Prop. 149 S (2011–2012)

Finansiering av fv 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland

Til innhaldsliste

5 Finansieringsopplegg

Finansieringa av utbygginga er basert på bompengar og fylkeskommunale midlar. Delar av dei fylkeskommunale midlane er føresett forskottert av lokalt næringsliv.

Fylkeskommunale midlar

Det er lagt til grunn 18 mill. kr i fylkeskommunale midlar, omrekna til 2012-prisnivå. Av desse midlane skal 8 mill. kr løyvast i samband med fylkeskommunen sine budsjett og økonomiplan. 10 mill. kr er føresett forskottert av Midtfjellet vindkraft AS. Refusjonstidspunktet skal fastsetjast i samband med behandlinga av handlingsprogrammet for fylkesvegnettet i Hordaland 2014-2017 (2023).

Bompengar

Det er lagt til grunn at bompengeinnkrevjinga skal starta opp 1. januar 2013 som ei direkte vidareføring av dagens innkrevjing på ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg. Det er lagt til grunn ein bompengeperiode på to år for å finansiera opprustinga av fv 545. Bompengetakstane vil utgjera differansen mellom takstsone 22 og takstsone 27, tilsvarande dagens bompengeordning. Bompengetakstane (påslaget på ferjebilletten i 2012) varierer med lengda på kjøretøyet frå 27 kr til 127 kr før evt. rabatt. I 2011 var gjennomsnittleg inntekt pr. passering om lag 24 kr. Årsdøgntrafikken (ÅDT) på ferjesambandet var 2 435 kjøretøy i 2011. Det er rekna med netto bompengeinntekter på vel 20 mill. kr pr. år, eller 41 mill. kr over to år.

Hordaland fylkeskommune er bompengeselskap for dagens bompengeordning. Det er lagt opp til at fylkeskommunen skal vera bompengeselskap også ved vidareføringa.

Dagens retningslinjer for bompengeprosjekt føreset at det skal vera samanheng mellom nytte og betaling. Dei som betalar bompengar skal ha nytte av det aktuelle vegprosjektet. Denne samanhengen går også andre vegen, slik at dei som har nytte av eit vegprosjekt også skal betala bompengar, jf. St.meld. nr. 16 (2008-2009) Nasjonal transportplan 2010-2019, side 86. Det aller meste av trafikken på ferjesambandet Halhjem – Sandvikvåg skal vidare på E39, men ein del av trafikken er reisande mellom Fitjar og Bergensområdet. Ut frå dette, og det at fv 545 er einaste omkjøringsveg dersom E39 må stenga, er det difor rimeleg at ein del av bompengane som blir kravd inn på ferjesambandet blir nytta på fv 545. Det er rekna med at trafikken til og frå Fitjar er i storleiksorden 15 pst. av trafikken på ferjesambandet. Årsdøgntrafikken på fv 545 er om lag 1 100 kjøretøy.

Innkrevjingskostnadene er i dag 1 pst. av brutto bompengeinntekter og utgjer om lag 0,2 mill. kr pr. år. Det er lagt til grunn at innkrevjingskostnadene vil halda fram på det same nivået.

Forslag til finansieringsplan

Det er lagt til grunn ei samla økonomisk ramme på 59 mill. kr i 2012-prisnivå. Det er ikkje lagt til grunn låneopptak.

Bompengepakkar er meir fleksible enn bompengeopplegg for enkeltprosjekt. Utbygginga av dei fire strekningane er ikkje fullfinansiert pr. i dag. Omfanget av utbygginga må tilpassast den økonomiske ramma. Det skal opprettast eit «kontaktutval» med representantar frå Hordaland fylkeskommune, Fitjar kommune, Stord kommune og Statens vegvesen. Kontaktutvalet si oppgåve blir å sikra prioritering, framdrift og finansiering for prosjekt og tiltak i bompengepakken.