Prop. 53 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av E6 på strekninga Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft i Alta kommune i Finnmark

Til innhaldsliste

6 Samferdselsdepartementets vurdering

Samferdselsdepartementet viser til at E6 vest for Alta utgjer ein del av hovudferdselsåra både fram til Alta, og vidare til andre stader i Finnmark. Vegen er svært viktig både for innbyggjarane i regionen, og for næringslivet. Utbygging av strekninga Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft vil heva standarden på vegen og korta inn E6 med om lag 6 km. Strekninga har dei siste åra hatt ein høg ulykkesfrekvens. Eit viktig føremål med utbygginga er derfor å betra trafikktrykkleiken på strekninga.

Kvalitetsikrar har vurdert bomstasjonsplassering på Møllnes som eit betre alternativ enn ein stasjon på Saltviknes. Kvalitetssikrar sin argumentasjon for dette er at då vil dei som har mest nytte av vegen betala. Dei argumenterer også med at ei slik plassering av bomstasjonen vil redusera avhengigheita til ei eventuell Altapakke.

Samferdselsdepartementet meiner at ei slik bomstasjonsplassering vil føra til at ein stor del av trafikantane som har nytte av den nye vegen ikkje betalar. Trafikken ved Møllnes er dessutan vesentleg lågare enn ved Saltviknes. Ei slik plassering vil derfor krevja langt høgare takstar for å få same bompengebidrag som med bomstasjon på Saltviknes. Det er i tillegg lokalpolitisk tilslutning til å plassera bomstasjonen på Saltviknes, og Samferdselsdepartementet legg derfor til grunn ei slik plassering.

Når det gjeld forholdet til ei eventuell Altapakke vil Samferdselsdepartementet eventuelt koma tilbake til Stortinget med ei sak så snart tilstrekkeleg plangrunnlag ligg føre, og det er lokalpolitisk tilslutning til opplegget. I samband med eit eventuelt slikt framlegg vil forholdet til bompengeinnkrevjing på strekninga Møllnes – Kvenvik – Hjemmeluft bli vurdert.

I proposisjonen er det lagt til grunn ei lånerente på 6,5 pst. Det er ein føresetnad at bompengeselskapet inngår bindande avtale om lån innafor denne renta for ein periode på 10-15 år. Samferdselsdepartementet legg til grunn at dokumentasjon for avtale om rentenivå blir send Vegdirektoratet før bompengeavtalen blir underskriven.