Prop. 1 S Tillegg 2 (2010–2011)

FOR BUDSJETTÅRET 2011 Endring av Prop. 1 S om statsbudsjettet for 2011 (kapasitetsauke i lakse- og aureoppdrett i Finnmark og Troms)

Til innhaldsliste

3 Nærare om forslaget

I Finnmark og Troms er det høvesvis 90 og 93 løyve for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Alle aktørar vil få tilbod om auka kapasitet for sine løyve. Dette inneber ein kapasitetsauke på om lag 1 prosent på landsbasis.

Vederlag og inntekter

Vederlaget for 5 prosent auka MTB på eit standard løyve, som er på 900 tonn MTB i desse fylka, er sett til 150 000 kroner i Finnmark og 500 000 kroner i Troms. Erfaringar har vist at marknadsverdien på løyve i Finnmark er vesentleg lågare enn i resten av landet pga. relativt større utfordringar og dårlegare tilvekst, og det er derfor rimeleg at vederlaget blir justert deretter. Dette er i tråd med praksis frå tildelingsrunden i 2009. Dei samla inntektene frå kapasitetsauken i Finnmark og Troms er vurdert til 60 mill. kroner. Vederlaga er venta innbetalt i 2011.

Området for nedkjemping av ILA i Sør-Troms

Delar av Sør-Troms er av Mattilsynet erklært som område for nedkjemping av ILA. Akvakulturaktiviteten og utsett av fisk i området er avgrensa gjennom eigen forskrift så lenge Mattilsynet meiner det er naudsynt. Innehavarar av løyve som er knytt til området vil kunne nytte seg av tilbodet om auka MTB, men vil ikkje kunne setje ut ny fisk innanfor dette området så lenge det er eit område for nedkjemping av ILA.