Prop. 179 S (2012–2013)

Samtykke til ratifikasjon av internasjonal konvensjon mot kjernefysisk terrorisme av 13. april 2005

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for konvensjonen

At atomvåpen skal kunne kome på avvegar og falle i hendene til terroristar, har vore eit skrekkscenario som òg vart meir aktuelt då jernteppet falt. På dette tidspunktet avgrensa det internasjonale regelverket seg til konvensjonen om fysisk vern av nukleært materiale (1980), som berre gjaldt vern av nukleært materiale for fredelege føremål og ikkje til militære føremål.

FNs generalforsamling oppretta i 1996 ein ad hoc-komité med mandat til å vidareutvikle rammeverket for å kjempe mot terrorisme. I 1998 innleia komiteen forhandlingar om ein internasjonal konvensjon for nedkjemping av kjernefysisk terrorisme. Konvensjonen vart samrøystes vedteken 13. april 2005 av FNs generalforsamling, sju år etter at Russland la fram eit framlegg til ein konvensjon. Konvensjonen er den første terrorismekonvensjonen FN har vedteke sidan 11. september 2001, og den tredje etter at ad hoc-komiteen vart etablert.

Frå norsk side har vi lagt stor vekt på å bidra til å styrkje det internasjonale samarbeidet om nedkjemping av internasjonal terrorisme. Konvensjonen om kjernefysisk terrorisme er viktig både i det internasjonale antiterrorarbeidet og i eit ikkje-spreiingsperspektiv. Noreg har støtta prosessen for framforhandling av konvensjonen, og Utanriksdepartementet meiner at det er svært viktig at konvensjonen er vedteken for å få eit meir komplett rammeverk for å nedkjempe terrorisme. Departementet legg særleg vekt på dei alvorlege konsekvensane terrorhandlingar kan få ved bruk av kjernefysiske våpen eller materiale. Noreg har lenge samarbeida med EU, Russland og USA om å få kjernefysisk materiale i Nordvest-Russland under kontroll.

Under det første toppmøtet om kjernefysisk tryggleik i Washington 2010, der statsminister Stoltenberg deltok som ein av 47 statsleiarar og regjeringssjefar, vart konvensjonen trekt fram som eit svært viktig virkemiddel, og i sluttkommunikeet frå toppmøtet vert han omtalt som eit «essential element of the global nuclear security architecture». Alle land forplikta seg politisk til å oppnå universell oppslutning om konvensjonen så fort som råd.

2.1 Nærare om dei enkelte punkta i konvensjonen

I fortalen uttrykkjer partane at dei er djupt uroa over den aukande terrorismen i alle former. Det vert særleg peika på at kjernefysisk terrorisme har dei mest alvorlege konsekvensane og representerer ein trussel mot internasjonal fred og tryggleik. Det er difor viktig at statane vedtek effektive og praktiske verkemiddel for å hindre slik terrorisme og for å straffe terroristane.

Artikkel 1 definerer visse omgrep slik dei er brukte i konvensjonen.

Artikkel 2 nr. 1 og 2 gjer greie for kva som utgjer lovbrot som denne konvensjonen skal regulere.

Nr. 1 bokstav a) rammar den som innehar radioaktivt materiale eller lagar kjernefysiske innretningar med det føremålet å forårsake død eller alvorleg skade på person, eigedom eller miljø. Nr. 1 bokstav b) rammar den som brukar radioaktivt materiale eller kjernefysiske innretningar eller skadar eit kjernefysisk anlegg på ein slik måte at det skjer radioaktive utslepp, med det føremålet å forårsake død eller alvorleg skade på person, eigedom eller miljø. Konvensjonen krev i tillegg kriminalisering av bruk av radioaktivt materiale eller kjernefysiske innretningar til å true ein person, stat eller organisasjon til å gjennomføre eller avstå frå handlingar. Konvensjonen omfattar òg forsøk på å gjennomføre ei straffbar handling og fleire former for medverknad. Eit lovbrot kan òg gjerast av ei gruppe menneske som handlar ut frå den same målsetjinga.

Artikkel 3 fastset at konvensjonen ikkje skal gjelde i dei tilfella der lovbrotet må reknast som gjennomført i berre éin stat og berre av statsborgarar i denne staten, som òg held til der, og der ingen annan stat har grunnlag for jurisdiksjon etter art. 9 nr. 1 eller nr. 2.

Artikkel 4 regulerer forholdet til andre internasjonale avtalar og konvensjonar. Det vert presisert at konvensjonen ikkje skal setje til side rettane eller pliktane statane eller individa har etter folkeretten elles. Bruk av militær makt i væpna konfliktar fell utanfor verkeområdet til konvensjonen. Det vert òg understreka at konvensjonen ikkje tek sikte på å regulere spørsmålet om det er lovleg å bruke eller true med å bruke kjernefysiske våpen i samband med ein væpna konflikt.

Artikkel 5 krev at partane gjennomfører nødvendig tiltak for å gjere lovbrot mot konvensjonen, som omtalt i artikkel 2, straffbare etter nasjonal rett, og at desse straffeboda skal ha passande strafferammer som tek omsyn til at det gjeld alvorlege lovbrot.

Artikkel 6 krev at nasjonal rett ikkje må gjere lovbrot mot konvensjonen rettmessige eller unnskyldelege fordi dei er gjennomførte ut frå politiske, filosofiske, ideologiske, religiøse eller liknande motiv, eller ut frå motiv som har å gjere med rase, etnisk opphav eller liknande.

Artikkel 7 gjev føresegner om samarbeidsplikta til statspartane. Konvensjonen pålegg partane å samarbeide om tiltak for å forhindre at det vert gjennomført lovbrot etter artikkel 2. Dersom det er nødvendig, krevst det òg at det vert gjennomført lovendringar for å forhindre slike lovbrot. Det vert lagt vekt på verdien av informasjonsutveksling og av at medlemsstatane behandlar informasjonen så fortruleg som fastsett i nasjonal rett. Ein stat pliktar likevel ikkje å gje ut informasjon som er underlagt teieplikt etter nasjonal rett. Dersom det vert oppdaga brot på artikkel 2, skal dette meldast til dei andre medlemslanda og eventuelt relevante internasjonale organisasjonar.

Artikkel 8 krev at medlemsstatane skal setje i verk alle nødvendige tiltak for å beskytte radioaktivt materiale som er i statens eigedom, for å forhindre brot på konvensjonen. Det skal takast omsyn til tilrådingar frå Det internasjonale atomenergibyrået (IAEA).

Artikkel 9 nr. 1 krev at partane skal gjere dei nødvendige tiltaka for å etablere domsmakt over lovbrot etter artikkel 2 når lovbrotet er gjort på territoriet til vedkomande stat, av statsborgar(ar) frå dette landet, eller når lovbrotet er gjort om bord i fartøy som fører flagget til vedkomande stat, eller fly som er registrerte under lovgjevinga til vedkomande stat på gjerningstidspunktet. Vidare får statane høve til å etablere domsmakt i ein del andre tilfelle, for eksempel basert på at lovbrotet har resultert i terrorverksemd mot vedkomande stat eller borgarane av denne staten, eller at handlinga er gjort av ein statslaus person med opphald i den aktuelle staten. Nr. 3 fastset at kvar stat skal melde frå til FNs generalsekretær om omfanget av nasjonal domsmakt. Nr. 4 skal sikre at gjerningspersonar anten vert utleverte til ein stat som har domsmakt, eller at staten sjølv innleier straffeforfølging. Nr. 5 presiserer at konvensjonen ikkje legg restriksjonar på utøving av domsmakt etter nasjonal rett.

Artikkel 10 fastset prinsippet om plikt til etterforsking med sikte på rettargang eller utlevering av mistenkte for lovbrota. Føresegna gjev nærare reglar om rettane til den som er sikta, og om informasjonen andre statar kan krevje.

Artikkel 11 krev at partane raskt behandlar saker som kjem inn under deira domsmakt.

Artikkel 12 krev at partane skal gje den sikta rettferdig behandling i samsvar med den interne retten i vedkomande stat og internasjonale menneskerettar.

Artikkel 13 fastset at lovbrota i samsvar med art. 2 skal reknast som lovbrot som gjev grunnlag for utlevering i alle utleveringsavtalar som eksisterer mellom partane, og at desse lovbrota skal takast inn i alle slike avtalar som vert inngådde seinare. Nr. 2 til 4 inneber at også konvensjonen sjølv kan vere grunnlag for utlevering i nærare fastsette tilfelle.

Artikkel 14 stiller krav til – og gjev reglar om – gjensidig hjelp i samband med etterforsking, rettargang eller utlevering på grunnlag av lovbrot i samsvar med art. 2.

Artikkel 15 forbyr partane å rubrisere lovbrot etter artikkel 2 som politiske og å avslå oppmodingar om bistand eller utlevering fordi det gjeld politiske lovbrot.

Artikkel 16 presiserer at konvensjonen ikkje hindrar ein stat i å nekte utlevering eller hjelp dersom han har gode grunnar til å tru at den sikta dermed i realiteten vil verte rettsforfølgd eller straffa på grunn av rase, religion, nasjonalitet, etnisk opphav eller politisk syn.

Artikkel 17 gjev reglar om at personer som vert haldne i forvaring eller soner straff i ein stat, kan overførast mellombels til ein annen stat for å vitne eller på anna vis bidra i etterforskinga eller rettargangen i samband med dei omhandla lovbrota.

Artikkel 18 nr. 1 gjev nærare føresegner om kva som skal gjerast med radioaktivt materiale eller kjernefysisk materiale eller kjernefysiske innretningar som ein stat har fått hand om på grunnlag av brot på artikkel 2. Det skal mellom anna setjast i verk tiltak for å uskadeleggjere det kjernefysiske materialet eller den kjernefysiske innretninga og sørgjast for at dette vert oppbevart i samsvar med tryggingsmessige standardar. Slikt radioaktivt eller kjernefysisk materiale eller slike innretningar kan berre nyttast til fredelege føremål.

Den staten som innehar radioaktivt materiale, kjernefysisk materiale eller kjernefysiske innretningar på grunnlag av brot på art. 2, skal returnere dette til den rettmessige staten, så framt ikkje nasjonal rett eller internasjonale forpliktingar forbyr landet å ta imot det, eller dersom det er gjeve samtykke om ikkje å returnere. I så fall skal den staten som innehar det radioaktive materialet eller det kjernefysiske materialet eller den kjernefysiske innretninga setje i verk dei tiltaka som er fastsette i nr. 1.

Artikkel 19 krev at når det er gjennomført ein nasjonal rettargang for dei omhandla lovbrota, skal utfallet av prosessen meldast til FNs generalsekretær, som skal informere dei andre konvensjonspartane.

Artikkel 20 slår fast at medlemsstatane skal hjelpe kvarandre med å sikre ei effektiv handheving av konvensjonen.

Artikkel 21 pålegg partane å oppfylle pliktene i konvensjonen med respekt for suvereniteten til andre statar og prinsippet om ikkje-innblanding i interne tilhøve.

Artikkel 22 presiserer at konvensjonen ikkje gjev en part rett til å utøve domsmakt på ein annan stats territorium eller funksjonar som er reservert styresmaktene i den andre staten.

Artikkel 23 føreskriv først forhandlingar, deretter skilsdom for tvisteløysing. Fråsegna gjev partane høve til å reservere seg mot tvisteløysing.

Artikkel 24 gjev reglar om underteikning, ratifikasjon og tiltreding. Konvensjonen er open for underteikning med etterfølgjande ratifikasjon, godkjenning eller godtaking.

Artikkel 25 fastset at konvensjonen skal tre i kraft den 30. dagen etter at konvensjonen er ratifisert eller godkjend av 22 partar.

Artikkel 26 gjer greie for vilkåra og framgangsmåten for å endre konvensjonen. Ei endring av konvensjonen må vedtakast med 2/3 fleirtal.

Artikkel 27 regulerer høvet partane har til å seie opp konvensjonen. Alle partar kan seie opp konvensjonen. Den vil då slutte å gjelde for vedkomande part eitt år etter at meldinga er motteken.

Artikkel 28 reknar opp dei gyldige språka for konvensjonen og føreskriv at han skal deponerast hos FNs generalsekretær som er depositar for konvensjonen.