Prop. 21 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

3 Programkategori 21.40 Særskilde transporttiltak

Kap. 1331 Infrastrukturfond (nytt)

Post 95 Innskot av fondskapital

Regjeringa vil etablere eit infrastrukturfond på 100 mrd. kr. Fondet blir bygd opp over inntil fem år. Det overordna målet med fondet er føreseieleg og varig finansiering. I Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014) har regjeringa gjort framlegg om å løyve 20 mrd. kr. til eit infrastrukturfond i 2014. For å få ei rask opptrapping av infrastrukturfondet foreslår regjeringa å løyve 10 mrd. kr i kapitalinnskot til fondet i 2013. Fondskapitalen vil gi grunnlag for avkastning frå og med 2015. Avkastninga frå fondet blir øyremerkt på statsbudsjettet til veg-, jernbane- og kollektivnettet og til breiband og IKT-infrastruktur. Regjeringa vil i statsbudsjettet for 2015 kome tilbake med forslag til fordelinga av midlane mellom dei ulike formåla. I tråd med vanleg praksis for liknande statlege fond blir det lagt til grunn at innskotet får ei rente som tilsvarar rente på statsobligasjonar med ti års bindingstid på innskotstidspunktet. Eit kapitalinnskot på 10 mrd. kr i 2013 gir staten renteutgifter på om lag 11,1 mill. kr i 2013. Regjeringa vil i proposisjonen om nysaldering av budsjettet for 2013 fremme forslag om løyving til å dekkje desse renteutgiftene. Innskotet gir òg staten renteutgifter i 2014. Slike renteutgifter inngår ikkje i forslaget til budsjett for 2014 i Prop. 1 S Tillegg 1 (2013–2014). Regjeringa vil derfor kome tilbake til dette i samband med revidert nasjonalbudsjett 2014.

Samferdselsdepartementet foreslår å løyve 10 mrd. kr på nytt kap. 1331 Infrastrukturfond, post 95 Innskot av fondskapital.