nr. 931 om avgrensing av forureining (forureiningsforskrifta) kapittel 7 er det sentrale verkemiddelet på området lokal luftkvalitet. I forskrifta er kommunane gjort til forureiningsstyresmakt for lokal luft. Forskrifta gir grenseverdiar for konsentrasjonar av ei rekkje stoff i luft og stiller krav til målingar, utrekningar, utgreiingar av tiltak og rapportering. Lovgivinga har sitt utspring i EUs rammedirektiv for luftkvalitet av 2004, og er innlemma i EØS-avtala. Noreg deltek i styringsgruppa som drøftar EUs vidare strategiar og politikk for å redusere langtransporterte og lokale luftforureiningar.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere luftforureiningar ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere luftforureining. Dei siste åra har det vore viktig å utvide verktøykassa til kommunar og anleggseigarar slik at det kan setjast i verk tiltak i periodar med overskridingar av grenseverdiane i forureiningsforskrifta. Ein ny rettleiar som klargjer ansvarsforhold ved innføring av tiltak, og når desse skal innførast, vart òg utarbeidd i 2011.

Det nasjonale målet er strengare enn krava i forureiningsforskrifta. For å få ein luftkvalitet som ikkje berre tilfredsstiller krava i forskrifta, men som òg betrar luftkvaliteten mot nasjonale mål har Klima- og forureiningsdirektoratet fått i oppdrag å utarbeide eit forslag til innskjerpa grenseverdiar i forureiningsforskrifta kapittel 7 om lokal luftkvalitet. Utgreiinga skal ferdigstillast innan utgangen av 2012. Formålet med ei slik innskjerping er å gi kommunar og anleggseigarar eit større insitament til å betre lokal luftkvalitet.

Langtransportert luftforureining

Målet om at helse og miljø ikkje skal ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar kan berre nåast gjennom internasjonalt samarbeid for å redusere langtransportert forureining. Takka vere dei internasjonale avtalene under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining, er tilførslene av sur nedbør til Noreg vesentleg reduserte sidan 1980. Likevel vil vassforsuring framleis vere eit problem i store delar av Noreg fleire tiår framover dersom tilførslene av svovel og nitrogen ikkje blir ytterlegare reduserte.

Langtransportert luftforureining fører òg til overgjødsling av vegetasjon og til høge konsentrasjonar av bakkenært ozon som kan skade både helse, vegetasjon og materialar. Landa som deltek i samarbeidet under Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftforureining er i forskjellig grad råka av ulike skadar som følgje av luftforureiningar. Ettersom dei ulike skadane stort sett skuldast dei same stoffa og utsleppskjeldene, har konvensjonen sine partar valt å gå saman om å finne heilskaplege løysingar på dei forskjellige miljøproblema. Ei lang rekkje land har påteke seg forpliktingar om å redusere sine samla utslepp av luftforureiningar, sist gjennom Gøteborgprotokollen av 1999 om reduksjon av forsuring, overgjødsling og bakkenært ozon. Landa som er partar til Gøteborgprotokollen vart 4. mai 2012 samde om endringar i protokollen. I tillegg til dei noverande utsleppsforpliktingane som gjeld frå 2010, tok partane til protokollen på seg nye utsleppsforpliktingar med målår 2020. Noreg har teke på seg følgjande forpliktingar om utsleppsreduksjonar innan 2020, med 2005 som basisår: svoveldioksid (SO2): 10 pst., nitrogenoksid (NOx): 23 pst., flyktige organiske sambindingar unnateke metan (nmVOC): 40 pst., ammoniakk: 8 pst. og små partiklar (PM2,5): 30 pst. Noreg deltek i dette arbeidet med mål om å redusere tilførslene av skadelege luftforureiningar ytterlegare, både til Noreg og resten av avtaleområdet. Noreg ser det òg som viktig å medverke til at fleire av landa i Sør- og Aust-Europa, Kaukasus og Sentral-Asia sluttar seg til den reviderte Gøteborgprotokollen. Noreg vil i dette arbeidet òg leggje vekt på at landa skal redusere forureinande utslepp som medverkar til klimaendringar, mellom anna svart karbon (sot).

Overvakinga av langtransportert forureining i luft og nedbør omfattar undersøkingar både av tilførsler og effektar av forsurande sambindingar (svovel- og nitrogensambindingar), eutrofiering (nitrogensambindingar), bakkenært ozon, partiklar og miljøgifter (tungmetall, persistente organiske sambindingar). Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for dei fleste overvakingsprogramma.

Atmosfærisk tilførsel av forureinande sambindingar er overvaka ved måling av kjemiske komponentar i luft og nedbør. Formålet er å registrere nivå og eventuelle endringar i tilførsla av langtransporterte luftforureiningar. Målestasjonane er derfor plasserte slik at dei er minst mogleg påverka av lokale utsleppskjelder (bakgrunnsstasjonar).

Tilførsler av sambindingar i luft som fører til forsuring og eutrofiering er overvaka på seks stasjonar (inkludert Zeppelin-observatoriet på Svalbard). Tilsvarande sambindingar i nedbør er overvaka på 12 stasjonar. Atmosfæriske tilførsler av bakkenært ozon er overvaka på fire stasjonar i fastlands-Noreg, og på Svalbard. Atmosfæriske tilførsler av partiklar i luft er overvaka på tre bakgrunnsstasjonar i fastlands-Noreg. Partiklar kan i særleg grad føre til helseskadar, og til skadar på materialar.

Forsuringsverknader på vasskvalitet er følgt gjennom overvaking av innsjøar og små nedbørfelt. Vasskvaliteten i om lag 70 innsjøar og seks små nedbørfelt blir undersøkt årleg for å gi ei regional/landsdekkjande beskriving av vassforsuringsproblemet og endringar i situasjonen. Det biologiske overvakingsprogrammet følgjer verknader på fisk gjennom regionale undersøkingar, og omfattar fiskebestandar i innsjøar og bekker, og botndyr i innsjøar. Verknader av eutrofiering i terrestrisk miljø (vegetasjonsendringar) er overvaka av Direktoratet for naturforvaltning som dekkjer delar av dette gjennom Program for terrestrisk naturovervaking (TOV).

Noreg samarbeider internasjonalt om utvikling av kunnskap om utslepp, tilførsler og effektar av luftforureiningar gjennom Det europeiske overvakingsprogrammet for langtransport av luftforureiningar (EMEP) og andre samarbeidsprogram under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining. Landa samarbeider òg innanfor ramma av denne konvensjonen om å utvikle kunnskapsgrunnlaget for val av tiltaksstrategiar for å redusere miljøskadar som følgje av langtransportert luftforureining, under dette kunnskap om moglege utsleppsreduserande tiltak og kostnader ved desse. Norske fagmiljø som Meteorologisk institutt, Norsk institutt for luftforskning og Norsk institutt for Vannforskning medverkar i vesentleg grad til denne kunnskapsutviklinga gjennom sine funksjonar som internasjonale fagsenter under Konvensjonen om grenseoverskridande langtransportert luftforureining.

Noreg har i Gøteborgprotokollen forpliktingar om å halde dei samla årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), flyktige organiske sambindingar unnateke metan (NMVOC) og ammoniakk (NH3) under talfesta nivå frå 2010. EU har innlemma forpliktingane i Gøteborgprotokollen i sitt miljøregelverk. Det vart i desember 2009 bestemt å innlemme EUs direktiv, om nasjonale utsleppstak for forureiningar til luft, «takdirektivet» i EØS-avtala. Noreg har i EØS-avtala teke på seg å halde dei same utsleppstaka som dei vi har i Gøteborgprotokollen. Regjeringa ser det som svært viktig å overhalde desse forpliktingane som tilsvarer dei nasjonale måla 10.2. – 10.5.

Ordinære utsleppstall for 2010 og foreløpige utsleppstal for 2011 publiserte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i resp. februar og mai 2012, viser at Noreg i både i 2010 og 2011 overheldt utsleppsforpliktingane for SO2, VOC og ammoniakk. Utsleppa av NOx som er omfatta av Gøteborgprotokollen låg i 2010 og 2011 om lag på høvesvis 28 000 tonn og 25 000 tonn over forpliktinga Noreg har i protokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. Hovudfokuset framover innafor det nasjonale arbeidet på dette området vil derfor vere på å redusere utsleppa av NOx i tråd med forpliktinga i protokollen så snart som mogleg. Av utsleppa som er omfatta av Gøteborgprotokollen, blir utslepp av SO2, NOx og VOC regulerte i utsleppsløyve etter forureiningslova og i tråd med føresegnene i relevante EU-direktiv som er innlemma i EØS-avtala. Slik regulering har dei seinare åra vore særleg viktig for å redusere utsleppa av VOC frå lasting og lagring av råolje på sokkelen. På bakgrunn av utsleppsforpliktinga i Gøteborgprotokollen inngjekk Miljøverndepartementet og Norsk Industri (tidlegare Prosessindustriens Landsforeining) i 2001 ei intensjonsavtale om reduksjonar i svovelutsleppa. Utslepp frå den enkelte verksemda blir regulerte i utsleppsløyve frå Klima- og forureiningsdirektoratet. Denne avtala er no gjennomført. Miljøverndepartementet og Norsk Industri forlenga i 2010 intensjonsavtala ut 2014. Tilleggsavtala har som formål å sikre at dei årlege utsleppa av SO2 frå prosessindustrien ikkje skal overstige 11 000 tonn.

Utslepp av SO2, NOx og VOC er òg regulerte i forskrifter etter forureiningslova, produktkontrollova og relevant sektorlovgiving. Til dømes er utsleppa av NOx frå køyretøy regulerte gjennom køyretøyforskriftene til vegtrafikklova. Krav til kvaliteten på bensin og autodiesel til køyretøy, ikkje-veggåande maskiner og landbrukstraktorar er fastsette i forskrift til produktkontrollova. Innhaldet av svovel i fyringsolje er regulert i forskrift til forureiningslova. Krav til utslepp av VOC frå lagring, distribusjon og påfylling av bensin, frå bruk av løysemiddel i visse verksemder og anlegg, og VOC i maling og lakk er regulerte i forskrifter til forureiningslova og produktkontrollova.

Nærare 90 pst. av ammoniakkutsleppa i Noreg skjer i landbruket. For å oppfylle Noregs forpliktingar i Gøteborgprotokollen om utslepp av ammoniakk, har Landbruks- og matdepartementet innarbeidd nye krav til utforming av husdyrrom og gjødsellager for ekstra store svine- og fjørfebesetningar i forskrift om gjødselvarer m.v., av organisk opphav.

Avgiftspolitikken er òg viktig for å stimulere til reduserte utslepp til luft. Noreg har i fleire år hatt avgift på svovelinnhaldet i mineraloljer. Avgifta medverkar til å redusere svovelutsleppa. NOx-avgifta og Miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane av 2008 om reduksjon av NOx-utsleppa er særleg viktige verkemiddel for å redusere desse utsleppa, sjå nærare omtale i boks 20.1. Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane har forlenga NOx-avtala for perioden 2011-2017. Klima- og forureiningsdirektoratet har som oppgåve å sjå til at organisasjonane overheld sine forpliktingar i NOx-avtala. Direktoratet har stadfesta at organisasjonane oppfylte reduksjonsforpliktingane på 2 000 tonn for 2008, 4 000 tonn for 2009, 5 000 tonn for 2010, og 10 000 tonn for 2011.

Boks 20.1 Avgifta på utslepp av NOx og Miljøavtala om reduksjon av NOx-utsleppa

I tråd med Stortingets vedtak sette Regjeringa 1. januar 2007 i verk avgift på utslepp av NOx. For 2011 er avgifta sett til 16,43 kr/kg NOx. Stortinget vedtok i samband med innføring av NOx-avgifta at utsleppskjelder omfatta av miljøavtale med staten om gjennomføring av NOx-reduserande tiltak i samsvar med eit fastsett miljømål kan få mellombels fritak for avgift. Den 14. mai 2008 vart det inngått ei slik avtale mellom staten ved Miljøverndepartementet og 14 organisasjonar. Det overordna målet for avtala er å redusere dei samla årlege NOx-utsleppa frå kjelder som er omfatta av avtala til maksimalt 98 000 tonn. I følgje avtala tek næringsorganisasjonane på seg å redusere dei årlege NOx-utsleppa med 30 000 tonn. Som følgje av endringar i utsleppsframskrivingane og i tråd med føresegnene i avtala, er denne forpliktinga nedjustert til 18 000 tonn, og av dette kan tiltak som reduserer dei årlege utsleppa med 7 000 tonn gjennomførast i løpet av 2011. Verksemder som slutta seg til avtala fekk fritak for NOx-avgift i tre år – 2008, 2009 og 2010. Dersom næringsorganisasjonane har oppfylt mindre enn 90 pst. av den årlege forpliktinga innan fristen, må verksemdene betale avgift for det aktuelle året. Avgiftssatsen blir i så fall redusert med den prosentvise delen av forpliktinga som er oppnådd.

Miljøverndepartementet og 15 næringsorganisasjonar inngjekk 14. desember 2010 ei ny NOx-avtale for perioden 2011-17. Den nye avtala omfattar dei same kjeldekategoriane som den første. I tillegg er utslepp frå avfallsforbrenning omfatta. EFTAs overvakingsorgan (ESA) bestemte 19. mai 2011 å godkjenne vidare fritak for NOx-avgift for åra 2011-17 på grunnlag av den nye avtala, då det ikkje var i strid med EØS-avtala.

Den nye avtala inneber at det skal gjennomførast tiltak som reduserer dei årlege NOx-utsleppa frå kjeldekategoriane som er omfatta med 16 000 tonn, etter følgjande tidsplan: 2011: 3 000 tonn, 2012: 2 000 tonn, 2013-14: 4 000 tonn, 2015-16: 4 000 tonn og 2017: 3 000 tonn. Forpliktinga i den nye avtala for 2011 kjem i tillegg til tiltaka som skal gjennomførast dette året i medhald av den første avtala. Organisasjonane har òg forplikta seg til å oppretthalde effektane som er oppnådde gjennom den første avtala ut den nye avtaleperioden.

Regjeringa arbeider innanfor FNs sjøfartsorganisasjon IMO og IMO-konvensjonen MARPOL, vedlegg VI, for å utvikle eit meir effektivt regelverk for å redusere utsleppa til luft frå skipsfarten. Etter initiativ frå blant anna Noreg, fastsette IMO i 2008 nye krav til utslepp av NOx. Frå 1. januar 2011 skal skip bygde og maskineri installert etter denne datoen ha 15-22 pst. lågare utslepp enn dei tidlegare krava. Det er òg vedteke krav til utslepp av NOx frå eksisterande maskineri over 5 000 kW og sylindervolum over 90 liter installert på skip bygde i perioden 1990-1999. Regjeringa vurderer, saman med dei andre Nordsjølanda, å søkje IMO om å gi Nordsjøen status som spesiell region med strengare krav til utslepp av NOx.

Gjennom MARPOL-konvensjonen, vedlegg VI, er det etablert eit svovelkontrollområde i Nordsjøområdet (sør for 62. breiddegrad, aust for 4. lengdegrad). Dette inneber at skip må nytte drivstoff med maksimalt 1,0 vektprosent svovel i dette området, mens den alminnelege grensa i MARPOL er 3,5 vektprosent svovel.

Det er vedteke at svovelkravet i svovelkontrollområda skal vere 0,1 vektprosent i 2015 og at kravet i andre havområde skal vere 0,5 frå 2020. Svovelkrava for skipsfarten vil truleg medføre ein sterk reduksjon i bruken av tungolje samstundes som det vil stimulere til at fleire skip blir bygde med gassmotorar.

Ozonreduserande stoff

Noreg har oppnådd gode resultat i reduksjon og stans i bruk av ozonreduserande stoff. Vi oppfyller forpliktingane i Montrealprotokollen og vi har ei målsetjing om å utvikle dette avtaleverket vidare til framleis å vere eit miljø- og kostnadseffektivt instrument for å avgrense utslepp av ozonreduserande stoff både nasjonalt og internasjonalt. Bindande internasjonale avtaler er avgjerande for å løyse dei globale og grenseoverskridande miljøutfordringane.

Miljøstyresmaktene arbeider òg aktivt med å fase ut all bruk av ozonreduserande stoff i Noreg. Det er likevel framleis attståande utfordringar som må følgjast opp for at ozonlaget skal restituerast innan rimeleg tid. Blant anna gjeld dette reduksjon i forbruket av gjenvunnen HKFK, og å sikre at stoff som ikkje lenger er i bruk blir forsvarleg tekne hand om og destruerte.

Montrealprotokollen er ei internasjonal avtale som forpliktar medlemslanda til utfasing av bruk og til betydelege reduksjonar i utslepp av gassar som er skadelege for ozonlaget. Utfasingsregimet er strengast for dei rikaste landa, som har stått for størsteparten av utsleppa. FNs miljøprogram, UNEP, har rekna ut at utan Montrealprotokollen ville mengda av ozonreduserande gassar i stratosfæren i år 2050 ha vore fem gonger større enn i dag.

Støy

Forureiningsforskrifta kapittel 5 stiller krav til gjennomføring av utbetringstiltak for personar som er utsette for innandørs støy over 42 dB i gjennomsnitt over døgnet. Støy frå blant anna industri, motorsport og skytebaner kan regulerast gjennom konsesjonssystemet i forureiningslova, mens lov av 11. juni 1976 nr. 79 om produktkontroll med underliggjande forskrifter heimlar støykrav til ulike produkt.

Fleire potensielle tiltak og verkemiddel som kan redusere støyplager ligg utanfor Miljøverndepartementets myndeområde. Miljøverndepartementet har likevel ei pådrivarrolle i forhold til andre departement og etatar for å få gjennomført tiltak som kan redusere støyplager.

Ein fornuftig arealbruk etter plan- og bygningslova er eit viktig verkemiddel for å førebyggje støyproblem. Det er gitt ei felles retningslinje for behandling av støy i plansaker, med fokus på dei største støykjeldene. Norske styresmakter har sett eit mål om at støyplaga skal reduserast innan 2020. Handlingsplanen mot støy angir kva tiltak som er nødvendige for å nå måla.

Mange av dei mest støyutsette bustadane har fått fasadeisolering og støyskjerming, men for å nå måla må vi i tillegg redusere støyen der den oppstår. Støyreduserande tiltak i trafikksamanheng kan vere å leggje støysvake vegdekke på norske vegar, tiltak for auka sal av støyreduserande bildekk og køyretøy, lågare fartsgrenser med meir.

EU arbeider òg med å avgrense støy frå ulike kjelder som køyretøy, fly og flypassar, og frå ei rekkje maskiner til utandørs bruk. Gjennom EØS-avtala er det stilt krav til at Noreg blant anna skal utarbeide støykart og ein handlingsplan for å redusere støy (frist juni 2013).

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

10.1. Helse og miljø skal ikkje ta skade av luftforureining frå SO2, NOx, VOC, ammoniakk eller partiklar.

Indikator:

  • Areal med overskridingar av tolegrenser for forsuring.

Gjennom internasjonale avtaler er tilførsla av sur nedbør til Noreg vesentleg redusert. Etter dei nyaste berekningsmetodane har Norsk institutt for vannforsking anslått at tolegrensene for forsuring av overflatevatn var overskridne på om lag 29 pst. av arealet i Noreg i 1980. I 2005 var dette redusert til om lag 10 pst. Det er ingen tydelege reduksjonar i tilførslene dei siste åra, og overskridingane av tolegrensene er derfor truleg framleis like store som i 2005. Det er venta at tolegrensene for forsuring av vassdrag vil vere overskridne på store areal i Agder-fylka og Rogaland også i åra framover. Vasskvaliteten har betra seg dei fleste stader i landet i løpet av dei siste ti åra. Sjølv om tilførslane av forureiningar er reduserte, vil det ta tid før vasskvaliteten er tilfredsstillande til å oppretthalde levedyktige fiskebestandar. Det er framleis tydelege skadar på dyrelivet på grunn av sur nedbør. Sur nedbør vil framleis vere ein trussel mot det biologiske mangfaldet i ferskvatn i delar av Noreg. Sjå nærare omtale av luftforureiningane sine skadeverknader på økosystem under resultatområde 2 Livskraftige elvar og innsjøar.

Tabell 20.2 Del av Noregs areal der tolegrensene for forsuring av overflatevatn er overskridne (pst.)

1980

1990

2000

2005

29

16

12

10

Talet for 2005 er berekna snitt for åra 2002-2006

Noreg er avhengig av omfattande reduksjonar av utslepp i Europa for å løyse problema som skriv seg frå langtransportert luftforureining. Gøteborgprotokollen regulerer landa sine utslepp av svoveldioksid (SO2), nitrogenoksid (NOx), ammoniakk (NH3) og flyktige organiske sambindingar (VOC). Det er gjennomført evalueringar som viser at Gøteborgprotokollen har vore effektiv. Utsleppa er reduserte. Det er mindre fare for forsuring, overgjødsling og verknader av bakkenært ozon og partiklar.

Partane til Gøteborgprotokollen vedtok ein revidert protokoll i mai 2012. Den reviderte protokollen regulerer òg landa sine utslepp av partiklar (PM2,5). Det er vidare lagt inn klimapolitiske omsyn gjennom å oppfordre partane til å redusere utsleppa av svart karbon som er ein del i partiklane.

Omfattande fagleg kunnskap, analysar og overvaking av forureiningsbelastninga og miljøtilstanden ligg bak arbeidet med det faglege grunnlaget for revisjon av protokollen. Det vil fortsatt vere store område i Europa som blir utsette for forureiningar som overstig kritiske belastningsgrenser sjølv med full effekt av den reviderte Gøteborgprotokollen. Store avsetningar av nitrogen vil framleis vere eit problem for Europas økosystem.

10.2. Dei årlege utsleppa av svoveldioksid (SO2) skal framleis haldast under 22 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av SO2.

Utsleppa av svoveldioksid (SO2) var 18 300 tonn i 2010, mens foreløpige tal presenterte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2012 syner at utsleppa av SO2 var på om lag 19 000 tonn i 2011. Noreg overheld med det forpliktinga i Gøteborgprotokollen der dei årlege utsleppa frå 2010 må haldast under 22 000 tonn. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktinga si for SO2 i Gøteborgprotokollen med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

10.3. Dei årlege utsleppa av nitrogenoksid (NOx) skal maksimalt vere 156 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av NOx.

Utsleppa av nitrogenoksid (NOx) var 185 900 tonn i 2010. Av dette er 184 000 tonn omfatta av forpliktinga i Gøteborgprotokollen. Foreløpige tal presentert av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2012 syner at utsleppa av NOx som er omfatta av Gøteborgprotokollen var på 181 000 tonn i 2011. Utsleppa låg i 2011 om lag 25 000 tonn over forpliktinga Noreg har i Gøteborgprotokollen om eit maksimalt årleg utslepp på 156 000 tonn frå 2010. Tidlegare berekningar anslo at denne overskridinga ville vere om lag 12 000 tonn i 2010 når ein tek omsyn til effekten av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane om reduksjon av NOx-utsleppa.

Ei vesentlig årsak til det høge utsleppstalet for NOx er at vi no har betra metodane for berekning av utslepp både frå vegtrafikken og frå delar av industrien. Desse utsleppa har tidlegare vore underestimerte og er no oppjusterte. Ein annen faktor som kan bidra til å forklare dei høge berekna utsleppa for 2011, er at effekten av tiltak som er gjennomførte i medhald av miljøavtala mellom Miljøverndepartementet og næringsorganisasjonane ikkje fullt ut er reflektert i den foreløpige utsleppsrekneskapen.

Miljøverndepartementet har på grunnlag av tidlegare utsleppsframskrivingar anslått at Noreg ville kunne overhalde dei internasjonale NOx-forpliktingane frå 2012, jf. Prop. 1 S (2010-2011). Det er no klart at ein ikkje kan leggje desse utsleppsframskrivingane til grunn. Nye utsleppsframskrivingar vil bli presenterte i Perspektivmeldinga som Regjeringa siktar mot å leggje fram tidleg i 2013. Miljøverndepartementet vil no vurdere korleis vi kan arbeide for å redusere NOx-utsleppa, slik at vi overheld dei internasjonale forpliktingane snarast mogleg.

10.4. Dei årlege utsleppa av flyktige organiske sambindingar (VOC) skal framleis haldast under 195 000 tonn. Dei årlege utsleppa frå heile fastlandet og norsk økonomisk sone sør for 62. breiddegrad skal framleis haldast under 70 pst. av nivået i 1989 (dvs. 188 000 tonn).

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av VOC.

Noregs utslepp av flyktige organiske sambindingar (VOC) var i 2007 for første gongen lågare enn forpliktinga i Gøteborgprotokollen om at dei samla årlege utsleppa av VOC skal haldast under 195 000 tonn innan 2010.

I 2010 var utsleppa av VOC 135 000 tonn. Foreløpige tal presenterte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2012 syner at utsleppa av VOC i 2011 var om lag 134 000 tonn. Frå 2001 til 2010 vart utsleppa reduserte med 66 pst. Noreg har i VOC-protokollen av 1991 ei særskilt forplikting til å redusere utsleppa av VOC frå fastlandet og den økonomiske sona sør for 62. breiddegrad. Vi overheld også denne forpliktinga i 2011. Det er venta at Noreg vil overhalde utsleppsforpliktingane sine for VOC i dei to protokollane med dei verkemidla som allereie er sette i verk.

10.5. Dei årlege utsleppa av ammoniakk skal framleis haldast under 23 000 tonn.

Indikator:

  • Utviklinga i nasjonale utslepp av ammoniakk.

I 2010 var utsleppa av ammoniakk 22 700 tonn. Foreløpige tal presenterte av Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet i mai 2012 syner at utsleppa av ammoniakk i 2011 var om lag 22 200 tonn. Det er venta at utsleppa vil endre seg lite i åra framover utan nye tiltak. For å innfri krava etter Gøteborgprotokollen må Noreg frå 2010 halde dei årlege utsleppa av ammoniakk på maksimalt 23 000 tonn, noe som er om lag på same nivå som no.

Figur 20.1 Utslepp av langtransporterte gassar

Figur 20.1 Utslepp av langtransporterte gassar

10.6. Døgnmiddelkonsentrasjonen av svevestøv (PM10) skal ikkje overskride 50 µg/m3 meir enn 7 dagar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Målingar som blir gjennomført i fleire byar viser at svevestøvnivåa har gått ned. Årsaka er at utsleppa frå vegtrafikk og vedfyring går ned. Likevel har dei aller fleste større byområda ikkje nådd det nasjonale målet for svevestøv.

10.7. Timemiddelkonsentrasjonen av nitrogendioksid (NO2) skal ikkje overskride 150 µg/m3 meir enn 8 timar pr. år.

Indikator:

  • Utvikling i talet på overskridingar og dei stader dette i så fall skjer.

Målingar viser at NO2 er eit problem i fleire byar. Det nasjonale målet vart overskride i dei største byane i 2011. Dette skuldast ein kombinasjon av eksos, særleg frå dieselkøyretøy, og periodar med kald, stilleståande luft.

Nye framskrivingar for NO2 viser at nivåa vil vere høgare i 2020 enn tidlegare anteke. Årsakene er auka trafikkmengd og overgang frå bensin- til dieselbilar. I tillegg er delen av NO2 i NOx (NO+NO2) frå tunge kjøretøy auka betrakteleg i forhold til tidlegare utrekningar.

10.8. Forbruket av hydroklorfluorkarbon (HKFK) skal vere fasa ut innan 2010.

Indikator:

  • Reell reduksjon i produksjon, import, eksport og bruk av HKFK.

Det vart ikkje importert HKFK for bruk i Noreg i 2010 og 2011, men stoffet vart derimot importert til destruksjon og til laboratorieformål. Begge bruksområde er unnatekne frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk.

Det vart importert 60 kg ozonreduserande stoff i 2011, under dette 56 kg HKFK som vart sendt til forsvarleg destruksjon. Den resterande mengda vart brukt i laboratorium, og medfører ikkje utslepp av betydning.

Noregs og EUs mål er at bruken av HKFK skal vere fasa ut innan 2015.

10.9. Det skal ikkje vere forbruk av halon, eller av nokon type klorfluorkarbon (KFK), tetraklormetan, metylkloroform og hydrobromfluorkarbon (HBFK).

Indikator:

  • Reell reduksjon i bruk av KFK og halon.

I 2011 vart det ikkje importert KFK eller halon for bruk i Noreg, ut over bruksområde som er unnatekne frå forbodet i norsk og internasjonalt regelverk (laboratorieformål og for forsvarleg destruksjon).

10.10. Støyplaga skal reduserast med 10 pst. innan 2020 i forhold til 1999.

Indikator:

  • Samla støyplage (SPI) frå alle kartlagde kjelder, spesielt SPI for industri, motorsport og skytebaner.

Støy frå fly- og jernbanetrafikk har blitt redusert sidan 1999, men auka støybelastning frå vegtrafikken oppveg denne positive utviklinga. Ulike tiltak gjer at dei som var utsette for støy i 1999, var noko mindre plaga i 2007. Tilflytting til støyutsette område og befolkningsvekst gjer likevel at fleire totalt sett er utsette for støy.

Miljøstyresmaktene følgjer opp status og utvikling i støyutsleppa og støyplaga generelt. Miljøstyresmaktene engasjerer seg – i samspel med sektorstyresmaktene – med sikte på at det blir utvikla meir støysvake køyretøy, bildekk og vegdekke. Miljøstyresmaktene har vidare eit ansvar for å medverke til redusert støyplage frå dei ulike kjeldene der miljøstyresmaktene sjølve har verkemiddel – konsesjonspliktig industri og næringsverksemd, skytebaner, motorsportsbaner og enkelte produkt.

Det er dei ulike sektordepartementa som har hovudansvaret for å sikre ein reduksjon av støyplaga innanfor sin samfunnssektor, og medverke til at det nasjonale resultatmålet for støy kan bli nådd. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

10.11. Talet på personar utsette for over 38 dB innandørs støynivå skal reduserast med 30 pst. innan 2020 i forhold til 2005.

Indikator:

  • Reell reduksjon i talet på personar som er utsette for over 38 dB innandørs støynivå.

Same omsyn som for føregåande mål ligg føre òg for arbeidet med innandørs støynivå. Tala frå 2007 viser at det er om lag 46 000 personar som er utsette for eit innandørs støynivå over 38 dB. Skal ein nå målet er det behov for nye tiltak og verkemiddel, særleg retta inn mot støy frå vegtrafikken.

10.12. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal medverke til at helse og miljø ikkje tek skade av luftforureining og at støyplagene skal reduserast.

Plansamarbeidet om areal- og transport i Oslo/Akershusregionen har utarbeidd planstrategi og planprogram. Det er etablert eige plankontor for dette arbeidet. Planstrategien skal godkjennast av Kongen. I alt 16 fylke hadde i 2011 regionale areal- og transportplanar.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har på oppdrag frå Miljøverndepartementet lagt fram retningslinjer for behandling av luftkvalitet i arealplanlegginga (T-1520). I tillegg har Klif gjennomført eit arbeid med revisjon av Retningslinje for behandling av støy i arealplanlegging (T-1442) i 2012. Retningslinjene blir nytta av kommunar og/eller utbyggjar ved planlegging av ny infrastruktur og nye utbyggingar inntil kjelder til forureining og støykjelder. Retningslinjene inneheld mellom anna utandørs grenser for støy, og kommunane har ansvar for at støy er tilstrekkeleg utgreidd og vurdert før vedtak fattes.

Kommunal planlegging er viktig for å gjere kommunen i stand til å gjennomføre samhandlingsreformen. Miljøverndepartementet tek del i arbeidet med opplæring og rettleiing til kommunane, mellom anna i rettleiar til kommuneplanens samfunnsdel.

Sjå omtala av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging, Resultatområde 7 Godt bymiljø, og resultatområde 11 Stabilt Klima for nærare omtale.

21 Resultatområde 11 Stabilt klima

Forbrenning av fossile brensel og nedhogging av skog fører til ein varmare klode og vil få betydelege konsekvensar for måten vi er vane med å leve på. Auka temperatur gir utsikter til auka havnivå, meir ekstremvêr i form av kraftig nedbør, flaum og tørke og ikkje minst er det frykt for irreversible endringar i økosystemet og tap av naturverdiar vi har eit globalt ansvar for å ta vare på. Klimaendringane vil kunne medverke til at allereie truga arter som fjellrev, villrein og snøugle blir borte for godt.

Utslepp av klimagassar blir spreidde utover heile atmosfæren, noko som gjer klimaendringar til eit problem som må løysast på globalt nivå. Nasjonale mål og verkemiddel må derfor utformast i lys av internasjonale mål og forpliktingar og internasjonalt samarbeid. I København i 2009 samla verdas leiarar seg om ei målsetjing om å halde den globale oppvarminga under to grader i forhold til før industriell tid. Togradermålet vart stadfest og forankra gjennom Cancún- og Durban-avtalene. Sett under eitt er landa langt unna dette i praktisk politikk.

Sjølv ei oppvarming på opptil to grader vil få betydelege konsekvensar for natur og samfunn. Vi må setje i verk tiltak for at kommande generasjonar og andre delar av verda skal få like gode levekår som oss. Derfor må vi redusere utsleppa i Noreg, samtidig som vi jobbar for ei internasjonal avtale som gir utsleppskutt òg i andre land. Vi må òg handtere både klimaendringane vi allereie ser og dei som vi veit vil komme.

Resultatområdet omfattar arbeidet med å redusere utslepp og auke opptak av klimagassar, under dette karbondioksid (CO2), metan (CH4) og lystgass (N2O), og F-gassar (HFK, PFK og SF6). Departementet sitt arbeid med å redusere utslepp frå avskoging og utarming av skog i utviklingsland fell òg inn under dette resultatområdet. Under resultatområdet høyrer òg dei klimarelaterte konsekvensane av menneskeskapte utslepp av kortliva partiklar som for eksempel svart karbon (sot).

Tilstand

Kloden blir raskt varma opp som følgje av menneskeskapte klimaendringar. 2011 var det kaldaste året som har vore registert sidan 2008, men det 11. varmaste året sidan systematiske målingar av den globale gjennomsnittstemperaturen starta i andre halvdel av 1800-talet. Målingar av klimagasskonsentrasjonar i atmosfæren og i iskjernar viser at konsentrasjonen av CO2 er høgare enn den har vore dei siste 650 000 åra. Den auka konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren fører til ein forsterka drivhuseffekt, noko som medverkar til auka temperatur på jorda. Den globale temperaturen har auka dobbelt så raskt dei siste 50 åra som for 100-årsperioden frå starten av 1900-talet og fram til i dag.

Togradermålet krev omfattande utsleppsreduksjonar. I fjerde hovudrapport frå FNs klimapanel vart det lagt til grunn at den globale utsleppsveksten må stansast seinast i 2015, og at utsleppa deretter blir reduserte. Denne konklusjonen tek utgangspunkt i ei rekkje føresetnader om kva som er mogleg å oppnå av globale utsleppsreduksjonar i perioden frå 2015 til 2050. Jo lenger utsleppsveksten får halde fram etter 2015, desto mindre truleg blir det at verda vil lykkast med å stabilisere global oppvarming i tråd med togradermålet. I følgje FNs klimapanel føreset eit slikt mål ein samla global reduksjon på 50–85 pst. innan 2050 i forhold til 2000-nivået. Utan nye tiltak er det venta at dei globale utsleppa av klimagassar vil auke med rundt 50 pst. fram mot 2050, i følgje OECD – Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling.

Ei langsiktig stabilisering av den globale temperaturstigninga på under 2°C vil krevje ei stabilisering av dei globale CO2-utsleppa på ein brøkdel av nivået i dag. For å nå togradersmålet vil det òg vere viktig å rette større merksemd mot kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot), metan og bakkenært ozon. Dette er partiklar og gassar med kort atmosfærisk levetid som også medverkar til oppvarming. I følgje UNEPs vitskapsrapport frå 2011 vil ein effektiv reduksjon i globale utslepp av kortliva klimadrivarar dei neste 20 åra kunne halvere den venta temperaturstigninga i Arktis på heile 1,2°C fram mot 2040.

Reduksjon i utslepp av kortliva klimagassar som svart karbon og metan vil både redusere oppvarminga og ha ein positiv helseeffekt. Noregs arbeid med kortliva klimadrivarar har fått auka politisk prioritet nasjonalt og internasjonalt dei siste åra. Internasjonalt er arbeidet innan Arktisk Råd styrkt under det norske formannskapet, ved at Noreg tek del i den nyoppretta Climate and Clean Air Coaliation (CCAC) og gjennom auka aktivitet på nordisk plan. Under det nordiske miljøvernministermøtet på Svalbard i mars 2012 vart det vedteke å styrkje innsatsen for å redusere utslepp av kortliva klimadrivarar nasjonalt, regionalt og globalt.

Figur 21.1  CO2 utslepp i 2011

Figur 21.1 CO2 utslepp i 2011

CO2-utslepp i 2011 (mill. tonn) og CO2-utslepp pr. capita 1990–2011 (tonn CO2/person), utvalte land. Tala omfattar berre utslepp av CO2, andre klimagassar er ikkje inkluderte. Utslepp av CO2 frå skog og arealbruksendring (LULUCF) er ikkje inkluderte.

Kjelde: Oliver JGJ, Janssens-Maenhout G and Peters JAHW (2012), Trends in global CO2 emissions; 2012 Report, The Hague: PBL Netherlands Environmental assessment Agency; Ispra: Joint Research Centre.

Boks 21.1 Klimagassutslepp og klimaendringar

Klimagassutslepp samlar seg i atmosfæren. Der slepp dei gjennom det meste av energien frå sola, som kjem i form av kortbølgja stråling. Samtidig reduserer dei tilbakestrålinga frå jorda i form av infraraud langbølgja varmestråling. Større konsentrasjonar av klimagassar fører derfor til auka temperatur i den nedre delen av atmosfæren, kalla troposfæren. Den naturlege drivhuseffekten er livsnødvendig for menneske og dyr på jorda. Utan denne ville gjennomsnittstemperaturen på jorda ha vore 18 kuldegrader. Verdshava ville ha vore dekte av is. Menneska sine utslepp av klimagassar har etter den industrielle revolusjonen medverka til eit menneskeskapt tillegg til denne naturlege drivhuseffekten.

Klimaendringane påverkar ekstremvêr og fører til gradvise endringar som nedsmelting av is, havnivåstigning og havforsuring. Dette kan få dramatiske konsekvensar for mattryggleiken i ei verd med aukande befolkning, og gjere enkelte områder umulege å bu i. FNs klimapanel har gjennom rapporten om klimaendringar og ekstremvêr stadfest at klimaendringane allereie påverkar ekstremvêr som varmebølgjer og tørke. Nyare forsking knyter no enkelthendingar, som den ekstreme kulda og varmen Europa opplevde i 2011, til klimaendringane. Det same gjeld tørken i Aust Afrika. Dette er konsekvensar av ei global oppvarming på under ei grad. Åtvaringa frå forskinga er klar. Ei global oppvarming over to grader kan bli ei for stor utfordring å handtere for verda. FNs klimapanel konkluderer òg i sine analysar at sjølv om den globale oppvarminga blir stabilisert vil òg ei gjennomsnittleg temperaturstigning på om lag to grader føre til alvorlege konsekvensar for natur og samfunn.

Den gjennomsnittlege årstemperaturen for fastlands-Noreg har auka med om lag 0,8 grader dei siste hundre åra, mens årsnedbøren har auka med knappe 20 pst. sidan 1900. I Noreg er temperaturen venta å stige ytterlegare med mellom 2,3 og 4,6°C fram til slutten av dette hundreåret, avhengig av kor mykje klimagassutsleppa blir reduserte. Det er òg venta ytterlegare auke i årsnedbøren på mellom 5 og 30 pst. Ei rekkje andre endringar vil òg ha innverknad på natur og samfunn: Stigande havnivå, lengre vekstsesong, endra risiko for ekstremhendingar som flaum og skred, høgare havtemperatur, eit surare hav og kortare snøsesong.

Det er venta endringar i alle naturtypar i Noreg som følgje av klimaendringar. Sjølv om natur alltid har endra og tilpassa seg endringar, så har naturen i dag andre føresetnader enn før til å tilpasse seg. Tilpassing krev stor variasjon av arter og genetisk variasjon innan arter, eller at dei har høve til å flytte på seg. Fragmentert natur og det at vi har mange truga arter med låg genetisk variasjon gjer tilpassing vanskeleg, spesielt då klimaendringane skjer relativt raskt. Særleg sårbare er arter og økosystem i Arktis og i høgfjellet som ikkje kan tilpasse seg når leveområda deira blir endra. Eit eksempel er villreinen som er truga av varmare og fuktigare klima om sommaren som gir grobotn for sjukdommar og parasittar, og mildare vintrar med meir ising. Aukande nedbør fører til meir avrenning som påverkar vassdraga, og i ein del vassdrag kan sommartemperaturen bli så høg at arter som laks og aure får problem med å overleve. Endringar i nedbørsmønsteret påverkar forureiningssituasjonen, med auka tilførsel av miljøgifter, partiklar og næringssalt til mange vassdrag og sjøar. Havforsuring er eit tema der ein førebels ikkje veit sikkert kva konsekvensane vil bli, men undersøkingar syner at havforsuring kan ha stor negativ verknad på livet i havet.

Klimaendringane vil påverke heile samfunnet og kvar enkelt av oss. Stader der det tidlegare har vore trygt å byggje, kan i framtida bli meir utsette for flaum og skred. Meir og meir intens nedbør kan føre til auka problem med overvatn, flaum og skred som samla vil auke kostnadane knytte til utbygging, sikring og vedlikehald. Eit fuktigare klima vil òg føre med seg auka fukt og ròte i hus og bygningar. Samtidig vil meir nedbør kunne gi auka inntekter frå vasskraftproduksjon. Eit varmare klima kan påverke drikkevasskvaliteten og auke faren for sjukdommar som blir spreidde av flått og andre varmekjære arter. Føresetnadene for fritidsinteresser utandørs og friluftsliv vil òg endrast, særleg aktivitetar knytte til snø og is. På viktige område vil klimaendringane endre føresetnader for samfunnsplanlegginga. Klima må bli eit viktigare omsyn når planar blir lagt og avgjersler skal takast.

Klimaendringane skaper òg utfordringar i forvaltninga av kulturminne og kulturmiljø. Det er venta at klimaendringane vil føre til at nedbrytinga av kulturminna går raskare. Varme og fukt stimulerer biologiske og kjemiske nedbrytingsprosessar og medfører auka risiko for ròteskade på trebygningar. Om lag 80 pst. av den freda bygningsmassen er bygd i tre. Mange kulturminne vil òg vere utsette for ekstreme vêrhendingar som storm og flaum. På Svalbard vil tining av permafrosten skape utfordringar. Klimaendringane vil dermed kunne gi auka tap av kulturminne og kulturmiljø og større skadar. Når klimaet endrar seg blir òg bevaringsforholda endra, og forvaltninga må tilpassast desse endringane.

Klimaendringane slår ulikt ut på jordkloden. Temperaturen aukar meir over landområde ved polane. I Arktis er temperaturauken det dobbelte av gjennomsnittet i verda. Dei siste ti åra er det observert dramatiske endringar i isdekket i Arktis. Både sjøis og snødekke minkar både i utstrekning og varigheit. Temperaturauken i nordområda er ekstra alvorleg – konsekvensane her medverkar til å forsterke den globale oppvarminga. Isen reflekterer sollyset. Når isen smeltar, blir det mindre refleksjon av sollys og dermed meir oppvarming. Sot som legg seg på snø og is reflekterer ikkje sollyset. Nye resultat frå arbeid under Arktisk Råd viser at sot i vesentleg grad medverkar til nedsmeltinga av is i Arktis, og dermed òg til den globale oppvarminga. Temperaturar i permafrosten har auka med opp til 2°C. Om permafrosten tiner, kan store mengder av den sterke klimagassen metan bli frigjort frå bakken og ytterlegare forsterke og skunde fram klimaendringane. Overvakinga av klimagassar på Svalbard viser ein markant auke i konsentrasjonen av metan dei siste fem åra. Det er foreløpig uvisst om dette har samanheng med smelting av permafrost. Forskarar anslår at ein temperaturauke på 3,5°C på Svalbard vil føre til introduksjon av om lag 80–100 nye plantearter, ein auke på 50–70 pst. Arter som er spesielt tilpassa polarklimaet vil få store problem.

Påverknader

Sidan den industrielle revolusjonen på 1800-talet har CO2-konsentrasjonen i atmosfæren auka med nesten 40 pst. Skal vi klare å halde den globale temperaturauken under 2°C, må konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren i følgje FNs Klimapanel halde seg innanfor eit visst intervall (445-490 ppm CO2-ekvivalentar). Den globale konsentrasjonen av klimagassar har stige frå 270 ppm før industriell tid til om lag 390 ppm i 2010. I følgje FNs klimapanel må dei samla utsleppa i verda stabiliserast innan 2015 og deretter reduserast med 50-85 pst. innan 2050 for å halde temperaturauken under 2°C.

Tabell 21.1 Globale utsleppstal i millionar tonn CO2-ekvivalentar

Land

1990

2005

Endring

Gjennomsnittleg årleg vekst

Total vekst

Heile verda

/36,059.0

43,185.9

7,126.9

1.2%

19.8%

Industriland (Annex I)

18,038,6

17,768,1

-268.5

-0.1%

-1.5%

Afrika sør for Sahara

2,023.0

2,392.1

369.1

1.1%

18.2%

Sør-Amerika

3,835.0

4,464.4

629.5

1.0%

16.4%

Oseania

521.7

697.6

175.9

2.0%

33.7%

Nord-Amerika

6,522.7

7,601.1

1,078.4

1.0%

16.5%

Midtausten & Nord-Afrika

1,475.2

2,626.3

1,151.1

3.9%

78.0%

Europa

9,754.7

7,873.6

-1,881.1

-1.4%

-19.3%

Sentral-Amerika & Karibia

770.4

1,013.7

243.3

1.8%

31.6%

Asia

10,610.9

16,007.3

5,396.4

2.8%

50.9%

Note: Kva slag land som er omtalte som industriland med eit særskilt ansvar i klimaforhandlingane, er spesifisert i Klimakonvensjonens Annex I

Kjelde: World Resources Institute, http://cait.wri.org

Truleg vil over to tredelar av utsleppsauken komme frå utviklingsland som endeleg står på terskelen av ei velstandsutvikling, noko som dessverre òg vil medføre auka utslepp. Kina har allereie gått forbi USA som landet med størst totale utslepp i verda. Men i forhold til folketalet er det framleis dei rike industrilanda som har størst utslepp. Klimapanelet ventar at utsleppa pr. innbyggjar i industriland vil vere tre gonger så høge som i utviklingslanda i 2030.

Snarlege tiltak mot avskoging er heilt nødvendig for å oppnå målet om at den globale middeltemperaturen skal halde seg under 2°C i forhold til før industrielt nivå. Klimagassutslepp frå avskoging og degradering av skog i utviklingsland (REDD) utgjer i følgje Klimapanelets vurderingar om lag 17 pst. av dei årlege globale utsleppa av klimagassar. Nyare studiar viser at denne delen kan vere noko lågare enn Klimapanelet la til grunn i 2007, men ein reduksjon i desse utsleppa er eit viktig og føremålstenleg tiltak i innsatsen mot global oppvarming. Det er relativt sett kostnadseffektivt og kan gi store og relativt raske utsleppsreduksjonar. Klimaforliket frå januar 2008 etablerte ei brei politisk semje om ei norsk satsing på inntil 3 mrd. kroner årleg for REDD.

Klimagassutslepp frå norsk territorium i 2011 var på 57,2 mill. tonn CO2-ekvivalenter ifølgje dei førebelse utsleppstala frå Statistisk Sentralbyrå (SSB) og Klima- og forureiningsdirektoratet. Dette svarar til om lag 0,1 pst. av verdas utslepp. Dei nasjonale utsleppa av klimagassar gjekk ned i 2008 og 2009, mykje som ei følgje av den økonomiske situasjonen, men òg som følgje av ny utsleppsreduserande teknologi. I 2010 auka utsleppa igjen med 4,8 pst. fordi både transport og industri har henta seg inn etter nedgangen under finanskrisa. Nedgangen i utsleppa i 2011 på 2,3 pst. kan knytast til mellom anna lågare utslepp frå fyring og olje- og gassutvinning.

Politikk for å nå dei nasjonale måla

Alle underområde i resultatområdet er sektorovergripande utfordringar som krev samordning og forpliktande samarbeid på tvers av sektorane. Miljøverndepartementet har eit overordna ansvar for gjennomføringa av miljøpolitikken i medhald av vedtekne miljøpolitiske mål. I tråd med sektoransvaret har den enkelte sektor òg ansvar for implementeringa i sin sektor, men Miljøverndepartementet spelar ei viktig rolle som pådrivar og koordinator overfor andre sektorar og aktørar.

Miljøverndepartementet har i tillegg ansvar for ei rekkje eigne verkemiddel i miljøpolitikken. Forureiningslova og klimakvotelova er sentrale verkemiddel innanfor resultatområdet.

Regjeringas politikk på klimaområdet er i vesentleg grad basert på FNs klimapanel sine funn og vurderingar. Gjennom aktiv norsk deltaking i dei internasjonale klimaforhandlingane blir det søkt å oppnå semje om utsleppskutt på global basis. Som industriland har vi saman med dei andre industrilanda eit felles ansvar for å leie an i å redusere utsleppa i verda. I tillegg til at vi bør arbeide for å redusere utslepp utanfor eigne landegrenser, bør vi gjere noko med våre eigne utslepp. Eit fleirtal på Stortinget har stilt seg bak at det er eit langsiktig mål at Noreg skal bli eit samfunn med låge utslepp. Cancúnavtala slår fast at alle land, både u-land og i-land, bør lage planar for korleis dei skal bli slike samfunn.

Noregs mangeårige prioritering av klimapolitikk og vår samla innsats ute og heime, gir oss truverdigskap som pådrivar og brubyggjar i det internasjonale klimaarbeidet. Vår prioritering av klimapolitikk skal også bidra til å skape internasjonal einigheit om en ambisiøs klimaavtale. Det enkelte land har eit ansvar for å føre ein aktiv nasjonal politikk for å redusere utsleppa av klimagassar. Det har vore bred politisk einigheit i Noreg om at vi skal ta eit slikt ansvar. Gjennom mange år har Noreg derfor vore blant dei landa i verden som har brukt dei sterkaste klimapolitiske verkemidla. Vi har også satt oss ambisiøse mål om å redusere dei nasjonale utsleppa og omstille Noreg til eit samfunn med låge utslepp fram mot 2050.

Klimameldinga (Meld. St. 213-2012) Norsk klimapolitikk) vart lagt fram 25. april 2012. Regjeringa foreslår å forsterke bruken av verkemidlar i den nasjonale klimapolitikken. Klimameldinga vart følgt opp med eit nytt forlik i Stortinget med Høgre, Kristelig folkeparti og Venstre.

Klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012)) og klimaforliket frå 2012 visar til at basert på Statens forureiningstilsyns (nå Klima- og forureiningsdirektoratet) tiltaksanalyse, dei sektorvise klimahandlingsplanane, samt eksisterande bruk av verkemidlar, vart det i den førre klimameldinga anslått som realistisk å ha eit mål om å redusere utsleppa i Noreg med 13–16 millionar tonn CO2-ekvivalenter i forhold til referansebanen slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette inneber i tilfelle at om lag halvparten og opp mot to tredjedelar av Noregs samla utsleppsreduksjonar vert teke nasjonalt. Stortingets behandling av klimameldinga innebar ein ytterlegare opptrapping av klimatiltaka (klimaforliket). Basert på ein skjønnsmessig vurdering vart det lagt til grunn at dei nye tiltaka i klimaforliket gjer det realistisk å anta ytterlegare utsleppsreduksjonar i Noreg, og at intervallet for utsleppsreduksjonar kunne aukast til 15–17 millionar tonn CO2-ekvivalenter i forhold til referansebanen slik den er presentert i Nasjonalbudsjettet for 2007, når skog er inkludert. Dette innebar i tilfelle at om lag to tredjedelar av Noregs samla utsleppsreduksjonar vert teke nasjonalt, jf. Innst. S. nr. 145 (2007–2008).

Mindre framgang i utvikling av klimavennlig teknologi, høgare kostnader ved klimatiltak innanlands, høgare innvandring og økonomisk vekst og større utslepp frå oljesektoren vil ha betyding for når klimamåla vert nådd. Men disse forholda endrar likevel ikkje behovet for å redusere dei nasjonale utsleppa.

Klimamåla slik dei er nedfelte i det første klimaforliket står fast. De føreslåtte tiltaka i klimameldinga og klimaforliket inneber ein sterkare klimasatsing på fleire områder, men det er ikkje mulig på sikkert grunnlag å anslå effekten av denne satsinga i 2020. Det er for eksempel usikkert når, kor sterkt og i kva sektor økt innsats på forsking og teknologiutvikling vil gi resultat i form av reduserte utslepp.

Generelle verkemidlar er sentrale i den nasjonale klimapolitikken. Frå 2013 vil om lag 80 pst. av de nasjonale utsleppene vere underlagt kvoteplikt eller CO2-avgift. Regjeringa la i klimameldinga fram ei rekkje tiltak for å få ned utsleppa av klimagassar og skape teknologiutvikling. Tiltaka for å få ned klimagassutsleppa omfattar dei fleste sektorar i Noreg.

Regjeringa vil med utgangspunkt i Enova opprette eit klima- og energifond til teknologiutvikling i industrien. Målet er teknologiutvikling som får ned klimagassutsleppa. Fondet skal gradvis aukast til 50 mrd. kroner i 2020. Enova skal følgje opp satsinga i nært samarbeid med næringslivet, forskingsmiljø, Klima- og forureiningsdirektoratet og andre offentlege etatar. Regjeringa har sett som mål å auke tilførsla av kraft frå land. For å gi selskapa auka insentiv for elektrifisering vil Regjeringa auka CO2-avgifta for petroleumsverksemda med 200 kroner pr. tonn. Det er nesten ei dobling frå nivået i dag. Regjeringa har som mål at veksten i persontransporten i storbyområda skal skje ved kollektivtransport, sykkel og gange. Investeringane i jernbana skal aukast, særleg rundt dei største byane. I samband med Nasjonal Transportplan vil Regjeringa leggje fram ein framdriftsplan for å byggje ut Intercity-sambandet i det sentrale austlandsområdet, med ei tidfesting av når ulike strekningar kan ferdigstillast. Bilavgiftene skal framleis nyttast som verkemiddel for ei omlegging til ein meir miljøvennleg bilpark. Ladbare hybridbilar skal få tilgang til parkering med uttak for lading. Regjeringa vil medverke til å utvikle verdikjeda for andregenerasjons biodrivstoff.

Energikrava i byggjeforskrifta skal skjerpast til passivhusnivå i 2015 og nesten nullenerginivå i 2020. Regjeringa vil seinare fastsette reglar som definerar passivhusnivå og nesten nullenerginivå. Avgjerd om kravnivå vert gjort på bakgrunn av utgrejingar av samfunnsøkonomiske og helsemessige konsekvensar og kompetansen i byggenæringa. Bruken av oljekjelar i hushald og til grunnlast skal fasast ut. Enova skal kunne gi tilskot til hushald som vil skifte ut oljefyren.

Regjeringa vil halde ved lag eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk blant anna gjennom styrkt innsats innan skogplanteforedling, auka plantetettleik og gjeninnføring av forbodet mot hogst av ungskog og styrking av skogvernet. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for auka skogplanting. Når det gjeld strategi for skogplanting skal det utviklast miljøkriterium. Regjeringa vil òg medverke til å utvikle biogass i Noreg, blant anna gardsbaserte anlegg for biogass og store anlegg for sambehandling av husdyrgjødsel og avfall.

Regjeringa vil arbeide for ei bred og ambisiøs klimaavtale. Innanfor ei samla aukande bistandsramme vil Regjeringa etter ei evaluering vurdere å styrkje klima- og skogprosjektet utover 3 mrd. kroner årleg som del av en flernasjonal mekanisme for betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar om andre land òg aukar sine bidrag. Regjeringa vil medverke til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar som svart karbon (sot) og metan gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement. Samtidig er Klima- og forureiningsdirektoratet bede om å utarbeide ein nasjonal utleppsrekneskap for svart karbon i løpet av 2012 og eit utkast til ein nasjonal handlingsplan for utsleppsreduksjonar som skal leggjast fram i 2013. Regjeringa vil òg medverke til Det grøne klimafondet. Regjeringa vil trappe opp klimaforskinga vidare. Basert på erfaringane med lovgiving og verkemiddelbruk i dag vil Regjeringa vurdere om det er føremålstenleg å utarbeide ei eiga klimalov.

I Klimaforliket vart det semje om enkelte tillegg til klimameldinga som Regjeringa la fram. Endringane var blant anna at klima- og teknologifondet skal fyllast raskare, at det skal sikrast pengar til påskjøningsordninga for kollektivtransport, at avgiftsfordelane for reine nullutsleppsbiler blir førde vidare ut neste stortingsperiode (2017), at det blir forbod mot fyring med fossil fyringsolje i 2020, at Regjeringa i dei kommande statsbudsjetta skal auke løyvingane til Forskingssentra for miljøvennleg energi (FME) og at det blir oppretta eit FME-senter for geotermisk energi.

Boks 21.2 Om klimameldinga og klimaforliket

Klimameldinga la fram ei rekkje forslag til tiltak for å redusere klimagassutsleppa. Dette er nokon av forslaga:

  • Etablering av eit nytt klima- og energifond, Fondet skal gradvis aukast til 50 mrd. kroner i 2020.

  • Regjeringa har sett som mål å auke tilførsla av kraft frå land til petroleumsinstallasjonar.

  • CO2-avgifta på sokkelen vil auke med 200 kroner pr. tonn

  • Auka satsing på kollektivtrafikk:

    • veksten i persontransporten i storbyområda skal skje med kollektivtransport, sykkel og gange.

    • Investeringane i jernbana skal aukast, særleg rundt dei største byane.

    • I samband med Nasjonal Transportplan vil Regjeringa leggje fram ein framdriftsplan for utbygging av Intercity-sambandet i det sentrale austlandsområdet, med ei tidfesting av når ulike strekningar kan ferdigstillast.

    • Bilavgiftene skal framleis nyttast som verkemiddel for ei omlegging til ein meir miljøvennleg bilpark.

    • Ladbare hybridbilar skal få tilgang til parkering med uttak for lading.

    • Regjeringa vil medverke til å utvikle verdikjeda for andregenerasjons biodrivstoff.

  • Bruken av oljekjelar i hushald skal fasast ut. Enova skal kunne gi tilskot til hushald som vil skifte ut oljefyren.

  • Regjeringa vil halde ved lag eller auke karbonlageret gjennom aktiv, berekraftig skogpolitikk blant anna gjennom styrkt innsats innan skogplanteforedling, auka plantetettleik og gjeninnføring av forbodet mot hogst av ungskog, og styrking av skogvernet. Regjeringa vil leggje fram ein strategi for auka skogplanting.

  • Regjeringa vil òg medverke til å utvikle biogass i Noreg, blant anna gardsbaserte biogassanlegg og store anlegg for sambehandling av husdyrgjødsel og avfall.

  • Regjeringa vil arbeide for ei brei og ambisiøs klimaavtale.

  • Innanfor ei samla aukande bistandsramme vil Regjeringa etter ei evaluering vurdere å styrkje klima- og skogprosjektet utover 3 mrd. kroner årleg som del av en flernasjonal mekanisme for betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar om andre land òg aukar sine bidrag.

  • Regjeringa vil medverke til reduserte utslepp av kortliva klimadrivarar som svart karbon og metan gjennom eit styrkt internasjonalt engasjement.

  • Regjeringa vil òg medverke til Det grøne klimafondet.

  • Regjeringa vil trappe opp klimaforskinga vidare.

  • Basert på erfaringane med lovgiving og verkemiddelbruk i dag vil Regjeringa vurdere om det er føremålstenleg å utarbeide ei eiga klimalov.

I Klimaforliket vart det semje om enkelte tillegg til klimameldinga som Regjeringa la fram, blant anna:

  • Klima- og teknologifondet skal fyllast raskare.

  • Det skal sikrast meir pengar til påskjøningsordninga for kollektivtransport.

  • Avgiftsfordelane for reine nullutsleppsbilar skal førast vidare ut neste stortingsperiode (2017).

  • Forbod mot fyring med fossil fyringsolje i 2020.

  • Auka løyvingar i dei kommande statsbudsjetta til Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME) og oppretting av eit FME-senter for geotermisk energi.

Internasjonalt

Klimakonferansen i Cancún i 2010 vedtok målet om å avgrense global oppvarming til under to grader. Meir enn 80 land har fastsett mål om utsleppsreduksjonar fram til 2020, men ambisjonane er for låge til å halde oppvarminga under to grader. I Durban i 2011 vart det semje om å forhandle fram ei bindande avtale for alle land, frå 2020. Det vart òg vedteke å lage ein arbeidsplan for å auke ambisjonane før 2020. Noreg arbeider for ei global ambisiøs og bindande avtale som skal avgrense veksten i den globale gjennomsnittstemperaturen til to grader i forhold til før industrielt nivå. Med referanse til FNs klimapanel går vi inn for at dei globale utsleppa skal nå sitt maksimum seinast i 2015 og reduserast med 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000. Dette bør konkretiserast i form av mål om å redusere industrilanda sitt samla utslepp med 25-40 pst. innan 2020 og med 80-95 pst. innan 2050 i forhold til 1990. I tråd med FNs klimapanels resultat meiner Noreg vidare at dei samla utsleppa i utviklingslanda bør reduserast med 15-30 pst. innan 2020 i forhold til korleis utviklinga elles ville bli, med ytterlegare reduksjonar deretter.

Prioriterte område for Noreg i klimaforhandlingane har blant anna vore:

  • Ambisiøse utsleppsreduksjonar for alle store utsleppsland.

  • Finansiell støtte til utsleppsreduksjonar og tilpassing i utviklingsland.

  • Å vere leiande i arbeidet med å redusere avskoging i utviklingsland.

  • Gode og robuste system for rapportering og overhalding av forpliktingar, og å få på plass nye internasjonale reglar for måling, rapportering og verifikasjon av klimagassutslepp.

  • At internasjonal skipsfart skal omfattast av bindande utsleppskrav og medverke inn i eit nytt klimaregime.

  • Utvikling av teknologi for fangst og lagring av CO2 (CCS).

  • Utvekling av fleksible gjennomføringsmekanismer og globale marknader.

På bakgrunn av eit norsk initiativ vedtok FNs sjøfartsorganisasjon IMO i juli 2011 globale og juridisk bindande klimakrav til internasjonal skipsfart. Desse krava omhandlar krav til energieffektiv utforming av nye skip og krav til energieffektiv drift av alle skip. Krava trer i kraft 1. januar 2013. Etablering av desse krava er eit svært viktig resultat i vanskelege forhandlingar, og det er eit første steg i arbeidet med å redusere utslepp frå skipsfarten. Arbeidet i IMO vil gå vidare med sikte på vidare reduksjon av klimagassutslepp frå skipsfarten. I denne samanhengen vurderer ein blant anna marknadsbaserte instrument som til dømes eit kvotehandelssystem. Desse forhandlingane er svært utfordrande med stor usemje mellom land. Regjeringa vil halda fram Noregs rolle som pådrivar i IMOs arbeid med reduksjon av klimagassutslepp frå internasjonal skipsfart.

Den første perioden med utsleppsplikter under Kyotoprotokollen blir avslutta i 2012. Det er viktig å få på plass eit globalt klimaregime for tida etter 2012 som er ambisiøst og med breiast mogleg deltaking. Industrilanda har stått for dei største utsleppa av klimagassar til no og har økonomisk evne til å gå føre i kampen mot klimaendringar, og må derfor gå føre i å ta på seg forpliktingar om kraftige utsleppsreduksjonar. Spørsmålet om industrilanda sine forpliktingar til utsleppsreduksjonar blir det forhandla om både under Kyotoprotokollen og ei ny og breiare avtale. På klimakonferansen under FNs Klimakonvensjon i 2011 vart det vedteke at det blir ein ny periode med utsleppsforpliktingar under Kyotoprotokollen, og Noreg har som et av få land sagt at vi vil vere med. Endeleg formelt vedtak om nye folkerettslege forpliktingar vil først bli fatta på Klimakonferansen i 2012.

Noregs klima- og skogsatsing har blant anna vore viktig for å få ein internasjonal klima- og skogpartnarskap på plass som aktivt kan medverke til tiltak for få redusert avskoginga i mellomperioden fram til ny avtale. Regjeringas klima- og skogprosjekt er finansiert over løyvingar på Utanriksdepartementets budsjett. For nærare omtale sjå avsnittet Noregs klima- og skogsatsing seinare i kapittelet.

Vi treng ein velfungerande, global karbonmarknad for å dekkje investeringsbehova som oppstår ved omlegginga til eit meir klimavennleg samfunn. Dei fleksible mekanismane medverkar til å redusere klimagassutsleppa der det er minst kostnader knytte til å redusere utsleppa. Ein ny periode under Kyotoprotokollen sikrer også at alle dei tre fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen vert ført vidare. Samtidig har Noreg arbeidd for at nye marknadsbaserte mekanismar skal etablerast som ein del av ei større klimaavtale. Nye fleksible mekanismar vil utvide karbonmarknaden og bringe inn utviklingsland med eigne insentiv til å redusere utslepp. I Durban vart det vedteke å definere ein ny marknadsbasert mekanisme under Klimakonvensjonen, og å starte arbeidet med å presisere denne nærare. Noreg har blant anna argumentert for å opprette sektorbaserte mekanismar. Ei utvikling av slike nye marknadsbaserte mekanismar kan ha mange fordelar, blant anna ved å medverke til at utviklingslanda i større grad får kontroll på eigne utslepp og utviklar eigne strategiar for utsleppsreduserande tiltak. I Durban vart det òg vedteke eit rammeverk for å utvikle meir generelle standardar eller prinsipp for internasjonal handel med utsleppsrettar. For å sikre reelle utsleppsreduksjonar og å unngå dobbeltteljing av karbonkredittar er det viktig å etablere felles reglar for måling, rapportering og verifikasjon av internasjonale marknadsbaserte mekanismar.

Gjennom det statlege kvotekjøpsprogrammet som er etablert i Finansdepartementet medverkar Noreg til å utvikle marknaden for kvotehandel, jf. Prop. 1 S (2011-2012).

Nærare om nasjonal politikk

Generelle økonomiske verkemiddel som CO2-avgift og kvotesystem er sentrale i den nasjonale klimapolitikken. Sektorovergripande økonomiske verkemiddel legg grunnlag for desentraliserte, kostnadseffektive og informerte tiltak, der forureinar betaler. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om CO2-avgifta.

På område som er underlagt generelle verkemiddel, er Regjeringas utgangspunkt at ein som hovudregel skal unngå ytterlegare regulering. Samtidig vil Regjeringa vidareføre det høvet vi har i dag til å nytte andre verkemiddel i tillegg til kvotar og avgifter, også i desse sektorane. Petroleumssektoren er eit eksempel på dette sidan den er underlagt kvoteplikt i tillegg til å betale CO2-avgift.

Noreg vil framleis vere ein del av det europeiske kvotesystemet i tredje kvoteperiode som er frå 2013-2020. Kvotesystemet medverkar til kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers av Europa. Frå 2013 er om lag 50 pst. av norske utslepp er no omfatta av kvotesystemet. EU ETS er frå 2013 langt meir harmonisert enn det har vore tidlegare. Klima- og forureiningsdirektoratet har ansvaret for kvoterekneskapen som held oversikt over innleverte kvotar og om dei kvotepliktige bedriftene held kvoteplikta si. Dei har òg ansvaret for å utferde utsleppsløyve og tildele kvotar til dei kvotepliktige verksemdene etter heimel i klimakvotelova og forureiningslova.

I tillegg til CO2-avgifta og kvotesystemet er det omfattande statlege støtteordningar som medverkar med midlar til utsleppsreduserande prosjekt i industrien, mellom anna i Enova.

Regjeringa vil etablere ei CO2-kompensasjonsordning for industrien. Den nye ordninga skal forvaltast av Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif). Det er foreslått 20 mill. kroner til dekning av administrative utgifter til etablering og forvaltning av ordninga i 2013. Basert på kvoteprisnivået i dag vil ordninga grovt anslått kunne få ein årleg kostnad på om lag 500 mill. kroner. Omfanget av ordninga vil likevel kunne variere frå år til år avhengig av utviklinga i kvoteprisen. Ordninga skal gjelde for perioden 1.7.2013 - 31.12.2020. Det skal no arbeidast vidare med fastsetjing av nærare regelverk for ordninga. Ordninga skal òg notifiserast til EFTAs overvakingsorgan ESA før den blir operativ. På denne bakgrunnen vil Regjeringa komme tilbake med eit nærare anslag for utgiftene i 2013 og forslag om løyvingar i samband med revidert nasjonalbudsjett for 2013.

Etableringa av kvotesystemet i EU i 2005 har gitt auka kraftprisar i Noreg. EU har vedteke retningslinjer for statsstøtte som opnar for å gi kompensasjon for industrien sine indirekte kvotekostnader. Formålet er å oppnå større globale utsleppsreduksjonar ved å hindre karbonlekkasje frå industrien i Europa til land med mindre stram klimapolitikk. Den norske CO2-kompensasjonsordninga vil bli knytt tett opp mot metoden for utrekning av støtte som er angitt i EUs retningslinjer. Den vil omfatte alle dei 15 sektorane som har krav på støtte i medhald av EUs retningslinjer. Dette inkluderer blant anna produsentar av aluminium, ferrolegeringar, kjemiske produkt og treforedling. Det kan ifølgje retningslinjene berre givast kompensasjon til langsiktige kraftavtaler som har CO2-kostnader. Ordninga er avgrensa til å gjelde kraftavtaler inngått frå og med 2005, året då kvotesystemet vart etablert. Dette inkluderer kraftavtaler som er inngått før 2005, men som er selde vidare på marknadsvilkår f.o.m. 2005. I tillegg er omfatta andre kjøp av kraft i spotmarknaden. Industrien sin eigen kraftproduksjon skal komme til fråtrekk i utbetalinga av støtte. I berekninga av støtte skal året i referanseperioden med lågast aktivitetsnivå kunne takast ut.

I perioden før utvidinga av kvotesystemet har det vært fleire avtaler mellom næringa og styresmaktene for å avgrense utslepp. I 2009 vart det underteikna ei avtale mellom Norsk Industri og Miljøverndepartementet. I medhald av denne avtala skal dei årlege utsleppa frå den ikkje-kvotepliktige delen av prosessindustrien avgrensast til 6,2 mill. tonn CO2-ekvivalentar i perioden 2008-2012. Gjennomsnittleg årlig utslepp kan med utgangspunkt i utsleppstal for perioden 2008-2011 anslås til rundt 5,7 mill. tonn.

Vegtrafikk er ein av dei store bidragsytarane til norske utslepp av klimagassar. Utan nye tiltak er det venta ein vekst i CO2-utsleppa frå vegtrafikken. Regjeringa held oppe fokus på å få ned trafikkveksten, på meir kollektivtrafikk, på drivstoffgjerrige bilar, på alternative motorteknologiar, og på dei som syklar og går.

Med heimel i plan- og bygningslova er det fastsett ei statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane. Denne pålegg kommunane å innarbeide tiltak og verkemiddel for å redusere utslepp av klimagassar og sikre meir effektiv energibruk og miljøvennleg energiomlegging i kommuneplanen eller i eigen kommunedelplan. Kommunane er viktige aktørar på dette området fordi dei kan påverke utsleppa frå ei rekkje sektorar, representere ei positiv drivkraft i klimaarbeidet, og vere ei viktig inspirasjonskjelde for innbyggjarane i kommunen.

Fylkeskommunen skal òg gjere denne typen planlegging innanfor sitt ansvars- og påverknadsfelt.

I dei nasjonale forventingane til regional og kommunal planlegging går det fram at revisjon av dei kommunale og regionale klima- og energiplanane skal vurderast minst kvart fjerde år i arbeidet med dei regionale og kommunale planstrategiane.

Ei god areal- og transportplanlegging kan medverke betydeleg til å redusere utsleppa frå transport ved tettare utbygging og lokalisering av bustader, handel og offentleg og privat service og arbeidsplassar langs trasear og i knutepunkt på kollektivsystemet. Hovudprinsippa er til dømes brukt i arbeidet med regional planstrategi for Oslo og Akershus. Klimapolitikken får òg konsekvensar for eksisterande og ny bygningsmasse. Potensialet for å spare energi i dei eksisterande bygningane er stort. Det er gjennomført fleire prosjekt relatert til dette, og arbeidet skal førast vidare. Det vil òg bli arbeidd med nye standardar for energirehabilitering, både i Noreg og i Europa, under leiing av Riksantikvaren.

Kampen mot klimaendringar og utfordringane med å dekkje energibehovet i verda er bakgrunnen for Regjeringas satsing på fangst og lagring av CO2. Ei vellukka satsing vil kunne gjere CO2-handtering til eit sentralt verkemiddel i klimapolitikken. Regjeringas CO2-handteringsprosjekt på Mongstad inneber meir enn å fange CO2 frå gasskraftproduksjon i Noreg. Målsetjinga er at prosjektet på Mongstad skal medverke til teknologiutvikling og reduserte kostnader på lengre sikt, slik at erfaringsoverføring frå norske prosjekt til andre land vil bidra til å fremje CO2-handtering internasjonalt. Miljøverndepartementet har i medhald av forureiningslova gitt utsleppsløyve for CO2 frå kraftvarmeverket på Mongstad. Forureiningslova gir oss høve til å stille bestemte vilkår for utsleppsløyve. I utsleppsløyvet på Mongstad er det stilt krav om CO2-handtering.

Aktuelle klimatiltak kan ha negative effektar for naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Det er etablert politikk at ein skal prioritere tiltak som har positiv effekt for å motverke klimaendringar og positiv eller akseptabel effekt for bevaring av naturmangfald og andre viktige miljøverdiar. Internasjonalt er Noregs satsing på å bevare regnskog eit godt eksempel på eit slikt vinn-vinn-tiltak med positiv effekt både i klimasamanheng og for bevaring av naturmangfaldet. Også nasjonalt vil ein søkje å finne denne typen vinn-vinn-tiltak.

Boks 21.3 Klimaløftet

Som eit ledd i å styrkje formidling av informasjon og kunnskap om klima har Regjeringa sett i gang informasjonssatsinga Klimaløftet. Klimaløftet skal gjennom mange ulike tiltak medverke til auka klimakunnskap i befolkninga. Eit siktemål er å stimulere til meir klimavenleg åtferd.

Skuleelevane i dag er arbeidsstyrken og leiarane i framtida. Gjennom fleire år har Klimaløftet satsa på å formidle kunnskap om klima og miljø gjennom nasjonale føredragsturnear og skulebesøk. Hovudmålgruppa er elevar og lærarar i utdanningstrinnet frå ungdomsskule til vidaregåande skule. I 2011 vart føredragsturneen «Generasjon Grøn» lansert med seks unge miljøambassadørar som føredragshaldarar. Dei held føredrag om klimaendringane, konsekvensar for naturmangfaldet og korleis Noreg kan bli eit samfunn med låge utslepp. Ein viktig bodskap er korleis dei som er elevar i dag kan bidra. Dette har vore ei vellukka satsing, og miljøambassadørane har skuleåret 2011/12 besøkt over 350 skular. Etter stor pågang frå skular i heile landet held turneen fram i 2012, og ein ny runde er planlagt i 2013.

Ein vil også i 2013 styrkje formidlinga av oppdatert fakta om klimaendringane i tilknyting til at det kjem nye rapportar frå FNs klimapanel og at Stortingsmelding om klimatilpassing blir lagt fram.

Satsinga på å få fleire Redesign-arrangement i Framtidas byar blir ført vidare i 2013. Redesign er eit viktig tiltak som set fokus på bruk, forbruk og gjenbruk. Eit Redesign-arrangement er ein utstillings- og aktivitetsplass som viser gjenbruk i praksis.

Klimaløftet sitt handlingsprogram for bedrifter er ei viktig starthjelp for bedrifter som ønskjer å komme i gang med klimaarbeidet sitt. Bedriftene utgjer også eit nettverk som utvekslar erfaringar og inspirerer kvarandre i klimaarbeidet. Ein vil i 2013 leggje vekt på å synleggjere resultat frå bedriftene sine tiltak og rekruttere fleire bedrifter. Klimaløftet skal òg vere ein interessant samarbeidspart, støtte gode prosjekt, byggje nettverk og finne fram til nye samarbeid.

Nettsida www.klimaløftet.no er sentral i alle kommunikasjonstiltaka.

Det er innført ei avgift på produksjon og import av HFK og PFK. Ein viser til avgiftsproposisjonen frå Finansdepartementet for detaljane om denne avgifta. Avgifta er supplert med ei refusjonsordning for brukt HFK og PFK som blir levert inn til destruksjon. Avgifta og refusjonsordninga skal saman medverke til at ozonreduserande gassar som blir fasa ut ikkje blir erstatta av klimagassane HFK og PFK, men av meir miljøvennlege alternativ. Sjå òg omtale under kapittel 1441 post 76 Refusjonsordningar.

EU har vedteke ei forordning (EF) nr. 842/2006 (F-gassforordninga) med underforordningar som regulerer dei fluorerte klimagassane HFK, PFK og SF6 gjennom blant anna importrestriksjonar og krav på lekkasjetesting og sertifisering av teknisk personell. Forordninga vart implementert i Noreg i 2010 og sertifiseringsorgan vart utnemnt i 2011. Ein siktar mot å ha alle relevante aktørar sertifiserte innan midten av 2013.

Miljøverndepartementets viktigaste etat innan resultatområdet er Klima- og forureiningsdirektoratet.

Boks 21.4 Kva er skilnaden mellom kvotesystemet og CO2-avgifta?

Kvotesystem og CO2-avgiftssystem er begge effektive verkemiddel i klimapolitikken, men med enkelte viktige skilnader. I eit kvotesystem fastset styresmaktene den totale utsleppsmengda av klimagassar som nærare oppgitte verksemder har lov til å sleppe ut i ein viss periode. Kvotemengda utgjer då eit øvre tak for utsleppa, og prisen på kvotane blir bestemt i marknaden. CO2-avgifta gir ein føreseieleg pris på utsleppa, men ein set ikkje eit øvre tak for utsleppa på same måten som i eit kvotesystem. Sidan Noreg tek del i det europeiske kvotesystemet er det, til forskjell frå CO2-avgifta, ikkje sikkert at utsleppseffekten av kvotesystemet skjer i Noreg. Den kan like gjerne skje i Polen eller Tyskland. Til gjengjeld veit vi den totale utsleppseffekten i systemet, og det blir lagt til rette for kostnadseffektive utsleppsreduksjonar på tvers i Europa. Kvotesystemet til EU opnar i tillegg for ein avgrensa import av kvoter frå utveklingsland. Dette inneber at det samla ambisjonsnivået til ein viss grad kan oppfyllast også gjennom utsleppsreduksjonar utanfor Europa. Kvotesystemet er relativt nytt i faktisk bruk i Noreg og elles i verda. Vi må derfor sjå på kvotesystemet som eit system under utvikling med potensial til å bli eit endå meir effektivt og viktig verkemiddel for å redusere våre utslepp av klimagassar.

Kunnskap og forsking

Klimautfordringane stiller samfunnet overfor store langsiktige utfordringar. Kunnskap om korleis konsentrasjonen av klimagassar i atmosfæren kan avgrensast, særleg forsking på utsleppsreduserande teknologiar og praksis, vil spele ei avgjerande rolle. Klimaforskinga er internasjonal, samtidig som kvart land treng tilpassa klimakunnskap for å møte klimautfordringa. Ein god nasjonal forskingsbasis set også Noreg i stand til å gi vesentlege bidrag til den internasjonale klimaforskinga. I klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk) varsla derfor Regjeringa at den vil:

  • halde fram med å trappe opp klimaforskinga med spesiell vekt på rammevilkår, verkemiddel og teknologi for reduserte klimagassutslepp.

  • medverke til den globale innsatsen for å styrkje kunnskapsgrunnlaget i klimaarbeidet og til at den grunnleggjande klimaforskinga blir styrkt.

Budsjettmidlar til faglege utgreiingar, forsking og miljøovervaking utgjer eit viktig og nødvendig grunnlag for arbeidet under resultatområdet. Regjeringa går inn for å styrkje klimarelatert forsking, og vil prioritere overvaking av klimaprosessar og konsekvensar av klimaendringar i nordområda.

Det er gjort nærare greie for klimaforskinga i klimameldinga. Mykje av midlane til klimaforskinga er forvalta av Noregs forskingsråd gjennom forskingsprogrammet Norklima. Forskingsprogrammet NORKLIMA blir avslutta i 2013, og Forskingsrådet planlegg no ei ny klimasatsing. Innrettinga av den nye satsinga vil blant anna ta utgangspunkt i ei evaluering av klimaforskinga som vart lagt fram i juni 2012.

Klimatilpassing

Kunnskap som medverkar til eit heilskapeleg bilete av kva klimaendringane vil bety for Noreg er viktig for å kunne utvikle tilpassingsstrategiar og avgjere korleis vi best kan tilpasse oss. Regjeringa arbeider derfor for å få fram meir kunnskap om klimaendringane og klimatilpassing ved å utvikle og leggje til rette kunnskap om klimaendringane og effektar i Noreg, og å ta vare på omsynet til klimatilpassing i relevante forskingsprogram.

Noregs første offentlege utgreiing om konsekvensane av klimaendringane for Noreg «NOU 2010:10 Tilpassing til eit klima i endring – samfunnet si sårbarheit og behov for tilpassing til konsekvensar av klimaendringar» konkluderer med at Noreg har eit godt utgangspunkt for å møte dei utfordringane eit endra klima kan gi. Utgreiinga vil bli følgt opp av ei Stortingsmelding i 2013. Stortingsmeldinga vil gjere greie for konsekvensar av klimaendringar for natur og samfunn og leggje fram dei felles rammene for korleis samfunnet best mogleg kan møte eit endra klima. Eit viktig mål med stortingsmeldinga er å leggje til rette for at sektorane og fylke og kommunar kan ta ansvar for tilpassing innan sine ansvarsområde. Klargjering av roller og ansvar, og utgreiing av moglege virkemiddel for å stimulere til klimatilpassing vil utgjere hovudelement.

Noregs klima- og skogsatsing

Situasjonsbeskriving

Regjeringas klima- og skoginitiativ vart lansert under FNs klimaforhandlingar på Bali i desember 2007 som eit bidrag til den internasjonale innsatsen med å redusere utslepp av klimagassar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland (REDD+). Slike tiltak kan gi relativt sett raske, store og kostnadseffektive utsleppsreduksjonar. Initiativet var del av det første klimaforliket i Stortinget i 2008.

Initiativet har etablert ei rekkje landsatsingar med varierande ambisjonsnivå og ressursinnsats. Felles for alle er målet om rask etablering av ein mekanisme for betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar. Fokuset ligg i mellomtida på kapasitets- og institusjonsbygging, utvikling av gode målesystem, implementering av sentrale reformer, og pilotprosjekt. Bidrag gjennom multilaterale organisasjonar er viktig for klima- og skoginitiativet, både for å redusere risiko, for å medverke til å byggje konsensus om betydninga av og moglege tilnærmingar til REDD+ internasjonalt, for å sikre deltaking frå flest mogleg land og for å nytte dei multilaterale organisasjonane sin allereie eksisterande kapasitet og kompetanse i størst mogleg grad.

Internasjonal klimapolitikk har endra seg radikalt sidan 2008. På det tidspunktet var det stor tru på at det ville bli oppnådd semje om ein omfattende ny klimaavtale som også ville innehalde semje om finansiering til REDD+ på København-toppmøtet i FNs klimakonvensjon i desember 2009. Dette skjedde ikkje. Sjølv om det som del av Cancun-avtala året etter vart oppnådd semje om ei klima- og skogavtale, er denne i hovudsak som følgje av manglande generell semje om finansiering i klimaforhandlingane ikkje operativ.

Samtidig ligg det fast at grunngivinga for Regjeringas klima- og skogsatsing er vel så sterk som for fem år sidan, at utviklinga i klimagassutslepp og vår kjennskap til konsekvensane av desse gjer rask og kraftfull handling nødvendig, og at situasjonen i dei internasjonale klimaforhandlingane tilseier at frivillige initiativ vil vere avgjerande dersom vi i 2020 framleis skal ha høve til å nå togradermålet.

På denne bakgrunn er det i Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk fastslått at «regjeringen vil etter en evaluering vurdere å styrke klima- og skogprosjektet utover 3 milliarder kroner årlig som del av en flernasjonal mekanisme for betaling for verifiserte utslippsreduksjoner dersom andre land også øker sine bidrag.» Denne ambisjonen vart del av det påfølgjande klimaforliket i Stortinget (Innst. 390 S (2011–2012).

Klima- og skoginitiativet er ein strategisk innsats for å takle klimaendringane. Klimamåla som er skisserte nedanfor vil derfor vere styrande for vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte. Samtidig er eit viktig rammevilkår for satsinga erkjenninga av at kampen mot klimagassutslepp frå avskoging er uløyseleg knytt til kamp mot fattigdom og for berekraftig økonomisk utvikling. Det vil på lang sikt vere umogleg å oppnå varige globale reduksjonar i utslepp frå avskoging utan å syte for berekraftig økonomisk utvikling for dei som bur i og rundt skogen. Klima- og skoginitiativet er god klimapolitikk og god utviklingspolitikk.

Øydelegginga av regnskogen er rekna for å vere ein av dei største truslane mot jordas naturmangfald; tropiske skogar huser anslagsvis mellom 50 og 80 pst. av verdas plante- og dyrearter. Bidrag til redusert avskoging og skogforringing er derfor òg svært viktige bidrag til å bevare klodens biologiske mangfald. Vassdamp frå skog utgjer i gjennomsnitt 40 pst. av årleg global nedbør. Dette har store konsekvensar for jordbruk, som står sentralt i kampen motfattigdom og for mattryggleik. Større skogområde verkar òg dempande mot skred, flaum og overfløyming og spelar derfor òg ei viktig rolle i å førebyggje effekten av naturkatastrofar og klimaendringar.

Ifølgje FN er meir enn 1,4 milliardar menneske avhengige av skogen for sitt livsgrunnlag. Desse menneska risikerer å miste livsgrunnlaget dersom skogen forsvinn. Kvinner si tradisjonelle rolle og bruk av skogressursane gjer dei ekstra utsette for endringar i skogdekket og i den lokale skogforvaltninga. Det er derfor viktig å involvere urfolk, kvinner og lokalsamfunn i utviklinga av tiltak for å redusere klimagassutslepp frå skog. Noreg har vore og vil vere pådrivar for dette.

Korrupsjon og dårleg styresett er viktige årsaker til ulovleg avskoging. For å lykkast med å redusere avskoginga må kapasiteten i offentleg administrasjon styrkjast i mange land og arbeidet med styresett, institusjonsbygging, og det å vere open om pågåande prosessar og lokal medbestemming må støttast.

Regjeringas klima- og skoginitiativ arbeider langs fire aksar for å nå sine mål: Forhandlingane under FNs klimakonvensjon, partnarskap med enkeltland, multilaterale program og støtte til det sivile samfunn. Tilnærminga har gitt høve til å angripe avskoginga frå fleire sider, har gitt resultat (som dokumentert bl.a. i Norads følgjeevaluering), og er tilrådd ført vidare.

Mål

  • Å bidra til at utslepp frå skog i utviklingsland inngår i ei ny internasjonal klimaavtale

  • Å bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

  • Å bidra til å vareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

Som fastslege gjennom tidlegare stortingsbehandlingar av klima- og skoginitiativet, jf. St.prp. nr. 1 (2008-2009) og Prop. 15 (2011-2012), vil desse måla vere styrande for vedtak om igangsetjing, vidareføring eller endring av støtte.

Å medverke til berekraftig utvikling og kamp mot fattigdom er eit overordna mål for norsk utanriks- og utviklingspolitikk. I tillegg til klimamåla er dette derfor eit naturleg overordna mål for innsatsen. I arbeidet for å nå dei ulike måla er det eit målsetjing at klimapolitikken og utviklingspolitikken skal underbyggje kvarandre. Dette er i tråd med Regjeringas handlingsplan for miljøretta utviklingssamarbeid.

Den mest sentrale målsetjinga for Regjeringas klimapolitikk er å medverke til å få på plass eit globalt, forpliktande og langsiktig regime for reduksjon av klimagassutslepp som medverkar til at den globale oppvarminga blir avgrensa til 2°C i forhold til før industrielt nivå. Dette vil vere eit viktig bidrag til berekraftig utvikling, og også klima- og skogprosjektet skal i størst mogleg grad byggje opp under og støtte arbeidet for å nå denne målsetjinga.

Desse måla teke vare på føringane frå klimaforliket: «Flertallet peker på at klima- og skoginitiativet (regnskogsatsingen) fortsatt skal ha sammensatte mål knyttet til bevaring av naturskog, bærekraftig utvikling og respekt for urfolks rettigheter, i tillegg til hovedmålet om reduserte utslipp. Langsiktig skogbevaring betinger at resultater oppnås også på andre områder enn reduserte utslipp av klimagasser» (energi- og miljøkomiteen i Inns. 390 S (2011-2012) om norsk klimapolitikk). Likeledes ivaretas stortingsflertallets påpekning at «at arbeidet mot avskoging i utviklingsland er et av de viktigste og mest kostnadseffektive globale klimatiltakene».

For 2013 er løyvinga foreslått brukt blant anna innan følgjande satsingsområde:

  • Innsats for å etablere ein mest mogleg effektiv REDD+-mekanisme under FNs klimakonvensjonen, og auka fleirnasjonal innsats for å stimulere til auka klima- og skoginnsats i perioden før 2020, altså før den nye FN-avtala om globalt klimasamarbeid er tenkt operativ.

  • Betaling for uavhengig verifiserte resultat i sentrale samarbeidsland

    • Brasil: Betaling for verifiserte utslippsreduksjonar i Brasils Amasonas blir ført vidare, basert på avskogingstala for skogåret 2012. Midlane går til Amazonasfondet sine prosjekt for å redusere avskoginga.

    • Indonesia: Betaling for uavhengig verifiserte resultat i REDD+ fase 1 (institusjonsbygging og reformarbeid). Pengane vil bli brukte til investeringar i berekraftig utvikling med fokus på å leggje grunnlaget for utviklinga av ein permanent modell for betaling for reduserte utslepp frå avskoging, skogforringing og øydelegging av karbonrike torvmyrer.

    • Guyana: Betalingane til Guyana for verifiserte resultat i form av framhaldne særdeles låg avskogingsrate blir vidareførte. Også tiltak for betra skogforvaltning er vilkår for norsk støtte i Guyana. Midlane skal nyttast i tråd med Guyanas strategi for lågkarbon-utvikling.

    • Etiopia: Det er teke sikte på at den første resultatbaserte utbetalinga til Etiopias Climate Resilient Green Growth Strategy skjer i 2013, basert på framdrift innanfor institusjonsbygging og reformarbeid.

  • Vidareføring av støtte til relevante multilaterale program: Særleg viktig vil vere støtta til UN REDD, då spesielt gjennom eit utvida engasjement i land som har komme langt i sin innsats, gjennom ei utvida satsing på måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå skog i utviklingsland og gjennom utvikling av modellar for betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogforringing.

  • Støtte til førebuande innsats og avgrensa investeringsprogram i andre enkeltland av stor relevans for klima- og skogsaka:

    • Opptrapping av innsatsen i Kongo-bassenget gjennom støtte til implementering av utvalte land sine REDD+-strategiar, arbeid for å styrkje institusjonar og anti-korrupsjonsarbeid, og utvalte investeringsprogram.

    • Vidareføre støtta til Tanzanias vidareutvikling og implementering av ein nasjonal REDD+-strategi og pilotprosjekt, og støtte til forsking og kompetansebygging. Vurdering av ytterlegare støtte til Tanzania vil skje i løpet av 2013.

    • Støtte til Vietnam for regionale pilotprogram og bygging av nasjonale institusjonar, med sikte på å setje dei i stand til å ta imot resultatbasert støtte frå 2015.

    • Vidareføre det faglege samarbeidet med Mexico, særleg innan utvikling av metodar og system for måling og overvaking av utslepp frå skogsektoren, og gjere denne kunnskapen tilgjengeleg for andre interesserte skogland.

    • Støtte til Myanmars innleiande førebuingar til tiltak for betre skogforvaltning.

    • I tillegg blir det arbeidd med ein opptrapping av innsatsen i Amazonas-bassenget, med fokus på land som har spesielt stor klima- og skogfagleg interesse, utviser politisk vilje til å satse på REDD+ og som er komne relativt langt i sitt førebuande arbeid.

  • Vidareføring av støtta til det sivile samfunn kanalisert gjennom Norad. Fokus vil liggje på eit tal strategiske initiativ som kan bidra til å drive klima- og skogagendaen vidare både globalt og i sentrale tropiske skogland.

  • Støtte informasjonstiltak og kampanjar som kan bidra til å auke medviten internasjonalt og nasjonalt om avskoging, skogforringing og REDD+.

  • Vidareføre finansiering av den uavhengige følgjeevalueringa som vart initiert av Klima- og skoginitiativet for å skaffe fram uavhengig dokumentasjon av resultat og erfaringar.

Innanfor alle desse områda vil det bli arbeidd systematisk for å oppnå målet med tilskotsposten i tråd med beskrivinga ovanfor, og å minimere og handtere risikoane som er knytte til korrupsjon, styresett og sosiale og miljøvise forhold. Det vil bli nytta midlar, også over driftsbudsjettet, for å støtte opp under erfaringsutveksling og internasjonal oppslutning om REDD+.

For å nå togradermålet, er det viktig at støtta til REDD+ blir resultatbasert. Dette stiller nye krav til utforming av finansieringsmekanismane globalt og nasjonalt. For å bidra til utvikling på dette området, og for å følgje opp klimameldingas intensjon om at «ressursinnsatsen som helhet i stadig større grad vil vris mot å designe og følge opp satsinger basert på betaling for verifiserte utslippsreduksjoner», og vidareføring av «resultatbasert tilnærming og fokus på helhetlige nasjonale strategier», skal finansieringsmekanismane utformast slik at dei utgjer gode modellar for kanalisering av resultatbasert internasjonal klimafinansiering. Dette inneber eit spesielt fokus på betaling for verifiserte utsleppsreduksjonar, på utviklingslandas eigarskap til strategi-, portefølje- og prosjektutvikling og prioriteringar innanfor ramma av sine REDD+/’grønutviking’ strategiar, og på finansielle, miljøvise og sosiale sikringsmekanismar.

Som Stortinget tidlegare er informert om er den norske klima- og skogstøtta til enkeltland inndelt i fasar, der kapasitetsbygging med meir skjer innleiingsvis og resultatbasert betaling er i fase 2 og 3. Ei slik tilnærming vil bli ført vidare. Noreg vil betale for både resultatbaserte utsleppsreduksjonar og kapasitetsbygging, og desse prosessane vil i mange land gå parallelt. Noreg som givarland erkjenner nasjonalt eigarskap. Utover eigenverdi sin, er utviklinga av nasjonale klimafond òg viktig fordi det vil setje landa i stand til å ta i mot pengar frå Det Grøne Klimafondet som er under etablering. Gjennom klima- og skogsatsinga, Regjeringas nye internasjonale energi- og klimainitiativ, klimarobust landbruk og anna utviklingssamarbeid, gir Noreg betydelege bidrag til utsleppsreduksjonar, klimatilpassing og berekraftig utvikling i ein rekkje utviklingsland. Det blir stadig viktigare å sikre ei heilskapleg og strategisk tilnærming i norsk klimabistand og til ’grøn vekst’ i utviklingsland.

Initiativet skal nå både klimapolitiske og bistandspolitiske mål. Dei klimapolitiske måla styrer tilnærmingar og prioriteringar samtidig som pengebruken framleis skal godkjennast som bistand og fremje god utvikling i tråd med retningslinjene til utviklingskomiteen (DAC) i OECD.

Den konstitusjonelle delinga av i dag består. Prosjektet er underlagt både miljøvernministerens og utviklingsministerens instruksjonsmynde. Miljøvernministeren har det overordna ansvaret for den politiske og strategiske innretninga på prosjektet, og det omfattar vidareutvikling og gjennomføring av strategi og hovudtilnærming, val av hovudsamarbeidsland og utforming av landstrategiar og initiativ, norske posisjonar på REDD+, samarbeid og kommunikasjon om REDD+ med andre land, og miljøpolitisk og miljøfagleg måloppnåing. Utviklingsministeren har det utviklingspolitiske ansvaret, inkludert overordna ansvar for dialogen med dei multilaterale samarbeidspartnarane, siste ord i avgjerder om utbetaling av midlar og forvaltningsansvaret for at midlane i prosjektet blir nytta i medhald av Stortingets føresetnader og gjeldande regelverk, under dette dei unntaka/særordningane frå det ordinære regelverket som måtte vere eller bli etablerte for å fremje klima- og skoginitiativets strategi. Det blir etablert eit system for felles avgjerder mellom dei to statsrådane på større avgjerder på begge statsrådane sine konstitusjonelle område. Ved evt. usemje mellom statsrådane blir saka heva til Regjeringa.

Initiativets tilnærming skal vere heilskapleg og einskapleg. Regjeringas klima- og skoginitiativ har så langt vore organisert som eit prosjekt styrt frå Miljøverndepartementet. For å sikre ei betre utnytting av ressursane og ei meir heilskapleg tilnærming vil heile prosjektet samlokaliserast og integrerast i MD, og derfrå vareta heilskapen av initiativet. Prosjektet rapporterer til Utanriksdepartementet i den grad det er nødvendig for å sikre ivaretaking av utviklingsministerens og utanriksministerens ansvarsområde.

Initiativet skal i medhald av Stortingets føringar i så stor grad som mogleg bruke dei løyvde midlane til å betale for verifiserte utsleppsreduksjonar frå avskoging og skogforringing i utviklingsland. Samtidig er midlane løyvde som bistand, med dei føringane som ligg på bruken av bistandsmidlar. Stortinget har bestemt bruk av gjeldsbrevordning for Noregs resultatbaserte støtte til å bevare regnskog i Brasil. Sekretariatet i OECDs utviklingskomité har varsla Noreg om at denne ordninga ikkje kan reknast som offisiell utviklingshjelp, i medhald av retningslinjene til utviklingskomiteen i OECD, før pengane faktisk er utbetalte til den brasilianske utviklingsbanken (BNDES). Regjeringa har stilt spørsmål ved denne tolkinga og er i dialog med OECD-sekretariatet om dette spørsmålet. Stortinget vil bli halde orientert om saka.

Rapport for 2011

I det følgjande er gitt ei kortfattet oppsummering av framdrift mot dei tre hovudmåla som er fastsette for satsinga. Deretter følgjer rapport for dei enkelte samarbeidsprogramma.

Mål 1: Å bidra til at utslepp frå skog inngår i ei ny internasjonal klimaavtale.

Reduksjon av klimagassutslepp frå skogsektoren i utviklingsland har frå 2007 til i dag gått frå å vere ein sidediskusjon i FNs klimaforhandlingar til å vere eitt av områda der det er oppnådd størst framgang. Første del av klima- og skogsatsingas følgjeevaluering, lagt fram i 2011, viser at Noreg gjennom politisk, finansiell og institusjonell innsats har gitt eit betydeleg bidrag til global konsensus om REDD+ som del av ei internasjonal klimaavtale.

I Cancun-avtala om REDD+ frå 2010 fekk Noreg gjennomslag for fleire sentrale synspunkt, blant anna prinsippet om ei tilnærming i fasar til REDD+ og aksept for behovet for sosiale og miljøvise sikringsmekanismar. I 2011 vart ytterlegare framgang oppnådd på viktige område for Noreg, under dette metodar for å etablere referansenivå og finansieringskjelder for REDD+.

Sentrale spørsmål står att, blant anna vidareutvikling av eit teknisk rammeverk for REDD+ og mobilisering av langsiktig, føreseieleg og storskala finansiering for utsleppsreduksjonar frå REDD+. Noreg vil halde fram med å utvikle gode løysingar og søkje å skape brei oppslutning om desse.

Mål 2: Å bidra til kostnadseffektive, tidlege og målbare reduksjonar i utslepp av klimagassar

Det er inngått ambisiøse og innovative partnarskap med strategisk viktige skogland, blant dei Brasil og Indonesia, som til saman har stått for meir enn halvparten av årlege utslepp frå avskoging. Felles for samarbeidslanda er politisk eigarskap på høgaste hald, ei uttalt nasjonal eigeninteresse i å redusere avskoginga, og fokus på betaling for resultat. Denne kombinasjonen har vist seg effektiv for å mobilisere støtte og stimulere til nødvendig offentleg debatt internt i skoglanda.

Noreg har gjennom aktiv deltaking i program under FN, Verdsbanken og regionale utviklingsbankar medverka til å etablere ein robust internasjonal arkitektur for å yte støtte til skogland si planlegging og gjennomføring av REDD+.

Mål 3: Å bidra til å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon

I alle landpartnarskap og multilaterale program er det lagt vekt på å bevare naturskog. Naturskogar vil i dei fleste tilfelle huse større karbonlager enn meir påverka skogar. Med godt utvikla system for kartlegging og overvaking av skogkarbon, vil eit REDD+ regime derfor stimulere til spesielt fokus på beskyttelse av naturskogar. I fråvær av slike system, legg initiativet ei konservativ tilnærming til grunn. I dei resultatbaserte partnarskapa med Brasil og Guyana blir norske bidrag berekna på bakgrunn av brutto avskoging, dvs. at all avskoging – også den som eventuelt blir kompensert gjennom skogplanting – gir reduserte utbetalingar. Ei tilsvarande tilnærming vil bli nytta på dei andre partnarskapa.

Noreg er òg pådrivar for etablering av miljøvise sikringsmekanismar for REDD+ mekanismen i klimakonvensjonen, under dette krav om at REDD+ ikkje skal medverke til konvertering av naturskog til plantasjar. Det har òg vore arbeidd med mekanismar for å sikre rettane til urfolk og lokalsamfunn i alle dei ulike tiltaka. Dette er essensielt for sosial utvikling og rettferd, og nødvendig for å bidra til ei berekraftig forvaltning av skogressursane og reduserte utslepp over tid.

Det vart i 2011 utbetalt 2,02 mrd. kroner under Klima – og skoginitiativet, av dette var 1 mrd. kroner avsett som gjeldsbrev til Den brasilianske utviklingsbanken.

Brasil

Brasil har oppnådd gode resultat i form av redusert avskoging for skogåret 2011 (juli 2010-juli 2011) der 6418 km2 vart avskoga ifølgje det brasilianske romforskingsinstituttet (INPE). Avskoginga i 2011 er redusert med 61 prosent samanlikna med gjennomsnittleg årleg avskoging i perioden 2001-2010, som er det nye referansenivået for Amazonas-fondet. Om lag halvparten av utsleppsreduksjonane frå avskoging kan tilskrivast tiltak frå brasilianske styresmakter, ifølgje ein forskingsrapport utarbeidd av Climate Policy Institute i 2011. I 2011 vart 10 prosjekt godkjende for finansiering under Amazonasfondet. Brasil har brukt lengre tid enn venta på å byggje opp ein prosjektportefølje for fondet og utbetalingstakten frå fondet har derfor vore noko låg. Brasilianske styresmakter har derfor saman med fondsforvaltar, Den brasilianske utviklingsbanken (BNDES), sett i gang prosessar for betre å utnytte potensialet fondet gir.

Indonesia

Indonesia skal ifølgje intensjonserklæringa med Noreg levere resultat på seks område før samarbeidet går inn i andre fase av REDD+ og får nye bidrag frå Noreg. Indonesia har levert på tre av desse: Indonesia innførte i mai 2011 eit toårig moratorium på utdeling av nye konsesjonar i primærskog og torvmyrer. Etter omfattande konsultasjonar med urfolk og andre interessegrupper vart ein nasjonal REDD+-strategi utarbeidd. Strategien inneber omfattande reformer, under dette betre arealplanlegging, flytting av produksjon til allereie avskoga land, juridisk gjennomgang av konsesjonar som er gitt, auka produktivitet i skogs- og jordbrukssektoren utan å utvide arealbruken, og erkjenning av urfolks- og lokalsamfunns rettar og deltaking. Sentral-Kalimantan vart valt som pilotprovins og det vart fastlagt at skog og torvmyr skal bidra til nesten 90 prosent av dei nasjonale utsleppskutta. Partnarskapet mellom Noreg og Indonesia har i følgje sivilt samfunn og forskarar medverka til ei ny form for open politisk debatt rundt klima, miljø og berekraftig økonomisk utvikling i Indonesia.

Etiopia

Regjeringa bestemte i desember 2011 i tråd med føringane frå meld. St. nr. 14 (2010-2011) om støtte til grøn vekst i utviklingsland å inngå eit tettare klimasamarbeid med Etiopia. Landet planlegg å oppnå mellominntektsstatus utan auka klimautslepp innan 2025, det vil seie ein utsleppsreduksjon på omkring 250 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg. Utsleppsreduksjonen skal koordinerast gjennom ein nasjonal lågutsleppsstrategi, der REDD+ er eitt av dei berande elementa. Norsk støtte vil spesifikt medverke til å utvikle og implementere ein nasjonal REDD+-strategi. Vidare skal strategien inkluderast i landet sine utviklingsplanar, med det føremål at klimapolitiske og utviklingspolitiske mål skal utfylle kvarandre. Det er eit mål for satsinga å oppnå synergiar mellom sentrale norske klimasatsingar på skog, energi og jordbruk. Norske bidrag vil vere resultatbaserte, støtte nasjonale klimamål og i hovudsak basere seg på landet sine eigne finansieringsmekanismar, planar og institusjonar.

Guyana

I 2011 heldt avskogingen i Guyana seg framleis svært låg. Den rapporterte avskogingsraten er på 0.054 pst. mot 0.056 pst. året før. Målemetodane for avskoging og presisjonsnivået for måling av skogforringing er betra. Tala og dei nye metodane vart verifiserte av Det Norske Veritas. Noreg utbetalte 213 mill. NOK til Guyana REDD+ Investment Fund (GRIF) i Verdsbanken i 2011. Utbetalinga var basert på verifiserte avskogingstal og indikatorar for reformer i styresettet for 2010. Utbetalingstakten frå fondet har vore lågare enn venta, og det blir arbeidd med å utvikle GRIF vidare i ein retning som er meir eigna for resultatbasert klimafinansiering, jamfør omtale av utfordringar knytte til finansieringsmekanismar for resultatbasert klimabistand nedanfor. Eit prosjekt med totalramme på om lag 36 mill. kroner, hovudsakleg til institusjonsstyrking og kapasitetsbygging, vart godkjent for finansiering av GRIF i 2011. I tråd med klima- og skoginitiativets målsetjing om å ivareta naturskog for å sikre denne skogen si evne til å binde karbon utarbeidde Guyana, som ledd i oppfyllinga av klima- og skogavtala med Noreg eit kart over eksisterande «intakte skoglandskap» i landet. Kartet, og årlege rapportar om eventuelle inngrep i dette arealet, vil vere viktige for berekningar av framtidig norsk støtte.

Tanzania

Framdrifta i arbeidet med REDD+ i Tanzania og bruken av dei 500 mill. kroner som vart politisk forplikta frå Noreg til slik innsats tidleg i 2008 har teke lenger tid enn venta. I 2011 tok imidlertid Tanzania som del av avtala med Noreg viktige steg på vegen til å etablere eit nasjonalt skogovervakingssenter. Arbeidet med REDD+ fikk breiare politisk forankring gjennom utviding av den nasjonale styringsgruppa for REDD+, inkludert representasjon frå departement med ansvar for landbruk, energi, lokale styresmakter, landrettar, finans, likestilling, miljø, og styresmaktene på Zanzibar. Den nasjonale REDD+-strategien har gjennomgått to høyringsrundar og er venta ferdigstilt i 2012. Ni pilotprosjekt med stor geografisk spreiing vart sette i gang eller er under iverksetjing.

Kongobassenget

Noreg tok i 2011 initiativ til ei felleserklæring om behovet for auka og meir effektiv støtte til klima- og skogarbeidet i Kongobassenget. Til saman 7 givarland, EU, og 7 land i regionen støtta erklæringa, som vart annonsert under klimatoppmøtet i Durban i desember 2011. Kongobassenget, som strekkjer seg over seks land i sentral-Afrika, er verdas nest største regnskogsområde. Det er venta at felleserklæringa vil kunne føre til tiltak med både økonomiske og sosiale gevinstar. Noreg har i 2010 og 2011 gitt 12,5 mill. kroner til å opprette eit «klimasekretariat» for å støtte DR Kongo i rolla som koordinator for Afrikagruppa i klimaforhandlingane i perioden til og med klimatoppmøtet i Durban. Foreløpige tilbakemeldingar har peikt på at støtta har medverka til auka kapasitet og breiare afrikansk deltaking i klimaforhandlingane.

Mexico

I 2011 utbetalte Noreg 45 mill. kroner til Mexico. Utviklinga av eit system for måling, rapportering og verifisering er forseinka då prosjektorganiseringa har teke lengre tid enn venta. Det vart i 2011 etablert ein prosjektadministrasjon og ein internasjonal ekspertkomité. Det er òg etablert eit samarbeid mellom sentrale nasjonale faginstitusjonar, og påbegynt ein dialog om mogleg sør-sør-samarbeid med land som Colombia, Ecuador, Peru og Costa Rica.

Sivilt samfunns aktivitetar

Klima- og skoginitiativet har gjennom støtteordninga til sivilt samfunn medverka til ei mangfaldig sivilsamfunnsdeltaking innan område som styresett- og antikorrupsjon, rettsperspektivet i REDD+, policyutvikling og demonstrasjonsprosjekt i felt. Om lag 190 mill. kroner vart i 2011 tildelt meir enn 40 organisasjonar gjennom tilskotsordninga som er forvalta av Norads avdeling for sivilt samfunn. Ein rapport frå den uavhengige følgjeevalueringa av klima- og skoginitiativet konkluderte i august 2012 med at tilskotsordninga har medverka til tidlege tiltak og erfaringar i det enkelte skogland og til å styrkje sivilsamfunnets deltaking i nasjonale REDD+prosessar, internasjonale klimaforhandlingar og internasjonal REDD-utvikling. Følgjeevalueringa tilrår at støtteordninga i framtida blir justert slik at den i endå større grad innrettast slik at tiltaka eksplisitt medverkar til å nå klima- og skogsatsingas mål, og at det blir etablert mekanismar for systematisk innhenting og formidling av erfaringar frå aktivitetar som er støtta. Dette blir følgt opp i ei ny utlysning av midlar for perioden 2013-2015.

Multilaterale satsingar

Noreg har over fleire år gitt støtte til ulike multilaterale program gjennom FN (UN-REDD), Verdsbanken (FCPF og FIP) og Afrikabanken (CBFF), og medverka aktivt i utforminga av programma sin policy og implementering. Totalt deltek meir enn 40 skogland i større eller mindre grad. Noreg har, som ein av dei største og mest aktive givarane til UN-REDD programmet (UN-REDD) og Forest Carbon Partnership Facility (FCPF), vore ein pådrivar for at FNs ulike organisasjonar skal operere som eitt FN på landnivå («delivering as one») og for betre samordning og samarbeid mellom FN-organisasjona og Verdsbankens arbeid med skog og klima. Noreg deltok i 2011 aktivt i arbeidet med å etablere felles miljøvise og sosiale sikringsmekanismar for desse to programma.

FCPF, som er administrert av Verdsbanken, består av eit kapasitetsfond (Readiness Fund) som gir støtte til 36 skogland for innleiande strategiarbeid og kapasitetsbygging og eit karbonfond (Carbon Fund) som er sett opp for å betale for utsleppsreduksjonar i nokre få land som har vist god framdrift. Ei evaluering gjennomført i 2011 for perioden 2008-10 viser at FCPF har vore eit viktig bidrag til å etablere prosessar, prosedyrar og standardar for REDD+ i klimaforhandlingane under UNFCCC, og dermed medverka til klima- og skogsatsinga sitt første hovudmål. Ved utgangen av 2011 hadde 24 land lagt fram Readiness Proposal Plans (R-PPs). Karbonfondet vart operasjonalisert i 2011 etter at to private selskap kom inn som investorar i tillegg til åtte givarland. Som kanal for resultatbasert støtte er karbonfondet høgt prioritert for Noreg. Noreg inngjekk avtale om ytterlegare 300 mill. kroner til Karbonfondet i 2011.

UN-REDD programmet er eit samarbeidsprogram mellom FNs miljøprogram (UNEP), FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO) og FNs utviklingsprogram (UNDP) som skal hjelpe utviklingslanda innanfor følgjande prioriterte område: måling, rapportering og verifisering av klimagassutslepp frå avskogning og skogforringing (MRV), urfolk og lokalsamfunn sine rettar, biologisk mangfald, grøn økonomi, godt styresett og antikorrupsjon. I 2011 medverkaNoreg med 120 mill. kroner til programmet. Meir enn 40 land deltek, av desse mottek 16 direkte støtte til nasjonale handlingsplanar. Tretten partnarland er i gang med å implementere sine nasjonale REDD-strategiar1. Omkring 432 mill. kroner er sett av til desse landa. Som resultat av støtta frå UN REDD lanserte Den demokratiske republikken Kongo og Papua Ny Guinea i 2011 første del av sine nasjonale skogovervakingssystem, som er utvikla med teknisk støtte frå Brasils nasjonale romforskingsinstitutt (INPE).

The Forest Investment Program (FIP) er eit klimafond under Verdsbanken, sett opp for å tilby investeringar (gåvemidlar og lån) i stor skala for implementering av REDD+ i åtte sentrale skogland (Brasil, Indonesia, DR Kongo, Mexico, Peru, Ghana, Laos og Burkina Faso). FIPs styre godkjente i 2011 dei første tre av totalt åtte investeringsplanar (D.R. Kongo, Mexico og Laos), og vedtok å opprette ein mekanisme til å gi direktestøtte til urfolk og lokalsamfunn på opptil 300 mill. kroner. Det vart òg semje om å opprette eit investeringsvindauge for privat sektor. Noreg inngjekk i 2011 avtale for dei resterande 600 mill. kroner av vårt totale løfte på 900 millionar, og utbetalte 350 mill. kroner.

The Congo Basin Forest Fund (CBFF)har sidan oppstarten i 2008 vedteke ein portefølje på 41 prosjekt i ti land. I alt 13 prosjekt til ein samla verdi av om lag 264 mill. kroner fekk tilsegn om støtte i 2011. For heile prosjektporteføljen vart om lag 34 mill. kroner utbetalte til prosjekt i 2011. Kongobassengfondet har i 2011 godkjent og bestemt støtte til fleire prosjekt enn føregåande år, men har som tidlegare hausta kritikk for treg saksbehandling og kompliserte rapporteringsrutinar som har resultert i betydelege utfordringar knytte til framdrift. Det har vore utstrekt dialog med Den afrikanske utviklingsbanken om korleis dette skal betrast. Det er avgjerande at fondet sin administrasjon og resultatfokus gjennomgår betydelege forbetringar før ein kan ta stilling til fondet si vidare strategiske innretting eller nye økonomiske bidrag. Det vart ikkje utbetalt nye midlar frå Noreg til Kongobassengfondet i 2011.

Norsk Romsenter har i perioden 2009-2011 forvalta Noregs bidrag til klima- og skogrelaterte aktivitetar under Group on Earth Observations (GEO), som forsking på og utvikling av forskjellige typar satellittdata og korleis desse kan brukast til å overvake avskoging og skogforringing. Støtta til GEO har òg i 2011 medverka til kapasitetsbygging og datatilgang til land som styrkjer forvaltningskapasiteten i skogsektoren.

Noreg var i 2010 ei av drivkreftene bak etableringa av REDD+partnarskapet som skal medverke til informasjons- og erfaringsutveksling, og finansiering og implementering av REDD+. Til trass for mangel på framdrift i klimaforhandlingane, har partnarskapet like fullt blitt eit viktig forum for dialog og erfaringsutveksling og i 2011 utvikla partnarskapet si rolle som eit konstruktivt diskusjons- og informasjonsdelingsforum om sentrale forhandlingstema.

Boks 21.5 Sentrale risikoar og risikoreduserande tiltak

Klima- og skogprosjektet inneber risiko. Risikofaktorane – og prosjektets tiltak for å redusere og handtere desse vart grundig beskrivne i St. prp. Nr. 1 (2008-2009). Denne beskrivinga er framleis gyldig. I det følgjande er beskrive dei mest sentrale risikoane:

Korrupsjonsfaren. Som for annan bistand til land med til dels betydelege styresettsutfordringar er risikoen for korrupsjon med klima- og skogmidlar reell. Dei etablerte rutinane og mekanismane i bistanden for handtering av korrupsjonsrisiko og eventuelle tilfelle av korrupsjon blir nytta i forvaltninga av løyvinga. I tråd med vanleg forvaltningspraksis for bistandsmidlar blir det gjort vurderingar av korrupsjonsfare og nødvendige risikoreduserande tiltak i samband med alle vedtak om økonomiske bidrag. Blant anna for å redusere korrupsjonsrisiko blir prosjektets midlar i størst mogleg grad kanalisert gjennom eller under overoppsyn av anerkjente utviklingsinstitusjonar og -bankar med etablerte system for risikohandtering. I tillegg yter prosjektet støtte til diverse aktørar og prosjekt som medverkar til å kjempe mot korrupsjon og/eller handtere korrupsjonsrisiko, slik som UNDP, Interpol, United Nations' Office of Drugs and Crime (UNODC) og Transparency International.

Faren for at vi «ikkje får dei utsleppsreduksjonane vi betaler for». For å kunne betale for utsleppsreduksjonar må partnarland kunne måle og dokumentere resultata sine. System for å overvake avskoging og forringing av skog er dårleg utvikla i dei aller fleste tropiske skogland. Bidrag til etablering av system for måling, rapportering og verifisering (MRV) av avskoging, forringing av skog og klimagassutslepp har derfor vore prioriterte av prosjektet. I fråvær av velutvikla system er det – i samråd med annan fagekspertise – utviklet ei tilnærming basert på indikatorar for avskoging og forringing av skog kombinert med konservative anslag for klimagassutslepp. Med denne tilnærminga blir det oppnådd tryggleik for at vi ikkje «betaler for meir enn vi får», samtidig som våre partnarland har eit klart insentiv for å raskt å auke presisjonen i sine MRV-system. Tredjepartsverifisering av resultatrapportar er eit krav for resultatbaserte utbetalingar.

Faren for at REDD+ gir negative sosiale eller miljøvise sideeffektar. Riktig gjennomført vil REDD+ medverke til å bevare livsgrunnlaget for fattige, skape lokal og nasjonal økonomisk utvikling, og sikre biologisk mangfald. Det er like fullt behov for sikringsmekanismar som hindrar at REDD+ medverkar til ytterlegare marginalisering av lokalbefolkningar og urfolk, og degradering eller skadar på biomangfaldet. Noreg er ein forkjempar for slike sikringsmekanismar under klimakonvensjonen, under dette krav om at REDD+ ikkje skal bidra til konvertering av naturskog til plantasjar. Sikringsmekanismar inngår òg i våre resultatbaserte landpartnarskap. Det er gitt støtte til utvikling av praktiske verktøy (kartverk, databasar, etc.) som hjelper til med å kombinere innsats for å bevare skogen sine karbonlager med bevaring av biologisk mangfald og viktige økosystemtenester. Det er òg arbeidd med mekanismar for å sikre rettane til urfolk og lokalsamfunn i alle dei ulike tiltaka. Dette er ikkje berre essensielt for sosial utvikling og rettferd, men òg nødvendig for å bidra til ei berekraftig forvaltning av skogressursane og reduserte utslepp over tid.

Gjennom støtte til sivilsamfunnsaktørar har initiativet medverka til å mobilisere miljøorganisasjonar, lokalsamfunns- og urfolksorganisasjonar til å delta i REDD+ prosessar.

Budsjett 2013

For 2013 er foreslått løyvd 2 932,5 mill. kroner over budsjettet til Utanriksdepartementet kap. 166, post 01 og 73. For ytterlegare omtale viser ein til Prop. 1 S for Utanriksdepartementet.

Det er foreslått ei tilsegnsfullmakt på 632 mill. kroner under denne ordninga, jf. forslag til romartalsvedtak. Tilsegnsfullmakta er knytt til prosjekt i Brasil, Indonesia og Guyana.

Statusrapportering på nasjonale mål i 2012

11.1. Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga si med 10 prosentpoeng til 9 pst. under 1990-nivå.

Indikator:

  • Nasjonal utsleppsutvikling og bruk av fleksible mekanismar.

Figur 21.2 Utslepp av klimagassar i perioden 1990-2011*

Figur 21.2 Utslepp av klimagassar i perioden 1990-2011*

Stipla linje viser Noregs Kyoto-forpliktingar (2008-2012).

*Førebelse tal for 2011.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå (SSB) og Klima- og forureiningsdirektoratet 2005

Noreg underskreiv i 1997 Kyotoprotokollen som vart framforhandla under FNs klimakonvensjon (UNFCCC). Der forplikta Noreg seg til at utsleppa i perioden 2008–2012 som eit gjennomsnitt ikkje skal overstige ein prosent meir enn 1990-nivå. Som ei følgje av dette fekk Noreg tildelt ei kvotemengd under Kyotoprotokollen på 250,5 mill. tonn CO2-ekvivalentar (i gjennomsnitt 50,1 mill. tonn CO2-ekvivalentar årleg) i Kyoto-perioden (2008–2012). Som eit supplement til innanlandske utsleppsreduksjonar er det i Kyotoprotokollen opna for at landa kan nytte dei såkalla Kyoto-mekanismane (ulike typar kvotehandel) til å oppfylle forpliktingane. Som del av gjennomføringa av våre forpliktingar etter Kyoto-avtala vil Noreg finansiere utsleppsreduserande tiltak i andre land, i hovudsak i utviklingsland.

Kyoto-mekanismane består av handel med utsleppskvotar, prosjektsamarbeid mellom industriland som har ratifisert protokollen (JI), og prosjektsamarbeid med utviklingsland (CDM). Regjeringa legg opp til ei brei tilnærming for å innfri Noregs utsleppsforplikting under Kyotoprotokollen. Regjeringas politikk er at utsleppsforpliktinga skal oppfyllast gjennom ein kombinasjon av nasjonale tiltak og bruk av Kyoto-mekanismane slik protokollen legg opp til, der ein betydeleg del av utsleppsreduksjonane skjer gjennom nasjonale tiltak, jf. St.meld. nr. 34 (2006–2007) Norsk klimapolitikk og Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk. Det er etablert eit statleg kjøpsprogram for kjøp av kvotar under Kyoto-mekanismane i Finansdepartementet, jf. Prop. 1 S. (2011-2012). Stortinget har i tillegg vedteke at Noreg skal overoppfylle utsleppsforpliktinga under Kyotoprotokollen med ti prosentpoeng, eit mål som skal oppfyllast gjennom bruk av dei fleksible mekanismane under Kyotoprotokollen.

Den nasjonale utsleppsutviklinga, norske bedrifter sine kjøp av kvotar gjennom EUs kvotehandelssystem og kjøpsprogrammet for kvotar gjer at Noreg ligg godt an til å innfri forpliktinga under Kyotoprotokollen.

Utsleppa av klimagassar var i 2011 på 52,7 mill. tonn CO2-ekvivalenter. Omtrent 80 pst. av utsleppa i 2011 skuldast dei tre hovudkjeldene petroleumsverksemd, industri og transport (sjå figur 21.3). Petroleumsverksemda stod for 25 pst. av utsleppa, mens industri og transport stod for høvesvis 23 og 33 pst. Av transportutsleppa dominerer vegtrafikken med vel ti mill. tonn CO2-ekvivalentar eller i underkant av 20 pst. av alle norske utslepp. Andre utslepp frå oppvarming av bygningar, utslepp frå avfallsdeponi med meir stod for 11 pst.

Sida 1990 har samla norske utslepp auka med 5,8 pst., og det er vekst i utslepp knytt til vegtrafikk og petroleumsverksemda som har ført til denne auken. Drivkreftene bak dette har vore at i denne perioden har auka befolkning og velstand ført til større transportomfang, særleg for godstransport, mens petroleumsproduksjonen har auka betydeleg sidan 1990 og meir modne felt i slutten av perioden gir større utslepp pr. produsert eining. I fastlandsøkonomien har utsleppa falt med 6,7 pst. frå 1990 og til i dag, mens utsleppa utenom fastlandsøkonomien har hatt ein betydelig auke.

Figur 21.3 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2011*.

Figur 21.3 Kjelder som har medverka til utslepp av klimagassar i Noreg frå 1990 og til og med 2011*.

*Førebelse tal frå 2011.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet

11.2. Noreg skal fram til 2020 ta på seg ei forplikting om å kutte dei globale utsleppa av klimagassar tilsvarande 30 pst. av Noregs utslepp i 1990.

Indikatorar:

  • Nasjonal utsleppsutvikling.

  • Nasjonal utsleppsstatistikk – fordelt på sektorinndelinga frå Klimameldinga.

I klimameldinga (Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk) vert foreslått ei lang rekkje nye klimatiltak som skal sikre at måla vert nådd. Se omtale i boks 21.2.

Figur 21.4 Utslepp av klimagassar frå 1990 til 2010 med framskriving til 2030

Figur 21.4 Utslepp av klimagassar frå 1990 til 2010 med framskriving til 2030

Regjeringa legg kvart år fram eit klimagassbudsjett som har som mål å gi ei oversikt over klimagassutsleppa som følgjer av Regjeringas største satsingar i statsbudsjettet. Effekten av satsingane skal vurderast anten dei gir auka utslepp som for eksempel ved enkelte vegprosjekt, eller dei gir reduserte utslepp som for eksempel satsinga på karbonfangst og -lagring. I klimagassbudsjettet bør òg tiltak som skatte- og avgiftsendringar og satsingar innan forsking og utvikling omtalast.

I tillegg er omtalt nokre saker som har verknad på klimautsleppa sjølv om desse ikkje er satsingar i budsjettet, slik som nye olje- og gassfelt som blir sette i drift.

Klimagassbudsjettet skal ha tal både for budsjettåret og for 2020, men det skal leggjast mest vekt på 2020. På den måten vil det bli tydeleg i kor stor grad satsingane bidreg til at Noreg når klimamåla.

Regjeringa har òg innført ei klimavurdering av alle større satsingar i budsjettprosessen der det er relevant. Dette inneber at ansvarleg departement for ulike satsingsforslag leverer til Miljøverndepartementet før budsjettkonferansane ei vurdering av effektar på klimagassutslepp der det er relevant. Dette arbeidet vil kunne gi vesentleg tilleggsinformasjon om klimaeffektane av satsingane og vil derfor styrkje budsjettmaterialet på dette punktet og gi grunnlag for betre avgjerder.

Nedanfor følgjer ein kort gjennomgang av nokre sentrale endringar dei seinaste åra. For meir utfyllande informasjon viser ein til det enkelte departement sin budsjettproposisjon.

Auka satsing på kollektivtransport er ein viktig del av verkemiddelpakka som er lagt fram i Meld. St. 21 (2011-2012) (Klimameldinga). Til investeringer, vedlikehold og drift av jernbanenettet foreslås det bevilget om lag 11,4 mrd. kroner, en økning på om lag 1,4 mrd. kroner eller 14,3 pst. fra saldert budsjett 2012. Disse tiltakene skal bedre kapasiteten og regulariteten i trafikkavviklingen og gi mer fleksibel drift for togtrafikken. For jernbane er det regna ut at prosjekta som ligg inne i Nasjonal transportplan (NTP) 2010-2019 vil gi ein utsleppsreduksjon på 150 000 tonn pr år.

Belønningsordningen for bedre kollektivtransport og mindre bilbruk i byområdene foreslås økt med 262,1 mill. kroner til totalt 673,1 mill. kroner i 2013. Dette følger opp Stortingets vedtak om bevilgningsøkning til belønningsordningen i 2013 i forbindelse med behandlingen klimameldingen.

Gjennom Stortingets behandling av Meld. St. 21 (2011-2012) Norsk klimapolitikk, har Enova fått eit utvida mandat, jf. Innst. 390 S (2011-2012). Blant anna skal Enova forvalte den nye satsinga til Regjeringa på klimateknologi. Klimateknologisatsinga skal ha som mål å redusere klimagassutslepp og gi varige energiinnsparingar i industrien gjennom å utvikle og ta i bruk teknologiar som kan medverke til dette. Det er lagt til grunn at satsinga blir retta inn mot utvikling av ny teknologi og støtte til teknologiar nær marknadsintroduksjon. Blant anna skal Enova kunne gi støtte til investeringar i fullskala produksjonslinjer.

Petroleumsverksemda stod for om lag 26 pst. av dei totale utsleppa av klimagassar i Noreg i 2011. I 2011-2012 har Olje- og energidepartementet godkjent fleire utbyggingsplanar. Ved utarbeiding av planane skal oljeselskapa finne utbyggingsløysingar som gir lite utslepp av CO2 samtidig som omsynet til kostnadseffektivitet må takast vare på.

Tabell 21.2 gir ei oversikt over felta med godkjent plan for utbygging og drift som vil bli sette i produksjon dei næraste åra. Tala er baserte på selskapa sine overslag ved innlevering av plan for utbygging og drift. Disse anslagene er allerede reflektert i framskrivningene.

Tabell 21.2 Oversikt over estimert CO2-utslepp frå petroleumsfelt som vil bli sette i produksjon dei næraste åra.

Namn

Produksjonsperiode

tentativt oppstartsår

Tonn CO2 utslepp pr år

Jette 25/8-17

5 år

2013

34 000

SKULD 6608/10-12

9 år

2012

25 000

Atla

3 år

2012

11 000-15 000

Ekofisk/Eldfisk

35-40 år

2013

70000

Goliat

15 år

2013

125 000-156 000

Gudrun

14 år

2014

100 000-210 000

Hyme

7 år

2013

2000-24000

Knarr

8 år

2014

170 000

Marulk

10 år

2012

100 000

Skarv

22 år

2012

370 000

Valemon

11 år

2014

120 000

Visund Sør

14 år

2012

2000-25000

Yme

8 år

2013

120 000

Stjerne

17 år

2013

14 000

Edvard Grieg

20 år

2015

120 000

Martin Linge

20år

2016

15 000

Vigdis NordØst

9 år

2012

11.3. Som ein del av ei global og ambisiøs klimaavtale der også andre industriland tek på seg store forpliktingar, skal Noreg ha eit forpliktande mål om karbonnøytralitet seinast i 2030. Det inneber at Noreg skal syte for utsleppsreduksjonar tilsvarande norske utslepp i 2030.

Målet vårt er at Noreg mot midten av dette hundreåret skal bli eit lågutsleppssamfunn.

År 2020 er «berre» ein mellomstasjon fram mot det langsiktige målet om å stabilisere temperaturauken til mindre enn 2°C i forhold til før industriell tid. Dette krev i følgje FNs klimapanel utsleppsreduksjonar frå 50-85 pst. innan 2050 i forhold til 2000-nivå. Ein rekkje av tiltaka i klimameldinga vil også virke utover 2020. Dette gjeld klima- og teknologifondet, det gjeld mange av transporttiltaka, det gjeld målet om å få til meir kraft frå land på sokkelen og det gjeld tiltaka knytte til byggjeforskrifter (passivhus i 2015 og nær nullenergihus i 2020).

11.4 Redusert avskoging og degradering av skog i utviklingsland skal gi lågare utslepp av klimagassar, og medverke til berekraftig utvikling og fattigdomsreduksjon.

For rapportering på målet sjå tekst under overskrifta «Noregs Klima- og skogsatsing».

11.5. At samfunnet er mindre sårbart for klimaendringar og at Noregs tilpassingsevne er styrkt.

Miljøverndepartementets arbeid med klimatilpassing er støtta av eit fagsekretariat lagt til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) i Tønsberg. Sekretariatet har hatt fokus på kunnskaps- og informajonsformidling, rådgiving, og verktøyutvikling for klimatilpassing i kommunane. Ei ekstern evaluering av sekretariatet vart gjennomført i 2011. Evalueringa gir samla sett ei positiv vurdering, ut frå dei rammene som har vore for verksemda. Måloppnåinga blir vurdert som god. Særleg er framheva arbeidet med å utvikle og etablere nettportalen Klimatilpasning.no, og føredragsverksemda retta mot utvalte målgrupper. Men evalueringa avdekkjer òg utfordringar, blant anna knytte til dagens styrings- og organisasjonsløysing. Dette vil bli følgt opp som ledd i arbeidet med ei ny stortingsmelding om klimatilpassing som vil bli lagt fram i 2013.

I 2011 ble det utarbeidd ein rapport om handtering av havnivåstiging i kommunal planlegging. Formålet med rapporten har vore å gi råd og vise korleis kommunar og andre kan gå fram for å skaffe oversikt over farar, risiko og sårbarheit ved havnivåstigning og stormflod.

Det er vidare gjennomført ei spørjeundersøking blant kommunar og fylke i Noreg, som ei oppfølging av ei tilsvarande undersøking i 2007. Åtte av ti kommunar har svart at klimaendringane vil få konsekvensar for kommunen. Undersøkinga viser òg at det er store skilnader mellom kommunane, og at mange mindre kommunar slit med å ta tak i dei utfordringane som klimaendringane representerer. Klimatilpassingssekretariatet starta i 2011 ein runde til alle landets fylkesmenn/fylkeskommunar, der dei i samarbeid med Noregs vassdrags- og energidirektorat og Meteorologisk institutt informerer om klimatilpassing, rammeverk og verkemiddel. Føremålet er å gjere fylkesmennene og fylkeskommunane betre i stand til å gi råd til kommunane om korleis klimatilpassing kan takast inn i planarbeidet.

Sekretariatet i DSB har med utgangspunkt i finansieringsordningane under EØS-avtala etablert samarbeid om klimatilpassing med Portugal, Latvia, Ungarn og Slovakia.

11.6. Betydninga av robuste økosystem og naturmangfald som karbonlager skal vere styrkt i arbeidet med tilpassing og arbeid mot klimaendringar innan 2020, inkludert restaurering av minst 15 pst. av degraderte økosystem.

Det er aukande forståing globalt for robuste økosystem og naturmangfaldet si sentrale rolle i å motverke klimaendringar (gjennom opptak av karbon frå atmosfæren) og dempe verknadene (til dømes gjennom å redusere avrenning og dempe flaum). Ivaretaking av intakte økosystem med store populasjonar og store leveområde er naudsynt for å sikre robuste økosystem. Under både biologisk mangfaldkonvensjonen og klimakonvensjonen blir det no fokusert på økosystembasert tilpassing til klimaendringar. At norske økosystem er i stand til å avgrense negative verknader ved klimaendringar viser ein ny rapport frå Norsk institutt for naturforsking som trekkjer fram at både skogar og våtmark har, i tillegg til å lagre klimagassar, evne til å avgrense flaum og erosjon.

Det har blitt utarbeidd fleire utgreiingar og rapportar knytte til betydinga av norske økosystem i ein klimasamanheng, både økosystema si rolle som karbonlager og klimatilpassing og deira sårbarheit. Desse utgreiingane vil bli brukte som grunnlag for klimaarbeidet i Noreg. Både dei terrestriske og dei marine overvakingsprogramma er evaluerte med omsyn til klimaendringar og det er identifisert behov for justeringar, men det er kostnadskrevjande å få etablert nødvendige endringar. Det må arbeidast vidare med å identifisere og prioritere kva slags økosystem som kan restaurerast.

11.7. Planlegging i kommunar, fylke og regionar skal leggje til rette for ein samordna areal- og transportpolitikk som medverkar til låge klimautslepp, og medverkar til å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar.

I alt 16 fylke hadde i 2011 regionale areal- og transportplanar. Dei største byregionane utarbeider slike planar og strategiar som innspel til Nasjonal transportplan. Regionale arealplanar saman med eigne konseptvalutgreiingar er òg grunnlaget for utbygging av større samferdselstiltak.

Departementet har følgt opp Stortingets vedtak om samarbeid om areal- og transportplanlegging mellom Oslo kommune og Akershus fylkeskommune. Det regionale plansamarbeidet om areal- og transport for Oslo- og Akershus oversende planstrategien til endeleg godkjenning av Regjeringa etter vedtak i bystyre og fylkesting i 2012.

Statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging i kommunane vart fastsett i 2009, og nær alle kommunar har no ein klima- og energiplan. Gjennom KOSTRA rapporteringa for 2011 seier 78 pst. av kommunane at dei har ein gjeldande plan for klima- og energi. Gjennomsnittsalderen for desse var 0,2 år. Ifølgje oversikta til Enova og KS hadde 410 kommunar vedteke ein klima- og energiplan pr. august 2012, mens 18 var i gang med planarbeidet. Over 99 pst. av kommunane har dermed, eller er i ferd med, å få på plass ein klima- og energiplan. Departementet har i samarbeid med Statistisk sentralbyrå starta ei eiga arbeidsgruppe for klima- og energi i KOSTRA-systemet. Dei første møta i den nye arbeidsgruppa vart gjennomført i 2012, og kommunefordelt energi- og utsleppsstatistikk har vore på dagsordenen. Miljøverndepartementet er ansvarleg fagdepartement for arbeidsgruppa.

Planlegging er eit viktig verkemiddel for å redusere samfunnet si sårbarheit for klimaendringar. Plan- og bygningslova vektlegg omsynet til samfunntryggleik og stiller krav om risiko- og sårbarheitsanalysar ved utarbeiding av planar for utbygging.

Sjå òg omtalen av Planlegging for ei berekraftig utvikling under verkemiddelområdet Regelverk og samfunnsplanlegging.

Fotnotar

1.

Bolivia, Kambodsja, den Demokratiske Republikken Kongo (DRC), Ecuador, Indonesia, Nigeria, Panama, Papua Ny Guinea (PNG), Paraguay, Filippinane, Solomon-øyane, Tanzania, Viet Nam and Zambia.
Til forsida