Prop. 158 LS (2012–2013)

Endringar i kjøpsloven og avtaleloven og samtykkje til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing

Til innhaldsliste

5 Gjennomføringa av CISG i norsk rett

5.1 Innleiing

Dersom reservasjonen mot CISG del II blir trekt, reiser det spørsmål om val av gjennomføringsmåte når reglane i konvensjonen om avtaleinngåing skal gjennomførast for internasjonale lausøyrekjøp i norsk rett. Det er grunn til å vurdere dette spørsmålet i lys av korleis dei andre delane av CISG er gjennomførte i norsk rett.

5.2 Gjeldande rett – gjennomføringa av CISG (unnateke del II) i norsk rett

Dei nordiske landa gjennomførte etter at CISG vart vedteken, eit lovsamarbeid med sikte på å modernisere og harmonisere den nasjonale kjøpsretten med CISG som førebilete for nordisk kjøpslovgiving. Det var eit mål for utgreiinga at reglane for nasjonale og internasjonale kjøp skulle vere tilnærma like. Den nordiske utgreiinga NU 1984: 5 leidde til at Finland, Sverige og Noreg fekk ny og samordna nasjonal kjøpslovgiving, medan Danmark valde å behalde kjøpslova si frå 1906 for nasjonale kjøp. Under lovsamarbeidet drøfta dei nordiske landa korleis gjennomføringa av CISG i nasjonal rett skulle gjerast, og på dette punktet tok Noreg eit anna standpunkt enn dei andre landa som var med i lovsamarbeidet. Danmark, Sverige og Finland gjennomførte CISG ved ei blankettlov som slo fast at originalteksten av CISG skulle gjelde direkte som nasjonal rett, medan dei nasjonale kjøpslovene skulle gjelde for nordiske kjøp. Det vart halde fram av Danmark, Sverige og Finland at det var behov for mange avvik frå konvensjonen for nordiske kjøp. Spesialføresegnene som ville vere naudsynte dersom ein skulle lage ei felles lov for nordiske og internasjonale kjøp, ville gjere lova uoversiktleg. Vidare vart det halde fram at ei gjennomføring ved inkorporasjon var best i samsvar med konvensjonens karakter og føremål om å skape eit heilskapleg normsystem for internasjonale kjøp.

Noreg la på si side avgjerande vekt på at det for mange mindre norske eksport- og importbedrifter ville vere ein fordel å kunne innrette seg etter eit norsk regelsett framfor konvensjonen, jf. Ot.prp. nr. 80 (1986–87) side 18. Det vart vist til at sidan dei færraste bedrifter hadde eigne seksjonar for internasjonal handel, ville bedriftene kunne dra nytte av at reglane for internasjonale og nasjonale kjøp fanst i same lov og langt på veg var identiske. Ein såg det slik at konvensjonen og førearbeida til den ville vere mindre tilgjengelege enn kjøpslova for dei fleste partar i kjøp. Det vart vidare vist til at transformasjon var den vanlege måten å gjennomføre tilsvarande konvensjonar på i norsk rett.

I Noreg valde ein derfor å utforme ei felles kjøpslov for nasjonale og internasjonale kjøp der det blei gitt unnatak og spesialføresegner for internasjonale kjøp i fleire føresegner, og dessutan i eit særskilt kapittel XV med spesialføresegner for internasjonale kjøp. Departementet er ikkje kjent med at nokon andre land tilslutta CISG, forutan Island, har valt ein tilsvarande gjennomføringsmåte. Den rettskjeldesituasjonen som partane i internasjonale kjøpsavtalar må innrette seg etter, er derfor ein annan om det er norsk rett som skal nyttast, enn om det er lova i ein annan stat tilslutta CISG som skal nyttast. Er det rettsreglane til ein annan konvensjonsstat som skal nyttast, kan partane som utgangspunkt halde seg direkte til originalteksten i CISG. Er det norsk rett som skal nyttast, må partane derimot halde seg til ein norsk lovtekst og norske førearbeid m.m., som for ein utanlandsk part ofte vil vere ukjent stoff. Føresegnene i kjøpsloven er meinte å dekkje føresegnene i CISG fullt ut, men systematikken i kjøpsloven skil seg på mange punkt frå systematikken i CISG. Vidare inneheld kjøpsloven omsetjingar og i nokon grad òg tolkingar av føresegnene i CISG.

Noregs val av gjennomføringsmetode har vore utsett for kritikk i juridisk teori, sjå mellom anna Hagstrøm: Kjøpsrett (2005) sidene 35–40, Krüger: Norsk kjøpsrett (1999) sidene 671–673 og Sollund: The U.N. Convention on Contracts for the International Sale of Goods, Article 7(1) – The Interpretation of the Convention and the Norwegian Approach (NJCL 2007). Det blir mellom anna halde fram i teorien at gjennomføringsmåten ikkje sikrar føremålet med CISG om å få i stand eit felles referansegrunnlag for å løyse tvistar i internasjonale kjøp.

5.3 Framlegget i høyringsnotatet

I høyringsnotatet gjorde departementet framlegg om å gjennomføre CISG del II ved å tilføye ei blankettføresegn i kjøpsloven der det blir fastsett at konvensjonen artikkel 14 til 24 skal gjelde som norsk lov. I høyringsnotatet punkt 4.3 heiter det som følgjer om dette:

«Reglane om avtaleinngåing høyrer systematisk sett heime i avtalelova, men sidan CISG del II berre gjeld for internasjonale avtalar om lausøyrekjøp, reknar departementet det som mest føremålstenleg at ei slik blankettføresegn blir gitt i kjøpslova. Føresegna kan takast inn i kapittel XV i lova, som berre gjeld for internasjonale kjøp. Eit lovforslag basert på denne løysinga er teke inn i punkt 5 som alternativ 1.
Å gjennomføre CISG del II i norsk rett ved inkorporasjon vil, slik departementet ser det, vere den beste måten å sikre at føremålet med konvensjonen om å skape eit felles referansegrunnlag for å løyse tvistar i internasjonale kjøp blir realisert. Ei slik gjennomføring vil sikre at partane kan halde seg direkte til ein tekst som er allment kjend internasjonalt.
Inkorporasjon av CISG del II, utan at gjennomføringa av resten av konvensjonen i norsk rett blir endra, vil på den andre sida føre til ei lite heilskapleg samla gjennomføring av konvensjonen. Men sidan CISG del II berre regulerer avtaleinngåinga, som i hovudsak er avgrensa frå dei kjøpsrettslege reglane i CISG som er gjennomførte i kjøpslova, kan departementet i utgangspunktet ikkje sjå at dette talar avgjerande imot at CISG del II bør gjennomførast ved inkorporasjon.»

Departementet reiste vidare spørsmål om ein i samband med gjennomføringa av CISG del II, bør vedta heile CISG som norsk lov ved inkorporasjon:

«I samband med forslaget om at CISG del II skal gjennomførast i norsk rett, vurderer departementet om ein bør foreslå at heile CISG bør vedtakast som norsk lov gjennom ei blankettføresegn i kjøpslova. I så fall vil ein oppnå at gjennomføringa av heile CISG blir heilskapleg, og dessutan at partane i internasjonale lausøyrekjøp kan halde seg direkte til heile originalteksten i konvensjonen. Det vil eventuelt innebere ei reversering av gjennomføringsmetoden som vart vald ved tilslutninga til CISG, og ei tilpassing til gjennomføringsmetodane som er valde i tilnærma alle andre konvensjonsstatar.
Hovudgrunnen til at ein i si tid valde å transformere CISG og lage felles reglar for nasjonale og internasjonale kjøp i kjøpslova, var som nemnt at det vart rekna som ein fordel for mindre norske eksport- og importbedrifter å kunne rette seg etter eit norsk regelsett i staden for konvensjonen, pluss at bedriftene ville ha nytte av at reglane for internasjonale og nasjonale kjøp finst i same lova og langt på veg er identiske. Desse omsyna har vekt i dag òg. Departementet vil likevel peike på at norske bedrifter som inngår internasjonale avtalar om lausøyrekjøp, likevel må rette seg etter originaltekstane av CISG i tilfelle der ein skal nytte retten i ein annan konvensjonsstat enn Noreg. Departementet reknar med at det derfor neppe inneber ei særleg stor endring for norske bedrifter om dei må rette seg direkte etter originaltekstene av CISG også i internasjonale lausøyrekjøp der norsk rett skal nyttast.
Føremålet med CISG om å få i stand eit felles referansegrunnlag for å løyse tvistar i internasjonale lausøyrekjøp blir, slik departementet ser det, sikra best dersom partane kan halde seg til originaltekstane av konvensjonen uavhengig av om rettsreglane til den eine eller den andre konvensjonsstaten skal leggjast til grunn. Den norske rettskjeldesituasjonen for internasjonale lausøyrekjøp, medrekna forholdet mellom kjøpslova og CISG, er relativt vanskeleg tilgjengeleg for utanlandske partar i internasjonale lausøyrekjøp. Rettsuvisse hos utanlandske partar kan utgjere ein viss handelsbarriere og vil kunne føre til auka transaksjonskostnader. Frå eit internasjonalt perspektiv vil det vere ei forenkling om partane kan halde seg direkte til CISG både når norsk rett skal nyttast, og når retten i andre konvensjonsstatar skal nyttast. Handelsomsyn dreg derfor også, slik departementet ser det, i retning av at heile CISG bør inkorporerast i norsk rett. Eit lovforslag basert på at heile CISG blir inkorporert i norsk rett, er teke inn i punkt 5 som alternativ 2.
(…)
Inkorporasjon av heile CISG kan etter departementets syn eventuelt gjerast ved at det blir innarbeidd ei blankettføresegn i kjøpslova kapittel XV som slår fast at CISG skal gjelde direkte som norsk lov. Verkeområdet for kjøpslova, slik det er definert i kapittel 1, må i så fall justerast slik at berre kapittel XV skal gjelde for internasjonale kjøp som fell inn under verkeområdet til konvensjonen, medan resten av lova skal nyttast for norske og nordiske kjøp. Dagens særreglar for internasjonale kjøp i kjøpslova kapittel XV og i fleire føresegner elles i lova vil i så fall ha utspelt si rolle og må opphevast. Etter departementets syn bør ein, same korleis ein løyser det lovtekniske valet ovanfor, vidareføre ordninga etter gjeldande rett der CISG, bortsett frå del II og einskilde avsluttande føresegner, er teken inn som vedlegg til lova. Forskjellen på dette punktet vil berre bestå i at konvensjonen del II òg blir teken inn i vedlegget. Slik departementet ser det, bør det i tillegg gå fram av avtalelova at kapitel 1 ikkje gjeld for avtaleinngåing som er omfatta av kjøpslova kapitel XV.»

5.4 Høyringsfråsegnene

Regjeringsadvokaten, Den Norske Advokatforening og Næringslivets Hovedorganisasjon har uttala seg om val av gjennomføringsmåte. Dei meiner alle at heile CISG bør vedtakast som norsk lov ved inkorporasjon i samsvar med framlegget i høyringsnotatet punkt 5 alternativ 2.

5.5 Departementet si vurdering

Departementet føreslår at heile CISG blir gjennomført som norsk lov ved inkorporasjon. Alle høyringsinstansane som har uttala seg om spørsmålet, støttar denne gjennomføringsmodellen. Ein vil då oppnå at gjennomføringa av CISG blir heilskapleg, og at partane i internasjonale lausøyrekjøp kan halde seg direkte til heile originalteksten i konvensjonen. Føremålet med CISG om å få i stand eit felles referansegrunnlag for å løyse tvistar i internasjonale lausøyrekjøp blir òg sikra best dersom partane kan halde seg til originaltekstane av konvensjonen uavhengig av om rettsreglane til den eine eller den andre konvensjonsstaten skal leggjast til grunn. Både Danmark, Finland og Sverige har gjennomført CISG ved inkorporasjon slik at omsynet til fellesnordisk gjennomføringsmåte og talar for at Noreg gjennomfører konvensjonen ved inkorporasjon. Departementet viser vidare til dei øvrige omsyna som blei framheva til støtte for denne gjennomføringsmodellen i høyringsnotatet, jf. punkt. 5.3 ovanfor.

Etter departementet sitt framlegg vil heile CISG bli inkorporert ved ei blankettføresegn i kjøpsloven kapittel XV som slår fast at CISG skal gjelde direkte som norsk lov. Det er då behov for å justere verkeområdet for kjøpsloven, slik det er definert i kapittel 1, slik at berre kapittel XV skal gjelde for internasjonale kjøp som fell inn under verkeområdet til konvensjonen, medan resten av lova skal nyttast for norske og nordiske kjøp. Behovet for dagens særreglar for internasjonale kjøp i kjøpsloven kapittel XV og i fleire føresegner elles i lova, vil då falle bort. Departementet føreslår derfor å oppheve desse reglane. Etter framlegget vil det vidare bli presisert i avtaleloven at føresegnene i kapittel 1 ikkje gjeld for avtaleinngåing som er omfatta av kjøpsloven kapittel XV.

Dei føreslåtte lovendringane vil ikkje føre med seg endringar i den nasjonale kjøps- eller avtaleretten. Dei vil heller ikkje få noko å seie for kontraktar om lausøyrekjøp der begge partane har forretningsstad i dei nordiske landa (nordiske kjøp), jf. punkt 4.4 ovanfor.