Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

2 Auka bidragsforskott for mottakarar med låg inntekt og barn over 11 år – forskotteringslova § 5

2.1 Gjeldande rett – bakgrunn

Barn under 18 år som ikkje bur saman med begge foreldra, har rett til bidragsforskott etter reglane i lov 17. februar 1989 nr. 2. Forskotteringa skal sikre at barn busette i Noreg får eit visst beløp til underhald i saker der foreldra ikkje bur saman. Forskottet er subsidiært i høve til barnebidrag frå den bidragspliktige. Staten skal ha refusjon i bidrag frå bidragspliktige, og forskottet vert berre utbetalt når bidraget er lågare enn forskottet eller ikkje vert betalt til rett tid. Det er difor eit vilkår for ytinga at det så langt mogleg vert fastsett eit bidrag i saka og at bidraget i tilfelle vert innkravd gjennom det offentlege for å sikre refusjonskravet for det offentlege.

Forskottet vert utbetalt til den som har den faktiske omsorga for barnet. Forskottsbeløpet vert fastsett av departementet og utgjer frå 1. juli 2013 1 080 kroner per barn per månad. Forskottet er inntektsprøvd, og forskottssatsen kan – alt etter mottakaren si inntekt – bli sett opp eller ned med ei tredjedel av normalsatsen. Høgaste satsen utgjer 1 440 kroner, medan redusert sats utgjer 720 kroner per månad per barn. Retten til forskott fell bort dersom mottakaren har ei årleg inntekt på meir enn 320 gonger fullt bidragsforskott per barn per månad (no 460 800 kroner).

Forskott vert utbetalt med eitt og same beløpet utan omsyn til alderen til barnet. Ved fastsetjinga av bidrag tek ein derimot omsyn til at kostnadene knytte til underhald av barnet er størst for dei eldste barna. I Stortingsmelding nr. 19 (2006 – 2007) om evaluering av den nye bidragsordninga vart det gjort framlegg om å auke forskottssatsane for dei eldste barna, slik at forskotteringa i noka mon skulle spegle av dei ulike kostnadene. Etter forslaget skulle forskottet for alle barn som har fylt 11 år auke med ein tredel av normalsatsen. Eit samla Storting slutta seg til dette.

2.2 Departementet si vurdering og forslag

Ved budsjettforslaga for dei einskilde åra har ein prioritert å følgje opp andre forslag frå St.meld. nr. 19 (2006–2007). Mellom anna vart inntektsgrensa for å få høgaste forskottssats auka monaleg frå 1. mai 2011. Frå same datoen vart også grensa for å bli friteken for gebyr i saker om fastsetjing eller endring av bidrag auka, slik at dei to grensene utgjer det same beløpet. Ved prioriteringa har ein lagt vekt på å betre økonomien for dei einslege forsørgjarane med lågast inntekt.

I tråd med dette finn departementet at forslaget frå stortingsmeldinga om auka forskott for barn som har fylt 11 år nå bør følgjast opp, men avgrensa til barn av einslege forsørgjarar som får forskott med den høgaste satsen. Forslaget i stortingsmeldinga omfatta derimot alle barn over 11 år som får forskott, dvs. også saker med ordinær eller redusert stønadssats. Ved den prioriteringa som no er gjort, er det lagt vekt på å sikre dei som treng det mest og dermed betre økonomien til dei einslege forsørgarane med lågast inntekt. Grensa for å få forskott med høgaste sats er fastsett i forskotteringslova § 5 første leddet tredje punktumet:

”Forhøyet forskott ytes dersom mottakeren ikke ville ha hatt bidragsevne etter barnelova § 71 første ledd andre punktum vurdert som enslig uten barn.”

Frå 1. juli 2013 utgjer denne grensa 235 100 kroner. Departementet foreslår at satsen vert auka med ein tredel av normalsatsen for forskott (frå 1. juli 2013 1 080 kroner). Dette er den same satsauken som ein gjekk inn for i stortingsmeldinga. Satsauken vert difor 360 kroner i månaden, eller 4 320 kroner i året, per barn som har fylt 11 år. Som nemnd i punkt 2.1, er bakgrunnen for forslaget at barn vert dyrare å forsørgje etter kvart som dei blir eldre. Ved at satsauken vert avgrensa til barna med maksimal forskottssats, går auken berre til dei einslege forsørgjarane med dei lågaste inntektene og er såleis eit klårt tiltak mot fattigdom.

Departementet foreslår at reglane om auka sats vert innarbeidde i forskotteringslova § 5 som eit nytt andre ledd. Noverande andre og tredje leddet vert då nytt tredje og fjerde ledd.

I samband med denne endringa foreslår ein også ei justering i forskotteringslova § 4 tredje leddet første punktumet, som seier at retten til forskott fell bort når mottakaren har ei inntekt som utgjer 320 gonger fullt bidragsforskott per barn per månad. I forskrifta om gjennomføring av reglane om inntektsprøving av forskottet er ”fullt bidragsforskott” definert som den auka satsen for mottakarane med dei lågaste inntektene (”forhøyet forskott”). Av informative omsyn bør grensa gå klårt fram av lova, slik at grensa skal vere 320 gonger ”forhøyet forskott etter § 5 første ledd tredje punktum”. Tillegget som desse mottakarane vil få etter forslaget til nytt andre ledd i forskotteringslova § 5, skal ikkje reknast med her.

Etter § 6 tredje leddet kan eit barn som bur for seg sjølv setje fram krav om forskott og få det utbetalt til seg. Barnet kan få forskott på bidrag frå kvar av foreldra. Forskottet skal etter lova svare til ”fullt forskott”. Satsauken for barn som har fylt 11 år bør få verknad også i desse sakene. Departementet foreslår at paragrafen vert endra, slik at forskottet her skal svare til ”forhøyet forskott etter § 5 første og andre ledd”.

Ein viser til lovforslaget.

2.3 Ikraftsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

2.3.1 Ikraftsetjing

Departementet foreslår at lovendringane skal gjelde frå 1. juli 2014, mellom anna for å gje tid til tilpassingar i IKT-systema. Det er ikkje behov for overgangsreglar. Den auka satsen for barn som har fylt 11 år får utan vidare verknad for saker der forskott er innvilga med verknad for tidsrom før denne datoen.

2.3.2 Økonomiske konsekvensar

Det er om lag 16 500 barn over 11 år som vil kunne få auka forskott etter endringa. I kva mon dei faktisk vil få auka utbetalingar på grunn av endringa, er avhengig av storleiken på det eventuelle barnebidraget frå bidragspliktige og av om bidraget vert betalt til rett tid. I nokre tilfelle er forskottet høgare enn bidraget, og differansen vil då bli utbetalt kvar månad. Dersom bidraget ikkje vert betalt til rett tid, dersom det ikkje er nokon bidragspliktig eller dersom bidraget er sett til null på grunn av manglande økonomisk evne hos bidragspliktige, vil heile forskottsbeløpet bli utbetalt.

Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekna at forslaget vil føre til ei meirutbetaling av forskott på 48 millionar kroner på årsbasis. Meirutgifta i 2014 vert då 24 millionar kroner. Av dette reknar ein med at 20 millionar kroner på årsbasis, 10 millionar kroner i 2014, vil bli dekt inn ved refusjon frå bidragspliktige. Nettoutgifta vert då 28 millionar på årsbasis, og 14 millionar kroner i 2014. Dette er innarbeidd i budsjettforslaget for 2014.

2.3.3 Administrative konsekvensar

Den auka satsen for mottakarar med inntekt under 235 101 kroner og barn som har fylt 11 år, gjer det naudsynt med endringar i IKT-systema, slik at påslaget kan bli implementert maskinelt. Dette vil innebere meirarbeid for Arbeids- og velferdsetaten i 2014.

Til forsida