Prop. 194 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark

Til innhaldsliste

2 Omtale av utbygginga

2.1 Dagens situasjon og prosjektomtale

E134 utgjer eit viktig vegsamband mellom Austlandet og Vestlandet og regionalt og lokalt i Telemark, med stort innslag av næringstransport. Strekninga mellom Seljord og Åmot er om lag 50 km og har gjennomgåande låg standard prega av forfall, med mellom anna dårleg bereevne, kantsvikt, dårlege grøfter, ujevnt dekke, spor og telehiv. Fleire av bruene er i dårleg stand. Det er stadvis dårleg horisontal- og vertikalkurvatur, standardsprang og avkøyrsler med dårleg sikt. Vegbreidda varierer mellom 6,5 m og 7,5 m og det manglar stadvis gul midtstripe. Det er fleire problematiske stigningar for tunge køyretøy, noko som tidvis gir kødanning og farlege trafikksituasjonar. Kvar vinter er det situasjonar der vogntog køyrer seg fast og må bergast. Årsdøgntrafikken er om lag 3 700 køyretøy mellom Seljord og Brunkeberg, men avtek til om lag 1 600 køyretøy lengst vest på parsellen. Fartsgrensa er i dag hovudsakleg 80 km/t, med 60 km/t i område med tettare busetnad. I perioden 2003–2012 var det i alt 35 ulykker med personskade på strekninga. I alt blei 4 personar hardt skadde og 31 personar lettare skadde.

Det er lagt opp til å utbetre til saman 9,4 km veg i eksisterande trase mellom Seljord og Åmot, fordelt på følgjande fire delstrekningar, sjå fig. 2.1:

  • Seljord – Ordal (5,3 km)

  • Libergbakkane (0,7 km)

  • Rudsbakkane (1,2 km)

  • Raudå bru – Åmot (2,2 km)

Det er lagt til grunn utbetring i samsvar med vegnormalen for utbetringsstrekningar. Delstrekningane vil mellom anna få gul midtstripe og vegbreidde 8,5 m, betre horisontal- og vertikalkurvatur, betre bereevne og sikrare avkøyringar. Nesten heile strekninga mellom Seljord og Åmot vil få gul midtstripe og jamn og god standard etter utbetringa, noko som vil bidra til betre framkomst og trafikktryggleik.

Det ligg føre godkjende reguleringsplanar for alle fire delstrekningane. Det er lagt til grunn ein samla kostnad for utbetring av dei fire delstrekningane på 315 millionar 2013-kroner. Auka meirverdiavgift som følgje av bortfall av vegfritaket frå 1. januar 2013 er inkludert. I kostnaden inngår om lag 9 mill. kr som bompengeselskapet E134 og Rv36 Telemark AS, har forskottert til reguleringsplanlegging i 2010–2012 og 3 mill. kr til etablering av ein automatisk bomstasjon. Bompengeselskapet E134 og Rv36 Telemark AS er eigd av Telemark fylkeskommune og kommunane Nome, Sauherad, Bø, Seljord, Kviteseid, Tokke, Vinje og Hjartdal.

Samfunnsøkonomisk netto nytte for utbygginga er rekna til om lag 82 mill. kr. Netto nytte over totale kostnader er rekna til 0,2.

Figur 2.1 Utbetringsstrekningar på E134 og plassering av bomstasjonen Seljord – Åmot

Figur 2.1 Utbetringsstrekningar på E134 og plassering av bomstasjonen Seljord – Åmot