Prop. 63 S (2009–2010)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Einskildsaker der utbetalt vederlag går ut over Rettferdsvederlags­utvalet si fullmakt)

Til innhaldsliste

2 Einskildsaker der utbetalt vederlag går utover Rettferdsvederlags­utvalet si fullmakt

Rettferdsvederlagsutval I har i to saker tilrådd rettferdsvederlag utover det dei har fullmakt til å gi. Sak 1 blei behandla etter alminneleg rettferdsvederlagsordning. Utvalet har her tilrådd rettferdsvederlag utover kr 200 000. Sak 2 blei behandla etter den utvida ordninga etter St.meld. nr. 24 (2004-2005). Utvalet har her tilrådd rettferdsvederlag utover kr 300 000. Sakene vert derfor lagde fram for Stortinget til avgjerd.

Sak 1

Søkjar A, fødd 1959, har i dag psykiske problem og psykosomatiske plager, og har store problem med å fungere i skolesamanheng, arbeidsliv og i sosiale relasjonar. Ho voks opp i ein heim prega av manglande omsorgsevne frå foreldra og faren sitt alkoholproblem og valdelege veremåte. Søkjaren sitt heimemiljø var for lite strukturert til å gi henne tilstrekkeleg støtte i arbeidet med å løyse skolevanskar og anna utvikling. Søkjar hadde eit svært høgt fråvær frå skolen, utan at tiltak blei sett i verk, og retten hennar til tilpassa opplæring blei ikkje ivaretatt av skolen. Ho blei plassert bort til venner av mora då ho var 11 år, utan at det blei fatta formelle vedtak. Fosterheimsopphaldet enda med at søkjar blei lagd inn på sjukehus som følgje av ein overdose med tablettar. Etter eit opphald på eit sjukehus for epileptikarar, blei det konkludert med at søkjar hadde behov for psykoterapi og eit miljø­skifte. Barnevernet følgde ikkje oppmodinga frå sjukehuset. Far blei seinare fengsla for seksuelle overgrep mot to av syskena til søkjar.

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 50 000 for manglande inngrep i heimen frå barnevernet. Utdanningsdirektoratet har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 100 000 for manglande oppfølging frå skolen, i tillegg til manglande og mangelfull opplæring.

Søkjar blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep frå sin farfar og onkel frå ho var 8 til 12 år gammal, i form av beføling med og utan klede, og blotting av kjønnsorgan. Som følgje av overgrepa har søkjar nattlege mareritt og daglege «flashbacks», og har fått diagnosen posttraumatisk stressyndrom. Statens sivilrettsforvaltning har tilrådd å gi rettferdsvederlag med kr 80 000 for seksuelle overgrep.

Utvalet er samd med førebuande instansar, og finn etter ei samla vurdering å tilrå at søkjar blir gitt kr 230 000 i rettferdsvederlag. Dette kjem over beløpsgrensa på kr 200 000 som utvalet har fullmakt til sjølv å avgjere.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar A, fødd 1959, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 230 000.

Sak 2

Søkjar B, fødd 1953, budde på x barneheim frå 1955 til 1956. Under opphaldet blei søkjar utsett for omsorgssvikt og fleire fysiske overgrep, til dømes slag og innestenging i mørkerom. I 1956 blei søkjar urettmessig ført tilbake til heimen. Mora til søkjar var alkoholikar, og hadde ein hjerneskade. Skolepsykologisk kontor råda barnevernet til å plassere søkjar i fosterheim med tanke på seinare adopsjon. I tillegg blei heimen til søkjar vurdert som heilt utilfredsstillande av ein advokat. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet tilrådde å gi søkjar rettferdsvederlag med kr 150 000 for opphaldet på barneheim og rettferdsvederlag med kr 100 000 for urettmessig tilbakeføring i heimen. Utvalet var samd i faginstansen si vurdering og konklusjon, og søkjar blei i vedtak frå mars 2009 gitt rettferdsvederlag med kr 250 000.

Søkjar B blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep frå ein vaksen mann frå ho var 11 år til 14 år. Dette forholdet blei ikkje vurdert ved den tidlegare behandlinga av saka. Søkjar har fått psykiske plager som følgje av overgrepa, og har i lang tid fått behandling hos psykolog.

Utvalet finn etter ei samla vurdering å tilrå at søkjar blir gitt ytterlegare kr 80 000 i rettferdsvederlag, slik at søkjer til saman får kr 330 000 i rettferdsvederlag. Dette kjem over beløpsgrensa på kr 300 000 som utvalet har fullmakt til sjølv å avgjere.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar B, fødd 1953, får ytterlegare rettferdsvederlag frå statskassa med til saman kr 80 000.