Prop. 46 L (2011–2012)

Endringar i straffelova mv. (internasjonal barnebortføring mv.)

Til innhaldsliste

5 Økonomiske og administrative konsekvensar

5.1 Utviding av straffansvaret for internasjonale barnebortføringar

I høyringsnotatet vart det uttalt at framlegget om ei utviding av straffansvaret for internasjonale barnebortføringar er venta å føre til nokre fleire straffesaker, men at etterforskinga av desse må prioriterast innanfor dei gjeldande budsjettrammene til politiet. Departementet gjekk ut frå at framlegget også vil føre til nokre fleire saker for domstolane, men ikkje så mange at det generelt kan ventast å påverke sakshandsamingstida til domstolane eller krevje ytterlegare ressursar. Strafferamma er ikkje så høg at juryhandsaming er påkravd. Departementet såg ikkje bort frå at framlegget også kan ha ein kostnadsreduserande verknad ved at fleire saker om internasjonal barnebortføring får ei raskare avslutting, og at ein på den måten sparar samfunnet for tid og bruk av ressursar.

høyringsinstansar har uttalt seg om dei mogelege administrative og økonomiske konsekvensane av framlegget. Politijuristene ber departementet ta innover seg at slike utvidingar som framlegget legg opp til, vil påverke ein allereie vanskeleg arbeidssituasjon for politiet sine juristar, særleg fordi internasjonal barnebortføring ligg i eit grenseland mellom strafferett og sivilrett. Romerike politidistrikt er samd i at framlegget vil føre til avgrensa økonomiske konsekvensar, men peiker på at dette likevel vil merkast i politidistriktet. Politidirektoratet meiner endringsframlegget må ventast å føre til nokre fleire oppmodingar om pågriping/utlevering og straffesaker kvart år, men at sakene vil vere fordelte på ulike politidistrikt. Høyringsinstansen meiner at framlegget truleg vil føre til ein redusert kompleksitet i sakene og ei enklare og mindre ressurskrevjande sakshandsaming.

Det har ikkje kome fram opplysningar under høyringa som endrar departementet sitt syn på dei økonomiske og administrative konsekvensane av utvidinga av straffansvaret. Departementet legg til grunn at ho kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer.

5.2 Utvida kompetanse for ankeutvalet til å treffe realitetsavgjerder under ankeprøvinga

I framlegget som vart sendt på høyring vart det uttalt utvida kompetanse for ankeutvalet til å treffe realitetsavgjerder til en viss grad vil kunne spare partane og Høgsterett for arbeid, og føre til raskare sakshandsaming i nokre saker. Det vart anteke at endringane ikkje ville ha budsjettmessige konsekvensar. Ingen av høyringsinstansane har hatt merknader til spørsmålet.

Det har ikkje kome fram opplysningar som endrar departementet sitt syn på dei økonomiske og administrative konsekvensane av framlegget. På denne bakgrunn held departementet fast ved at endringane kan gjennomførast innanfor gjeldande budsjettrammer.

5.3 Påtale- og ankekompetansen til politiet

Endringane i påtale- og ankekompetansen til politiet fører ikkje til endring av rettstilstanden. Departementet legg difor til grunn at endringane ikkje vil ha økonomiske og administrative konsekvensar.

Til forsida