Prop. 194 S (2012–2013)

Utbygging og finansiering av E134 på strekninga Seljord – Åmot i kommunane Seljord, Kviteseid, Tokke og Vinje i Telemark

Til innhaldsliste

6 Garanti

Det er lagt opp til at bompengeselskapet «E134 og Rv36 Telemark AS» skal ta opp lån for å finansiera utbygginga. Lokale styresmakter har ikkje fatta vedtak om lånegaranti. Samferdselsdepartementet er orientert om at Telemark fylkeskommune arbeider for å stille garanti hausten 2013 for lån som bompengeselskapet «E134 og Rv36 Telemark AS» er føresett å ta opp for å finansiera utbygginga. Departementet føreset at lokale styresmakter vedtek ein lånegaranti for bompengeselskapet før låneopptak.