Prop. 127 S (2010–2011)

Endringar i «Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap»

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Dei årlege reguleringane med basis i løneoppgjeret sikrar dei vernepliktige ein rimeleg god levestandard. Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det óg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at dei vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 2,73% med verknad frå 1. juli 2011.