Prop. 52 S (2011–2012)

Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 17/2011 av 1. april 2011 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009 om erstatningsansvar for transportørar ved ulykker under sjøtransport av passasjerar

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Noreg har vore ein pådrivar i arbeidet med Aten-protokollen 2002. Det er ein fordel at Aten-forordninga inneber at alle EU-landa no samla gjennomfører Aten-konvensjonen 2002.

Nye ansvarsreglar, høgare ansvarsgrenser og obligatorisk forsikring er ei klar styrking av dei erstatningsrettslege rettane for passasjerar ved sjøulykker. I Norden har passasjerane i praksis stort sett fått utbetalt full erstatning frå forsikringsselskapa til tross for dei låge ansvarsgrensene. I realiteten vil dei auka ansvarsgrensene derfor neppe i seg sjølve føre til at utbetalingane frå forsikringsselskapa aukar i same utstrekning som ansvarsgrensene i konvensjonen er auka. Fordelen med dei nye reglane er at den skadelidne får finansiell tryggleik for erstatningskravet sitt.

Justisdepartementet tilrår innlemming i EØS-avtalen av Europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 392/2009 av 23. april 2009. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.