Prop. 197 S (2012–2013)

Delvis bompengefinansiering av Askøypakken i Hordaland

Til innhaldsliste

6 Garantiar

Det er lagt opp til at bompengeselskapet «Askøy Bompengeselskap AS» skal ta opp lån for å finansiera utbyggingane. Lokale styresmakter har ikkje fatta vedtak om lånegaranti. Samferdselsdepartementet er orientert om at Hordaland fylkeskommune arbeider for å stille garanti hausten 2013 for lån som bompengeselskapet «Askøy Bompengeselskap AS» er føreset å ta opp for å finansiera utbyggingane. Departementet føreset at lokale styresmakter vedtek ein lånegaranti for bompengeselskapet før låneopptak.