Prop. 157 S (2009–2010)

Finansiering og utbygging av rv 7 på strekninga Sokna – Ørgenvika i Buskerud fylke

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført omfattande vurderingar av korleis trafikken mot Hallingdal vil dela seg på eksisterande og ny rv 7. Ny veg kortar inn strekninga med 20 km og gjev ein reisetidsreduksjon rekna til 18 minutt, men trafikantane må betala 63 kroner for lette køyretøy og 160 kroner for tunge (over 3500 kg). Det er lagt opp til tovegs innkrevjing i ein automatisk bomstasjon mellom dei to tunnelane, jf. figur 2.1, med 10 pst rabatt for dei som brukar AutoPASS-brikke.

For å simulera korleis ulike takstar påverkar avvising av trafikk er det i tillegg til trafikkvurdering med TRIPS vegvalsmodell nytta ein logitmodell. Denne er nytta til vurderingar av korleis ulike takstar påverkar avvising av trafikk. Analysane syner at utan bompengar ville ny veg ha ført til nyskapt trafikk i storleiksorden 300 køyretøy. Denne nyskapte trafikken vert redusert i takt med bompengetaksten, og vil vera heilt borte ved takst på 50 kroner for lette køyretøy.

Ved vald takst (63/160) er det rekna med at prognosetrafikken totalt vert redusert med om lag 360 kjt/døgn, eller om lag 12 pst. Heile bortfallet er rekna å koma på lette køyretøy, og i følgje vurderingane må taksten for tunge køyretøy aukast til over 250 kr for å få trafikkbortfall her. I tillegg er det ved vurdering av takstar lagt til grunn ein trafikksvikt på 5 pst som følgje av bortfall av inntekter frå utanlandske køyretøy og svikt i innkrevjingssystemet.

Med dei valde takstane ville ny veg i 2008 hatt ein årsdøgntrafikk på 2670 kjøretøy. Av desse ville vel 440 ha vore tunge køyretøy. For trafikkvekst framover gjennom bompengeperioden har ein lagt til grunn prognosen for Buskerud som vart utarbeidd i samband med i NTP 2010-2019. Det er i tillegg gjort vurderingar av om veginnkortinga kan gje trafikkoverføring eksempelvis frå E16, og om Hardangerbrua og eventuell bygging av Ringeriksbana vil påverka trafikkutviklinga. Analysen viser små endringar innanfor bompengeperioden, og det er difor ikkje teke omsyn til dette i trafikkprog­nosen som er brukt i bompengeanalysen.

Trafikkgrunnlaget har vore gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2).

I rapport frå den eksterne kvalitetssikringa (KS2) seier kvalitetssikrar at finansieringsanalysen viser at det er realistisk å gjennomføra den nødvendige prosjektfinansieringa innan ein betalingsperiode på 15 år med antatt nivå på bompengane. Kvalitetssikrar støttar Statens vegvesen sitt anslag av trafikkomfang og konsekvensane av bompengetakstane for trafikkutviklinga.