Prop. 157 S (2009–2010)

Finansiering og utbygging av rv 7 på strekninga Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

2.1 Dagens situasjon og prosjektomtale

Rv 7 utgjer saman med rv 52 Gol – Borlaug og rv 50 Hol – Aurland eit viktig vegsamband mellom Osloregionen og Vestlandet, med eit stort innslag av nyttetrafikk. Hallingdal er i tillegg eit viktig turist- og hytteområde, dit dei fleste tilreisande kjem med bil.

Dagens veg mellom Sokna og Ørgenvika er 37,5 km og går i ein boge via Noresund og Krøderen. Årsdøgntrafikken varierer mellom 3500 og 5000 køyretøy. Vel 25 pst av vegstrekninga har nedsett fartsgrense. Medan gjennomsnittleg vegbreidde er 7,8 meter, har 4 km vegbreidde som er mindre enn 7,0 meter. Bortsett frå Noresund og Hamremoen er det liten busetnad langs strekninga. I perioden 2000-2009 var det i alt 71 ulykker med personskade på strekninga, og totalt vart 124 personar drepne eller skadde i desse ulykkene. Av desse var det 5 som vart drepne og 16 som vart hardt skadde.

Den nye traseen med lengde på om lag 17 km tek av frå dagens rv 7 like nord for sentrum i Sokna i Ringerike kommune, og går stort sett parallelt med Bergensbana fram til Ørgenvika ved Krøderen i Krødsherad kommune, sjå kartutsnitt i figur 2.1.

Figur 2.1 Rv 7 Sokna – Ørgenvika.

Figur 2.1 Rv 7 Sokna – Ørgenvika.

Kjelde: Statens vegvesen

Bortsett frå i Sokna og Ørgenvika vert det ikkje etablert vegkryss på strekninga. Den nye vegen skal byggjast med 10 m breidde, unntatt ei strekning på 6 km med forbikøyringsfelt som vil gi 15 m breidde. Heile strekninga skal byggjast med 1 m brei midtmarkering. Det inngår også to tunnelar med lengde 2,8 og 3,8 km samt ein miljøtunnel på 170 m like nord for Sokna. Dagens veg gjennom Sokna skal byggjast om til miljøgate, med 6,5 m breidde mellom kantsteinane.

I prosjektet inngår også rundkøyring i Noresund og ombygging av kryss mellom dagens rv 7 og fv 280 på Hamremoen. Rundkøyringa i Noresund vart bygd i 2008 med forskotterte midlar.

2.1.1 Planstatus og kostnadsoverslag

Ny veg mellom Sokna og Ørgenvika har vore på tale i meir enn 70 år, og ein hovudplan for strekninga vart godkjent så tidleg som i 1974. Etter ny planlegging på 1990-talet, vart konsekvensutgreiing og tilleggsutgreiing godkjent av Vegdirektoratet gjennom brev av 20. november 2003. I løpet av 2004 vedtok kommunane Krødsherad og Ringerike kommunedelplanar for prosjektet. Reguleringsplanane vart godkjente gjennom vedtak i Krødsherad kommune 13. desember 2007 og i Ringerike kommune 31. januar 2008.

Statens vegvesen har hausten 2009 rekna styringsramma til 1460 mill. kr, og kostnadsramma er 1490 mill. kr. Prosjektet har vinteren 2010 vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2). Det er semje om å leggja til grunn ei styringsramme på 1480 mill. kr og kostnadsramme på 1580 mill. kr i 2009-prisnivå. Omrekna til 2010-prisnivå blir styringsramma 1520 mill. kr og kostnadsramma 1620 mill. kr. Netto nytte for prosjektet er rekna til 1,8 mrd. kr, med netto nytte over totale kostnader på 1,1. Netto nytte pr budsjettkrone er 2,2.