Prop. 198 L (2012–2013)

Endringar i forskotteringsloven, folketrygdloven og arbeidsmiljøloven (samleproposisjon hausten 2013)

Til innhaldsliste

7 Merknader til dei einskilde paragrafane

7.1 Merknader til endringane i forskotteringslova

Til § 4 tredje leddet

Endringane inneber ei presisering av grensa for bortfall av retten til forskott. Slik føresegna lyder i dag, fell forskottsretten bort når mottakaren har ei inntekt høgare enn 320 gonger fullt forskott. I forskrift etter lova er ”fullt forskott” presisert til 320 gonger ”forhøyet forskott”, dvs. forskott etter lova § 5 første leddet tredje punktumet. Etter endringsforslaget vil dette gå direkte fram av lova.

Til § 5

Nytt andre ledd inneber at mottakarane av forskott med auka sats (”forhøyet forskott”) får eit tillegg for kvart barn over 11 år som dei forsørgjer. Tillegget skal svare til ein tredel av normalsatsen. Som følgje av det nye andre leddet, vert noverande andre og tredje ledd nye tredje og fjerde ledd.

Til § 6 tredje leddet

Barn som bur for seg sjølv, kan få forskott på bidrag frå kvar av foreldra. Etter endringa skal forskottet i slike tilfelle svare til ”forhøyet forskott etter § 5 første og andre ledd”, slik at satsauken for barn over 11 år også får verknad for desse barna.

7.2 Merknader til endringane i folketrygdlova

Til § 2-11

Nytt tredje ledd i paragrafen slår fast at norske statsborgarar som arbeider for en internasjonal organisasjon i Noreg, ikkje skal vere med i folketrygda. Vilkåret er at grunnlaget for dette følgjer av ein internasjonal overeinskomst som er bindande for Noreg. Eit slikt grunnlag vil i regelen vere at overeinskomsten gjer unntak frå plikta til å betale trygdeavgift og arbeidsgjevaravgift av lønna til arbeidstakaren. Eit slikt grunnlag er til stades for tilsette ved Oslo-senteret til UNDP, men ikkje når arbeidstakaren er tilsett lokalt og vert lønna på timebasis. Departementet er ikkje kjent med at unntak i praksis er aktuelt for tilsette i andre organisasjonar enn FN.

Andre leddet i paragrafen gjeld ektemake og barn til utanlandske diplomatar og tilsette ved internasjonale organisasjonar, dvs. personar som har unntak frå trygda etter første leddet i paragrafen. Ektemake og barn til desse personane skal i utgangspunktet heller ikkje vere med i trygda. Denne føresegna vert ikkje gjort gjeldande for ektemake og barn til norske statsborgarar som får unntak frå trygda etter forslaget til nytt tredje ledd. Trygdetilhøva for familiemedlemane vil såleis følgje dei vanlege reglane i lova.

Til § 15-6 åttande leddet

Åttande ledd vert oppheva som følgje av at ordninga med brukarkontakt blir avvikla. Noverande niande leddet vert då nytt åttande ledd.

Til § 15-7

Stønaden vert auka for å kompensere for endringar i skattereglane.

Til § 15-8 første leddet

Endringa inneber at noverande bokstav e vert oppheva som følgje av at ordninga med brukarkontakt blir avvikla.

Til § 15-9 andre leddet

For at dei som har arbeid ved sidan av overgangsstønaden skal komme om lag likt ut etter endringa i nivået på stønaden, vert avkortingsreglane endra slik at overgangsstønaden skal reduserast med 47,2 øre for kvar krone den einslege mora eller faren tener ut over 0,5G.

Til § 15-12 femte leddet

Femte ledd vert oppheva som følgje av at ordninga med brukarkontakt blir avvikla. Noverande sjette leddet vert då nytt femte ledd.

7.3 Merknader til endringane i arbeidsmiljølova

Til § 7-1 tredje leddet

Endringa inneber at første punktumet vert oppheva som følgje av at rapporteringsplikta ved oppretting av arbeidsmiljøutval fell bort.

Til forsida