Prop. 194 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Statens vegvesen har gjennomført vurderingar av korleis bompengeinnkrevjinga vil påverke trafikken gjennom den planlagde bomstasjonen. Trafikkanalysen er basert på bruk av Regional transportmodell (RTM) med tilleggsvurderingar basert på trafikkteljing på dagens veg. Det er nytta elastisitetsmodell til vurdering av korleis ulike takstar vil påverke trafikkutviklinga.

Årsdøgntrafikken (ÅDT) er i dag på om lag 3 700 køyretøy, med 16 pst. tunge køyretøy. Med dei takstane som det er gjort framlegg om, er det rekna med ein ÅDT på om lag 3 300 køyretøy gjennom bomstasjonssnittet i samanlikningsåret 2013. Bompengeinnkrevjinga er følgjeleg rekna til å gi ein reduksjon i trafikken på om lag 10 pst. Det er ikkje lagt til grunn trafikkoverføring til andre vegruter, då desse er lite aktuelle som alternativ.

For framtidig trafikkutvikling er trafikkprognosane som er utarbeidde for Telemark i samband med arbeidet med Nasjonal transportplan 2014–2023 lagt til grunn, med ein gjennomsnittleg årleg vekst på 1,1 pst. i perioden 2010–2013, 0,8 pst. i perioden 2014–2019, 0,9 pst. i perioden 2020–2029 og 0,7 pst. etter 2029. På bakgrunn av dette er det lagt til grunn ein generell trafikkvekst i bompengeperioden på i gjennomsnitt 0,8 pst. pr. år.