Prop. 147 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 98/2012 av 30. april 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 691/2011 om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

Til innhaldsliste

2 Nærmare om EU-forordninga om europeiske miljøøkonomiske rekneskapar

I EUs statistikkprogram for åra 2008–2012, som er vedteke ved europaparlaments- og rådsavgjerd 1578/2007/EF og innlemma i EØS-avtalens protokoll 30, blir det understreka at det er behov for å etablere eit heilskapleg, forpliktande rammeverk for innsamling av miljødata.

Europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 691/2011 fastset metodane og dei felles standardane, definisjonane, klassifikasjonen og rekneskapsreglane som skal nyttast. Forordninga inneheld også krav til datainnsamling, rapportering og kvalitetsvurdering.

Forordninga er delt inn i tre hovudmodular:

Modul 1) Utslepp til atmosfæren etter økonomisk aktivitet

Dette området omfattar rekneskapar for utslepp av klimagassar, forsurande gassar, ozonforløparar og partiklar til atmosfæren frå produksjon eller forbruk. Dette er ein annan måte å systematisere data for utslepp til luft på enn den som blir nytta når tal blir rapporterte til FN i samband med Kyotoprotokollen. Då blir det nytta ein geografisk definisjon av Noreg. Dei to ulike måtane å systematisere utsleppstala på er allereie samordna.

Modul 2) Miljørelaterte skattar etter økonomisk aktivitet

Dette området gjeld skattar der grunnlaget for skattlegging er basert på forbruket av fysisk storleik av stoff eller produkt som har ein dokumentert spesifikk negativ verknad på miljøet. Føringa av skattane følgjer definisjonane i nasjonalrekneskapen.

Modul 3) Materialstraumsrekneskapar

Dette området omfattar ei oversikt over den samla materialstraumen i den nasjonale økonomien. Materialstraumen dekkjer uttak frå norsk natur (til dømes olje og naturgass, mineralar, grus, stein og fisk) pluss import og minus eksport. Fokus er på makroforbruket og ikkje på forbruk av spesifikke stoff.