Prop. 147 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

Til innhaldsliste

2 Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

EUROPAPARLAMENTET OG RÅDET FOR DEN EUROPEISKE UNIONEN HAR —

med tilvising til traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen, særleg artikkel 338 nr. 1,

med tilvising til framlegget frå Europakommisjonen,

etter oversending av utkast til regelverksakt til dei nasjonale parlamenta,

etter den ordinære regelverksprosessen1 og

ut frå desse synsmåtane:

  • 1) I artikkel 3 nr. 3 i traktaten om Den europeiske unionen er det m.a. fastsett at Unionen skal arbeide for ei berekraftig utvikling i Europa som byggjer på balansert økonomisk vekst og prisstabilitet, ein sosial marknadsøkonomi med høg konkurranseevne med vekt på full sysselsetjing og sosial framgang, og dessutan eit høgt nivå for miljøvern og betring av miljøkvaliteten.

  • 2) I europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 1600/2002/EF av 22. juli 2002 om fastsettelse av Fellesskapets sjette miljøhandlingsprogram2 vart det stadfesta at god informasjon om tilstanden til miljøet og aktuelle tendensar, pårøyningar og faktorar som fører til miljøendringar, er svært viktige for utviklinga og gjennomføringa av ein effektiv politikk, og meir allment for å gje borgarane større innverknad. Det bør utarbeidast ordningar med sikte på å betre haldningane blant ålmenta når det gjeld miljøverknadene av økonomisk verksemd.

  • 3) Ein vitskapleg korrekt metode for måling av knappe ressursar vil i framtida vere særs viktig for ei berekraftig utvikling i Unionen.

  • 4) I europaparlaments- og rådsbeslutning nr. 1578/2007/EF av 11. desember 2007 om Fellesskapets statistikkprogram 2008-20123 er det klare tilvisingar til behovet for statistikk og rekneskapar av høg kvalitet på miljøområdet. Under dei viktigaste initiativa for 2008-2012 vert det vidare slått fast at når det er føremålstenleg, bør det utarbeidast rettslege grunnlag for viktige område av miljødatainnsamlinga som for tida ikkje er omfatta av rettsakter.

  • 5) I meldinga si av 20. august 2009 «BNP og vidare: måling av framgang i ei verd i endring» sannkjende Kommisjonen behovet for å utfylle eksisterande indikatorar med data som omfattar miljøaspekt og sosiale aspekt, slik at det vert mogleg å utforme ein meir samanhengande og omfattande politikk. For dette føremålet vil miljøøkonomiske rekneskapar vere eit middel til å overvake den pårøyninga som økonomien har på miljøet, og å finne ut korleis desse kan minskast. Miljøøkonomiske rekneskapar viser vekselverknaden mellom økonomi, hushald og miljø, og vil følgjeleg gje meir informasjon enn nasjonalrekneskapane åleine. Dei utgjer eit viktig datagrunnlag for avgjerder som gjeld miljøet, og Kommisjonen bør ta omsyn til dei når han utarbeider konsekvensanalysar. I samsvar med prinsippa om berekraftig utvikling og initiativa for å oppnå ein økonomi med effektiv ressursbruk og låg ureining, slik det går fram av Europa 2020-strategien og ulike større initiativ, vert det alt viktigare å utarbeide eit datasystem som på ein konsekvent måte omfattar både miljøspørsmål og økonomiske spørsmål.

  • 6) Det europeiske nasjonalrekneskapssystemet (ENS), som vart innført ved rådsforordning (EF) nr. 2223/96 av 25. juni 1996 om det europeiske nasjonal- og regionalregnskapssystem i Fellesskapet4 (ENS 95) og er i samsvar med nasjonalrekneskapssystemet, som vart vedteke av Det statistiske kontoret til dei sameinte nasjonane i februar 1993, er det viktigaste verktøyet til Unionen for utarbeiding av økonomiske statistikkar og for mange viktige økonomiske indikatorar (medrekna BNP). ENS kan nyttast til å analysere og vurdere ulike sider ved økonomien (t.d. struktur, særlege delar, utvikling over tid), men for visse særskilte databehov, som analyse av vekselverknaden mellom miljø og økonomi, er den beste løysinga å utarbeide separate satellittrekneskapar.

  • 7) I konklusjonane sine frå juni 2006 oppmoda Det europeiske rådet Unionen og medlemsstatane om å utvide nasjonalrekneskapen til å omfatte viktige sider ved berekraftig utvikling. Nasjonalrekneskapane bør difor utfyllast med integrerte miljøøkonomiske rekneskapar som inneheld heilt einsarta data.

  • 8) Det er svært viktig at dei europeiske miljøøkonomiske rekneskapane, så snart systemet fungerer fullgodt, vert nytta på ein aktiv og korrekt måte i alle medlemsstatane og i all relevant politikkutforming på unionsplan, og vert eit viktig grunnlag for konsekvensanalysar, handlingsplanar, framlegg til regelverk og andre viktige resultat av den politiske prosessen.

  • 9) Meir aktuelle data kan òg skaffast fram ved notidsprognosar («now-casting»), der det vert nytta statistiske metodar som liknar dei som vert nytta til prognosar for utarbeiding av pålitelege overslag.

  • 10) Satellittrekneskapar gjer det mogleg å utvide analysekapasiteten til nasjonalrekneskapet på ein fleksibel måte for utvalde område av samfunnet, t.d. pårøyningar på miljøet frå menneskeleg verksemd, utan at det vert lagt altfor stort press på det sentrale systemet eller at dette vert forstyrra. Satellittrekneskapar bør gjerast tilgjengelege for ålmenta jamleg og i ei forståeleg form.

  • 11) Systemet for integrerte miljøøkonomiske rekneskapar (SEEA), som vart utvikla i fellesskap av Dei sameinte nasjonane, Europakommisjonen, Det internasjonale pengefondet, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling og Verdsbanken, er eit satellittsystem under nasjonalrekneskapssystemet. Det samlar opplysningar om økonomi og miljø i eit felles system, slik at det vert mogleg å måle korleis miljøet kan vere til støtte for økonomien, og korleis økonomien verkar inn på miljøet. Systemet gjev avgjerdstakarane indikatorar og forklarande statistikkar for å kunne overvake desse formene for vekselverknad, og ein database for strategisk planlegging og politiske analysar for å identifisere meir berekraftige utviklingsvegar.

  • 12) SEEA samlar og integrerer i størst mogleg grad dei ulike kategoriane av miljøøkonomiske rekneskapar. Generelt utvidar alle desse kategoriane dei eksisterande omgrepa i nasjonalrekneskapssystemet som gjeld utgifter, kapitaldanning og aksjekapital ved å utfylle dei med ytterlegare fysiske data, slik at dei vil omfatte miljøkostnader og bruk av naturkapital i produksjonen, eller ved å endre dei på ein slik måte at verknadene av dei vert tekne med i form av pengeverdi. Innanfor desse generelle retningslinjene varierer dei ulike eksisterande kategoriane svært mykje, både når det gjeld metodar og dei miljøaspekta som vert handsama.

  • 13) Kommisjonen la fram den første strategien sin for «grøn rekneskap» i 1994. Etter dette har Kommisjonen (Eurostat) og medlemsstatane utvikla og prøvd ut rekneskapsmetodar i eit slikt omfang at fleire medlemsstatar no jamleg leverer dei første versjonane sine med miljøøkonomiske rekneskapar. Dei vanlegaste er fysiske miljørekneskapar for utslepp til atmosfæren (medrekna klimagassar) og for materialforbruk, og dessutan monetære rekneskapar for utgifter til miljøvern og for miljøskattar.

  • 14) Eit av måla for den perioden som er omfatta av statistikkprogrammet 2008-2012, er å ta initiativ til å byte ut avtaler med unionsregelverk på visse område der det jamleg vert utarbeidd europeiske statistikkar som har nådd ein tilstrekkeleg høg utviklingsgrad.

  • 15) Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 223/2009 av 11. mars 2009 om europeisk statistikk5 utgjer ei referanseramme for europeiske miljøøkonomiske rekneskapar. Forordninga krev særleg at europeiske statistikkar skal vere i samsvar med prinsippa om yrkesmessig sjølvstende, rettvise, objektivitet, pålitsgrad, fortruleg handsaming av statistiske opplysningar og kostnadseffektivitet.

  • 16) Ettersom dei ulike delane av miljøøkonomiske rekneskapar er under utvikling og er å finne på ulike steg i utviklinga, bør det innførast ein modulstruktur som gjev tilstrekkeleg fleksibilitet, og som m.a. gjer det mogleg å leggje til fleire modular.

  • 17) Det bør skipast eit føregranskingsprogram for å betre rapporteringa, datakvaliteten og metodane, og for å førebu den vidare utviklinga.

  • 18) Det bør gjerast ei føregransking før det vert innført ytterlegare rapporteringskrav.

  • 19) Kommisjonen bør ha rett til å gje medlemsstatane unntak i overgangsperiodane dersom dei treng å gjere større tilpassingar i dei nasjonale statistikksystema sine.

  • 20) Unionen bør oppmuntre til at det vert innført miljøøkonomiske rekneskapar i tredjestatar, særleg i dei som deler miljøressursar (først og fremst vatn) med medlemsstatar.

  • 21) Ettersom målet for denne forordninga, som er å innføre ei felles ramme for innsamling, utarbeiding, oversending og vurdering av europeiske miljøøkonomiske rekneskapar, ikkje kan nåast i tilstrekkeleg grad av medlemsstatane og difor betre kan nåast på unionsplan, kan Unionen vedta tiltak i samsvar med nærleiksprinsippet slik det er fastsett i artikkel 5 i traktaten. I samsvar med prinsippet om rimeleg samhøve, slik det er fastsett i den nemnde artikkelen, går ikkje denne forordninga lenger enn det som er naudsynt for å nå dette målet.

  • 22) Fullmakta til å vedta rettsakter i samsvar med artikkel 290 i traktaten om verkemåten til Den europeiske unionen bør delegerast til Kommisjonen med sikte på å tilpasse modulane til utviklinga innanfor miljø, økonomi og teknikk, og for å gje rettleiing om metodar. Det er særleg viktig at Kommisjonen held føremålstenlege samråd under det førebuande arbeidet sitt, medrekna samråd med sakkunnige. Under førebuinga og utarbeidinga av delegerte rettsakter bør Kommisjonen syte for at dei relevante dokumenta vert sende over til Europaparlamentet og Rådet på same tid, til rett tid og på ein eigna måte.

  • 23) For å sikre at det er einsarta vilkår for gjennomføringa av denne forordninga bør Kommisjonen tildelast gjennomføringsfullmakt. Denne fullmakta bør utøvast i samsvar med europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 182/2011 av 16. februar 2011 om fastsettelse av allmenne regler og prinsipper for medlemsstatenes kontroll med Kommisjonens utøvelse av gjennomføringsmyndighet6.

  • 24) Utvalet for det europeiske statistikksystemet er vorte rådspurt —

VEDTEKE DENNE FORORDNINGA:

Artikkel 1

Mål

Ved denne forordninga vert det innført ei felles ramme for innsamling, utarbeiding, oversending og vurdering av europeiske miljøøkonomiske rekneskapar, med sikte på utarbeiding av miljøøkonomiske rekneskapar som satellittrekneskapar til ENS 95, ved å fastsetje metodar, felles standardar, definisjonar, klassifikasjonar og rekneskapsreglar som skal nyttast for utarbeiding av miljøøkonomiske rekneskapar.

Artikkel 2

Definisjonar

I denne forordninga tyder:

  • 1) «utslepp til atmosfæren» det fysiske utsleppet av gassar eller partiklar frå den nasjonale økonomien (produksjons- eller forbruksprosessar) til atmosfæren (som ein del av miljøsystemet),

  • 2) «miljøskatt» ein skatt der skattegrunnlaget er ei fysisk eining (eller ein tilnærmingsverdi for ei fysisk eining) av noko som har ein dokumentert og spesifikt negativ miljøverknad, og som er identifisert som ein skatt i ENS 95,

  • 3) «materialstraumrekneskapar for heile økonomien (EW-MFA)» einsarta samanstillingar av materiale som vert tilførde dei nasjonale økonomiane, endringar av materiallagra innanfor økonomien og av materiale som vert førde ut til andre økonomiar eller til miljøet.

Artikkel 3

Modular

  • 1. Dei miljøøkonomiske rekneskapane som skal utarbeidast innanfor den felles ramma som er nemnd i artikkel 1, skal grupperast i dei følgjande modulane:

    • a) ein modul for rekneskapar for utslepp til atmosfæren, slik det er fastsett i vedlegg I,

    • b) ein modul for miljøskattar, slik det er fastsett i vedlegg II,

    • c) ein modul for materialstraumrekneskapar for heile økonomien, slik det er fastsett i vedlegg III.

  • 2. Kvart vedlegg skal innehalde følgjande opplysningar:

    • a) måla for dei rekneskapane som skal utarbeidast,

    • b) dekkingsområdet til rekneskapane,

    • c) lista over dei kjenneteikna som det skal utarbeidast og overførast data for,

    • d) det første referanseåret, frekvens og oversendingsfristar for utarbeidinga av rekneskapane,

    • e) rapporteringstabellar,

    • f) kor lenge dei overgangsperiodane som Kommisjonen kan gje unntak for, og som er nemnde i artikkel 8, kan vare.

  • 3. skal Kommisjonen i samsvar med artikkel 9 få fullmakt til å vedta delegerte rettsakter, der det er naudsynt for å ta omsyn til utviklinga av miljøet, økonomien og teknikken,

    • a) for å gje rettleiing om metodar, og

    • b) for å ajourføre dei vedlegga som er nemnde i nr. 1, med omsyn til dei opplysningane som er nemnde i nr. 2 bokstav c)-e).

    Når Kommisjonen utøver fullmakta si i medhald av dette leddet, skal han syte for at dei delegerte rettsaktene ikkje påfører medlemsstatane og dei deltakande einingane ytterlegare og større administrative byrder.

Artikkel 4

Føregranskingar

  • 1. Kommisjonen skal utarbeide eit program for føregranskingar som medlemsstatane kan gjennomføre på frivillig grunnlag for å utvikle rapporteringa og betre datakvaliteten, utarbeide lange tidsseriar og utvikle metodane. Programmet skal omfatte føregranskingar for å finne ut om det er mogleg å innføre nye modular for miljøøkonomiske rekneskapar. Ved utarbeidinga av programmet skal Kommisjonen syte for at medlemsstatane og dei deltakande einingane ikkje vert påførde ytterlegare administrative eller finansielle byrder.

  • 2. Resultata av føregranskingane skal vurderast og offentleggjerast av Kommisjonen, samstundes som det vert teke omsyn til føremonene av å ha tilgjengelege data, jamført med utgiftene til innsamling og den administrative byrda som er knytt til det å gje svar. Det skal takast omsyn til desse funna i framlegga til innføring av nye modular for miljøøkonomiske rekneskapar som Kommisjonen kan ta med i den rapporten som er nemnd i artikkel 10.

Artikkel 5

Datainnsamling

  • 1. I samsvar med vedlegga til denne forordninga skal medlemsstatane samle inn data som er naudsynte for å observere dei kjenneteikna som er nemnde i artikkel 3 nr. 2 bokstav c).

  • 2. I samsvar med prinsippet for administrativ forenkling skal medlemsstatane samle inn naudsynte data ved å nytte dei ulike kjeldene som er førde opp nedanfor:

    • a) rundspørjingar,

    • b) framgangsmåtar for statistiske overslag, i tilfelle der nokre av kjenneteikna ikkje er vortne observerte for alle einingane,

    • c) administrative kjelder.

  • 3. Medlemsstatane skal melde frå til Kommisjonen, og gje nærmare opplysningar om dei metodane og kjeldene som er nytta.

Artikkel 6

Oversending til Kommisjonen (Eurostat)

  • 1. Medlemsstatane skal sende over til Kommisjonen (Eurostat) data som det er gjort greie for i vedlegga, medrekna fortrulege data, innan dei fristane som er fastsette.

  • 2. Data skal sendast over i eit høveleg teknisk format, som skal fastsetjast av Kommisjonen ved hjelp av gjennomføringsrettsakter. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten ved avgjerder om gransking som er nemnd i artikkel 11 nr. 2.

Artikkel 7

Kvalitetsvurdering

  • 1. For føremåla med denne forordninga skal dei kvalitetskriteria som er nemnde i artikkel 12 nr. 1 i forordning (EF) nr. 223/2009, nyttast på data som skal overførast.

  • 2. Medlemsstatane skal leggje fram for Kommisjonen (Eurostat) ein rapport om kvaliteten på data som vert overførde.

  • 3. Ved bruken av dei kvalitetskriteria som er nemnde i nr. 1, på data som er omfatta av denne forordninga, skal Kommisjonen vedta gjennomføringsrettsakter med sikte på å definere dei nærmare reglane, strukturen og periodisiteten til kvalitetsrapportane. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten ved avgjerder om gransking som er nemnd i artikkel 11 nr. 2.

  • 4. Kommisjonen (Eurostat) skal vurdere kvaliteten på innsende data, og kan, innan éin månad etter å ha motteke dei, be den medlemsstaten som det gjeld, om å sende over tilleggsopplysningar om data eller eit revidert datasett, alt etter kva som høver.

Artikkel 8

Unntak

  • 1. Kommisjonen kan vedta gjennomføringsrettsakter med sikte på å gje medlemsstatar unntak i dei overgangsperiodane som er nemnde i vedlegga, så framt dei nasjonale statistikksystema krev større tilpassingar. Desse gjennomføringsrettsaktene skal vedtakast i samsvar med den framgangsmåten ved avgjerder om gransking som er nemnd i artikkel 11 nr. 2.

  • 2. For å få unntak i medhald av nr. 1, skal medlemsstatane innan 12. november 2011 leggje fram for Kommisjonen ei tilbørleg grunngjeven oppmoding.

Artikkel 9

Utøving av delegering

  • 1. Fullmakta til å vedta delegerte rettsakter vert lagd på Kommisjonen på dei vilkåra som er fastsette i denne artikkelen.

  • 2. Delegering av den fullmakta som er nemnd i artikkel 3 nr. 3, skal gjevast Kommisjonen for ein periode på fem år frå 11. august 2011. Kommisjonen skal utarbeide ein rapport om delegeringa av fullmakt seinast ni månader før femårsperioden går ut. Delegeringa av fullmakt skal lengjast stillteiande for periodar med same lengd, med mindre Europaparlamentet og Rådet set seg imot ei slik lenging minst tre månader før kvar periode går ut.

  • 3. Delegering av den fullmakta som er nemnd i artikkel 3 nr. 3, kan når som helst kallast tilbake av Europaparlamentet eller Rådet. Ei avgjerd om tilbakekalling inneber at delegeringa av den fullmakta som er ført opp i avgjerda, sluttar å gjelde. Avgjerda tek til å gjelde dagen etter at ho er offentleggjord i Tidend for Den europeiske unionen eller på ein seinare dato som er førd opp i avgjerda. Avgjerda rører ikkje ved rettskrafta til eventuelle delegerte rettsakter som alt har teke til å gjelde.

  • 4. Straks han har vedteke ei delegert rettsakt, skal Kommisjonen melde frå om dette til Europaparlamentet og Rådet på same tid.

  • 5. Ei delegert rettsakt som er vedteken i medhald av artikkel 3 nr. 3, skal ta til å gjelde berre dersom Europaparlamentet eller Rådet ikkje gjer innvendingar mot dette innan eit tidsrom på to månader etter rettsakta er meld til Europaparlamentet og Rådet, eller dersom både Europaparlamentet og Rådet, innan denne perioden går ut, har meldt frå til Kommisjonen at dei ikkje vil gjere innvendingar. Denne perioden skal lengjast med to månader etter initiativ frå Europaparlamentet eller Rådet.

Artikkel 10

Rapport og revisjon

Kommisjonen skal innan 31. desember 2013 og deretter kvart tredje år sende over ein rapport til Europaparlamentet og Rådet om gjennomføringa av denne forordninga. Denne rapporten skal særleg innehalde ei vurdering av kvaliteten på data som er overførte, metodane for datainnsamling, den administrative byrda på medlemsstatane og på dei deltakande einingane, og på bruksdugleiken og effektiviteten til desse statistikkane.

Dersom det er føremålstenleg, og samstundes som det vert teke omsyn til dei funna som er nemnde i artikkel 4 nr. 2, skal rapporten vere vedlagd framlegg

  • – til innføring av nye modular for miljøøkonomiske rekneskapar, t.d. miljøkostnader og -inntekter (EPER)/rekneskapar for miljøkostnader (EPEA), sektor for miljøvennlege varer og tenester (EGSS), energirekneskapar, miljøoverføringar (subsidiar), rekneskapar for ressursbruk og forvaltingskostnader (RUMEA), rekneskapar for vatn (kvantitative og kvalitative), avfallsrekneskapar, rekneskapar for skog, rekneskapar for økosystemtenester, materialstraumrekneskapar for heile økonomien (EW-MSA) og måling av unytta utvunne jordmateriale (medrekna jord),

  • – som er utforma for ytterlegare betring av datakvaliteten og metodane for datainnsamling, med sikte på å få betre dekkingsområde og data som er lettare å jamføre, og å redusere den administrative byrda på føretak og forvaltingar.

Artikkel 11

Utval

  • 1. Kommisjonen skal få hjelp av Utvalet for det europeiske statistikksystemet, som vart skipa ved forordning (EF) nr. 223/2009. Dette utvalet skal vere eit utval slik det er fastsett i forordning (EU) nr. 182/2011.

  • 2. Når det vert vist til dette nummeret, skal artikkel 5 i forordning (EU) nr. 182/2011 nyttast.

Artikkel 12

Iverksetjing

Denne forordninga tek til å gjelde 20. dagen etter at ho er kunngjord i Tidend for Den europeiske unionen.

Denne forordninga er bindande i alle delar og gjeld direkte i alle medlemsstatane.

Utferda i Strasbourg, 6. juli 2011.

For Europaparlamentet

For Rådet

J. BUZEK

M. DOWGIELEWICZ

President

Formann

Vedlegg I

Modul rekneskapar for utslepp til atmosfæren

Del 1

Mål

I rekneskapane for utslepp til atmosfæren vert det registrert og lagt fram data om utslepp til atmosfæren på ein måte som er i samsvar med nasjonalrekneskapssystemet. Her vert utsleppa til atmosfæren frå dei nasjonale økonomiane registrerte med ei inndeling etter økonomisk verksemd som er i samsvar med ENS 95. Økonomisk verksemd omfattar produksjon og forbruk.

I dette vedlegget er det fastlagt kva data som medlemsstatane skal samle inn, utarbeide, overføre og vurdere når det gjeld rekneskapar for utslepp til atmosfæren. Slike data vil verte handsama på ein måte som koplar utslepp til økonomisk produksjon og forbruk hjå næringar og hushald. Data om direkte utslepp som vert innrapporterte i medhald av denne forordninga, vil verte kombinerte med økonomiske kryssløpstabellar, tabellar for tilgang og bruk og data om forbruk i hushald, som alt er innrapporterte til Kommisjonen (Eurostat) som ein del av rapporteringa til ENS 95.

Del 2

Dekkingsområde

Rekneskapar for utslepp til atmosfæren har dei same systemgrensene som ENS 95, og byggjer òg på prinsippet «heimehøyrande».

I samsvar med ENS 95 byggjer omgrepet «heimehøyrande» på det følgjande prinsippet: ei eining vert rekna for å vere heimehøyrande i ein stat når ho har eit sentrum som er av økonomisk interesse innanfor det økonomiske territoriet til denne staten, dvs. når ho tek del i økonomisk verksemd på dette territoriet i ein lengre periode (eitt år eller lenger).

I rekneskapane for utslepp til atmosfæren vert utslepp som kjem frå verksemda til alle heimehøyrande einingar registrerte, utan omsyn til kvar desse utsleppa faktisk finn stad reint geografisk.

I rekneskapane for utslepp til atmosfæren vert utslepp til atmosfæren av restar av gassformige stoff og partiklar som stammar frå den nasjonale økonomien, registrerte. I denne forordninga tyder termen «atmosfære» ein del av miljøsystemet. Systemgrensa gjeld grensa mellom den nasjonale økonomien (som ein del av det økonomiske systemet) og atmosfæren (som ein del av miljøsystemet). Etter å ha kryssa systemgrensa, er dei utsleppte stoffa utanfor all menneskeleg kontroll og vert ein del av det naturlege materialkrinsløpet, og kan vere årsak til fleire typar miljøverknader.

Del 3

Liste over kjenneteikn

Medlemsstatane skal utarbeide statistikkar over utsleppa frå følgjande luftureinande stoff:

Nemning på utslepp til atmosfærenKjemisk formelRapporteringseining
Karbondioksid utan utslepp frå biomasseCO21 000 tonn (Gg)
Karbondioksid frå biomasseCO2 frå biomasse1 000 tonn (Gg)
DinitrogenoksidN2Otonn (Mg)
MetanCH4tonn (Mg)
PerfluorkarbonPFCtonn (Mg) CO2-ekvivalentar
HydrofluorkarbonHFCtonn (Mg) CO2-ekvivalentar
SvovelheksafluoridSF6tonn (Mg) CO2-ekvivalentar
NitrogenoksidNOXtonn (Mg) NO2-ekvivalentar
Flyktige organiske sambindingar utan metanNMVOCtonn (Mg)
KarbonmonoksidCOtonn (Mg)
Partiklar < 10 μmPM10tonn (Mg)
Partiklar < 2,5 μmPM2,5tonn (Mg)
SvoveldioksidSO2tonn (Mg)
AmmoniakkNH3tonn (Mg)

Alle data skal rapporterast med éin desimal.

Del 4

Første referanseåret, frekvens og fristar for oversending

  • 1. Statistikkane skal utarbeidast og oversendast kvart år.

  • 2. Statistikkane skal oversendast innan 21 månader etter utgangen av referanseåret.

  • 3. For oppfylle brukarane sine behov for fullstendige og aktuelle datasett, skal Kommisjonen (Eurostat), straks det finst tilstrekkelege data tilgjengeleg for kvar stat, utarbeide overslag for hovudstorleikane til denne modulen for dei 27 EU-statane. Der det er mogleg, skal Kommisjonen (Eurostat) utarbeide og offentleggjere overslag for data som ikkje er vortne overførte av medlemsstatane innan den fristen som er førd opp i nr. 2.

  • 4. Det første referanseåret er året då denne forordninga tek til å gjelde.

  • 5. Ved den første oversendinga av data skal medlemsstatane ta med årlege data frå 2008 og fram til det første referanseåret.

  • 6. Ved kvar etterfølgjande oversending av data til Kommisjonen skal medlemsstatane sende inn årlege data for åra n-4, n-3, n-2, n-1 og n, der n er referanseåret.

Del 5

Rapporteringstabellar

  • 1. For kvart av dei kjenneteikna som er nemnde i del 3, skal det utarbeidast data etter ei hierarkisk klassifisering av økonomisk verksemd, NACE Rev.2 (A*64 aggregeringsnivå), som fullt ut er i samsvar med ENS 95. I tillegg skal det utarbeidast data for

    • – utslepp til atmosfæren frå hushald,

    • – overgangspostar, dvs. rapporteringspostar som klart utliknar ulikskapane mellom dei rekneskapane for utslepp til atmosfæren som vert rapportere i medhald av denne forordninga, og data som vert rapporterte i offisielle nasjonale oppgjer for utslepp til atmosfæren.

  • 2. Den hierarkiske klassifiseringa som er nemnd i nr. 1, er som følgjer:

Utslepp til atmosfæren etter næring — NACE Rev.2 (A*64)
Utslepp til atmosfæren frå hushald
  • – Transport

  • – Oppvarming/avkjøling

  • – Anna

    Overgangspostar

    Samla rekneskapar for utslepp til atmosfæren (næringar + hushald)

    Minus nasjonale einingar i utlandet

  • – Nasjonale fiskefartøy som driv verksemd utanlands

  • – Landtransport

  • – Vasstransport

  • – Lufttransport

Pluss utanlandske einingar på territoriet

  • + Landtransport

  • + Vasstransport

  • + Lufttransport

(+ eller –) Andre tilpassingar og statistiske avvik

= Samla utslepp av det ureinande stoffet X slik det vert rapportert til UNFCCC7/CLRTAP8

Del 6

Lengda på overgangsperiodane

For gjennomføringa av føresegnene i dette vedlegget kan overgangsperioden vare i to år, rekna frå fristen for den første oversendinga.

Vedlegg II

Modul for miljøskattar

Del 1

Mål

I statistikkane over miljøskattar vert data registrerte og lagde fram med utgangspunkt i dei einingane som betalar skattane på ein måte som er fullt ut i samsvar med data som vert rapporterte i medhald av ENS 95. I statistikkane vert det registrert inntekter frå miljøskattar i samsvar med økonomisk verksemd. Økonomisk verksemd omfattar produksjon og forbruk.

I dette vedlegget er det fastlagt kva data medlemsstatane skal samle inn, utarbeide, oversende og vurdere når det gjeld miljøskattar.

Til statistikkane over miljøskattar kan statistikkane over skattar og offentlege finansar nyttast direkte, men det er visse føremoner ved å nytte skattedata som er rapporterte i medhald av ENS 95 dersom dette er mogleg.

Statistikkane over miljøskattar byggjer på summar som er dokumenterte ved vurdering og fråsegner, eller tidsjusterte kontantinnbetalingar, for å sikre at det er samsvar med ENS 95, og for å gjere dei lettare å jamføre internasjonalt.

ENS 95 inneheld òg opplysningar om kva næringar og sektorar som betalar skattane. Opplysningar om skattar som er rapporterte i medhald av ENS 95, kan finnast i rekneskapane for dei institusjonelle sektorane og tabellane for tilgang og bruk.

Del 2

Dekkingsområde

Miljøskattar har dei same systemgrensene som ENS 95, og omfattar obligatoriske innbetalingar i kontantar eller naturalia som er pålagde av offentlege styresmakter eller av institusjonane til Unionen.

Miljøskattar høyrer inn under dei følgjande ENS 95-kategoriane:

  • – skattar på produksjon og import (D.2),

  • – skattar på inntekt, formue osv. (D.5),

  • – kapitalskattar (D.91).

Del 3

Liste over kjenneteikn

Medlemsstatane skal utarbeide statistikkar over miljøskattar i samsvar med dei følgjande kjenneteikna:

  • – energiskattar,

  • – transportskattar,

  • – ureiningsskattar,

  • – ressursskattar.

Alle data skal rapporterast i millionar nasjonal valuta.

Del 4

Første referanseåret, frekvens og fristar for oversending

  • 1. Statistikkane skal utarbeidast og oversendast kvart år.

  • 2. Statistikkane skal oversendast innan 21 månader etter utgangen av referanseåret.

  • 3. For oppfylle brukarane sine behov for fullstendige og aktuelle datasett, skal Kommisjonen (Eurostat), straks det finst tilstrekkelege data tilgjengeleg for kvar stat, utarbeide overslag over hovudstorleikane til denne modulen for dei 27 EU-statane. Der det er mogleg, skal Kommisjonen (Eurostat) utarbeide og offentleggjere overslag for data som ikkje er vortne overførte av medlemsstatane innan den fristen som er førd opp i nr. 2.

  • 4. Det første referanseåret er året då denne forordninga tek til å gjelde.

  • 5. Ved den første oversendinga av data skal medlemsstatane ta med årlege data frå 2008 og fram til det første referanseåret.

  • 6. Ved kvar etterfølgjande oversending av data til Kommisjonen skal medlemsstatane sende inn årlege data for åra n-4, n-3, n-2, n-1 og n, der n er referanseåret.

Del 5

Rapporteringstabellar

For kvart av kjenneteikna som er nemnde i del 3, skal det rapporterast data med utgangspunkt i dei einingane som betalar skattane.

For produsentar skal det utarbeidast data etter ei hierarkisk klassifisering etter økonomisk verksemd, NACE Rev.2 (A*64 aggregeringsnivå slik det er fastsett i ENS 95).

For forbrukarar skal det rapporterast data for

  • – hushald,

  • – utanlandske einingar.

Dersom skatten ikkje kan fordelast til ei av dei verksemdsgruppene som er nemnde ovanfor, skal data rapporterast som ikkje tildelte.

Del 6

Lengda på overgangsperiodane

For gjennomføringa av føresegnene i dette vedlegget kan overgangsperioden vare i to år, rekna frå fristen for den første oversendinga.

Vedlegg III

Modul for materialstraumrekneskapar for heile økonomien (EW-MFA)

Del 1

Mål

EW-MFA omfattar alle materiale i fast form, gassform og flytande form, bortsett frå luft- og vasstraumar, målte i masseeiningar per år. Likeins med nasjonalrekneskapssystemet har EW-MFA to hovudføremål. Dei detaljerte materialstraumane gjev eit omfattande empirisk datagrunnlag for mange analytiske studiar. Dei vert òg nytta til å utarbeide ulike heilskaplege materialstraumindikatorar for dei nasjonale økonomiane.

I dette vedlegget er det fastlagt kva data som medlemsstatane skal samle inn, utarbeide, overføre og vurdere når det gjeld EW-MFA.

Del 2

Dekkingsområde

Skilnaden mellom lager og straumar er eit grunnleggjande prinsipp i eit materialstraumsystem. Ein straum er vanlegvis ein variabel som måler ei mengd per tidsperiode, medan eit lager er ein variabel som måler ei mengd på eit visst tidspunkt. EW-MFA er eit omgrep for straum. Det måler straumane av materiale som vert tilførde og tekne ut, og lagerendringar innanfor økonomien i masseeiningar per år.

EW-MFA stemmer overeins med prinsippa i nasjonalrekneskapssystemet, t.d. prinsippet «heimehøyrande». Det omfattar materialstraumane som er knytte til verksemda til alle einingane som er heimehøyrande i ein nasjonaløkonomi, utan omsyn til den geografiske plasseringa deira.

I EW-MFA finst det to typar relevante materialstraumar som kryssar grensene mellom systema:

  • 1) Materialstraumar mellom den nasjonale økonomien og det naturlege miljøet hans. Dette omfattar utvinning av materiale (dvs. råstoff, kjeldemateriale eller nye materiale) frå og utslepp av materiale (ofte kalla reststoff) til det naturlege miljøet.

  • 2) Materialstraumar mellom den nasjonale økonomien og resten av verdsøkonomien. Dette omfattar import og eksport.

Alle straumar som kryssar desse systemgrensene, høyrer inn under EW-MFA, og det same gjeld det som vert lagt til av menneskeskapte lager. Alle dei andre materialstraumane i økonomien er ikkje representerte i EW-MFA. Dette tyder at den nasjonale økonomien vert handsama som ein heilskap i EW-MFA, og at t.d. varestraumar mellom ulike bransjar ikkje vert tekne med. Naturlege straumar innanfor det naturlege miljøet er heller ikkje tekne med.

Del 3

Liste over kjenneteikn

Der det er relevant, skal medlemsstatane utarbeide statistikkar over dei kjenneteikna som er førde opp i del 5, for EW-MFA.

  • 1. Innanlandsk utvinning omfattar den årlege mengda av materiale i fast og flytande form og i gassform (bortsett frå luft og vatn) som vert utvunne frå det naturlege miljøet, og som skal nyttast som tilført materiale i økonomien.

  • 2. Fysisk import og eksport omfattar alle importerte eller eksporterte varer, uttrykt i masseeiningar. Handelsvarer omfattar alle nivå i tilverkinga, frå råvarer til ferdige varer.

Del 4

Første referanseåret, frekvens og fristar for oversending

  • 1. Statistikkane skal utarbeidast og oversendast kvart år.

  • 2. Statistikkane skal oversendast innan 24 månader etter utgangen av referanseåret.

  • 3. For oppfylle brukarane sine behov for fullstendige og aktuelle datasett skal Kommisjonen (Eurostat), straks det finst tilstrekkelege data tilgjengeleg for kvar stat, utarbeide overslag over hovudstorleikane til denne modulen for dei 27 EU-statane. Der det er mogleg, skal Kommisjonen (Eurostat) utarbeide og offentleggjere overslag for data som ikkje er vortne overførte av medlemsstatane innan den fristen som er førd opp i nr. 2.

  • 4. Det første referanseåret er året då denne forordninga tek til å gjelde.

  • 5. Ved den første oversendinga av data skal medlemsstatane ta med årlege data frå 2008 og fram til det første referanseåret.

  • 6. Ved kvar etterfølgjande oversending av data til Kommisjonen skal medlemsstatane sende inn årlege data for åra n-4, n-3, n-2, n-1 og n, der n er referanseåret.

Del 5

Rapporteringstabellar

Data, uttrykte i masseeiningar, skal utarbeidast for dei kjenneteikna som er førde opp i tabellane nedanfor.

Tabell A — Innanlandsk utvinning

  • 1Biomasse

    • 1.1 Vekstar (bortsett frå fôravlingar)

      • 1.1.1 Korn

      • 1.1.2 Rot- og knollvekstar

      • 1.1.3 Sukkerplanter

      • 1.1.4 Belgfrukter

      • 1.1.5 Nøtter

      • 1.1.6 Oljehaldige vekstar

      • 1.1.7 Grønsaker

      • 1.1.8 Frukt

      • 1.1.9 Fibrar

      • 1.1.10 Andre vekstar ikkje nemnde annan stad

    • 1.2 Planterestar (nytta), fôrvekstar og biomasse til beiting

      • 1.2.1 Planterestar (nytta)

        • 1.2.1.1 Halm

        • 1.2.1.2 Andre planterestar (blad av sukker- og fôrbete, anna)

      • 1.2.2 Fôrvekstar og biomasse til beiting

        • 1.2.2.1 Fôrvekstar (medrekna biomasse hausta frå grasmark)

        • 1.2.2.2 Biomasse til beiting

    • 1.3 Tre (med valfri rapportering av nettotilvekst av tømmer)

      • 1.3.1 Tømmer (industrielt rundtømmer)

      • 1.3.2 Ved og anna utvinning

    • 1.4 Fangst av villfisk, vassplanter/-dyr, jakt og sanking

      • 1.4.1 Fangst av villfisk

      • 1.4.2 Alle andre vassdyr og -planter

      • 1.4.3 Jakt og sanking

  • 2Malm (råmalm)

    • 2.1 Jarn

    • 2.2 Ikkje-jarnhaldig metall

      • 2.2.1 Kopar (med valfri rapportering av metallinnhald)

      • 2.2.2 Nikkel (med valfri rapportering av metallinnhald)

      • 2.2.3 Bly (med valfri rapportering av metallinnhald)

      • 2.2.4 Sink (med valfri rapportering av metallinnhald)

      • 2.2.5 Tinn (med valfri rapportering av metallinnhald)

      • 2.2.6 Gull, sølv, platina og andre edelmetall

      • 2.2.7 Bauxitt og anna aluminium

      • 2.2.8 Uran og thorium

      • 2.2.9 Andre metall ikkje nemnde andre stader

  • 3Ikkje-metallhaldige mineral

    • 3.1 Marmor, granitt, sandstein, porfyr, basalt, annan monument- eller bygningsstein (bortsett frå skifer)

    • 3.2 Krit og dolomitt

    • 3.3 Skifer

    • 3.4 Kjemiske mineral og gjødselsmineral

    • 3.5 Salt

    • 3.6 Kalkstein og gips

    • 3.7 Leire og kaolin

    • 3.8 Sand og grus

    • 3.9 Andre mineral ikkje nemnde andre stader

    • 3.10 Utvunne jordmateriale (medrekna jord), berre dersom dei er nytta (valfri rapportering)

  • 4Fossile energimaterial/-berarar

    • 4.1 Kol og andre faste energimaterial/-berarar

      • 4.1.1 Lignitt (brunkol)

      • 4.1.2 Steinkol

      • 4.1.3 Oljeskifer og tjøresand

      • 4.1.4 Torv

    • 4.2 Flytande og gassformige energimaterial/-berarar

      • 4.2.1 Råolje, naturgasskondensat og flytande naturgass

      • 4.2.2 Naturgass

Tabell B (import — samla handel), C (import — handel med tredjestatar), D (eksport — samla handel), E (eksport — handel med tredjestatar)

  • 1Biomasse og biomasseprodukt

    • 1.1 Vekstar, rå og foredla

      • 1.1.1 Korn, rått og foredla

      • 1.1.2 Rot- og knollvekstar, rå og foredla

      • 1.1.3 Sukkerplanter, rå og foredla

      • 1.1.4 Belgfrukter, rå og foredla

      • 1.1.5 Nøtter, rå og foredla

      • 1.1.6 Oljehaldige vekstar, rå og foredla

      • 1.1.7 Grønsaker, rå og foredla

      • 1.1.8 Frukt, rå og foredla

      • 1.1.9 Fibrar, rå og foredla

      • 1.1.10 Andre vekstar ikkje nemnde andre stader, rå og foredla

    • 1.2 Planterestar og fôravlingar

      • 1.2.1 Planterestar (nytta), rå og foredla

        • 1.2.1.1 Halm

        • 1.2.1.2 Andre planterestar

      • 1.2.2 Fôravlingar

        • 1.2.2.1 Fôravlingar

    • 1.3 Tre og treprodukt

      • 1.3.1 Tømmer, rått og foredla

      • 1.3.2 Ved og anna utvinning, rå og foredla

    • 1.4 Fangst av fisk, og andre vassdyr og -planter, rå og foredla

      • 1.4.1 Fangst av fisk

      • 1.4.2 Alle andre vassdyr og -planter

    • 1.5 Levande dyr som ikkje er nemnde i nr. 1.4, og animalske produkt

      • 1.5.1 Levande dyr som ikkje er nemnde i nr. 1.4

      • 1.5.2 Kjøt og foredla kjøt

      • 1.5.3 Mjølkeprodukt, fugleegg og honning

      • 1.5.4 Andre animalske produkt (fibrar, skinn, pels, lêr osv.)

    • 1.6 Produkt som i hovudsak er framstilte av biomasse

  • 2Malm og konsentrat, rå og foredla

    • 2.1 Jarnmalm og konsentrat, jarn og stål, rå og foredla

    • 2.2 Ikkje-jarnhaldig metallmalm og konsentrat, rå og foredla

      • 2.2.1 Kopar

      • 2.2.2 Nikkel

      • 2.2.3 Bly

      • 2.2.4 Sink

      • 2.2.5 Tinn

      • 2.2.6 Gull, sølv, platina og andre edelmetall

      • 2.2.7 Bauxitt og anna aluminium

      • 2.2.8 Uran og thorium

      • 2.2.9 Andre metall ikkje nemnde andre stader

    • 2.3 Produkt som i hovudsak er framstilte av metall

  • 3Ikkje-metalliske mineral, rå og foredla

    • 3.1 Marmor, granitt, sandstein, porfyr, basalt, annan monument- eller bygningsstein (bortsett frå skifer)

    • 3.2 Krit og dolomitt

    • 3.3 Skifer

    • 3.4 Kjemiske mineral og gjødselsmineral

    • 3.5 Salt

    • 3.6 Kalkstein og gips

    • 3.7 Leire og kaolin

    • 3.8 Sand og grus

    • 3.9 Andre mineral ikkje nemnde andre stader

    • 3.10 Utvunne jordmateriale (medrekna jord), berre dersom dei er nytta (valfri rapportering)

    • 3.11 Produkt som i hovudsak er framstilte av ikkje-metallhaldige mineral

  • 4Fossile energimaterial/-berarar, rå og foredla

    • 4.1 Kol og andre faste energiprodukt, rå og foredla

      • 4.1.1 Lignitt (brunkol)

      • 4.1.2 Steinkol

      • 4.1.3 Oljeskifer og tjøresand

      • 4.1.4 Torv

    • 4.2 Flytande og gassformige energiprodukt, rå og foredla

      • 4.2.1 Råolje, naturgasskondensat og flytande naturgass

      • 4.2.2 Naturgass

    • 4.3 Produkt som i hovudsak er framstilte av fossile energiprodukt

  • 5Andre produkt

  • 6Importert avfall (tabell B og C)/eksportert avfall (tabell D og E) for slutthandsaming og disponering

Følgjande tilpassingar til prinsippet «heimehøyrande» skal takast med i tabell B og D:

Drivstoff lagra av einingar som er heimehøyrande utanlands (tillegg til import i tabell B), og drivstoff lagra av utanlandske einingar på nasjonalt territorium (tillegg til eksport i tabell D)

  • 1 Drivstoff til landtransport

  • 2 Drivstoff til vasstransport

  • 3 Drivstoff til lufttransport

Del 6

Lengda på overgangsperiodane

For gjennomføringa av føresegnene i dette vedlegget kan overgangsperioden vare i to år, rekna frå fristen for den første oversendinga.

Fotnotar

1.

Europaparlamentsfråsegn av 7. juni 2011 (enno ikkje offentleggjord i TEU), og rådsavgjerd av 21. juni 2011.

2.

TEF L 242 av 10.9.2002, s. 1.

3.

TEU L 344 av 28.12.2007, s. 15.

4.

TEF L 310 av 30.11.1996, s. 1.

5.

TEU L 87 av 31.3.2009, s. 164.

6.

TEU L 55 av 28.2.2011, s. 13.

7.

Rammekonvensjonen til Dei sameinte nasjonane om klimaendring.

8.

Konvensjonen om langtransportert grenseoverskridande luftureining.