Prop. 1 S Tillegg 2 (2012–2013)

FOR BUDSJETTÅRET 2013 Endring av Prop. 1 S (2012–2013) om statsbudsjettet 2013 (grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure)

Til innhaldsliste

3 Endringar på statsbudsjettet

Tildelingsrunda kan gi inntekter på anslagsvis 450 millionar kroner. Dei 30 løyva til fast pris vil gi inntekter på 300 millionar kroner, medan det er meir usikkert kva pris som blir oppnådd for dei resterande løyva i lukka bod.

Når det gjeld fordelinga av inntektene frå tildelinga blir det fremma forslag om å løyve 4 millionar per løyve til aktuelle fylkeskommunar over kap. 1050, ny post 60. Midlane blir utbetalt etter talet på nye løyve som blir tildelt i dei enkelte fylka der løyva blir etablert. Det er ein føresetnad at Fiskeri- og kystdepartementet ikkje gir tilsegn om støtte til fylkeskommunar før vederlaget for oppdrettsløyva i det aktuelle fylket er innbetalt.