Prop. 61 S (2010–2011)

Ekstra utbetaling til mottakarar av bustøtte som hjelp til å dekkje høge energiutgifter

Til innhaldsliste

3 Tilråding

For å hjelpe mange av dei med svak økonomi som no etter den kalde førvinteren vil få høge utgifter til oppvarming av bustaden, gjer Regjeringa framlegg om ei ekstra utbetaling av bustøtte.

For å sikre at mottakarane får hjelp raskt, blir det gjort framlegg om ei ekstra utbetaling til alle husstandar som får bustøtte. Utbetalinga er eins for alle typar husstandar, men store husstandar får noko meir enn dei små. Beløpet er fastsett ut frå eit rimeleg skjøn. Det blir gjort framlegg om ei ekstra utbetaling på kr 2 500 for første medlem, og kr 100 i tillegg for kvart ekstra medlem i husstanden. Til dømes vil då ein barnefamilie på fem få ei ekstra utbetaling på kr 2 900.

Det blir lagt opp til at den ekstra utbetalinga kjem i byrjinga av mars 2011, på same tid som den ordinære utbetalinga av bustøtte frå Husbanken for februar månad.