Prop. 27 S (2011–2012)

Endringar i statsbudsjettet for 2011 under Olje- og energidepartementet

Til innhaldsliste

4 Statnett som registeransvarleg under elsertifikatordninga

Lov om elsertifikater, jf. Prop. 101 L (2010-2011), er det rettslege grunnlaget for eit system for handel med elsertifikat i ein svensk-norsk marknad. Elsertifikatordninga skal bidra til auka produksjon av elektrisk energi frå fornybare energikjelder, og skal etter planen ta til 1. januar 2012.

Som ein del av forvaltinga av elsertifikatordninga skal det opprettast eit elektronisk register for elsertifikat. I tråd med Prop. 101 L (2010-2011) leggast det opp til at Statnett SF skal vere registeransvarleg. I samsvar med § 28 i lov om elsertifikater, kan departementet fastsetje nærmare reglar om gebyr for registrering og kontoføring i elsertifikatregisteret. Statnett skal som registeransvarleg få dekt sine faktiske kostnader gjennom gebyr. Det blei fastsett i forskrift til lov om elsertifikater at dei samla gebyra skal tilsvare dei faktiske kostnadene registeransvarleg har ved effektiv utvikling og drift i ordninga si levetid.

Det er lagt opp til å jamne ut gebyra over levetida til ordninga. Det fører til at Statnett vil ha eit akkumulert underskot dei første åra. Underskotet vil dekkjast inn i seinare år. Gebyra vil eventuelt bli justert, slik at inntektene over perioden tilsvarer dei faktiske kostnada Statnett har ved effektiv utvikling og drift av registeret under heile levetida til ordninga.

NVE har ansvar for å følgje opp og godkjenne Statnetts gebyrstruktur under elsertifikatordninga.