Prop. 119 L (2011–2012)

Endringar i kommunelova m.m. (eigenkontroll mv.)

Til innhaldsliste

9 Samansetjing av fellesnemnda etter inndelingslova

9.1 Gjeldande rett

Inndelingslova er ei prosesslov som regulerer korleis ein går fram ved fastsetjing og endring av kommune- og fylkesgrenser, sjå lov 15. juni 2001 nr. 70.

Etter inndelingslova kan innbyggjarane sjølve ta initiativ til ei utgreiing om grenseendringar, men det er berre kommunestyret eller fylkestinget som kan ta initiativ til å få greidd ut samanslåing og deling. Innbyggjarane og andre interesser skal bli høyrde før avgjerda blir teken. Det er Stortinget som tek avgjerda i saker som er så store at dei får verknad for stortingsmandat, eller når det er usemje mellom kommunane om ei samanslåing, sjå inndelingslova §§ 4 til 6. Kongen eller fylkesmannen tek avgjerda i andre saker.

Når det er gjort vedtak om endring av grenser, startar ein prosess fram mot iverksetjing. Etter inndelingslova § 26 blir det oppretta ei fellesnemnd ved samanslåing av kommunar for å samordne og førebu samanslåinga. Kvar av kommunane skal ha minimum fem representantar i fellesnemnda, samtidig som samansetjinga av nemnda skal spegle innbyggjartalet i kommunane.

Samansetjinga av fellesnemnda og fullmaktene ho skal ha, blir drøfta på eit felles møte med dei aktuelle kommunestyra som fylkesmannen kallar inn til. Det er dei einskilde kommunestyra som gjer det endelege vedtaket om samansetjing og fullmakter for fellesnemnda. Det kan vere tenleg at fellesnemnda får relativt vide fullmakter, slik at ho kan vere eit effektivt organ som kan ta nødvendige avgjerder på vegner av den nye kommunen i fasen fram mot samanslåinga.

9.2 Høyringsnotatet

Samansetjinga av fellesnemnda skal drøftast på felles kommunestyremøte og blir vedteken av dei einskilde kommunestyra. Inndelingslova krev at kvar av kommunane skal ha minimum fem representantar i fellesnemnda, samstundes som samansetjinga av nemnda skal spegla innbyggjartalet i kommunane som skal slå seg saman. I situasjonar der det er markert ulik storleik på kommunane, vil dette kunne føre til at fellesnemnda må ha fleire medlemmer enn det som er tenleg. Ved til dømes samanslåinga av Bodø og Skjerstad ville proporsjonal representasjon kravd at det var rundt 200 representantar frå Bodø i fellesnemnda. Bodø hadde om lag 42 000 innbyggjarar og Skjerstad om lag 1000 innbyggjarar. I tre av dei fem siste sakene om kommunesamanslåing har departementet måtta gjere unntak frå inndelingslova ved samansetjinga av fellesnemnda.

Departementet meinte i høyringsnotatet at det er rimeleg og tenleg at den kommunen som har flest innbyggjarar, har flest medlemmer i fellesnemnda. Departementet gav uttrykk for tillit til at kommunane vil finne fram til ei samansetjing som gjev dei involverte kommunane høveleg representasjon, samstundes som talet på medlemmer i fellesnemnda ikkje hindrar at nemnda er funksjonsdyktig. Departementet meinte at lova ikkje lenger bør krevje ei samansetjing som speglar innbyggjartalet, men at lova i staden slår fast at nemnda bør spegle innbyggjartalet. Departementet meinte òg at kravet om minimum fem medlemmer frå kvar kommune bør endrast til eit krav om minimum tre medlemmer.

Departementet sende difor dette framlegget til endra § 26 første ledd andre og tredje punktum (endringar i kursiv) på høyring:

Nemnda bør spegle av innbyggjartalet i dei enkelte kommunane eller fylkeskommunane. Det skal likevel vere minimum tre medlemmer i nemnda frå kvar kommune eller fylkeskommune.

9.3 Høyringa

I høyringa er det 20 instansar som uttalar seg om framlegget om at fellesnemnda bør avspegle innbyggjartalet og om å senke minimumstalet frå kvar kommune frå fem til tre. Av desse er det to som går imot framlegget. KS meiner at samansetjinga av fellesnemnda i størst mogleg grad bør vere opp til kommunane å avgjere. Bjerkreim kommune meiner at samansetjinga av fellesnemnda ikkje bør avspegle innbyggjartalet i kommunane, og at prinsippet om at ”ein kommune er ein kommune” heller bør nyttast. Bjerkreim kommune vil heller vidareføre kravet om minimum fem medlemmer frå kvar kommune i fellesnemnda. Utan at dei går imot framlegget, viser Stavanger kommune til at ”bør” også er ei sterk føring, og er difor i tvil om lovendringa vil føre til faktiske endringar.

9.4 Framlegget frå departementet

Departementet held fast ved at inndelingslova bør gje ei føring om at samansetjinga av fellesnemnda bør avspegle innbyggjartalet. Framlegget frå departementet gjev større fridom for kommunane enn gjeldande rett. Det blir opp til kommunane kor mykje innbyggjartalet skal ha å seie for samansetjinga av fellesnemnda, og minimumstalet frå kvar kommune blir redusert. Departementet viser til at det rettsleg sett er skilnad på skal- og bør-krav i lover. Ein konsekvens av ei lovendring vil vere at ein i saker om kommunesamanslåing ikkje lenger må ha unntak frå nasjonalt regelverk for å setje saman ei fellesnemnd som ikkje avspeglar innbyggjartalet.

Til forsida