Prop. 1 S Tillegg 2 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (kapasitetsauke i lakse- og aureoppdrett i Finnmark og Troms)

Til innhaldsliste

2 Lakselussituasjonen – utvikling og status

Fiskeri- og kystdepartementet og Mattilsynet har følgt utviklinga i lakselussituasjonen nøye.

Det er det siste året sett i verk ei rekkje nye tiltak for å få betre kontroll over lusesituasjonen. Oppdrettarane har fått meldeplikt til Mattilsynet ved mistanke om resistens, og Mattilsynet har fått fullmakt til å påleggje samordna drift, brakklegging og om naudsynt utslakting. Frå 1. januar 2011 blir det kravd heildekkande presenning ved badebehandling mot lus. Eit anna eksempel på tiltak som er sett i verk er soneforskrifta for Hardanger, der oppdrettarane blir pålagde samordna utsett og brakklegging for å redusere lusebelastninga på vill laksefisk. Mattilsynet arbeider no med oppretting av fleire soner med særskilde driftspålegg, og soneforskrift for Nord-Trøndelag har vore på høyring. Mattilsynet har nyleg sendt ut på høyring ei forskriftsendring som krev utvida meldeplikt for bruk av lusemiddel og rapportering av lusetal kvar veke.

Næringa har lagt ned eit omfattande arbeid. I vinter og i vår vart det, slik som i 2009, gjennomført koordinerte avlusingar langs kysten. Omsynet til den utvandrande smolten var hovudårsaka til dei koordinerte avlusingane som næringa gjennomførte i vår.

Førebels rapportering frå Havforskingsinstituttet viser at laksesmolten, i år som i fjor, kunne vandre ut i havet med liten lusebelastning. Ut i frå hovudformålet, å sikre utvandrande villaks, var kampanjen difor vellukka.

Mattilsynet meiner tiltaka som er gjennomførde sidan hausten 2009 på mange måtar har vore effektive. Likevel var talet på lus på landsbasis i haust på om lag same nivå som på same tid året før. Det er likevel store regionale skilnader i lusenivået på oppdrettsfisk. Det er til dømes omtrent ikkje lakselus på oppdrettsfisken i Finnmark og Troms. I haust var nivået i Nordland og Nord-Trøndelag på berre ein tredel av nivået i fjor. Tala var derimot relativt høge frå Sør-Trøndelag til Hordaland. I Rogaland og Agder var nivået i haust betrakteleg lågare enn i fjor.

Utviklinga av resistens er i følgje Mattilsynet enno ikkje reversert eller under kontroll i delar av landet. Problema er størst i sørlege delar av Nordland, Nord-Trøndelag og Sunnhordland. Det er ikkje meldt om resistensutvikling i Finnmark og Troms.

Lusetala, og særleg dei resistensproblema vi ser i store delar av landet, talar for at generell kapasitetsauke i form av auka MTB ikkje er tilrådleg no i desse områda. I Finnmark og Troms er situasjonen klart annleis enn i resten av landet. Her er lusenivået lågt, og det er ikkje rapportert om resistens mot dagens lusemiddel. Det er Mattilsynet si vurdering at lakselus pga. klimatiske forhold ikkje vil utgjere ein trussel nord og aust for Ullsfjorden i Nord-Troms. Mattilsynet har samstundes vurdert det slik at 5 prosent auke av MTB i Troms ikkje vil utgjere nokon vesentleg risiko med tanke på forverring av lusesituasjonen i dette fylket.

På bakgrunn av Mattilsynet si vurdering av situasjonen meiner Regjeringa at den tidligare vedtekne kapasitetsauken på 5 prosent kan gjennomførast på eksisterande løyve i Finnmark og Troms tidleg i 2011.