Prop. 10 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Bestillingsfullmakter

Regjeringa foreslår ein auke av bestillingsfullmakter i 2013:

Bestillingsfullmakter under kapittel 1732 Sjøforsvaret, post 01 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 240,000 mill. kroner, frå 810,000 mill. kroner til 1 050,000 mill. kroner. Auken gjeld inngåing av langsiktige kontraktar for oppgradering og vedlikehald av dei ulike våpensystema på Sjøforsvaret sine ulike farty. Dette gjer anskaffinga meir pårekneleg, gjev høgare prioritering mot leverandøren og lågare kostnader enn dei tidlegare kortsiktige kontraktane.

Bestillingsfullmakter under kapittel 1733 Luftforsvaret, post 01 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 100,000 mill. kroner, frå 750,000 mill. kroner til 850,000 mill. kroner. Auken kjem som følgje av vedlikehaldsavtalar for transportflya C-130J og dei nye maritime helikoptra NH 90.

Bestillingsfullmakter under kapittel 1791 Redningshelikoptertenesta, post 01 Driftsutgifter, vert føreslått auka med 10,000 mill. kroner, frå 60,000 mill. kroner til 70,000 mill. kroner grunna auke i forpliktingar med Agusta Westland i samband med prosjektet Sea King 2020. Føremålet er å halde Sea King operativ fram til 2020.