Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

3 Unntak frå medlemskap i folketrygda for norske statsborgarar som arbeider for internasjonale organisasjonar i Noreg – folketrygdlova § 2-11

3.1 Gjeldande rett – bakgrunn

Etter folketrygdlova § 2-11 første leddet skal utanlandske statsborgarar som er diplomatar eller arbeider i ”mellomfolkelige organisasjoner” i Noreg ikkje vere med i folketrygda. Dette er eit unntak frå reglane om medlemskap i trygda på grunn av busetting eller arbeid i riket (§§ 2-1 og 2-2).

Det er fram til no lagt til grunn i praksis at norske statsborgarar som arbeider for internasjonale organisasjonar i Noreg skal reknast som pliktige medlemar i folketrygda, og at det skal betalast arbeidsgjevaravgift og trygdeavgift etter dei vanlege reglane om dette.

I brev 17. juni 2011 til Utanriksdepartementet hevda Dei sameinte nasjonane (FN) at norske statsborgarar som er arbeidstakarar ved Oslo-senteret til UNDP, ikkje kan påleggjast trygdeavgift på grunn av FN-konvensjonen frå 13. februar 1946 om immunitet for FN og arbeidstakarar i FN. Immuniteten omfattar også arbeidsgjevaravgift av lønnsutbetalingane til arbeidstakarane. Det vart mellom anna vist til at FN har si eiga trygdeordning, som arbeidstakarane må betale avgifter til. Avgiftsimmuniteten vart rekna å omfatte ”all members of the staff of the United Nations, with the exception of those who are recruited locally and assigned to hourly rates”.

Utanriksdepartementet har slutta seg til vurderinga i brevet frå FN. Utanriksdepartementet meiner at den manglande plikten til å betale avgifter også må føre med seg at dei norske statsborgarane som er arbeidstakarar hos FN ikkje får pliktig medlemskap i folketrygda, og ber i brev 10. juni 2012 til NAV Internasjonalt om at vedtaka om medlemskap i folketrygda vert gjort om.

Spørsmålet er også vurdert av Skattedirektoratet, som legg til grunn at inntekta til dei aktuelle arbeidstakarane må reknast som skattefri arbeidsinntekt etter skattelova § 5-15 første leddet bokstav c, dvs. lønn eller anna inntekt som ikkje skal skattleggjast som følgje av ein gjensidig overeinskomst med heimel i lova om immunitet og privilegium for internasjonale organisasjonar mm. Inntekta kan såleis ikkje reknast som personinntekt etter § 12-2 i skattelova og skal ikkje leggjast til grunn for betaling av trygdeavgift, jf. folketrygdlova § 23-3.

3.2 Departementet si vurdering og forslag

Det må leggjast til grunn at det ikkje er høve til å krevje trygdeavgift eller arbeidsgjevaravgift av lønn til norske statsborgarar som arbeider ved Oslo-senteret til UNDP, jf. vurderingane i Utanriksdepartementet og Skattedirektoratet. Dette inneber samtidig at eit grunnleggjande vilkår for medlemskap i folketrygda ikkje er oppfylt. Den manglande avgiftsplikta fører mellom anna til at ein ikkje kan gje pensjonsopptening på grunnlag av arbeidsinntekta. Reelle omsyn talar difor mot pliktig medlemskap i trygda.

Departementet finn etter dette at dei nemnde arbeidstakarane hos FN ikkje kan reknast som medlemar i folketrygda etter gjeldande reglar, og har bedt Arbeids- og velferdsdirektoratet om å leggje om praksis i tråd med dette. Løysinga er også i tråd med ønsket hos dei det gjeld.

Samtidig er det klårt at norske statsborgarar i FN-verksemd i Noreg er i arbeid her og normalt er busette her, slik at dei i utgangspunktet går inn under dei vanlege reglane i folketrygdlova §§ 2-1 og 2-2 om pliktig medlemskap i trygda ved busetting eller arbeid i riket. Lova bør difor endrast, slik at unntaket frå pliktig medlemskap går direkte fram av føresegnene. Dette kan gjerast ved å ta inn eit nytt andre ledd i folketrygdlova § 2-11 om at unntaket frå medlemskap etter første leddet (utanlandske statsborgarar som er diplomatar eller arbeider for en mellomfolkeleg organisasjon) skal gjelde også for norske statsborgarar som er arbeidstakarar ved eit organ som ein mellomfolkeleg organisasjon har etablert i Noreg. Dette vil gjelde også ved arbeid for eventuelle andre internasjonale organisasjonar enn FN.

Unntaket frå medlemskap i trygda bør berre gjelde dersom og så langt ei slik ordning følgjer av ei folkerettsleg avtale som gjeld for Noreg. Til dømes gjeld skatte- og avgiftsimmuniteten for FN-personell ikkje for personar som er tilsette lokalt og vert lønna på timebasis (”recruited locally and assigned to hourly rates”), og denne gruppa vil då bli rekna som medlemar i folketrygda dersom dei vanlege vilkåra for dette er oppfylte.

I folketrygdlova § 2-11 andre leddet vert unntaket frå medlemskap i trygda for utanlandske diplomatar og tilsette ved mellomfolkelege organisasjonar utvida til ektemake og barn, med mindre dei er norske statsborgarar eller forsørgjer seg sjølve ved eige arbeid. Det synest ikkje grunn til å etablere eit tilsvarande unntak for ektemake og barn til norske statsborgarar som ikkje skal vere medlemar etter forslaget til nytt tredje ledd i paragrafen. I forslaget vert det difor ikkje vist til regelen om ektemake og barn. Medlemskap for familiemedlemane må såleis vurderast ut frå dei vanlege reglane, og unntaket frå pliktig medlemskap vert eit personleg unntak for den FN-tilsette sjølv.

Ein viser til forslaget til endringar i folketrygdlova § 2-11 og til merknadene til desse endringane.

3.3 Ikrafttsetjing. Økonomiske og administrative konsekvensar

Departementet foreslår at lovendringane trer i kraft straks. Endringane gjeld eit fåtal personar og må som nemnd reknast å vere i samsvar med gjeldande rett. Dei vil ikkje verke inn på utgiftene eller inntektene til folketrygda, og det er ikkje naudsynt med overgangsreglar. Administrativt er det ein fordel at reglane vil gå klårt fram av lova.

Til forsida