Prop. 149 S (2011–2012)

Finansiering av fv 545 i Fitjar og Stord kommunar i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementet si vurdering

Samferdselsdepartementet tilrår opplegget med forlenging av bompengeinnkrevjing på ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg for å delfinansiera prosjekt på fylkesveg 545 i Fitjar og Stord kommunar. Delar av vegen er smal og svingete, og det er behov for utbetring. Departementet føreset at bompengar som blir kravde inn frå og med 1. januar 2013 blir øyremerka fv 545.

Samferdselsdepartementet vil peika på at det er stor uvisse ved kostnadsoverslaga som ligg føre, m.a. fordi reguleringsplanen skal reviderast. Dei aktuelle prosjekta er ikkje fullfinansierte. Omfanget av utbygginga vil bli tilpassa den økonomiske ramma. Sidan utbygginga omfattar fleire mindre prosjekt, bør det ikkje vere problematisk å tilpassa utbygginga til tilgjengelege midlar.

Os kommune har gått i mot finansieringsopplegget for fv 545. For Os kommune er E39 først og fremst viktig som stamveg mellom Bergen og Stavanger. Samferdselsdepartementet meiner at ut frå samanhengen mellom nytte og betaling er det rimeleg at det blir nytta bompengar også på fv 545. Innkrevjingstida er dessutan avgrensa til to år. Departementet legg til grunn at det er tilstrekkeleg lokalpolitisk tilslutning til opplegget.