Prop. 21 S (2013–2014)

Endringar i statsbudsjettet 2013 under Samferdselsdepartementet

Til innhaldsliste

5 Programkategori 22.10 Post og telekommunikasjonar

Kap. 1370 Posttenester

Post 70 Kjøp av post- og banktenester

I 2012 blei det løyvd i alt 179 mill. kr på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester. Det er lagt til grunn ein etterrekningsmodell som over tid vil sikre at det ikkje blir løyvd meir enn det faktiske behovet. Etterrekning i tråd med dette viser eit faktisk behov i 2012 på 302 mill. kr til kjøp av post- og banktenester. Dette er 123 mill. kr meir enn det som blei løyvd i 2012.

Hovudårsaka til at behovet blei høgare i 2012 enn budsjettert, er at meirkostnader til postkontornettet/ulønsame banktenester blei på 248 mill. kr, som er 102 mill. kr høgare enn budsjettert. I budsjettet for 2012 var det lagt til grunn at 50 av dei postkontora som Posten Norge AS driv i eigen regi, skulle vere lønsame, medan det i Meld. St. 18 (2011–2012) Virksomheten til Posten Norge AS, var lagt til grunn ei ramme på 30 kontor som Posten skulle drive i eigen regi. Vidare var det ikkje mogleg å endre avtalen med DNB ASA om banktjenester for budsjettåret 2012, og dermed ikkje mogleg å få til ei innsparing sjølv om plikten var redusert.

Departementet legg opp til at Posten Norge AS får etterbetalt ein ytterlegare kompensasjon for 2012 på 123 mill. kr. Vidare legg departementet opp til at staten betaler rente på det beløpet som Posten Norge skal ha etterbetalt, jf. at Posten Norge tidlegare år har betalt renter på kompensasjon som selskapet har tilbakebetalt til staten. Renta er rekna til 3,7 mill. kr. Dette inneber at staten skal betale i alt 126,7 mill. kr til Posten Norge AS som følgje av underkompensasjon i 2012.

Departementet foreslår å auke løyvinga på kap. 1370 Posttenester, post 70 Kjøp av post- og banktenester med 126,7 mill. kr.

Kap. 1380 Post og teletilsynet

Post 01 Driftsutgifter

Post og teletilsynets driftsutgifter vil bli lågare enn lagt til grunn i budsjettet for 2013. Årsaka til dei lågare utgiftene er m.a. ledige stillingar og at innkjøp blir forseinka. Departementet foreslår derfor å redusere løyvinga på kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 01 Driftsutgifter, med 4,8 mill. kr, jf. òg omtale under kap. 4380, post 01.

Kap. 4380 Post- og teletilsynet

Post 01 Diverse gebyr

Departementet foreslår å redusere løyvinga på kap. 4380 Post- og teletilsynet, post 01 Diverse gebyr med 7,51 mill. kr. Endringa gjeld:

  • ein auke på 1,29 mill. kr på grunn av lønnsoppgjeret 2013

  • ein reduksjon på 4,8 mill. kr på grunn av lågare driftsutgifter

  • ein reduksjon på 4 mill. kr på grunn av lågare gebyrinntekter.

I samband med lønnsoppgjeret for 2013 blei Post- og teletilsynet tildelt 1,29 mill. kr over kap. 1380, post 01 Driftsutgifter. Etaten er sjølvfinansierande. Kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, må derfor aukast tilsvarande.

Som det går fram av omtalen under kap. 1380, post 01 Driftsutgifter, er det rekna med at Post- og teletilsynets driftsutgifter i 2013 blir 4,8 mill. kr lågare enn budsjettert. Sidan etaten er sjølvfinansiert, må inntektene reduserast tilsvarande.

Post- og teletilsynet har vidare berekna at gebyrinntektene i 2013 vil bli 4 mill. kr lågare enn budsjettert. Departementet foreslår å dekkje dette inn ved å trekkje 4 mill. kr frå reguleringsfondet, jf. omtale under kap. 4380, post 51 Frå reguleringsfondet.

Post 51 Frå reguleringsfondet

Reguleringsfondet består av gebyrinntekter frå tidlegare år som ikkje har vore nødvendige for å finansiere dei årlege utgiftene. Fondet er eit hjelpemiddel for å kompensere for tilfeldige inntekts- og utgiftsvariasjonar, slik at kravet om at Post- og teletilsynet skal vere sjølvfinansiert kan oppfyllast utan store gebyrendringar frå år til år. Fondet var pr. 1. januar 2013 på om lag 45,6 mill. kr. Storleiken på fondet skal gradvis trappast ned til om lag 8-10 mill. kr, jf. St.prp. nr. 24 (2008–2009). I budsjettet for 2013 er det lagt opp til å trekkje 10 mill. kr frå fondet.

Som det går fram av omtalen under kap. 4380, post 01 Diverse gebyr, har Post- og teletilsynet berekna at gebyrinntektene vil bli 4 mill. kr lågare enn budsjettert i 2013, og at dette beløpet blir trekt frå reguleringsfondet. Departementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 4380 Post- og teletilsynet, post 51 Frå reguleringsfondet, med 4 mill. kr.

For 2013 har Samferdselsdepartementet fullmakt til å trekkje inntil 10 mill. kr til eller frå Post- og teletilsynets reguleringsfond. Ein auke i løyvinga på post 51 Frå reguleringsfondet, gjer at fullmaktsbeløpet må aukast, jf. forslag til romartalsvedtak.