Prop. 167 S (2012–2013)

Endringar i “Regulativ for tillegg mv. til utskrivne vernepliktige mannskap”

Til innhaldsliste

4 Vurderingar

Departementet meiner det er naturleg og rimeleg at det óg i år blir gitt ei regulering som for lågaste begynnarløn for vaksen, ufaglært arbeidskraft i staten. Etter ei samla vurdering er Forsvarsdepartementet kome fram til at utskrivne vernepliktige bør få ei regulering på avrunda 1,5 prosent med verknad frå 1. juli 2013.

Visekorporalar og korporalar har hatt likt tillegg frå visekorporalstillegget på nytt vart innført i 2010. I samsvar med vanleg praksis i Forsvaret, ønskjer Forsvarsdepartementet å differensiere tillegget mellom visekorporal og korporal. I årets regulering har Forsvarsdepartementet, som eit første skritt, difor nytta midlane sett av til visekorporalar og korporalar, til berre å auke korporalstillegget. Visekorporalstillegget er difor uendra i reguleringa i år.