Prop. 56 S (2009-2010)

Framskaffing av ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret

Til innhaldsliste

3 Framskaffing av ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret (kapittel 1760)

3.1 Vurderte alternativ

Forsvarsdepartementet har vurdert i alt sju ulike alternativ. Null-alternativet, som var basert på vidare leige av kapasitet, vart forkasta fordi eit eigarskap til kapasiteten vart rekna som betre både med omsyn til tilgang, kapasitet og økonomi.

Dei andre vurderte alternativa var bilaterale samarbeid med Storbritannia, Luxembourg, USA, Spania samt eit nasjonalt prosjekt der Forsvaret sjølve skulle framskaffe og drifte ein satellitt. Vidare er det utgreidd eit alternativ basert på eit samarbeid mellom Forsvarsdepartementet og Nærings- og handelsdepartementet (NHD).

3.2 Val av alternativ

Av dei vurderte alternativa var det berre to alternativ som hadde akseptabel kapasitet og kostnad for Forsvaret. Det eine var samarbeidsprosjektet med NHD (kalla StatSat). Det andre alternativet var eit materiellprosjekt i samarbeid med ein internasjonal aktør (Hisdesat) heimehøyrande i Spania og delvis eigd av den spanske staten.

StatSat-alternativet gjekk ut på å framskaffe ein satellitt i eit samarbeid mellom Forsvaret og eit planlagt nyoppretta aksjeselskap under NHD. StatSat sin kapasitet, utover den som vert avsett til Forsvaret, ville fyrst og fremst verte brukt til å dekkje eit kommersielt behov ved den norske satellittnedlesingsstasjonen TrollSat i Antarktis. Her ville eventuell overskotskapasitet for Forsvaret verte leigd ut på den opne marknaden.

Det er vurdert at eit internasjonalt materiellsamarbeid med ein vel etablert operatør som Hisdesat vil redusere både usikkerheit knytt til framskaffing og drift av satellitten og til plassering av satellitten i rommet. Spania har i hovudsak alt avklara plassering av satellitten i rommet. Eventuell overskotskapasitet for Forsvaret er planlagd leigd ut på den opne marknaden, inkludert til offentlege myndigheiter.

Den spanske samarbeidspartnaren Hisdesat har lang røynsle på drift og leveranse av satellittkommunikasjonstenester. Det er difor mindre usikkerheit og færre uavklarte spørsmål knytte til eit samarbeid med Spania enn det nasjonale StatSat-alternativet. I tillegg vil eit samarbeid med Spania òg omfatte ei reserveløysing for Forsvaret ved eventuelle feil på satellitten, noko som ikkje var etablert i StatSat-alternativet.

Samarbeidet med Spania har ei total kostnadsramme på 982 mill. kroner. Tilsvarande for StatSat-alternativet er 1 615 mill. kroner.

I tillegg til høgare investeringskostnad for staten i StatSat-alternativet, vil alternativet òg gje høgare levetidskostnader enn i eit samarbeid med Spania. Eit internasjonalt materiellsamarbeid med Spania, med omsyn til mellom anna levetidskostnader og risiko i organisering og gjennomføringsevne, er difor vurdert til å vere den beste løysinga både for Forsvaret og for staten.

3.3 Nærare om det valte alternativet

Prosjektet vil altså framskaffe ein kommunikasjonssatellitt til Forsvaret i eit bilateralt materiellsamarbeid med Spania. Samarbeidet vil gje Forsvaret eigarskap til ein definert kapasitet av ein felleseigd militær kommunikasjonssatellitt og full kontroll over den norskeigde delen av satellitten. Prosjektet vil sikre Forsvaret tilgang til sikker og robust breibandskommunikasjon over satellitt i heile satellitten sin levetid. Levetida er rekna til minst 2028.

Samarbeidspartane vil vere Forsvaret og det spanske satellittselskapet Hisdesat. Hisdesat er om lag 40 prosent eigd av den spanske staten, resten er eigd av kommersielle aktørar.

Forsvaret vil ha eit 40 prosent eigarskap i prosjektet og i satellitten, og vil sjølv ha kontroll over denne delen. Dei resterande 60 prosent er eigd av Hisdesat. Forsvaret sin eigarskap vil altså ikkje omfatte eigarskap i selskapet Hisdesat, men berre i prosjektet og i satellitten.