Prop. 158 LS (2012–2013)

Endringar i kjøpsloven og avtaleloven og samtykkje til å trekkje reservasjonen mot FN-konvensjonen 11. april 1980 om kontraktar for internasjonale lausøyrekjøp (CISG) del II om avtaleinngåing

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Framlegget vil ikkje få økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege utover at det offentlege som part i internasjonale lausøyrekjøpsforhold kan bli påverka på line med andre partar.

Dei materielle verknadene av framlegget er avgrensa til gjennomføringa av CISG del II om avtaleinngåing i norsk rett. Dei øvrige delane av konvensjonen er allereie gjennomført i norsk rett, og framlegget gjeld for desse delane berre sjølve gjennomføringsmåten.

Reglane om avtaleinngåing er neppe i seg sjølve av stor praktisk betyding for partane i internasjonale lausøyrekjøpsforhold. Dessutan er det ikkje vesentlege reelle skilnader mellom reglane i CISG del II og avtaleloven kapittel 1. Endringane i reguleringa på dette punktet vil derfor neppe få monalege økonomiske konsekvensar. Framlegget kan likevel ha ein viss positiv effekt ved å redusere transaksjonskostnadene i samband med internasjonale lausøyrekjøp. Det forenklar rettskjeldebildet ved at reglane for avtaleinngåing vil bli dei same uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal leggjast til grunn. Lovvalsreglane får dermed ei meir underordna rolle. Vidare kan det at Noreg får reglar for avtaleinngåing i internasjonale lausøyrekjøpsforhold som svarar til dei reglane fleirtalet av handelsstatar opererer med i dag, vere positivt ut frå handels- og næringsomsyn. Framlegget om å gjennomføre CISG ved inkorporasjon framfor transformasjon vil vidare i seg sjølv vere egna til å forenkle rettskjeldesituasjonen, òg med omsyn til dei delane av konvensjonen som allereie er gjennomførte i norsk rett, ettersom partane då kan halde seg direkte til originalteksten i konvensjonen uavhengig av om det er rettsreglane i Noreg eller ein annan konvensjonsstat som skal nyttast.