Prop. 205 L (2012–2013)

Endringar i pengespilloven (endring av tippenøkkelen m.m.)

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Dei økonomiske konsekvensane av forslaget om å auke idrettens del av speleoverskotet frå Norsk Tipping går fram av Prop. 1 S (2013–2014). Forslaget har ikkje administrative konsekvensar.

Spelet Nabolaget er ennå ikkje sett i verk. Det er derfor ikkje mogeleg å slå fast kva overskotet frå spelet vil bli dei nærmaste åra. Frå og med utbetalinga i 2018 vil overskotet frå spelet bli fordelt til alle overskotsmottakarar i samsvar med den ordinære tippenøkkelen.