Prop. 179 S (2012–2013)

Samtykke til ratifikasjon av internasjonal konvensjon mot kjernefysisk terrorisme av 13. april 2005

Til innhaldsliste

3 Gjennomføring av konvensjonen i norsk rett

Kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen var opphavleg gjennomførte i straffelova 2005 § 142 om ulovleg omgang med farleg materiale mv. Straffelova 2005 er ikkje tredd i kraft fordi det må etablerast eit nytt straffesakssystem i politiet.

Ved lov av 22. juni 2012 nr. 49 vart straffelova frå 22. mai 1902 § 152 a endra i samsvar med straffelova av 20. mai 2005 nr. 28. Det vart òg gjort enkelte tilpassingar for å tydeleggjere gjennomføringa av konvensjonsforpliktingane. I desse tilfella vart det gjort tilsvarande endringar i straffelova 2005 § 142, slik at ordlyden i dei to lovene er likelydande.

Artikkel 5 i konvensjonen pålegg partane å kriminalisere handlingane det er gjort greie for i artikkel 2. Kriminaliseringsforpliktingane er nærare omtalte i Ot.prp. nr. 8 (2007-2008) s. 379 flg. Etter endringane som vart gjorde ved lova om endringar i straffelova 1902 mv. (straffebod mot kjernefysisk terrorisme mv.), oppfyller begge straffelovene kriminaliseringsforpliktingane i konvensjonen fullt ut, og det vert ikkje vurdert som nødvendig med ytterlegare lovendringar.

Forslaget til straffelova 2005 § 142 var på høyring då eit forslag om kapittel 18 i straffelova 2005 om terrorhandlingar og terrorrelaterte handlingar vart sendt på høyring i 2007, sjå Ot.prp. nr. 8 (2007–2008) punkt 8.2 side 155–156 for meir informasjon. Då straffelova 1902 vart endra for å reflektere straffelova 2005 § 142, vart det vurdert som openbart unødvendig med ei ny høyring ettersom det gjeld «eit forslag som i realiteten inneber å setja i kraft ei lovendring som allereie er vedteken med nokre mindre justeringar», jf. Prop. 96 L (2011–2012). Det vert ikkje vurdert som nødvendig å sende proposisjon om samtykke til ratifikasjon av internasjonal konvensjon mot kjernefysisk terrorisme frå 13. april 2005 på høyring.