Prop. 52 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 17/2011 av 1. april 2011 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar

Til innhaldsliste

4 Forholdet til norsk rett

Gjennomføringa av Aten-forordninga krev ein del endringar i lovverket.

Hovudsakelig dreier Aten-forordninga, jf. Aten-konvensjonen 2002, seg om rettslege spørsmål som det i dag er reglar om i lov 24. juni 1994 nr. 39 om sjøfarten (sjøloven) kapittel 15. Sjøloven kapittel 15 regulerer også enkelte andre rettslege spørsmål (ansvar for forseinking og ansvar for andre skadelidne enn passasjerar) enn dei Aten-forordninga har reglar om, jf. Aten-konvensjonen 2002. Dette gjer at gjennomføringa av Aten-forordninga, jf. Aten-konvensjonen 2002, i norsk rett fører til endringar, iallfall av regelteknisk karakter, i sjøloven kapittel 15 også for spørsmål som ikkje er regulert i desse rettsaktene.

Noreg har ikkje ratifisert Aten-konvensjonen 1974. Sjøloven kapittel 15 avsnitt III (§§ 418 flg.) har likevel reglar som svarer til reglane i 1974-konvensjonen. Desse reglane har bakgrunn i eit ønske om nordisk rettslikskap, jf. Ot.prp. nr. 32 (1982-83) side 59-60. Utgangspunktet etter norsk rett er aktløyseansvar med alminneleg bevisbyrde for skade på passasjer, men for sjøfartshendingar er bevisbyrden snudd, jf. sjøloven §§ 418 og 419.

Noreg har eigne og høgare individuelle ansvarsgrenser for skade på passasjerar i sjølova § 422. Regelen gjennomfører den individuelle ansvarsgrensa for skade på passasjerar i Aten-konvensjonen 2002 i norsk rett, jf. Ot.prp. nr.79 (2004-2005) side 37-40 (punkt 4.1). Sjøloven kapittel 15 har ikkje reglar om tvungen ansvarsforsikring, sjølv om sjøloven § 432 gir heimel for å innføre reglar om dette.

Normalt vert forordningar inkorporerte i norsk rett. I dette høvet vil det likevel vere naudsynt med supplerande reglar.

Ein må ha eigne reglar for dei delane av nasjonal transport som ikkje er omfatta av forordninga. I samband med dette må det vurderast om reglane i forordninga skal gjelda generelt, eller om ein skal ha særskilde reglar for slik transport.

Aten-forordninga gjennomfører ikkje Aten-konvensjonens artikkel 17 (jurisdiksjon), artikkel 17bis (godkjenning og handheving), artikkel 19 (høvet til andre ansvarskonvensjonar) og artikkel 22 (revisjon og endringar). Dersom Noreg ratifiserer Aten-konvensjonen 2002, vil det vere naudsynt med eigne reglar på desse punkta for å oppfylle pliktene etter konvensjonen.

Sjøloven kapittel 15 avsnitt III regulerer, som allereie nemnt, òg bortfraktarens ansvar for forseinking. Reglane om ansvar for forseinking byggjer på reglane om ansvar for skade på passasjerar og deira reisegods. Gjennomføringa av Aten-forordninga gjer det derfor naudsynt å revidere også reglane om forseinkingsansvar. I samband med dette må ein ta omsyn til gjennomføringa av forordning (EU) nr. 1177/2010 av 24. november 2010 om rettigheter for båtpassasjerer til sjøs og på innenlandske vannveier og om endring av forordning (EF) nr. 2006/2004 i norsk rett.

Justisdepartementet vil legge fram ein proposisjon til Stortinget med dei naudsynte lovendringane.