Prop. 53 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Alta kommune i Finnmark

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Utbygginga av E6 vest for Alta utgjer strekninga frå Storsandnes til Alta. Dette er ein del av hovudferdselsåra både fram til Alta, og vidare til andre stader i Finnmark. Utbygginga er viktig for utviklinga som no skjer i fylket. Dagens veg har til dels dårleg standard med fleire smale og svingete parti. Nokre parti med sterk stigning skaper tidvis problem for tungtransporten, særleg vinterstid.

I dei siste 10 åra har det skjedd 12 personskadeulykker på strekninga. Til saman har 21 personar blitt skadde i desse ulykkene. I tre av ulykkene var det alvorleg personskade. Dei siste 4 åra har strekninga hatt ein ulykkesfrekvens som er meir enn dobbelt så høg som ulykkesfrekvensen for ein tilsvarande veg med fartsgrense 70 km/t.

Prosjektet omfattar dels bygging av ny veg, og dels utbetring av eksisterande veg på ei om lag 9,3 km lang strekning mellom Møllnes og Hjemmeluft med bru over Kåfjorden. Brua over fjorden blir 390 m lang. Av estetiske omsyn skal ein del av brua byggjast som skråstagbru. I prosjektet inngår også fire andre mindre bruer og tre tunnelar. Den samla lengda på tunnelane er om lag 1,7 km. I tillegg inngår bygging av gang- og sykkelveg på strekninga, og nødvendig omlegging av lokalvegnettet. Prosjektet vil korta inn E6 med om lag 6 km. Eksisterande E6 mellom Møllnes og Kvenvik er planlagt omklassifisert til fylkesveg når ny veg blir opna for trafikk.

Figur  Kart E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft

Figur Kart E6 Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft