Prop. 63 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune i Nordland (Vegpakke Salten fase 2a) og auke av fullmaktsgrensa for forskottering i 2011

Til innhaldsliste

2 Dagens situasjon og omtale av utbygginga

Rv 80 er den sentrale trafikkåra for vegtransport frå E6 til Bodø. Rv 80 er også ein viktig veg for mange pendlarar mellom Salten og Bodø. Trafikken mellom tettstaden Løding og Bodø sentrum er så stor at den utgjer eit problem for både trafikantane og for nærmiljøa langs vegen. Vegen er smal og uoversiktleg og har svært dårleg kurvatur på delar av strekninga. I Hopshamran er vegen også utsett for ras.

Dei siste ti åra har det skjedd i alt 25 politirapporterte personskadeulukker på strekninga. Av desse har ein person blitt drepen, og det har vore to ulukker med alvorleg personskade. I perioden 2006-2009 har strekninga hatt ein ulukkesfrekvens som er 40 pst. høgare enn normalt for ein tilsvarande veg.

Prosjektet omfattar bygging av om lag 2,1 km ny veg medrekna ny Tverlandet bru på om lag 700 m mellom Løding øst for Hopsfjorden og Vikan industriområde vest for Hopsfjorden i Bodø kommune. Vegen er planlagt som firefelts veg med midtrekkverk over brua, og som tofeltsveg på begge sider av fjorden.

Grunngjevinga for valet av firefelts veg på brua er at trafikken er venta å veksa til over 12000 køyretøy per døgn i løpet av brua si levetid. Viss brua blir bygd med to felt vil det vera omfattande, komplisert og kostnadskrevjande å utvida brua til fire felt på eit seinare tidspunkt, eller alternativt byggja ei ny bru. Vegstandarden er i tråd med lokalpolitisk ynskje og tilråding frå ekstern kvalitetssikring i prosjektet, jamfør kapittel 3.

Brua vil erstatta interimsbrua i Hopen som blei opna for trafikk i februar 2009. Det vil i tillegg bli bygd gang- og sykkelveg på Tverlandet til Bodø sentrum.

Figur  Rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune.

Figur Rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune.

Kjelde: Statens vegvesen