Prop. 205 L (2012–2013)

Endringar i pengespilloven (endring av tippenøkkelen m.m.)

Til innhaldsliste

3 Høyring

3.1 Høyring av endringa av tippenøkkelen

Endringa av tippenøkkelen har ikkje vore på høyring. Departementet vurderer ei høyring som openbert unødvendig i og med at endringa blir fastsett av Stortinget i samband med statsbudsjettet. Vidare er det berre staten som vil lide økonomisk tap som følgje av dei foreslåtte endringane. Organisasjonane og laga som mottek spelemiddel i dag vil anten stå uforandra eller nyte godt av økte overføringar frå tippenøkkelen samanlikna med gjeldande fordelingsnøkkel.

3.2 Høyring av fordeling av overskotet frå spelet Nabolaget

Departementets forslag

Departementet la spørsmålet om fordeling av overskotet frå spelet Nabolaget i ein overgangsperiode ut på høyring 30. april 2013 som ledd i ei høyring av andre endringar i fordelinga av tilskot til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar. Forslaget vart sendt til alle relevante høyringsinstansar, totalt om lag 430. Departementets forslag inneber at halvparten av overskotet frå spelet Nabolaget i overgangsperioden frå 2014 til 2017 skal gå til 10H og at den andre halvparten skal gå til organisasjonar som ikkje mottar spelemiddel i dag, men som vil oppfylle dei nye vilkåra for å kunne få spelemiddel.

Merknader frå høyringsinstansane

10H støttar i sitt høyringssvar at spelet Nabolaget bli øyremerkt dei samfunnsnyttige og humanitære organisasjonane, men ønskjer at dette skal bli ei permanent løysing. Desse organisasjonane støttar også ei fordeling der halvparten av overskotet frå spelet går til organisasjonane i 10H og halvparten til organisasjonar som blir fasa inn i ordninga som ein konsekvens av nye vilkår for ordninga.

Norske kvinners sanitetsforening, Hørselshemmedes landsforbund, Diabetesforbundet, Astma- og allergiforbundet, Norsk Epilepsiforbund, Norsk revmatikerforbund, MS-forbundet, Foreningen for hjertesyke barn, ADHD Norge, Norges Parkinsonforbund, Mental Helse og Cerebral Parese-foreningen uttalar i eit felles høyringssvar at den gjeldande fordelinga av middel øyremerka samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar er ei kompensasjonsovergangsordning. Ei ny overgangsordning legg opp til ytterlegare favorisering av nokre organisasjonar. Desse høyringsinstansane er derfor kritiske til at 10H skal få halvparten av overskotet frå spelet Nabolaget i overgangsperioden.

Landsforeningen for uventet barnedød, International Order of Good Templars, Lions Club meiner alle at overgangsperioden som er foreslått er for lang. Øvrige høyringsinstansar hadde ikkje merknader.

Departementets vurdering

Departementet meiner at ei god overgangsordning er nødvendig for å sikre at 10H får tid til å omstille seg. Organisasjonane i 10H har rekna med inntekter frå sin avtale med Norsk Tipping som nå er avslutta. For å sikre 10H føreseielege økonomiske rammevilkår dei neste åra, meiner departementet at det er rimeleg at desse organisasjonane får ein øyremerkt del av overskotet frå Nabolaget. Departementet meiner òg at det er føremålstenleg at organisasjonar som ikkje mottar middel i dag, men som vil oppfylle dei nye vilkåra for å kunne få spelemiddel i framtida, blir fasa inn i ordninga i overgangsperioden.