Prop. 61 S (2010–2011)

Ekstra utbetaling til mottakarar av bustøtte som hjelp til å dekkje høge energiutgifter

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn

I store delar av landet blei november månad den kaldaste på mange år, og sprengkulda heldt fram i desember. Kulda gjorde at forbruket av straum auka, og at prisane steig. Mange vil derfor få høge utgifter til oppvarming av bustaden. Det vil vere ei spesiell utfordring for dei med dårleg økonomi.

Bustøtta er målretta mot husstandar med låge inntekter og høge buutgifter. For desember månad 2010 fekk 122 500 husstandar bustøtte. Kvar husstand fekk i gjennomsnitt kr 2 143 den månaden, noko som svarer til kr 25 700 i året. Buutgiftene for dei som fekk bustøtte for desember var i gjennomsnitt kr 5 770, eller om lag kr 69 300 i året. Den årlege gjennomsnittsinntekta for alle husstandar som fekk bustøtte var kr 135 000, og kr 147 000 for husstandar med fem eller fleire medlem. 55 prosent av husstandane som fekk bustøtte hadde inntekt frå pensjon eller trygd, 78 prosent bur i leigd bustad og 75 prosent bur aleine. Det er venta at talet på husstandar som får bustøtte vil vekse til om lag 125 000 i februar 2011.

Av dei 122 500 husstandane som fekk bustøtte for desember var utgifter til oppvarming med i utrekninga av bustøtta for om lag 74 000 (60 prosent). For om lag 16 000 av dei gjekk utgiftene inn i husleiga eller felleskostnadene og om lag 58 000 fekk dekt deler av utgiftene gjennom ein sjablong. For dei som får dekt oppvarming av bustaden gjennom husleiga/felleskostnadene, vil auka energikostnader bli delvis dekte så lenge dei samla utgiftene er lågare enn maksimalgrensa for buutgiftene.

Personar med inntekt frå pensjon eller trygd, og som ikkje får dekt kostnader til oppvarming gjennom husleiga eller felleskostnadene, får dekt utgifter til oppvarming med ein sjablong. Sjablongen er for tida kr 6 000 i året. Sjablongen ligg fast, og blir ikkje justert ved endra energiprisar.

Om lag 40 prosent av mottakarane av bustøtte får ikkje dekt nokon utgifter til oppvarming av bustaden, verken gjennom husleiga/felleskostnadene eller sjablong. Det er i hovudsak mottakarar av sosialhjelp og barnefamiliar, som ikkje tek imot trygd eller pensjon, og som bur i bustader utan felles oppvarming.

Kor mykje høgare energirekninga vil bli for den einskilde husstand er vanskeleg å berekne. Det vil kome an på ei rekkje faktorar, og vil variere frå husstand til husstand. Det vil derfor vere vanskeleg å differensiere mottakarane av bustøtte etter kor mykje høgare energiutgifter dei vil få denne vinteren utan ei omfattande og tidkrevjande sakshandsaming med høge administrative kostnader.

Det er Husbanken som forvaltar bustøtteordninga og kommunane som utgjer førstelina ved handsaming av søknadene.