Prop. 27 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

3 Bruk av fullmakter under petroleumsverksemda

Som ein del av den årlege handsaminga av statsbudsjettet gir Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet knytta til petroleumsverksemda, jf. Prop. 1 S og Innst. 9 S (2010-2011).

Nedanfor gjer Olje- og energidepartementet greie for bruk av slike fullmakter i 2011.

3.1 Fullmakt XII – Utbyggingsprosjekt på norsk kontinentalsokkel

Fullmakt for forenkla handsaming frå styresmaktene si side har blitt nytta ved seks høve i 2011:

Visund Sør

Departementet mottok 24. januar 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Visund Sør. Visund Sør blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og kopla til Gullfaks C-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport via Kårstø. Oljen blir lasta via lastebøyer til tankskip. Produksjonen er planlagt å ta til hausten 2012. Rettshavarane på Visund Sør er operatøren Statoil ASA (53,2 pst.), Petoro AS (30 pst.), ConocoPhillips Skandinavia AS (9,1 pst.) og Total E&P Norge AS (7,7 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 5 500 mill. 2010-kroner.

Plan for utbygging og drift av Visund Sør ble vedteken ved kongeleg resolusjon 27. mai 2011.

Hyme

Departementet mottok 14. april 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Hyme. Hyme blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og kopla til Njord-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Produksjonen er planlagt å ta til første kvartal 2013. Rettshavarane i Hyme er operatøren Statoil ASA (35 pst.), Faroe Petroleum (7,5 pst.), GDF SUEZ E&P Norge AS (20 pst.), E. ON Ruhrgas Norge AS (17,5 pst.), VNG Norge AS (2,5 pst.) og Core Energy AS (17,5 pst.). Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4 500 mill. 2011-kroner.

Plan for utbygging og drift av Hyme ble vedteken ved kongeleg resolusjon 24. juni 2011.

Vigdis Nordøst

Departementet mottok 12. april 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Vigdis Nordøst. Vigdis Nordøst blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen, og via Vigdis B og Vigdis F kopla til Snorre Aplattformen. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Oljen blir sendt til Gullfaks A for lasting til skip. Produksjonen er planlagt å ta til fjerde kvartal 2012. Rettshavarane i Vigdis Nordøst er operatøren Statoil ASA (41,5 pst.), Petoro AS (30 pst.), ExxonMobil E&P Norway AS (10,5 pst.), Idemitsu Petroleum Norge AS (9,6 pst.), Total E&P Norge AS (5,6 pst.) og RWE Dea Norge AS (2,8 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4 059 mill. 2010-kroner.

Plan for utbygging og drift av Vigdis Nordøst ble vedteken ved kongeleg resolusjon 16. september 2011.

Stjerne

Departementet mottok 15. april 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Stjerne. Stjerne blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og kopla til Oseberg Sør-innretninga. Oljen blir eksportert vidare til Oseberg feltsenter og derfrå til Sture-terminalen. Gassen blir produsert og eksportert frå Oseberg feltsenter. Produksjonen er planlagt å ta til første kvartal 2013. Rettshavarane i Stjerne er operatøren Statoil ASA (49,3 pst.), Petoro AS (33,6 pst.), Total E&P Norge AS (10 pst.), ExxonMobil E&P Norge AS (4,7 pst.) og ConocoPhillips Skandinavia AS (2,4 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift av Stjerne rekna til 5 308 mill. 2011-kroner.

Plan for utbygging og drift av Stjerne ble vedteken ved kongeleg resolusjon 16. september 2011.

Atla

Departementet mottok 7. juli 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Atla. Atla blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og, via Byggve/Skirne, kopla til Heimdal-innretninga. Her vil brønnstraumen bli prosessert for vidare eksport. Produksjonen er planlagt å ta til i oktober 2012. Rettshavarane i Atla er operatøren Total E&P Norge AS (40 pst.), Petoro AS (30 pst.), Centrica Resources (NORGE) AS (20 pst.) og Det norske oljeselskap ASA (10 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 1 349 mill. 2011-kroner.

Plan for utbygging og drift av Atla ble vedteken ved kongeleg resolusjon 4. november 2011.

Brynhild

Departementet mottok 1. august 2011 søknad om godkjenning av plan for utbygging og drift av Brynhild. Brynhild blir bygd ut med ein installasjon på havbotnen og kopla til Pierce-innretninga på britisk sokkel. På Pierce blir oljen prosessert og lagra på eit FPSO-fartøy for vidare transport derfrå med bøyelastingsskip. Gassen frå Brynhild vil bli injisert på Pierce-feltet. Produksjonen er planlagt å ta til 1. oktober 2013. Rettshavarane i Stjerne er operatøren Lundin Norway ASA (50 pst.), Talisman Norway AS (30 pst.) og Noreco (20 pst.).

Dei totale investeringane er i plan for utbygging og drift rekna til 4 086 mill. 2011-kroner.

Plan for utbygging og drift av Brynhild ble vedteken ved kongeleg resolusjon 11. november 2011.