Prop. 197 S (2012–2013)

Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland

Til innhaldsliste

3 Trafikk- og inntektsgrunnlag

Trafikkgrunnlaget som er lagt til grunn i bompengesøknaden er rekna ut på grunnlag av den regionale transportmodellen (RTM) og ein tilleggsanalyse. Tilleggsanalysen tek utgangspunkt i trafikkteljingar på dagens vegnett der bomstasjonane vil stå, jf. kap 5. I 2011 blei det registrert ein årsdøgntrafikk på 44 800 kjøretøy som passerte dei fire bomstasjonssnitta (begge retningar), jf. alternativ 3 som er lagt til grunn i kap. 5. Det er rekna med ein reduksjon av trafikken på 10 pst. grunna innføring av bompengeinnkrevjing. I innkrevjingsretninga er trafikken etter dette vurdert til 20 565 kjøretøy (ÅDT) i referanseåret 2011.

Det er venta ein årleg trafikkvekst på 2,0 pst. fram til 2020, og deretter ein årleg vekst på 1,5 pst. Dette er noko høgare enn fylkesprognosane for Hordaland som blei utarbeidde i samband med Nasjonal transportplan 2014–2023. Her er lagt til grunn 1,9 pst. for perioden 2010–2014, 1,5 pst. for perioden 2014–2020, 1,4 pst. for perioden 2020–2030 og 1,0 pst. for perioden 2030 til 2040. I Askøy kommune er det venta ein vekst i folketalet på 2 – 3 pst. pr. år, som er noko høgare enn gjennomsnittet for fylket.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikkgrunnlaget og føresetnadene for finansieringsopplegget. Konsulenten peiker m.a. på at investeringsperioden burde vore lengre for å redusera behovet for låneopptak. Med dei føresetnadene som er lagt for Askøypakka, meiner konsulenten at finansieringa av pakka står fram som sunn. Ein viktig føresetnad for denne vurderinga er 10 år utan nye investeringar etter at investeringane i pakka er gjennomført. Denne vurdringa er basert på ein utbyggingsperiode på om lag 5 år. Konsulenten peikar vidare på at prosjekta i Askøypakken bør bli vekta for å sikra at dei riktige prosjekta blir realisert.

Samferdselsdepartementet meiner at styringsgruppa bør foreta ei konkret prioritering av prosjekta før utbyggingsprosjekt blir satt i gang. Det er i all hovudsak semje mellom konsulenten og Statens vegvesen om føresetnadene for trafikkgrunnlaget og bompengeinntektene.