Prop. 1 S Tillegg 2 (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 Endring av Prop. 1 S (2012–2013) om statsbudsjettet 2013 (grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure)

Til innhaldsliste

2 Nærare om forslaget

Miljøutfordringane i lakseoppdrett er no særleg knytt til lakselus og rømming. Utviklinga av nye og meir miljøvennlege løysingar er difor naudsynt. For å stimulere til ei slik utvikling, vil regjeringa tildele inntil 45 nye grøne løyve til aktørar som vil bruke teknologiar og driftsformer som er meir miljøvennlege enn dei som blir brukt i allminneleg kommersiell samanheng i dag.

35 av dei 45 nye grøne løyva krev innløysing av eit gjeldande løyve. Det blir tildelt eit nytt grønt løyve med grøne vilkår mot omgjering av eit gjeldande løyve som får same grøne vilkår. Det vil seie at ein med innløysing av eit gjeldande løyve vil få to grøne løyve. Det vil bli sett strenge krav for dei grøne løyva når det gjeld luseutslepp eller redusert risiko for rømming av oppdrettsfisk.

20 av dei 35 nye grøne løyva som krev innløysing av eit gjeldande løyve, skal tildelast i Troms og Finnmark, fordelt på 10 i kvart fylke. Dei 10 løyva i Finnmark og 5 løyve i Troms er opne for alle søkjarar, medan 5 av løyva i Troms blir reservert mindre aktørar. Om ikkje alle løyva til dei mindre aktørane blir tildelt, kan dei resterande gå til større aktørar. Tildelinga av desse løyva vil skje til fast pris. Vederlaget per løyve blir sett til 10 millionar kroner.

Dei resterande 15 av dei 35 nye grøne løyva som krev innløysing, vil kunne tildelast over heile landet. Desse løyva vil tildelast gjennom lukka bod for søkjarar som oppfyll minimumskrava.

Det skal i tillegg tildelast 10 nye grøne løyve over heile landet utan krav om innløysing. For desse løyva vil det bli stilt strengare miljøkrav – ved at løysingane må vere vesentleg betre enn dei som er brukt i kommersiell samanheng i dag. Tildelinga av desse løyva vil skje til fast pris. Vederlaget per løyve blir sett til 10 millionar kroner.

Vilkår som følgjer dei enkelte løyva vil kome i tillegg til ordinære lov- og forskriftsfesta krav.

Eit fagleg kollegialt organ utnemnd av Fiskeri- og kystdepartementet skal handsame alle søknadane i denne tildelingsrunda:

  • Vurdere om minimumskriteria er oppfylt for dei 35 løyva som krev innløysing. For 15 av løyva vil dette innebere prekvalifisering før tildelinga blir avgjort når dei lukka boda blir opna. For dei 20 løyva i Troms og Finnmark skal same organ vurdere søknadane opp mot kvarandre, og avgjere tildelinga i første hand ved å prioritere søknadane med størst potensial for samla miljøforbetring.

  • For dei 10 løyva som ikkje krev innløysing, skal same organ vurdere søknadane opp mot kvarandre, og avgjere tildelinga i første hand ved å prioritere søknadane med størst potensial for samla miljøforbetring.