Prop. 65 S (2010–2011)

Styrking av investeringstilskotet til omsorgsbustader og sjukeheimsplassar

Til innhaldsliste

4 Aktiviteten så langt

For åra 2008-2010 er det gjeve rom for å gje tilsegn om investeringstilskot til bygging og rehabilitering av til saman 6000 omsorgsbustadar og sjukeheimsplassar. I statsbudsjettet for 2011 er det gjeve rom for å gje tilskot til ytterlegare 2000 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar.

Dei to første åra etter at investeringstilskotet blei etablert, var etterspurnaden etter tilskot relativt høg. I 2010 fall søknadsinngangen kraftig. Til saman har det frå 2008 til utgangen av 2010 blitt gjeve tilsegn til 4047 omsorgsplassar. Av desse var 1850 omsorgsbustader og 2197 sjukeheimsplassar. I tillegg blei det gjeve tilsegn til bygging av 27 203 m2 fellesareal i tilknyting til noverande omsorgsbustader. Det blei gjeve tilsegn for til saman om lag 1,9 mrd. kroner.

Tilskotet blir utbetalt når omsorgsplassane er ferdigstilte. Ved utgangen av 2010 var det utbetalt tilsegn til 1436 plassar. Av dette var 511 omsorgsbustader og 925 sjukeheimsplassar. Ferdigstilt fellesareal utgjorde 18 894 m2.

I alt har 166 kommunar fått tilsegn om tilskot til 287 byggjeprosjekt i åra 2008-2010. Prosjekta varierer monaleg både i type, kvalitet og storleik, og mange prosjekt omfattar bygging og/eller rehabilitering av både omsorgsbustader, sjukeheimsplassar og fellesareal. Sjukeheimsprosjekta er gjennomgåande større enn omsorgsbustadprosjekta. Dersom dei samansette prosjekta blir haldne utanom, er det gjennomsnittlege sjukeheimsprosjektet på 23 sjukeheimsplassar, medan det gjennomsnittlege omsorgsbustadprosjektet omfattar 9 bustader.

Dei største prosjekta gjeld nybygging av over 100 sjukeheimsplassar med opp til 80 mill. kroner i tilsegn. Dei minste prosjekta gjeld rehabilitering av omsorgsbustader og bygging av små fellesareal, og med tilsegn på under 100 000 kroner.

Ved etablering av tilskotsordninga blei det totale måltalet på 12 000 omsorgsbustader og sjukeheimsplassar fordelt mellom fylka ut frå kostnadsnøkkelen i inntektssystemet for kommunane, med tilpassing i forhold til alderskriteria og SSB si framskriving av demografiske utviklingstrekk. Fordelinga gjev ein indikasjon på i kva grad det er fylkesvise variasjonar i utnyttinga av ordninga. Så langt har det vore stor variasjon mellom fylka. Sju fylke har til saman fått tilsegn som utgjer over 40 pst. av den ramma fylket var gjeve. Fylket som har fått mest, har fått tilsegn som utgjer 62 pst. av ramma. Ni fylke har fått tilsegn som utgjer mellom 20 og 40 pst. av ramma og tre fylke har fått tilsegn som utgjer under 20 pst. av ramma fylket var gjeve. Det er liten variasjon mellom landsdelane, bortsett frå at fylka i Nord-Noreg har ei høg utnytting av sine rammer.