Prop. 63 S (2010–2011)

Utbygging og finansiering av rv 80 Løding – Vikan i Bodø kommune i Nordland (Vegpakke Salten fase 2a) og auke av fullmaktsgrensa for forskottering i 2011

Til innhaldsliste

6 Forskottering og fullmaktsgrensa

Samferdselsdepartementet har fullmakt frå Stortinget til å inngå avtalar om forskottering av midlar til vegformål ut over gitt løyving på kap 1320 Statens vegvesen, postane 30, 31, 36 og 37. Fullmakta for 2010 var i Prop. 1 S (2009-2010) slik at samla løpande refusjonsforpliktingar for staten ikkje skulle overstige 1 500 mill. kr. Tilsvarande grense er vedteken for 2011, jf. Prop. 1 S (2010-2011). Forskotteringar blir refunderte av staten utan kompensasjon for renter eller prisauke.

Tradisjonelt er forskotteringane gjort av kommunar, fylkeskommunar, næringsliv m.m. Det har etter kvart også vorte ein del tilfelle der bompengeselskapa forskotterer statlege midlar som inngår i finansieringsplanen for eit bompengeprosjekt. Vanlegvis er dette omtala i dei aktuelle bompengeproposisjonane.

Forskottering med bompengar har hittil ikkje vore rekna inn i dei samla forskotteringane som er omfatta av fullmaktsgrensa. Samferdselsdepartementet har no endra praksisen, slik at alle typar forskottering, uavhengig av kven som forskotterer, blir rekna opp mot fullmaktsgrensa. I kvar einskild bompengeproposisjon vil det no gå fram kva for år ein legg opp til at forskotteringsavtale skal gjerast, storleiken på bompengeselskapet si forskottering, samt på kva for eit tidspunkt Samferdselsdepartementet legg opp til at det forskotterte beløpet skal betalast attende.

Gjennom handsaminga av Prop. 47 LS (2010-2011) er fullmaktsgrensa på denne bakgrunn auka til 2 100 mill. kr for 2010. Det vart i Prop. 47 LS varsla at Samferdselsdepartementet ville koma attende til forslag om heving av fullmaktsgrensa i 2011 i høve til fullmakta som går fram av Prop. 1 S (2010-2011). På bakgrunn av den endra praksisen som er omtala over, og forventa framlegg av bompengeproposisjonar i 2011 med forskottering, foreslår Samferdselsdepartementet å heva fullmaktsgrensa for 2011 til 4 700 mill. kroner, jf. forslag til romertalsvedtak.

Oversikt over forpliktingar, mill. kr:

Refusjonsforpliktingar pr. 31.12.2010:

- Forskottering frå fylkeskommunar, kommunar m.m.

970

- Forskottering frå bompengeselskap

1 115

Sum forpliktingar pr. 31.12.2010

2 085

Høve til å inngå nye forskotteringar i 2011

2 775

Refusjonar i 2011

- 160

Sum forpliktingar pr. 31.12.2011

viss fullmaktsgrensa blir fullt utnytta

4 700

Forskotteringar frå bompengeselskap har tidlegare ikkje vore rekna inn i dei samla forpliktingane. Med den nye praksisen var det pr. 31.12.2010 i alt forpliktingar på 1 115 mill. kr til bompengeselskap. Dette gjeld følgjande prosjekt:

Forskottering

Refusjonstidspunkt

Avtale om forskottering inngått

E6 Gardermoen – Kolomoen

65

2012-2013

2007

E18 Krosby – Knapstad

250

2011-2013

2007

E6 Dal – Minnesund og Skaberudkrysset

300

2012-2013

2009

Rv 13/E16 Vossapakko

180

2014-2019

2009

Rv 7 Sokna – Ørgenvika

320

2014-2019

2010

Sum

1 115

Det er ikkje mogleg i dag å gje ei fullstendig oversikt over kva for forskotteringar det vil kunne bli inngått avtale om i 2011. Anslaget på 2 775 mill. kr omfattar i all hovudsak forskottering med bompengar og er basert på førebels kunnskap. Det vil bli gjort greie for evt. forskottering i den einskilde bompengeproposisjonen.