Prop. 147 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

Til innhaldsliste

1 Avgjerd i EØS-komiteens nr. 98/2012 av 30. april 2012 om endring av vedlegg XXI til EØS-avtala (Statistikk)

EØS-KOMITEEN HAR –

med tilvising til avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, endra ved protokollen om justering av avtala om Det europeiske økonomiske samarbeidsområdet, heretter kalla ”avtala”, særleg artikkel 98, og

på følgjande bakgrunn:

  • 1) Vedlegg XXI til avtala vart endra ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 73/2012 av 30. mars 20121.

  • 2) Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar2 skal takast inn i avtala –

TEKE DENNE AVGJERDA:

Artikkel 1

I vedlegg XXI til avtala etter nr. 27b (kommisjonsforordning (EF) nr. 1445/2005) skal nytt nr. 27c lyde:

  • ”27c. 32011 R 0691: Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 av 6. juli 2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar (EUT L 192 av 22.7.2011, s. 1).

    Forordningens bestemmelser skal for denne avtales formål gjelde med følgende tilpasning:

    • a) Med henblikk på Island skal forordningens vedlegg I, II og III gjennomføres innen to år fra fristen for første overføring.

    • b) Denne forordning får ikke anvendelse for Liechtenstein.”

Artikkel 2

Teksta til forordning (EU) nr. 691/2011 på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal verte gyldig.

Artikkel 3

Denne avgjerda tek til å gjelde 1. mai 2012, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala3.

Artikkel 4

Denne avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for den europeiske unionen.

Utferda i Brussel, 30. april 2012.

For EØS-komiteen

Gianluca Grippa

Fungerande formann

Fotnotar

1.

Enno ikkje kunngjord.

2.

TEU L 192 av 22.7.2011, s. 1.

3.

Forfatningsrettslege krav oppgjevne.